1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av E39 på strekninga Lønset–Hjelset i Molde kommune i Møre og Romsdal og forslag om endra kostnadsrammer i tre vegprosjekt.
Det er eit nasjonalt mål å ruste opp E39, slik at store næringslivsregionar og by-, arbeids- og servicemarknader mellom Kristiansand og Trondheim blir knytte tettare saman. Prosjektet E39 Lønset–Hjelset er eit viktig bidrag i ei slik opprusting. Strekninga er i dag den med dårlegast standard mellom Molde og Kristiansund.
Prosjektet vil betre trafikktryggleiken og bumiljøet langs eksisterande E39. Med ny E39 vil dagens veg bli eit godt tilbod for lokaltrafikken og for gåande og syklande.
Det er vedtatt å byggje nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset, om lag 20 km aust for Molde sentrum. Sjukehuset skal etter planen opnast i 2024. Tilfredsstillande trafikkavvikling til og frå det nye sjukehuset føreset utbetring av E39 på strekninga Lønset–Hjelset.
Finansieringa er basert på statlege midlar og bompengar. Prosjektet er tidlegare omtalt i Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029.
I oppmodingsvedtak nr. 703, 15, juni 2020, bad Stortinget regjeringa om å vidareføre riksvegprosjekta E18 Riksgrensen–Ørje, E18 Knapstad–Retvet og rv. 4 Lunner grense–Jaren innanfor endra kostnadsrammer, jf. Prop. 95 S (2019–2020) Nokre saker om luftfart, veg og post og Innst. 368 S (2019–2020). Samferdselsdepartementet videreførar investeringsprosjekta innanfor rammene som er oppgitt i vedtaket. Etter departementet si vurdering er det likevel naudsynt at Stortinget vedtar ein budsjettfullmakt i tråd med forslaget i Prop. 95 S (2019–2020), jf. forslag til romartalsvedtak.