2 Høyringa
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sende 8. oktober 2014 forslag om endringar i bustøttelova på høyring. Forslaget blei sendt til desse høyringsinstansane:
Departementa
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Datatilsynet
Forbrukarrådet
Husbanken
Husleigetvistutvalet
Innovasjon Noreg
Klagenemnda for Husbanken
Lånekassen
Nav
Regjeringsadvokaten
Riksrevisjonen
Skatteetaten
Statens innkrevjingssentral
Statens seniorråd
Stortingets ombodsmann for forvaltninga
Utlendingsdirektoratet
Kommunane
Den Norske Advokatforening
Ensliges landsforbund
Fattighuset
Finans Norge
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon
Huseiernes Landsforbund
Juss-Buss
Kirkens Bymisjon
Kommunale Boligadministrasjoners Landsråd
KS
Leieboerforeningen
Norges Huseierforbund
Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL)
OBOS
Pensjonistforbundet
Sparebankforeningen
Unge funksjonshemmede
Høyringsfristen gjekk ut 9. januar 2015. Departementet fekk inn 27 merknader til forslaget. Eit stort fleirtal av høyringsinstansane støttar forslaga, men nokre meiner at heimelen til å kontrollere enkeltsaker ved mistanke om misbruk er for omfattande.
Desse instansane tok opp realiteten i forslaget i høyringssvaret sitt: Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Datatilsynet Husbanken, Klagenemnda for Husbanken, Skattedirektoratet, Statens innkrevjingssentral, Utlendingsdirektoratet, Bærum kommune, Hamar kommune, Hareid kommune, Larvik kommune, Kristiansand kommune, Kvinnherad kommune, Stavanger kommune, Stjørdal kommune, Trondheim kommune, Advokatforeningen, Fellesorganisasjonen, Leieboerforeningen og Leieboerforeningen Bergen.
Desse instansane hadde ikkje merknader til forslaget: Klima- og miljødepartementet, Kunnskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Samferdselsdepartementet, Statens innkrevjingssentral og KS.
Her gjev vi att hovudsynspunkta frå høyringsinstansane. Elles blir dei relevante merknadene refererte i omtalen av dei enkelte forslaga.
Datatilsynet meiner det er positivt at departementet ønskjer å forankre kontrollverksemda og handsaminga av personopplysningar i Husbanken i nye føresegner i bustøttelova. Datatilsynet ser at offentlege velferdsytingar som bustøtte vil kunne bli misbrukte utan adekvate kontrollinstrument.
Justis- og beredskapsdepartementet støttar at det blir lagt inn uttrykkjelege lovheimlar for handsaming av personopplysningar til kontrollføremål. Justisdepartementet er einig i at uttrykkjelege lovheimlar er eit meir eigna handsamingsgrunnlag enn samtykke. Justisdepartementet peikar på at dei føreslåtte føresegnene gjev forholdsvis vide heimlar for å hente inn personopplysningar og for unntak frå reglane om teieplikt. Dette gjev grunn til å vurdere forslaget opp mot Grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).
Helse- og omsorgsdepartementet føreset at §§ 8 og 8 a ikkje kan komme til bruk på helseopplysningar som ligg under teieplikt etter helsepersonellova, men har elles ingen merknader til desse føresegnene.
Husbanken støttar forslaget om endring slik at lovheimel blir grunnlag for handsaming av bustøttesøknader. Vidare er Husbanken nøgd med at det blir føreslått heimlar for å hindre feilutbetalingar av bustøtte. Husbanken meiner at det bør gå tydelegare fram at registerkontroll også kan skje bakover i tid, og at ein kan hente inn opplysningar om familieforhold. Husbanken føreslår at også adresseregisteret til Posten blir teke med i §§ 8 og 8 a. Husbanken meiner at forslaget til heimel for kontroll i enkeltsaker i ettertid må gjerast meir effektivt, og føreslår at kravet om sterk og konkret mistanke blir senka til rimeleg grunn til mistanke. For å gjere arbeidet med kontroll meir effektivt ønskjer Husbanken fleire heimlar og verkemiddel enn dei som er føreslåtte. For det første etterlyser Husbanken ein heimel for å avslå søknader dersom søkjaren ikkje kan godtgjere å ha inntekter som gjer dekning av både buutgifter og livsopphald mogleg. I slike saker er det normalt «svarte» inntekter, slik at ein ikkje bør betale ut bustøtte. For det andre ønskjer Husbanken ein heimel for å avslå søknader når søkjaren ikkje på tilfredsstillande vis kan gjere greie for kven som bur i husstanden, eller kvar personar som ein går ut frå at er del av husstanden, bur.
