2 Forslag til endringar i statsbudsjettet 2024
Kap. 200 Kunnskapsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 7 mill. kroner for berekna verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag
Post 21 Særskilde driftsutgifter
KUDAF – Kunnskapssektorens datafellesskap er eit program i HK-dir som skal sørge for betre oversikt over kva data kunnskapssektoren sit på, og gjere det enklare å utveksle data. Som følge av mindreforbruk i programmet foreslår departementet å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.
Departementet foreslår vidare å redusere løyvinga med 6 mill. kroner som følge av mindreforbruk til forsking på digitalisering i grunnopplæringa.
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 11 mill. kroner.
Kap. 220 Utdanningsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 7,7 mill. kroner for berekna verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70
Som følge av nye anslag for oppdragsinntekter foreslår departementet at inntektskravet under kap. 3320, post 01 blir redusert med 1,7 mill. kroner, mot tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 220, post 21.
Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet
Post 01 Inntekter frå oppdrag
Som følge av nye anslag for oppdragsinntekter foreslår departementet at inntektskravet under kap. 3320, post 01 blir redusert med 1,7 mill. kroner, mot tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 220, post 21.
Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner for berekna verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester
Post 01 Driftsutgifter
Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino flytta i 2024 inn i nytt bygg, samlokalisert med Det Samiske Nasjonalteateret Beaivváš. Departementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner som følge av ekstra kostnader den samiske vidaregåande skulen har i samband med flyttinga.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 9,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av inntektsløyvinga på kap. 3222, post 02.
Departementet foreslår vidare å auke løyvinga med 2,4 mill. kroner for berekna verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 12,6 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner til betre tilpassing av eksisterande lokale ved Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal.
Kap. 3222 Statlege skular og fjernundervisningstenester
Post 02 Salsinntekter o.a.
Departementet foreslår å auke løyvinga med 9,2 mill. kroner som følge av høgare inntekter frå sal av fjernundervisningstenester frå Sørsamisk kunnskapspark og dei statlege samiske vidaregåande skulane i Kautokeino og Karasjok enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2024.
Kap. 223 Diamanten skole
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner for berekna verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,1 mill. kroner for berekna verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Post 61 Rentekompensasjon for investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 17 mill. kroner som følge av færre søknader om rentekompensasjon hausten 2024 enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2024. Ordninga blei lyst ut 1. juli 2024.
Post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa, kan overførast
Departementet foreslår å auke løyvinga med 9,6 mill. kroner på grunnlag av oppdaterte anslag for utgiftsbehovet på posten. Auken i løyvingsbehovet kjem særleg av at fleire elevar i grunnskulen utløyser tilskot enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.
Post 64 Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 98 mill. kroner som følge av at færre elevar utløyser tilskot enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.
Post 65 Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, kan overførast
Departementet foreslår å auke løyvinga med 17 mill. kroner som følge av at rentesatsane i ordninga blei høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.
Post 67 Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,2 mill. kroner som følge av mindreforbruk til studiepermisjonar for vidareutdanning i kvensk eller finsk for lærarar i grunnskulen i høve til Saldert budsjett 2024.
Post 74 Prosjekttilskot
I 2024 er ordninga for prosjekttilskot retta mot tiltak som skal betre læringsmiljøet gjennom tiltak mot mobbing og prosjekt som stimulerer til auka leseferdigheiter og leselyst. Etter at Utdanningsdirektoratet har avslutta søknadsbehandlinga for 2024 er det eit mindrebehov på 3,1 mill. kroner, og departementet foreslår derfor å redusere løyvinga tilsvarande.
Post 75 Grunntilskot
Ved ein utrekningsfeil blei det gitt eit lågare tilskot til einskilde organisasjonar i budsjettåret 2024, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 0,4 mill. kroner.
Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa
Post 04 Refusjon av ODA-godkjente utgifter
Ein del av løyvinga på kap. 225, post 64 blir rapportert som utviklingshjelp og refusjon frå Utanriksdepartementet blir ført på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 135,9 mill. kroner. Reduksjonen skuldast særleg lågare utgifter til opplæring av flyktningar frå Ukraina på kap. 225, post 64 enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2024.
Kap. 228 Tilskot til private skular o.a.
