2 Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapittelnivå
Kap. 1700 Forsvarsdepartementet
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 830 361 | 913 719 | 899 919 |
71 | Overføring til andre | 86 226 | 91 176 | 85 326 |
73 | Forsking og utvikling | 85 393 | 105 993 | 106 293 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 13,800 mill. kroner:
8,500 mill. kroner knytte til eit veteranmonument på Akershus festning. Midlane er forslått omdisponerte til kap. 1710, post 47.
5,000 mill. kroner gjelder meirbehov på kap. 1710, post 01 knytte til byggearbeider på alliert treningssenter på Skjold i Troms. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1710, post 01.
0,300 mill. kroner er knytte til forskings- og bokprosjektet «Den andre verdenskrigen i nord» ved Universitetet i Tromsø. Midlane er forslått omdisponerte til kap. 1700, post 73.
Post 71 Overføring til andre
Løyvinga på posten er foreslått redusert med 5,850 mill. kroner knytte til meirutgifter i samband med byggearbeider på alliert treningssenter på Skjold i Troms. Midlane er forslått omdisponerte til kap. 1710, post 01.
Post 73 Forsking og utvikling
Løyvinga på posten er foreslått auka med 0,300 mill. kroner knytte til forskings- og bokprosjektet «Den andre verdenskrigen i nord» ved Universitetet i Tromsø som er forslått omdisponerte frå kap. 1700, post 01.
Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 4 414 351 | 4 356 063 | 4 543 063 |
47 | Nybygg og nyanlegg | 2 994 219 | 2 655 219 | 2 784 717 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 187,000 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
140,200 mill. kroner grunna tilsvarande auke i inntekta, og gjeld hovudsakleg
leieinntekter og oppdragsfinansierte inntekter, jf. omtale på kap. 4710, post 01.
60,000 mill. kroner knytte til byggearbeider på alliert treningssenter på Skjold i Troms. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1700, post 01 (5,000 mill. kroner), kap. 1700, post 71 (5,850 mill. kroner), kap. 1760, post 45 (24,150 mill. kroner) og kap. 4760, post 45 (25,000 mill. kroner).
Posten er foreslått redusert med:
11,000 mill. kroner grunna tilbakebetaling av feilaktig fakturerte forvaltingsutgifter for bustad og kvarter i 2019. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01.
2,200 mill. kroner knytte til at Forsvaret i 2020 har gjennomført interneffektivisering innanfor investeringsverksemda, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Effektiviseringsgevinsten er foreslått tilbakeført til kap. 1720, post 01, for å redusere det opphavlege trekket.
Post 47 Nybygg og nyanlegg
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 129,498 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
189,673 mill. kroner knytte til eit meirbehov i samband med reduserte avhendingsinntekter (68,675 mill. kroner) og auka framdrift og produksjon i investeringsprosjekt (120,998 mill. kroner). Midlane er forslått omdisponert frå kap. 1761, post 47.
8,500 mill. kroner knytte til eit veteranmonument på Akershus festning. Midlane er forslått omdisponert frå kap. 1700, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
68,675 mill. kroner grunna færre salsobjekt for avhending i 2020 enn forventa, jf. omtale på kap. 4710, post 47.
Kap. 4710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 3 954 288 | 3 869 288 | 4 009 488 |
47 | Sal av eigedom | 270 475 | 222 653 | 153 978 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 140,200 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
100,000 mill. kroner knytte til meirinntekter frå tilleggstenestar.
73,100 mill. kroner knytte til meirinntekter frå brukardefinert utvikling.
43,600 mill. kroner knytte til meirinntekter frå husleige.
23,000 mill. kroner knytte investeringsoppdrag for NATO sine investeringsprogram for tryggleik.
Posten er foreslått redusert med:
51,700 mill. kroner knytte til forsyning av m.a. elektrisitet.
47,800 mill. kroner knytte til oppdragsfinansierte inntekter utanfor forsvarssektoren.
Post 47 Sal av eigedom
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 68,675 mill. kroner grunna færre salsobjekt for avhending i 2020 enn forventa.
Mindreinntektene fører med seg ein parallell reduksjon av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1720 Felleskapasitetar i Forsvaret
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 9 473 868 | 9 419 879 | 9 590 907 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 171,028 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
110,258 mill. kroner knytte til auka i drivstoff- og valutautgifter i 2020 enn føresett på budsjetteringstidspunktet. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01 (38,980 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (7,481 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (16,032 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (10,394 mill. kroner), kap. 1790, post 01 (37,371 mill. kroner).
