Prop. 47 S (2016–2017)

Finansiering av Bypakke Nord-Jæren i Randaberg, Sandnes, Sola og Stavanger kommunar i Rogaland

Til innhaldsliste

6 Bompengar og bompengeopplegg

Plassering av bomstasjonar

Plasseringa av bomstasjonane er resultat av ein omfattande lokal prosess der fleire alternativ er vurderte. Det er lagt opp til at bomstasjonane skal gi tette ringar rundt viktige reisemål på Nord-Jæren. Ringane skal plasserast i område/soner der det blir bygd eit godt alternativt transporttilbod til privatbilen. Vidare skal det vere bomstasjonar på vegar der det blir gjennomført vesentlege investeringar.

Lokale styresmakter har lagt opp til at det skal etablerast til saman 38 bomstasjonar med einvegs innkrevjing. Bomstasjonane skal plasserast i følgjande fem soner:

  • Stavanger sentrum

  • Sandnes sentrum

  • Forus

  • Risavika

  • Flyplassområdet Sola

I tillegg er det lagt til grunn eit ytre bomsnitt i Randaberg kommune.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at opplegget for bomstasjonar kan endrast på eit seinere tidspunkt, under føresetnad av at det er lokal semje om dette og endringane ikkje svekkar økonomien i bypakka.

Sonene og snittet er vist i figur 6.1. Bomstasjonane er lista opp i tabell 6.1.

Figur 6.1 Bypakke Nord-Jæren – soner/snitt for bompengeinnkrevjing

Figur 6.1 Bypakke Nord-Jæren – soner/snitt for bompengeinnkrevjing

Tabell 6.1 Bypakke Nord-Jæren – bomstasjonar i ulike soner/snitt

Nr.

Bomstasjonsplassering

Sone/snitt

1

Fv 435 Bybrua

Stavanger sentrum

2

Fv 411 Tastagata

Stavanger sentrum

3

Kv Chr. Bjellandsgate

Stavanger sentrum

4

Fv 466 Randabergveien

Stavanger sentrum

5

Fv 415 Nedre Stokkavei

Stavanger sentrum

6

Fv 416 Øvre Stokkavei

Stavanger sentrum

7

Rv 509 Madlaveien

Stavanger sentrum

8

E39 Mosvatnet

Stavanger sentrum

9

Fv 404 SUS

Stavanger sentrum

10

Fv 44 Lagårdsveien

Stavanger sentrum

11

Fv 428 Hillevåg

Stavanger sentrum

12

Fv 44 Gausel

Forus

13

Kv. Moseidsletta

Forus

14

Kv Norstonekrysset

Forus

15

Kv Åsenveien

Forus

16

Fv 433 Forusbeen

Forus

17

E39 Jåttå

Forus

18

E39 Håkull

Forus

19

Kv Stokkaveien

Forus

20

Fv 44 Forussletta

Forus

21

Fv 314 Gamleveien

Forus

22

Fv 44 Strandgata

Sandnes sentrum

23

Kv Vågen

Sandnes sentrum

24

Kv Dyre Vaas vei

Sandnes sentrum

25

Fv 509 Oalsgata

Sandnes sentrum

26

Fv 241 Heigreveien

Sandnes sentrum

27

Fv 325 Jærveien

Sandnes sentrum

28

Fv 330 Hoveveien

Sandnes sentrum

29

Fv 334 Ålgårdsveien

Sandnes sentrum

30

Fv 323 Austråttveien

Sandnes sentrum

31

Fv 332 Hanaveien

Sandnes sentrum

32

Fv 409 Kvernevikveien

Randaberg

33

E39 Randabergveien

Randaberg

34

Fv 413 Finnestadgeilen

Randaberg

35

Rv 509 Flyplassveien

Sola flyplass

36

Fv 374 Nordsjøveien

Sola flyplass

37

Rv 509 Jåsund

Risavika

38

Rv 509 Tjora

Risavika

Takst- og rabattsystem

Som det går fram av kapittel 3, har Rogaland fylkeskommune gått inn for eit takstsystem med einvegs innkrevjing og tre takstgrupper; lette køyretøy med totalvekt under 3 500 kg, tunge køyretøy med totalvekt mellom 3 500 og 7 500 kg, og tunge køyretøy med totalvekt over 7 500 kg. Det er lagt til grunn 10 pst. rabatt for alle køyretøy med brikke og gyldig avtale. Takstopplegget som fylkeskommunen har vedteke, er venta å gi ei gjennomsnittleg inntekt per passering på om lag 20 kr.

I Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) er det lagt opp til ei omlegging av takst- og rabattstrukturen med ny inndeling av takstgrupper. Køyretøy med totalvekt til og med 3 500 kg og alle køyretøy i kategori M1 utgjer takstgruppe 1. Køyretøy som ikkje fell inn under dette, utgjer takstgruppe 2. Ved bruk av elektronisk brikke får køyretøy i takstgruppe 1 ein rabatt på 20 pst. Rabatten kan kombinerast med passeringstak og timesregel. Det vil ikkje bli gitt rabatt til køyretøy i takstgruppe 2. Det er lagt til grunn at den samla omlegginga ikkje skal innebere endringar i gjennomsnittleg inntekt per passering eller overføring av kostnader frå lette til tunge køyretøy. Samferdselsdepartementet føreset at takst- og rabattsystemet for Bypakke Nord-Jæren skal vere i samsvar med dette. Det er elles lagt til grunn at rabattar og fritak for betaling skal følgje fastsette takstretningslinjer og vedtak i Stortinget utan særskilt kompensasjon frå staten si side. Dette gjeld også for dei reglane som til ei kvar tid måtte gjelde for køyring med elbilar i bomringar.

I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn tidsdifferensierte takstar med dobbel takst i rushperiodane på kvardagar. Vidare er det lagt til grunn timesregel som omfattar alle bomstasjonane som inngår i Bypakke Nord-Jæren. Timesregelen skal også omfatte bomstasjonen ved Hundvågtunnelen som er ein del av prosjektet rv 13 Ryfastsambandet. For køyretøy i takstgruppe 1 er det også føresett eit passeringstak på 75 passeringar per månad.

Med utgangspunkt i den nye takst- og rabattstrukturen og ei gjennomsnittsinntekt per passering på 20 kr, er følgjande grunntakstar utan rabatt lagt til grunn (i 2016-prisnivå):

Utanfor rushperiodane

Innafor rushperiodane1

Takstgruppe 1

22 kr

44 kr

Takstgruppe 2

55 kr

110 kr

1 Kvardagar kl. 07.00–09.00 og 15.00–17.00

Bompengetakstane skal evaluerast og eventuelt justerast etter eit års drift, slik at føresett gjennomsnittstakst vert oppretthalden. Elles skal takstane justerast i samsvar med prisutviklinga.

Andre føresetnader

Følgjande føresetnader er elles lagt til grunn for vurdering av bompengepotensialet:

  • Innkrevjingsperiode: 15 år frå 2018

  • Lånerente: 5,5 pst. dei første 10 åra, deretter 6,5 pst.

  • Innskotsrente: 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 160 mill. kr

Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er brutto bompengeinntekter rekna til om lag 25,2 mrd. kr. Av dette er om lag 21 mrd. kr føresett nytta til gjennomføring av prosjekt og tiltak innafor Bypakke Nord-Jæren, om lag 1,8 mrd. kr til å dekke finansieringskostnader og om lag 2,4 mrd. kr til å dekke innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Det er lagt til grunn at bompengeselskapet vil stille til disposisjon inntil 650 mill. kr i 2017, til finansiering av vidare planlegging/prosjektering, grunnerverv og andre førebuande arbeid samt anleggsstart på første etappe av sykkelekspressvegen.

Som omtalt i Prop. 1 S (2015–2016), legg regjeringa opp til ei ny organisering av bompengesektoren med fem regionale bompengeselskap. Samferdselsdepartementet legg til grunn at Bypakke Nord-Jæren vert lagt inn i eit av dei nye regionale bompengeselskapa, som er etablert som ein del av bompengereformen. Frå å ha over 60 bompengeselskap vil ein framover ha fem regionale bompengeselskap som skal stå for innkrevjinga. Hovudformålet med reformen er ei meir kostnadseffektiv og kundevennleg innkrevjing, i tillegg til å gje styresmaktene betre moglegheit for kontroll.