4 Føresetnader for eit anslag for statleg støtte
Første fase av Sørlege Nordsjø II vil truleg ha behov for statleg støtte for å bli realisert. Prosjektområdet ligg langt til havs og det er om lag 200 kilometer til næraste tilknytingspunkt i transmisjonsnettet, jf. avsnitt 2.2. Sørlege Nordsjø II er grunt nok til å vere eigna for botnfast havvind, som er ein moden teknologi. Første fase vil likevel ligge i eit djupt område samanlikna med dei fleste havvindprosjekta i Europa. Desse eigenskapane vil kunne gje havvindparken høgre investerings- og driftskostnader enn havvindparkar som er bygd ut i grunnare havområde og nærare land. Første fase vil bli knytt til Noreg med ein radial og forventa kraftprisutvikling tilseier at kraftprisen truleg ikkje er høg nok til å dekke investerings- og driftskostnadene til prosjektet.
Truleg vil investerings- og driftskostnader variere mellom aktørane. Aktørane vil til dømes ha prosjekt med ulike løysingar og finansiering, og ha ulikt nivå av erfaring som påverkar prosjektkostnadene. Ein tildelingsmodell for prosjektområde må legge til rette for at det mest lønsame av dei prekvalifiserte prosjekta blir realisert. Tildeling av prosjektområdet til første fase av Sørlege Nordsjø II i ein auksjon etter prekvalifisering, vil gje konkurranse om den statlege støtta og legg til rette for at prosjektområdet blir tildelt den prekvalifiserte aktøren som kan realisere prosjektet til lågast kostnad. Samtidig inneber denne tildelingsmodellen at nivået på statsstøtta er ukjent fram til auksjonen er gjennomført. Departementet presenterer i denne proposisjonen anslag på støttebehovet til første fase av Sørlege Nordsjø II under ulike føresetnader. Anslaga er basert på kostnadstal frå NVE, og kraftprisprognosar frå NVE og Thema Consulting. Kraftprisprognosane frå NVE er frå 2021, som er før dei ekstraordinære høge kraftprisane vi no ser, medan kraftprisprognosane frå Thema er frå september 2022. Departementet har sett på tre ulike scenario som vil gje prosjektet eit høgt støttebehov: Høg investeringskostnad, låg kraftpris og eit scenario med både høge investeringskostnader og låge kraftprisar. I tillegg presenterer departementet tre ulike scenario som vil gje eit lågt støttebehov: Låg investeringskostnad, høg kraftpris og ein kombinasjon av desse. Anslaga er usikre og må tolkast som indikatorar for støttebehovet til første fase av Sørlege Nordsjø II.
4.1 Kraftprisprognosar
Inntekta til havvindprodusenten er avhengig av kraftprisen og kor mykje energi kraftverket produserer i kvar enkelt time. Det tar fleire år å planlegge og bygge eit havvindanlegg, og regjeringa sitt mål er at dei første prosjekta er i drift innan 2030. Når anlegget er sett i drift, har kraftverket ei levetid på om lag 30 år. Det er dermed kraftprisen på lang sikt som vil ha størst innverknad på innteninga til kraftverket. Denne er uviss, og vil mellom anna avhenge av forbruksutvikling, norsk og europeisk klimapolitikk og utbyggingstakt til ny kraftproduksjon i både Noreg og resten av Europa.
Første fase av Sørlege Nordsjø II vil bli knytt til prisområdet NO2 (Sørlandet). Figur 4.1 viser kraftprisprognosar frå NVE og Thema Consulting for NO2 i perioden 2026–2060.1 Prognosen viser at det er venta høge, men fallande kraftprisar fram mot 2030, og forholdsvis låg kraftpris på lang sikt. Utviklinga har samanheng med at det er venta ein betydeleg auke i kapasiteten av fornybar energi i Europa. Det blir då fleire timar med låge kraftprisar, og CO2-prisen påverkar etter kvart kraftprisane i mindre grad enn i dag. NVE anslår ein gjennomsnittleg kraftpris på 52 øre/kWh i perioden 2030–2060, medan Thema Consulting anslår ein gjennomsnittleg kraftpris på 46 øre/kWh i same periode i hovudscenariet sitt.