106,000 mill. kroner som følgje av forventa auka inntekter, jf. omtale under kap. 4720, post 01.
16,471 mill. kroner knytte til interneffektivisering innanfor områda sentralisering av anskaffingar og vedlikehald. Grunna denne effektiviseringa har nokre kundar i Forsvaret fått reduserte utgifter i 2020. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01 (13,657 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (11,408 mill. kroner) og kap. 1734, post 01 (2,478 mill. kroner). Samstundes er det foreslått å tilføre midlar til kap. 1732, post 01 (0,204 mill. kroner), kap. 1790, post 01 (0,551 mill. kroner), kap. 1791, post 01 (9,731 mill. kroner) og kap. 1792, post 01 (0,586 mill. kroner).
6,700 mill. kroner knytte til deling av utgifter mellom Hæren og Forsvarets logistikkorganisasjon for teknisk leiarutdanning. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01.
6,600 mill. kroner knytte til interneffektivisering innanfor investeringar. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1710, post 01 (2,200 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (2,200 mill. kroner) og kap. 1760, post 01 (2,200 mill. kroner).
5,000 mill. kroner knytte til at Forsvarets logistikkorganisasjon sin verkstad i Østerdalen fakturerte Hæren basert på for låg timepris tidlegare i 2020. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01.
3,525 mill. kroner knytte til prisauke på ein strategisk kontrakt på Roll on – Roll off kapasitet gjennom NATO Support and Procurement Agency. Dette er ein beredskapskontrakt som skal sikre naudsynt kapasitet for flytting av personell, materiell, osb. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1734, post 01.
3,500 mill. kroner knytte til at Forsvarets logistikkorganisasjon har inngått ei avtale med Sjøforsvaret om å styrke ekspertgruppa som ser på vedlikehaldsarbeidet for fregattar. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1732, post 01.
2,664 mill. kroner knytte til at Etterretningsvåpenskulen er overført til Forsvarets høgskule med verknad frå 1. november 2020. Forsvarets høgskule er etter utdanningsreforma Forsvarets primære utdanningsinstitusjon. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1735, post 21.
2,392 mill. kroner knytte til at Forsvaret har gjort endringar i sikringstenestane, dette medfører endringar i utgiftene på dei ulike kapitla. Forsvarsdepartementet foreslår å omdisponere midlar frå kap. 1731, post 01 (2,214 mill. kroner) og kap. 1734, post 01 (25,220 mill. kroner). Samstundes er det foreslått å omdisponere midlar til kap. 1732, post 01 (0,416 mill. kroner), kap. 1733, post 01 (24,171 mill. kroner) og kap. 1791, post 01 (0,455 mill. kroner).
2,296 mill. kroner knytte til masterstudiet på Naval Postgraduate School i Monterey, USA. Utgifta blir fakturert Forsvaret på kap. 1720, post 01, og midlar blir omdisponerte frå dei forsvarsgreinene som har elevar ved studiet. I 2020 har Hæren ein elev ved masterstudiet og det er foreslått at utgifter til studiet blir omdisponerte frå kap. 1731, post 01.
1,667 mill. kroner knytte til at ein student ved Forsvarets høgskule har hatt avvikande studiegang. Dette medfører auka utgifter, og det er foreslått at midlar blir omdisponerte frå Luftforsvaret, kap. 1733, post 01.
0,667 mill. kroner knytte til at dimisjonsgodtgjering for flytta, vernepliktige mannskap. Forsvarsdepartementet foreslår at dimisjonsgodtgjeringa for flytta, vernepliktige frå Hæren til Forsvarets fellestenester blir omdisponert. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01.
0,438 mill. kroner knytte til at Luftforsvarsstaben skal finansiere første halvår 2020 av eit prosjektårsverk ved Forsvarets høgskule i samband med eit mentorprogram. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1733, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
49,899 mill. kroner knytte til meirutgifter i samband med covid-19-situasjonen. Det er eit handlingsrom på posten gjennom reduksjon av reiser og overtid. Det er foreslått å omdisponere midlar frå kap. 1733, post 01 (2,370 mill. kroner) og kap. 1790, post 01 (1,360 mill. kroner). Samstundes er det foreslått å omdisponere midlar til kap. 1732, post 01 (44,617 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (2,370 mill. kroner) og kap. 1791, post 01 (6,642 mill. kroner).
