Prop. 28 S (2021–2022)

Endringar i statsbudsjettet 2021 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

3 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda

Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytte til petroleumsverksemda.

Under gjer Olje- og energidepartementet greie for bruken av fullmakter sidan den førre rapporteringa.

3.1 Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Stortinget har samtykt i at Olje- og energidepartementet kan godkjenne prosjekt (planar for utbygging/anlegg og drift) på norsk kontinentalsokkel under desse føresetnadene (jf. fullmakt XIV i Prop. 1 S (2020–2021):

  1. Prosjektet må ikkje ha prinsipielle eller samfunnsmessige sider av betydning.

  2. Den øvre grensa for dei samla investeringane per prosjekt er 20 mrd. kroner.

  3. Kvart enkelt prosjekt må vise akseptabel samfunnsøkonomisk lønnsemd og vere rimeleg robust mot endringar i prisutviklinga for olje og naturgass.

Fullmakta er nytta ved desse høva1:

HOD Nyutvikling

Olje- og energidepartementet mottok 24. juni 2020 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) for nyutvikling av Hod-feltet. Hod-feltet er eit oljefelt i den sørlege delen av Nordsjøen som skal byggast ut på ny, med ei normalt ubemanna brønnhovudplattform, Hod B, med 12 brønnslissar, helikopterdekk, nødkvarter og tilrettelegging for tilkomst frå båt. Brønnstraumen vil bli ført til Valhall-feltet for prosessering og vidare transport. Via Valhall vil Hod B-plattforma mellom anna få tilført kraft frå land. Felta Hod og Valhall blir i stor grad drivne og utvikla som eit integrert område og har same eigarskap. Utvinnbare reservar er i PUD estimerte til 6,33 mill. standard kubikkmeter oljeekvivalentar. Produksjonsstart er planlagd til første kvartal 2022. Rettshavarane i Hod er Aker BP ASA (90 prosent og operatør) og Pandion Energy (10 prosent). Dei totale investeringane er i PUD berekna til 5,7 mrd. kroner. PUD for vidareutviklinga av Hod-feltet blei godkjend av Olje- og energidepartementet 8. desember 2020.

Breidablikk

Olje- og energidepartementet mottok 28. september 2020 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) for Breidablikk. Breidablikk-feltet er eit oljefelt i den midtre delen av Nordsjøen som skal byggast ut som ei havbotnutbygging knytt til Grane-plattforma. Frå Grane vil oljen bli eksportert via røyr til Stureterminalen. Utvinnbare reservar er estimerte til i overkant av 30 mill. standard kubikkmeter oljeekvivalentar. Produksjonsstart er planlagd til første kvartal 2024. Rettshavarane i Breidablikk er Equinor Energy AS som operatør (39 prosent), Vår Energi AS (34,4 prosent), Petoro AS (22,2 prosent) og ConocoPhillips Skandinavia (4,4 prosent). Dei totale investeringane er i PUD berekna til 18,6 mrd. kroner. PUD for Breidablikk blei godkjend av Olje- og energidepartementet 29. juni 2021.

Sleipner Kraft frå land

Olje- og energidepartementet mottok 8. juni 2020 søknad om godkjenning av endra plan for utbygging og drift (endra PUD) for Sleipner. Sleipner-feltet ligg i den midtre delen av Nordsjøen og har vore i produksjon sidan 1993. Sleipner-området omfattar også felta Gungne, Sigyn, Gudrun og Utgard, som bruker Sleipner-innretningar for prosessering og/eller vidare transport. Områdeløysinga med kraft frå land til felta Johan Sverdrup, Edvard Grieg, Ivar Aasen og Gina Krog er godkjend med ekstra kapasitet. Endra PUD for Sleipner inneber at feltet koplar seg til områdeløysinga, og at Sleipner-feltet og tilknytte felt får tilgang til kraft frå land som følge av ekstrakapasiteten. Prosjektet går ut på å erstatte tre gassturbinar som produserer straum med kraft frå land. Prosjektet omfattar oppkopling og installasjon av ein 28 kilometer vekselstraumkabel mellom Gina Krog- og Sleipner A-innretninga, i tillegg til mindre modifikasjonar på andre innretningar som følge av dette. Planlagd oppstart av kraftleveransar frå land er fjerde kvartal 2022. Rettshavarane i Sleipner er Equinor Energy AS som operatør (59,6 prosent), Vår Energi AS (15,4 prosent), Lotos Exploration and Production (15 prosent) og Kufpec Norway AS (10 prosent). Dei totale investeringane er i endra PUD berekna til 833 mill. kroner. Endra PUD for Sleipner blei godkjend av Olje- og energidepartementet 11. februar 2021.

Fotnotar

1.

Til og med oktober 2021.

Til forsida