Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 61, 400–491 Inntektskapittel: 3400–3490

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudinnleiing

1.1 Ansvarsområde og organisering

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, politiet og påtalemakta, redningstenesta og utlendingsmyndigheitene og har samordningsansvar for samfunnstryggleik og rikstryggleiken på sivil side. Ansvaret for samordning av norsk politikk i polarområda og svalbardbudsjettet ligg òg til departementet. Departementet har ansvar for om lag 150 lover og har i tillegg som oppgåve å bidra til å sikre kvalitet i lovarbeidet i andre departement. Totalt har Justis- og beredskapsdepartementet 19 underliggjande og tilknytte verksemder som saman bidrar til å oppfylle samfunnsoppdraget til sektoren.

Figur 1.1 Oversikt over underliggjande og tilknytte verksemder under Justis- og beredskapsdepartementet

Figur 1.1 Oversikt over underliggjande og tilknytte verksemder under Justis- og beredskapsdepartementet

1.2 Mål for justis- og beredskapssektoren

Regjeringa arbeider for sterke og trygge lokalsamfunn med gode tenester til innbyggjarane. Tenestene i justis- og beredskapssektoren skal ha ein desentralisert struktur som gir arbeidsplassar og beredskap i heile landet. For 2024 gjeld desse overordna måla for justissektoren.

Figur 1.2 Overordna mål for Justis- og beredskapsdepartementet

Figur 1.2 Overordna mål for Justis- og beredskapsdepartementet

1.3 Hovudsatsingar i 2024

Norsk økonomi har passert konjunkturtoppen, men aktiviteten er framleis høg med inflasjon og aukande renter som konsekvens. Dei økonomiske utsiktene tilseier derfor eit stramt budsjettforslag frå regjeringa. Budsjettopplegget har òg konsekvensar for justis- og beredskapssektoren, ved at det må prioriterast strengt innanfor budsjettramma. Regjeringa har likevel funne det nødvendig å foreslå enkelte nye satsingar på justis- og beredskapsområdet.

I saldert budsjett for 2022 sørgde regjeringa for å auke driftsløyvingane til politiet, kriminalomsorga, domstolane og påtalemakta i politiet med til saman 330 mill. kroner meir enn førre regjering, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022). Tiltaka vart førte vidare i 2023.

Den russiske invasjonen av Ukraina har ført til grunnleggjande og varige endringar i den tryggingspolitiske situasjonen i Europa. På bakgrunn av dette foreslo regjeringa i Prop. 78 S (2021–2022) 500 mill. kroner i auka løyvingar til tiltak for å styrke den sivile beredskapen i Noreg. I 2023 vart dei fleste av desse tiltaka vidareførde, med til saman 417 mill. kroner i samla løyving under budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet.

Regjeringa vil halde fram med å sikre tryggleik, rettstryggleik og tilgjengelege tenester for innbyggjarane i heile landet og foreslår nye satsingar under Justis- og beredskapsdepartementet i 2024.

Regjeringa gjennomfører ei tillitsreform i offentleg sektor. Reforma handlar om å gi dei tilsette tid og tillit til å gi brukaren betre tenester. Dette gjeld t.d. dei tilsette i politiet, rettsvesenet, redningstenesta, kriminalomsorga og utlendingsforvaltninga. Reforma skal formast ut i tett samspel med brukarorganisasjonar, tillitsvalde og leiinga i verksemdene. Eit viktig verkemiddel vil vere at leiinga blir meir tillitsbasert og nær, utan lange ansvarskjeder med unødvendig detaljstyring og rapportering. Målet er ein justis- og beredskapssektor som førebyggjer betre, der ressursane er tilgjengelege og finn kvarandre, og der politiet og nødetatane er tilgjengelege over heile landet.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 vart driftsbudsjettet til politiet styrkt med 555,2 mill. kroner. Av dette var 155,2 mill. kroner ekstraordinær priskompensasjon og 45 mill. kroner til å handtere auka innkomstar frå Ukraina. I tillegg ble politiets løyving auka med 355 mill. kroner utover dette. Midlane skulle bl.a. bidra til at politiet kan ha eit høgt bemannings- og aktivitetsnivå i heile landet, og leggje til rette for gode og tilgjengelege polititenester for heile befolkninga. Regjeringa foreslår å vidareføre løyvinga på 355 mill. kroner som ei varig styrking av politiet.

Regjeringa meiner det lokale politiet i heile landet må styrkast. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til politiet, den høgare påtalemakta og PHS med 500 mill. kroner, inkludert foreslått auka løyving til PST på 72 mill. kroner beskrive under. Av dette foreslås 198 mill. kroner til bl.a. å oppretthalde eit høgt bemanning- og aktivitetsnivå i politidistrikta, opprette ti nye tenestestader og andre tiltak i tråd med lokalpolitiplanen. Regjeringa foreslår bl.a. å etablere ein pilot for desentralisert politiutdanning i Finnmark, for å sikre stabil og god rekruttering i dei nordlege politidistrikta.

Regjeringa foreslår å løyve 15 mill. kroner til ein målretta innsats mot kriminelle gjengar i Oslo. Midla skal nyttast til å kjempe mot kriminelle gjengar og førebyggje nyrekruttering til desse.

Dei siste åra har saksbehandlingstida i straffesaker vore høg, samstundes som oppklaringsprosenten i den samla saksporteføljen har falle. Regjeringa foreslår å styrke etterforsking og påtalemakta med 80 mill. kroner til meir kapasitet, kvalitet og kompetanse i straffesaksbehandlinga. Ein sentral del av dette handlar om styrkt fagleiing frå Den høgare påtalemakta.

Økonomisk kriminalitet utgjer alvorlege truslar for enkeltpersonar, for bedrifter, for lokalsamfunn og for finansieringa av velferdsstaten. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til politiet med 50 mill. kroner bl.a. til fleire etterforskarar med økonomifagleg spesialistkompetanse i politidistrikta og fleire etterforskarar med kompetanse til å handtere digitale beslag i politidistrikta. Det er òg nødvendig å utarbeide ein konkret modell for sivilrettsleg inndraging av utbytte frå kriminalitet og greie ut effekten av kontrolletatanes og politiet sine verkemiddel mot økonomisk kriminalitet.

Regjeringa foreslår å løyve 100 mill. kroner i 2024 til opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. 85 mill. kroner av satsinga går til politiet. Tiltaka er bl.a. å etablere metodikk i fleire politidistrikt for å førebyggje og oppklare vald i nære relasjonar, tilrettelagde avhøyr av mistenkte under 16 år i saker som gjeld seksuelle overgrep, og større kapasitet og kompetanse til å kjempe mot overgrep mot barn på internett. Sjå òg Prop. 1 S (2023–2024) for Barne- og familiedepartementet.

For å løyse samfunnsoppdraget sitt er politiet avhengig av å bruke ny teknologi og moderne løysingar for å kjempe mot nye former for kriminalitet. Utdatert teknologi truar i dag trygg og stabil drift av fleire av systema til politiet. Politiet må prioritere arbeidet med sikker og stabil drift av sine IT-løysingar. Som ein del av styrkinga til politiet på 198 mill. kroner foreslår regjeringa å auke løyvinga til politiet med 35,5 mill. kroner til å drifte IT-løysingar i 2024, som ei eingongsløyving. Regjeringa foreslår òg å redusere løyvinga til Politidirektoratet (POD) med 25 mill. kroner. Dette vil føre til ein reduksjon i talet på tilsette i direktoratet

Innsatsen til regjeringa mot terror held fram under ramma av den reviderte nasjonale kontraterrorstrategien, som vart lagt fram i november 2022. For å auke kapasiteten i arbeidet med kontraterror, foreslår regjeringa å auke løyvinga til PST med 20 mill. kroner. Det blir òg foreslått å auke løyvinga med 52 mill. kroner til å styrke PST si verksemd for sikring av myndigheitspersonar. Forslaga er ei oppfølging av anbefalinga frå 25. juni-utvalets rapport.

Forprosjektet for rehabilitering av Bergen tinghus vart ferdig tidleg i 2023 og har gått gjennom ekstern kvalitetssikring. Prosjektet inneber òg leige av tilleggslokale for arbeidsplassar til tilsette utanfor tinghuset. Kostnadsramma for rehabilitering av tinghuset er 1 180 mill. kroner og for brukarutstyret 196,5 mill. kroner. Regjeringa foreslår samla å løyve 137,3 mill. kroner til oppstart av byggjeprosjektet i 2024, sjå også omtale i Kommunal- og distriktsdepartementets Prop. 1 S (2023–2024).

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til domstolane med 15 mill. kroner for å leggje til rette for opptak av lyd- og bilete i domstolane. I løpet av 2025 skal alle domstolar ha minst éin rettsstad med utstyr som gjer det mogleg å ta opptak av rettsforhandlingar. Tiltaket vil bidra til å auke rettstryggleiken ved at det blir enklare å ettergå forklaringar gitt i tingretten.

Det har vore ein. krevjande økonomisk situasjon i kriminalomsorga dei siste åra. Dette har bl.a. ført til ein reduksjon i bemanninga. Regjeringa har derfor styrkt kriminalomsorga varig med til saman 145 mill. kroner i 2022 og 2023. I tillegg har kriminalomsorga fått eingongsløyvingar på til saman 145 mill. kroner i samband med nysalderinga for 2022 og revidert nasjonalbudsjett 2023. Regjeringa foreslår 85 mill. kroner for å betre den økonomiske situasjonen i kriminalomsorga i 2024.

Det har over tid vore ei utfordring å gi kvinnelege innsette likeverdige forhold som menn. Samstundes har kriminalomsorga dei siste åra sett ein betydeleg auke i delen kvinnelege innsette med eit komplekst utfordringsbilete, psykiske lidingar og sjølvskading. Regjeringa foreslår i 2024 55 mill. kroner til å betre tilhøva for kvinnelege innsette. 30 mill. kroner skal nyttast til eit forsterka team ved Telemark fengsel, Skien avdeling, som skal gi kvinner med særskilde psykiske helseutfordringar tilstrekkeleg oppfølging. 25 mill. kroner skal i 2024 nyttast til ombyggingstiltak for å etablere ei nasjonal forsterka fellesskapsavdeling (NFFA) for kvinner ved fengselet. Avdelinga skal bidra til å gi betre oppfølging av kvinnelege innsette med særskilde behov og førebyggje og hindre langvarig isolasjon.

Det er viktig at barn og unge får moglegheit til å leve eit liv utan kriminalitet, at dei får bidratt til fellesskapet, og at dei får nytta evnene sine på ein produktiv måte i samfunnet. For å få til dette treng vi meir effektive verkemiddel for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Det er avdekt fleire svakheiter med straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging i dagens regelverk. Regjeringa foreslår derfor 19,3 mill. kroner for å gjennomføre lovendringar som skal forbetre straffereaksjonar og oppfølging av ungdom. Regjeringa foreslår også 10,7 mill. kroner til å auke kapasiteten ved Ungdomseining aust på Eidsvoll.

Dagens driftsavtale for Nødnett går ut i 2026. Det blir nå forhandla om forlenging av kontrakten. Dagens Nødnett fungerer godt, men det er basert på utgåande teknologi og må på sikt bli erstatta med ei ny løysing for nød- og beredskapskommunikasjon for å halde ved lag og vidareutvikle beredskapen og handteringsevna til nød- og beredskapsetatane. Konseptet regjeringa har valt, varetek nasjonal kontroll og tryggleik og er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Det blir foreslått å auke løyvinga til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) med 40 mill. kroner til å etablere ein prosjektorganisasjon for arbeidet med forprosjekt for nytt Nødnett. I tillegg foreslår regjeringa 15 mill. kroner til å gjennomføre nødvendige investeringar i dagens Nødnett, for å oppretthalde tilstrekkeleg kvalitet fram til nytt Nødnett er på plass.

Telenor skal avvikla koparnettet sitt og erstatta dette med moderne IP-teknologi. Omlegginga inneber at komponentar i Nødnett må endrast eller bytast ut for at dagens teneste kan haldast oppe. Dette er eit omfattande arbeid som medfører vesentlege kostnader. Regjeringa foreslår at kostnadene dekkast av brukarane av Nødnett i 2024, med unntak av dei frivillige organisasjonane i redningstenesta. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 15 mill. kroner til å kompensere auka brukarbetaling for dei frivillige organisasjonane i redningstenesta.

For å handtere asylinnkomstar (i hovudsak fordrivne frå Ukraina) i samsvar med prognosane frå juni, foreslår regjeringa å auke løyvinga til Utlendingsdirektoratet (UDI) med 1,6 mrd. kroner i 2024 samanlikna med saldert budsjett for 2023. Auken er i hovudsak knytt til innkvartering i asylmottak, medrekna utgifter til mottaka, tilskot til vertskommunar og stønader til bebuarar. I tillegg foreslår regjeringa å løyve til saman 307,6 mill. kroner til politiet og UDI til kapasitet til å handtere innkomstar frå Ukraina. Det er uvisse om utviklinga framover, og behovet kan endrast.

Regjeringa meiner at talet på overføringsflyktningar må sjåast i samanheng med talet på asylsøkarar og andre innvandrings- og integreringsutfordringar i Noreg. Noreg har vore blant landa som har teke imot flest overføringsflyktningar dei siste åra, sett i forhold til folketalet. Krigen i Ukraina har leidd til historisk høge asylinnkomstar til Noreg. Nivået for 2024 er òg venta å vere høgare enn normalt. Derfor foreslår regjeringa å redusere kvoten for overføringsflyktningar frå 2 000 plassar i 2023 til 1 000 plassar i 2024. Plassane på kvoten kan nyttast til å ta imot overføringsflyktningar eller annan type byrdedeling. Regjeringa foreslår òg å auke gebyra for søknader om opphald i Noreg, slik at dei dekker kostnadene til behandling av søknadene. Forslaget inneber å auke gebyret for vaksne for bl.a. søknader om familieinnvandring, opphald for arbeid og studium og permanent opphald. Det skal framleis ikkje vere gebyr for barn.

Tabell 1.1 Oversikt over regjeringa sine nye satsingar på Justis- og beredskapsdepartementet sitt område samanlikna med saldert budsjett 2023

Mill. kroner

Politiet

715,0

Vidareføre auken i revidert nasjonalbudsjett 2023 utover ekstraordinær priskompensasjon og auka løyving til å handtere auka innkomstar frå Ukraina, for å leggje til rette for gode og tilgjengelege polititenester for heile befolkninga

355,0

Styrke politiet, inkludert fleire tenestestader og oppretthalde eit høgt bemannings- og aktivitetsnivå

198,0

Økonomisk kriminalitet

50,0

Etterforskingsløft, inkludert fleire etterforskarar i politidistrikta

37,0

Særskilt innsats mot kriminelle gjengar i Oslo

15,0

Opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar1

85,0

Reduksjon av løyvinga til Politidirektoratet

-25,0

Rettstryggleik

195,3

Etterforskningsløft: styrke fagleiinga i Den høgare påtalemakt

43,0

Lyd- og biletopptak i domstolane

15,0

Tinghus i Bergen – gjennomføre byggjeprosjekt

137,3

Kriminalomsorga og konfliktrådet

152,3

Grunnløyving til kriminalomsorga

85,0

Betre soningsforhold for kvinner2

40,0

Forbetring av dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging

19,3

Auka kapasitet ved Ungdomseining aust på Eidsvoll3

8,0

Tryggleik i samfunnet

142,0

Oppfølging av 25. juni-utvalets rapport: kontraterror og skydd av myndigheitspersonar (PST)

72,0

Forprosjekt for nytt Nødnett

40,0

Oppretthalde dagens Nødnett

15,0

Kompensasjon til frivillige organisasjonar i redningstenesta for auka brukarbetaling for Nødnett i 2024

15,0

Sum

1 204,6

1 Regjeringa foreslår samla 100 mill. kroner til opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjoner, fordelt med 85 mill. kroner til politiet og 15 mill. kroner under Barne- og familiedepartementets budsjett.

2 Regjeringa foreslår samla 55 mill. kroner til å betre tilhøva for kvinnelege innsette, fordelt med 40 mill. kroner til kriminalomsorga og 15 mill. kroner under Helse- og omsorgsdepartementets budsjett.

3 Regjeringa foreslår samla 10,7 mill. kroner til auka kapasitet ved Ungdomseining aust, fordelt med 8 mill. kroner til kriminalomsorga og 2,7 mill. kroner under Barne- og familiedepartementets, Helse- og omsorgsdepartementets og Kunnskapsdepartementets budsjett.

1.4 Rettstryggleik

Rettstryggleik inneber at befolkninga i Noreg er trygge på at alle rettsforholda mellom offentlege myndigheiter og den enkelte er føreseielege og forholdsmessige. Avgjerder og inngrep overfor den enkelte er baserte på lover og reglar, og det er openheit rundt avgjerder slik at dei kan kontrollerast. Styresmaktene opptrer upartisk, og reglar for saksbehandling blir følgde. Alle har reelt høve til å forsvare interessene sine overfor myndigheitene og kvarandre.

1.4.1 Innleiing

Verksemder som er særleg viktige for rettstryggleiken, er politiet, Den høgare påtalemakta, Spesialeininga for politisaker, forliksråda, domstolane, kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, Statens sivilrettsforvaltning, kriminalomsorga, konfliktrådet, Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda.

Justis- og beredskapsdepartementet forvaltar òg ei rekkje ordningar som varetek rettstryggleiken til individa i samfunnet. Desse er bl.a. fri rettshjelp og tilskot til spesielle rettshjelpstiltak, erstatning til valdsoffer, erstatning i samband med strafforfølging og verjemålsordninga.

1.4.2 Tilstandsvurdering

Garantiar for rettstryggleiken kjem til uttrykk i Grunnlova og i dei internasjonale forpliktingane Noreg har, t.d. retten til ein rettvis rettargang, legalitetsprinsippet, forbod mot å gi lover tilbakeverkande kraft og forbod mot diskriminering. Krav til rettstryggleik inngår òg i ulike menneskerettsforpliktingar, som gjennomgåande stiller krav om at inngrep i menneskerettar må ha eit rettsleg grunnlag, forfølgje eit legitimt formål og vere forholdsmessige. Både norske domstolar og Den europeiske menneskerettsdomstolen bidrar til å sikre at Noreg oppfyller sentrale krav til rettstryggleik.

Noreg er eit land med svært høg tillit, samanlikna med andre land. Denne tilliten blir òg spegla i resultata i undersøkingar om tillit til både politiet og rettsvesenet. Likevel står justissektoren føre fleire utfordringar både på kort og lang sikt knytte til rettstryggleik.

Politiet og påtalemakta

Oppklaringsprosent gir informasjon om eit viktig aspekt ved rettstryggleiken og har i straffesaker gått ned dei siste åra. For lovbrotsgruppene vald, mishandling og seksuallovbrot har det vore ein nedgang i melde saker frå 2020 til 20211, men oppklaringsprosenten for desse lovbrotsgruppene har auka noko.2 For lovbrot med høg strafferamme var oppklaringsprosenten i 2021 på 41,6 pst. Om ein skil mellom dei ulike lovbrotstypane, har det vore ein nedgang i melde saker om vald, truslar og omsynslaus åtferd, medan det har vore ein auke i melde saker om seksuallovbrot. For seksuallovbrot har det òg vore ein auke i oppklaringsprosent for sakene med høg strafferamme, og han var i 2021 på om lag 48 pst. Oppklaringsprosenten er spesielt låg for mishandling i nære relasjonar, der berre 23,6 pst. av sakene vart oppklarte i 2021.