20,000 mill. kroner som følgje av at Sjøforsvaret har utført ikkje-planlagde operasjonar for å vareta operative behov. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01.
8,800 mill. kroner knytte til at midlar til fellesøvingane Polaris og Gram 2020 i utgangspunktet er budsjetterte sentralt. I løpet av budsjettåret blir midlane fordelte i samsvar med planane for deltaking på fellesøvingane. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01 (2,200 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (2,200 mill. kroner.), kap. 1733, post 01 (2,200 mill. kroner) og kap. 1734, post 01 (2,200 mill. kroner).
4,465 mill. kroner knytte til at velferdsmidlane til vernepliktige på førstegongsteneste er løyva på kap. 1720, post 01. Det er oppretta eit søknadssystem for fordeling av disse velferdsmidlane. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01 (3,060 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (0,388 mill. kroner), kap. 1733, post 01, kap. (0,837 mill. kroner) og kap. 1790, post 01 (0,180 mill. kroner).
4,000 mill. kroner knytte til at Forsvarets sanitet har bestilt vedlikehald, beredskap og reservedeler, men vil ikkje få levert materiellet i 2020. Hæren ligg an til å få eit meirforbruk på dette området det er difor foreslått at midlane blir omdisponerte til kap. 1731, post 01.
3,000 mill. kroner knytte til at Forsvarets personell- og vernepliktssenter i revidert nasjonalbudsjett 2020 feilaktig fekk tilført midlar. Det er foreslått å korrigere feilen og ved å omdisponere midlane tilbake til kap. 1760, post 45.
2,800 mill. kroner knytte til at midlar til fellesøvingar er løyva på kap. 1720, post 01. Hans Majestet Kongens Garde deltok på øvinga Moskus vinteren 2020 og midlar er foreslått omdisponert til kap. 1731, post 01.
1,029 mill. kroner knytte til at Forsvarets logistikkorganisasjon og Heimevernet deler fasilitetar ved Værnes base i Trøndelag. Forsvarets logistikkorganisasjon blei ikkje belasta for sin avtalte del av utgiftene i 2019 og Forsvarsdepartementet foreslår difor at midlar blir omdisponerte til kap. 1734, post 01.
1,000 mill. kroner knytte til at det i samband med covid-19-situasjonen har vore naudsynt å etablere sjuke- og karanteneplassar for Luftforsvaret og Forsvarets operative hovudkvarter. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1733, post 01.
0,900 mill. kroner knytte til at det er inngått ei avtale mellom IKT-kapasitetar i Forsvarsmateriell og Cyberforsvaret om finansiering av eit årsverk i Forsvarsmateriell. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 01
0,460 mill. kroner knytte til at det er gjort ei midlertidig overføring av personell frå Forsvarets personell- og vernepliktssenter til Heimevernet i 2020. Det er foreslått at lønsmidlar følgjer overføringa av personellet til kap. 1734, post 01.
0,347 mill. kroner knytte til at utdanninga av vaktmannskap til fellesavdelingane blir gjort hos Hæren. Hæren har utdanna mannskap for Forsvarets operative hovudkvarter på Reitan, og det er foreslått at midlane blir omdisponerte til kap. 1731, post 01.
0,250 mill. kroner knytte til at det blei omdisponert for mykje midlar i revidert nasjonalbudsjett frå Sjøforsvaret til Forsvarets høgskule knytte til «Forskingsgruppa Prosjekt Sjømakt 2040». Det er foreslått å korrigere feilen ved å omdisponere midlane til kap. 1732, post 01.
0,200 mill. kroner knytte til eit Hospital Liason Team frå Heimevernet under øvinga Cold Response 2020. Midlane føreslås omdisponert frå kap. 1720, post 01 der midlane er løyva til kap. 1734, post 01.
Kap. 4720 Felleskapasitetar i Forsvaret
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 404 358 | 405 725 | 511 725 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 106,000 mill. kroner knytte til forventa innbetalingar frå allierte som deltok på øvingane Trident Juncture 2018 og Cold Response 2019.
Meirinntektene fører med seg ei parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1731 Hæren
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 5 979 989 | 6 104 668 | 6 084 700 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 19,968 mill. kroner.
Posten blir foreslått auka med:
21,912 mill. kroner knytte til auka regulativløn som følgje av høgare løn i internasjonale operasjonar. Økte utgifter til grunnløn og arbeidsgivaravgift ved deployering til internasjonale operasjonar skal dekkast av kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1792, post 01.
