3 Endringar på statsbudsjettet for 2018
Kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet
Post 01 Driftsutgifter
Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2018, er for tidsrommet 1. mai – 31. desember 2018 rekna ut til 2 434 mill. kroner. Løyvingsanslaget byggjer på lønsmassen i det statlege tariffområdet per 1. oktober 2017.
Overslaget omfattar alle tilsette som går inn under hovudtariffavtalene i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna. Vidare er meirutgifter til pensjonspremiebetaling medrekna, jf. innføringa av ein forenkla modell for pensjonspremiebetaling for statlege verksemder omtalt i avsnitt 8.3 i Prop. 1 S (2016–2017) (Gul bok).
Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter, blir dekte innafor budsjetta til verksemdene.
Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må sjølve dekke meirutgifta av lønsregulering innafor eksisterande budsjett.
Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde, er meirutgiftene rekna til 1 825 mill. kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.
Kap. 502 Lønsoppgjeret i staten – tariffavtalte avsettingar
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under kap. 502, post 70
For perioden 1. mai 2018 – 30. april 2020 blir det avsett til saman 2 mill. kroner til kompetanseutvikling. Avsettinga skal i hovudsak gå til felles tiltak i regi av dei sentrale partane. Departementet foreslår at 1 mill. kroner av avsettinga blir løyvd for 2018. Dei resterande 1 mill. kroner blir foreslått løyvd på statsbudsjettet for 2019.
Post 70 Tilskot til kompetanseutvikling mv., kan overførast, kan nyttast under kap. 502, post 21
For perioden 1. mai 2018 – 30. april 2020 blir det avsett til saman 33 mill. kroner til kompetanseutvikling. Avsettinga skal i hovudsak gå til å styrke kompetanseutvikling i verksemdene. Departementet foreslår at 16,5 mill. kroner av avsettinga blir løyvd for 2018. Dei resterande 16,5 mill. kroner blir foreslått løyvd på statsbudsjettet for 2019.
Post 71 Tilskot til midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde (OU-midlar)
Departementet foreslår at tilskotet blir auka med 5,2 mill. kroner. Summen er rekna ut med bakgrunn i talet på årsverk og lønsmasse i statleg tariffområde per 1. oktober 2017.
Kap. 2309 Tilfeldige utgifter
Post 01 Driftsutgifter
Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2018 til hausten.