Figur 1.3 Talet på etterforska lovbrot og oppklaringsprosent: vald, mishandling og seksuallovbrot

Figur 1.3 Talet på etterforska lovbrot og oppklaringsprosent: vald, mishandling og seksuallovbrot

Kjelde: SSB 2022, tabell 09405

For vinningslovbrot (eigedomstjuveri, bedrageri, ran og utpressing) har talet på melde lovbrot gått kraftig ned dei siste åra, for lovbrot med både høg og låg strafferamme. Om ein berre ser på bedrageri er det ei auke i melde lovbrot dei siste åra. Denne utviklinga kan sjåast i lys av at det har vore ei auka digitaliseringa av økonomien, og at fleire transaksjonar blir gjort digitalt enn tidlegare.

Når det blir færre melde lovbrot, blir det òg færre saker å oppklare, og oppklaringsprosenten for vinningslovbrot med høg strafferamme har auka. I 2021 var han på 44,6 pst. Oppklaringsprosenten for melde lovbrot med låg strafferamme har vore stabil dei siste åra.

Figur 1.4 Talet på etterforska lovbrot og oppklaringsprosent: utvalde vinningslovbrot

Figur 1.4 Talet på etterforska lovbrot og oppklaringsprosent: utvalde vinningslovbrot

Kjelde: SSB 2022, tabell 09405

Lovbrot utan tydelege personoffer blir i hovudsak melde av politiet og administrative kontrolletatar, og dei fleste slike lovbrot er i praksis oppklarte idet dei blir melde. Døme på slike lovbrot er rusmiddellovbrot, trafikklovbrot og fleire typar ordens- og integritetskrenkingar, og dei er i stor grad avhengige av kontrollverksemda til politiet og andre etatar for å bli avdekte. Talet på etterforska lovbrot er dermed i stor grad eit uttrykk for prioriteringane til politiet og påtalemakta. Blant mindre alvorlege rusmiddellovbrot er det ein kraftig nedgang i etterforska lovbrot sidan 2014. Blant nærings- og økonomilovbrot er det òg ein stor nedgang i talet på etterforska lovbrot.

For kriminalitet utan tydelege personoffer gir delen etterforska lovbrot som blir lagde bort i straffesaksbehandlinga, informasjon om i kva grad politiet og påtalemakta er i stand til å føre saker fram til ein straffereaksjon, og han er viktig for å vareta rettsvernet for etterforska personar i straffesaker. Blant rusmiddellovbrot har det over tid vore ein auke i delen av etterforska lovbrot som blir lagde bort, og i 2021 gjaldt det 23 pst. av lovbrota. For nærings- og økonomilovbrot har det òg vore ein auke i delen av etterforska lovbrot som vart lagde bort i straffesaksbehandlinga, og i 2021 utgjorde dette 38 pst. av lovbrota.3

Figur 1.5 Delen etterforska lovbrot som er lagde bort av politiet og påtalemakta i straffesaksbehandlinga

Figur 1.5 Delen etterforska lovbrot som er lagde bort av politiet og påtalemakta i straffesaksbehandlinga

Kjelde: SSB 2022, tabell 09405

Domstolsbehandling

Tilgjengelege og effektive domstolar som tek avgjerder med høg kvalitet, er avgjerande for rettstryggleiken til den enkelte. Saksbehandlingstida i domstolane er sentral for rettstryggleiken til både offer og dei tiltalte. I 2022 har saksbehandlingstida i meddomsrettssaker i tingrettane gått ytterlegare ned og er i snitt godt under målsetjinga for saksbehandlingstid. Ho var på 2,7 md. i 2022. I lagmannsrettane har saksbehandlingstida i 2022 blitt redusert for alle sakstypar. I bevisankar med strafferamme under 6 år er no saksbehandlingstida 5,8 md. samanlikna med 6,4 md. i 2021 og 7,7 md. i 2020.

Den reelle tilgjengelegheita til domstolane er bl.a. knytt til kva det kostar å ta ei sak for domstolane. Sakskostnader i tvistesaker for domstolane har auka dei seinare åra, og det kan vere eit problem for kor god tilgang befolkninga har til domstolane. I straffesaker får tiltalte dekt utgifta til forsvarar, og i ei rekkje tilfelle har offer rett på bistandsadvokat. Når det gjeld sivile saker, kan ein få dekt utgifta til advokatbistand i bestemte sakstypar. Når det gjeld støtte til rettshjelp i sakstypar som er behovsprøvde, har det bl.a. vore ei utfordring at få har komme inn under ordninga.

Utfallet av domstolsbehandling i straffesaker er eit uttrykk for i kva grad domstolane er materielt samde i straffesaksbehandlinga i politiet og påtalemakta, og behandlinga er viktig for å vareta rettsvernet for tiltalte personar i straffesaker. I gjennomsnitt for alle lovbrot har delen tiltalar som endar med straffereaksjon i domstol, over lang tid lege på i overkant av 90 pst. Seksuallovbrot og vald og mishandling har gjennomgåande lege noko lågare.

Anke er eit ordinært rettsmiddel som blir brukt for å få ei sak bringa inn for ein høgare rett etter at ho er avgjord i ein lågare rett. Både den domfelte og påtalemakta kan anke. I 2022 fekk lagmannsrettane inn omtrent 2 600 straffeankar til ankeprøving. Delen saker som blir vist til behandling, var på 40 pst. Tilsvarande del i 2021 var 35 pst.

Straff i fengsel

I dei seinare åra har det vore endringar i gruppa av innsette i norske fengsel. Fleire innsette er dømde for alvorlege lovbrot, og ein betydeleg del har samansette utfordringar og treng psykiatrisk hjelp. Arbeidet med å førebyggje sjølvmord, sjølvmordsforsøk og alvorleg sjølvskading fell inn under folkerettslege forpliktingar. I norske fengsel har talet på sjølvmord gått ned i 2022, men det har vore ein auke i talet på tilfelle av sjølvskading og sjølvmordsforsøk blant innsette.

Figur 1.6 Talet på sjølvskading, sjølvmordsforsøk og sjølvmord blant innsette i fengsel

Figur 1.6 Talet på sjølvskading, sjølvmordsforsøk og sjølvmord blant innsette i fengsel

Kjelde: Kriminalomsorga

1.4.3 Tiltak

Dei siste åra har politiet si saksbehandlingstid i straffesaker vore høg, samstundes som oppklaringsprosenten i den samla saksporteføljen har falle. Regjeringa foreslår å styrke etterforskning i politidistrikta og Den høgare påtalemakta med 80 mill. kroner til større kapasitet, kvalitet og kompetanse i straffesaksbehandlinga.

Det har vore ein krevjande økonomisk situasjon i kriminalomsorga dei siste åra. For å betre den økonomiske situasjonen i kriminalomsorga i 2024 foreslår regjeringa 85 mill. kroner til kriminalomsorga si grunnløyving. Regjeringa foreslår òg 55 mill. kroner til arbeidet med å betre soningsforholda for kvinner i 2024.

Forprosjektet for rehabilitering av Bergen tinghus vart ferdig tidleg i 2023 og har gått gjennom ekstern kvalitetssikring. Prosjektet inneber òg leige av tilleggslokale for arbeidsplassar til tilsette utanfor tinghuset. Kostnadsramma for rehabilitering av tinghuset er 1 180 mill. kroner og for brukarutstyret 196,5 mill. kroner. Regjeringa foreslår samla å løyve 137,3 mill. kroner til oppstart av byggjeprosjektet i 2024, sjå også omtale i Kommunal- og distriktsdepartementets Prop. 1 S (2023–2024).

Sidan 2018 har det gått for seg eit prøveprosjekt med opptak av rettsforhandlingar i eit utval tingrettar og lagmannsrettar. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til domstolane med 15 mill. kroner for å leggje til rette for opptak av lyd- og bilete i domstolane. I løpet av 2025 skal alle domstolar ha minst éin rettsstad med utstyr som gjer det mogleg å ta opptak av rettsforhandlingar. Tiltaket vil bidra til å auke rettstryggleiken ved at det blir enklare å ettergå forklaringar gitt i tingretten, og at vitne og fornærma i enkelte saker vil sleppe belastninga ved å gi same forklaring fleire gonger.

Regjeringa har lagt fram eit forslag til endringar i rettshjelpslova slik at fleire kan få rettshjelp dekt av staten. Forslaget vil òg fjerne dei skarpe skilja mellom partar med relativt lik økonomi og sikre at ordninga ikkje blir svekt over tid. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.70.

1.5 Tryggleik i samfunnet

Tryggleik i samfunnet inneber at samfunnet skal vere verna mot hendingar som set liv og helse i fare, og som truar grunnleggjande verdiar og viktige samfunnsfunksjonar. Det skal vere trygt å bu og ferdast i heile Noreg.

1.5.1 Tilstandsvurdering

Motstandskraft er eit uttrykk for evna eit samfunn har til å halde ut og handtere store hendingar, vinne att viktige funksjonar etter at noko har hendt, og om det er nødvendig, tilpasse seg endra føresetnader. Motstandskrafta vår er utfordra av samtidige kriser og eit meir samansett trusselbilete enn før. Eit land med stor motstandskraft vil vere mindre sårbart for samansette truslar, men òg for naturhendingar og ulukker.

Dette er på mange vis ei god beskriving av Noreg. Eit viktig grunnlag for denne motstandskrafta er den store tilliten til myndigheitene. Innbyggjarundersøkinga til DFØ frå 2023 viser at folk framleis har høg tillit til Stortinget, regjeringa og offentleg forvaltning, bl.a. domstolar og politi, sjølv om tilliten har gått noko ned sidan førre undersøking. OECD sin rapport frå 2022 viser at om lag åtte av ti nordmenn har tillit til myndigheitene, medan gjennomsnittet i OECD-land er fem av ti.

Offentlege verksemder arbeider med å utvikle og halde ved like evna til å handtere hendingar som set liv og helse i fare på tvers av sektorar og nivå. For å byggje eit trygt samfunn krevst det samarbeid mellom offentlege ressursar, privat næringsliv, frivillige organisasjonar, lokalsamfunn og kvar og ein av oss.

Vi er ein ressurssterk nasjon med grunnleggjande demokratiske verdiar, og vi har sterke alliansar i NATO, der vi sjølv leverer vesentlege bidrag. Noreg deltek òg i EU sin ordning for sivil beredskap. Såleis har vi eit godt utgangspunkt.

Politiet, Politiets tryggingsteneste (PST), kriminalomsorga, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Sivil klareringsmyndigheit (SKM) og Hovudredningssentralen (HRS) gjer alle eit viktig arbeid for å trygge samfunnet. Norsk redningsteneste er organisert som eit samvirke mellom ei rekkje offentlege, frivillige og private aktørar og bidrar òg ved hendingar som set liv og helse i fare.

Dei samla beredskapsressursane inkluderer eigenberedskapen og kapasiteten for krisehandtering i næringslivet og frivillige organisasjonar. Det frivillige bidraget er t.d. eit sentralt element i norsk redningsteneste.

Dei tryggingsfaglege råda til NSM vektlegg at tryggingsutfordringane dei neste åra vil drivast av ei rekkje fleire faktorar enn før. Gapet mellom aktiviteten til trusselaktørar og tryggingsarbeidet aukar.

Politiet og forsvaret er dei sentrale aktørane i utøvinga av maktmonopolet til staten. Forsvaret skal bidra til samfunnstryggleik gjennom samarbeid med og bistand til politiet og sivile beredskapsmyndigheiter. Den gjensidige avhengnaden aukar mellom militære og sivile aktørar.

Kommunane har ansvar for samfunnstryggleiken i spennet frå cyberhendingar til flaum og skred, og dei må ha kunnskap og evne til å kunne handtere ei rekkje truslar. I kommuneundersøkinga til DSB for 2023 rapporterer 98 pst. av kommunane at dei har utarbeidd ein overordna beredskapsplan, men 29 pst. rapporterer òg at dei har ein plan som er for gammal. DSB rapporterer at det er ein auke i talet på kommunar som ikkje har oppdaterte risiko- og sårbarheitsanalysar og overordna beredskapsplanar.

Basert på befolkningsundersøkingane til DSB har delen av befolkninga som kjenner til råda om eigenberedskap frå DSB, auka frå 65 pst. i 2019 til 87 pst. i 2022. Delen som seier at dei er godt eller nokså godt førebudde til å klare seg sjølv i minimum tre døgn, har lege stabilt på i underkant av 50 pst. I tillegg er eldre betre førebudde enn yngre, og dei som bur på mindre plassar, er betre førebudde enn dei som bur i dei største byane.

Noreg har dermed eit godt utgangspunkt for å møte den aukande uvissa og dei ulike truslane som kan råke oss. Likevel fortel den nemnde OECD-rapporten at under halvparten av befolkninga meiner at myndigheitene ikkje gjer nok for å møte kommande samfunnsutfordringar.

Tryggingspolitisk utvikling

Vi står overfor eit meir krevjande trussel- og risikobilete, og vi blir utfordra av statar med tryggingspolitiske ambisjonar som ikkje samsvarer med våre nasjonale tryggingsinteresser. Større konfrontasjonsvilje hos ikkje-vestlege statar, russisk bruk av militærmakt og energi som våpen er døme på dette. Invasjonen av Ukraina har skapt varige endringar i forholdet mellom Russland og vestlege land.

Stormaktsrivalisering, rask teknologiutvikling og stadige endringar i den tryggingspolitiske situasjonen påverkar i stor grad det nasjonale trusselbiletet og utfordrar tryggleiken vår. Rolla vår som energileverandør og det at nordområda er strategisk viktige, gjer at Noreg er særleg utsett for etterretnings- og sabotasjeverksemd og annan uønskt aktivitet. Dette kjem fram i trussel- og risikovurderingane frå Etterretningstenesta, PST, NSM og DSB sine krisescenario.

Grensene mellom fred, krise og væpna konflikt er no mindre tydelege.

Politiets tryggingsteneste vurderer framleis at trusselen frå ekstrem islamisme og høgreekstremisme utgjer dei største terrortruslane mot Noreg.4 Dei er òg bekymra for negativ merksemd mot norske politikarar og tillitsvalde. Dette kan utfordre demokratiet fordi den samla belastninga kan føre til at enkelte trekkjer seg frå det politiske ordskiftet, ikkje tek attval eller avstår frå å stille til val.

Klima

Det blir meir ekstremt vêr, og klimapanelet i FN er tydelege på at auken i ekstremvêr kjem av klimaendringane. Hendingar som storm, nedbør, flaum og tørke vil auke i intensitet, og slike hendingar kan true liv og helse, materielle verdiar og kritisk infrastruktur i større grad enn før. Av dei ti største naturhendingane sidan 1980 har sju av dei skjedd etter 2010,5 og meir enn halvparten av kommunane har handtert ei alvorleg naturhending i løpet av dei siste to åra (Kommuneundersøkinga til DSB 2023). Sterk vind, skred og vatn på avvegar er det ein ser mest av. Handteringa av ekstremvêret «Hans» skal evaluerast. Noreg har gode ordningar for dei som er råka av hendinga.

Ekstreme hendingar som storm, nedbør, flaum og tørke vil bli kraftigare og ikkje så lette å planleggje for, og dermed true liv og helse, materielle verdiar og kritisk infrastruktur i større grad enn før. Eksisterande busetnad og kritisk infrastruktur vil bli meir utsett som konsekvens av både ekstremvêr og gradvise klimaendringar. Grenseoverskridande konsekvensar av klimaendringar kan påverke samfunnstryggleiken i Noreg. Tørke, ekstrem nedbør og flaum kan føre til matmangel, menneskeleg liding og økonomisk samanbrot i andre land, og dette kan føre til migrasjon og spreiing av sjukdommar. Befolkninga har varierande evne og vilje til å handtere desse utfordringane ifølgje befolkningsundersøkinga til DSB frå 2023 om medvit og åtferd knytt til eigenberedskap i befolkninga. T.d. er delen som svarer at dei har drikkevatn i behaldarar/flasker, høgare for dei over 60 år.

På lokalplanet må kommunane førebyggje dei mest alvorlege utfalla av klimaendringane, bl.a. gjennom god arealplanlegging. Lokale myndigheiter må òg kunne handtere alvorlege klimarelaterte hendingar.

Digital tryggleik

Stadig fleire verdiar som er viktige for nasjonal tryggleik, er digitaliserte og blir forvalta og behandla ved bruk av datasystem og internett. Digitalisering og teknologiutvikling fører til meir effektivisering og fornying, men det introduserer samstundes nye sårbarheiter og avhengnader. Den raske utviklingstakta og endringane i den tryggingspolitiske situasjonen gjer det stadig meir krevjande for både offentlege og private verksemder å halde oppe eit forsvarleg tryggingsnivå gjennom heile krisespennet.

Ei negativ side ved digitaliseringa er at vi blir meir sårbare for digitale angrep og både tilsikta og utilsikta hendingar. Samfunnet vårt er i dag heilt avhengig av at kritiske samfunnsfunksjonar fungerer. Det krev at digitale system som støttar opp under dei kritiske samfunnsfunksjonane, verkar overalt og heile tida. Digitale system og måten vi bruker dei på, blir stadig meir komplekse, og teknologiske endringar skjer raskt. Med eit meir krevjande trusselbilete og eit større tal på alvorlege digitale hendingar, er det desto viktigare med førebyggjande tryggingsarbeid.

Cyberoperasjonar som metode for m.a. etterretning og påverknad er forsterka av den nye tryggingspolitiske situasjonen som Russland sitt angrep på Ukraina har skapt. Slike operasjonar vil kunne gi høg effekt utan stor risiko for den som står bak. Statlege aktørar har vist ei evne til å bruke heile verkemiddelapparatet til staten for å oppnå politiske mål, gjennom såkalla samansett verkemiddelbruk.

Trygge lokalsamfunn

Regjeringa er oppteken av samfunnstryggleik der folk bur. Ekstremvêr, flaum, store ulukker, brann, epidemiar og bortfall av kritiske samfunnsfunksjonar, bl.a. straum, elektronisk kommunikasjon (ekom) og vegsamband, er døme på breidda i uønskte hendingar som kan ramme kommunar og fylke. På kommunalt og regionalt nivå har kommunane og fylka eit grunnleggjande ansvar for å vareta tryggleiken til befolkninga. God beredskap krev klare ansvarslinjer og lokal forankring og at ressursane som skal handtere hendingar, er tilgjengelege over heile landet. I Noreg er dei frivillige organisasjonane i redningstenesta ein viktig del av samvirket mellom dei offentlege og private ressursane. Utviklinga i utfordringsbiletet, med bl.a. fleire påkjenningar frå naturhendingar, stiller skjerpa krav til samfunnstryggingsarbeidet på lokalt og regionalt nivå. Sivilforsvaret er staten sin forsterkningsressurs og gir støtte til nød- og beredskapsetatane i heile krisespekteret. Brann- og redningsvesenet er den viktigaste tekniske ressursen til kommunane og gir rask bistand der folk bur.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til politiet er å handheve lov og orden, slik at samfunnet og innbyggjarane er trygge. Saman med andre aktørar skal politiet førebyggje kriminalitet og ulukker og agere raskt, kompetent og samordna når slike hendingar og naturhendingar likevel skjer. Resultata frå den årlege innbyggjarundersøkinga til politiet viser at innbyggjarar i heile landet oppgir at dei kjenner seg trygge i eige nærmiljø, i både små og store kommunar.

