1 Innleiing
Olje- og energidepartementet legg med dette fram forslag om å supplere verneplanen for vassdrag med Øystesevassdraget i Kvam herad i Hordaland.
Stortinget har vedteke fire verneplanar for vassdrag i åra 1973 til 1993, og suppleringar i 2005 og 2009. Desse blir samla omtala som Verneplan for vassdrag, og omfattar 389 vassdrag eller vassdragsavsnitt som til saman utgjer eit representativt utsnitt av norsk vassdragsnatur. Verneplanen er ein bindande instruks frå Stortinget til forvaltinga om å ikkje gi konsesjon til vasskraft i desse vassdraga. Vernet gjeld fyrst og fremst mot vasskraftutbygging, men verneverdiane skal òg bli tatt omsyn til ved andre typar inngrep.
Øystesevassdraget var mellom vassdraga som blei vurdert i St.prp. nr. 53 (2008–2009) Verneplan for vassdrag – avsluttande supplering. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) si vurdering var då at Øystesevassdraget har kvalitetar som klart kvalifiserer vassdraget til å inngå i Verneplan for vassdrag. NVE peika særleg på omsynet til landskap, friluftsliv og variasjonsrikdom i naturtypar frå fjord til fjell. Det blei òg synt til at Øystesevassdraget er eit fjordvassdrag i eit område som er lite representert i verneplanen. Departementet rådde i nemnde proposisjon Stortinget til at vassdraget ikkje burde bli tatt inn i Verneplan for vassdrag, og at verdiane i vassdraget best kunne bli vurderte og bli ivaretekne gjennom konsesjonshandsaming av ulike vasskraftprosjekt. Departementet opna for at spørsmålet om vern kunne bli vurdert på nytt om konsesjonshandsaminga synte at utbygging av vassdraget ikkje var aktuelt. Fleirtalet slutta seg til regjeringa sitt syn og gjekk ikkje inn for vern av Øystesevassdraget, jf. Innst. S. nr. 289 (2008–2009).
Departementet avslo 28. august 2017 søknaden frå Øystese Kraft AS om løyve til å bygge Øystese kraftverk i nedre delen av Øystesevassdraget, og søknaden frå BKK Produksjon om løyve til å overføre vatn frå Vossadalsvatn i øvre delen av Øystesevassdraget til Svartavatn reguleringsmagasin i Samnangervassdraget. Utbyggingane ville samla kunne hatt ein årleg produksjon på om lag 88 GWh. Vedtaket for Øystese kraftverk blei klaga til Kongen i statsråd, og avslaget blei oppretthalde ved kgl. res. 2. mars 2018.