2 Bakgrunnen for lovendringa
2.1 Tiltak innanfor billettering på ferjeområdet
Regjeringa innførte 12. mars 2020 ei rekkje inngripande tiltak for å hindre spreiing av covid-19 i befolkninga. Blant tiltaka var reglar knytt til karantene, isolasjon, reiserestriksjonar og tilrådingar om å halde fysisk avstand til andre personar.
Som ein del av tiltaka mot spreiing av covid-19 innanfor samferdslesektoren, bestemte Statens vegvesen i mars 2020 at det inntil vidare var naudsynt å stanse all manuell betaling av ferjebillettar på riksvegferjene. Fleire fylkeskommunar fatta tilsvarande vedtak for ferjesambanda i tilknyting til fylkesveg. Avgjerdene var mellombelse tiltak som vart innførte for å hindre spreiing av viruset på riks- og fylkesvegferjene, irekna spreiing til sikkerheitsmannskap på ferjene og for å sikre at viktige offentlege ferjesamband kunne haldast opne for trafikk.
Samferdselsdepartementet fremja ved kgl. res. 3. april 2020 forslag til fastsetjing av midlertidig forskrift om billettering på ferje i anledning utbrudd av Covid-19. Forskrifta hadde som formål å leggje til rette for at billettering på riks- og fylkesvegferjene kunne gjennomførast elektronisk utan utveksling av betalingsmiddel og med etterskotsvis fakturering. Hensikta med ordninga var at billettering og betaling av ferjebillettar ikkje skulle føre til spreiing av covid-19 mellom mannskap og passasjerar på ferjene, og at tap av inntekter frå ferjebillettar kunne avgrensast under situasjonen med spreiing av covid-19. Forskrifta vart fastsett 3. april 2020 med heimel i koronaloven § 2, jf. yrkestransportlova § 35, og tok til å gjelda frå 4. april 2020. Samstundes med fastsetjinga av forskrifta endra departementet takstregulativa for dei riksvegferjesambanda som nytta Riksregulativet for ferjetakstar, med betaling for passasjerar. Desse vart erstatta med AutoPASS-regulativ for ferjetakstar der det berre betalast for køyretøy. Dei reduserte billettinntektene for personar som dette takstregulativet fører til, er utlikna på dei ulike gruppene køyretøy, ved at desse vert justerte med litt høgare takstar. Endringa var provenynøytral for staten.
Midlertidig forskrift om billettering på ferje i anledning utbrudd av Covid-19 vart delvis fastsett med heimel i koronaloven § 2, sidan yrkestransportlova ikkje regulerer handsaming av personopplysningar på ferjeområdet. Koronaloven vart først vedtatt for ein månad, fram til 27. april 2020. Ved Stortingets lovvedtak 24. april 2020 nr. 34 vart tidspunktet for oppheving av lova endra til 27. mai 2020. Lova si varigheit vart ikkje forlenga ytterlegare.
For at tiltaket med elektronisk billettering og betaling av ferjebillettar kunne fortsetje lengre enn 27. mai 2020 ut frå formålet med ordninga, fremja Samferdselsdepartementet i Prop. 114 L (2019–2020) forslag til midlertidig lov om billettering på ferje som følge av utbrudd av covid-19. Den mellombelse lova vart vedtatt av Stortinget 26. mai 2020 og tok til å gjelda 27. mai 2020. Den mellombelse lova regulerer ei alternativ billetteringsordning på dei offentlege ferjesambanda i Noreg under situasjonen med utbrotet og spreiinga av covid-19. Lovføresegnene er i hovudtrekk dei same føresegnene som var fastsette i forskrifta med heimel i koronaloven § 2, jf. yrkestransportlova § 35. Då lova tok til å gjelda 27. mai 2020, vart samstundes midlertidig forskrift 3. april 2020 nr. 571 om billettering på ferje i anledning utbrudd av Covid-19, oppheva.
Samferdselsdepartementet fremja i statsråd 6. november 2020 i Prop. 29 L (2020–2021) forslag om å forlengje den mellombelse lova frå 1. januar 2021 til 1. januar 2022 på bakgrunn av den vedvarande smittesituasjonen. I tillegg føreslo departementet enkelte tekniske endringar i den mellombelse lova. Det gjaldt §§ 5 og 6 som omhandlar handsaming av personopplysningar. Lovforslaget vart vedtatt av Stortinget og sanksjonert 18. desember 2020, sjå Lovvedtak 28 (2020–2021). Den mellombelse lova vert i medhald av § 8 oppheva 1. januar 2022.
