2 Programområde 02 Utanriksforvaltning
Kap. 100 Utanriksdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Grunna covid-19-pandemien har Utanriksdepartementet hatt lågare utgifter til reiser, møter og representasjon i år enn tidlegare budsjettert. I tillegg har krona styrka seg mot dei fleste utanlandske valutaene, noko som har medført at utanriksstasjonane sine driftsutgifter er lågare enn budsjetterte.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 130 mill. kroner.
Post 90 Lån til norske borgarar i utlandet
Våren 2020 transporterte Noreg, i samarbeid med andre europeiske land, nordmenn heim frå utlandet pga. pandemien. Der det ikkje var grunnlag for kommersielle flyruter blei det sett opp særskilde fly. Utanriksdepartementet fekk i februar 2021 ei rekning på 1,3 mill. kroner frå Tyskland for transport av norske passasjerar. Løyvinga blir difor foreslått auka med 1,3 mill. kroner for å dekke desse utgiftene. Det blir òg vist til forslag under kap. 3100, post 90 Tilbakebetaling av naudlån frå utlandet om ein tilsvarande auke på inntektsposten for tilbakebetaling av flybillettane for dei norske passasjerane.
I tillegg har omfanget av naudlån auka som følgje av krisa i Afghanistan. Løyvinga på posten blir foreslått auka med 0,1 mill. kroner til dette.
Det blir samla gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 1,4 mill. kroner.
Kap. 103 Regjeringas representasjon
Post 01 Driftsutgifter
Grunna covid-19-pandemien har det vore færre offisielle besøk til Noreg og færre arrangement i regi av regjeringa enn normalt i 2021.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 104 Kongefamiliens offisielle reiser til utlandet
Post 01 Driftsutgifter
Grunna covid-19-pandemien har det vore færre kongelege reiser og besøk til utlandet i 2021 enn vanleg.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 6 mill. kroner.
Kap. 116 Internasjonale organisasjonar
Post 70 Pliktige bidrag
Pliktige bidrag til internasjonale organisasjonar vart mindre enn budsjettert i 2021. Dette skuldast i hovudsak at covid-19-pandemien førte til lågare aktivitet for FN sine fredsbevarande operasjonar, og at bidraget til EFTA-sekretariatet vart lågare grunna valutaendringar. Det er òg andre mindre endringar i kontingentane som først og fremst skuldast valutasvingingar.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 60 mill. kroner.
Kap. 117 EØS-finansieringsordningane
Post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast
Post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast
Nye prognosar frå sekretariatet for EØS-finansieringsordningane i Brussel, Financial Mechanism Office (FMO), viser lågare utgifter i år enn tidlegare budsjettert. Dette skuldast forseinking i gjennomføringa og oppstart av program under finansieringsordningane gjennom året. Covid-19 har forseinka og utsett arbeidet med mange prosjekt. Ein stor del av mindreforbruket skuldast i tillegg at det ikkje blir gjennomført program i Ungarn denne perioden. Ei styrka norsk krone mot euro har òg ført til lågare utgifter.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 1 025 mill. kroner, fordelt med:
430 mill. kroner på post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021
595 mill. kroner på post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021
Kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar
Post 74 Forsking, dialog og menneskerettar m.m.
Det er tildelt færre midlar enn budsjettert frå tilskotsordninga for informasjon om europeisk og nordisk samarbeid. Det er òg eit mindreforbruk til Oslo Freedom Forum og den norske Helsingforskomité som følgje av covid-19.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Kap. 3100 Utanriksdepartementet
Post 02 Gebyrer for utlendingssaker ved utanriksstasjonane
UDI sine prognosar for antal visumsøknader ved utanriksstajonane er lågare enn tidlegare budsjettert. Mange land vil ha reiserestriksjonar i lengre tid framover grunna covid-19-pandemien. Budsjettforslaget er usikkert grunna pandemien og fordi visumgebyret er fastsett i euro.
Det blir gjort framlegg om å redusera løyvinga med 11,8 mill. kroner.
Post 90 Tilbakebetaling av naudlån frå utlandet
Våren 2020 vart det sett opp eigne fly i samarbeid med andre europeiske land for å transportere europeiske borgarar heim pga. pandemien. Utanriksdepartementet fekk i februar 2021 ei rekning frå Tyskland for dei norske passasjerane, jf. omtale under kap. 100, post 90 Lån til norske borgarar i utlandet. Dei norske passasjerane har fått faktura for sine billettar og tilbakebetalinga skal førast på denne posten.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 1,3 mill. kroner.
