3 Nytt materiellprosjekt for godkjenning
3.1 Prosjekt 8164 Modernisering av kryptoløysingar
Behovet for kryptografi har bakgrunn i at Forsvaret må verne informasjon som blir utveksla. Informasjon må kunne delast med ulike einingar og samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt, i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande operative behova. Ved å bruke kryptografi sørger ein for at informasjonen blir gjort utilgjengeleg for alle andre enn dei rette mottakarane (konfidensialitet), visse om at informasjonen er ekte og ikkje har blitt endra på (integritet) og at ein veit kor informasjonen oppstod, kva endringar som har blitt til undervegs til mottakar og av kven (autentisitet).
Utviklinga tilseier at eit moderne nettverksbasert forsvar vil vere meir og meir avhengig av kryptomekanismar. Det er ikkje lenger mogleg å føresette at ein har kontroll på alle aktørar i eit nettverk. I eit slikt forsvar er det avgjerande at kjelda til informasjonen er truverdig og at integriteten er varetatt. Til dømes må ein avgjerdstakar vere viss på at informasjonen som blir tatt imot er korrekt. På same måte må eit våpensystem vere trygg på at målinformasjonen ikkje er endra av uvedkomande. Vidare vil utbreiing av ubemanna plattformer auke i tida framover. Desse systema vil ha tilsvarande krav til integritet og tryggleik for at dei skal kunne nyttast effektivt. Kryptografi er difor ein føresetnad for å oppnå sikker og effektiv informasjonsutveksling i eit moderne forsvar.
Samanlikna med andre IKT-kapasitetar har kryptokapasitetar lang utviklingstid, lang brukstid og lang tid for ettervern. Forsvaret har i dag ein forholdsvis moderne kapasitet innanfor kryptografi for datanettverk, basert på system utvikla av norsk industri. Denne kapasiteten har vist seg å vere ei driftssikker og robust løysing, som også er eksportert til NATO og allierte land. Utstyret har blitt nytta i det stasjonære nettet sidan 2001, medan siste generasjon berbare kryptoløysingar har blitt fasa inn hos mobile styrkar dei siste fem til ti åra. Kryptoinfrastrukturen ein har i dag vil likevel snart nå si planlagde levetid. Noverande kryptoinfrastruktur tilfredsstiller ikkje nye krav til kapasitet, verksemd, interoperabilitet og kvanteresistens. Mellom anna er det meir og meir sannsynleg at kvantedatamaskiner blir realisert i løpet av dei neste fem til ti åra, og dette fører til at det blir stilt krav om utvikling av kvanteresistente kryptoalgoritmar.
Prosjekt 8164 Modernisering av kryptoløysingar skal skaffe eit høggradert og låggradert kryptosystem som kan nyttast på stasjonært, utplasserbart og mobilt nivå i Forsvaret og andre delar av forsvarssektoren. Løysingane som blir tekne fram vil også vere relevante for totalforsvaret, og dei bør også kunne vere mogleg å eksportere til våre allierte land.
Noreg ønsker å ha nasjonal kontroll og nasjonal kompetanse på kryptoteknologi. Innkjøpet av høggraderte kryptoløysingar vil difor bli gjennomført som ei direkteanskaffing hos ein norsk industripartnar i tråd med Anskaffelsesreglement for Forsvaret. For låggraderte kryptoløysingar vil det bli sendt ut ei oppmoding om informasjon til relevant norsk industri.
Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 660 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetting for uvisse og gjennomføringskostnadar. Styringsramma for prosjektet utgjer 613 mill. kroner, medrekna meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar.