Del 2
Nærmare om budsjettforslaget
2 Nærmare om budsjettforslaget
Programkategori 06.10 Administrasjon
Utgifter under programkategori 06.10 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
01–29 | Statens egne driftsutgifter | 575 320 | 553 760 | 561 061 | 1,3 |
50–89 | Overføringar til andre | 85 404 | 98 100 | 108 105 | 10,2 |
Sum kategori 06.10 | 660 724 | 651 860 | 669 166 | 2,7 |
Utgifter under programkategori 06.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
400 | Justis- og beredskapsdepartementet | 660 724 | 651 860 | 669 166 | 2,7 |
Sum kategori 06.10 | 660 724 | 651 860 | 669 166 | 2,7 |
Innleiing
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for rettsvesenet, kriminalomsorga, politiet og påtalemakta, redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap, utlendingsforvaltninga m.m. Justis- og beredskapsdepartementet er samordningsdepartement for norsk politikk i polarområda og for svalbardbudsjettet. Justis- og beredskapsdepartementet har eit særleg ansvar for å medverke til eit oversiktleg lovverk med samanheng og god lovstruktur. Alle lovforslaga utanom dei som gjeld skattelover, skal leggjast fram for Justis- og beredskapsdepartementet for lovteknisk gjennomgang. Justis- og beredskapsdepartementet gir òg råd til andre departement om lovarbeid.
Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 520 052 | 518 368 | 529 752 |
23 | Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting, kan overførast | 55 268 | 35 392 | 31 309 |
50 | Norges forskningsråd | 48 732 | 61 432 | 69 092 |
70 | Overføringer til private | 19 988 | 18 811 | 20 014 |
71 | Tilskudd til internasjonale organisasjoner | 16 684 | 17 857 | 18 999 |
Sum kap. 400 | 660 724 | 651 860 | 669 166 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker lønn og godtgjersle til tilsette i departementet og lønns- og driftsutgifter til råd og utval. Løyvinga skal òg dekke driftsutgifter i tillegg til investeringar og utviklingstiltak. Unntaksvis kan løyvinga på posten brukast til enkelte driftsutgifter i domstolane og ytre etatar.
Talet på årsverk som er lønte på kap. 400, post 01, per 31. desember 2022, var 310,6 (eksklusiv tilsette i permisjon utan lønn). I tillegg til årsverka som er lønte på kap. 400, er om lag 30,9 årsverk i departementet lønte på andre budsjettkapittel under Justis- og beredskapsdepartementet i 2022. I 2022 var seks personar beordra til arbeid i departementet, eller dei hospiterer i departementet.
Det er i 2023 løyvd 5 mill. kroner på posten til koronakommisjonen, som starta arbeidet sitt i 2022, jf. Prop. 115 S (2021–2022), jf. Innst. 450 S (2021–2022). Kommisjonen leverte rapporten sin i mai 2023. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.
Frå 2023 er det løyvd 10 mill. kroner til ein permanent undersøkingskommisjon om partnardrap. Regjeringa har avgjort at kommisjonen skal leggjast til Statens sivilrettsforvaltning. Det blir derfor foreslått at løyvinga på kap. 400, post 01, blir redusert med 10 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 473, post 01.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 400, post 01, mot meirinntekter på kap. 3400, post 01, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 529,8 mill. kroner.
Post 23 Spesielle driftsutgifter, forskning, evaluering og kunnskapsinnhenting, kan overføres
Løyvinga på post 23 skal bli brukt til kortvarige forskingsoppdrag, til oppfølging av stortingsmeldingar eller offentlege utgreiingar og til evalueringar og anna innhenting av kunnskap, som skal dekke behovet Justis- og beredskapsdepartementet sjølv har for kunnskap som kan danne grunnlag for politikkutvikling og forvaltning. Posten kan òg nyttast til mellombels støtte til etablering av nye forskingssenter.
Ein stor del av løyvinga i både 2022 og 2023 gjekk til tiltak innan kriminalitetsfeltet og digital tryggleik, inkludert ei årleg tildeling til Center for Cyber and Information Security (CCIS) ved NTNU og ei årleg tildeling til Simula@UiB. I tillegg er det bl.a. tildelt midlar til prosjekt om totalforsvaret, forsking på terrorisme og Nasjonal tryggleiksundersøking.
1,2 mill. kroner vart i revidert nasjonalbudsjett i 2023 flytta til Kunnskapsdepartementet sitt kap. 285 Norges forskningsråd, post 55 Virksomhetskostnader. Midlane er øyremerkte arbeidet til Noregs forskingsråd med å etablere Noregs nasjonale koordineringssenter for digital tryggleik. Noregs forskingsråd vil arbeide med dette senteret til og med 2027, og det blir derfor foreslått at 1,2 mill. kroner flyttast til same post hos Kunnskapsdepartementet frå og med 2024. Regjeringa foreslår og å flytte 5 mill. kroner frå posten, til kap. 400, post 50, til eigenfinansieringsordninga for det nasjonale koordineringssenteret. Flyttinga betyr at den årlege løyvinga på 5 mill. kroner frå Justis- og beredskapsdepartementet til CCIS stansar frå og med 2024.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 31,3 mill. kroner.
