1 Samandrag
Under programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om å redusere løyvingane med om lag 1,2 mrd. kroner. Reduksjonen gjeld i hovudsak hovudsak 1,025 mrd. kroner i lågare utgifter under EØS-finansieringsordningane (kap. 117) i år. Det er òg reduserte utgifter til drift under Utanriksdepartementet, til FNs fredsbevarande operasjonar og til EFTA-sekretariatet. Gebyrinntektene under programområde 02 er reduserte fordi det er færre utlendingssaker under pandemien.
Under programområde 03 Internasjonal bistand blir det gjort framlegg om visse endringar. Det er m.a. mindrebehov på departementet sitt driftsbudsjett og hos Norsk senter for utvekslingssamarbeid, Norec, og deira utvekslingsordningar. Det er òg mindre endringar i kontingentane for Noregs pliktige bidrag til internasjonale organisasjonar. Det blir gjort framlegg om å omdisponere nokre av dei ledige midlane m.a. til FNs organisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA), FNs fredsbyggingsfond og auka flyktningutgifter.
Vidare vart det i Utanriksdepartementets budsjettproposisjon for 2021 gjort greie for at delar av støtta til vaksinekoalisjonen CEPI kunne falle utanfor formålet til offisiell utviklingsbistand (ODA). Ramma blei difor faststsett 200 mill. kroner høgare enn 1 pst. av anslaget for BNI for 2021. Det er no gjort framlegg i OECDs utviklingskomité (DAC), om at 88 pst. av støtta til CEPI sitt arbeid for forsking og utvikling av covid-19-vaksinar, skal kunne rapporterast som ODA. Det inneber at 176 mill. kroner av dei 200 mill. kronene vil kunne rapporterast som ODA, og regjeringa gjer derfor framlegg om at denne delen dekkast innanfor bistandsramma. Auken i ODA-andel blir dekt innafor bistandsramma av eit lågare behov på departementet sitt driftsbudsjett og reduserte løyvingar til stabilisering av land i krise og konflikt.
Utover bistandsramma for 2021 blir det gjort framlegg om å auke løyvinga til den globale koalisjonen ACT-A med 2 mrd. kroner, jf. omtale under kap. 160, post 70 Helse. Forslaget aukar ramma tilsvarande til det internasjonale arbeidet med å slå ned pandemien. Samla framlegg om auke utover gjeldande bistandsramme blir derfor 1,824 mrd. kroner.