Rask respons kan berge liv, redusere skadeomfang eller bidra til å klare opp kriminalitet. Det er stilt krav til responstida til politiet for ekstraordinære hendingar, hendingar der liv er direkte trua og/eller der det er behov for rask innsats frå politiet. Politiet har nådd dei nasjonale krava for responstid sidan 2020.

1.5.2 Tiltak

Regjeringa meiner det lokale politiet i heile landet må styrkast. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 vart løyvinga til politiet auka med 555,2 mill. kroner. Av dette var 155,2 mill. kroner ekstraordinær priskompensasjon og 45 mill. kroner til å handtere auka innkomstar frå Ukraina. Regjeringa foreslår å vidareføre 355 mill. kroner av løyvinga som ei varig styrking av politiet. Midlane vil bidra til at politiet kan halde eit høgt aktivitets- og bemanningsnivå i heile landet. I tillegg foreslår regjeringa å auke løyvinga til politiet med 198 mill. kroner i 2024, til bl.a. å oppretthalde eit høgt bemanning- og aktivitetsnivå i politidistrikta, opprette ti nye tenestestader, og andre tiltak i tråd med lokalpolitiplanen.

Regjeringa greier ut eit lovforslag om å kriminalisere ulovleg påverknad av avgjerder eller den allmenne meiningsdanninga gjennom samarbeid med framand etterretningsteneste. Ei slik lovendring vil gjere det mogleg for PST å avdekke og straffeforfølgje verksemd som er eigna til å påverke politiske avgjerder og den allmenne meiningsdanninga.

Regjeringa vil òg følgje opp og revidere dei prioriterte tiltaka mot valdeleg ekstremisme og terror, som omfattar tilrådingar frå evalueringsutvalet etter 25. juni 2022 og tilrådingane frå Ekstremismekommisjonen når deira rapport vert lagd fram. For å auke kapasiteten i arbeidet med kontraterror, foreslår regjeringa å auke løyvinga til PST med 20 mill. kroner. Det blir òg foreslått å auke løyvinga med 52 mill. kroner til å styrke PST si verksemd for sikring av myndigheitspersonar. Forslaga er ei oppfølging av anbefalinga frå 25. juni-utvalets rapport.

Regjeringa foreslår 40 mill. kroner til arbeidet med forprosjekt for nytt Nødnett i DSB. Dagens Nødnett fungerer godt, men det er basert på utgåande teknologi og må på sikt bli erstatta med ei ny løysing for nød- og beredskapskommunikasjon for å halde ved lag og vidareutvikle beredskapen og handteringsevna til nød- og beredskapsetatane.

Telenor skal avvikla koparnettet sitt og erstatta dette med moderne IP-teknologi. Omlegginga inneber at komponentar i Nødnett må endrast eller bytast ut for at dagens teneste kan haldast oppe. Dette er eit omfattande arbeid som medfører vesentlege kostnader. Regjeringa foreslår at kostnadene dekkast av brukarane av Nødnett i 2024, med unntak av dei frivillige organisasjonane i redningstenesta. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 15 mill. kroner til å kompensere auka brukarbetaling for dei frivillige organisasjonane i redningstenesta.

Regjeringa har fremma eit forslag til lov om digital tryggleik for å ansvarleggjere verksemder og sikre at nasjonale tilrådingar blir gjennomførte. Krigen i Ukraina og eksplosjonane på gassrøyrleidningar i Austersjøen har på nytt vist kor viktig arbeidet med trygging er, og at digital tryggleik har ei viktig rolle. Vi har styrkt beredskapen mot digitale angrep som kan ramme petroleumssektoren eller andre kritiske verksemder. I tillegg er kraft og elektronisk kommunikasjon (ekom) døme på infrastrukturar der det er nødvendig med god digital motstandskraft.

For raskt å kunne nå ut til heile befolkninga med presis informasjon når alvorlege hendingar oppstår, har regjeringa i Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022), fremma ei rekkje tiltak, bl.a. etablering av ei mobiltelefonbasert befolkningsvarslingsteneste. Tenesta har namnet Nødvarsel og vart etablert ved årsskiftet 2022/2023 for å varsle alvorlege hendingar av nasjonal karakter. Frå sommaren 2023 kan alle politidistrikta bruke tenesta til å varsle lokalt og regionalt om alvorlege hendingar. Erfaringane med tenesta i samband med ekstremvêret «Hans» skal evaluerast.

1.6 Låg kriminalitet

Låg kriminalitet betyr at det i Noreg i liten grad skjer kriminelle handlingar, og at det er få alvorlege lovbrot.

1.6.1 Innleiing

Verksemder som er viktige for å ha låg kriminalitet, er politiet, domstolane, Den høgare påtalemakta, Spesialeininga for politisaker, kriminalomsorga og konfliktrådet. Låg kriminalitet krev samstundes innsats frå fleire aktørar i samfunnet. Det inneber verksemder som arbeider med eller har ansvar for tidleg førebygging av kriminalitet, som utdanningssektoren, barnevernet, helsesektoren, frivillige organisasjonar m.m.

Det er klare samanhengar mellom kriminalitet og alder, kjønn og ulike sosioøkonomiske faktorar. Spesielt unge menn utanfor arbeid og utdanning har klart større risiko for å utføre lovbrot enn resten av befolkninga. Det er òg ein samanheng mellom kriminalitet og geografi: Det er meir kriminalitet i byar. Skilnadene mellom byar og mindre stader har likevel blitt mindre over tid. Ulike økonomiske drivkrefter påverkar omfanget av kriminalitet, slik som arbeidsløyse og inflasjon.

Kriminaliteten i Noreg er i internasjonal samanheng låg, og det har vore ein trend mot mindre kriminalitet i Noreg dei siste tiåra. Trenden gjeld for både opplevd og meld kriminalitet.

1.6.2 Tilstandsvurdering

Omfang av kriminalitet mot den vaksne befolkninga

Kunnskap om mørketal, eller kriminalitet som ikkje blir meld til politiet, er viktig for å ha oversikt over det reelle omfanget av kriminalitet. Nasjonal tryggleiksundersøking kartlegg omfang av lovbrot retta mot den vaksne befolkninga. Undersøkinga vart første gong gjennomført i 2020 og er gjenteken i 2022 med spørsmål om lovbrot året før. 33 pst. av respondentane seier at dei vart utsette for minst eitt lovbrot eller ei lovbrotsliknande handling i 2022, noko som er langt høgare enn mengda kriminalitet som blir meld til politiet.6

Figur 1.7 Del av befolkninga (16–84 år) som meiner å ha vore utsette for ulike lovbrotstypar i løpet av det siste året, 2020 og 2022

Figur 1.7 Del av befolkninga (16–84 år) som meiner å ha vore utsette for ulike lovbrotstypar i løpet av det siste året, 2020 og 2022

Kjelde: Nasjonal tryggleiksundersøking

Yngre aldersgrupper oppgjer i langt større grad å ha vore utsette for ei rekke formar for kriminalitet, enn eldre aldersgrupper. Yngre personar er oftare utsette for seksuell vald enn eldre personar, og kvinner er langt oftare utsette for seksuell vald enn menn. I 2020 var samfunnet prega av nedstenging på grunn av covid-19-pandemien, noko som gjorde at det var færre arenaer der personar kunne bli utsette for seksuell vald. Denne faktoren, i tillegg til at nokre spørsmål om seksuell vald vart justert i den siste gjennomføringa av undersøkinga, kan forklare auka av dei som har blitt utsette for seksuell vald, frå 2 pst. i 2020 til 6 pst. i 2022. I ein studie av omfang av vald og overgrep i befolkninga, som er gjennomført av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS), melde over ein av fem kvinner at dei hadde opplevd valdtekt ved makt, tvang eller sovevaldtekt minst ein gong i løpet av livet.

Innanfor digitale vinningslovbrot er bedrageri ved kjøp og sal av varer og tenester over internett det klart vanlegaste. For fysiske lovbrot er sykkeltjuveri framleis det vanlegaste. Det er ein klar samanheng mellom storleiken på det økonomiske tapet og om lovbrotet vart meldt eller ikkje.

Hatkriminalitet er lovbrot som er motiverte av negative haldningar til religion, etnisitet, seksualitet, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk eller funksjonsevne. Omtrent 2 pst. melder å ha blitt utsett for hatkriminalitet i 2022.

Vald og overgrep mot barn og unge

Unge personar blir i langt større grad utsette for, melde og sikta for lovbrot enn eldre. Aldersfordelinga er spesielt skeiv for vald og seksuelle overgrep. Kvinner er utsette for seksuell vald i langt større grad enn menn, og dette gjeld spesielt for unge. Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) har undersøkt omfanget av erfaringar med vald og seksuelle overgrep blant barn og unge i Noreg i alderen 12–16 år, sjå figuren nedanfor. Gutar og jenter rapporterte å ha vore utsette for fysisk vald i like stor grad, både alvorlege og mindre alvorlege former for vald. Jenter opplever seksuelle krenkingar eller overgrep betydeleg oftare enn gutar.

Figur 1.8 Delen barn som har vore utsette for fysisk vald, seksuelle krenkingar og/eller overgrep i løpet av det siste året, 2018

Figur 1.8 Delen barn som har vore utsette for fysisk vald, seksuelle krenkingar og/eller overgrep i løpet av det siste året, 2018

Kjelde: NKVTS 2019

Dei fleste som har vore utsette for ein type vald eller overgrep, har òg opplevd andre former for vald og overgrep. Over halvparten av ungdommane som hadde vore utsette for fysisk vald i oppveksten, hadde òg vore utsette for psykisk vald. Jenter rapporterte oftare enn gutar å ha vore utsette for fleire typar vald. Av dei ungdommane som melde å ha blitt utsette for seksuelle krenkingar eller overgrep frå jamgamle, har dei fleste erfart fleire slike hendingar i løpet av oppveksten.

Omfang av økonomisk kriminalitet mot verksemder

Eit kjenneteikn ved saker om økonomisk kriminalitet er at sakene ofte manglar ytre kjenneteikn som klart viser at det er tale om lovbrot. Det er ingen klar fornærma, sidan offeret for økonomisk kriminalitet gjerne er offentlege myndigheiter, ei heil næring eller ein marknad, og i verste fall samfunnet generelt.

I nasjonal omfangsundersøking av økonomisk kriminalitet melde 17 pst. av verksemdene i privat, offentleg og ideell sektor med fem eller fleire tilsette at dei hadde blitt utsette for økonomisk kriminalitet i løpet av 2021. Om lag 9 pst. av verksemdene med færre enn fem tilsette svarte det same. Det heng truleg saman med at større verksemder er meir økonomisk attraktive som offer. Det er større verdiar i omløp, og dei gjennomfører langt fleire transaksjonar enn mindre verksemder. Verksemder innanfor finans- og forsikringsbransjen er klart mest utsette for økonomisk kriminalitet. Omtrent 40 pst. innanfor desse verksemdene rapporterte å ha blitt utsette for økonomisk kriminalitet i 2021. Samstundes er det òg desse verksemdene som i størst grad har sett i verk tiltak mot økonomisk kriminalitet i organisasjonen.

Figur 1.9 Delen verksemder utsette for økonomisk kriminalitet i løpet av det siste året, 2021

Figur 1.9 Delen verksemder utsette for økonomisk kriminalitet i løpet av det siste året, 2021

Kjelde: Nasjonal omfangsundersøking av økonomisk kriminalitet

Dei største verksemdene oppgir å vere langt meir utsette for bedrageri, datainnbrot og korrupsjon enn dei mindre verksemdene. 75 pst. av verksemdene med fem eller fleire tilsette som har blitt utsette for bedrageri, melde at falsk avsendar er den mest brukte metoden i dei siste tilfella av dette. Blant verksemdene som har opplevd datainnbrot, melde 30 pst. at datasnoking og introduksjon av skadeleg programvare er dei metodane som i flest tilfelle vart nytta når dei sist var utsette for dette i 2021.

1.6.3 Tiltak

Ein stor del av kriminaliteten i Noreg har eit internasjonalt tilsnitt, anten kriminaliteten blir gjord heilt eller delvis av utanlandske borgarar i Noreg eller av personar frå utlandet. Organisert kriminalitet går igjen som ein viktig drivar på tvers av ulike kriminalitetsområde. Som det kjem fram av trusselvurderinga til politiet, vurderer dei at organisert kriminalitet og kriminelle nettverk utgjer ein stor samfunnstrussel.

Førebygging av vald og overgrep er noko regjeringa prioriterer høgt, og derfor blir det lagt fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Arbeidet med å førebyggje og kjempe mot internettrelaterte overgrep mot barn inngår i opptrappingsplanen. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til politiet med 85 mill. kroner. Løyvinga skal gå til å auke kapasiteten i politidistrikta til å avdekke og rettsforfølgje internettrelaterte overgrep mot barn. Det er òg behov for å etablere ein metodikk i politidistrikta for å førebyggje og oppklare vald i nære relasjonar og verne valdsutsette. Regjeringa foreslår samstundes å greie ut korleis målgruppa til barnehusa kan bli utvida til å gjelde mistenkte barn. Det skal òg utviklast eit undervisningsopplegg for tilsette i justissektoren.

Fleirtalet av barn og unge er lovlydige og er aldri eller sjeldan i kontakt med aktørar i straffesakskjeda. Likevel har det vore ein auke i den registrerte kriminaliteten blant unge under 18 år dei siste seks–sju åra. Unge som er involverte i gjenteken kriminalitet, står for ein betydeleg del av lovbrota. Det å hindre at unge bryt lova, i tillegg til å sørge for at unge ikkje er involverte i gjenteken og/eller alvorleg kriminalitet, er heilt sentralt for å halde det totale kriminalitetsnivået lågt. Unge som utfører kriminalitet, har oftare dårlegare levekår enn andre, og det å førebyggje ny kriminalitet vil ha mykje å seie for livsutsiktene og dei framtidige levekåra. Regjeringa har fremma Prop. 139 L (2023–2024) med forslag til endringar i dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging og foreslår 19,3 mill. kroner frå 2024 som skal gå til å gjennomføre endringane og forbetre ungdomsreaksjonane.

Det er eit mål for regjeringa at barn ikkje skal sitje i fengsel saman med vaksne. Kriminalomsorga har to landsdekkande ungdomseiningar med høvesvis fire plassar kvar for innsette mellom 15 og 18 år. Då det tidvis har vore fleire mindreårige innsette enn kva det er plass til i ungdomseiningane, foreslår regjeringa 10,7 mill. kroner til å utvide Ungdomseining aust på Eidsvoll med to plassar.

Sidan starten av 2000-talet har det vore ein nedgang i talet på etterforska lovbrot som gjeld økonomisk kriminalitet. Samstundes har delen saker som blir lagde bort, auka til i overkant av 40 pst. 17 pst. av verksemdene med fem eller fleire tilsette melde at dei hadde blitt utsette for økonomisk kriminalitet i løpet av 2021. Økonomisk kriminalitet utgjer alvorlege truslar for enkeltpersonar, bedrifter, lokalsamfunn og finansieringa av velferdsstaten. Regjeringa vil styrke arbeidet mot slik kriminalitet og vil innan utgangen av 2023 fremme ei stortingsmelding som skal utvikle politikken på dette feltet. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til politiet med 50 mill. kroner, som skal nyttast til å styrke innsatsen mot økonomisk kriminalitet.

1.7 Kontrollert og berekraftig innvandring

Innvandringa til Noreg blir regulert i samsvar med utviklinga i verda kring oss og politiske vedtak. Det blir lagt til rette for lovlege rørsler over landegrensene. Noreg varetek rettstryggleiken til utlendingar og den enkelte sitt behov for vern, samstundes som tryggleiken i landet blir bevart.

1.7.1 Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet har det overordna ansvaret for å forme ut og samordne innvandringspolitikken, med eit særskilt ansvar for bl.a. vern (asyl), familieinnvandring, visum, bortvising, utvising og kontroll. Det sentrale juridiske rammeverket som regulerer innvandringa til Noreg er utlendingslova, den europeiske menneskerettskonvensjonen, flyktningkonvensjonen og ei rekkje internasjonale forpliktingar i samband med EØS-avtalen, Schengen- og Dublin-samarbeidet og FN.

Dei operative oppgåvene som saksbehandling og kontroll blir utførte i Utlendingsdirektoratet (UDI), Utlendingsnemnda (UNE), i Utlendingsforvaltningas fageining for landinformasjon (Landinfo), i Politidirektoratet (POD) og dei underliggjande einingane deira og i Politiets tryggingsteneste (PST).

Andre departement med særleg ansvar innan utlendingsforvaltninga er Arbeids- og inkluderingsdepartementet (arbeidsinnvandring, innvandring frå EØS-land, busetjing, statsborgarskap og samordning av integreringspolitikken), Barne- og familiedepartementet (omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkarar under 15 år) og Utanriksdepartementet (samarbeid med opphavsland og utanriksstasjonar som førstelinje for søknader om visum og opphald).

1.7.2 Tilstandsvurdering

Innvandringa til Noreg

Figuren nedanfor viser utviklinga i talet på personar som innvandra til Noreg dei siste åra, fordelt etter innvandringsgrunn. 75 000 personar innvandra til Noreg i 2022.7 Om lag 73 pst. av desse kom frå Europa, nesten 12 pst. var arbeidsinnvandrarar, om lag 22 pst. var familieinnvandrarar og minst 48 pst. kom til Noreg som flyktningar.

Figur 1.10 Innvandringar til Noreg etter innvandringsgrunn og år

Figur 1.10 Innvandringar til Noreg etter innvandringsgrunn og år

Kjelde: SSB

Familieinnvandring har dei siste åra utgjort om lag ein tredjedel av innvandringa til Noreg. Søknader om familieinnvandring utgjer om lag ein sjettedel av opphaldssakene som kjem inn til UDI. Dei største gruppene som har fått innvilga søknad om familieinnvandring til Noreg dei seinaste åra, er personar frå India, Syria og Eritrea.

Om lag 40 pst. av dei som innvandra til Noreg dei seinaste åra, kom på grunn av arbeid. Ansvaret for arbeidsinnvandringspolitikken ligg til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Sjå meir om arbeidsinnvandringspolitikken til regjeringa i Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Saker om vern (asyl)

Alle som kjem til grensa til Noreg og viser til at dei er forfølgde etter flyktningkonvensjonen, eller som ikkje kan vende tilbake til heimlandet fordi dei der vil risikere dødsstraff, tortur eller umenneskeleg eller fornedrande behandling eller straff, har rett til å søke om vern. Ifølgje FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) var det over 35 mill. flyktningar i verda ved utgangen av 2022.8 I tillegg var det over 62 mill. menneske på flukt i eige land. Særleg pga. krigen i Ukraina, men òg pga. andre rørsler i verda, har begge kategoriane auka med fleire millionar i 2022, slik at talet på tvangsfordrivne no har passert 100 millionar. Noreg samarbeider med UNHCR og enkelte andre organisasjonar om overføring av flyktningar til Noreg frå aktuelle vertsland. Formålet er både å gi vern til flyktningar og å avlaste vertsland. Det blir fastsett ein årleg kvote for uttak av overføringsflyktningar og annan type byrdedeling.

