1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreslår i denne proposisjonen ei endring i bustøttelova § 10 første ledd bokstav d om rett til å krevje tilbake for mykje utbetalt bustøtte etter at det er gjennomført etterkontroll. Bakgrunnen for forslaget er at departementet ønskjer at Husbanken skal få generell heimel til å krevje tilbake for mykje utbetalt bustøtte.
Slik bustøttelova § 10 første ledd bokstav d lyder i dag, gjev lova heimel for å krevje tilbakebetalt bustøtte dersom det syner seg ved etterkontroll at årsinntekta til søkjaren er over grensene som er fastsette i forskrift. Departementet har 19. desember 2016 vedteke endringar i forskrift 29. november 2012 nr. 1283 om bustøtte om inntektsgrunnlaget for utrekning av bustøtte og ei tilpassing til dette i reglane om etterkontroll. Desse endringane ligg innanfor ramma av dagens lov. Endringa synleggjer likevel at lovteksten i § 10 første ledd bokstav d bør ha ein noko annan ordlyd for å hindre mogleg tvil om forholdet mellom lov og forskrift. Endringa sikrar òg at lova ikkje legg unødvendige bindingar for den praktiske utforminga av ordninga i forskrifta framover når det gjeld inntektsgrunnlag og etterkontroll. På bakgrunn av dette føreslår departementet ei endring i bustøttelova § 10 første ledd bokstav d.