Forslag
til vedtak om investeringar i Forsvaret og andre saker
Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2018 kan starte opp nye investeringsprosjekt, medrekna større eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt, omtala i kapittel 2 Nye materiellprosjekt for godkjenning og kapittel 3 Nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt for godkjenning i den framlagde proposisjonen, innanfor dei gjevne kostnadsrammene.