Post 70 Private grunnskular, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 140,8 mill. kroner i hovudsak som følge av høgare elevtal enn det som er lagt til grunn for gjeldande budsjett 2024.
Post 71 Private vidaregåande skular, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 23,6 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn det som er lagt til grunn for gjeldande budsjett 2024.
Post 72 Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,4 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn det som er lagt til grunn for Saldert budsjett 2024.
Post 73 Private grunnskular i utlandet, overslagsløyving
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,7 mill. kroner i hovudsak som følge av endring i elevsamansetjinga i høve til det som er lagt til grunn for gjeldande budsjett for 2024.
Post 74 Private vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,6 mill. kroner, i hovudsak som følge av høgare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett 2024.
Post 75 Private skular for funksjonshemma elevar, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 56,3 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett for 2024.
Post 76 Andre private skular, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,1 mill. kroner som følge av høgare elevtal enn lagt til grunn for Saldert budsjett for 2024.
Post 77 Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving
Den tysk-norske skolen i Oslo har uventa økonomiske utfordringar. Utfordringane kjem mellom anna frå ein flytteprosess som har vorte dyrare enn venta. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 16 mill. kroner. Departementet foreslår vidare å redusere løyvinga på posten med 0,7 mill. kroner som følge av endring i elevsamansetninga i høve til det som var lagt til grunn for gjeldande budsjett for 2024.
Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 15,3 mill. kroner.
Post 81 Elevutveksling til utlandet
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,9 mill. kroner som følge av at det berre var to skular som til saman hadde åtte elevar på utveksling gjennom ordninga i skuleåret 2023–24.
Post 84 Redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga ved private skular
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner som følge av færre søknader frå private skular til redusert foreldrebetaling enn lagt til grunn i Saldert budsjett for 2024.
Kap. 229 22. juli-senteret
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,4 mill. kroner for berekna verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk teneste
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 11,5 mill. kroner for berekna verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Som følge av reduserte inntekter frå kurs og konferansar og frå sal av læremiddel dei siste åra foreslår departementet at inntektskravet under kap. 3230, post 02 blir redusert med 4,3 mill. kroner, mot tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 230, post 01.
Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 7,2 mill. kroner.
Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk teneste
Post 02 Salsinntekter o.a.
Som følge av reduserte inntekter frå kurs og konferansar og frå sal av læremiddel dei siste åra foreslår departementet at inntektskravet under kap. 3230, post 02 blir redusert med 4,3 mill. kroner, mot tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 230, post 01.
Kap. 242 Noregs grøne fagskule – Vea
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner for berekna verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Kap. 253 Folkehøgskular
Post 70 Tilskot til folkehøgskular
Øyrekka Folkehøgskole AS er lagd ned frå 31. juli 2024, og det skal ikkje utbetalast tilskot til skulen for fjerde kvartal 2024. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 2,9 mill. kroner.
Som følge av at enkelte folkehøgskular har ein dekningsgrad på mindre enn 50 pst. av godkjent internatkapasitet får dei redusert tilskot hausten 2024. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4 mill. kroner som følge av dette.
Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 6,9 mill. kroner.
Kap. 256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Post 01 Driftsutgifter
I 2024 har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse hatt større inntekter mellom anna frå EU til administrasjon av programmet Erasmus+ enn det som er lagt til grunn i saldert budsjettet. På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 13,2 mill. kroner og ein tilsvarande auke i inntekter over kap. 3256, post 02.
Departementet foreslår vidare å auke løyvinga med 9,2 mill. kroner for berekna verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 22,4 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har hatt høgare oppdragsinntekter frå EU-prosjekt i 2024 enn forventa. På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke løyvinga på posten med 7,3 mill. kroner og tilsvarande auke inntektsløyvinga på kap. 3256, post 01.
Kap. 3256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Post 01 Inntekter frå oppdrag
Sjå omtale under kap. 256, post 21. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 7,3 mill. kroner og ein tilsvarande auke i utgifter over kap. 256, post 21.
Post 02 Inntekter frå refusjonar o.a.
Sjå omtale under kap. 256, post 01. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 13,2 mill. kroner og ein tilsvarande auke i utgifter over kap. 256, post 01.
Kap. 257 Kompetanseprogrammet
Post 70 Tilskot, kan overførast
Gjeldande løyving på posten er 167,9 mill. kroner, medan det er overført 160,7 mill. kroner frå 2023 til 2024. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 10 mill. kroner som følge av oppdatert anslag for utgiftsbehov på posten.
