7 Retting av feil, presiseringar og lovtekniske endringar
7.1 Kjønnsnøytrale reglar i tre tenestepensjonslover
I lov om Statens pensjonskasse, lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. og lov om pensjonsordning for sykepleiere er det føresegner der det berre står «han» når det er tale om medlemen i pensjonsordninga. I andre føresegner står «han eller hun». Departementet foreslår at føresegnene der det no står berre «han» blir endra slik at dei blir kjønnsnøytrale.
Det blir vist til endringane i lov om Statens pensjonskasse § 8, § 15 tredje ledd første punktum, § 21 første og andre ledd, § 21 A første ledd, § 22 første og andre ledd, § 23 første ledd første og andre punktum, § 23 andre ledd og § 26 tredje ledd femte og sjette punktum i lovforslaget. Vidare blir det vist til endringane i lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. § 1 andre ledd, § 2 andre ledd, § 7 nr. 1 første ledd første og andre punktum, § 7 nr. 2 første ledd, § 7 nr. 2 andre ledd første punktum, § 9 fjerde ledd femte og sjette punktum, § 29 nr. 1 første ledd første punktum og § 36 andre ledd første punktum i lovforslaget. Det blir også vist til endringane i lov om pensjonsordning for sykepleiere § 8 tredje ledd første og andre punktum, § 9 første ledd, § 10 andre ledd, § 29 andre ledd og § 36 første ledd første punktum i lovforslaget.
Endringane bør ta til å gjelde så raskt som mogleg. Dei har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
7.2 Presisering i folketrygdlova §§ 4-4 og 4-11
Folketrygdlova § 4-11 gir reglar om kva for inntekter dagpengane blir rekna ut ifrå – dagpengegrunnlaget. Det går fram av andre ledd at i tillegg til arbeidsinntekt, det vil seie lønn, inngår visse trygdeytingar som kjem i staden for tapt arbeidsinntekt. Dette gjeld sjukepengar, jf. folketrygdlova kapittel 8 og pleie-, omsorgs- og opplæringspengar, jf. folketrygdlova kapittel 9.
Desse inntektene blir lagt til grunn med brutto utbetaling, altså utbetalingane før til dømes skattetrekk. Det er inntektene som er utbetalt i dei siste 12 avslutta kalendermånadene før søknaden om dagpengar er fremja, eventuelt dei 36 månadene, som inngår i dagpengegrunnlaget. Det avgjerande er ikkje når søkjaren tente opp retten til inntekta, men tidspunktet for når utbetalinga faktisk fant stad. Regelen har alltid vore praktisert etter eit slikt kontantprinsipp. Før 2011 gjekk dette også tydelegare fram av ordlyden.
Ordlyden blei endra med verknad frå 1. januar 2011. Då blei ordet «utbetalt» fjerna, og i staden blei det presisert at det var brutto inntekt som skulle leggjast til grunn. Som det går fram av Prop. 16 L (2010–2011) Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (samleproposisjon hausten 2010), innebar denne endringa ikkje nokon materiell endring av regelen. Det var framleis kontantprinsippet som skulle leggjast til grunn.
Gjennom fleire saker som er behandla i Trygderetten, er det stilt spørsmål ved om kontantprinsippet framleis gjeld for berekninga av dagpengegrunnlaget etter folketrygdlova § 4-11, mellom anna fordi det ikkje eksplisitt går fram av ordlyden. Sjølv om det går klart fram at endringa som blei vedteken hausten 2010, ikkje var meint å endre praksis, kan det likevel vere nødvendig å gjere regelen tydelegare.
Folketrygdlova § 4-4 gir reglar om krav til minsteinntekt for rett til dagpengar. På same måte som etter § 4-11, er det tidspunktet for utbetalinga av inntekta som blir lagt til grunn ved vurderinga av om minsteinntektskravet er oppfylt, og ikkje oppteningstidspunktet. Dette går ikkje klart fram av ordlyden. Det blir derfor foreslått å endre ordlyden både i § 4-4 første ledd og i § 4-11 andre ledd, slik at det klart går fram at det er dei faktiske utbetalingane i oppteningsperioden som skal reknast med i minsteinntekta og i dagpengegrunnlaget.
Samstundes er det også viktig at det ikkje blir reist tvil om at det er bruttoinntekta som inngår i grunnlaget. Dette går fram av ordlyden i § 4-4, men ikkje av § 4-11. Det blir derfor foreslått ei presisering av dette i eit eiga punkt i § 4-11 andre ledd.
Endringane bør ta til å gjelde så raskt som mogleg.
