7 Tydeleggjering av ansvaret for kommunale helse- og omsorgstenester for barn plassert utanfor heimen etter barnevernlova
7.1 Innleiing
Regjeringa har dei siste åra arbeidd spesielt med å sikre at barn som er under omsorg av barnevernet, får nødvendig helsehjelp og oppfølging. Som eit ledd i dette arbeidet utarbeidde Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i november 2016 rapporten «Oppsummering og anbefalinger fra arbeidet med helsehjelp til barn i barnevernet» til Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet. Rapporten summerer opp samarbeidet mellom direktorata og gir tilrådingar om styrkt innsats vidare.
Det følger av rapporten at direktorata ser på det som godt dokumentert at ein stor del barn med tiltak frå barnevernet òg har høg førekomst av psykiske lidingar og eit samansett behov for helse- og omsorgstenester. Det følger vidare av rapporten at det samtidig er indikasjonar på at helsetilbodet til denne gruppa er utilstrekkeleg. Det blir vist til at dette òg er lagt til grunn av Nasjonalt råd for prioritering i helse- og omsorgstjenesten i vedtak på møte 3. desember 2015. Rapporten frå direktorata inneheld ei rekke tilrådingar om vidare styrkt innsats for å få meir tilgjengelege helse- og omsorgstenester til denne gruppa.
Helse- og omsorgstenestelova regulerer det ansvaret den kommunale helse- og omsorgstenesta har for å sørge for nødvendige helse- og omsorgstenester til alle personar som oppheld seg i kommunen. Dette omfattar òg barn i kommunen som er plassert utanfor heimen etter barnevernlova, sjølv om det ikkje går fram særskilt av lova. Departementet meiner det vil vere hensiktsmessig å tydeleggjere i lova at den kommunale helse- og omsorgstenesta har eit slikt ansvar overfor denne utsette og sårbare gruppa barn.
Forslaget har ikkje vore på høyring. Sidan forslaget ikkje inneber noka form for realitetsendring, men berre er ei tydeleggjering av gjeldande rett, meiner departementet at det er forsvarleg å fremme forslaget utan høyring.
7.2 Gjeldande rett
Helse- og omsorgstenestelova regulerer det ansvaret den kommunale helse- og omsorgstenesta har for å sørge for nødvendige helse- og omsorgstenester til personar som oppheld seg i kommunen, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-1 første ledd. Det er ikkje noko krav om at personen må ha fast bustad i kommunen, og det er heller ikkje noko krav om at opphaldet må vare i ei viss tid. Kommunen sitt ansvar omfattar alle pasient- og brukargrupper, medrekna personar med somatisk eller psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne, jf. § 3-1 andre ledd.
Barn som blir plasserte utanfor heimen med heimel i barnevernlova blir som regel plasserte i ein fosterheim eller i ein institusjon. Barn kan også plasserast i omsorgssentre for mindreårige. Ofte blir barna plasserte i ein annan kommune enn den kommunen som har ansvaret for plasseringa. Barnet kan vere plassert med eller utan samtykke frå foreldra. Barnevernlova § 4-4 sjette ledd om hjelpetiltak, § 4-6 om mellombels vedtak i akuttsituasjonar, § 4-12 om omsorgsovertaking og §§ 4-24, 4-25 og 4-26 om åtferdsplasseringar er eksempel på mogelege plasseringsgrunnlag.
7.3 Departementet sine vurderingar og forslag
Barn som har opphold i kommunen og som er plassert utanfor heimen etter barnevernlova, er omfatta av ansvaret den kommunale helse- og omsorgstenesta har for å sørge for nødvendige helse- og omsorgstenester til personar som oppheld seg i kommunen, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-1 første ledd. Dette gjeld uavhengig av kva som er grunnlaget for dette etter barnevernlova, og uavhengig av kva plasseringsalternativ barnet har opphald ved i kommunen.
I praksis viser det seg likevel at barn som er plassert utanfor heimen etter barnevernlova, ikkje alltid får eit tilstrekkeleg helsetilbod. Slik departementet vurderer det, er det viktig å sørge for at det ikkje er tvil om kva ansvar den kommunale helse- og omsorgstenesta har overfor denne særleg utsette og sårbare gruppa.
I dag tydeleggjer helse- og omsorgstenestelova § 3-9 særskilt den kommunale helse- og omsorgstenesta sitt ansvar overfor ei spesiell gruppe: innsette i fengsel. Det følger av § 3-9 at i dei kommunane der det ligg fengsel i kriminalomsorga, skal kommunen ha tilbod om helse- og omsorgstenester for dei innsette. Helse- og omsorgstenester for innsette var tidlegare særskilt regulert i kommunehelsetenestelova, som no er oppheva. Grunngivinga for å vidareføre den særskilte reguleringa i helse- og omsorgstenestelova går fram av Prop. 91 L (2010–2011) Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) punkt 15.5.11:
«Helsetjenester for innsatte i kriminalomsorgen ble lovfestet i 1995. Lovfesting ble den gang ansett nødvendig for å fjerne tvil om rekkevidden av kommunenes rettslige ansvar, ved å slå fast at kommunen på vanlig måte har ansvar for å gi nødvendig helsehjelp til innsatte.
Helsetjenester for innsatte faller imidlertid inn under kommunens generelle sørge-for-ansvar for de personer som til enhver tid oppholder seg i kommunen, jf. lovforslaget § 3-1. Dette taler mot å videreføre dette som en særskilt lovpålagt oppgave overfor visse persongrupper. De kommunene som har fengsler (om lag 80 kommuner totalt) mottar øremerkede midler fra staten til dette formålet, og dette gjør det i mindre grad påkrevd med lovregulering. For å tydeliggjøre kommunens ansvar har imidlertid departementet likevel kommet til at denne tjenesten bør komme til uttrykk i en egen lovbestemmelse som viderefører gjeldende rett. Bestemmelsen foreslås inntatt som § 3-9.» (…)»
I tråd med denne vurderinga som blei gjort då helse- og omsorgstenestelova § 3-9 blei innført, foreslår departementet å innføre ei eiga føresegn i helse- og omsorgstenestelova § 3-9 a som tydeleggjer den kommunale helse- og omsorgstenesta sitt ansvar for å ha nødvendig tilbod om helse- og omsorgstenester for alle barn som oppheld seg i kommunen og som er plassert utanfor heimen etter barnevernlova.
Det inneber ei tydeleggjering av at så lenge eit barn oppheld seg i ein kommune og omsorga for barnet blir varetatt i ein fosterheim, ein institusjon, eit omsorgssenter for mindreårige eller eit anna plasseringsalternativ i kommunen, ligg ansvaret på den kommunale helse- og omsorgstenesta i denne kommunen.
7.4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet sitt forslag til lovendring inneber å tydeliggjere gjeldande rett. Forslaget vil derfor ikkje få økonomiske eller administrative konsekvensar.