Forslag
til lov om endringar i havressurslova m.m. (administrativ inndraging og tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)
I
I lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst skal ny § 30 a lyde:
§ 30 a Tilgang til opplysninger i Folkeregisteret
Fiskeridirektoratet skal, uten hinder av taushetsplikt, ha tilgang til opplysninger i Folkeregisteret som er nødvendige for utførelsen av oppgaver etter denne loven. Direktoratet skal også ha tilgang til opplysninger i Folkeregisteret til utredning og produksjon av statistikk.
II
I lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar vert det gjort følgjande endringar:
§ 49 tredje ledd skal lyde:
Fiskeridirektoratet skal, utan hinder av teieplikt, ha tilgang til opplysningar i Folkeregisteret som er naudsynte for utøving av oppgåver etter denne lova. Direktoratet skal også ha tilgang til opplysningar i Folkeregisteret til utgreiing og produksjon av statistikk.
Noverande § 49 tredje ledd blir nytt fjerde ledd.
§ 54 andre ledd skal lyde:
Departementet kan gje forskrift om
a. handsaminga av saker etter første ledd
b. kva for føresegner som er omfatta av første ledd
c. korleis verdien av fangst etter første ledd skal fastsetjast
d. om det kan gjevast vederlag for kostnader ved ilandføring av fangst etter første ledd
e. kva salslaga kan bruke midlar som nemnt i første ledd til
f. at brot på enkelte føresegner etter første ledd likevel ikkje skal medføre inndraging av fangst.
III
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Kongen kan fastsetje at dei enkelte føresegnene skal ta til å gjelde til ulik tid.