Prop. 39 L (2017–2018)

Endringar i verjemålslova og lov om forsvunne personar mv. (teieplikt ved verjemål og dødsfall i utlandet m.m.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Teieplikt ved verjemål

Eit høyringsnotat om teieplikta for verjer og verjemålsstyresmakta vart sendt på høyring 19. oktober 2016 med høyringsfrist 17. januar 2017. Høyringsnotatet omhandla bevisføring frå oppnemnde verjer, unntak frå teieplikt og brot på teieplikt. Det vart sendt på høyring til desse instansane:

  • Departementa

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

  • Barneombodet

  • Bioteknologirådet

  • Domstoladministrasjonen

  • Domstolane

  • Fylkesmennene

  • Helsedirektoratet

  • Longyearbyen lokalstyre

  • Lotteri- og stiftelsestilsynet

  • Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse

  • Norsk senter for menneskerettar

  • Pasient- og brukaromboda

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Sametinget

  • Sekretariatet for konfliktråda

  • Statens helsetilsyn

  • Statens seniorråd

  • Statens sivilrettsforvaltning

  • Statsadvokatane

  • Stortingets ombodsmann for forvaltninga

  • Støttesenter for fornærmede i straffesaker

  • Sysselmannen på Svalbard

  • Advokatforeningen

  • Autismeforeningen i Norge

  • Den norske Dommerforening

  • Den norske legeforening

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

  • Gjeldsoffer-Alliansen

  • Handikappede Barns Foreldreforening

  • Human Rights Alert Norway

  • Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)

  • Jussbuss

  • Jussformidlingen i Bergen

  • Jushjelpa i Midt-Norge

  • Jusshjelpa i Nord-Norge

  • Kyrkjerådet

  • Landsforbundet for Utviklingshemmede og Pårørende

  • Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse

  • Landsforeningen We Shall Overcome

  • Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner

  • Mental helse

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • Norges handikapforbund

  • Norges Juristforbund

  • Norges Kvinne- og Familieforbund

  • Norges Røde Kors

  • Norsk barne- og ungdomspsykiatrisk forening

  • Norsk Folkehjelp

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede

  • Norsk Helse og Velferdsforum

  • Norsk Pasientforening

  • Norsk Psykiatrisk Forening

  • Norsk Psykologforening

  • Pensjonistforbundet

  • Profesjonelle Vergers Interesseorganisasjon

  • Redd Barna

  • Rettspolitisk Forening

  • Rådet for psykisk helse

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner

  • Samarbeidsutvalget for forliksråd og namsmenn

  • Seniorsaken

  • Stiftelsen Barnas rettigheter

  • ULOBA

  • Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultetet

  • Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultetet

  • Universitetet i Tromsø, Det juridiske fakultetet

Desse instansane har meldt frå om at dei ikkje vil gi høyringsfråsegn, eller at dei ikkje har merknader til høyringsnotatet:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Den norske kyrkja

  • Den norske kyrkja, Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kirkeråd

  • Domstoladministrasjonen

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Høgsterett

  • Klima- og miljødepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Oslo statsadvokatembete

  • Samferdselsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

Desse instansane hadde realitetsmerknader til forslaget:

  • Agder lagmannsrett

  • Fylkesmannen i Hedmark

  • Fylkesmannen i Hordaland

  • Fylkesmannen i Møre og Romsdal

  • Fylkesmannen i Oslo og Akershus

  • Fylkesmannen i Rogaland

  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

  • Fylkesmannen i Telemark

  • Fylkesmannen i Vestfold

  • Helsedirektoratet

  • Riksadvokaten

  • Statens sivilrettsforvaltning

  • Den norske Dommerforening

  • Jussformidlingen i Bergen

  • Norsk Journalistlag

  • Norsk Presseforbund

  • Norsk Redaktørforening

Somme høyringsinstansar har gitt innspel om endringar som ikkje var omfatta av høyringsnotatet frå departementet. Desse blir ikkje omtalte i proposisjonen.

2.2 Dødsfall i utlandet

I høyringsfråsegna si til høyringa av NOU 2014: 1 Ny arvelov viste Oslo byfogdembete til at den aukande internasjonaliseringa dei seinare åra har ført til at talet på dødsfall i utlandet som skal registrerast i Noreg, har auka vesentleg. Oslo byfogdembete peikte på at det oppstår eit særleg problem for registreringa når det ikkje lèt seg gjere å skaffe fram dokumentasjon på dødsfallet som norske styresmakter godtek. Oslo byfogdembete etterlyste i høyringsfråsegna ein eigna heimel for handteringa av desse sakene.

På bakgrunn av dette sende Justis- og beredskapsdepartementet 9. november 2016 på høyring eit forslag om endring av regelen om dødsorskurd når det ikkje er grunn til å tvile på at personen er død, jf. lov 12. mai 2015 nr. 27 om forsvunne personar § 8.

Høyringsbrevet vart sendt til desse instansane:

  • Departementa

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)

  • Barneombodet

  • Bergen tingrett

  • Domstoladministrasjonen

  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Nasjonalt identitets- og dokumentasjonssenter (NID)

  • Oslo byfogdembete

  • Oslo tingrett

  • Politiets utlendingseining

  • Skattedirektoratet

  • Stavanger tingrett

  • Stortingets ombodsmann for forvaltninga

  • Sør-Trøndelag tingrett

  • Utlendingsdirektoratet (UDI)

  • Utlendingsnemnda (UNE)

  • Flyktninghjelpen

  • Human Rights Service (HRS)

  • Human Rights Alert – Norway (HRA-N)

  • Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)

  • Juridisk Rådgivning for Kvinner (JURK)

  • Jussbuss

  • Jussformidlingen i Bergen

  • Jusshjelpa i Nord-Norge

  • Kontaktutvalget mellom innvandrerbefolkningen og myndighetene (KIM)

  • Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS)

  • Norsk senter for menneskerettar

  • Redd Barnas rettighetssenter

  • Stiftelsen Barnas rettigheter

Desse instansane hadde realitetsmerknader til forslaget:

  • Finansdepartementet

  • Kripos

  • Oslo byfogdembete

  • Skattedirektoratet

Forslaget i høyringsbrevet om endring i lov om forsvunne personar § 8 blir følgt opp i denne proposisjonen. Departementet viser til dei generelle merknadene i punkt 5, forslaget om endring av § 8 i lov om forsvunne personar og merknaden til føresegna.

Til forsida