Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2022 under Samferdselsdepartementet
I
I statsbudsjettet for 2022 blir det gjort følgjande endringar:
Utgifter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
1300 | Samferdselsdepartementet: | ||
72 | Tilskot til samferdselsberedskap, blir redusert med | 2 250 000 | |
frå kr 3 000 000 til kr 750 000 | |||
1310 | Flytransport: | ||
70 | Kjøp av innanlandske flyruter, kan overførast, blir redusert med | 120 300 000 | |
frå kr 938 500 000 til kr 818 200 000 | |||
1320 | Statens vegvesen: | ||
22 | Drift og vedlikehald av riksvegar, kan overførast, kan nyttast under post 29 og post 30, blir auka med | 180 000 000 | |
frå kr 8 271 000 000 til kr 8 451 000 000 | |||
28 | Trafikant- og køyretøytilsyn, kan overførast, blir redusert med | 30 000 000 | |
frå kr 2 222 800 000 til kr 2 192 800 000 | |||
29 | OPS-prosjekt, kan overførast, kan nyttast under post 30, blir auka med | 19 000 000 | |
frå kr 1 828 400 000 til kr 1 847 400 000 | |||
30 | Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 22, post 29 og post 36 og kap. 1332, post 66, blir redusert med | 169 000 000 | |
frå kr 12 602 000 000 til kr 12 433 000 000 | |||
(NY) | 36 | E16 over Filefjell, kan overførast, blir løyvd med | 13 000 000 |
64 | Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport, kan overførast, blir redusert med | 10 000 000 | |
frå kr 20 500 000 til kr 10 500 000 | |||
1330 | Særskilde transporttiltak: | ||
71 | Tilskot til kommersielle buss- og båtruter som følgje av smitteverntiltak, kan overførast, blir redusert med | 5 000 000 | |
frå kr 25 000 000 til kr 20 000 000 | |||
1332 | Transport i byområde mv.: | ||
66 | Tilskot til byområde, kan overførast, blir redusert med | 510 000 000 | |
frå kr 3 024 100 000 til kr 2 514 100 000 | |||
1352 | Jernbanedirektoratet: | ||
21 | Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, kan overførast, blir redusert med | 20 000 000 | |
frå kr 125 600 000 til kr 105 600 000 | |||
71 | Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald, kan nyttast under post 70, blir redusert med | 273 549 000 | |
frå kr 7 593 300 000 til kr 7 319 751 000 | |||
1356 | Bane NOR SF: | ||
(NY) | 95 | Kapitalinnskot, blir løyvd med | 7 200 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
4300 | Samferdselsdepartementet: | ||
01 | Refusjon frå Utanriksdepartementet, blir auka med | 187 000 | |
frå kr 500 000 til kr 687 000 | |||
4313 | Luftfartstilsynet: | ||
01 | Gebyrinntekter, blir redusert med | 21 600 000 | |
frå kr 162 700 000 til kr 141 100 000 | |||
4320 | Statens vegvesen: | ||
01 | Salsinntekter m.m., blir auka med | 30 000 000 | |
frå kr 167 300 000 til kr 197 300 000 | |||
02 | Ymse gebyr, blir redusert med | 15 000 000 | |
frå kr 484 800 000 til kr 469 800 000 | |||
03 | Refusjonar frå forsikringsselskap, blir redusert med | 12 000 000 | |
frå kr 122 100 000 til kr 110 100 000 | |||
4322 | Svinesundsforbindelsen AS: | ||
91 | Aksjekapital, blir redusert med | 135 000 | |
frå kr 135 000 til kr 0 | |||
(NY) | 96 | Tilbakebetaling aksjekapital, blir løyvd med | 135 000 |
4353 | Vygruppen AS: | ||
(NY) | 96 | Tilbakebetaling aksjekapital, blir løyvd med | 7 200 000 |
4370 | Posttenester: | ||
(NY) | 70 | Tilbakebetaling post- og banktenester, blir løyvd med | 24 300 000 |
II
Fullmakt til å overskride gitte løyvingar
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2022 kan overskride løyvinga under kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, med inntil 400 mill. kr for å dekkje utgifter ved ev. rettskraftig dom i 2022 om erstatning for prosjektet E39 Eiganestunnelen.
III
Fullmakter til å forplikte staten for investeringsprosjekt
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2022 kan:
gjennomføre dei tidlegare godkjende investeringsprosjekta: | innanfor ei endra kostnadsramme på: |
---|---|
E39 Kristianborg–Bergen sentrum | 1 275 mill. kr |
E39 Svegatjørn–Rådal | 10 502 mill. kr |
E16 Øye–Eidsbru | 945 mill. kr |
Fullmaktene gjeld òg forpliktingar som blir inngåtte i seinare budsjettår, innanfor kostnadsramma for prosjektet. Samferdselsdepartementet blir gitt fullmakt til å prisjustere kostnadsrammene i seinare år.
IV
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2022 kan føye til stikkordet «kan overførast» på kap. 1301 Forsking og utvikling mv., post 70 Pilotprosjekt for fossilfrie anleggsplassar.
V
Fullmakt til å selje fast eigedom
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet kan selje fast eigedom i samband med prosjektet E16 Sandvika–Wøyen, inntil ein verdi på 650 mill. kr i kvart einskild tilfelle.