Sørlege Nordsjø II har svært gode vindforhold. Likevel vil det vere tidspunkt der det blæs lite eller er heilt vindstille. Det er også høg grad av samvariasjon mellom vindkraftproduksjon i Nordsjøen.2 Dette gjer at energiproduksjonen i Sørlege Nordsjø II mest sannsynleg vil vere høgst i timar med mykje (variabel) kraftproduksjon i energisystemet. Det kan påverke innteninga til energiproduksjon i Sørlege Nordsjø II, mellom anna fordi fleire land med havareal i Nordsjøen har store ambisjonar om utbygging av havvind. Truleg vil oppnådd kraftpris for havvindparken derfor vere noko lågare enn kraftprisen elles i marknaden. Samtidig har Noreg mykje vasskraft som kan regulerast ned i timar med mykje variabel energiproduksjon. Samanlikna med andre land i Europa er forbruket også vesentleg høgre på vinteren enn resten av året, noko som passar godt med sesongprofilen for havvind. Dette vil kunne gje havvindparken ein høgre oppnådd kraftpris enn havvindparkar i land med høgre innslag av variabel kraftproduksjon. Dette vil gjelde uavhengig av om havvindparken sel krafta direkte i marknaden eller sikrar seg gjennom ein langsiktig kraftkjøpsavtale (PPA). Kor mykje høgre er vanskeleg å vurdere på førehand. Statnett har estimert at havvind frå Sørlege Nordsjø II knytt radielt til Noreg vil oppnå ein gjennomsnittleg kraftpris på 39 øre/kWh, med eit utfallsrom mellom 34 og 43 øre/kWh.3 Det svarar til omtrent 60–80 prosent av den estimerte kraftprisen i NO2.
4.2 Estimerte kostnader for havvind
Det finst ikkje erfaringstal for kostnader ved å bygge ut botnfast havvind på norsk sokkel. Kostnadsgrunnlaget er derfor basert på erfaringstal frå andre land og er utarbeida av NVE til analysen «Verknader på kraftsystemet av ulike nettløysningar for vindkraft til havs» som vart lagt fram i mars 2023. NVE anslår at dei totale investeringskostnadene vil vere om lag 40 mrd. kroner. Investeringskostnadene inkluderer havvindparken og nettløysninga fram til tilknytingspunktet i transmisjonsnettet på land. Eventuelle anleggsbidrag som følge av naudsynte forsterkingar i nettet på land vil kome i tillegg. Drifts- og vedlikehaldskostnadene for havvindparken og nettløysinga er estimert til rundt 750 mill. kroner årleg.
4.3 Usikkerheit i anslaga
Det er særleg havdjupna og avstanden til land som skil Sørlege Nordsjø II frå andre prosjekt i Europa. I tillegg er det generell usikkerheit ved framtidige utbyggingskostnader til havvind, blant anna på grunn av Europa sine store havvindambisjonar kombinert med ein pressa situasjon i leverandørmarknadene. Det er også eit stort utfallsrom for kraftprisutviklinga. Dette gjer vurderinga av storleiken på støttebehovet til første fase av Sørlege Nordsjø II usikker.
4.3.1 Usikre kostnadsanslag
Dei siste ti åra har kostnadene for havvind stort sett gått ned på grunn av høg utbyggingstakt og teknologiutvikling. Estimata frå NVE speglar denne utviklinga, og legg til grunn at kostnadene framleis vil gå ned som følge av læring. NVE har lagt til grunn ei læringsrate på sju prosent for havvindparken og fire prosent for nettløysinga fram mot 2030.