11,000 mill. kroner grunna tilbakebetaling av feilaktig fakturerte forvaltingsutgifter for bustad og kvarter i 2019. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1710, post 01.
5,000 mill. kroner knytte til at Hæren har hatt fleire reiser til Sør-Korea for å assistere Forsvarsmateriell i nyskaffing av artilleri frå Sør-Korea i 2020. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane blir omdisponerte frå kap. 1734, post 01.
4,000 mill. kroner knytte til at Forsvarets sanitet har bestilt vedlikehald, beredskap og reservedeler for fire mill. kroner, men vil ikkje få levert materiellet i 2020. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
3,424 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret. Det foretas ein justering av budsjettet når vernepliktige mannskap i førstegongsteneste blir overført mellom forsvarsgreiner. Det er foreslått at midlar blir omdisponerte frå kap.1734, post 01.
3,060 mill. kroner knytte til velferdsmidlane til vernepliktige på førstegongsteneste, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
2,800 mill. kroner knytte til at Hans Majestet Kongens Garde deltok på øvinga Moskus vinteren 2020, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
2,200 mill. kroner knytte til deltaking på fellesøvingane Polaris og Gram 2020, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
0,347 mill. kroner knytte til at utdanninga av vaktmannskap til fellesavdelingane blir gjort hos Hæren. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
Posten blir foreslått redusert med:
38,980 mill. kroner knytte til høgare drivstoff- og valutautgifter i 2020 enn føresett på budsjetteringstidspunktet, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Hæren har samstundes hatt lågare utgifter til mellom anna reiser og overtid og midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
13,657 mill. kroner knytte til interneffektivisering innanfor områda sentralisering av anskaffingar og vedlikehald, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
6,700 mill. kroner knytte til deling av utgifter mellom Hæren og Forsvarets logistikkorganisasjon for teknisk leiarutdanning. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
5,000 mill. kroner knytte til at Forsvarets logistikkorganisasjon sin verkstad i Østerdalen fakturerte Hæren basert på for låg timepris tidlegare i 2020. Det er foreslått at det foretas ei korrigering, og midlane blir omdisponerte til kap. 1720, post 01.
4,197 mill. kroner knytte til etterretningsbidraget i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1735, post 21. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1735, post 01.
2,296 mill. kroner knytte til masterstudiet på Naval Postgraduate School i Monterey, USA. Utgifta til studieplasser vert fakturert Forsvaret på kap. 1720, post 01 for deretter overføring av midlar frå dei forsvarsgreinene som har hatt elevar ved studiet. I 2020 har Hæren ein elev ved masterstudiet og det er difor at midlar blir omdisponerte til kap. 1720, post 01.
2,214 mill. kroner knytte til at Forsvaret har gjort endringar i sikringstenestane som medfører endringar i utgiftene for Hæren, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01
0,667 mill. kroner knytte til dimisjonsgodtgjering for flytta vernepliktige mannskap frå Hæren til Forsvarets fellestenester. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
Kap. 1732 Sjøforsvaret
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 4 545 051 | 4 582 777 | 4 647 534 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 64,757 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
44,617 mill. kroner knytte til å dekkje meirutgifter i samband med covid-19-situasjonen, jf. omtale under kap. 1720, post 01.
20,000 mill. kroner gjeld ikkje-planlagde operasjonar for å vareta operative behov. Dette påfører Sjøforsvaret ekstrautgifter. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
7,200 mill. kroner som følgje av eit meirbehov i Sjøforsvaret knytte til auka driftsutgifter som følgje av ein defekt transformator på Haakonsvern Orlogsstasjon. Forsvarsdepartementet foreslår at midlar blir omdisponerte frå kap. 1734, post 01.
2,200 mill. kroner knytte til deltaking på fellesøvingane Polaris og Gram 2020, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
0,603 mill. kroner knytte til at HV-08 har i samband med kurs, trening og øving mottatt kjøkkentenester og forpleiing frå messa i Vatneleiren tilhøyrande Sjøforsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1734, post 01.
0,416 mill. kroner knytte til at Forsvaret har gjort endringar i sikringstenestane, og dette medfører endringar i utgiftene til Sjøforsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
0,388 kroner knytte til at velferdsmidlane til vernepliktige på førstegongsteneste er løyva på kap. 1720, post 01, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
0,250 mill. kroner knytte til at det blei omdisponert for mykje midlar i revidert nasjonalbudsjett frå Sjøforsvaret til Forsvarets høgskule knytte til «Forskingsgruppa Prosjekt Sjømakt 2040». Det er forslått å korrigere feilen ved å omdisponere midlane frå kap. 1720, post 01.