Statens vegvesen føreslo i brev 24. september 2021 til Samferdselsdepartementet å forlengje den mellombelse lova til 1. juli 2022. Forslaget vart grunngjeve med at det framleis var behov for å verne ferjemannskap mot smitte for å oppretthalde den samfunnskritiske funksjonen til ferjene. Samferdselsdepartementet avklara i brev 26. oktober 2021 til Statens vegvesen at lova ikkje ville bli føreslått forlengd. Departementet viste til at regjeringa 24. september 2021 hadde bestemt at samfunnet skulle gjenopnast til ein normal kvardag med auka beredskap med den konsekvens at dei fleste nasjonale koronatiltaka vart avslutta. Departementet fant det difor ikkje riktig å fremje forslag om endringar i den mellombelse lova for Stortinget.
Avgjerda om ikkje å føreslå forlenging av den mellombelse lova har blitt møtt med motbør frå næringa, fylkeskommunane og andre. I fleire brev som er mottekne i november 2021, vert det bede om at ordninga som har verka frå utbrotet av pandemien må forlengjast, ut i frå mellom anna omsynet til den pågåande smittesituasjonen. Departementet vil gje att deira syn i kapittel 3.3.
I november 2021 auka smitten i Noreg, og i desember 2021 har ein ny mutert variant av viruset skapt behov for å gjeninnføre både nasjonale og lokale tiltak. Departementet har difor, etter ei ny vurdering, kome til at det er behov for å forlengje den mellombelse lova for å verne ferjemannskap mot smitte slik at ferjene si samfunnskritiske funksjon kan haldast ved lag.
2.2 Den noverande smittesituasjonen i Noreg
Koronaviruset SARS-CoV-2 har spreidd seg mellom menneske sidan 2019 og kan føre til sjukdommen covid-19. Verdas helseorganisasjon (WHO) erklærte 30. januar 2020 utbrotet av sjukdommen covid-19 som ei alvorleg hending av betydning for internasjonal folkehelse, og 11. mars 2020 erklærte WHO at utbrotet av sjukdommen utgjer ein pandemi. Sidan WHO 30. januar 2020 erklærte utbrotet av koronaviruset som ei global folkehelsekrise, har regjeringa og styresmaktene i Noreg fortløpande sett i verk tiltak for å avgrense spreiing av viruset.
Ein stor forskjell i handteringa av smittesituasjonen som vart gjort greie for i Prop. 29 L (2020–2021) kapittel 2.2, er at regjeringa i desember 2020 gjekk ut med mål og prioriteringar for komande koronavaksinasjon. Dei første vaksinedosane kom til Noreg ved juletider 2020. Etter kvart som vaksineringa vart sett i gang kom det fleire lette i smittevernstiltaka for vaksinerte. Per 8. desember 2021 var 92 % av personar over 18 år vaksinert med første vaksinedose.
Regjeringa avgjorde 24. september 2021 at Noreg skulle gjenopnast til ein normal kvardag med auka beredskap. Det vart samstundes bestemt at dei fleste nasjonale koronatiltaka skulle avsluttast. Avgjerda innebar at dei ulike nasjonale styresmaktene måtte gå attende til ordinær lovregulering og ordinære løysningar.
I november 2021 auka smitten på nytt. Helse- og omsorgstenestene vart sette under press, både i kommunane og på sjukehusa. Regjeringa innførte difor 30. november 2021 nasjonale tiltak for å ha kontroll. Regjeringa har innført ytterlegare nasjonale tiltak med verknad frå 3. og 9. desember 2021. Dette er mellom anna råd om å halde ein meters avstand til andre enn husstandssmedlem, råd som gjeld kor mange besøkande ein kan ha i private bustadar, råd om kor mange nærkontaktar ein kan ha, råd som gjeld organiserte fritidsaktivitetar, jamleg testing og auka bruk av heimekontor. Dessutan gjeld frå 9. desember mellom anna restriksjonar for arrangement, samkomer og for serveringsstadene. Vidare gjeld krav om smittevernfagleg drift for skular, barnehagar, bibliotek, svømmehallar med meir, krav om bruk av munnbind på ulike stader og krav om karantene for dei som er smitta og deira nærkontaktar. Dei siste nasjonale tiltaka har som formål å forseinke spreiing av omikron-varianten av viruset og hindre overbelastning av helsetenestene.
Det overordna målet til regjeringa i Strategi- og beredskapsplan for håndteringen av covid-19 frå 30. november 2021 er å halde kontrollen på pandemien slik at den ikkje fører til ein betydeleg sjukdomsbyrde og for stor belastning på helse- og omsorgstenestene. Samstundes skal offentlege tenester ytast på eit forsvarleg nivå og økonomien vernast. Både nasjonale og lokale styresmakter må følgje situasjonen tett og raskt setje i verk tiltak ved behov.
