3 Luftfartsformål
Kap. 1310 Flytransport
Post 70 Kjøp av innanlandske flyruter
I 2022 er det løyvd 938,5 mill. kr. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1310, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter, med 120,3 mill. kr.
Løyvinga på posten gjeld kjøp av ordinære FOT-ruter (forpliktingar til offentleg tenesteyting), som i saldert budsjett 2022 var 828,5 mill. kr, og ei tilleggsløyving på 110 mill. kr, jf. Prop. 51 S (2021–2022) om endringar i statsbudsjettet 2022 under m.a. Samferdselsdepartementet og Innst. 119 S (2021–2022). Tilleggsløyvinga bestod av 100 mill. kr til meirkompensasjon til FOT-ruteoperatørane og 10 mill. kr til mellombels flyrutekjøp på grunn av koronapandemien.
Det er ikkje gjennomført mellombels flyrutekjøp i 2022, og betaling av meirkompensasjon blei avslutta frå 31. mars 2022. Widerøe’s Flyveselskap AS er det einaste flyselskapet som har motteke meirkompensasjon i 2022, i alt 77,6 mill. kr for første kvartal 2022. Kompensasjonen blei utbetalt a konto. Etter endeleg avrekning av meirkompensasjon på grunn av pandemien for driftsåret 1. april 2021–31. mars 2022, tilbakebetalte Widerøe 71 mill. kr hausten 2022. Tilbakebetalinga er ført på kap. 1310, post 70, noko som reduserer utgiftene tilsvarande.
Det ordinære kjøpet ser ut til å bli 791,6 mill. kr i 2022. Betalingane blir normalt utbetalte på etterskot, men som eit tiltak for å betre den økonomiske situasjonen i selskapa under pandemien blei dei utbetalte på forskot. Frå 2022 har departementet gått tilbake til å betale på etterskot. Sidan betalinga for desember 2021 blei betalt ut på forskot, betaler departementet berre for 11 månader i 2022. Meirbehov på grunn av nye avtalar for Nord-Noreg frå 1. april 2022 har blitt dekt innanfor løyvinga for 2022.
Kap. 4313 Luftfartstilsynet
Post 01 Gebyrinntekter
I 2022 er det budsjettert med 162,7 mill. kr i gebyrinntekter. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere budsjetterte inntekter på kap. 4313, post 01 Gebyrinntekter, med 21,6 mill. kr.
Færre innleigesøknader og registreringar av luftfartøy har gitt lågare inntekter frå Noregs luftfartøyregister. For ubemanna luftfart har det både vore langt færre registreringar i nettportalen flydrone.no og færre registrerte tilsynsobjekt. Vidare har talet på søknader om operative godkjenningar og sertifikat vore lågare enn rekna med, og det er færre aktørar på security-området.