4 Andre saker
4.1 Oppmodingsvedtak: Anskaffing av NH90 helikopter
Vedtak nr. 677, 22. mai 2017
«Stortinget ber regjeringen foreta en ny gjennomgang av kontrakten om anskaffelse av helikopter NH90 til fregattene og meddele Stortinget resultatet, herunder forventet fremdrift i helikopterleveransen.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 290 S (2016–2017) og Dokument 3:13 (2015–2016) «Riksrevisjonens undersøkelse av fregattvåpenets operative evne». Ein samla kontroll- og konstitusjonskomité fremma forslag til vedtak for Stortinget. Forslaget blei vedteke i Stortinget si handsaming 22. mai 2017.
Forsvarsdepartementet har gjennomført ei heilskapleg vurdering av anskaffinga av NH90 helikoptera, medrekna juridisk handlingsrom overfor leverandør og status og forventa framdrift i dei pågåande leveransane. NH90-helikoptera skulle ha blitt leverte i perioden 2005–2008. Leveransen er blitt vesentleg forseinka og anskaffinga er blitt kritisk vurdert undervegs. Likevel har ein gjennom tidlegare vurderingar kome til at det har vore meir hensiktsmessig å fortsette leveransen enn å avslutte kontrakten med leverandøren og anskaffe ein annan maritim helikoptertype. I 2011 blei kontrakten reforhandla og partane blei einige om at det skulle leverast seks helikopter i ein førebels versjon, slik at Forsvaret kunne kome i gang med nødvendig tilpassing av fartøy, og ikkje minst trening av besetningar og andre personellkategoriar.
I 2017 satte Forsvarsdepartementet i verk ein ny gjennomgang av prosjektet og kontrakten, og fleire alternativ har vore vurdert, også eit alternativ om å avbryte kontrakten på grunn av misleghald frå leverandøren. Forsvarsmateriell anbefalte ikkje denne løysinga fordi, det etter deira vurderingar ikkje var rettsleg grunnlag for å avbryte kontrakten. Til forskjell frå vurderingar gjennomført tidlegare, har Noreg no motteke sju helikopter, seks helikopter i ein førebels versjon og eitt helikopter i ein endeleg versjon. Hausten 2017 blei partane einige om ein oppdatert leveranseplan som skal sikre leveranse av dei resterande åtte helikoptera i endeleg versjon i tidsrommet 2017–2019. I tillegg skal dei seks helikoptera som er leverte i ein førebels versjon oppdaterast til endeleg versjon i tidsrommet 2018–2022.
Forsvarsdepartementet er samstundes uroa for erfaringane både frå drift av norske NH90-helikopter og frå drift av NH90-helikopter i andre land. Erfaringane så langt viser at NH90-helikoptera er meir vedlikehaldskrevjande, med auka driftskostnader og med lågare tilgjenge enn tidlegare vurdert. Leverandøren må svare for eventuelle dokumenterte avvik frå dei krav Noreg har stilt i denne anskaffinga.
Det er eit pågåande arbeid med å avdekkje kor stort avviket kjem til å bli og analysar av korleis dette kan handterast i framtida. Forsvarssjefen har gitt ei anbefaling om å prioritere flytimar med NH90 først og fremst til fregattvåpenet og samstundes finne alternative løysingar til å dekkje behovet til Kystvakta som ikkje kan dekkjast av NH90. Denne anbefalinga vil brukast, saman med andre innspel, som grunnlag når Forsvarsdepartementet går grundig inn i denne saka.
NH90-anskaffinga er i særstilling ei vanskeleg anskaffing der ikkje noko handlingsalternativ står fram som godt. Likevel tilrår Forsvarsdepartementet å vidareføre anskaffinga med nåverande leverandør med oppdatert leveranseplan. Dette alternativet er vurdert som det beste for å kunne oppfylle Forsvaret sitt behov for maritime helikopter.
Regjeringa vidarefører difor NH90-anskaffinga og føreset samstundes at leverandøren følgjer opp den reviderte leveranseavtalen. Denne anskaffinga blir følgt tett av Forsvarsdepartementet gjennom ein serie særskilde rapporteringsmøte med Forsvarsmateriell og Forsvaret. Rapporteringa gjeld både anskaffinga av NH90-helikoptera og innføringa av dei i Forsvaret sin struktur.
4.2 Oppmodingsvedtak: Nye kystvaktfartøy
Vedtak nr. 292, 14. desember 2017
«Stortinget ber regjeringa i den varsla tilleggsproposisjonen synleggjere korleis innkjøpet av nye kystvaktfartøy bidreg til reduserte utslipp av klimagassar.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 7 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2017–2018). Forslaget blei vedteke i Stortinget si handsaming 14. desember 2017.
