Prop. 93 S (2022–2023)

Fullmakt til å inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs frå første fase av Sørlege Nordsjø II

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

2.1 Havvindsatsinga til regjeringa

Regjeringa sette våren 2022 ein ambisjon om å tildele prosjektområde med potensial for 30 GW havvindproduksjon på norsk sokkel innan 2040. 30 GW tilsvarar nesten den installerte kapasiteten i vasskraftsystemet i Noreg i dag. Det norske kraftnettet vil ikkje kunne handtere ei så stor mengde kraft som ambisjonen svarar til. Ein viktig føresetnad for ambisjonen er derfor at betydelege delar av krafta vil gå til andre land. Regjeringa vil legge til rette for ei storstilt havvindutbygging som opnar for bruk av ulike nettløysingar. Nye havvindprosjekt må vere i samsvar med samfunnsmessige mål, og bli planlagde, bygde og disponerte slik at omsynet til energiforsyning, miljø, tryggleik, næringsverksemd og andre interesser blir tekne vare på. Nye prosjektområde vil bli lyst ut med jamne mellomrom.

To areal, Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II, vart opna for fornybar energiproduksjon ved kongeleg resolusjon 12. juni 2020. Sørlege Nordsjø II er eigna både for flytande og botnfast havvind, og prosjektområda vil bli lyst ut stegvis. Utsira Nord er berre eigna for flytande havvind, på grunn av havdjupna i området. Flytande havvind er ein meir umoden teknologi, og det er behov for teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar for å gjere teknologien kommersielt lønsam, jf. Boks 2.1. Olje- og energidepartementet planlegg å tildele første fase av Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord i løpet av 2023. Deretter planlegg departementet neste runde med tildeling av prosjektområde til havvind i 2025. NVE har, saman med ei direktoratsgruppe, fått i oppdrag å identifisere nye areal som kan vere aktuelle for havvindproduksjon utover dei to areala som allereie er opna. Oppdraget skal leverast i april 2023.

Regjeringa sitt mål for havvindsatsinga er gjort greie for i Meld. St. 11(2021–2022):1

  • Regjeringa har eit mål om at satsinga på havvind skal bidra til industriutvikling. Dette gjer vi gjennom å etablere ein heimemarknad ved utlysing av havvindområde i Noreg, der norske leverandørar nært marknaden, med erfaring frå norsk sokkel og relevant kompetanse vil ha god moglegheit til å delta. Gjennom deltaking i ein heimemarknad vil norsk leverandørindustri kunne få verdifull erfaring, også når dei skal konkurrere om oppdrag i utlandet. Ei vellukka industriutvikling føreset utdanning og kvalifisering av tilstrekkeleg norsk arbeidskraft, og positive lokale ringverknader.

  • Vidare vil regjeringa legge til rette for innovasjon og teknologiutvikling. Flytande havvind har potensial til å bli ei viktig kjelde til fornybar energi, både på verdsbasis og på norsk sokkel. Etter kvart som teknologien blir vidareutvikla og tatt i bruk, forventar vi kostnadsreduksjonar for flytande vindkraft. Gjennom å tildele prosjektområde på Utsira Nord etter kvalitative kriterium vil vi legge til rette for innovasjon og teknologiutvikling som kan bidra til framtidige kostnadsreduksjonar for flytande havvind.

  • Utbygging av vindkraft til havs vil gje auka utsleppsfri kraftproduksjon i Noreg. Det er naudsynt for å møte auka etterspørsel etter fornybar kraft. Kraftsituasjonen i Noreg og i Europa den siste tida viser kor viktig det er å auke tilgangen på fornybar kraft. Lønsemda for havvind er avhengig av kva prisar produsentane kan oppnå, noko som mellom anna er påverka av kva marknad produksjonen blir knytt til. Ei tilknyting berre til Noreg vil auke det norske kraftoverskotet, og er isolert sett ein bidragsytar til lågare kraftprisar i det området produksjonen blir knytt til. For at flytande havvind skal bli lønsamt er det behov for teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar.

