1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 188/2014 av 25. september 2014 om endring av vedlegg VI til EØS-avtala (Trygd)
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla EØS-avtala, særleg artikkel 98, og
på følgjande bakgrunn:
1) Europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/50/EU av 16. april 2014 om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon1, skal takast inn i EØS-avtala.
2) Vedlegg VI til EØS-avtala bør difor endrast –
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I vedlegg VI til EØS-avtala etter nr. 12 (rådsdirektiv 98/49/EF) skal nytt nr. 13 lyde:
«13. 32014 L 0050: Europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/50/EU av 16. april 2014 om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon (EUT L 128 av 30.4.2014, s. 1)»
Artikkel 2
Teksta til direktiv 2014/50/EU på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.
Artikkel 3
Denne avgjerda tek til å gjelde 26. september 2014, på det vilkåret at alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala er sende inn2.
Artikkel 4
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel 25. september 2014.
For EØS-komiteen
Kurt Jäger
Formann