Forslag
til vedtak om nokre saker om luftfart, veg og post
I
Fullmakt til å pådra staten plikter for investeringsprosjekt
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2020 kan:
Vidareføre desse tidlegare godkjende investeringsprosjekta | Innanfor ei endra kostnadsramme på: |
---|---|
E18 Riksgrensen – Ørje i Viken | 1 090 mill. kr |
E18 Knapstad – Retvet i Viken | 1 820 mill. kr |
Rv. 4 Lunner grense – Jaren og Lygna sør i Innlandet | 3 420 mill. kr |
Fullmaktene gjeld òg forpliktingar som blir inngåtte i seinare budsjettår, innanfor kostnadsramma for det einskilde prosjekt. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å prisjustere kostnadsramma i seinare år.