6 Vurderingar av rimeleg samsvar
6.1 Generelt om vurderingar av rimeleg samsvar og om personopplysningar
Departementet vil peike på at det er vanskeleg å vege kontrollbehovet til det offentlege opp mot personvernomsyn. Personvernet er ei ideell interesse som ikkje er lett målbar, og som derfor kan vere krevjande å vege opp mot reint økonomiske interesser. Vidare er personverninteresser først og fremst individuelle, medan samfunnsinteressa i å kontrollere er kollektiv.
6.2 Vurderingar av rimeleg samsvar i bustøttesaker
I bustøttesaker er det sjeldan tale om å handsame sensitive personopplysningar, men ein kan tenkje seg unntak der til dømes bustadsadressa kan røpe eit underliggjande sensitivt forhold, slik som at søkjaren held til på ein institusjon eller i eit fengsel. Likevel er det i slike tilfelle lite truleg at søkjaren har rett til bustøtte, og derfor også lite truleg at nokon vil komme til å søke. Det vil heilt sjeldan vere aktuelt å hente inn opplysningar om helsa til søkjaren. Unntak kan skje for unge uføre fordi inntektsgrensa for denne gruppa er sett noko høgare enn elles. Også i dei tilfella der ein funksjonshemma søkjer om høgare støtte på grunn av utgifter til spesialtilpassing av bustaden, kan det skje at det er nødvendig å hente inn sensitive personopplysningar. Husbanken treng uansett som den store hovudregelen berre opplysningar av økonomisk karakter.
Departementet føreslår å lovfeste at Husbanken kan hente inn opplysningar om andre enn bustøttemottakaren. Dei aktuelle opplysningane er klart knytte opp mot grunnvilkåra for å få bustøtte, til dømes om søkjaren bur saman med nokon. Departementet viser til at det er den samla inntekta til husstanden som avgjer om og kor mykje bustøtte ein søkjar har krav på, og det er derfor nødvendig for Husbanken å hente inn opplysningar om husstandsmedlemmer. Opplysningane er som hovudregel ikkje sensitive, og departementet meiner at personverninteresser ikkje bør vere til hinder for ei slik presisering.
Departementet meiner samla sett at fordelane ved meir kontroll klart veg opp for ulempene ved inngrepet i personvernet.