Noreg skal vere ein pådrivar for at rettane til barn på flukt blir varetekne. Når ein vurderer om søkaren skal anerkjennast som flyktning, blir det teke særskilt omsyn til om søkaren er barn. I nokre saker kan ein gi opphaldsløyve medan vilkåra for vern ikkje er oppfylte, ut ifrå særlege medmenneskelege omsyn. Barn kan i desse tilfella få opphald sjølv om situasjonen deira ikkje er så alvorleg at ein vaksen ville fått opphaldsløyve.

Figuren nedanfor viser utviklinga i talet på søknader om vern, innkomstar av overføringsflyktningar og av relokaliserte asylsøkarar (myndigheitsstyrt overføring av asylsøkarar til Noreg frå andre land) sidan 2015.

Figur 1.11 Talet på asylsøkarar, innkomstar av overføringsflyktningar og mottak av relokaliserte asylsøkarar 2015–juni 2023

Figur 1.11 Talet på asylsøkarar, innkomstar av overføringsflyktningar og mottak av relokaliserte asylsøkarar 2015–juni 2023

Kjelde: UDI

I perioden 2016 til 2021 var talet på asylsøkarar til Noreg lågt samanlikna med i 2015. Talet på asylsøkarar i 2020 og 2021 var særleg lågt pga. covid-19-pandemien. I perioden 2018–2021 fekk rundt 77 pst. vern av dei som fekk saka si vurdert. I 2022 fekk 81 pst. av dei ordinære asylsøkarane vern. Det tilsvarande talet for EU samla i 2022 var rundt 49 pst. Talet på asylsøkarar til Noreg auka vesentleg i 2022, i hovudsak som følgje av krigen i Ukraina. Det har òg vore ein auke i talet på asylsøkarar frå andre land. I 2022 vart det registrert 4 090 asylsøknader frå ikkje-ukrainske statsborgarar, om lag 2 400 fleire enn i 2021. Innkomsttalet er likevel lågt samanlikna med åra før 2015. Per 30. juni er det registrert 1 590 asylsøknader frå ikkje-ukrainske statsborgarar til Noreg i 2023. Dei største ikkje-ukrainske søkargruppene til Noreg dei seinaste åra er personar frå Syria, Afghanistan, Eritrea og Tyrkia.

Krigshandlingane til Russland har drive millionar av ukrainarar frå heimlandet, den største flyktningstraumen i Europa sidan 2. verdskrigen. Frå krigens utbrot til utgangen av juni 2023 hadde over 4,4 millionar ukrainarar fått midlertidig beskyttelse i EU-landa, samt Noreg, Island, Sveits og Liechtenstein.9 Den internasjonale organisasjonen for flyktningar anslo i mai 2023 at om lag 40 pst. av befolkninga i Ukraina har behov for humanitær støtte.10 I ein massefluktsituasjon opnar utlendingslova for at det kan innførast ei ordning med mellombels kollektivt vern. Regjeringa sette i verk denne ordninga for fordrivne frå Ukraina i mars 2022. Det er stor uvisse om korleis krigen i Ukraina utviklar seg. Ut frå tidlegare erfaringar frå 1990-talet med mellombels kollektivt vern er det grunn til å tru at færre ukrainarar ønskjer å reise tilbake til Ukraina jo lenger krigen varer.11

Noreg tok imot om lag 35 500 asylsøknader frå ukrainarar i 2022, og 33 500 personar fekk innvilga løyve om mellombels kollektivt vern. Per 30. juni har Noreg teke imot om lag 14 000 asylsøknader frå ukrainarar i 2023, og ca. 13 700 personar har fått innvilga løyve om mellombels kollektivt vern. Handteringa av fordrivne frå Ukraina har kravd stor innsats frå utlendingsforvaltninga, og det vil fortsetje å krevje stor innsats i tida framover. I planlegginga av statsbudsjettet for 2024 legg regjeringa til grunn at 20 000 fordrivne frå Ukraina vil komme til Noreg i 2024, og at dei aller fleste som har fått mellombels kollektivt vern i Noreg, ikkje returnerer i 2024. Sjå òg omtale av handteringa av innkomstar av fordrivne frå Ukraina i Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Identitetsfastsetjing og retur av personar utan lovleg opphald

Å kjenne identiteten til personar som oppheld seg i Noreg, er viktig for at utlendingsmyndigheitene skal gjere riktige vedtak i utlendingssaker. At utlendingsmyndigheitene i størst mogleg grad registrerer rett identitet på personar, gir større tryggleik for anna offentleg forvaltning, og det er ein føresetnad for å nå målet om kontrollert innvandring. Det at ein fastset korrekt identitet, er saman med korrekt behandling av saker utan ugrunna opphald føresetnader for å vareta rettstryggleiken for dei som søker om vern og anna opphald i Noreg.

For nokre søkarar er det vanskeleg å skaffe papir som i tilstrekkeleg grad kan dokumentere identitet og familierelasjon. Frå april 2021 vart det teke foto og fingeravtrykk av alle som søker om opphald i Noreg. Dei biometriske dataa blir lagra i utlendingsregisteret. Dette betrar identitetskontrollen og gjer det vanskelegare å ha fleire identitetar i Noreg.

Dei som ikkje har gyldig opphaldsgrunnlag, skal returnere til heimlandet eller eit annet land der dei har lovleg opphaldsgrunnlag. Talet på returar har blitt gradvis redusert dei siste åra, jf. figuren nedanfor. Returar til ei rekkje land vart mellombels stansa i 2020 og 2021 pga. covid-19-pandemien.

Figur 1.12 Talet på assisterte returar og tvangsreturar 2015–juni 2023.

Figur 1.12 Talet på assisterte returar og tvangsreturar 2015–juni 2023.

Talet for 2022 er ekskludert om lag 100 saker, som gjeld bortvisingar etter mellombels lov om innreiserestriksjonar for utlendingar av omsyn til folkehelsa

Kjelder: PU og UDI

Færre returar dei siste åra heng saman med nedgangen i talet på asylsøkarar til Noreg frå 2016 til 2021. Samla har målgruppa for retur i denne perioden blitt mindre, men ho har òg blitt meir utfordrande. Ein stor del av utreisepliktige har no opphalde seg i landet over lang tid, har familie med opphald i Noreg eller særskilde behov som gjer returarbeidet vanskelegare. Fleire har òg uavklart identitet og statsborgarskap. Vidare er nokre land meir krevjande å returnere personar til enn andre. Det er stor uvisse om korleis krigen i Ukraina og den høge innkomsten av asylsøkarar vil påverke returarbeidet i åra framover.

1.7.3 Tiltak

Det er svært uvisst korleis situasjonen i Ukraina vil utvikle seg framover. Regjeringa vil med løyvingsforslaget sitt leggje til rette for å handtere fordrivne frå Ukraina, både dei som har komme til nå, og dei som ut frå prognosen som ligg til grunn for budsjettet, er forventa å komme i 2024. Regjeringa foreslår å vidareføre mellombels auke i løyvinga til administrativ kapasitet i politiet, UDI og IMDi på til saman 362,6 mill. kroner. Løyvinga skal bidra til å handtere auka oppgåvemengd som følgje av høge innkomstar frå Ukraina. I tillegg foreslår regjeringa å vidareføre større ramme for overskridingsfullmakt til innkvartering av asylsøkarar, jf. Prop. 1 S og Innst. 16 S (2022–2023). Ein fullstendig gjennomgang av budsjettkonsekvensane av innkomstar frå Ukraina, medrekna justering av andre budsjettpostar som blir påverka, vil på vanleg måte bli gjord i samband med revidert nasjonalbudsjett. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.90.

Ekstraordinære hendingar dei seinaste åra har sett utlendingsforvaltninga under press. Talet på ubehandla saker og klagar har auka år for år i lang tid. Behandlingstida for nokre saker, bl.a. enkelte familieinnvandringssaker, er lengre enn det som er ønskeleg. Regjeringa er oppteken av at søkarar raskt skal få avklart om dei har krav på opphald eller ikkje. Dette er òg eit premiss for effektivt integreringsarbeid. Departementet jobbar no med fleire regelverksforenklingar som skal leggje til rette for meir effektiv saksbehandling. På sikt vil modernisering av IT-systema i utlendingsforvaltninga bidra til raskare saksavvikling.

Regjeringa meiner at talet på overføringsflyktningar må sjåast i samanheng med talet på asylsøkarar. Krigen i Ukraina har medført ein stor auke i talet på asylsøkarar, i tillegg til at Noreg bidrar til å ta imot medisinsk evakuerte ukrainarar og å overføre personar på flukt frå nærområda til Ukraina. Derfor foreslår regjeringa å redusere kvoten for overføringsflyktningar frå 2 000 plassar i 2023 til 1 000 plassar i 2024. Plassane på kvoten kan nyttast til å ta imot overføringsflyktningar eller annan type byrdedeling. Regjeringa vil prioritere sårbare grupper som kvinner og barn, og LHBTI-personar, blant kvoteflyktningar som blir fremma av UNHCR. Regjeringa meiner at den årlege kvoten må sjåast i samanheng over år i den forstand at det er rom for noko fleksibilitet over tid. T.d. gjeld dette ved uventa hendingar og særskilde praktiske utfordringar. Ubrukte plassar blir overførte frå eit år til det neste, og om det blir nytta fleire plassar enn kvoten, skal kvoten for neste år bli redusert tilsvarande.

Regjeringa held fram innsatsen for å betre forhalda for menneske på flukt og lokalsamfunna som tek imot flyktningar og fordrivne. Formålet er at både flyktningar, fordrivne og lokalsamfunna dei bur i, skal bli mindre sårbare, og at det skal leggjast til rette for meir berekraftige løysingar. Støtte til vertssamfunn for fordrivne kan òg bidra til å redusere sosiale og politiske spenningar i langvarige flyktningsituasjonar og på sikt motverke irregulær migrasjon. Med denne innsatsen ønskjer regjeringa å utvikle samspelet mellom humanitær støtte, utviklingsbistand og fredsinnsats på migrasjonsfeltet. Sjå òg omtale av solidaritetspotten i Prop. 1 S (2023–2024) for Utanriksdepartementet.

For å sikre at dei som ikkje får opphald i Noreg, overheld utreiseplikta, er det viktig at dei involverte instansane i forvaltninga jobbar heilskapleg med returarbeidet. Dessutan er det viktig at returen blir gjennomført effektivt, og at forvaltninga samarbeider med transitt- og opphavsland. Departementet har derfor utarbeidd ein ny returstrategi for perioden 2023–2029, for å sikre framleis godt og heilskapleg returarbeid. Strategien følgjer opp nasjonalt og europeisk returarbeid og vidarefører arbeidet med å betre samarbeidet med sentrale transitt- og opphavsland om migrasjon og retur, inkludert varig retur, t.d. gjennom tiltak for reintegrering i heimlandet.

1.8 Godt forvalta polarområde

Med godt forvalta polarområde meiner ein at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk. Desse omhandlar bl.a. å bevare ro og stabilitet, å bevare natur og å halde oppe eksisterande norske samfunn i desse områda.

Justis- og beredskapsdepartementet er det overordna departementet for Sysselmeisteren på Svalbard. Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa og er både politimeister og statsforvaltar.

Longyearbyen lokalstyre får tildelt løyvingane sine over svalbardbudsjettet. Oppgåvene til lokalstyret svarer på fleire felt til dei oppgåvene ein kommune har på fastlandet.

På svalbardbudsjettet blir det løyvd midlar til fleire statlege aktørar, som er fagleg styrte av dei respektive fagdepartementa. I tillegg har ei rekkje andre statlege aktørar verksemd på Svalbard som blir finansiert utanfor svalbardbudsjettet.

Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer drifta av og har budsjettansvaret for Samfunnet Jan Mayen. Samfunnet Jan Mayen er ein del av Cyberforsvaret, som er ei avdeling i Forsvaret. I tillegg har fleire statlege verksemder ansvar for eller verksemd på Jan Mayen.

Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for koordineringa av norsk politikk for Jan Mayen, Bouvetøya og dei norske bilanda Dronning Maud Land og Peter I Øy i Antarktis.

1.8.1 Tilstandsvurdering og tiltak

Aktiviteten på og rundt Svalbard aukar. Longyearbyen veks og har i dag om lag 2 500 innbyggjarar. Det er 36 pst. utanlandske borgarar i Longyearbyen. Bl.a. som følgje av befolkningsveksten er det press på infrastrukturen i Longyearbyen. Veksten i næringslivsverksemd, særleg innan reiselivsnæringa, fører òg til press på naturmiljøet, infrastruktur, redningsressursar og helseberedskapen.

Regjeringa vil leggje frem ei stortingsmelding om Svalbard i 2024. Utviklinga dei siste åra med klimaendringar og meir aktivitet har medført nye utfordringar for Svalbard. Den nye stortingsmeldinga om Svalbard skal leggje grunnlag og føringar for aktivitet på, og forvaltning av Svalbard i tida framover, innanfor måla for svalbardpolitikken.

Oppryddinga av Svea går etter planen og vil vere ferdig hausten 2023.

Svalbard er hardt råka av klimaendringane. Bl.a. har faren for ekstremvêr og skred auka. Regjeringa foreslår å løyve midlar i 2024 for å gjere ferdig skredsikringa i Vannledningsdalen i Longyearbyen.

Longyearbyen lokalstyre har ansvar for energiproduksjon i Longyearbyen. Lokalstyret planlegg å leggje ned kolkraftverket i 2023/2024 og erstatte det med dieselkraft. Ein skal gradvis og forsvarleg fase inn meir fornybar energi på sikt.

Justis- og beredskapsdepartementet har hatt på høyring forslag til forskrift om å innføre beredskapslova på Svalbard.

Hovudbygget på Jan Mayen vart oppført tidleg på 1960-talet, med ei levetid rekna til 10 år. Den eksisterande bygningsmassen er i dårleg stand. Forsvarsdepartementet er ansvarleg for prosjektet med nytt hovudbygg.

Norsk Polarinstitutt, underlagt Klima- og miljødepartementet, driv forsking i Antarktis. Instituttet har heilårsdrift på forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land og driv tokt i Sørishavet. Stasjonen nærmar seg slutten av levetida si. Regjeringa har vedteke konsept for det vidare arbeidet med oppgradering av stasjonen.

Regjeringa har starta arbeidet med å revidere bilandsregelverket.

1.9 Godt og tilgjengeleg lovverk

Eit godt og tilgjengeleg lovverk er eit lovverk som både varetek viktige prinsipp i ein rettsstat – som rettstryggleik og respekt for grunnleggjande rettar – og som bidrar til å fremme måla bak dei enkelte delane av lovverket. Eit godt og tilgjengeleg lovverk skal gi uttrykk for rettar og plikter på ein klar måte og fremme føreseielege løysingar, og det skal vere enkelt å finne fram til dei relevante lovene. Det skal bidra til vekst og verdiskaping for befolkninga og næringslivet og til at offentlege organ effektivt kan utøve makt og yte tenester på ein god og framtidsretta måte.

1.9.1 Innleiing

Gode og fornuftige lover og reglar påverkar åtferd og medverkar til å hindre og løyse konfliktar. Rettsreglane skal vareta viktige prinsipp i ein rettsstat, som rettstryggleik og respekt for grunnleggjande rettar. Dette er spesielt viktig når det gjeld reglar som opnar for inngrep overfor den enkelte, som straffelovgivinga, men slike grunnleggjande prinsipp må varetakast i andre regelverk òg.

Det er Stortinget som vedtek, endrar og opphevar lovene i Noreg, men regjeringa speler ei nøkkelrolle i lovprosessen. Det er som oftast regjeringa som fremmar lovforslag for Stortinget, og lovforslaga er då utarbeidde av det departementet som har ansvaret for det aktuelle området. Alle lovforslaga skal formast ut i tråd med utgreiingsinstruksen og med utgangspunkt i rettleiinga «Lovteknikk og lovforberedelse» frå Lovavdelinga. Dette er sentrale utgangspunkt for å sikre god kvalitet på lovene og at relevante omsyn og konsekvensar blir vurderte og varetekne.

Lovgivinga må vere av god kvalitet dersom ein skal oppnå dei formåla lovene er meint å vareta. Meininga bak lovføresegnene bør komme tydeleg fram, og lovteksten bør vere tilgjengeleg for flest mogleg. Dette oppnår ein typisk ved å byggje opp lovene og dei enkelte paragrafane på ein logisk og oversiktleg måte, tilpasse dei godt til andre regelverk og bruke eit tydeleg og forståeleg språk. Lovverket bør vere forma ut teknologinøytralt der dette er mogleg og naturleg.

Eit godt lovverk bør ikkje vere for omfattande, og det bør ikkje innehalde reglar som det ikkje lenger er behov for, eller for mange detaljreglar. Eit sentralt spørsmål er kva som skal regulerast i lov, og kva som heller bør følgje av forskrift. Tidlegare hadde mange lover vide og generelle forskriftsheimlar, og dette finn ein framleis i enkelte lover, men ei slik fullmaktslovgiving høyrer i mindre grad heime i eit godt og tilgjengeleg lovverk i dag.

1.9.2 Tilstandsvurdering og tiltak

Eit klart og forståeleg regelverk

Lovverket i Noreg er langt meir tilgjengeleg og forståeleg enn i mange andre land, når det gjeld både språk og struktur. Lovtekstane er gjennomgåande relativt kortfatta, og detaljane finn ein i all hovudsak i forskriftene. Store delar av lovverket har i seinare tid blitt bytt ut med nye lover, og ein har dermed fått eit meir moderne og oppdatert lovspråk. Alle lover og forskrifter er gratis tilgjengelege elektronisk på lovdata.no.

Det vil likevel alltid vere høve til forbetringar sjølv for eit slikt gjennomgåande godt lovverk som det norske må seiast å vere, og regjeringa vil arbeide for at regelverket skal bli endå betre og meir tilgjengeleg. Reglar som er retta mot næringslivet, skal t.d. formast ut enklast mogleg.

Eit klart og forståeleg regelverk er ein føresetnad for rettstryggleik for den enkelte. Klare og forståelege reglar er t.d. eit nødvendig grunnlag for å sikre at forvaltninga sine avgjerder og inngrep overfor den enkelte blir baserte på eit riktig rettsleg grunnlag, for at den enkelte kan føresjå kva tiltak forvaltninga kan setje i verk, og for ein effektiv kontroll av domstolane. Menneskerettane stiller òg krav til klare reglar der desse skal gi grunnlag for inngrep i rettane til den enkelte.

Det er avgjerande for å kunne sikre eit klart og forståeleg regelverk at ein har gode grunnlagsdokument som legg rammer for regelverksarbeidet til forvaltninga, som rettleiinga «Lovteknikk og lovforberedelse». Denne rettleiinga er no under revisjon og vil etter kvart komme i ny utgåve.

