Forslag
til vedtak om finansiering av Bypakke Nord-Jæren i Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger kommunar i Rogaland
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre første etappe av sykkelekspressvegen mellom Stavanger og Sandnes, på strekninga Sørmarka – Smeaheia, innafor ei kostnadsramme på 1 050 mill. 2016-kr.
Stortinget samtykker i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Bypakke Nord-Jæren. Vilkåra går fram av denne proposisjonen.
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å kunne endre opplegget for bomstasjonar, under føresetnad av at det er lokal semje om dette og endringane ikkje svekkar økonomien i bypakka.