Kap. 258 Tiltak for livslang læring
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 26,4 mill. kroner. Redusert løyvingsbehov skuldast i hovudsak færre deltakarar enn venta i forsøket med modulstrukturert opplæring for vaksne.
Kap. 260 Universitet og høgskular
Post 50 Statlege universitet og høgskular, kan nyttast under post 70
Infrastruktur Nytt vikingtidsmuseum
I 2022 blei prosjektet Nytt vikingtidsmuseum nedskalert, for å halde kostnadene under kontroll og for å unngå ytterlegare forseinkingar i flyttinga av samlingane i nytt bygg. Dette innebar at nokre funksjonar som ikkje påverkar tryggleiken til samlingane blei tekne ut av prosjektet, jf. Innst. 117 S (2022–2023) og Prop. 21 S (2022–2023). Universitetet i Oslo arbeider med å innhente ekstern finansiering for å ta inn igjen desse funksjonane. Dei omfattar mellom anna auditorium, kontorarbeidsplassar og skule- og undervisningsområde, som opphavleg var planlagde inn i det eksisterande museumsbygget. Ein føresetnad for finansiering frå private bidragsytarar, er at nødvendig infrastruktur for å ta inn igjen desse funksjonane er på plass i bygget. Dette er infrastruktur som blei kutta i det nedskalerte byggeprosjektet. På bakgrunn av dette, og fordi realisering av funksjonane i bygget vil auke samfunnsnytta av prosjektet, foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 260, post 50 med 50 mill. kroner i 2024.
Husleigekompensasjon
Stortinget har vedteke at Universitetet i Oslo skal få 50 pst. husleigekompensasjon for universitetsareala i det nye klinikkbygget ved Radiumhospitalet, jf. Innst. 12 S (2023–2024) og Prop. 1 S (2023–2024). Universitetet skulle etter planen leige areala frå 1. mai 2024 og fekk i tråd med det auka løyvinga med 3,3 mill. kroner, tilsvarande 50 pst. av husleiga i åtte månader. Overtakinga av areala blei forsinka frå mai til september 2024. Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga til universitetet med 1,8 mill. kroner i 2024, tilsvarande den lågare husleiga.
Fordeling av midlar til oppfølginga av tiltak i Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet
I revidert budsjett for 2024 løyvde Stortinget 8,5 mill. kroner til universitet og høgskular for å følge opp tiltak i Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet, jf. Innst. 447 S (2023–2024) og Prop. 104 S (2023–2024). Midlane blei teknisk plasserte på kap. 260, post 50 Statlege universitet og høgskular, men fordelte mellom både statlege og private universitet og høgskular. Dei private høgskulane sin del av løyvinga utgjer 1 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere kap. 260, post 50 med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 260, post 70.
Oppsummering
Regjeringa foreslår å auke løyvinga over kap. 260, post 50 med 47,2 mill. kroner.
Post 70 Private høgskular, kan nyttast under post 50
Sjå omtale under post 50.
Oppsummering
Regjeringa foreslår å auke løyvinga over kap. 260, post 70 med 1 mill. kroner.
Kap. 270 Studentvelferd
Post 74 Tilskot til velferdsarbeid o.a.
Norges Arktiske Studentsamskipnad (NAS) har fått tilskot til, bygd og opna nye studentbustadar på Elvesletta på Svalbard. Det var ein føresetnad at dei tidlegare studentbustadane i Nybyen skulle overførast til staten, jf. Prop. 1 S (2020–2021). I påvente av avgjerd om dette, har NAS kostnader til drift av bustadane, det vil seie kostnader til å ha tilkopla straum, vatn og generelt vedlikehald. Samskipnadslova slår fast at samskipnadane er eigne rettssubjekt. Det betyr at NAS ikkje er ein del av staten. Vidare slår lova fast at ein samskipnad skal tilby tenester til studentar tilknytta samskipnaden. Ein samskipnad kan berre i avgrensa grad tilby tenester til andre enn studentane. Slike andre tenester eller aktivitet skal gå med overskot og kome studentvelferda til gode. NAS er studentsamskipnad for studentane ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT), og kostnadene til drift av bustadane i Nybyen skal dermed ikkje gå ut over velferdstilbodet til desse studentane. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på posten med 0,4 mill. kroner i 2024 for å dekke meirkostnader knytt til drift av bustadene i påvente av ei avklaring av overføring av bustadene til ein statleg aktør. Departementet kjem tilbake til eventuell dekning av kostnader i 2025 i revidert budsjett for 2025. Det avheng av framdrift i saka med å overføre ansvaret for bustadane til staten.