Det blir vist til forslaget til endringar i folketrygdlova §§ 4-4 og 4-11 i lovforslaget.
7.3 Retting av feil i folketrygdlova §§ 3-25 og 8-17
Ved lov 18. desember 2020 nr. 140 om endringer i folketrygdloven (utfasing av forsørgingstillegg til alderspensjon) blei det gjort endringar i mellom anna folketrygdlova § 3-25 andre ledd om barnetillegg til ein person som har fylt 67 år og som mottar heil alderspensjon etter folketrygdlova kapittel 19. Det blei bestemt at barnetillegget skulle fasast ut slik at det fell bort frå og med 1. januar 2025. Stortinget ønskte at det skulle bli fasa ut raskare enn det departementet foreslo, og i lovvedtaket blei det skrive eit feil årstal i fjerde punktum. I lovvedtaket står det at barnetillegget frå og med 1. januar 2023 gradvis blir fasa ut slik at fullt tillegg utgjer 67 prosent av tillegget etter andre punktum i 2024 og 33 prosent av tillegget etter andre punktum i 2024. Det riktige skal vera at barnetillegget frå og med 1. januar 2023 gradvis blir fasa ut slik at fullt tillegg utgjer 67 prosent av tillegget etter andre punktum i 2023 og 33 prosent av tillegget etter andre punktum i 2024. Departementet foreslår at denne feilen blir retta opp. Endringa bør ta til å gjelde så raskt som mogleg.
Folketrygdlova § 8-4 andre ledd blei oppheva frå 1. juni 2021, og folketrygdlova § 8-4 tredje ledd blei nytt andre ledd. I folketrygdlova § 8-17 første ledd bokstav d og e er det vist til folketrygdlova § 8-4 tredje ledd bokstav e og i, men denne tilvisinga blei ved ein inkurie ikkje endra då § 8-4 blei endra. Departementet foreslår å rette opp dette. Som ein følgje av endringa skal det i folketrygdlova § 8-17 første ledd bokstav d og e visast til folketrygdlova § 8-4 andre ledd bokstav e og i. Endringa bør ta til å gjelde så raskt som mogleg.
Det blir vist til forslaget til endringar i folketrygdlova § 3-25 andre ledd fjerde punktum og § 8-17 første ledd bokstav d og e i lovforslaget.
7.4 Endra regulering av alderspensjon – rettingar i folketrygdlova og to andre lover
7.4.1 Innleiing
Reglane om regulering av alderspensjon frå folketrygda blei nyleg endra gjennom behandling i Stortinget av Prop. 41 L (2021–2022) og Innst. 194 L (2021–2022), sjå endringslov 1. april 2022 nr. 17. Gjennom endringane blei alderspensjon under utbetaling frå folketrygda frå og med 2022 regulert med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst. Tidlegare skjedde reguleringa med lønnsveksten og med eit frådrag for ein fast faktor på 0,75 prosent. Dei nye reguleringsreglane gjaldt også for regulering av minste pensjonsnivå og garantipensjon. Dei fleste andre lovfesta pensjonsytingar som hadde same regulering som alderspensjon frå folketrygda, eller som viser direkte til reglane om regulering i folketrygda, blir også frå 2022 regulert med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst.
Enkelte reglar i folketrygdlova, lov om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor og lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse burde ha vore omfatta av dei nemnde lovendringane. Departementet foreslår derfor å endre desse reglane no. Endringane er av opprettande karakter.
7.4.2 Gjeldande rett
Frå 2022 blir alderspensjon frå folketrygda regulert med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst. Det gjeld også alderspensjon frå offentleg tenestepensjonsordning, men også offentleg avtalefesta pensjon (AFP). AFP frå privat sektor er ikkje omfatta av den nye reguleringsmåten.
7.4.3 Endring i folketrygdlova
Folketrygdlova § 20-20 gjeld garanti for opptente rettar. I tredje ledd står framleis den gamle reguleringsmåten med regulering i samsvar med lønnsveksten og fråtrekk med 0,75 prosent. Departementet foreslår at føresegna blir endra slik at det også står her at utbetalt garantitillegg skal bli regulert i samsvar med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst.
Det blir vist til forslaget om endring i folketrygdlova § 20-20 tredje ledd tredje punktum i lovforslaget.
Endringa bør ta til å gjelde så raskt som mogleg og kan få verknad frå 1. april 2022.
7.4.4 Endring i lov om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor
Det er behov for ei lovteknisk tilpassing i lov om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor (AFP-tilskottsloven) som følgje av at det er gjort endringar i føresegner i folketrygdlova som AFP-tilskottslova viser til.