0,204 mill. kroner knytte til interneffektivisering innanfor områda sentralisering av anskaffingar og vedlikehald, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
0,193 knytte til ei omdisponering av unytta midlar frå kap. 1792, post 01. Midlane er planlagd nytta til ordinær drift.
Posten er foreslått redusert med:
7,481 mill. kroner knytte til høgare drivstoff- og valutautgifter i 2020 enn føresett på budsjetteringstidspunktet, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Sjøforsvaret har samstundes hatt lågare utgifter til mellom anna reiser og overtid og midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
3,500 mill. kroner knytte til at Sjøforsvaret har inngått ei avtale med Forsvarets logistikkorganisasjon om å styrke ekspertgruppa som ser på vedlikehaldsarbeidet for fregattar. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
0,333 mill. kroner knytte til etterretningsbidraget i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1735, post 21. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1735, post 01.
Kap. 1733 Luftforsvaret
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 5 992 775 | 6 342 808 | 6 349 482 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 6,674 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
24,171 mill. kroner knytte til at Forsvaret har gjort endringar i sikringstenestane, og dette medfører endringar i utgiftene for Luftforsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01.
10,000 mill. kroner knytte til ei vedlikehaldsavtale med Airbus Defence and Space om assistanse av vedlikehald på P-3 Orion. I 2020 fekk Luftforsvaret ein faktura som medførte ei meirutgift. Forsvarsdepartementet foreslår at midlar blir omdisponerte frå kap. 1734, post 01.
2,200 mill. kroner knytte til deltaking på fellesøvingane Polaris og Gram 2020, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
1,000 mill. kroner knytte til at det i samband med covid-19-situasjonen er naudsynt å etablere sjuke- og karanteneplassar for Luftforsvaret og Forsvarets operative hovudkvarter. Forsvarsdepartementet foreslår å omdisponere midlane frå kap. 1720, post 01.
0,837 mill. kroner knytte til velferdsmidlane til vernepliktige på førstegongsteneste, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
0,381 mill. kroner knytte til feilpostert løn i 2020. Forsvarsdepartementet foreslår at det foretas ein korrigering og at midlar blir omdisponerte frå kap. 1791, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
16,032 mill. kroner knytte til høgare drivstoff- og valutautgifter i 2020 enn føresett på budsjetteringstidspunktet, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Luftforsvaret har samstundes hatt lågare utgifter til mellom anna aktivitet, reiser og overtid og midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
11,408 mill. kroner knytte til interneffektivisering innanfor områda sentralisering av anskaffingar og vedlikehald, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Forsvarsdepartementet foreslår at midlar blir omdisponerte til kap. 1720, post 01.
2,370 mill. kroner knytte til meirutgifter i samband med covid-19-situasjonen, jf. omtale under kap. 1720, post 01.
1,667 mill. kroner knytte til at ein student ved Forsvarets høgskule har hatt ein avvikande studiegang. Dette medfører auka utgifter for høgskulen, og Forsvarsdepartementet foreslår at midlar blir omdisponerte til kap. 1720, post 01.
0,438 mill. kroner knytte til at Luftforsvarsstaben skal finansiere første halvår 2020 av eit prosjektårsverk ved Forsvarets høgskule i samband med eit mentorprogram. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
Kap. 1734 Heimevernet
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 1 439 422 | 1 517 847 | 1 453 645 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 64,202 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
2,370 mill. kroner knytte til meirutgifter i samband med covid-19-situasjonen, jf. omtale under kap. 1720, post 01.
2,200 mill. kroner knytte til deltaking på fellesøvingane Polaris og Gram 2020, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
1,029 mill. kroner knytte til at Forsvarets logistikkorganisasjon og Heimevernet deler fasilitetar ved Værnes base i Trøndelag. Forsvarets logistikkorganisasjon blei ikkje belasta for sin avtalte del av utgiftene i 2019. Forsvarsdepartementet foreslår derfor at midlar blir omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
0,460 mill. kroner knytte til at det er gjort ei midlertidig overføring av personell frå Forsvarets personell- og vernepliktssenter til Heimevernet i 2020. Forsvarsdepartementet foreslår at lønsmidlar følgjer personellet og at det blir omdisponert midlar frå kap. 1720, post 01.
