Prop. 35 S (2018–2019)

Vern av Øystesevassdraget

Til innhaldsliste

3 Øystesevassdraget

052/3 Øystese (Hordaland)

Kommune:

Kvam

Nedbørfelt:

45 km²

Kraftpotensial:

Om lag 100 GWh/år

Verneplanstatus:

Vurdert i avsluttande supplering av Verneplan for vassdrag. Blei då ikkje verna.

Øystesevassdraget ligg sentralt i Hardanger, i Kvam herad aust for Bergen. Vassdraget kan karakteriserast som eit fjordvassdrag og har utløp i Hardangerfjorden. Vassdraget grensar i vest til det verna vassdraget Fosselvi, eit sidevassdrag i øvre delen av Steindalsvassdraget.

Øystesevassdraget ligg i eit område med lite vern av vassdrag som utgjer heile nedbørfelt. Vassdraget er relativt lite og med kort avstand frå høgfjellet til fjorden.

Tettstaden Øystese ligg ved utløpet. Elva er sikra mot erosjon i nedre del. Det er ein veg langs austsida av Fitjadalsvatnet til nordenden av vatnet. Det er fleire kraftliner (22 kV og 132 kV) på tvers av vassdraget i nedre delen, i tillegg til 420 kV-lina Sima-Samnanger, som kryssar vassdraget ved utløpet frå Fitjadalsvatnet.

Øystesevassdraget er relativt urørd, samtidig som det ligg i ein region med forholdsvis mykje vasskraftproduksjon. Vassdraget er mykje nytta til friluftsliv og rekreasjon, og ligg nært Bergen og er lett tilgjengeleg for mange menneske.

Øystesevassdraget har verdiar for biologisk mangfald. Til dømes er det i nedre del av vassdraget registrert spesielt store verdiar knytt til naturtypane fossesprøytsone og bekkekløft ved Ørredalsfossen, inkludert fleire artar med status som truga i den nasjonale raudlista.

NVE har i brev til departementet av 13.6.2018 gitt følgjande oppsummering i oppdatert vurdering av vernegrunnlaget:

«Øystesevassdraget er et helhetlig fjordvassdrag beliggende i et område som har lav dekning med hensyn til vern av heldekkende nedbørfelt. Vassdraget er relativt lite, og med kort avstand fra høyfjell til fjord. Likevel er det variert og med stort mangfold både med hensyn til de ulike elvestrekningene, landskapet som helhet og bruken av det. Store deler av nedbørfeltet ligger mer enn 1 km fra teknisk inngrep. Eksisterende inngrep består av mindre vei langs Fitjadalsvatnet, samt noe gårds- og hyttebebyggelse. Tettstedet Øystese ligger ved utløpet. Øystesevassdraget er relativt urørt, samtidig som det ligger inn mot en region som er forholdsvis tungt berørt av kraftproduksjon. Vassdraget er mye brukt i rekreasjon og friluftsammenheng.
Verdiene er knyttet til urørthet og variasjon, samtidig som vassdraget er mye brukt både til beite og til friluftsliv og rekreasjon. Det er også flere biologiske verdier knyttet til vassdragsmiljøet, herunder spesielt store verdier knyttet til i bekkekløftmiljøet i vassdraget og fossesprutsonen ved Ørredalsfossen.»

Øystese Kraft, Kvam Høgre og Kvam KrF og Vik og Mo Grendalag har kome med merknadar til saka i samband med NVE si oversending av oppdatert vurdering av vernegrunnlaget til departementet. Øystese Kraft, Kvam Høgre og Kvam KrF meiner at det må bli utgreia eit tilsvarande flaumsikringsprosjekt i Øystesevassdraget med Fitjadalsvatnet som buffer, som i Opovassdraget i Odda. Dersom ikkje det blir gjort må det bli stilt garantiar for at framtidige flaumar ikkje kan gjere skadar som resultat av vernet. Vik og Mo Grendalag ønskjer primært vern av øvre del av vassdraget, subsidiært ikkje vern i det heile tatt. Grendalaget syner til at eit vern av heile vassdraget vil vere til hinder for å finne gode samfunnsmessige løysingar for flaumsikring, og at ei slik sikring må bli gjort ved å nytta Fitjadalsvatnet som dempingsmagasin.

Departementet si tilråding

Departementet syner til St.prp. nr. 53 (2008–2009) Verneplan for vassdrag – avsluttande supplering, der departementet opna for at spørsmålet om vern kunne bli vurdert på nytt om konsesjonshandsaminga synte at utbygging av vassdraget ikkje var aktuelt.

Konsesjonshandsaming av konkrete prosjekt har no konkludert med at fordelane ved planlagde vasskraftprosjekt er mindre enn ulempene. Verdiane i vassdraget har òg blitt vurderte nærare i konsesjonshandsaminga, og det er registrert ytterlegare naturverdiar i vassdraget.

Det er dokumentert betydelege verneverdiar i Øystesevassdraget knytt til landskap, friluftsliv og biologisk mangfald. Vassdraget ligg i eit område med lite vern av heile nedbørfelt av denne typen.

Ved handsaminga av Meld. St. 25 (2015–2016) Kraft til endring, jf. Innst. 401 S (2015–2016), uttala energi- og miljøkomiteen følgjande om tilhøvet mellom Verneplan for vassdrag og flaumdemping: «Komiteen mener det er viktig å ivareta og bruke naturens egen flomdempende kapasitet. Komiteen mener konsesjonsbehandling for kraftutbygging over 1 MW i vernede vassdrag skal forelegges Stortinget og kun vurderes i de tilfeller der andre flomdempende tiltak er utprøvd, liv og helse står på spill og verneverdiene ikke vil påvirkes nevneverdig». Departementet kan ikkje sjå at flaumdemping er eit avgjerande argument mot vern av Øystesevassdraget.

Departementet tilrår at Øystesevassdraget blir tatt inn i Verneplan for vassdrag.