Sidan reglane for regulering av AFP i privat sektor ikkje skal leggast om til eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst, bør tilvisinga til folketrygdlova endrast i § 7 fjerde ledd. I staden for å visa til reguleringa i folketrygdlova § 20-18 andre ledd som no inneber ei regulering med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst, bør det vera ei tilvising til lønnsveksten i § 20-18 første ledd som det så blir gjort fråtrekk for med 0,75 prosent.
Det blir vist til forslaget om endringar i lov om statstilskott til arbeidstakarar som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor § 7 fjerde ledd i lovforslaget.
Endringa bør ta til å gjelde så raskt som mogleg og kan få verknad frå 1. april 2022.
7.4.5 Endringar i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse
Forsørgingstillegget til AFP frå Statens pensjonskasse blir i dag regulert med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst. Dagens lovtekst er likevel unødig tung. Etter § 4 tredje punktum skal «[p]ensjonen, unntatt forsørgingstillegg og AFP-tillegg, reguleres i samsvar med et gjennomsnitt av lønns- og prisvekst». I § 4 sjette punktum kjem det så fram at «Ved regulering av forsørgingstillegg legges reguleringsfaktoren etter folketrygdloven § 19-14 tredje ledd til grunn.» Reguleringsfaktoren etter § 19-14 tredje ledd er gjennomsnittet av lønns- og prisvekst. For å klargjere at forsørgingstillegg til AFP skal bli regulert med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten, foreslår departementet at orda «forsørgingstillegg og» blir tatt ut av § 4 tredje punktum. Dette gjer at § 4 sjette punktum blir unødvendig og kan opphevast.
§ 4 femte punktum gjeld korleis ein skal regulera AFP ved første reguleringstidspunkt etter uttak i månadene juni til april. Sidan det ikkje lenger skjer eit fråtrekk på 0,75 prosent, vil det ikkje lenger vere noko fråtrekk som kan setjast ned. Metoden for å berekna regulering i det første året etter uttak må derfor bli endra. Departementet foreslår at føresegna blir endra slik at ved første reguleringstidspunkt etter pensjonsuttak i månadene juni til april, skal pensjonen, unntatt AFP-tillegg og forsørgingstillegg, bli regulert med ein faktor som består av både lønnsvekst og eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst, vekta ut frå når i perioden pensjonen blei tatt ut. AFP-tillegg og forsørgingstillegg er her halde utanfor fordi AFP-tillegget blir berekna av eit fast kronebeløp, medan ektefelletillegget blir berekna av minste pensjonsnivå med høg sats.
Det blir vist til forslaget om endringar i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse § 4 tredje, femte og sjette punktum i lovforslaget.
Endringane bør ta til å gjelde så raskt som mogleg og kan få verknad frå 1. april 2022.
7.4.6 Økonomiske og administrative konsekvensar
Endringane har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar.
7.5 Presisering knytt til ikkje-behovsprøvd ektefellepensjon frå offentleg tenestepensjonsordning
7.5.1 Innleiing
Reglane om ektefellepensjon i lov om Statens pensjonskasse, lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. og lov om pensjonsordning for sykepleiere blei endra frå 1. juli 2020. Hovudformålet var å gi reglar om endring av brutto ektefellepensjon til nettopensjon for etterlatne fødd i 1954 eller seinare når dei fyller 67 år slik at ein unngår samordning av ektefellepensjon med alderspensjon frå folketrygda berekna etter folketrygdlova kapittel 20. Det blei samstundes gjort endringar der formålet var å tydeleggjere kven som er omfatta av føresegnene om bruttoberekna ektefellepensjon. Sjølv om tydeleggjeringa ikkje innebar noka realitetsendring, oppstod likevel eit uklårt spørsmål knytt til vilkåret om å vere omfatta av såkalla ikkje-behovsprøvd ektefellepensjon. Lovforslaget rettar opp dette, slik at det tydeleg kjem fram at ekteskapet må vere inngått før 1. januar 2010.
7.5.2 Gjeldande rett
Føresegner om netto ektefellepensjon blei innført i 2001. Ved innføringa blei det bestemt at nokon framleis skal vere omfatta av reglane om bruttoberekna ektefellepensjon som ei overgangsordning. Bruttoberekna ektefellepensjon blir delt i behovsprøvd og ikkje-behovsprøvd ektefellepensjon.