God gjennomføring av internasjonale plikter

Lovverket blir stadig meir omfattande. Dette kjem i stor grad av gjennomføring av EØS-regelverk, og det gjeld både formelle lover og forskrifter. Ein viktig del av eit godt og tilgjengeleg lovverk er at internasjonale plikter er gjennomførte på ein klar og forståeleg måte. Det kan vere særleg utfordrande å sørge for at internasjonale plikter er klare og forståelege, bl.a. fordi det er ulike tradisjonar for regelutforming i Noreg og utlandet. Når EØS-rettsakter skal gjennomførast, kan t.d. omsynet til å forme ut reglar på ein måte som er tilpassa norske forhold, og som harmonerer med norsk lovgiving elles, stå i motstrid med omsynet til nøyaktig og fullstendig gjennomføring og ein einsarta rettstilstand. Dersom vage eller fleirtydige reglar skal gjennomførast, må omsynet til korrekt gjennomføring vegast opp mot omsynet til klare reglar. Regjeringa vil arbeide for at lovverket balanserer desse omsyna på ein god måte. I tilfelle der regelverk må gjennomførast i norsk rett utan omarbeiding (inkorporasjon), slik som t.d. EØS-forordningar, kan ikkje reglane tilpassast på same måte. Det blir arbeidd med å finne løysingar for å gjere regelverket meir tilgjengeleg i slike tilfelle òg.

Justis- og beredskapsdepartementet arbeider generelt for å medverke til at internasjonale plikter blir gjennomførte på ein god måte, både på eigne ansvarsområde og gjennom hjelp med lovarbeid i andre departement. I tillegg er departementet med i internasjonale forum der sentralt regelverk blir forma ut, og søker såleis å medverke til utforminga av internasjonalt regelverk.

Forholdet til EØS-retten skal, der det er aktuelt, vurderast grundig i samband med førebuinga av nye lover og anna regelverk. Handlingsrommet i EØS-avtalen skal utnyttast. Forholdet til Grunnlova og menneskerettane skal òg vurderast grundig ved førebuing av nytt regelverk. Eksisterande lovgiving må dessutan kontinuerleg vurderast for å sikre at ho framleis er i samsvar med menneskerettskonvensjonane og EØS-retten, særleg i samband med at det kjem nye dommar frå Den europeiske menneskerettsdomstolen, Efta-domstolen og EU-domstolen.

Eit framtidsretta lovverk

Eit godt lovverk må vere framtidsretta og i takt med utviklinga og nye behov, og det må ta høgd for bruk av moderne teknologi.

Regjeringa vil medverke til at regelverket blir teknologinøytralt og legg til rette for digitalisering og bruk av kunstig intelligens på område der dette er aktuelt, samstundes som ein varetek personvernet og andre grunnleggjande rettar. Justis- og beredskapsdepartementet tek aktivt del i forhandlingar i Europarådet om ein konvensjon om kunstig intelligens. Regelverket bør leggje til rette for innovasjon og digitalisering i næringslivet, t.d. når det gjeld låg- og nullutsleppsløysingar og bruk av kunstig intelligens, stordata og autonome system. Spørsmålet om automatisert saksbehandling er eit sentralt moment i arbeidet med ei ny forvaltningslov. Eksisterande reglar bør endrast og gjerast enklare der utviklinga gir høve til å vareta dei aktuelle omsyna på ein mindre inngripande eller meir effektiv måte.

Ei ny finansavtalelov, som i langt større grad enn den tidlegare lova legg til rette for digitale løysingar, er eit døme på eit nyleg lovarbeid for å tilpasse lovverket til ein ny digital kvardag. Lova tok òg til å gjelde 1. januar 2023. Eit anna døme her er eit forslag om at påtalemakta skal kunne påleggje elektronisk kontroll, såkalla omvend valdsalarm, ved besøksforbod. Det vart lagt fram forslag om dette i Prop. 128 L (2022–2023) Endringer i straffeprosessloven mv. (elektronisk kontroll av besøksforbud).

Eit framtidsretta regelverk må ha eit innhald som er tilpassa endringar i samfunnet. Lovverket er eit verkemiddel for å oppnå og reflektere ønskte samfunnsendringar, og det blir og har blitt arbeidd med ei rekkje lovsaker som illustrerer dette. Dette gjeld t.d. arbeidet med endringar i reglane om seksuallovbrot. Straffelovrådet har gått samla gjennom reglane i straffelova om seksuelle krenkingar, bl.a. straffebodet om valdtekt, og dei leverte 19. desember 2022 utgreiinga NOU 2022: 21 Strafferettslig vern av den seksuelle selvbestemmelsesretten, som i etterkant var på høyring fram til 13. april 2023. Departementet vil følgje opp høyringa og fremme nødvendige lovforslag til Stortinget. Dette vil omfatte ei endring av straffebodet om valdtekt, slik at ordlyden speglar at seksuell omgang utan samtykke er forbode og definert som valdtekt.

Truslane mot nasjonal tryggleik har òg endra seg og blitt meir alvorlege dei seinare åra. Regjeringa har sett i gang eit arbeid for å vurdere regelverket på fleire punkt, bl.a. for å vurdere om Politiets tryggingsteneste har tilgang til den nødvendige informasjonen for å utføre samfunnsoppdraget sitt på ein god måte. Regelverket må vareta både personvernet og rettstryggleiken til den enkelte borgaren og omsynet til å tryggje demokratiet og fellesskapet sine interesser.

Det er viktig at lover blir forma ut slik at dei òg kan nyttast i unormale tider, og for å kunne møte nye former for kriser. Både koronapandemien og situasjonen med mange fordrivne frå Ukraina har likevel vist at det òg kan vere behov for å utarbeide nye lover og forskrifter og å tilpasse eksisterande regelverk til den aktuelle situasjonen.

1.10 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor gir departementet ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Justis- og beredskapsdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2022–2023, og dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen ved behandling av Meld. St. 4 (2022–2023), jf. Innst. 186 S (2022–2023) meinte ikkje var følgde opp. I enkelte tilfelle kan oppfølginga av vedtaka vere meir omfattande forklart under det aktuelle programområdet i proposisjonen. I desse tilfella vil det vere ein referanse til kvar denne teksten finst.

I kolonne fire i tabellen nedanfor går det fram om departementet planlegg at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket også i budsjettproposisjonen til neste år.

Sjølv om det i tabellen blir opplyst om at rapporteringa blir avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan t.d. gjelde vedtak med oppmoding til regjeringa om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over mange år. Stortinget vil i desse tilfella bli orientert om den vidare oppfølginga på ordinær måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

Tabell 1.2 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (ja/nei)

2022–2023

131

Oppretting av permanent partnardrapskommisjon

Nei

2022–2023

132

Nasjonalt førebyggingsprogram mot partnarvald og partnardrap

Nei

2022–2023

133

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar

Nei

2022–2023

134

Oppdatert kunnskapsgrunnlag om vald i nære relasjonar

Nei

2022–2023

135

Bruk av åleinesamtalar i hjelpeapparatet

Nei

2022–2023

136

Betre dokumentering og informasjonsutveksling i hjelpeapparatet

Nei

2022–2023

139

Elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sendar for forvaringsdømde

Nei

2022–2023

140

Evaluering av ordninga med statleg finansiert prøvelauslating

Ja

2022–2023

141

Utgreiing av alternativ til ordninga med statleg finansiert prøvelauslating

Ja

2022–2023

142

Evaluering av særreaksjonane forvaring, dom til tvunge psykisk helsevern og dom til tvungen omsorg

Ja

2022–2023

445

Utgreie forliksrådsordninga

Nei

2022–2023

503

Kontroll over strategisk viktige verdikjeder

Ja

2022–2023

615

Endringar i reglane om avhøyr av vitne som bur på sperra adresse

Nei

2022–2023

616

Endringar i tvistelova – innstilling av saker i forliksrådet som følgje av lang behandling

Nei

2022–2023

617

Endringar i reglane om gjenopning i sivile saker som er pådømde som del av straffesak

Nei

2022–2023

618

Sakskostnader i sivile saker

Nei

2022–2023

644

Enklare og meir forbrukarvenleg regelverk for gavekort

Nei

2022–2023

653

Stortingsmelding om kriminalomsorga

Nei

2022–2023

729

A-krimsenter

Nei

2022–2023

843

Yrkesskadeerstatningsordning for tilsette i kriminalomsorga

Nei

2021–2022

35.49

Ny rettshjelpordning

Ja

2021–2022

35.56

Pilotprosjekt for notoritet i personkontrollar

Ja

2021–2022

372

Utgreiing av fråvikelege lovreglar om sambuarskap

Nei

2021–2022

420

Straffebestemming om seksuell utnytting av barn

Nei

2021–2022

504

Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova)

Nei

2021–2022

505

Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova)

Nei

2021–2022

506

Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova)

Nei

2021–2022

507

Nytt Oslo fengsel

Ja

2021–2022

579

Vurdering av naturskadeforsikringsordninga

Nei

2021–2022

580

Dialog om digitale betalingstenester og foreldrekontroll

Ja

2021–2022

581

Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar

Nei

2021–2022

582

Regelverk om varsling frå kriminalomsorga

Nei

2021–2022

583

Elektronisk kontroll ved brot på besøksforbod

Ja

2021–2022

584

Straffenivåa for seksuallovbrot

Ja

2021–2022

585

Nedsetjing av valdtektskommisjon

Ja

2021–2022

587

Budsjettmessige konsekvensar av ny valdserstatningslov

Ja

2021–2022

589

Forseinkingsrente på regresskravet til staten mot skadevaldar i valdserstatningssaker

Nei

2021–2022

654

Tryggleik for funksjonshindra

Nei

2021–2022

795

Forbod mot sal av forfalne fordringar

Nei

2021–2022

831

Offentleg helsetilbod ved Politiets utlendingsinternat på Trandum

Ja

2020–2021

47

Utviding av avverjingsplikta

Nei

2020–2021

50

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Nei

2020–2021

64

Tilgjengelege dopingopplysningar

Nei

2020–2021

65

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Nei

2020–2021

206

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Nei

2020–2021

207

Plan for effektiv motarbeiding av irregulær migrasjon

Ja

2020–2021

208

Klarlegging av identitet

Nei

2020–2021

443

Høgare straff for barn som er involverte i gjenteken kriminalitet

Nei

2020–2021

446

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Nei

2020–2021

447

Besøks- og opphaldsforbod

Ja

2020–2021

627

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Nei

2020–2021

628

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Nei

2020–2021

681

Oppretting av eit nasjonalt våpenregister

Nei

2020–2021

682

Identitetsskjerming for polititilsette

Nei

2020–2021

712

Straff for å tvinge barn til utlandet

Nei

2020–2021

729

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Nei

2020–2021

730

Totalberedskapsutval

Nei

2020–2021

739

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Nei

2020–2021

742

Brann til sjøs

Nei

2020–2021

743

Tilfluktsrom

Nei

2020–2021

799

ADR-kontroll

Nei

2020–2021

814

Nasjonalt eigarskap og kontroll

Nei

2020–2021

848

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Nei

2020–2021

928

Lovendringar som følgje av ny sivilombodslov

Ja

2020–2021

983

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Nei

2020–2021

1038

Kartlegging av tryggleikskompetanse, gjennomgang av bruken av tryggingslova og evaluering av tryggleiksforståing

Ja

2020–2021

1040

Stortingsmelding om nasjonalt eigarskap og kontroll over strategisk viktige naturressursar, bedrifter, infrastrukturar og teknologiar

Ja

2020–2021

1041

Nytt Oslo fengsel

Ja

2020–2021

1116

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Nei

2020–2021

1117

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Nei

2020–2021

1159

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Nei

2020–2021

1161

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Nei

2020–2021

1162

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Nei

2020–2021

1343

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Nei

2019–2020

436

Elektroniske fraktbrev

Nei

2019–2020

515

Reklamasjonsfrist på bustader

Nei

2019–2020

669

Deling av registerinformasjon

Ja

2018–2019

98

Rettshjelpsordninga

Ja

2017–2018

788

Utanlandsopphald

Nei

2017–2018

795

Eige lovverk for Statens barnehus

Nei

2017–2018

798

Regelverk for teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vald og overgrep

Ja

2017–2018

899

Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål

Ja

2016–2017

523

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Nei

2016–2017

630

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

Ja

2016–2017

631

Besøksforbod

Ja

2016–2017

1043

Omvend valdsalarm

Ja

1.10.1 Stortingssesjon 2022–2023

Oppretting av permanent partnardrapskommisjon

Vedtak nr. 131, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig opprette en permanent partnerdrapskommisjon».

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med eit høyringsnotat med forslag til lovregulering av kommisjonen sitt arbeid. Kommisjonen er lagt til Statens sivilrettsforvaltning, og oppstart er planlagt i 2024.

Nasjonalt førebyggingsprogram mot partnarvald og partnardrap

Vedtak nr. 132, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen utarbeide et nasjonalt forebyggingsprogram for en samordnet innsats mot partnervold og partnerdrap».

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar

Vedtak nr. 133, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen påse at kommunene, enten i egen regi eller i interkommunalt samarbeid, har vedtatt en handlingsplan mot vold i nære relasjoner».

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Oppdatert kunnskapsgrunnlag om vald i nære relasjonar

Vedtak nr. 134, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sørge for et godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag om vold i nære relasjoner».

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Bruk av åleinesamtalar i hjelpeapparatet

Vedtak nr. 135, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at politi og annet hjelpeapparat rutinemessig tilbyr brukere alenesamtaler, og at slike samtaler er obligatoriske i deler av hjelpeapparatet, i tråd med partnerdrapsutvalgets anbefaling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Betre dokumentering og informasjonsutveksling i hjelpeapparatet

Vedtak nr. 136, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for bedre dokumentasjonsrutiner og styrke kompetansen på reglene om informasjonsutveksling mellom politi og annet hjelpeapparat, i tråd med partnerdrapsutvalgets anbefaling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023) frå justiskomiteen. Vedtaket er under behandling.

Elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sendar for forvaringsdømde

Vedtak nr. 139, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre adgang til å sette vilkår om elektronisk kontroll ved fotlenke med GPS-sender for forvaringsdømte under permisjon fra soning, og om nødvendig fremme forslag om nødvendige lovendringer for å oppnå formålet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:261 S (2021–2022) og Innst. 93 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Evaluering av ordninga med statleg finansiert prøvelauslating

Vedtak nr. 140, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en bred evaluering av ordningen med statlig finansiert prøveløslatelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:257 S (2021–2022) og Innst. 96 S (2022–2023).

Vedtaket blir følgt opp gjennom det nyoppretta utvalet som skal evaluere ordningane med forvaring, særreaksjonane tvunge psykisk helsevern og tvungen omsorg, og som skal greie ut varetakinga av domfelte og innsette med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming. Utvalet vart utnemnt av Kongen i statsråd 20. juni 2023, og utgreiinga skal leverast innan 1. september 2024. Utvalet skal bl.a. evaluere ordninga med statleg finansiert prøvelauslating av forvaringsdømde til plassering i institusjon eller kommunal bueining.

Utgreiing av alternativ til ordninga med statleg finansiert prøvelauslating

Vedtak nr. 141, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede alternativer til ordningen med statlig finansiert prøveløslatelse, herunder
en ny form for særreaksjon rettet mot personer som er forvaringsdømt og forsøkt rehabilitert, men som på grunn av dårlig psykisk funksjonsevne vil ha permanent behov for grensesettende omsorg
en ny type institusjon for personer som dømmes til denne formen for særreaksjon, samt hvordan en slik organisasjon bør organiseres og finansieres.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:257 S (2021–2022) og Innst. 96 S (2022–2023).

Vedtaket er følgt opp. Det blir vist til vedtak nr. 140, 6. desember 2022, og utvalet som skal evaluere ordningane med forvaring, særreaksjonane tvunge psykisk helsevern og tvungen omsorg, og som skal greie ut varetakinga av domfelte og innsette med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming. Mandatet til utvalet inkluderer ei vurdering av om det er behov for nye modellar for langvarig, høgspesialisert, grensesetjande omsorg under straffegjennomføring, ved tilbakeføring frå fengsel eller ved utskriving frå barnevernsinstitusjon eller døgnbehandling i spesialisthelsetenesta.

Evaluering av særreaksjonene forvaring, dom til tvunge psykisk helsevern og dom til tvungen omsorg

Vedtak nr. 142, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en bred evaluering av særreaksjonene forvaring, dom til tvungent psykisk helsevern og dom til tvungen omsorg, og herunder vurdere om særreaksjonene er hensiktsmessige for særreaksjonsdømte uten ytterligere rehabiliteringspotensial.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:257 S (2021–2022) og Innst. 96 S (2022–2023).

Vedtaket er følgt opp. Det blir vist til vedtak nr. 140 og 141, 6. desember 2022, og utvalet som skal evaluere ordningane med forvaring, særreaksjonane tvunge psykisk helsevern og tvungen omsorg, og som skal greie ut varetakinga av domfelte og innsette med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming.

Forliksrådsordninga

Vedtak nr. 445, 5. januar 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede forliksrådsordningen med sikte på å styrke og forbedre den.»

Dokumenta som ligg til grunn for saka, er Dokument 8:6 S (2022–2023), jf. Innst. 123 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling. Departementet har satt i gang eit forskings- og utgreiingsoppdrag for å betre kunnskapsgrunnlaget om forliksråda. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.20.

Kontroll over strategisk viktige verdikjeder

Vedtak nr. 503, 23. februar 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan Norge kan sikre kontroll over strategisk viktige verdikjeder i lys av den nye geopolitiske situasjonen, og vurdere om det har implikasjoner for statlig eierskap. Stortinget ber regjeringen legge frem en stortingsmelding om dette, eller på annen egnet måte komme tilbake til Stortinget i løpet av 2023».

Dokumenta som ligg til grunn for saka er Meld. St. 6 (2022–2023), Innst. 190 S (2022–2023).

Vedtaket er følgt opp i Meld. St. 9 (2022–2023) «Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet», jf. Innst. 247 S (2022–2023), som vart behandla i Stortinget 30. mars 2023. Ei rekke tiltak i meldinga peiker på korleis regjeringa skal bidra til å sikre nasjonal kontroll og eigarskap over verdiar av betyding for nasjonal tryggleik. I kva grad direkte statleg eigarskap er eit hensiktsmessig tiltak følgjer av Meld. St. 6 (2022–2023) «Eit grønare og meir aktivt statleg eigarskap – Statens direkte eigarskap i selskap» der går det fram at utgangspunktet er at regulering er det primære verkemiddelet for å ivareta omsyn til nasjonal tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap, men at i enkelte særskilte høve vil statleg direkte eigarskap kunne vurderast som eit nødvendig tiltak. Vedtaket treffer både Justis- og beredskapsdepartementet, som har ansvar for samfunnstryggleik og nasjonal tryggleik, og Nærings- og fiskeridepartementet som den sentrale eigarskapseinheita.

Endringar i reglane om avhøyr av vitne m.m. som bur på sperra adresse m.m.

Vedtak nr. 615, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen innen 1. juli 2023 sende på høring forslag til ytterligere endringer i tvisteloven for å ivareta at skjulte eller sperrede adresser ikke blir avslørt som følge av vitners plikt til å oppgi navn og personalia, og så snart som mulig komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart fatta på bakgrunn av et eit «laust forslag» til saka. Dokumenta som ligg til grunn for saka, er Prop. 34 L (2022–2023) og Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er under behandling. Forslag til endringar i tvistelova og barnelova vart sendt på høyring 30. juni 2023 med høyringsfrist 2. oktober 2023.

Endringar i tvistelova – innstilling av saker i forliksrådet som følgje av lang behandling

Vedtak nr. 616, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i tvisteloven kapittel 6 for saker som kreves innstilt som følge av at behandlingen ikke er avsluttet innen fristen i § 6-11 fjerde ledd.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Reglane om gjenopning av sivile krav som er pådømde som del av straffesak

Vedtak nr. 617, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i /unntak fra den absolutte fristen etter tvisteloven § 31-6 på ti år for gjenåpning av sivile saker som er pådømt som del av en straffesak.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Sakskostnadsnivået i sivile saker

Vedtak nr. 618, 25. april 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan partenes sakskostnader i sivile saker kan bli lavere, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 34 L (2022–2023) og Innst. 273 L (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Enklare og meir forbrukarvenleg regelverk for gavekort

Vedtak nr. 644, 9. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere en styrking av forbrukernes rettigheter ved erverv og bruk av gavekort. Videre bes regjeringen vurdere innføring av et forbud mot at gavekortutsteder kan trekke gebyr fra kortet etter at det er solgt og overlevert til kunden, samt å innføre plikt til at de avtalerettslige prinsippene som gjelder for gavekortet, synliggjøres på selve kortet. Det bes om at regjeringen kommer tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:122 S (2022–2023) og Innst. 299 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Stortingsmelding om kriminalomsorga

Vedtak nr. 653, 11. mai 2023

«Stortinget ber regjeringen, som en del av en helhetlig stortingsmelding om kriminalomsorgen, utrede de samlede behovene og vurdere nødvendige tiltak for å sikre likeverdige soningsforhold for kvinnelige og mannlige innsatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:152 S (2022–2023) og Innst. 318 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

A-krimsenter

Vedtak nr. 729, 1. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sikre at politiet har tydelige hjemler for deltakelse i kontrollgruppen og kunnskapsbyggingen ved a-krimsentrene, og om nødvendig komme tilbake til Stortinget med forslag til oppdaterte lovhjemler»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:198 S (2022–2023) og Innst. 388 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling.

Yrkesskadeerstatningsordning for tilsette i kriminalomsorga

Vedtak nr. 843, 14. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen innføre en reell yrkesskadeerstatningsordning for ansatte i kriminalomsorgen, tilsvarende den som har blitt innført for ansatte i politiet»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:200 S (2022–2023) og Innst. 468 S (2022–2023).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har sendt forslag til endringar i straffegjennomføringslova, som gir tilsette i kriminalomsorga rett på yrkesskadeerstatning for skadar som oppstår under ei bestemt form for trening og øving, på høyring. Høyringsfristen var 13. september 2023.

1.10.2 Stortingssesjon 2021–2022

Ny rettshjelpsordning

Vedtak nr. 35.49, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen om å legge frem forslag til ny lov om støtte til rettshjelp i løpet av våren 2023, og vurdere ulike tiltak som kan forsterke rettshjelpsordningen for befolkningen, herunder forslagene i NOU 2020:5»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022), Prop. 1 S (2021–2022), Prop. 1 S Tillegg 1 (2021–2022) og Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp, jf. Prop. 124 L (2022–2023) Endringer i rettshjelploven (ny modell for økonomisk behovsprøving). Endringane inneber at fleire kan få rettshjelp dekt av staten. Forslaget vil fjerne skilnadene mellom partar med relativt lik økonomi og sikre at ordninga ikkje blir svekt over tid. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.70.

Pilotprosjekt for notoritet i personkontrollar

Vedtak nr. 35.56, 2. desember 2021

«Stortinget ber regjeringen om å gjennomføre en pilotordning i Oslo med teknisk løsning for sikring av notoritet for personkontroller som politiet foretar dersom den som blir kontrollert vil la seg registrere. Ordningen skal innebære at den som blir stoppet kan motta en bekreftelse på kontrollen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) og Innst. 2 S (2021–2022), jf. òg Meld. St. 4 (2022–2023) og Innst. 186 S (2022–2023).

Vedtaket er følgt opp. I starten av desember 2022 vart det sett i gang eit pilotprosjekt sentralt i Oslo der ein utferdar ei stadfesting på gjennomført personkontroll. Prosjektet blei avslutta i september 2023, og ei ekstern evaluering er sett i gang.

Utgreiing av fråvikelege lovreglar om sambuarskap

Vedtak nr. 372, 3. februar 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede en fravikelig samboerlov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:5 S (2021–2022) og Innst. 121 S (2021–2022) frå familie- og kulturkomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa oppnemnde i mars 2023 eit offentleg utval som skal vurdere ei mogleg ny regulering. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. mai 2025.

Straffebestemming om seksuell utnytting av barn

Vedtak nr. 420, 8. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere om ordet «livssituasjon» i straffeloven § 295 første ledd bokstav c bør endres til «situasjon», slik at bestemmelsen rammer det «å utnytte en person under 18 år i en særlig sårbar situasjon.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:26 S (2021–2022) og Innst. 177 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Straffelovrådet la i desember 2022 fram ei utgreiing om strafferettsleg vern av den seksuelle sjølvråderetten, NOU 2022: 21. I utgreiinga tilrår rådet ei ny føresegn som rammar «den som skaffer seg seksuell omgang med noen under 18 år ved å utnytte at vedkommende befinner seg i en særlig sårbar situasjon og derved har vesentlig nedsatte forutsetninger for å motsette seg handlingen». Rådet tilrår at føresegna òg rammar dei som ved forholda som er nemnde ovanfor, «får noen under 18 år til å ha seksuell omgang med en annen eller til å utføre handlinger som svarer til seksuell omgang med seg selv». Oppfølging av NOU-en er ei prioritert oppgåve for departementet.

Advokatlova

Vedtak nr. 504, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forskrift etter § 19 andre ledd, hvor forsikringsselskap kan tilby advokatbistand gjennom rettshjelpforsikring.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov er vedteken av Stortinget, og forslag til ny advokatforskrift og overgangsreglar blir sende på høyring hausten 2023. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.60.

Advokatlova

Vedtak nr. 505, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre klare overgangsordninger for foretak som blir berørt av endringer i ny advokatlov, som må gi slike god nok tid til å omorganisere seg, slik det åpnes for i Prop. 214 L (2020–2021) kapittel 22.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov er vedteken av Stortinget, og forslag til ny advokatforskrift og overgangsreglar blir sende på høyring hausten 2023. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.60.

Advokatlova

Vedtak nr. 506, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen iverksette forskrift for berørte forsikringsselskap i god tid før overgangsreglene som vil bli fremmet i forbindelse med ikraftsettingen av advokatloven, utløper i tid.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 214 L (2020–2021) Lov om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatloven), Innst. 234 L (2021–2022) og Lovvedtak 61 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Ny advokatlov er vedteken av Stortinget, og forslag til ny advokatforskrift og overgangsreglar blir sende på høyring hausten 2023. Sjå nærmare omtale under programkategori 06.60.

Nytt Oslo fengsel

Vedtak nr. 507, 28. april 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med egen sak om plassering av nytt Oslo fengsel før endelig beslutning fattes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S og Innst. 241 S (2021– 2022).

Vedtaket er følgt opp. Det vises til omtale under programkategori 06.30, kap. 430. Som erstatning for nokre av dei eksisterande fengselsplassane ved Oslo fengsel er det gitt startløyving til å utvide Romerike fengsel, Ullersmo avdeling med netto 76 plassar. Vidare planlegg regjeringa for å utvide Ilseng fengsel med minst 96 plassar og byggje om lag 140 fengselsplassar på Grønland for å erstatte dei resterande plassane. I samband med utvidinga på Ilseng har Justis- og beredskapsdepartementet gitt Statsbygg og Kriminalomsorgsdirektoratet i oppdrag å greie ut 130 nye plassar på Ilseng, kor dei siste 30 plassane er tenkt å kunne erstatte dagens fengsel på Hamar.

Naturskadeforsikring

Vedtak nr. 579, 24. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen vurdere mulighetene for å innrette naturskadeforsikringsordningen slik at den bedre ivaretar hensynet til forebygging, men likevel slik at dette ikke går på bekostning av prinsippet om en solidarisk og lik premiefastsettelse for forsikringskunder i hele landet.»

Dokumenta som ligg til grunn for forslaget, er Prop. 62 L (2021–2022) og Innst. 308 L (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Dialog om digitale betalingstenester og foreldrekontroll

Vedtak nr. 580, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med aktuelle leverandører av digitale betalingstjenester for å øke bevisstheten rundt foreldre og foresattes mulighet til å kontrollere transaksjoner inn og ut av betalingskontoen til deres barn samt for å finne løsninger for å styrke foreldrekontrollen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:126 S (2021–2022) og Innst. 309 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Departementet har hatt dialog med aktuelle leverandørar om å styrke foreldrekontrollen.

Utgreiing av meldeplikt for norske tenesteleverandørar

Vedtak nr. 581, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede innføring av en plikt for norske tjenesteleverandører til å melde fra dersom de oppdager at deres tjenester brukes til straffbar oppbevaring eller distribusjon av overgrepsmateriale.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:126 S (2021–2022) og Innst. 309 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet ser denne saka i samanheng med forslaget til EU om å innføre ei tilsvarande plikt. I samband med dette er det etablert ei interdepartemental arbeidsgruppe som skal greie ut saka.

Regelverk om varsling frå kriminalomsorga

Vedtak nr. 582, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre et regelverksarbeid om varsling fra kriminalomsorgen, der hensynet til fornærmede og etterlatte vektlegges sterkere enn det som ligger i dagens regler.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:133 S (2021–2022) og Innst. 311 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med eit høyringsnotat for å følgje opp vedtaket.

Elektronisk kontroll ved brot på besøksforbod

Vedtak nr. 583, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om innføring av en ordning med elektronisk kontroll (såkalt omvendt voldsalarm) ved brudd på besøksforbud.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:133 S (2021–2022) og Innst. 311 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp i Prop. 128 L (2022–2023). Det er foreslått endringar i straffeprosesslova m.m. for å innføre ei ordning med elektronisk kontroll av besøksforbod. Sjå òg omtale under vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017, og vedtak nr. 447, 18. desember 2020.

Straffenivåa for seksuallovbrot

Vedtak nr. 584, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen gi Straffelovrådet i oppdrag å foreta en tilleggsutredning av straffenivåene for straffelovens bestemmelser om seksuallovbrudd. Tilleggsutredningen bes ferdigstilles før sommeren 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:134 S (2021–2022) og Innst. 307S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. Straffelovrådet la i desember 2022 fram ei utgreiing om strafferettsleg vern av den seksuelle sjølvråderetten, NOU 2022: 21. I utgreiinga vurderer rådet strafferammene og retningslinjene i lovforarbeidet om straffeutmåling ved brot på føresegnene i straffelova kapittel 26 om seksuallovbrot.

Nedsetjing av valdtektskommisjon

Vedtak nr. 585, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen nedsette en voldtektskommisjon, som skal levere sin utredning innen september 2023. Kommisjonen bør være bredt sammensatt av ulike typer kompetanse innenfor pedagogikk, psykologi, sosialfag, politifag og juss.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:134 S (2021–2022) og Innst. 307 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp. I februar 2023 oppnemnde regjeringa eit offentleg utval som skal gjere ein samla gjennomgang av valdtektsfeltet og komme med tilrådingar om korleis utfordringane på dette kriminalitetsområdet skal takast vidare. Utvalet har ei brei fagleg samansetjing der ulike typar kompetanse er representerte, både strafferettsleg, samfunnsvitskapleg og helse- og politifagleg.

For å sikre god representasjon har utvalet òg etablert ei referansegruppe der brukargrupper, frivillige organisasjonar og personar med minoritets- og urfolksbakgrunn er med.

Utvalet planlegg å levere utgreiinga si i slutten av januar 2024.

Valdserstatningslov

Vedtak nr. 587, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til de budsjettmessige konsekvensene av ny voldserstatningslov i forbindelse med nysalderingen av budsjettet for 2022.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) frå justiskomiteen og Lovvedtak 70 (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp, jf. Prop. 33 S (2022–2023) Ny saldering av statsbudsjettet 2022 og Innst. 140 S (2022–2023).

Vedtak nr. 589, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen fastsette i forskrift at det ikke skal løpe forsinkelsesrenter på statens regresskrav mot skadevolderen i voldserstatningssaker mens skadevolderen soner alminnelig fengselsstraff.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 238 L (2020–2021), Innst. 310 L (2021–2022) frå justiskomiteen og Lovvedtak 70 (2021–2022).

Vedtaket er under behandling. Forslag til forskrift vart sendt på høyring september 2023. Departementet ser på aktuelle løysingar og vil komme tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Tryggleik for personar med funksjonshindring

Vedtak nr. 654, 3. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen se på hvordan myndighetene kan treffe nødvendige tiltak for å sikre funksjonshindrede beskyttelse og sikkerhet i risikosituasjoner i hele krisespekteret, og sikre at funksjonshindredes organisasjoner høres i forbindelse med dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:213 S (2021–2022) og Innst. 367 S (2021–2022) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet har bede Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i samband med arbeidet med forprosjekt om sivile vernetiltak å vurdere behovet til funksjonshindra særskilt i utforminga av framtidige tilrådingar om sivile vernetiltak.

Forbod mot sal av forfalne fordringar

Vedtak nr. 795, 15. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å forby salg av forfalte fordringer hvor forbruker er debitor.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:200 S (2021–2022) og Innst. 373 S (2021–2022).

Vedtaket er under behandling.

Offentleg helsetilbod ved Politiets utlendingsinternat på Trandum

Vedtak nr. 831, 17. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen sikre at helsetjenesten på Politiets utlendingsinternat, Trandum, legges under den offentlige helsetjenesten og at beslutningen om dette tas i løpet av 2022 slik at overføringen kan gjennomføres senest 1. juli 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 2 (2021–2022) og Innst. 450 S (2021–2022).

Vedtaket er følgt opp. Eit lovforslag om å gi kommunar der det ligg utlendingsinternat, ansvar for helse- og omsorgstenester til internerte har vore på høyring. Regjeringa vil leggje fram eit lovforslag for Stortinget. Det er planlagt at lovforslaget trer i kraft 1. juli 2024.

1.10.3 Stortingssesjon 2020–2021

Utviding av avverjingsplikta

Vedtak nr. 47, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om avvergingsplikten i straffeloven § 196 bør utvides til også å omfatte flere straffbare handlinger, særlig straffeloven §§ 257, 260, 261, 272 b, 292, 293, 294, 300, 301, 302, 304 og 305.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling.

Forelding av lovbrot mot mindreårige

Vedtak nr. 50, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av foreldelsesreglene for seksuallovbrudd og voldsforbrytelser mot mindreårige, og komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som hever det generelle nivået på foreldelsesfrister for denne typen lovbrudd.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 66 L (2019–2020) og Innst. 41 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med eit høyringsnotat for å følgje opp vedtaket. Sjå òg vedtak nr. 1159, 7. juni 2021.

Tilgjengelege dopingopplysningar

Vedtak nr. 64, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan opplysninger om idrettsutøvere og støtteapparat som straffes for dopingkriminalitet, også kan gjøres tilgjengelig for antidopingorganisasjonene, herunder eventuelle behov for endring av lovgivning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak.

Straff for den som tener pengar på idrettsprestasjonar som følgje av doping

Vedtak nr. 65, 10. november 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere muligheter for nye bestemmelser i straffeloven for å kunne straffeforfølge de som tjener penger på idrettsprestasjoner som følge av doping, og mulighet for inndragning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:95 S (2018–2019) og Innst. 48 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Klarare skilje mellom konvensjonsstatus (asyl) og subsidiært vern

Vedtak nr. 206, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til lovendringer som innenfor rammen av internasjonale forpliktelser gir et klarere skille mellom konvensjonstatus (asyl) og subsidiær beskyttelse, gjennom å begrense retten til familiegjenforening samt utvide bruken av midlertidige tillatelser ved subsidiær beskyttelse.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil bl.a. sjå nærmare på korleis andre land i Europa har regulert dette, og på kva for erfaringar dei har gjort.

Plan for effektiv motarbeiding av irregulær migrasjon

Vedtak nr. 207, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for hvordan Norge kan bidra til mer effektiv bekjempelse av irregulær migrasjon, herunder sørge for at dagens hjemmel for å henvise asylsøkere til trygge tredjeland utenfor EU brukes aktivt. Dette forutsetter samarbeidsavtaler med tredjeland som sikrer at asylsøkere behov for beskyttelse blir ivaretatt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021) og Lovvedtak 25 (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp. Regjeringa har ein planmessig tilnærming til å kjempe mot irregulær migrasjon som omfattar eit mangfald av verkemiddel på utlendingsfeltet. Nasjonalt er bekjemping av irregulær innvandring til riket eit overordna mål, jf. utlendingslovas føresegn om formål. Dette målet følgjast opp i heile migrasjonskjeda, slik som ved grensekontroll, satsing på ID-arbeid og ein effektiv returpolitikk. I europapolitikken legg Noreg vekt på å støtte tiltak som kan begrense irregulær migrasjon til Schengen-området, som støtte til ein meir lik asylpraksis i EU og ein effektiv returpolitikk. Noreg tar også del i styrkinga av Schengens yttergrense-kontroll gjennom EUs grense- og kystvaktbyrå Frontex. Noreg bidreg også aktivt i det globale samarbeidet for å førebyggje irregulær migrasjon. Sentralt er ei omfattande støtte til utvikling og humanitær innsats som kan påverke irregulær migrasjon, direkte eller indirekte, samt regjeringas særskilde innsats for flyktningar, fordrevne og vertssamfunn (Solidaritetspotten, jf. Hurdalsplattformen). Kva gjeld tilgjenge til å henvise asylsøkjarer til trygge tredjeland, har departementet bede Utlendingsdirektoratet i instruks (GI-02/2022) og tildelingsbrev om å nytte handlingsrommet i gjeldande lovverk til å vise asylsøkjarar til trygge land utanfor Europa. Det er ikkje eit vilkår etter utlendingslova at gjennomføring av slike vedtak føreset ein samarbeidsavtale, men ein avtale kan lette gjennomføringa av returar. Sjå nærmare omtale av regjeringas arbeid for å kjempe mot irregulær migrasjon i Prop. 118 S (2022–2023).

Klarlegging av identitet

Vedtak nr. 208, 7. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen stille de samme krav til klarlegging av identitet for permanent oppholdstillatelse og familieetablering som for statsborgerskap.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:71 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet er i gang med å greie ut konsekvensane, bl.a. om ei innstramming i regelverket i tråd med oppmodinga vil ha praktiske konsekvensar utover ein rein signaleffekt.