Det er særleg måla om industriutvikling og auka utsleppsfri kraftproduksjon i Noreg som er relevante for første fase av Sørlege Nordsjø II. Fleire norske aktørar hevdar seg allereie godt internasjonalt i ulike ledd i verdikjeda til havvind. Til dømes innan sjøkablar, installasjons- og driftsfartøy og utbyggingstenester. I 2021 auka norske aktørar si internasjonale omsetning med 57 prosent, til meir enn 25 mrd. kroner.2 Den totale omsetninga for den norskbaserte næringa innan havvind var 29,3 mrd. kroner. I same år auka talet på sysselsette til 4 300 årsverk, som tilsvarar ein firedel av alle årsverk i fornybarnæringa.3

Boks 2.1 Utsira Nord

Utsira Nord ligg nært land utanfor Karmøy og vil bli knytt til fastlands-Noreg. Det følger av opningsvedtaket til Utsira Nord at det maksimalt kan bli gjeve konsesjon til utbygging av 1500 MW produksjon. Gjennomsnittsdjupna i Utsira Nord er om lag 265 meter, og arealet eignar seg derfor berre for flytande havvind. Dette er ein meir umoden teknologi, og det er behov for teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar for å gjere teknologien lønsam. Departementet har delt Utsira Nord inn i tre prosjektområde som kvar har ein kapasitet på 500 MW, som vil bli lyst ut samtidig som første fase av Sørlege Nordsjø II. Prosjektområda vil bli tildelt i ein kvalitativ konkurranse. Målet med ein kvalitativ tildelingsmodell er å stimulere til teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar, som kan bidra til å gjere teknologien kommersielt lønsam på sikt. Før tildeling av støtte til flytande havvind i Utsira Nord vil departementet legge fram ein eigen proposisjon til Stortinget. Flytande havvind er dyrare enn botnfast havvind, slik at støttebehovet for Utsira Nord truleg vil vere høgre per kWh enn for første fase av Sørlege Nordsjø II.

2.2 Sørlege Nordsjø II

Sørlege Nordsjø II ligg sørvest for Kristiansand, ved grensa til dansk økonomisk sone. Arealet er totalt 2 591 km2, og ligg om lag 140 kilometer frå norskekysten. Heile arealet ligg utanfor grunnlinja. I vedtak om opning går det fram at det maksimalt kan bli gjeven konsesjon til utbygging av 3 000 MW produksjon. Både botnfaste og flytande fundament kan vere aktuelle, sidan store delar av arealet har havdjupne mellom 60 og 70 meter. Sørlege Nordsjø II har gode vindforhold, med ein estimert netto kapasitetsfaktor på om lag 56 prosent.

Figur 2.1 Kart over Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord

Figur 2.1 Kart over Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord

Kjelde: NVE

Departementet har avgrensa eit prosjektområde i den austlege delen av Sørlege Nordsjø II. Det austlege arealet vil bli lyst ut som eitt prosjekt i første fase, jf. figur 2.2. Første fase vil ha ein maksimal tillaten kapasitet på 1 500 MW. Vindkraftproduksjonen frå første fase skal bli knytt til fastlands-Noreg og vil bidra til auka fornybar kraftproduksjon i Sør-Noreg. I samband med at NVE har fått i oppgåve å identifisere nye areal for fornybar energiproduksjon til havs, er dei samtidig bedne om å vurdere om kapasiteten i Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord kan aukast.

Figur 2.2 Illustrasjon av prosjektområdet til første fase av Sørlege Nordsjø II

Figur 2.2 Illustrasjon av prosjektområdet til første fase av Sørlege Nordsjø II

Departementet har fått fleire innspel om at det opprinnelege prosjektområdet for første fase av Sørlege Nordsjø II var for stort i forhold til tillaten kapasitetsgrense på 1500 MW, blant anna i høyringa. Departementet har derfor redusert prosjektområdet noko samanlikna med tidlegare forslag.

Kjelde: NVE

Sørlege Nordsjø II ligg langt frå land. Avstanden til fastlandet er om lag 140 kilometer, og det er om lag 200 kilometer til næraste tilknytingspunkt i transmisjonsnettet. Dei fleste havvindparkane som er bygde i dag ligg relativt nært land. Den gjennomsnittlege avstanden til land for havvindparkar under konstruksjon i Europa var 44 km i 2020.4 Det finst døme på havvindparkar under utvikling som ligg lengre til havs. Dogger Bank ligg til dømes 130 km frå kysten til Storbritannia.

