4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Endringa i bustøtteforskrifta som er omtalt ovanfor, vil gje eit meir oppdatert grunnlag for å fastsetje bustøtte enn den tidlegare ordninga.
Nytt inntektsgrunnlag med oppdaterte opplysningar vil føre til reduksjon i feilutbetalingar og krav om tilbakebetaling, færre saker som må følgjast opp, og lågare krav om tilbakebetaling.
Det er først og fremst endringa i bustøtteforskrifta som vil få administrative og økonomiske konsekvensar. Endringa i bustøttelova er ei mindre tilpassing for å sikre samsvar mellom lovheimelen for krav om tilbakebetaling og dei nye reglane om inntektsgrunnlag og etterkontroll i bustøtteforskrifta. Lovendringa vil i seg sjølv ikkje få nemneverdige administrative eller økonomiske konsekvensar.