Høgare straff for barn som er involverte i gjenteken kriminalitet

Vedtak nr. 443, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om man i særlige tilfeller kan åpne for forhøyet straff ved nytt lovbrudd av samme art også for kriminelle gjengangere under 18 år.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Tiltak for å auke talet på inndragingar

Vedtak nr. 446, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen i inneværende stortingsperiode legge fram tiltak og forslag til lovendringer for å øke omfanget av antallet inndragninger og gjøre det enklere for politiet å inndra verdier som er tilegnet gjennom kriminelle handlinger, både gjennom sivilrettslig inndragning og i straffesaker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa Solberg fremma 24. september 2021 ei rekkje forslag til endringar som bidrar til eit meir effektivt og pedagogisk regelverk om inndraging, sjå Prop. 241 L (2020–2021). Forslaga vart vedtekne av Stortinget i april 2022, jf. lov 8. april 2022 nr. 22, og tredde i kraft 1. juli 2022. Forslaga følgde opp delar av Straffelovrådet si utgreiing, NOU 2020: 10. Årsaka til at ikkje alle forslaga i NOU 2020: 10 vart følgde opp, var at fleire av forslaga har nær samanheng med ei tilleggsutgreiing som Straffelovrådet leverte 25. mai 2021, med høyringsfrist 25. oktober 2021. Regjeringa vil innan utgangen av 2023 leggje fram ei stortingsmelding om økonomisk kriminalitet. I arbeidet med stortingsmeldinga inngår ei vurdering av korleis ein kan sikre meir effektiv inndraging av verdiar frå kriminelle handlingar, irekna behovet for endringar i lovverket.

Besøks- og opphaldsforbod

Vedtak nr. 447, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen foreslå å endre straffeprosesslovens bestemmelser om besøks- og oppholdsforbud, slik at de som begår kriminalitet i bestemte områder, kan nektes å oppholde seg i en større omkrets og i et betydelig tidsrom, samt vurdere bruk av elektronisk kontroll for å håndheve dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er følgt opp i Prop. 128 L (2022–2023). I proposisjonen drøftar departementet om reglane for besøksforbod bør endrast, men det blir konkludert med at dagens reglar allereie opnar for besøksforbod over omfattande areal og over betydelege tidsrom. Samstundes foreslår departementet endringar i straffeprosesslova m.m. for å innføre ei ordning med elektronisk kontroll for å handheve slike besøksforbod. Sjå òg omtale av vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017, i tillegg til vedtak nr. 583, 30. mai 2022.

Fornyingsordning for barneomsorgsattest

Vedtak nr. 627, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om å gjeninnføre en fornyelsesordning for barneomsorgsattest.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Politidirektoratet har fått i oppdrag å greie ut dei økonomiske og administrative konsekvensane ved å innføre ei fornyingsordning for politiattestar generelt og for barneomsorgsattestar spesielt. Departementet vurderer behovet for regelendringar og eventuelle andre tiltak. Sjå òg omtale under vedtak nr. 628, 18. februar 2021.

Gjennomgang av barneomsorgsattestordninga

Vedtak nr. 628, 18. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av barneomsorgsattestordningen, som også innbefatter en utredning av digitale forenklingsmuligheter, en vurdering av muligheten for informasjonsdeling av gjeldende lovbrudd i andre land og en vurdering av om straffeloven § 272 og § 273 skal være en del av politiattesten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:136 (2019–2020) og Innst. 210 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Departementet arbeider med ein gjennomgang av barneomsorgsattestordninga. Politidirektoratet har fått i oppdrag å greie ut om digitale forenklingsmoglegheiter. Departementet vurderer, i samråd med andre involverte departement, behovet for å utvide barneomsorgsattesten til å gi merknader om fleire straffebod. Sjå òg omtale under vedtak nr. 627, 18. februar 2021.

Nasjonalt våpenregister

Vedtak nr. 681, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen opprette et nasjonalt våpenregister som legges til Brønnøysundregistrene og til Nordland politidistrikt med forvaltning i Mosjøen.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Politidirektoratet har fått i oppdrag å setje i gang eit prosjekt for ny digital våpenforvaltning der dette oppmodingsvedtaket blir teke omsyn til. Det er inngått avtale mellom Politidirektoratet og Brønnøysundregistera for å utvikle ei digital løysing. I september 2021 vart ei løysing for digital innsending av jaktvåpensøknader teken i bruk, og i mai 2023 vart ei ny løysing for automatisk behandling av jaktvåpensøknader teken i bruk i Nordland og Agder. Løysinga skal etter planen rullast ut til heile landet i løpet av 2023. Arbeidet med nytt nasjonalt våpenregister pågår, og Politidirektoratet har starta arbeidet med å etablere nytt nasjonalt våpenkontor i Mosjøen.

Jf. oppmodingsvedtak nr. 778, 23. mars 2021.

Identitetsskjerming for polititilsette

Vedtak nr. 682, 25. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med forslag til ny straffeprosesslov sikre full identitetsskjerming for politiansatte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 29. (2019–2020) og Innst. 248 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på om identiteten til tilsette i politiet og kriminalomsorga i større grad skal kunne skjermast. Utgreiinga skal etter planen vere ferdig ved utgangen av januar 2024.

Straff for å tvinge barn til utlandet

Vedtak nr. 712, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede straffeforbudet mot frihetsberøvelse i situasjoner hvor barn vil bli, eller allerede er, sendt til utlandet mot sin vilje, og fremme forslag til lovendringer som sikrer at påtvungne utenlandsopphold kan straffes.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:137 S (2019–2020) og Innst. 269 S (2020–2021) frå familie- og kulturkomiteen.

Vedtaket er under behandling. Sjå òg omtale under vedtak nr. 788, 29. mai 2018.

Nasjonal langtidsplan for beredskap

Vedtak nr. 729, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre en nasjonal langtidsplan for beredskap, som ser beredskapsressursene nasjonalt og regionalt i en sammenheng og legger grunnlaget for konkrete planer for utbedringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Oppfølging av vedtaket vil bli vurdert i lys av arbeidet til totalberedskapskommisjonen. Kommisjonen vart nemnd opp i januar 2022 og leverte arbeidet sitt våren 2023. Rapporten er sendt på høyring, og høyringsfristen er 15. oktober 2023.

Totalberedskapsutval

Vedtak nr. 730, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen etablere et fast totalberedskapsutvalg som rapporterer til regjeringen hvert år, slik at man sikrer koordinert ledelse overordnet og på tvers. Og helhetlige og koordinerte trusselvurderinger. Både beredskapsmyndigheter, samfunnets organisasjoner og næringsliv skal være representert i utvalget.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Oppfølging av vedtaket vil bli vurdert i lys av arbeidet til totalberedskapskommisjonen. Kommisjonen vart nemnd opp i januar 2022 og leverte arbeidet sitt våren 2023. Rapporten er sendt på høyring, og høyringsfristen er 15. oktober 2023.

Nordisk samarbeid innan samfunnstryggleik

Vedtak nr. 739, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av muligheten for tettere samarbeid med nordiske naboland knyttet til samfunnssikkerhet og beredskap, herunder felles sikkerhetsklarering, planverk på tvers av landegrensene og øvelser på tvers av landegrensene.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Oppfølginga av dette arbeidet bør sjåast i samanheng med det nordiske Haga-samarbeidet som er i gang innan samfunnstryggleik. Det blir òg vist til samarbeid mellom situasjonssentra i dei nordiske landa. I Haga-samarbeidet blir det bl.a. gjennomført fellesnordiske øvingar, sivilt-militært samarbeid gjennom Haga-NORDEFCO samarbeidet, samarbeid om skog-/naturnaturbrannar, CBRNE og Nødkommunikasjon. Knytt til Haga-utviklingsmål 2022–2024 er det i tillegg sett i verk førebuande samarbeid innan klimaendringar, tiltak etter læring frå covid-19 og Host Nation Support, i tillegg til vidare utvikling av det sivil-militære samarbeidet (Haga-NORDEFCO) som er i gang. I lys av utviklinga i risikobiletet og erfaringane frå koronapandemien er dei nordiske beredskapsmyndigheitene oppmoda om å gjennomgå felles avtalar, prosedyrar m.m., for å sikre at operativ støtte på tvers av grensene kan gjennomførast effektivt.

Når det gjeld spørsmålet om tryggingsklarering, finst det i dag tryggingsavtalar mellom Noreg og dei nordiske nabolanda som gjer det mogleg å utveksle gradert informasjon mellom landa, irekna å anerkjenne kvarandre sine tryggingsklareringar etter nærmare kriterium.

Brann til sjøs

Vedtak nr. 742, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen styrke Redningsselskapet og gjennomgå hvordan de kan bistå brann- og redningsetaten ved brann til sjøs.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Tilskotet til Redningsselskapet (RS) har hatt ein jamn og kraftig auke dei seinare åra, frå om lag 56 mill. kroner i 2013 til om lag 131 mill. kroner i 2023. Budsjettforhandlingane på Stortinget om 2022-budsjettet resulterte i at løyvinga på posten til RS auka med 5 mill. kroner. I tillegg er det gitt 3 mill. kroner i tilleggsløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021, som følgje av eit skjerpa behov for nærvær langs kysten. Ytterlegare oppfølging av vedtaket blir vurdert.

Tilfluktsrom

Vedtak nr. 743, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan eksisterende tilfluktsrom i større grad kan benyttes slik at de holdes i stand samt inngår som en del av den nasjonale beredskapen i forbindelse med for eksempel migrasjon, pandemi eller forsyningskrise

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 5 (2020–2021) og Innst. 275 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling. DSB gjennomførte eit forprosjekt i 2022, og har i tildelingsbrevet for 2023 fått oppdrag om å føre vidare arbeidet med sivile tryggingstiltak.

ADR-kontroll

Vedtak nr. 799, 13. april 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å overføre myndighet til å gjennomføre ADR-kontroll til godkjente tungbilverksteder.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:106 S (2020–2021) og Innst. 311 S (2020–2021 ) frå transport- og kommunikasjonskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Nasjonalt eigarskap og kontroll

Vedtak nr. 814, 20. april 2021

«Stortinget ber regjeringa sikre norsk eigarskap av kritisk infrastruktur og eigedom samt nasjonal kontroll over naturressursar i nordområda.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2020–2021) og Innst. 289 S (2020–2021) frå utanriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket er under behandling. Meld. St. 9 (2022–2023) Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet, jf. Innst. 247 S (2022–2023) vart behandla i Stortinget 30. mars 2023. Ei rekke tiltak i meldinga peiker på korleis regjeringa skal bidra til å sikre nasjonal kontroll og eigarskap over strategisk viktig infrastruktur, eigedom og naturressursar. Regjeringa har intensivert arbeidet med å kartleggje verdiar med heimel i tryggingslova (Lov om nasjonal sikkerhet). Regjeringa vurderer òg korleis ein kan få betre oversikt over verksemder og verdiar som ikkje dekkast av tryggingslova, men som likevel kan ha betyding for nasjonal tryggleik. I tillegg vil regjeringa vurdere korleis ein kan få betre oversikt over kven som er reelle eigarar av verdiar av betyding for nasjonal tryggleik. Verdikartlegging og innsikt i reelt eigarskap vil vere grunnlag for å vurdere relevante verkemiddel for å ta i vare nasjonal tryggleik, blant anna gjennom førebyggjande tryggingstiltak med heimel i tryggingslova, bruk av anna relevant regelverk og nasjonalt eigarskap. For å kunne ta i vare nasjonal kontroll vil regjeringa òg gå gjennom relevant eksisterande lovverk, inkludert konsesjonslovgiving, for å sørge for at omsyn til nasjonal tryggleik inngår som vurderingskriterium der det er aktuelt. Òg Prop. 95 L (2022–2023) «Endringer i sikkerhetsloven (eierskapskontroll og lovens virkeområde)» inneheld konkrete tiltak for å sikre nasjonal kontroll. Endringane blir gjort for å hindre eigarskap som kan medføre verksemd som truar tryggleiken.

Heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga

Vedtak nr. 848, 27. april 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av vergemålsordningen og legge frem forslag til lovendringer som styrker og forbedrer den.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:77 (2020–2021) og Innst. 285 S (2020–2021) frå justiskomiteen. Sjå elles omtalen av oppmodingsvedtak nr. 899 (2017–2018) nedanfor.

Vedtaket er under behandling. Stortinget vedtok i mars 2023 endringar i verjemålslova, som tredde i kraft 1. april 2023 (endringslov 31. mars 2023 nr. 5). Dei aktuelle endringane vart foreslått i Prop. 141 L (2021–2022) hausten 2022, som første steg i oppfølginga av dette oppmodingsvedtaket. Etter endringane er bl.a. prinsippet om sjølvråderett tydeleggjort i fleire føresegner i verjemålslova. I Prop. 141 L (2021–2022) punkt 2.4 gjorde departementet greie for nokre prioriteringar for den vidare oppfølginga av oppmodingsvedtaket, bl.a. at terminologien i lova skal vurderast nærmare. Arbeidet med vidare revisjon av lova blir gjennomført i dialog med sivilt samfunn og andre relevante aktørar.

Lovendringar som følgje av ny sivilombodslov

Vedtak nr. 928, 11. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om nødvendige endringer i annen lovgivning som følge av ny sivilombudslov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 21 (2020–2021), kap. 10, og Innst. 409 L (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp gjennom Prop. 121 L (2021–2022), der det vart fremja forslag om å endre «Sivilombodsmannen», «ombodsmannen» og variantar av dette, både på nynorsk og bokmål, til dei kjønnsnøytrale variantane «Sivilombodet», «ombodet» osv. i andre lover. Framlegget vart vidare følgt opp gjennom lovvedtak 14 (2022–2023).

Etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta til Sysselmeisteren

Vedtak nr. 983, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen starte nødvendige forberedelser som sikrer at Forsvaret overtar som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø når kontrakten med sivil operatør går ut.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 85 S (2020–2021) og Innst. 393 S (2020–2021) frå justiskomiteen.

Vedtaket er under behandling.

Kartlegging av tryggleikskompetanse, gjennomgang av bruken av tryggingslova og evaluering av tryggleiksforståing

Vedtak nr. 1038, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre og legge frem for Stortinget på egnet måte:
en kartlegging av sikkerhetskompetansen i alle departementer
en gjennomgang utført av et offentlig utnevnt ekspertutvalg av sikkerhetslovens anvendelse, herunder mulige sårbarheter, ansvarsfordeling, status for departementenes listeføring av virksomheter som helt eller delvis skal omfattes av sikkerhetsloven
en evaluering av hvordan sikkerhetsforståelse i departementene etableres og samarbeid mellom departementene blir sikret.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er behandlinga av innstillinga frå utanriks- og forsvarskomiteen om Redegjørelse av justis- og beredskapsministeren om planlagt salg av Bergen Engines AS, jf. Innst. 503 S (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp. Kartlegginga av tryggleikskompetanse i departementa vart gjennomført i 2022. I kartlegginga kjem det fram at alle departement jobbar med tryggleik tilknytt sine ansvarsområde, og det er generelt god kompetanse og tryggleiksforståing i leiinga i departementa.

NSM held oppdatert oversikt over departementa sine grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) og verksemder som er vurderte å vere viktige for GNF, inkludert verksemder som er heilt eller delvis underlagde tryggingslova. Departementet har på bakgrunn av den sikkerheitspolitiske situasjonen og innspel frå verksemder underlagt tryggingslova gjennomgått lova og fremma naudsynte forslag til endringar, jf. Prop. 95 L (2022-2023) om endringer i sikkerhetsloven (eierskapskontroll og lovens virkeområde). Departementet jobbar no vidare med andre område og ser på øvrige endringsbehov i tryggingslova.

Ei felles tryggleiksforståing og ein felles tryggleikskultur mellom departementa må byggjast over tid. Departementa er derfor oppmoda om å ta relevante kurs hjå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) innan sikkerheitsstyring for leiarar. Dei er i tillegg oppmoda om ta kurs i «Nasjonal sikkerhet og beredskap» på det tverrdepartementale Departementsakademiet. Departementsakademiet vart opna 1. september 2023 og er eit kompetansetiltak i strategien for departementsfellesskapet 2021–2025 «Gode hver for oss. Best sammen». Akademiet skal utvikla og tilby relevante kompetansetilbod for alle departementstilsette, og styrkje departementsfellesskapets samla kompetanse og evne til å utføra sine oppgåver. Vedtaket er også følgt opp i Meld. St. 9 (2022–2023) «Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet», som vart behandla i Stortinget 30. mars 2023.

Stortingsmelding om nasjonalt eigarskap og kontroll over strategisk viktige naturressursar, bedrifter, infrastrukturar og teknologiar

Vedtak nr. 1040, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen legge fram en stortingsmelding om hvordan Norge kan sikre nasjonalt eierskap og kontroll over strategisk viktige bedrifter, naturressurser, infrastrukturer og teknologier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:153 S (2020–2021) og Innst. 504 S (2020–2021) frå utanriks- og forsvarskomiteen.

Vedtaket er følgt opp ved forslag av Meld. St. 9 (2022–2023) Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet, jf. Innst. 247 S (2022–2023), som vart behandla i Stortinget 30. mars 2023.

Sjå òg vedtak 814.

Nytt Oslo fengsel

Vedtak nr. 1041, 28. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake til Stortinget med forslag vedrørende nytt Oslo fengsel.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:142 S (2020–2021) og Innst. 470 S (2020–2021).

Vedtaket er følgt opp. Det blir vist til omtale under programkategori 06.30, kap. 430. Som erstatning for nokre av dei eksisterande fengselsplassane ved Oslo fengsel er det gitt startløyving til å utvide Romerike fengsel, Ullersmo avdeling, med netto 76 plassar. Vidare planlegg regjeringa for ei utviding av Ilseng fengsel med minst 96 plassar og bygging av om lag 140 fengselsplassar på Grønland for å erstatte dei resterande plassane. I samband med utvidinga på Ilseng har Justis- og beredskapsdepartementet gitt Statsbygg og Kriminalomsorgsdirektoratet i oppdrag å greie ut 130 nye plassar på Ilseng, kor dei siste 30 plassane er tenkt å kunne erstatte dagens fengsel på Hamar.

Sperring av opplysningar i reaksjonsregisteret

Vedtak nr. 1116, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at opplysninger i reaksjonsregisteret om personer som er ilagt strafferettslige reaksjoner for bruk og besittelse av narkotika til eget bruk, sperres etter tre år. Sperring forutsetter at det ikke er registrert flere straffbare forhold i den aktuelle perioden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet vurderer moglege endringar i politiregisterforskrifta.

Gjennomgang av praksis for tilbakekall av førarrett

Vedtak nr. 1117, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sørge for at samfunnets reaksjoner i forbindelse med problematisk bruk av rusmidler er forholdsmessige, og kan knyttes til rusbruken. Stortinget ber regjeringen særlig gjennomgå praksis med tap av førerrett i tilfeller der man ikke ser noen sammenheng mellom personens bruk av rusmidler og føring av motorvogn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 92 L (2020–2021), Innst. 612 L (2020–2021) og Lovvedtak 148 (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har innhenta informasjon frå Politidirektoratet for praksis ved tap av førarrett og følgjer opp saka vidare.

Unntak frå forelding for seksuallovbrot mot barn

Vedtak nr. 1159, 7. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag til lovendringer som fjerner foreldelsesfristen for alle typer seksualforbrytelser mot barn.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:273 S (2020–2021) og Innst. 634 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Sjå òg vedtak nr. 50, 3. november 2020.

Internasjonale kriminelle organisasjonar

Vedtak nr. 1161, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med strengere regler dersom det nye regelverket ikke i tilstrekkelig grad hindrer etableringer av internasjonale kriminelle gjenger og mafiaorganisasjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil vurdere om det er behov for strengare reglar når dei nye bestemmingane har fått verke i noko tid.