Post 50 Norges forskningsråd
Noregs forskingsråd er eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Forskingsrådet har fem mål. Måla er
betre vitskapleg kvalitet
større verdiskaping i næringslivet
å møte store samfunnsutfordringar
eit velfungerande forskingssystem
god rådgiving
Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit system for korleis departementa skal styre Forskingsrådet. Den samla måloppnåinga for verksemda og økonomisituasjonen i Noregs forskingsråd er omtalt i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for 2024.
Justis- og beredskapsdepartementet har eit ansvar for langsiktig forsking for sektoren. Løyvingane frå departementet til Forskingsrådet over kap. 400, post 50, skal i hovudsak sørge for det breie sektoransvaret for forsking og bidra til langsiktig kompetanse- og kunnskapsoppbygging innanfor sektorområda til Justis- og beredskapsdepartementet. Tildelinga i 2022 var på 48,7 mill. kroner, og av desse gjekk 36,5 mill. kroner til forsking på samfunnstryggleik og IKT.
Det har vore satsa på forsking innanfor området samfunnstryggleik over fleire år, og forskinga finansiert gjennom Noregs forskingsråd held no høg kvalitet. Resultata frå forskinga er til nytte for både politikkutvikling og ei rekkje brukarar. Norske forskingsmiljø på samfunnstryggleik når godt opp i konkurransen om midlar i Horisont Europa og NordForsk. Porteføljane i Forskingsrådet bidrar generelt til god arbeidsdeling mellom nasjonale, nordiske og europeiske konkurransearenaer gjennom at innsatsområde og utlysingar blir koordinerte.
Innanfor området IKT og digital tryggleik bidrar forskinga til ny kunnskap på bl.a. kryptologi, cybertryggleik og personvern. Forskinga bidrar òg til tverrfagleg og anvend kunnskap som er med på å auke tryggleiken i kritiske infrastrukturar, redusere sårbarheiter i samfunnet og utvikle ny tryggingsteknologi. Forskningsrådet peikar på at det har vore krevjande å mobilisere gode søknader til internasjonale forskingsmidlar på digital tryggleik. Framtidig forskingsinnsats og prioriteringar på digital tryggleik må sjåast i samanheng med oppgåvene til det nasjonale koordineringssenteret for cybertryggleik, som Forskingsrådet og NSM fekk i oppdrag i 2022 frå Justis- og beredskapsdepartementet å opprette, i tråd med EU-direktiv 2021/887. Senteret er no i oppstartsfasen.
Forsking finansiert gjennom Noregs forskingsråd inkluderer òg forsking på høgreekstrem ideologi og valdsutøving, bl.a. gjennom Senter for ekstremismeforsking (C-REX). I 2022 tildelte Justis- og beredskapsdepartementet dessutan 11,3 mill. kroner til ei styrking av forsking på vald, overgrep og hatkriminalitet. Tildelinga var frå kap. 400, post 23, og er frå 2023 flytt til kap. 400, post 50. Saman med midlar frå Barne- og familiedepartementet har Noregs forskingsråd no tildelt midlar til tre prosjekt, som femnar problemstillingar som er viktige for både politikkutvikling og praksisfeltet, særleg der politiet har eit felles ansvar saman med kriminalomsorga, spesialhelsetenestene og hjelpeinstansar. Eit prosjekt vil t.d. sjå på vald utført av personar med alvorlege psykiske lidingar. Eit anna prosjekt vil forske på korleis hatkriminalitet blir behandla i strafferettssystemet.
Justis- og beredskapsdepartementet tildelte i 2022 5,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd til EØS- rettsvitskapleg forsking. Midlane er ein del av ei ny felles satsing med Arbeids- og inkluderingsdepartementet og finansierer etableringa av to nye senter: Research Centre on the European Dimension of Norwegian Law ved Universitetet i Oslo og Centre on the Europeanization of Norwegian Law – Understanding EEA Law as an integral part of Norwegian Law ved Universitetet i Bergen. Forskinga ved sentera vil bli kopla til utdanninga av juristar og er ei styrking av dei rettsvitskaplege miljøa.
Forskinga på migrasjonsområdet er i all hovudsak tverrfagleg innanfor samfunnsvitskapane, med sosiologi og økonomi som sentrale fagfelt. Justis- og beredskapsdepartementet vektlegg at løyvinga frå departementet skal bidra til utvikling av kunnskapsgrunnlaget for innvandringspolitikken, med vekt på asyl- og flyktningsystemet.
Den samla tildelinga til Noregs forskingsråd i 2023 vart 62,744 mill. kroner.