Den tekniske spesifikasjonen, som inngår i Forsvarsmateriell si utlysing av prosjektet, er utvikla med støtte av eit norsk skipsteknisk konsulentfirma. Dette firmaet har høg kompetanse og lang erfaring på utvikling av fartøy med framdriftsløysingar av fleire slag, inkludert framdriftsløysingar basert på gass (LNG), hybrid eller heileelektrisk system. Det er stilt strenge miljøkrav i utlysinga av prosjektet. Som grunnlag brukast DNV GL sitt klassekrav der det vert stilt krav om at fartøya skal oppfylle dei strengaste klassekrava til miljø. I tillegg er det teke inn fleire krav til varsla utsleppskrav som vil verte innført i framtida. Dette er miljø- og utsleppskrav som dagens kystvaktfartøy i Nordkapp-klassen ikkje oppfyller. Dei nye fartøya vil følgjeleg ha lågare utslipp av klimagassar enn dagens fartøy i Nordkapp-klassen.
I vurderinga til Forsvarsmateriell av tilboda er det lagt vekt på gode tekniske løysingar som i størst mogleg grad tek omsyn til miljøet innanfor dei sjømilitære rammene skipa skal operere i.
4.3 Oppmodingsvedtak: Nye kystvaktfartøy
Vedtak nr. 293, 14. desember 2017
«Stortinget ber regjeringa i den varsla tilleggsproposisjonen gjere greie for korleis innkjøpet av nye kystvaktfartøy bidreg til å oppretthalde nasjonal kompetanse og kapasitet til å byggje, utruste og vedlikehalde slike fartøy, og korleis ein vurderer at utrustinga sikrar låge levetidskostnader.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 7 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2017–2018). Forslaget blei vedteke i Stortinget si handsaming 14. desember 2017.
Innkjøpet av dei nye kystvaktfartøya i prosjekt 6615 Nye kystvaktfartøy er definert inn under EØS-avtalens artikkel 123 bokstav b – produksjon som er uunnverleg for forsvarsføremål, for å unngå at tap av kompetanse og kapasitet truar Forsvaret sit behov for beredskap og forsyningssikkerheit. Anskaffinga vert gjennomført etter Anskaffelsesregelverk for forsvarssektoren (ARF) for å sikre nasjonal beredskap og forsyningstryggleik innanfor det maritime området. Dette har vorte ivaretatt ved å gjennomføre ein nasjonal anbodskonkurranse om byggjekontrakten med det formål å oppretthalde nasjonal kompetanse og kapasitet til å byggje, utruste og vedlikehalde slike fartøy. Vidare legg prosjektet til rette for å inngå framtidige drifts- og vedlikehaldsavtaler med verftet sine underleverandørar for dei sentrale fartøysystema.
Forhandlingsresultatet med aktuelt byggjeverft viser at byggjekontrakten vil støtte opp under målsettinga i vedteken innkjøpsstrategi om å sikre nasjonal beredskap og forsyningstryggleik innanfor det maritime området. Ein stor del av dei samla leveransane frå verftet er planlagd innkjøpt som tenester og varer frå nasjonale underleverandører.
Denne innkjøpsstrategien stør opp om Meld. St. 9 (2015–2016) Nasjonal forsvarsindustriell strategi, som legg vekt på å byggje nasjonal kompetanse innanfor utvalde teknologiområde som viktig del av våre nasjonale tryggingsinteresser. I meldinga er levetidsstøtte for militære land-, sjø- eller luftsystem trekt fram som eit av åtte slike utvalde teknologiområde.
Enkelte militære system som luftradar, IFF (Identification Friend or Foe) og helikopterkontrollsystem frå dagens Nordkapp-klasse vert planlagt oppgradert og vidareført på dei nye fartøya. Dette er ein kostnadseffektiv løysing som vil gje teknologisk oppdaterte system som møter Forsvaret sine framtidige behov og krav.
Krav til låge levetidskostnader er ein sentral faktor i alle fasar av prosjektet. Dette omfattar tiltak og vurderingar som skal sikre god design og systemval og effektiv ressursbruk. Verftet må mellom anna dokumentere val av kostnadseffektive løysingar, levetidskostnadsanalysar for 30 års drift av fartøya og andre tiltak som skal sikre leveransane høg kvalitet og låge vedlikehalds- og driftskostnader.
Forsvaret har eit langsiktig perspektiv på drifta av fartøya som vert anskaffa. Det vert difor lagt stor vekt på at systemleverandørar og underleverandørar kan gje god støtte til systema dei leverer, òg etter at produkta kan ha gått ut av normal produksjon. Dette inneber òg vidareutvikling og tilgjenge til naudsynte oppgraderingar.
