5 Andre saker til informasjon
5.1 Kostnadsbilete for kampflybase Ørland
Stortinget blei gjennom Prop. 113 S (2014–2015), Prop. 151 S (2015–2016) og Prop. 123 S (2016–2017) informert om kostnadsbilete for utviklinga av Ørland flystasjon som hovudbase for Forsvaret sine nye kampfly. Auka kostnadar for å gjennomføre støyreduserande åtgjerder på Ørlandet og etablering av ei ny beskytta hangarløysing for F-35 blei innarbeidde gjennom Stortinget si handsaming av Innst. 62 S (2016–2017) til Prop. 151 S (2015–2016). Den økonomiske ramma for baseløysinga er forklart i tabell 4.2 i Prop. 1 S (2018–2019). Forsvarsdepartementet har, i samråd med Finansdepartementet, sett i verk ein supplerande analyse til den allereie gjennomførte eksterne kvalitetssikringa (KS2) av prosjektet for støyreduserande åtgjerder utanfor baseområdet til Ørland flystasjon. Prosjektet blei godkjent av Stortinget gjennom handsaminga av Innst. 381 S (2016–2017) til Prop. 123 S (2016–2017). Hensikta er å kontrollere om føresetnadane for kostnadane held og eventuelt sette i verk årgjerder for å redusere attverande uvisse i prosjektet. Stortinget blei gjennom Prop. 123 S (2016–2017) informert om utviklinga av eit samla konsept for framtidig utvikling av Ørland flystasjon. Konseptet er til handsaming i Forsvarsdepartementet, og resultatet blir inkludert i arbeidet med ny langtidsplan for forsvarssektoren.
5.2 Terminering av prosjekt for ombygging av mannskapsforlegningar på Setermoen til forlegning for befal og verva
Stortinget blei gjennom Prop. 1 S (2018–2019) informert om at regjeringa vil komme attende til Stortinget dersom prosjektet ikkje skal gjennomførast. Då prosjektet blei sett i gang hausten 2016, var behova baserte på status på tilgjengelege forlegningar for befal og verva og framtidig behov på Setermoen. Som ein konsekvens av Landmaktproposisjonen (Prop. 2 S (2017–2018)) og innføringa av ny befalsordning, er behovet for EBA for personell i Indre Troms med stort sannsyn eit anna enn det som blei lagt til grunn ved vedtaket om igangsetting av prosjektet. Det vil ta tid å avklare det endelege behovet. Mannskapsforlegningane blir difor oppretthaldne inntil vidare for bruk i samband med alliert øving og trening. Prosjektet er terminert, og eit eventuelt framtidig behov for forlegningar for befal og verva vil bli vurdert som eit nytt prosjekt.
5.3 Vidareutvikling av cyberdomenet i militære operasjonar
Forsvarsdepartmentet vil auke Forsvaret si evne til vern mot digitale trugslar og til å handtere cyberdomenet i militære operasjonar.
Eit robust og sterkt fagmiljø i Cyberforsvaret med omsyn til IKT-tryggleik, tryggleiksovervaking og handsaming av hendingar er ein viktig del av dette. IKT-verksemda i Forsvaret vil bli konsentrert til færre geografiske stadar, i takt med endringar i basestrukturen til Forsvaret og den teknologiske utviklinga innanfor IKT, og vil ha Jørstadmoen som framtidig hovudbase, i tråd med Innst. 388 S (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012).
Leiinga i Cyberforsvaret, med stab- og støttefunksjonar blir redusert i omfang og samlast på Jørstadmoen. Vidare skal Cyberforsvaret i inneverande planperiode avvikla verksemd ved basar som blir lagde ned og samle øvrige delar av organisasjonen til færre stadar, med Jørstadmoen som hovudbase. Dei delane av IKT-verksemda i Forsvaret som kan samlast i eit geografisk plassert senter, samlast på Jørstadmoen. Samstundes vil Cyberforsvaret, mellom anna for å oppretthalde ein robust og tilgjengeleg informasjonsinfrastruktur for Forsvaret, naudsynleg måtte bli verande ein distribuert organisasjon også i tida framover. Det blir også etablert eit felles IKT-responsmiljø for forsvarssektoren (MilCERT), som ein del av moderniseringa av IKT-verksemda i forsvarssektoren. Dette responsmiljøet blir etablert i Cyberforsvaret. Cyberforsvaret sine tilsette er fordelt på om lag 50 tenestestadar. Dei fleste av årsverka er knytte til drift og vedlikehald av Forsvaret sin landsdekkande kommunikasjonsinfrastruktur beståande av fibernett, radiolinjesamband, radionett og satellittkommunikasjon.
