3 Generelle merknadar til lovforslaget
Kulturminnelova § 28 første ledd heimlar allereie overføring av førsteline-oppgåver til fylkeskommunane for dei fleste kompetansereglane i lova. Nokre av kompetansereglane som skal overførast, går likevel ikkje fram av kulturminnelova § 28 første ledd, da det hittil har vært føresett at dei kan delegerast. For å gjennomføre prinsippet om at funksjons- og oppgåvetildelinga til eigne folkevalte organ skal ha lovheimel, må dei respektive kompetansereglane takast inn i opplistinga i kulturminnelova § 28 første ledd.