0,200 mill. kroner knytte til eit Hospital Liason Team frå Heimevernet under øvinga Cold Response 20. Midlane føreslås omdisponert frå kap. 1720, post 01, der midlane er løyva.
Posten er foreslått redusert med:
25,220 mill. kroner knytte til at Forsvaret har gjort endringar i sikringstenestane, og dette medfører endringar i utgiftene for Heimevernet, jf. omtale under kap. 1720, post 01.
10,394 mill. kroner knytte til høgare drivstoff- og valutautgifter i 2020 enn føresett på budsjetteringstidspunktet, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Heimevernet har samstundes hatt lågare utgifter til mellom anna trening, reiser og overtid og midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
10,000 mill. kroner knytte til ei vedlikehaldsavtale med Airbus Defence and Space om assistanse av vedlikehald på P-3 Orion. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1733, post 01.
7,200 mill. kroner som følgje av eit meirbehov i Sjøforsvaret knytte til auka driftsutgifter i samband med ein defekt transformator på Haakonsvern Orlogsstasjon. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01.
5,000 mill. kroner knytte til at Hæren har hatt fleire reiser til Sør-Korea for å assistere Forsvarsmateriell i nyskaffing av artilleri frå Sør-Korea i 2020. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01.
3,525 mill. kroner knytte til prisauke på ein strategisk kontrakt på Roll on – Roll off kapasitet gjennom NATO Support and Procurement Agency. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
3,424 mill. kroner knytte til at ny berekningsmodell for personleg kledning og utrusting er innført i Forsvaret. Det foretas ei justering av budsjettet når vernepliktige mannskap i førstegongsteneste blir overført mellom forsvarsgreiner. Midlane er foreslått omdisponerte til kap.1731, post 01 knytte til overføringa.
2,478 mill. kroner knytte til interneffektivisering innanfor områda sentralisering av anskaffingar og vedlikehald, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte denne posten.
2,200 mill. kroner knytte til at Forsvaret i 2020 har gjennomført interneffektivisering innafor investeringsverksemda, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Effektiviseringsgevinsten er foreslått tilbakeført til kap. 1720, post 01, for å redusere det opphavlege nedtrekket.
0,603 mill. kroner knytte til at HV-08 har i samband med kurs, trening og øving mottatt kjøkkentenester og forpleiing frå messa i Vatneleiren frå KNM Harald Haarfagre tilhøyrande Sjøforsvaret. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1732, post 01.
0,417 mill. kroner knytte til etterretningsbidraget i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1735, post 21. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1735, post 01.
Kap. 1735 Etterretningstenesta
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
21 | Spesielle driftsutgifter | 2 188 783 | 2 220 396 | 2 223 335 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 2,939 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med 5,603 mill. kroner knytte til at det i etterretningsbidraget til internasjonale operasjonar inngår personell frå ulike styrkeprodusentar. Grunnløn for disse fast tilsette skal betalast av styrkeprodusenten. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1731, post 01 (4,197 mill. kroner), kap. 1732, post 01 (0,333 mill. kroner), kap. 1734, post 01 (0,417 mill. kroner) og kap. 1760, post 01 (0,656 mill. kroner).
Posten er foreslått redusert med 2,664 mill. kroner knytte til at Etterretningsvåpenskulen er overført til Forsvarets høgskule med verknad frå 1. november 2020. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
Kap. 1760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 1 638 693 | 1 761 302 | 1 755 146 |
44 | Fellesfinansierte investeringar, nasjonalfinansiert del | 83 794 | 90 850 | 74 754 |
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald | 10 179 932 | 10 210 159 | 10 153 594 |
48 | Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del | 350 000 | 102 300 | 124 800 |
75 | Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik | 98 154 | 98 154 | 105 546 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 6,156 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
5,800 mill. kroner knytte til FoU-aktivitet i Nasjonalt tryggingsorgan. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 45.
0,900 mill. kroner knytte til at det er inngått ei avtale mellom IKT-kapasitetar i Forsvarsmateriell og Cyberforsvaret om finansiering av eit årsverk i Forsvarsmateriell. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
10,000 mill. kroner knytte til mindreforbruk i Forsvarsmateriell på kap. 1760, post 01, som følgje av covid-19-situasjonen med redusert aktivitet. Midlane føreslås omdisponerte til kap. 1760, post 45, for bruk på prosjekter med meirforbruk.