Behovsprøvd pensjon blei innført 1. oktober 1976. Behovsprøvinga inneber at ytinga blir redusert for attlevande si arbeidsinntekt og pensjon. Før dette hadde alle enkjer etter mannleg medlem rett til ein ikkje-behovsprøvd yting. Denne ytinga blir ikkje redusert for attlevande si arbeidsinntekt og pensjon. Reglane om ikkje-behovsprøvd enkjepensjon kjem frå ei tid då kvinnene normalt var heimearbeidande. Då enkjemenn fekk rett til enkjemannspensjon frå 1. oktober 1976 utan at dei måtte godtgjere at dei blei forsørgd av ektefellen, fekk dei rett til behovsprøvd enkjemannspensjon. Enkjer etter menn som blei medlem etter september 1976, fekk rett til behovsprøvd enkjepensjon. Ved endringa i 1976 blei det bestemt som ei overgangsordning at enkjer etter menn med medlemskap frå tida før 1. oktober 1976 framleis skulle ha rett til ikkje-behovsprøvd enkjepensjon. Dette har vist seg å vera ei svært lang overgangsordning.
Den ikkje-behovsprøvde ytinga gjaldt lenge berre for kvinner som var gift med menn med medlemskap før 1. oktober 1976. EFTA-domstolen konkluderte likevel 30. oktober 2007 med at særreglane for kvinnelege etterlatne var i strid med likestillingsdirektivet og artikkel 69 i EØS-avtalen. Dommen blei følgd opp gjennom behandling i Stortinget av Prop. 10 L (2009–2010), jf. Ot.prp. nr. 101 (2008–2009), og Innst. 55 L (2009–2010), sjå endringslov 15. januar 2010 nr. 1. Likestillinga av kvinner og menn blei gjennomført med både ei innstramming og ei utviding av reglane for ikkje-behovsprøvde pensjonar. Utvidinga frå 1. februar 2010 innebar at etterlatne etter kvinnelege medlemmer også kunne få ikkje-behovsprøvd brutto ektefellepensjon, men berre for den oppteninga medlemen hadde frå og med 1. januar 1994, tidspunktet då EØS-avtala blei gjeldande i Noreg. Den delen av pensjonen som er knytt til oppteningstid før 1994, skulle framleis vere behovsprøvd. Innstramminga gjaldt mellom anna at reglane om ikkje-behovsprøvd ektefellepensjon ikkje skulle gjelde når ekteskapet blei inngått etter lovendringa. Endringane innebar at når dødsfallet skjedde etter januar 2010 gjaldt reglane om ikkje-behovsprøvd pensjon berre for gjenlevande ektefellar fødd før 1. januar 1955 når avdøde blei medlem av pensjonsordninga første gang før 1. oktober 1976 og ekteskapet blei inngått før 1. januar 2010.
7.5.3 Vurderingar og forslag
Formålet med endringane i 2020 var å tydeleggjere kven som er omfatta av reglane for bruttoberekna ektefellepensjon. Det har vore fleire endringar av vilkåra undervegs, og dei siste endringane skulle tydeleggjere desse. Endringane innebar inga realitetsendring, men det oppstod likevel eit uklart spørsmål knytt til vilkåret om at ekteskapet måtte vere inngått før 1. januar 2010 for å vera omfatta av reglane om ikkje-behovsprøvd ektefellepensjon. Lovforslaget rettar opp dette, slik at det kjem tydeleg fram at det er eit krav at ekteskapet er inngått før 1. januar 2010 for at gjenlevande skal kunne ha rett til ikkje-behovsprøvd ektefellepensjon.
Departementet viser til forslaget om endringar i lov om Statens pensjonskasse § 34 tredje ledd andre punktum, lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. § 17 tredje ledd andre punktum og lov om pensjonsordning for sykepleiere § 20 første ledd andre punktum i lovforslaget.
Endringane kan tre i kraft så raskt som mogleg.
7.5.4 Økonomiske og administrative konsekvensar
Endringane har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar.
7.6 Retting av feil i lov om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.
Lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett (dekningslova) § 9-2 blei endra med verknad frå 1. januar 2021. Det som tidlegare var dekningsloven § 9-2 første ledd nr. 2, er no dekningsloven § 9-2 andre ledd nr. 1. I lov 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. (lønnsgarantilova) viser § 1 framleis til dekningslova § 9-2 første ledd nr. 2, då tilvisinga ikkje blei endra då dekningalova blei endra. Departementet foreslår å endre lønnsgarantilova slik at denne viser til den rette heimelen i dekningslova.
Det blir vist til forslaget til endring av lønnsgarantilova § 1 sjette ledd i lovforslaget.
Endringa kan tre i kraft så raskt som mogleg.