3 Informasjonssaker
Tillitsvalsordninga i Forsvarets landskonferanse 2020
Tillitsvalsordninga i Forsvarets landskonferanse 2020 er utsatt på ubestemt tid av omsyn til smittevern. Gjeldande vernepliktsprogram for tillitsvalsordninga 2018–2020 vil bli gjeldande fram til ny landskonferanse lar seg gjennomføre. Landsstyret for tillitsvalsordninga i Forsvaret tar vare på behovet for naudsynte prioriteringar i høve til gjeldande vernepliktsprogram.
Veteranhuset i Oslo
Veteranhuset i Oslo er eit tilbod til alle som har tenestegjort i internasjonale operasjonar. Regjeringa foreslår å tildele inntil 45 000 kroner til anskaffing og montering av flaggstang ved Veteranhuset i Oslo. Midlane tildeles Den Grøne Leidang, som har vært initiativtakar for etablering av Veteranhuset. Formålet med tilskottet er å synliggjøre Veteranhuset og å anerkjenne arbeidet for ivaretaking av norske veteranar. Midlane er foreslått tildelt innanfor ramma på kap. 1700, post 71.