9 Administrative og økonomiske konsekvensar av forslaget
Lovfesting av ei eksplisitt plikt til å ha «dagaktivitetstilbud til hjemmeboende personer med demens» vil langt på veg måtte seiast å vere ei utviding av det kommunale ansvaret etter gjeldande rett.
Etter at Helse- og omsorgsdepartementet i 2012 etablerte ei tilskotsordning som skulle hjelpe til med å dekkje kommunane sine utgifter til dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens, har kommunane over fleire år fått særskilde midlar for å etablere slike tilbod. Det øyremerkte tilskotet blei oppretta for å stimulere kommunane til å leggje til rette for og byggje ut dagaktivitetstilbodet og til å byggje opp den kommunale kapasiteten og kompetansen før plikta til å tilby dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens trer i kraft frå 1. januar 2020.
Utbygginga av tilpassa og fleksible dagaktivitetstilbod er eit av hovudsatsingsområda i Demensplan 2020. Dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens gjev meining, meistring og gode opplevingar for den einskilde og avlasting for dei pårørande, i tillegg til at slike tilbod bidreg til å hindre eller utsetje innlegging på institusjon. Alle kommunar kan søkje om tilskot til dagaktivitetar, og kommunane har blitt oppmoda om å nytte Inn på tunet-leverandørar.
Då tilskotet blei oppretta i 2012, rekna ein med at det var behov for 9200 dagaktivitetsplassar med om lag 2,5 bruker pr plass. Regjeringa varsla lovfesting av kommunenes plikt til å tilby eit dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens allereie høsten 2015 i Demensplan 2020, som oppfølging av anmodningsvedtak 494 av 9. april 2015, jf. Dokument 8:53 S (2014–2015), Innst. 221 S (2014–2015). Frå 2012 til og med 2019 er det til saman lagt til rette for i overkant av 8800 plassar i dei årlege budsjettframlegga. Tilskotet har blitt mindre brukt enn venta. Frå tilskotet blei oppretta i 2012 og fram til utgangen av 2018 blei om lag 3 960 plassar, både vidareførte og nyoppretta, drivne med midlar frå tilskotet. I Prop. 1 S (2017–2018), jf Innst. 11 S (2018–2019) ble det lagt til rette for om lag 350 plassar til, hvorav 20 av dei var reserverte for kommunar som nyttar Inn på tunet-leverandørar. Videre ble det i Prop. 25 S (2018–2019) lag til rette for ytterlegere 120 fleire plasser i 2018.
I statsbudsjettet for 2019 er løyvinga styrka med til saman 59 mill. kroner for å dekkje vidareføringa av plassar for inneverande år og for opprettinga av 450 nye plassar i 2019 med auka tilskotssats. Det er løyva til saman 348 mill. kroner i 2019. Frå 2020 planleggas det med at tilskotet blir innlema i rammetilskotet til kommunen over Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt budsjett.
Departementet viser til oppfølging av vedtak nr. 463 (2017–2018), 13. februar 2018 og vedtak 108.27 (2016–2017), 5. desember 2016 og stortingshandsaminga av Dokument 8:7 (2017–2018), Innst. 110 S (2017–2018). Oppmodingsvedtaka blir følgd opp ved at tilskotssatsane vil auka frå 30 til 50 prosent av dei venta kostnadene for nye dagaktivitetsplassar som blir etablerte i 2019. For vidareføring av plassar oppretta i perioden 2012–2018, vil kommunane som for 2018 få utbetalt eit tilskot på 30 prosent av dei venta kostnadene. Dette kan vere med på å stimulere til raskare oppbygging av dagtilbodet for heimebuande personar med demens før lovkravet trer i kraft frå 2020.
Når ein vurderer dei administrative og økonomiske konsekvensane av å lovfeste ei plikt for kommunane til å tilby dagaktivitetstilbod, må ein ta omsyn til at dagaktivitetstilbod for denne gruppa ikkje er ei einsarta teneste. Ein kan organisere og yte denne tenesta på ulike måtar, og i tråd med prinsippet om kommunalt sjølvstyre vil den einskilde kommunen stå relativt fritt til å innrette sitt eige tenestetilbod.
Helse- og omsorgstenestelova gjev kommunen stor grad av fridom når det gjeld organiseringa og innrettinga av tenestetilbodet. Det vil vere avgjerande om summen av det som blir tilbode, oppfyller kravet om naudsynte helse- og omsorgstenester av forsvarleg kvalitet og omfang. Kva som er naudsynt og forsvarleg, må vurderast konkret i kvart einskilt tilfelle med utgangspunkt i faglege vurderingar og andre moment som er relevante når ein skal fastsetje ein rettsleg standard. I praksis vil det i stor grad vere opp til kommunane å avgjere korleis dei vil oppfylle plikta til å ha eit dagaktivitetstilbod. Dagaktivitetstilbodet kan ta utgangspunkt i kommunen sine eksisterande tenester, som til dømes bruk av støttekontakt eller praktisk hjelp, men tilbodet kan òg utformast som eit eige tenestetilbod. Til liks med det som elles gjeld etter helse- og omsorgstenestelova, byggjer lovforslaget på eit prinsipp om at kommunane skal ha stort lokalt handlingsrom når det gjeld å opprette dagaktivitetstilbod, både når det gjeld omfang og innhald. Stor kommunal handlefridom i korleis tenestetilbodet blir utforma, vil støtte opp under regjeringa sitt mål om å redusere detaljstyring og bidra til rasjonell ressursbruk. Etter dagens regelverk har kommunane, avhengig av kommunen si grunngjeving for tildelinga, ei viss mogelegheit til å krevje eigenandel for dagaktivitetstilbod. Departementet vil gjere naudsynte endringar i forskrift 16. desember 2011 nr. 1349 om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester for å vidareføre dagens rettstilstand for eigenandelsreguleringa av dagaktivitetstilbod.
Departementet viser òg til at dagaktivitetstilbodet er rekna for å vere ei lønsam teneste for kommunane. Nye studiar har estimert det venta ressursbehovet knytt til demenssjukdom og utført samfunnsøkonomiske analysar av moglege framtidige behov og tenestetilbod. Det blei rekna ut i denne studien at ein person med demens i gjennomsnitt kostar samfunnet om lag 360 000 kroner per år. Sett i samanheng med kor mange personar med demens ein reknar med at det finst i Noreg, inneber dette at dei totale kostnadene kan nærme seg 30 mrd. kroner per år. Ein stor del av kostnadene er knytte til sjukeheimstilbodet. Samstundes gjev studiar, blant anna rapporten Ressursbruk og sykdomsforløp ved demens (REDIC), klare indikasjonar på at dagaktivitetstilbod kan utsetje innlegging på sjukeheim og/eller sjukehus.
Undersøkingar viser at personar med demens som deltek i dagtilbod, skårar høgare på livskvalitet enn personar med demens som ikkje får eit slikt tilbod. Samstundes er det dokumentert at det å vere omsorgsgjevar for ein person med demens aukar risikoen for sjølv å pådra seg problem og helseskader. Generelt står dei pårørande for nesten halvparten av dei samla omsorgsoppgåvene i høve til brukarar i dag. Dei er såleis ein viktig ressurs ikkje berre for sine næraste, men òg for helse- og omsorgstenesta. Dagaktivitetstilbod kan vere med på å avlaste dei pårørande. Bruken av dagaktivitetsplassar kan såleis føre med seg store innsparingar for kommunane på sikt, sidan tilbodet kan utsetje behovet for meir omfattande og kostnadskrevjande tenester.