I tillegg til å auke evna til forsvar mot digitale trugslar i heile krisespekteret, er det også naudsynt å videreutvikle evna til å handtere cyberdomenet avgrensa til militære operasjonar. Som varsla i Prop 1 S (2017–2018) har Forsvarsdepartementet vurdert organiseringa av militære cyberkapasitetar for å handtere cyberdomenet i militære operasjonar, og fører vidare dagens organisering. Det er i vurderinga sett på utviklinga i andre land og i NATO. Cyberdomenet er i NATO definert som eit operasjonsdomene. Alliansen har berre defensive cyberkapasitetar under sin kommando, men har utvikla ein mekanisme for å legge til rette for frivillige suverene, nasjonale offensive cyberoperasjonar til støtte for NATO-operasjonar og -misjonar.
Evna til å gjennomføre offensive cyberoperasjonar er avhengig av svært god målforståing. Det blir oppnådd gjennom kommunikasjonsetterretning og samspel med ei rekke andre etterretningskapasitetar, og dessutan evne til å følge trugselutviklinga og den samla aktiviteten til trugselaktørane i det fysiske og det digitale domenet. Ansvaret for å gjennomføre offensive cyberoperasjonar er difor lagt til Etterretningstenesta, som også har det overordna nasjonale ansvaret for nettverks- og andre etterretningsoperasjonar retta mot framande trugselaktørar. I militære operasjonar vil Etterretningstenesta koordinere aktiviteten med Forsvaret sitt operative hovudkvarter (FOH), og cyberoperasjonar vil vere underlagde politisk styring og kontroll på lik linje med øvrige operasjonar. Etterretningstenesta har ansvar for å koordinere mellom offensive og defensive cyberoperasjonar og Cyberforsvaret har ansvar for å gjennomføre defensive cyberoperasjonar. Det er berre Etterretningstenesta som har lovheimel for å innhente målinformasjon, som er ein integrert del av offensive cyberoperasjonar.
Etterretningstenesta innehar i dag dei funksjonane som er naudsynte for å utøve rollen som militær cyberkommando. Det er etter Forsvarsdepartementet si vurdering korkje naudsynt eller ønskeleg å opprette ein sjølvstendig cyberkommando utanfor Etterretningstenesta. Det ville mellom anna føresett oppretting av dupliserande kapasitetar, og resultere i eit uklart skilje mellom offensive cyberoperasjoner i og utanfor militære operasjonar. Ein cyberkommandofunksjon utanfor Etterretningstenesta vil for Noreg difor vere ei uheldig og kostbar løysing.
Forsvarsdepartementet vil vidareutvikle og styrke evna til å handtere cyberdomenet i militære operasjonar, basert på gjeldande ansvar og organisering. Handtering inneber offensive og defensive åtgjerder på fleire nivå, og herunder også å avdekke og motverke hybride trugslar i cyberdomenet. Forsvarsdepartementet vil legge vekt på følgande åtgjerder:
Gjere tydeleg nasjonalt og overfor NATO at innslagspunktet i Noreg for militære cyberoperasjonar er sjefen for Etterretningstenesta, i kraft av å vere «cyber commander» for all aktørretta digital verksemd og ansvarleg for å koordinere mellom offensive og defensive cyberoperasjonar.
Vidareutvikle Etterretningstenesta si evne i fred, krise og væpna konflikt til å følge, attribuere, varsle og aktivt motverke digitale trugslar før hendingar inntreffer.
Klargjere at defensive cyberoperasjonar skil seg frå Etterretningstenesta sine oppgåver ved at det er ekstraordinære verne- og handteringsåtgjerder i eigne nett som har eit gjenopprettande tryggleiksføremål og ikkje har til føremål å innhente etterretningar eller påverke trugselaktørar.
Styrke samarbeidet og koordineringa mellom relevante aktørar i planlegging og gjennomføring av militære cyberoperasjonar, med utgangspunkt i eit militært cyberoperasjonssenter i Etterretningstenesta.
Vidareutvikle evna til å gjennomføre offensive cyberoperasjonar til støtte for taktiske operasjonar, herunder i internasjonale operasjonar.
Utvikle kompetansen innan cyberoperasjonar i Forsvaret sine nivåhevande utdanningar, og styrke doktrine- og utviklingsarbeidet nasjonalt og i NATO.
5.4 Norsk medlemskap i Cooperative Cyber Defence Center of Excellence
Forsvarsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet følger opp avgjerda om å søke medlemskap ved det NATO-akkrediterte Cooperative Cyber Defence Center of Excellence, som blei annonsert i 2017 og informert til Stortinget i Prop. 1 S (2018–2019). Det er planlagt ei markering av offisielt norsk medlemskap i 2019, og ein er i prosess med å tilsette ein norsk representant ved senteret.