3 Framlegg til endringar i lovverket
Om lag 100 lover inneheld omgrepet «fylkesmannen». Fylkesmannen er omtalt i kraft av rolla som klageorgan, tilsynsorgan, godkjenningsorgan eller styresmakt på ulike fagområde. Departementet gjer framlegg om at «fylkesmannen» vert endra til «statsforvalteren» eller «statsforvaltaren» i alle desse lovene. Vidare går framlegget ut på at variantane «fylkesmann», «fylkesmannsembete», «fylkesmannens», «fylkesmenn» og «fylkesmennene» og tilvisingane til dei tidlegare fylkesmennene i høvesvis Oslo og Akershus og Sør-Trøndelag vert endra på tilsvarande måte. Det tidlegare embetet Fylkesmannen i Sør-Trøndelag er no ein del av Fylkesmannen i Trøndelag, og dette namnet blir difor føreslege endra til Statsforvalteren i Trøndelag. Fylkesmannen i Oslo og Akershus inngår no i Fylkesmannen i Oslo og Viken, og namnet blir difor føreslege endra til Statsforvalteren i Oslo og Viken.
Departementet gjer framlegg om at lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.