2.3 Erfaringar med ordninga regulert i mellombelse lova
Statens vegvesen har gjort greie for erfaringane med ordninga regulert i den mellombelse lova i fleire omgangar. Den første tilbakemeldinga vart motteken i samband med framlegging av Prop. 114 L (2019–2020) og er referert i proposisjonen kapittel 3.3 andre avsnitt. Hovudinntrykket på dette tidspunktet var at billetteringsordninga fungerte som venta og at erfaringa med ordninga jamt over var god, både for staten, fylkeskommunane og ferjereiarlaga, og for dei ulike brukargruppene som nyttar det offentlege ferjetilbodet. Per mai 2020 var det ikkje meldt om smitte av covid-19 gjennom ferjebillettering. På tidspunktet for framlegginga av Prop. 29 L (2020–2021) var erfaringa med den mellombelse ordninga framleis god. I proposisjonen kapittel 2.3 viste departementet til brev frå Statens vegvesen 3. juli 2020 der det går fram at erfaringane med ordninga gav ein tilnærma smittefri måte for billettering på ferjene. Statens vegvesen uttalte òg at ordninga hadde den fordelen at billetteringa kunne gjennomførast meir effektivt enn dei manuelle måtane som hadde vore nytta ordinært.
Ei rekkje ferjesamband er knytte til AutoPASS Samvirke med brikkelesing, og det er i perioden før og under utbrotet av pandemien etablert leseutstyr for AutoPASS på fleire ferjesamband i samsvar med opphaveleg plan for utrulling av AutoPASS for ferje. Innan den ordinære løysninga er det lagt opp til at ferjeselskapa handsamar betalinga frå reisande utan AutoPASS-ferjeavtale og AutoPASS-brikke manuelt. For å unngå manuell betalingsløysning frå denne gruppa reisande har ferjeselskapa skaffa elektronisk utstyr for skiltgjenkjenning. Dette er teknisk utstyr som har blitt skaffa til relativt låge kostnader. Ordninga inneber at betalinga frå bilistar utan AutoPASS-avtale og brikke òg vert fakturert i etterkant av gjennomført reise. Som ein del av vurderingsgrunnlaget for lovforslaget i Prop. 114 L (2019–2020), merka departementet seg at det var fylkeskommunar som tidleg meldte at dei ønska å gå over til ordninga med elektronisk billettering basert på AutoPASS-systemet permanent.
Erfaringa med den mellombelse ordninga er framleis god. Tidlegare i haust gjorde Statens vegvesen greie for sine erfaringar i brev til departementet 17. september og 24. september 2021. I breva heiter det at Statens vegvesen ikkje ser at det finst gode alternativ til den gjeldande ordninga for billettering som vil dekke behovet for å hindre spreiing av smitte til ferjemannskapet og dei reisande. Etaten vurderer at smittesituasjonen framleis er av ein så usikker karakter at det er naudsynt å oppretthalde noverande alternativ for billettering på ferjesambanda. Statens vegvesen viser òg til at det på seinsommaren har vore fleire hendingar der fartøy og mannskap har blitt tatt ut av ruteproduksjon på grunn av smitte eller mistanke om smitte.
Departementet har motteke ei ny vurdering frå Statens vegvesen i brev 3. desember 2021. Statens vegvesen viser her til at etaten i etterkant av avgjerda frå departementet dagleg har fått ei rekkje førespurnader frå tilsette og deira representantar i ferjeselskapa, frå ferjeselskapa sjølve, frå fylkeskommunar, Samferdselssjefskollegiet og Kollektivtrafikkforeningen. Førespurnadene er utan unntak negative til at det ikkje vert fremja forslag om å forlengje den mellombelse lova. Statens vegvesen peiker på at både ferjeselskapa og fylkeskommunane er uroa over smitteutviklinga den siste tida. Lokale utbrot har ført til kanselleringar av ferjeruter, redusert beredskap og reservekapasitet. Statens vegvesen meiner at uvissa om smittesituasjonen gjer at det bør fremjast forslag om å forlengje den mellombelse lova.
Som gjort greie for i kapittel 3.3, gir fråsegner frå den førre høyringa og seinare førespurnader eit samla inntrykk av at dei fleste som dette gjeld er positive til den mellombelse ordninga, og at mange ønskjer ordninga permanent.
2.4 Offentleg høyring
Den seinare smitteutviklinga og situasjonen med ny virusvariant er hovudårsaka til at proposisjonen vert sett fram i desember 2021. Av tidsmessige årsaker har det ikkje vore gjennomført offentleg høyring av forslaget om å forlengje lova denne gongen. Departementet finn det likevel forsvarleg å fremje proposisjonen, jf. omtale i kapittel 3.4 nedanfor.