Prop. 4 S (2024–2025)

Endringar i statsbudsjettet 2024 under Barne- og familiedepartementet (tilleggsløyving til det statlege barnevernet)

Til innholdsfortegnelse

2 Endringsforslag

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttes under post 01

Løyvinga på posten dekkjer utgifter det statlege barnevernet har til kjøp av barnevernstiltak frå private leverandørar. Dette omfattar både kjøp frå ideelle og kommersielle leverandørar.

Bufetat har etter barnevernslova ei absolutt plikt til å finne ein eigna institusjonsplass eller fosterheim når kommunane ber om dette. Bufetat kan ikkje avslå kommunen sin førespurnad, verken av økonomiske eller faglege grunnar. Bufetat har per august i år hatt 141 tilfelle der det ut frå etatens eiga vurdering har vore brot på bistandsplikta. Situasjonen er alvorleg. Barn får ikkje plass i barneverninstitusjon når dei treng det. Bufetat er i ein krevjande økonomisk situasjon som mellom anna gjorde at etaten fekk ei tilleggsløyving på 150 mill. kroner i samband med Revidert nasjonalbudsjett. Dette viser seg å ikkje vere tilstrekkeleg.

Det er tett dialog mellom BFD og Bufdir om utviklinga og tiltak. Behovet for å vareta bistandsplikta, samstundes som ressursane vert brukt effektivt, er den største kortsiktige utfordringa i institusjonsbarnevernet. Bufdir arbeider for å forbetre situasjonen, avgrense utgiftsauken og auke kapasiteten på institusjonane. Dette skjer både gjennom å etablere fleire plassar i statlege institusjonar og på rammeavtalar med garanti, og høg merksemd på utnytting av allereie etablert kapasitet. Dei viktigaste tiltaka for å betre situasjonen er å halde fram med å auke talet på statlege plassar, sikre stabil bemanning, og gjennomgang av marknaden med kontraktsoppfølging av private leverandørar. BFD har bedt Bufdir leggje til rette for stabilitet og ha eit langsiktig perspektiv på kapasitet i den private marknaden. Sjå òg nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Barne- og familiedepartementet.

Det er no eit meirbehov til kjøp av private institusjonsplassar, i hovudsak grunna auka behov for einskilde kjøp samanlikna med tal i Revidert nasjonalbudsjett. Dette skuldast følgjande endringar:

  • Det er lågare kapasitet og kapasitetsutnytting på statlege barnevernsinstitusjonar, mellom anna grunna at omstillinga tek lengre tid enn venta.

  • Det er ein liten auke i talet på barn med behov for tiltak i barnevernsinstitusjon.

  • Det er redusert kapasitetsutnytting og auka prisar i rammeavtaler med private, i hovudsak ideelle, aktørar med garanti. Forseinka innfasing av nye rammeavtaler inneber òg at det blir teke imot noko færre barn på desse enn tidlegare anslått.

Barnevernstenestene melder om at barn har større behov, meir utfordringar med rus og krev meir oppfølging. Dette er noko av årsaka til auka prisar.

Einskilde kjøp har høgare priser i marknaden enn dei eksisterande alternativa. Fleire einskilde kjøp fører, saman med større behov hos barna og færre tilbydarar i marknaden, òg til at prisane på tiltaka aukar samanlikna med vedteke budsjett. Dette meirbehovet utgjer 440 mill. kroner.

Det er òg ein auke i talet barn i private beredskapsheimar. Dette utgjer om lag 18 mill. kroner knytt til private fosterheimar.

I statsbudsjettet for 2024 vart det løyvd 10 mill. kroner til å auke talet på institusjonsplassar frå ideelle leverandørar. Det er førebels innvilga etableringsstøtte til fem ideelle leverandørar, der det er vurdert at kapasiteten er nyoppretta og krev tilsetjing av personale. Det ligg likevel an til eit mindreforbruk i 2024 på om lag 3 mill. kroner, grunna manglande tilbod frå ideelle leverandørar i innkjøpet av plassar for målgruppa behandling-høg. Mindreutgifta nyttast til å dekkje resterande meirutgifter.

Samla blir det føreslått å auke løyvinga på posten med 458 mill. kroner.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 60 Kommunale eigendelar

Inntektene på posten kjem frå kommunale eigendelar for tiltak i det statlege barnevernet. Mindre endringar i opphaldsdagar gir ei meirinntekt på 25 mill. kroner. I tillegg er det ein auke i anslaga utover normert sats. Dette skuldast utgiftsdeling med kommunane dersom barna har rettar etter andre regelverk. Dette gir ei meirinntekt på 50 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett.

BFD føreslår å auke inntektene på posten med 75 mill. kroner.