3 Endra kostnadsramme for tre vegprosjekt
Stortinget fatta følgjande vedtak ved behandlinga av Prop. 95 S (2019–2020), jf. Innst. 368 S (2019–2020) (oppmodingsvedtak nr. 703):
«Stortinget ber regjeringa vidareføre følgjande tidlegare godkjende investeringsprosjekt:
E18 Riksgrensen–Ørje innanfor ei endra kostnadsramme på 1 090 mill. kr.
E18 Knapstad–Retvet i Viken innanfor ei endra kostnadsramme på 1 820 mill. kr.
Rv. 4 Lunner grense–Jaren innanfor ei endra kostnadsramme på 3 420 mill. kr.»
Samferdselsdepartementet fremma i Prop. 95 S (2019–2020) forslag om endra kostnadsramme med fullmakt om å forplikte framtidige statsbudsjett, for dei tre prosjekta som ein romartalsfullmakt. Departementet meiner vedtaket er å rekne som ei budsjettfullmakt og legg for ordens skuld fram forslaget på nytt, jf. forslag til romartalsvedtak.