5 Merknad til lovendringa
Til § 8
Før endringa er det fastsett at lova vert oppheva 1. januar 2022. I ny § 8 andre punktum er det fastsett at lova vert oppheva 1. juli 2022. Endringa inneber at den mellombelse lova vert forlenga med eit halvt år. Forlenginga er grunngjeven med behov for framleis å kunne nytte tiltaket som lova regulerer mot smitte av covid-19, slik at det er god sikkerheit for at ferjesambanda i Noreg kan haldast opne for trafikk.