Sjølv om Sørlege Nordsjø II er grunt nok til å vere eigna for botnfast havvind, er det også djupt samanlikna med dei fleste havvindprosjekta som er under utvikling. Havdjupna i området er 53–70 meter, med ei gjennomsnittleg djupne på 60 meter.5 Til samanlikning er den djupaste botnfaste havvindparken som er under bygging i dag, Seagreen i Skottland, 59 meter på det djupaste, jf. boks 2.2. Gjennomsnittsdjupna for havvindparkar under konstruksjon i Europa var 36 meter i 20206.

Boks 2.2 Seagreen

Seagreen er ein nesten ferdig utbygd botnfast havvindpark 27 km frå kysten av Skottland. Dei første turbinane har levert energi til land sidan i fjor haust, medan dei siste turbinane skal installerast i løpet av våren. Når parken er ferdig utbygd i sommar vil den ha ein kapasitet på 1 075 MW og vere den største havvindparken i Skottland.

Seagreen er verdas djupaste botnfaste havvindpark med 59 meter på det djupaste. Fundamenta som turbinane står på er såkalla jackets, og kvart fundament veg 2 000 tonn.

Seagreen fekk i 2019 tilsegn om differansekontraktar for 42 prosent av den planlagde produksjonen frå prosjektet. Kontraktsprisen i differansekontrakten ligg på 51,31 øre/kWh1 (oppgitt i 2012 prisar). Differansekontraktane i Storbritannia er tosidige og dei varar i 15 år.

1 Omrekna frå £/MWh. Valutakurs: 12,33 NOK pr. 14. feb. 23. Storbritannia auksjonerer alt i 2012-prisar og inflasjonsjusterer i etterkant.

Figur 2.3 Illustrasjon av jacketfundament

Figur 2.3 Illustrasjon av jacketfundament

Kjelde: Olje- og energidepartementet

2.2.1 Tilkopling til nettet

Første fase av Sørlege Nordsjø II vil bli knytt til Noreg via ein radial. Aktøren vil eige nettet frå havvindparken fram til tilknytingspunktet i transmisjonsnettet og nettet vil vere klassifisert som kundespesifikt nett. Det vil dermed vere aktøren sjølv som planlegg, bygg, driftar, finansierer og eig nettanlegget. Dette gjeld også om det blir knytt til forbruk eller andre sluttbrukarar til nettanlegget, så framt nettanlegget berre betener ein enkelt eller eit fåtal brukarar. Departementet tek sikte på å innføre krav om tredjepartsadgang til havs. Departementet legg likevel opp til at aktøren ikkje skal ha ein plikt til å oppgradere nettet viss ein tredjepart ønsker tilkopling. Det inneber at aktøren må kople til andre sluttbrukarar som ønsker tilknyting om nettanlegget er utforma på ein måte som gjer at slike tilkoplingar er mogleg og har ledig kapasitet. Aktøren vil likevel ikkje vere pålagt å gjennomføre investeringar som gjer tilknyting mogleg, slik aktørar på land er plikta til. Dette er fordi nettanlegg til havs har høgre tilpasningskostnader enn nettanlegg på land.

Ifølge Statnett er Kvinesdal det mest aktuelle tilknytingspunktet for første fase, fordi dette er nærast Sørlege Nordsjø II og er eit sterkt punkt i transmisjonsnettet.7 Nye Mosby stasjon, i nærleiken av dagens Kristiansand stasjon, kan også vere eit aktuelt alternativ, men vil truleg ha noko høgre kostnader på grunn av større avstand til Sørlege Nordsjø II. Aktøren som blir tildelt første fase av Sørlege Nordsjø II må dekke ein forholdsmessig del av eventuelle kostnader for naudsynte forsterkingar i nettet på land, i samsvar med regelverket for anleggsbidrag.