4.4 Forlenging av levetida til overvakingsflya i NATO, AWACS E-3A
Dei avanserte overvakingsflya AWACS E-3A i NATO med tilhøyrande bakkebaserte system har vore eit nøkkelelement i det fellesintegrerte luftforsvaret i NATO i vel 35 år. Styrken har vorte brukt i ei rekkje NATO-operasjonar og er i dag ein viktig del av felleskapasitetane i alliansen.
Totalt 16 allierte land er fullt ut medlemar i denne felleskapasiteten kalla NAPMO-programmet (NAPMO – NATO Airborne Early Warning & Control Program Management Organisation). Noreg har vore med i frå starten av i erkjenning av at ein felles kapasitet for luftovervaking er nødvendig og aukar nytteverdien av dei nasjonale styrkebidraga. Desse nasjonane finansierer investeringar og modernisering av flya gjennom eit eige programbudsjett, der Noreg sin del av kostnaden er 1,4 prosent.
AWACS-flya har vorte oppgraderte fleire gonger, og moderniseringa av cockpit, radar- og kommunikasjonsutstyr går føre seg og skal etter planen sluttførast i år. Dette vil sikre alliansen ein operativ kapasitet frem til 2025.
I tråd med erklæringar frå NATO sine toppmøte, seinast i Warszawa 2016, utarbeider NAPMO planar for å forlenge levetida av flya med ti år, basert på operative og prioriterte krav som er godkjende av Militærkomiteen i NATO. Siktemålet er å betre kommunikasjonsevna til flya via data-link, byte ut kryptografisk utstyr, og modernisere datakapasiteten til flya, slik at NATO-styrken framleis kan vere operativt relevant fram til 2035.
Den økonomiske ramma for ei slik oppgradering (Final Lifetime Extension Programme (FLEP)) er sett til 1 milliard USD og omfattar investerings- og gjennomføringskostnadar. Noreg sin del av utgiftene er omtrent 140 mill. kroner og vil bli dekt innanfor investeringsramma på forsvarsbudsjettet (kap. 1760 post 45) på same måte som ved tidlegare moderniseringar av flya.
NAPMO har utarbeidd eit konkret programforslag med systemkrav og tekniske krav som vil danne grunnlaget for det tilbodet som industrideltakarar skal leggje fram. Ein tek sikte på å forhandle og inngå kontrakt i 2019 med leveransar i perioden 2022–2026.
For å kunne starte opp prosjektet, må nasjonane godkjenne og underskrive ei utviding av dagens samarbeidsavtale (Multinational Memorandum of Understanding, MMOU). Etter planen skal dette verte gjennomført i løpet av 2018.
4.5 Veteranar
Regjeringa har vedteke å vidareføre oppfølgingsplanen for veteranar «I tjeneste for Norge» i ytterlegare to år. Det tverrsektorielle samarbeidet mellom dei sju departementa vil halde fram. Etter toårs-perioden skal arbeidet evaluerast. Regjeringa vil vurdera å gje fylkesmannen ei rolle i å rettleia kommunane for å bidra til at veteranane får ei god og samordna oppfølging.
4.6 Evaluering av husleigeordninga i forsvarssektoren
Våren 2017 avla Riksrevisjonen Dokument 3:3 (2016–2017), «Riksrevisjonens undersøkelse av forvaltningen av forsvarssektorens eiendommer, bygg og anlegg». I sin rapport konkluderer Riksrevisjonen blant anna med at husleigemodellen ikkje har fungert etter føresetnaden om at husleiga skal dekkje dei reelle kostnadene til forvalting, vedlikehald, drift og utvikling av eigedomsmassen. Riksrevisjonens konklusjon er blant anna basert på at Forsvarsbygg sin berekna tilstandsgrad og vedlikehaldsetterslep for eigedomsporteføljen viser ei forverring over tid, og Riksrevisjonen viser til at Stortinget ved skipinga av Forsvarsbygg vedtok at husleiga skulle dekkje dei reelle kostnadene til forvalting, drift, vedlikehald og utvikling.
Rapporten frå Riksrevisjonen blei handsama i Stortinget 18. april 2017 basert på Innst. 240 S (2016–2017). Med bakgrunn i dette har Forsvarsdepartementet sett ned ei arbeidsgruppe, som forutan departementet også har representantar frå Forsvaret, Forsvarsbygg og Forsvarets forskingsinstitutt, for å evaluere utvalde delar av husleigeordninga i forsvarssektoren, med vekt på kostnadselementa i denne.
Forsvarsdepartementet har fått arbeidsgruppa sine forslag til vurdering. Departementet vil kome attende til Stortinget om denne saka på egna måte.