Post 75 Tilskot til bygging av studentbustadar, kan overførast
Utbetaling av tilskot til studentsamskipnadene som har fått tilsegner til byggeprosjekt blir gjort i tråd med framdrifta i prosjekta. Gjeldande løyving på posten er 954,1 mill. kroner. Prognosane frå Husbanken viser at utbetalingane av tilskot vil vere 928,5 mill. kroner i 2024. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 25,6 mill. kroner. Det er vidare behov for å redusere tilsegnsfullmakta frå 649,8 mill. kroner til 640,1 mill. kroner. Tilsegnsfullmakta i 2024 skal dekke utbetalingar i framtida, det vil seie frå og med 2025, medan løyvinga på kap. 270, post 75 skal dekke utbetaling i 2024.
Kap. 271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner for berekna verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Kap. 273 Kunnskapssektorens tenesteleverandør – Sikt
Post 50 Verksemdskostnader
Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør betaler årleg Noregs kontingent til NORDUnet AS. NORDUnet AS organiserer samarbeidet mellom dei nordiske forskingsnetta. Departementet har tildelt Sikt 45,2 mill. kroner på posten i 2024. Sikt betaler kontingenten kvartalsvis, og utbetalinga for fjerde kvartal i 2024 står att. På grunn av valutaendringar må beløpet justerast. Sikt har betalt om lag 28,1 mill. kroner hittil for kontingenten i 2023, og det står att å betale om lag 9,5 mill. kroner. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor å redusere kap. 273, post 50 med 7,7 mill. kroner.
Kap. 275 Tiltak for høgare utdanning og forsking
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70
For å sikre midlar til planlagde prosjekt, foreslår departementet å auke løyvinga over kap. 275, post 21 med 0,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275, post 70.
Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21
Sjå omtale under kap. 275, post 21.
Kap. 284 Dei nasjonale forskingsetiske komiteane
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner for berekna verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Kap. 285 Noregs forskingsråd
Post 55 Verksemdskostnader, kan overførast
Departementet viser til omtale av den nye budsjettmodellen og innføring av bruttobudsjettering av Forskingsrådet i Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet. Her kjem det mellom anna fram at løyvinga til verksemdskostnader blir foreslått budsjettert på kap. 285, post 01 for driftsutgifter og post 21 for særskilde driftsutgifter frå og med 2025. Omlegginga av budsjettmodellen er i hovudsak ei teknisk endring i budsjetteringa. For midlar til drift vil dette innebere at det frå 2025 vil vere muleg å overføre inntil 5 pst. av eventuell unytta driftsløyving. I overgangen mellom 2024 og 2025 er det nødvendig med ei eiga fullmakt for at eventuelle unytta midlar til verksemdskostnader kan bli stilte til disposisjon for Forskingsrådet i 2025. På denne bakgrunn foreslår departementet at posten får stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak III.
Andre saker
Noregs forskingsråd blir bruttobudsjettert frå og med 1. januar 2025. I ny budsjettmodell for Forskingsrådet skal løyvinga på alle postar for tilskot budsjetterast med det som er venta å bli kontant utbetalt i løpet av det gjeldande budsjettåret. Det er lagt til grunn at midlane som Stortinget tidlegare år har løyvd til Forskingsrådet skal stillast til disposisjon for Forskingsrådet i bruttomodellen.
Forskingsrådet vil ved utgangen av 2024 ha tilskotsmidlar til forsking frå alle departementa på konsernkontoen sin som er løyvde i tidlegare år, men som kjem til utbetaling i 2025 eller seinare år. Tilskotsmidlane som står på Forskingsrådets konsernkonto ved utgangen av 2024 skal derfor tilbakeførast til statskassa i 2024 og inntektsførast på Finansdepartementets kap. 5309, post 29. Den delen av tilskotsmidlane som er venta å kome til kontant utbetaling i 2025, inngår i forslaget til løyvingar for 2025 medan resterande midlar inngår i forslag til tilsegnsfullmakter for 2025 og vil bli utbetalt seinare år. Eit estimat frå Forskingsrådet tilseier at tilskotsmidlane på konsernkontoen vil utgjere 4,6 mrd. kroner ved utgangen av 2024.
