Prop. 96 S (2017–2018)

Endringar i statsbudsjettet 2018 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2018 mv.)

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2018 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2018 mv.)

I

I statsbudsjettet for 2018 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

2315

01

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet Driftsutgifter, løyvd med

1 825 000 000

502

21

Lønsoppgjeret i staten, tariffavtalte avsettingar. Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under kap. 502, post 70, løyvd med

1 000 000

70

Tilskot til kompetanseutvikling mv., kan overførast, kan nyttast under kap. 502, post 21, løyvd med

16 500 000

71

Tilskot til midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde (OU-midlar), auka med

5 200 000

frå kr 185 400 000 til kr 190 600 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2018 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Unio og YS Stat i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2018 i vedlegg 1.

III

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2018 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av Akademikerne i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 24. mai 2018 i vedlegg 2.

IV

For embets- og statstilsette som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal II gjelde. Embets- og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtalen, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

V

Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegne av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2018 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov om offentlige tjenestetvister av 18. juli 1958 § 31, andre ledd.

VI

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.