5 Tilhøvet til norsk rett
Ei innlemming av direktivet i norsk rett vil gjere det naudsynt med visse endringar i lov av 14. desember 2001 nr. 95 om beskyttelse av supplerende pensjonsrettigheter for arbeidstakere og selvstendig næringsdrivende som flytter innenfor EØS-området. Denne lova inneheld mellom anna reglar for lik handsaming av vern av pensjonsrettar og nærmare reglar med krav til informasjon til medlemmer av supplerande pensjonsordningar når arbeidstakarar flyttar til ein annan EØS-stat. Paragraf 6 om informasjon til medlemmer av supplerande pensjonsordningar i lova må utvidast for at ho skal oppfylle minstekrava i direktivet. Dei private tenestepensjonslovene har reglar om medlemskap og krav til tenestetid for å halde på retten til pensjon. Lovene har òg reglar om informasjonsplikt for pensjonstilbydarane. Lovene oppfyller i store trekk minstekrava i direktivet, men det kan vere naudsynt å presisere nokre av reglane om informasjonsplikt og vilkåret om pliktig medlemskap i folketrygda for opptak i tenestepensjonsordningar.
Finansdepartementet vil be om at Finanstilsynet utarbeider eit forslag til dei naudsynte lovendringane i norsk rett, som deretter kan sendast på alminneleg høyring.