3 Endringar i barnetillegget for dagpengar under arbeidsløyse – folketrygdlova § 4-12
3.1 Innleiing
Departementet foreslår at begge forsørgjarane skal få eit barnetillegg dersom begge får dagpengar, slik det gjeld for dei som får arbeidsavklaringspengar.
3.2 Gjeldande rett
Retten til barnetillegg følgjer av folketrygdlova § 4-12, og er nærmare regulert i kapittel 7 i forskrift 16. september 1998 nr. 890 om dagpengar under arbeidsløshet (dagpengeforskrifta).
Dagpengemottakarar som forsørgjer barn under 18 år, får eit tillegg til dagpengesatsen på 17 kroner per dag, fem dagar i veka. Dersom begge forsørgjarane er dagpengemottakarar, kan likevel berre ein av dei få barnetillegget.
3.3 Vurderingar og forslag
Når Arbeids- og velferdsetaten behandlar saker om dagpengar der det går fram at søkjaren forsørgjer barn under 18 år, må saksbehandlaren sjekke om den andre forsørgjaren også mottek dagpengar og får barnetillegget. Dette er særleg krevjande å kontrollere dersom den andre forsørgjaren ikkje bur i Noreg. Dei relevante opplysningane om bustad og eventuelle trygdeytingar i andre land, er ikkje tilgjengelege i dei registrane som etaten kan hente opplysningar frå. Dermed må etaten hente inn opplysningane manuelt. Vidare må etaten informere den forsørgjaren som ikkje får barnetillegget, om årsaka til dette. Den av forsørgjarane som søkjer og får innvilga sin dagpengesøknad først, vil få barnetillegg, trass i at begge faktisk har forsørgingsplikt. Dette verkar vilkårleg. I samband med andre folketrygdytingar, til dømes arbeidsavklaringspengane, får begge forsørgjarane eit barnetillegg dersom begge får ytinga.
Ved å gi barnetillegget til begge forsørgjarane, slepp saksbehandlarane å bruke tid og ressursar på å hente den nemnde informasjonen. Endringa inneber dermed ei forenkling som legg til rette for å auke digitaliseringa av behandlinga av dagpengesøknadene. Vidare bidrar endringa til å harmonisere folketrygdytingar det er naturleg å samanlikne. Samla sett vil endringa gjere det lettare for etaten å rettleie dagpengesøkjararar om kva dei har rett til og kan forvente å få. Det kjem søkjarane til gode.
Å gi barnetillegget til begge forsørgjarane vil i tillegg verke positivt på økonomien til barnefamiliane.
Det blir vist til forslaget til endringar i folketrygdlova § 4-12 andre ledd i lovforslaget.
Departementet foreslår at endringane skal gjelde frå 1. januar 2023.
3.4 Økonomiske og administrative konsekvensar
I forslaget til statsbudsjett er det lagt til grunn at endringane vil auke utbetalingane over kap. 2541 Dagpengar, post 70 Dagpengar, med om lag 2,8 mill. kroner i 2023, jf. Prop. 1 S (2022–2023) Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Endringane gjer behandlinga av dagpengesakene enklare og mindre ressurskrevjande.