2,200 mill. kroner knytte til at Forsvaret i 2020 har gjennomført interneffektivisering innanfor investeringsverksemda, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Effektiviseringsgevinsten er foreslått tilbakeført til kap. 1720, post 01, for å redusere det opphavlege trekket.
0,656 mill. kroner knytte til etterretningsbidraget i internasjonale operasjonar, jf. omtale under kap. 1735, post 21. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1735, post 01.
Post 44 Fellesfinansierte investeringar, nasjonalfinansiert del
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 16,096 mill. kroner.
Posten er foreslått redusert med:
8,704 mill. kroner knytte til meirbehov på kap. 1760, post 48, i m.a. prosjekta Provide Arrestor Gear, Extend Arm/Disarm Pad på Evenes, og Augment the JWC Training and Exercise Capbility på Jåttå. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 48.
7,392 mill. kroner knytte til eit meirbehov på kap. 1760, post 75, i samband med raskare prosjektgjennomføring i NATO. Dette medfører auka innbetalingar til NATO. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 75
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 56,565 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
10,000 mill. kroner knytte til mindrebehov i Forsvarsmateriell på kap. 1760, post 01, som følgje av covid-19-situasjonen og redusert aktivitet. Midlane føreslås omdisponerte frå kap. 1760, post 01, for bruk på prosjekter med meirbehov.
3,000 mill. kroner knytte til at Forsvarets personell- og vernepliktssenter i revidert nasjonalbudsjett 2020 feilaktig blei tilførte tre mill. kroner. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
39,615 mill. kroner knytte til Noregs bidrag til MINUSMA (NORTAD III (Norwegian Tactical Airlift Detachment)) med transportfly C-130 Hercules. Midlar til vedlikehald, reservedeler og beredskapsbehaldningar på kap. 1760, post 45, vil få lågare omsetning i 2020 enn føresett på budsjetteringstidspunktet, og midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1792, post 01.
24,150 mill. kroner knytte til meirutgifter på kap. 1710, post 01 i samband med byggearbeider på alliert treningssenter på Skjold i Troms. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1710, post 01.
5,800 mill. kroner knytte til FoU-aktivitet i Nasjonalt tryggingsorgan. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1760, post 01.
Post 48 Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del
Løyvinga på posten er foreslått auka med 22,500 mill. kroner
Posten er foreslått auka med:
13,796 mill. kroner som følgje av forventa auka inntekter, jf. omtale under kap. 4760, post 48.
8,704 mill. kroner knytte til meirbehov på i bl.a. prosjekta Provide Arrestor Gear, Extend Arm/Disarm Pad på Evenes, og Augment the JWC Training and Exercise Capbility på Jåttå. Forsvarsdepartementet foreslår at midlar blir omdisponerte til kap. 1760, post 44.
Post 75 Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 7,392 mill. kroner knytte eit meirbehov i samband med raskare prosjektgjennomføring i NATO. Dette medfører auka innbetalingar. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 44.
Kap. 4760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, inntekter | 0 | 41 000 | 66 000 |
48 | Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, inntekter | 350 036 | 102 336 | 116 132 |
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, inntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 25,000 mill. kroner i samband med at det er inngått eit forlik med ein leverandør til eit pågåande materiellinvesteringsprosjekt. Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Post 48 Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, inntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 13,796 mill. kroner knytte til auka refusjonar frå NATO etter fleire forserte prosjekter. Meirinntektene fører med seg ei parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1761 Nye kampfly med baseløysing
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 178 076 | 173 831 | 158 831 |
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald | 5 863 471 | 5 908 471 | 5 923 471 |
47 | Nybygg og nyanlegg | 779 532 | 779 532 | 589 859 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått redusert med 15,000 mill. kroner knytte til redusert reiseaktivitet til USA. Samtidig er det behov for ekstra midlar til utstyrsanskaffingar og vedlikehald på kap. 1761, post 45. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1761, post 45
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald
Løyvinga på posten er foreslått auka med 15,000 mill. kroner knytte det behov for ekstra midlar til utstyrsanskaffingar. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1761, post 01.
Post 47 Nybygg og nyanlegg
Løyvinga på posten er foreslått redusert med 189,673 mill. kroner knytte til forsinka framdrift for etablering av drivstoffanlegget for F-35-hangarane og forsinka framdrift i forhandlingane med grunneigarar rundt Ørlandet flystasjon om innløysing av bustader. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1710, post 47.
