Tilråding
Justis- og beredskapsdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i verjemålslova og lov om forsvunne personar mv. (teieplikt ved verjemål og dødsfall i utlandet m.m.).
Vi HARALD, Noregs konge,
stadfester:
Stortinget blir bede om å gjere vedtak til lov om endringar i verjemålslova og lov om forsvunne personar mv. (teieplikt ved verjemål og dødsfall i utlandet m.m.) i samsvar med eit vedlagt forslag.