Det er ei teknisk avgrensing på 1 400 MW for kor mykje kraft som kan matast inn i eit enkelt punkt i transmisjonsnettet på land fordi kraftnettet er dimensjonert slik at dette er høgste effektutfallet transmisjonsnettet8 kan handtere. Det kan likevel vere aktuelt for aktøren som blir tildelt prosjektområdet å bygge ut total tillaten kapasitet på 1 500 MW. For det første er det vanleg å overdimensjonere havvindparken noko samanlikna med nettløysninga, fordi det er sjeldan at alle turbinane produserer for fullt. For det andre kan det vere aktuelt å legge til rette for tilknyting av kraftforbruk til havs. Departementet vil ikkje stille krav om at aktøren klargjer anlegget for tilknyting av andre sluttbrukarar, som til dømes petroleumsindustrien. Aktøren som blir tildelt prosjektområdet står fritt til å gjere dette på eige initiativ eller i samarbeid med andre sluttbrukarar som ønsker å kople seg til havvindparken.

2.2.2 Grunnundersøkingar

Hausten 2022 blei det samla inn geofysiske data i den austlege delen av Sørlege Nordsjø II for å kartlegge havbotnen og undergrunnen ned til cirka 200 meter under sjøbotnen. På grunn av dårleg vêr og problem med datainnsamlinga blei berre om lag 35 prosent av undersøkingane for første fase gjennomført. Undersøkingane i Sørlege Nordsjø II og Utsira Nord vil halde fram i 2023.

Aktøren som blir tildelt prosjekområdet i første fase av Sørlege Nordsjø II vil bli belasta staten sine utgifter for undersøkingane som er knytt til prosjektområdet. Kostnaden omfattar 28 mill. kroner for undersøkingane som blei gjennomført i 2022. I tillegg kjem ein forholdsmessig kostnadsdel av dei planlagde undersøkingane i 2023. Desse er foreløpig estimert til 23,65 mill. kroner for første fase av Sørlege Nordsjø II.

2.2.3 Innspel til departementet

Vista Analyse og Guidehouse har på oppdrag frå Olje- og energidepartementet, gjeve anbefalingar om utforming av auksjonsmodell og støtteordning til første fase av Sørlege Nordsjø II. Utforming av prekvalifiseringskriteria har ikkje vore ein del av oppdraget. Olje- og energidepartementet sende forslag til tildelings- og støttemodell for første fase av Sørlege Nordsjø II på høyring 6. desember 2022. Totalt fekk departementet inn 130 høyringsinnspel. Departementet har vurdert innspela frå både auksjonsrådgivaren og høyringa i utforminga av den endelege tildelings- og støttemodellen for første fase av Sørlge Nordsjø II.

2.2.4 Notifisering av tiltaket til ESA

Statsstøtte til første fase av Sørlege Nordsjø II må følge EØS-avtalen sine reglar om offentleg støtte. Olje- og energidepartementet har sett i gong prosessen for pre-notifisering med ESA. Statsstøtte til første fase av Sørlege Nordsjø II føreset at tiltaket blir godkjend av ESA. Departementet tar atterhald om eventuelle endringar som er naudsynte for at tiltaket skal vere i tråd med statsstøtteretten.

Fotnotar

1.

Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser

2.

Multiconsult (2022) Kartlegging av de norskbaserte næringene for fornybar energi, hydrogen og CO2-håndtering i 2021

3.

Fornybarnæringa inkluderer vasskraft, landbasert og havbasert vindkraft, solenergi og bioenergi. Omsetningstala inkluderer utstyrsleveransar, utbyggingstenester, rådgjeving og andre tenester.

4.

WindEurope (2021) Offshore Wind in Europe – Key trends and statistics

5.

NVE Rapport 47/2012 Havvind – strategisk konsekvensutredning

6.

WindEurope (2021) Offshore Wind in Europe – Key trends and statistics

7.

Statnett (2022) Brev av 1.12.22 Tilknytingspunkter Sørlige Nordsjø II fase 1 og Utsira Nord

8.

Dette blir omtalt som «dimensjonerande feil», som er det høgste effektutfallet som kan skje i transmisjonsnettet ved ein enkeltfeil utan at det må koplast ut forbruk.