5 Merknadar til lovframlegget
I denne proposisjonen vert det gjort framlegg om endringar i om lag 100 ulike lover. Det vert gjort flest endringar i verjemålslova, der ordet «fylkesmannen» eller variantar av det skal skiftast ut over 100 stader. Det er òg fleire titals endringar i ekteskapslova, barnelova, barnevernlova, kommunelova, lov om kommunale helse- og omsorgstenester og reinbeitelova. Sidan det er så mange endringar, syner framlegget generelt til dei føresegnene i lovene der ordet skal skiftast ut, i staden for at lovteksten med det nye ordet blir teke inn alle stader. Vidare er framlegget delt opp i delar etter dei ulike variantane som skal skiftast ut. Framlegget omfattar endringslover som tok til å gjelde 1. januar 2021.