Departementet foreslår derfor ei inntektsløyving på 4,6 mrd. kroner på kap. 5309, post 29 tilsvarande unytta tilskotsmidlar frå dei aktuelle departementa. Eit mogleg avvik mellom forslag til inntektsført beløp og faktisk motteke og inntektsført beløp vil bli omtalt i forklaringane til statsrekneskapen for 2024.
Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak
Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar
Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 3,2 mill. kroner. Om lag 285 000 kroner av løyvinga på posten er Noregs del av eit spleiselag for å dekke Ukrainas CERN-kontingent. Resten av endringa på posten skriv seg frå endringar i valutakurs og gjeld kontingentutbetalingane til fleire av dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane.
Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon
Departementet foreslår å redusere løyvinga med 165,3 mill. kroner. Nedgangen skriv seg frå ein reduksjon i budsjettet til Horisont Europa-programmet som vart gjort i samband med midtvegsevalueringa av EUs langtidsbudsjett.
Post 74 EUs utdannings-, opplærings-, ungdoms- og idrettsprogram
Departementet foreslår å auke løyvinga med 47,2 mill. kroner. Auken skriv seg frå endringar i valutakurs.
Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning
Post 01 Driftsutgifter
Departementet foreslår å rammeoverføre 1,2 mill. kroner frå kap. 2410, post 01 under Kunnskapsdepartementet til kapittel 1618, post 22 under Finansdepartementet. Overføringa kjem som følge av at Lånekassen hadde eit mindreforbruk i si deltaking i steg ein av programmet Fremtidens innkreving.
Departementet foreslår vidare å auke løyvinga med 7,4 mill. kroner for berekna verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 6,2 mill. kroner.
Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving
Løyvinga dekker utgifter til framtidig konvertering av utdanningslån til utdanningsstipend. Studentar som bur heime har ikkje rett til å få lån omgjort til stipend. Departementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner som følge av at færre enn tidlegare lagt til grunn mister retten til omgjering av stipend fordi dei bur heime.
Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 115,2 mill. kroner som følge av at den flytande renta på utdanningslån for 2024 blei 0,2 prosenteiningar høgare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2024.
Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 70 mill. kroner. Endringa skuldast ein auke i omfanget av renter som blir sletta av sosiale og økonomiske årsaka i høve til føresetnadene som blei lagt til grunn i gjeldande budsjett for 2024.
Post 74 Tap på utlån
Den observerte utviklinga så langt i år tyder på at omfanget av permanent overføring til Statens innkrevjingssentral av misleghaldne gjeldskrav blir lågare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2024. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.
Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving
Departementet foreslår å auke løyvinga med 281,1 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak auka lån til skulepengar og tilleggslån for søkjarar over 30 år. Andre endringar gjeld renteelement på posten.
Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Posten gjeld refunderte midlar til dekking av kostnaden ved å ettergi studielån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner som følge av mindreforbruk på posten.
Post 89 Purregebyr
Det ligg an til å bli fleire purringar enn det som blei lagt til grunn i revidert budsjett for 2024. Departementet foreslår å auke løyvinga med 4,3 mill. kroner.
Post 90 Redusert lån og rentegjeld
Regnskapstal per 30. september tilseier at innbetalte avdrag på studielån blir lågare enn tidlegare lagt til grunn. Samstundes aukar innbetalinga av rentar frå tidlegare år. Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 459,2 mill. kroner.
Post 93 Omgjering av utdanningslån til stipend
Posten dekker lån som blir omgjort til stipend ved avlagd eksamen og fullført grad. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 300 mill. kroner som følge at det blir omgjort mindre lån til stipend på bakgrunn av avlagde eksamenar enn tidlegare lagt til grunn.
Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning
Post 80 Renter
Departementet foreslår å auke løyvinga med 461,2 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak at den vekta flytande renta på utdanningslån for 2024 blei om lag 0,2 prosenteiningar høgare enn lagt til grunn i revidert budsjett for 2024.