Dei to siste åra har derimot kostnadene vore vanskelegare å anslå. Kostnadene har vore prega av volatile råvareprisar, logistikkproblem etter Covid-19-pandemien, inflasjon og konsekvensar av Russlands militære invasjon av Ukraina. Dette har slått ut i auka kostnader. Til dømes auka kostnadsindeksen for vindturbinar på land med om lag 20 pst. frå 2020 til 2022. I tillegg fører auka press i leverandørmarknaden til usikkerheit rundt både leveringstid og kostnader. Det er ikkje tatt omsyn til den store auken i kostnader dei siste to åra i NVE sine estimat. Over tid er det forventa at råvareprisane vil stabilisere seg, leverandørindustrien vil bygge ut auka kapasitet, logistikksituasjonen vil i stor grad normaliserast og kostnadene for havvind vil på lang sikt falle i takt med installert kapasitet. Det er usikkert når denne normaliseringa vil skje.
4.3.2 Usikker kraftprisutvikling
Det er også eit stort utfallsrom for kraftprisutviklinga framover. Noreg sitt utgangspunkt, med ei fornybar og vêravhengig kraftforsyning, og eit temperaturavhengig forbruk av kraft har ført til variasjonar i dei norske kraftprisane frå år til år, og mellom sesongar og veker. Dette vil også vere tilfelle i framtida. Noreg er kopla saman med den europeiske kraftmarknaden gjennom fleire overføringskablar, som gjer at norske kraftprisar blir påverka av utviklinga i den europeiske kraftmarknaden. Europa har sett seg ambisiøse mål for reduksjon av klimagassutslepp og energiomstilling. Dette inneber mellom anna ambisjonar om at ein stor del av den regulerte produksjonskapasiteten som kol og gass blir erstatta med ny, fornybar variabel kraftproduksjon som solkraft, havvind og vindkraft på land. Kor raskt denne utviklinga skjer vil ha stor innverknad på kraftprisen og gjev eit stort utfallsrom. Thema anslår ein gjennomsnittleg kraftpris i NO2 på 35 øre/kWh i 2030 og 32 øre/kWh i 2040 i sitt lågscenario. I høgscenarioet anslår Thema ein gjennomsnittleg kraftpris på 93 øre/kWh i 2030 og 73 øre/kWh i 2040.
4.4 Estimert behov for statleg støtte
Gitt forventa kraftprisutvikling og NVE sine estimerte investerings- og driftskostnader, er behovet for statsstøtte til første fase av Sørlege Nordsjø II estimert til om lag 9 mrd. kroner i noverdi. Det er likevel eit stort utfallsrom for behovet for statleg støtte, som vist i tabell 4.1. Dette skuldast at støttebehovet er svært avhengig av både kostnader og kraftprisutvikling, som begge er usikre. Anslaga føreset ei diskonteringsrente på seks prosent og ei levetid for havvindparken på 30 år. Behovet for statsstøtte aukar til 17 mrd. kroner om investeringskostnadene for havvindparken blir 30 prosent høgre enn i NVE sitt estimat. Med låge kraftprisar og tilsvarande nivå på investeringskostnader vil støttebehovet bli endå høgre. Under enkelte føresetnader kan prosjektet også gje statlege inntekter.
Tabell 4.1 Ulike scenario for støttebehov. Noverdi
Basisscenario | ||
9 mrd. kroner | ||
Høge scenario for støttebehov | ||
Høg investeringskostnad (+ 30 pst.) | Låg kraftpris (31 øre/kWh i gj.snitt) | Låg kraftpris (31 øre/kWh i gj.snitt) og høg investeringskostnad (+30 pst.) |
17 mrd. | 15 mrd. | 23 mrd. |
Låge scenario for støttebehov | ||
Låg investeringskostnad (-30 pst.) | Høg kraftpris (70 øre/kWh i gj.snitt) | Høg kraftpris (70 øre/kWh i gj.snitt) og låg investeringskostnad (-30 pst.) |
0 mrd. | -11 mrd. | -19 mrd. |
Kjelde: Olje- og energidepartementet
Fotnotar
NVE (2021) Langsiktig markedsanalyse 2021 og Thema Consulting (2022) Kraftprisprognoser for NO2, september 2022
Statnett (2022) Fagrapport om havvind i Sørlige Nordsjø II
Statnett (2022) Fagrapport om havvind i Sørlige Nordsjø II. Omberekna frå EUR/MWh. Valutakurs: 9,9 NOK/EUR, jf. føresetning i Samnett-modellen (kraftmarknadsmodell).