Tilgang på straffeprosessuelle tvangsmiddel

Vedtak nr. 1162, 11. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede særskilt om politiet bør gis tilgang på straffeprosessuelle tvangsmidler ut over det den foreslåtte strafferammen på tre års fengsel for deltagelse, rekruttering eller videreføring av en kriminell sammenslutning, tilsier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 190 L (2020–2021) og Innst. 629 L (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Departementet vil vurdere behovet for fleire straffeprosessuelle tvangsmiddel når dei gjeldande bestemmingane har fått verke i noko tid.

Kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige i redningstenesta

Vedtak nr. 1343, 18. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 legge frem en vurdering av om det bør innføres en kompensasjonsordning for tapt arbeidsfortjestene for frivillige som blir anmodet av nødetatene om å bistå i redningsoppdrag.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 195 S (2020–2021) og Innst. 600 S (2020–2021).

Vedtaket er under behandling. Det vil krevje ei utgreiing før ein får oversikt over og kunnskap om kva eit slikt tiltak vil bety for redningstenesta, og kva utgiftene vil vere for staten. Departementet har førebels ikkje teke stilling til om ei slik utgreiing skal setjast i verk. Det er både fordelar og ulemper med å innføre ei kompensasjonsordning for tapt arbeidsforteneste for frivillige. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at dei frivillige organisasjonane held oppe og styrker posisjonen sin innanfor norsk redningsberedskap (sjå òg Meld. St. 10 (2016–2017)). Samstundes bør det vere eit tydeleg skilje mellom offentlege og frivillige ressursar.

1.10.4 Stortingssesjon 2019–2020

Elektroniske fraktbrev

Vedtak nr. 436, 31. mars 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at nye elektroniske fraktbrev som er planlagt i CRM-direktivet, gjøres obligatoriske.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 11 LS (2019–2020) og Innst. 214 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling.

Reklamasjonsfrist bustader

Vedtak nr. 515, 21. april 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om reklamasjonsfristen på nyoppførte boliger skal økes fra fem til ti år, samt konsekvensene av en eventuell utvidelse.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 25 (2018–2019) og Innst. 171 S (2019–2020).

Vedtaket er under behandling.

Lovforslag for å sikre deling av registerinformasjon

Vedtak nr. 669, 10. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovforslag for å sikre at relevant registerinformasjon deles mellom offentlige forvaltningsorgan for å avdekke og forhindre kriminalitet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:88 S (2019–2020) og Innst. 342 S (2019–2020).

Vedtaket er følgt opp gjennom høyringsforslaget frå september 2020 om endringar i forvaltningslova m.m. Forslaget gjekk ut på å innføre nye og større grunnlag for deling mellom forvaltningsorgan av opplysningar som er omfatta av teieplikt. Forslaget vart følgt opp i Prop. 166 L (2020–2021) om endringar i forvaltningslova m.m., og den oppfølgjande endringslova 18. juni 2021 nr. 127. Førebygging og avdekking av kriminalitet var sentrale omsyn som låg til grunn for forslaget og lovendringa. Ny § 13 g i forvaltningslova gir heimel til å gi forskrift om at teieplikt etter forvaltningslova § 13 ikkje skal vere til hinder for at bestemte organ kan dele opplysningar for å utføre oppgåver som er lagde til givar- eller mottakarorganet, og opnar dermed for å gi forskrifter om informasjonsdeling knytt til dei emna som er nemnde i vedtaket.

1.10.5 Stortingssesjon 2018–2019

Rettshjelpsordninga

Vedtak nr. 98, 4. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med den pågående utredningen av rettshjelpsordningen komme tilbake til Stortinget med tiltak i oppfølgingen av denne for å gjøre ordningen betre, mer effektiv og treffsikker.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:152 S (2017–2018) og Innst. 71 S (2018–2019).

Vedtaket er følgt opp, jf. Prop. 124 L (2022–2023) som ligg til behandling i Stortinget. Sjå òg omtale av vedtak nr. 35.49, 2. desember 2021. Sjå omtale under programkategori 06.70.

1.10.6 Stortingssesjon 2017–2018

Utanlandsopphald

Vedtak nr. 788, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen foreslå tydeliggjøring av hjemler i straffeloven som holder foreldre ansvarlige dersom barn sendes på utenlandsopphold mot sin vilje.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:118 S (2017–2018) og Innst. 260 S (2017–2018) frå justiskomiteen om tiltak mot sosial kontroll og æresvald.

Vedtaket er under behandling. Eit eksternt juridisk utval har fått i oppdrag å drøfte dei samla juridiske problemstillingane i saker om negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og psykisk vald, og dei skal vurdere om lovgivinga er god nok. Eit av spørsmåla utvalet skal sjå nærmare på, er korleis ein kan klargjere grensene for straffeansvaret i tilfelle der foreldre sender barn på utanlandsopphald mot barna sin vilje. Utvalet skal levere utgreiinga si 30. november 2023.

Eige lovverk for Statens barnehus

Vedtak nr. 795, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et eget lovverk for Statens barnehus som sikrer ivaretakelse av hele mandatet til Statens barnehus.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er under behandling. NOVA/OsloMet har på oppdrag frå Politidirektoratet evaluert ordninga med barnehusa. I evalueringsrapporten skriv NOVA at dei meiner at det er behov for ei tydelegare regulering av oppfølgingsarbeidet i barnehusa. Det blir tilrådd at departementet avventar spørsmålet om innføring av ei eiga barnehuslov inntil eit breiare kunnskapsgrunnlag er innhenta. Bl.a. vil det vere behov for å greie ut kva erfaringar andre land har med lovfesting, og det vil vere behov for å kartleggje dei viktigaste rettslege uklarleikane som oppstår i skjeringspunktet mellom dei ulike regelverka som gjeld barnehusa. Med utgangspunkt i NOVA si tilråding vil departementet setje i gang eit slikt utgreiingsarbeid i samarbeid med Politidirektoratet.

Regelverk for teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett – vald og overgrep

Vedtak nr. 798, 29. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede, for så å fremme et lovforslag, for å revidere og samordne regelverket knyttet til taushetsplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett, herunder reglene om samarbeid mellom ulike tjenester og etater, samt reglene om samtykke, slik at flere saker som gjelder vold og overgrep, vil kunne avdekkes og følges opp på en god måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:140 S (2017–2018) og Innst. 316 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp. Eit høyringsforslag frå september 2020 om endringar i forvaltningslova m.m., som gjekk ut på å innføre nye og større grunnlag for deling mellom forvaltningsorgan av opplysningar som er omfatta av teieplikt, vart følgt opp i Prop. 166 L (2020–2021) om endringar i forvaltningslova m.m. og endringslov 18. juni 2021 nr. 127. Ny § 13 g i forvaltningslova gir heimel til å gi forskrift om at teieplikt etter forvaltningslova § 13 ikkje skal vere til hinder for at bestemte organ kan dele opplysningar for å utføre oppgåver som er lagde til givar- eller mottakarorganet, og opnar dermed for å gi forskrifter om emna som er nemnde i vedtaket.

Straffelova § 196 er endra og avverjingsplikta omfattar no fleire lovbrot enn tidlegare. Helsepersonellova opnar no for å dele helseopplysningar om pasientar i fleire konkrete tilfelle enn tidlegare.

Vidare var ei utgreiing som i eit heilskapleg perspektiv tek for seg emna teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett innanfor det offentlege, og som utgjer eit utkast til ein praktisk oppbygd og autoritativ rettleiar til bruk på tvers av ulike sektorar, på høyring i 2021. Høyringa vart følgd opp, og den endelege rettleiaren vart publisert i februar 2023. Her blir det slått tydeleg fast korleis regelverket om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett skal forståast og praktiserast, og ein heilt sentral faktor som låg til grunn for dette arbeidet, var arbeidet mot vald og andre overgrep som rammar barn og unge.

Regelverket om teieplikt, opplysningsplikt og opplysningsrett er også blitt vurdert i samband med forslaget til ny forvaltningslov i NOU 2019: 5, og dette blir følgt vidare opp av departementet.

Menneskerettane til utviklingshemma – verjemål

Vedtak nr. 899, 12. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en Stortingsmelding om sikring av utviklingshemmedes menneskerettigheter der erfaringene med vergemålsloven gjennomgås og foreslå nødvendige lovendringer som sikrer den enkelte vergetrengendes medbestemmelse og rettssikkerhet.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 377 S (2017–2018).

Vedtaket er følgt opp, jf. Meld. St. 8 (2022–2023) Menneskerettar for personar med utviklingshemming – Det handlar om å bli høyrt og sett. Sjå òg omtalen av oppmodingsvedtak nr. 894 i Prop. 1 S (2023–2024) for Kulturdepartementet. Verjemål blir behandla i meldinga i samsvar med ordlyden i oppmodingsvedtaket. Stortinget vedtok i mars 2023 endringar i verjemålslova, som tredde i kraft 1. april 2023. Dei aktuelle endringane vart foreslått i Prop. 141 L (2021–2022), som første steg i oppfølginga av oppmodingsvedtaket om ein heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga, sjå omtalen av vedtak nr. 848, 27. april 2021. Etter endringane er bl.a. prinsippet om sjølvråderett tydeleggjort i fleire føresegner i verjemålslova.

1.10.7 Stortingssesjon 2016–2017

Korrupsjonsføresegnene i straffelova

Vedtak nr. 523, 23. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av straffeloven som innebærer at for overtredelser av straffelovens korrupsjonsbestemmelser kan foretaket også straffes når handlingen er utført av noen som gjennom sine forbindelser med selskapet må assosieres med det. Det må vurderes straffefrihet for selskap som har gjort det de kan for å forebygge korrupsjon.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 191 L (2016–2017) frå justiskomiteen om utvida ansvar selskap har for korrupsjonshandlingar.

Vedtaket er under behandling. Justis- og beredskapsdepartementet har gitt ein fagperson i oppdrag å drøfte dei aktuelle spørsmåla og å komme med forslag til lovendringar. Rapporten vart overlevert i mai 2021 og send på høyring 12. oktober 2021, med høyringsfrist 11. januar 2022. Rapporten er no til oppfølging i departementet.

Omvend valdsalarm ved brot på besøksforbod

Vedtak nr. 630, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å utvide muligheten til å ilegge omvendt voldsalarm til blant annet til tilfeller ved brudd på besøksforbud.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021).

Vedtaket er følgt opp i Prop. 128 L (2022–2023). Det er fremma forslag til endringar i straffeprosesslova m.m. for å innføre ei ordning med elektronisk kontroll av besøksforbod, òg kalla omvend valdsalarm. Sjå òg omtale under vedtak nr. 631, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017, vedtak nr. 447, 18. desember 2020, og vedtak nr. 583, 30. mai 2022.

Besøksforbod

Vedtak nr. 631, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om å utvide muligheten til å ilegge besøksforbud utover ett år, og utrede muligheten for å ilegge besøksforbud med begrensninger til å bevege seg i et større geografisk område.»

Dokumentet som ligg til grunn for vedtaket, er Innst. 247 S (2016–2017) frå justiskomiteen om opptrappingsplanen mot vald og overgrep (2017–2021).

Vedtaket er følgt opp i Prop. 128 L (2022–2023). I proposisjonen drøftar departementet om reglane for besøksforbod bør endrast, men det blir konkludert med at dagens reglar allereie opnar for besøksforbod over betydelege tidsrom (når eit besøksforbod går ut, kan det forlengast med nytt besøksforbod, så lenge vilkåra er oppfylte), og over omfattande geografiske område. Sjå òg omtale under vedtak nr. 630, 25. april 2017, vedtak nr. 1043, 20. juni 2017, vedtak nr. 447, 18. desember 2020, og vedtak nr. 583, 30. mai 2022.

Omvend valdsalarm

Vedtak nr. 1043, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede om omvendt voldsalarm bør kunne benyttes som et straffeprosessuelt virkemiddel, og rammene for slik bruk og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med eventuelle forslag om dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 8:108 S (2016–2017), om å styrke oppfølginga i reetableringsfasen for personar som er utsette for vald i nære relasjonar, og Innst. 475 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp i Prop. 128 L (2022–2023). Det er fremma forslag til endringar i straffeprosesslova m.m. for å innføre ei ordning med elektronisk kontroll av besøksforbod som eit straffeprosessuelt verkemiddel, òg kalla omvend valdsalarm. Sjå òg omtale av vedtak nr. 630 og 631, 25. april 2017, vedtak nr. 447, 18. desember 2020, og dessutan vedtak nr. 583, 30. mai 2022.

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

Administrasjon

400

Justis- og beredskapsdepartementet

660 724

651 860

669 166

2,7

Sum kategori 06.10660 724651 860669 1662,7

Rettsvesen

61

Høyesterett

127 774

128 079

137 706

7,5

410

Domstolene

3 078 502

2 944 602

3 191 263

8,4

411

Domstoladministrasjonen

82 700

89 894

8,7

414

Forliksråd og andre domsutgifter

349 467

326 748

396 886

21,5

Sum kategori 06.203 555 7433 482 1293 815 7499,6

Straffegjennomføring og konfliktråd

430

Kriminalomsorgen

5 592 269

5 417 380

5 889 924

8,7

431

Kriminalomsorgsdirektoratet

148 125

161 980

9,4

432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

217 181

225 241

238 391

5,8

433

Konfliktrådet

182 014

178 409

199 139

11,6

Sum kategori 06.305 991 4645 969 1556 489 4348,7

Politi og påtalemyndighet

440

Politiet

22 933 885

20 984 874

22 664 106

8,0

441

Politidirektoratet

389 156

382 659

-1,7

442

Politihøgskolen

673 290

654 870

689 124

5,2

443

Påtalemyndigheten i politiet

1 432 401

1 508 500

5,3

444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

1 516 979

1 394 781

1 534 912

10,0

445

Den høyere påtalemyndighet

318 342

317 319

386 124

21,7

446

Den militære påtalemyndighet

9 259

9 329

9 829

5,4

448

Grensekommissæren

6 328

6 104

6 418

5,1

Sum kategori 06.4025 458 08325 188 83427 181 6727,9

Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

2 323 952

1 887 295

2 403 174

27,3

452

Sentral krisehåndtering

26 822

27 916

29 387

5,3

453

Sivil klareringsmyndighet

50 892

57 829

61 039

5,6

454

Redningshelikoptertjenesten

1 924 330

2 761 130

2 504 165

-9,3

455

Redningstjenesten

494 868

507 362

562 391

10,8

457

Nasjonal sikkerhetsmyndighet

458 351

455 224

457 173

0,4

Sum kategori 06.505 279 2155 696 7566 017 3295,6

Andre virksomheter

460

Spesialenheten for politisaker

62 668

61 861

67 132

8,5

466

Særskilte straffesaksutgifter m.m.

1 263 252

1 293 172

1 366 567

5,7

467

Norsk Lovtidend

8 557

8 125

8 750

7,7

468

Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker

22 255

22 864

24 100

5,4

469

Vergemålsordningen

336 820

361 886

-100,0

Sum kategori 06.601 693 5521 747 9081 466 549-16,1

Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordninger m.m.

470

Fri rettshjelp

578 227

860 483

906 566

5,4

471

Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning

181 406

222 657

237 418

6,6

473

Statens sivilrettsforvaltning

453 053

509 109

701 766

37,8

475

Bobehandling

132 327

125 115

139 424

11,4

Sum kategori 06.701 345 0131 717 3641 985 17415,6

Svalbardbudsjettet m.m.

480

Svalbardbudsjettet

391 268

376 407

406 548

8,0

481

Samfunnet Jan Mayen

53 946

58 120

61 175

5,3

Sum kategori 06.80445 214434 527467 7237,6

Beskyttelse og innvandring

490

Utlendingsdirektoratet

5 883 278

3 430 693

4 991 541

45,5

491

Utlendingsnemnda

271 827

282 551

295 333

4,5

Sum kategori 06.906 155 1053 713 2445 286 87442,4

Sum programområde 0650 584 11348 601 77753 379 6709,8

Sum utgifter

50 584 113

48 601 777

53 379 670

9,8

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

Administrasjon

3400

Justis- og beredskapsdepartementet

5 254

7 152

7 468

4,4

Sum kategori 06.105 2547 1527 4684,4

Rettsvesen

3061

Høyesterett

201

0,0

3410

Domstolene

295 790

295 897

290 095

-2,0

3411

Domstoladministrasjonen

300

313

4,3

Sum kategori 06.20295 991296 197290 408-2,0

Straffegjennomføring og konfliktråd

3430

Kriminalomsorgen

175 051

133 872

152 994

14,3

3432

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter

2 721

1 173

1 224

4,3

3433

Konfliktrådet

6

6

0,0

Sum kategori 06.30177 772135 051154 22414,2

Politi og påtalemyndighet

3440

Politiet

2 006 167

2 117 145

2 433 844

15,0

3442

Politihøgskolen

38 113

28 375

36 277

27,8

3444

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

15 666

19 237

16 154

-16,0

Sum kategori 06.402 059 9462 164 7572 486 27514,9

Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

3451

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

805 032

792 235

962 693

21,5

3453

Sivil klareringsmyndighet

1 750

-100,0

3454

Redningshelikoptertjenesten

29 095

29 968

31 287

4,4

3455

Redningstjenesten

3 245

0,0

3457

Nasjonal sikkerhetsmyndighet

18 352

35 338

36 893

4,4

Sum kategori 06.50855 724859 2911 030 87320,0

Andre virksomheter

3469

Vergemålsordningen

4 499

8 550

-100,0

Sum kategori 06.604 4998 550-100,0

Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordninger m.m.

3470

Fri rettshjelp

9 251

10 239

10 441

2,0

3473

Statens sivilrettsforvaltning

356

5

6 505

130000,0

Sum kategori 06.709 60710 24416 94665,4

Svalbardbudsjettet m.m.

3481

Samfunnet Jan Mayen

7 409

6 836

7 137

4,4

Sum kategori 06.807 4096 8367 1374,4

Beskyttelse og innvandring

3490

Utlendingsdirektoratet

4 254 587

1 388 094

2 751 819

98,2

Sum kategori 06.904 254 5871 388 0942 751 81998,2

Sum programområde 067 670 7894 876 1726 745 15038,3

Sum inntekter

7 670 789

4 876 172

6 745 150

38,3

Fotnotar

1.

Tal for 2022 vart publisert av SSB 28. september 2023.

2.

I 2020 og 2021 var samfunnet prega av nedstenging på grunn av covid-19-pandemien, noko som kan ha påverka kriminalitetsbilete.

3.

I 2020 og 2021 var samfunnet prega av nedstenging på grunn av covid-19-pandemien, noko som kan ha påverka kriminalitetsbilete.

4.

Nasjonal trusselvurdering 2023

5.

Norsk Naturskadepool

6.

Nasjonal tryggleiksundersøking blir gjennomført årleg frå 2023.

7.

Dette gjeld førstegongsinnvandringar blant personar med ikkje-nordisk statsborgarskap.

8.

FNs høgkommissær for flyktninger, Global Trends Report 2022, UNHCR, 2023

9.

Eurostat, Kjeldetabell MIGR_ASYTPFM, Eurostat, 2023

10.

IOM, Regional Ukraine response situation report, IOM, 27. april 2023

11.

Altamirano et al., En ny flyktningpolitikk i Norden?, Nordisk Ministerråd, København, 1998

Til forsida