2 Bakgrunnen for lovforslaget
Stortinget har slutta seg til at førsteline-oppgåver på kulturminneområdet skal overførast frå Riksantikvaren til fylkeskommunane frå 1. januar 2020. Dette går fram av Meld. St. 22 (2015–2016) Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver, jf. Innst. 377 S (2015–2016) og i Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionaltfolkevalt nivå, jf. Innst. 385 S (2016–2017). Stortinget har vært einig i at forvaltinga av dei fleste automatisk freda kulturminna overførast frå Riksantikvaren til fylkeskommunane. Det same gjeld forvaltinga av fartøy med status som «verna fartøy», dei fleste statlege eigedomane som er freda ved forskrift, og 15 tekniske og industrielle anlegg.
Departementet har følgd opp dette ved å utarbeide forslag til ny forskrift om mynde mv. etter kulturminnelova. Forskrifta skal tre i kraft 1. januar 2020, og gjeldande forskrift om faglig ansvarsfordeling mv. etter kulturminneloven av 9. februar 1979 nr. 8785, vil samtidig bli oppheva.
Ny forskrift vil mellom anna innebere at fleire førsteline-oppgåver overførast frå Riksantikvaren til fylkeskommunane. Kulturminnelova § 28 heimlar i dag ikkje overføring av mynde for alle paragrafane i lova. Endringa av kulturminnelova § 28 første ledd er ein føresetnad for å kunne vedta forskrifta, og for den planlagde overføring av mynde til fylkeskommunane. I forslaget til forskrift skal fylkeskommunane få overførd mynde som i gjeldande lovreglar opnar for å delegere mynde. Der staten ved departementet vil leggje sin mynde til andre organ enn statsforvaltinga, må det vere heimel i lov.
Det går fram av kulturminnelova § 28 første ledd at Kongen fastset kven som er rette mynde i medhald av dei nemnde paragrafane. I forslaget til ny forskrift blir det foreslått at fylkeskommunane blir rette mynde etter fleire av paragrafane i kulturminnelova enn i dag. Disse paragrafane som blir føydde til i opplistinga i § 28, vil framleis kunne delegerast frå departementet til Riksantikvaren. Utanom paragrafane som allereie går fram av § 28 første ledd, blir det foreslått å føye til §§ 10, 19, 20 og 22 i kulturminnelova.