Kap. 140 Utanriksdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Grunna covid-19-pandemien har Utanriksdepartementet hatt lågare utgifter til reiser, møter og representasjon i år enn budsjettert. I tillegg har krona styrka seg mot dei fleste utanlandske valutaene, noko som har medført at driftsutgiftene ved utanriksstasjonane er mindre enn budsjettert.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 160 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Som følgje av pandemien har Utanriksdepartementet og Norad hatt lågare utgifter på grunn av m.a. utsette og avlyste konferansar og arrangement. Det har òg vore mindre aktivitet enn planlagt i sekretariatet til Havpanelet, og forseinkingar i oppdragsforsking.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 26,1 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Grunna covid-19-pandemien er fleire planlagde prosjekt og investeringar utsette. Årets aktivitetar kan dekkjast av overført løyving frå tidlegare år. Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.
Kap. 144 Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec)
Post 01 Driftsutgifter
Grunna covid-19-pandemien har Norec hatt lågare utgifter til reiser enn budsjettert. Norec har òg hatt lågare utgifter enn budsjettert i samband med flyttinga til eit nytt, permanent bygg i Førde.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.
Post 70 Utvekslingsordningar, kan overførast
Covid-19 har medført redusert utvekslingsaktivitet og det har vore utfordringar med å utnytte heile tildelinga, spesielt når det gjeld reiseverksemd.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 9,2 mill. kroner.
Kap. 151 Fred, tryggleik og globalt samarbeid
Post 72 Stabilisering av land i krise og konflikt, kan overførast
Noregs bidrag til vaksinekoalisjonen CEPI sin koronainnsats, har fått auka ODA-andelen. For å dekkje inn auken innafor gjeldande bistandsramme, jf. omtale innleiingsvis, blir det gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 50 mill. kroner.
Post 73 FN og globale utfordringar, kan overførast
FN sitt fredsbyggingsfond er eit hovudverktøy i FN for stabilisering og langsiktig fredsbygging. Fondet er betydeleg underfinansiert som følgje av stadig aukande konfliktnivå i mange sårbare statar. Regjeringa foreslår å auke Noregs bidrag til fondet med 30 mill. kroner i 2021. Dette vil medverke til å møte fondet sitt akutte behov i inneverande år. Det vil òg bidra til å oppfylle avtalen med fondet om å støtte dei med 500 mill. kroner over fem år, til fondet sin strategiske plan for perioden 2020–2024.
Ved å følgje opp lovnaden om høg, årleg støtte til fondet, sikrar Noreg sin legitimitet som fredsbyggingsaktør.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 30 mill. kroner.
Post 74 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar m.m., kan overførast
Det er mindre endringar i kontingentane for 2021, i hovudsak grunna endra valutakurs. Dette gjeld mellom anna FNs miljøprogram (UNEP).
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.
Kap. 159 Regionløyvingar
Post 70 Midtausten og Nord-Afrika, kan overførast
FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA) har òg i 2021 eit kritisk behov for finansiering av kjernebudsjettet. Det gjeld sjølv om at USA er tilbake som givar til organisasjonen.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 33,9 mill. kroner.
Kap. 160 Helse
Post 70 Helse, kan overførast
Det viktigaste internasjonale samarbeidet for å handtere covid-19-pandemien globalt er Access to Covid-19 Tools Accelerator (ACT-A). ACT-A fremjar likeverdig tilgang til covid-19-vaksinar, -diagnostikk og -behandling, og investerer i nasjonale helsesystem. COVAX-samarbeidet er vaksinepilaren av ACT-A som skal sikre global tilgang til covid-19-vaksinar. Dei andre pilarane i ACT-A er medisinar, testutstyr og ein pilar som skal styrke landa sine helsesystem.
Noreg leiar arbeidet med ACT-A saman med Sør-Afrika. Samarbeidet i ACT-A er forlenga til september 2022, og det er igangsett ein ny runde med internasjonal ressursmobilisering for å finansiere vidareføringa. Regjeringa gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 2 mrd. kroner til ACT-Accelerator sine partnarar. Partnarane er i hovudsak vaksinealliansen Gavi, vaksinekoalisjonen CEPI, Det globale fondet for kampen mot aids, tuberkulose og malaria, legemiddelordninga Unitaid, og Verdas helseorganisasjon (WHO). Auken til ACT-A vil bidra til betre vaksinedekning, testkapasitet, behandlingar og verneutstyr for helsepersonell globalt. Det vil bidra til færre dødsfall, virusmutasjonar, og redusere dei sosioøkonomiske konsekvensane.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 2 000 mill. kroner. Dette kjem i tillegg til den ordinære bistandsramma for 2021.
Kap. 170 Sivilt samfunn
Post 70 Sivilt samfunn, kan overførast
TV-aksjonen for 2021 gjekk til organisasjonen Plan sitt arbeid mot barneekteskap, og vart halde 24. oktober. For å bidra med ei gåve til aksjonen på same nivå som i fjor blir det gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 10 mill. kroner.
Kap. 179 Flyktningtiltak i Noreg
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Nye overslag frå Justis- og beredskapsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Barne- og familiedepartementet tilseier at løyvinga må aukast med 15,4 mill. kroner. Det blir i denne samanhengen vist til nærmare omtale i dei respektive departementa sine budsjettproposisjonar.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 15,4 mill. kroner.