Kap. 1790 Kystvakta
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 1 184 726 | 1 224 753 | 1 186 753 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 38,000 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
0,551 mill. kroner knytte til interneffektivisering innanfor områda sentralisering av anskaffingar og vedlikehald, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
0,180 mill. kroner knytte til velferdsmidlane til vernepliktige på førstegongsteneste, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
37,371 mill. kroner knytte til høgare drivstoff- og valutautgifter i 2020 enn føresett på budsjetteringstidspunktet, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Kystvakta har samstundes hatt lågare utgifter til mellom anna reiser og overtid og midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
1,360 mill. kroner knytte til å dekkje meirutgifter i samband med covid-19-situasjonen, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1720, post 01.
Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 876 527 | 905 798 | 820 005 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 85,793 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
9,731 mill. kroner knytte til interneffektivisering innanfor områda sentralisering av anskaffingar og vedlikehald, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
6,642 mill. kroner knytte til meirutgifter i samband med covid-19-situasjonen, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
0,960 mill. kroner knytte til overføring av lønskompensasjon gitt til Justis- og beredskapsdepartementet.
0,455 mill. kroner knytte til at Forsvaret har gjort endringar i sikringstenestane, og dette medfører endringar i utgiftene til Sjøforsvaret, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
103,200 mill. kroner som følgje av forventa reduksjon i inntektene, jf. omtale under kap. 4791, post 01.
0,381 mill. kroner knytte til feilpostert løn i 2020. Forsvarsdepartementet foreslår at det foretas ein korrigering og at midlar blir omdisponerte til kap. 1733, post 01.
Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 774 340 | 814 340 | 712 100 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 102,240 mill. kroner.
Løyvinga på posten er i einighet med Justis- og beredskapsdepartementet foreslått auka:
34,000 mill. kroner gjeld overførte midlar frå 2020.
12,800 mill. kroner gjeld tiltaksplan for Sea King.
0,960 mill. kroner er knytte til overføring av lønskompensasjon gitt til Justis- og beredskapsdepartementet.
Posten er foreslått redusert med:
125,000 mill. kroner knytte til reduksjon av inntekter etter dialog med Justis- og beredskapsdepartementet og gjeld forseinking i vedlikehaldsprogrammet for Sea King 2020.
25,000 mill. kroner knytte til justeringar av inntektene etter dialog med Justis- og beredskapsdepartementet, som følgje av usikkerheit rundt størrelsen på dei faste utgiftene til nye redningshelikopter.
Mindreinntektene fører med seg ein parallell reduksjon av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.
Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsutgifter | 940 928 | 969 131 | 974 227 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 5,096 mill. kroner.
Posten er foreslått auka med:
39,615 mill. kroner knytte til Noregs bidrag med transportflyet C-130 Hercules til NORTAD III (Norwegian Tactical Airlift Detachment), som er en del av FNs fredsbevarande styrke i Mali (MINUSMA). Regjeringa har vedtatt at Noreg skulle stille med eit bidrag i perioden november 2020 til mai 2021. Det er ikkje budsjettert med eit slik bidrag i 2020, og avgjerda medfører behov for at operasjonsspesifikk trening, klargjøring og deployering i all hovudsak gjennomførast i 2020, med tilhørande utgifter. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760, post 45.
0,586 mill. kroner knytte til interneffektivisering innanfor områda sentralisering av anskaffingar og vedlikehald, jf. omtale under kap. 1720, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1720, post 01.
Posten er foreslått redusert med:
21,912 mill. kroner knytte til auka regulativløn som følgje av høgare løn i internasjonale operasjonar som skal dekkast av kap. 1792, post 01. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1731, post 01, som utbetaler løna.
13,000 mill. kroner som følgje av forventa reduksjon i inntektene, jf. omtale under kap. 4792, post 01.
0,193 mill. kroner knytte til omdisponering gjort i samband med overføring av midlar frå 2019. Forsvarsdepartementet foreslår at midlane betalast tilbake til kap. 1732, post 01.
Kap. 4792 Norske styrkar i utlandet
(i 1 000 kr.) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Kategori | Saldert budsjett 2020 | Løyving før omgruppering | Løyving etter omgruppering |
01 | Driftsinntekter | 38 919 | 37 200 | 24 200 |
Post 01 Driftsinntekter
Løyvinga på posten er foreslått redusert med 13,000 mill. kroner knytte til uvisse om refusjonar frå FN vil bli betalt ut i 2020.
Mindreinntektene fører med seg ein parallell reduksjon av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.