Klagenemnda for Husbanken støttar forslaget til heimlar for kontroll av opplysningar på sakshandsamingsstadiet og for registersamkøyring, men er tvilande når det gjeld kontroll av opplysningar om enkeltpersonar i ettertid for å avdekkje misbruk.
Skattedirektoratet meiner lovforslaga kan føre til meir effektiv sakshandsaming og betre opplysningskvalitet, og forhindre at mottakarar får for mykje eller for lite bustøtte.
Utlendingsdirektoratet peikar på at lovforslaga fører til at Husbanken vil kunne hente inn opplysningar frå Utlendingsdatabasen i enkeltsaker og ved samkøyring mot eige register. Utlendingsdirektoratet støttar forslaget til lovheimel for å kunne hente inn opplysningar til sakshandsaming og til kontroll i ettertid, men meiner at lovteksten bør spesifisere kven Husbanken skal kunne få opplysningar om. Utlendingsdirektoratet støttar også forslaget om heimel for registersamkøyring, men presiserer at forholda i dag ikkje reint praktisk ligg til rette for å gjennomføre slik samkøyring.
Bærum kommune peikar på at bustøtteordninga fungerer som eit fattigdomsførebyggjande tiltak, og at ho rettar seg mot ei sårbar befolkningsgruppe. Bærum kommune meiner at det å hente inn opplysningar om personar som søkjer bustøtte, kan vere stigmatiserande sjølv om opplysningane isolert sett ikkje er sensitive.
Larvik kommune meiner at det å hente inn helseopplysningar utan samtykke vil vere eit alvorleg inngrep overfor bustøttemottakaren. Larvik kommune er også imot at ein skal kunne hente inn opplysningar om «kven som helst» for å avdekkje misbruk, og meiner at heimelen går lenger enn nødvendig. Kommunen meiner at ein heller ikkje bør opne for å hente inn opplysningar om andre enn bustøttesøkjaren utan samtykke.
Stavanger kommune støttar forslaga om kontroll ved søknad, at samtykkekravet blir fjerna, og forslaget til reglar om registerkontroll. Stavanger kommune meiner derimot at kontrolltiltak i enkeltsaker som fører til at privatpersonar og andre private aktørar blir involverte, er for vidtrekkande.
Stjørdal kommune meiner at det framleis bør vere krav til samtykke for at Husbanken skal kunne gjere registerkontroll.
Kristiansand kommune, Hamar kommune, Kvinnherad kommune og Trondheim kommune støttar forslaga. Hareid kommune støttar forslaga «så lenge personvernet vert ivareteke».
Advokatforeningen meiner at forslaget til ny § 8 første ledd er unødvendig omfattande. Vidare er Advokatforeningen ueinig i at fordelane med auka registerkontroll veg opp for ulempene ved inngrepet i personvernet. Advokatforeningen hevdar at det «ikke synes forholdsmessig med en omfattende hjemmel for å kunne ettergå enkeltpersoner særskilt, sett i forhold til størrelsen på problemet med misbruk av ordningen».
Fellesorganisasjonen meiner at forslaget er i strid med § 102 i Grunnlova om retten til privatliv. Fellesorganisasjonen framhevar at mange opplever det som stigmatiserande å vere fattig i eit rikt land som Noreg, og at dei føreslåtte lovheimlane vil gje høve til kontrollar som vil bli opplevde som ei tilleggsbelastning for ei allereie utsett gruppe.
Leieboerforeningen er einig i at lovheimel bør erstatte samtykke som grunnlag for å hente inn opplysningar på sakshandsamingsstadiet. Leieboerforeningen støttar også forslaget til lovheimel for registerkontrollar, men er kritisk til at Husbanken skal få heimel til å krevje opplysningar frå kven som helst ved mistanke om misbruk.
Nokre høyringsinstansar har bede departementet vurdere om Husbanken bør få heimel til å varsle Nav når Husbanken kjem over opplysningar som kan tyde på at søkjaren svindlar Nav. Departementet viser til at dette ikkje har vore eit tema i høyringsnotatet og heller ikkje høyrer naturleg heime i eit forslag som gjeld skjerpa kontroll med bustøtte. Departementet vil likevel greie ut spørsmålet og eventuelt fremme forslag om lovreglar som gjer det mogleg for tilsette i Husbanken å varsle Nav ved mistanke om straffbare forhold.