Det nasjonale koordineringssenteret for cybertryggleik har no fått innvilga økonomisk støtte frå EU til ei finansieringsordning som skal hjelpe til med å byggje kapasitet og kompetanse innan norsk cybertryggleik. For at EU skal innvilge økonomisk støtte, krev dei eigenfinansiering frå Noreg. Løyvinga til Noregs forskingsråd frå 2024 aukast med 5. mill. kroner til å dekke denne eigenfinansieringsordninga.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 69,1 mill. kroner i 2024.
Post 70 Overføringer til private
Løyvinga skal dekke tilskot til Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS), som del av arbeidet som departementet gjer for å førebu IKT-trygging på sivil side. Den organisatoriske tilknytinga for NorSIS er til vurdering. Dette vil ikkje påverke formålet med tilskotet, som er råd og rettleiing til innbyggjarane, dernest råd og rettleiing til små og mellomstore verksemder. Tilskotet varetek eit viktig segment i ansvarsområdet til departementet, der ingen klare alternative aktørar kan prioritere målgruppa på same måte. Tilskotet til NorSIS var på 9,7 mill. kroner i 2023, og det blir forslått 10,1 mill. kroner i 2024.
Løyvinga skal vidare dekke drift av nettportal om vald i nære relasjonar og valdtekt (dinutvei.no), tiltak for å førebygge vald i nære relasjonar og nasjonal konferanse om samarbeid og samordning i arbeidet mot vald i nære relasjonar.
Tabell 2.1 Einskildståande tilskot
(Beløp i 1 000 kroner) | |
---|---|
Tilskot | Forslag 2024 |
Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) | 10 100 |
Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (drift av nettportalen, dinutvei.no) | 4 636 |
Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (nasjonal konferanse om samarbeid og samordning i arbeidet mot vald i nære relasjonar) | 450 |
Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (tiltak for å førebyggje vald i nære relasjonar/informasjonskampanje | 950 |
Regionale ressurssentre om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (tiltak til å førebyggje vald i nære relasjonar/drift av forum mot vald og overgrep i samiske samfunn) | 400 |
Sum | 16 536 |
I 2023 blei det sett av om lag 2,7 mill. kroner til bl.a. forsking om førebygging av vald og overgrep i samiske samfunn og dessutan til evaluering av risikovurderingsverktøyet til politiet og konferanse om Istanbul-konvensjonen. Til saman blei det løyva om lag 9,1 mill. kroner til tiltak for å førebygge vald i nære relasjonar i 2023 på posten. Løyvinga blir i 2024 å nytta til tiltak for å førebyggje vald i nære relasjonar.
Regjeringa foreslår ei samla løyving på posten på 20,0 mill. kroner.
Post 71 Tilskudd til internasjonale organisasjoner
Løyvinga skal dekke Noreg sine tilskot og kontingentar til internasjonale organisasjonar og samarbeid på saksområda til Justis- og beredskapsdepartementet, i hovudsak desse:
Den internasjonale domstolen i Haag
Haagkonferansen for internasjonal privatrett
World Intellectual Property Organization (WIPO)
Det internasjonale instituttet i Roma for einsarta privatrett (UNIDROIT)
The Group of States Against Corruption (GRECO)
tilskot til Rådssekretariatet og Fellesorganet i samband med Schengen-samarbeidet
Interoperability Solutions for European Public Administration (ISA)
Austersjøområdet
sikrare internett pluss
Nordisk samarbeidsråd for kriminologi
finansielt bidrag til kommisjonen for deltaking i Schengen-komiteane
The European Network and Information Security Agent (ENISA)
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 19,0 mill. kroner.
Kap. 3400 Justis- og beredskapsdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Diverse inntekter | 4 206 | 6 073 | 6 341 |
02 | Refusjon av ODA-godkjente utgifter | 1 048 | 1 079 | 1 127 |
Sum kap. 3400 | 5 254 | 7 152 | 7 468 |
Post 01 Diverse inntekter
Post 01 blir brukt til å føre inntekter frå kantina som departementet driv i Nydalen, refusjonar gjennom rolla departementet har som programpartnar i EØS-midlane, og ymse inntekter. Desse inntektene varierer årleg. Refusjonar frå Utanriksdepartementet for den ODA-godkjende delen på 3 pst. av bidraget til World Intellectual Property utgjer om lag 100 000 kroner av inntektene.
Regjeringa foreslår at meirinntektene på kap. 3400, post 01, kan brukast til å overskride løyvinga på kap. 400, post 01, tilsvarande, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 6,3 mill. kroner.
Post 02 Refusjon av ODA-godkjente utgifter
Visse utgifter for reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet eller til tredjeland, og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i sentrale opphavs- og transittland og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell internasjonal bistand ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 1,1 mill. kroner, jf. omtalen under kap. 400, post 23.
Programkategori 06.20 Rettsvesen
Utgifter under programkategori 06.20 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
01–29 | Statens egne driftsutgifter | 3 555 743 | 3 482 129 | 3 815 749 | 9,6 |
Sum kategori 06.20 | 3 555 743 | 3 482 129 | 3 815 749 | 9,6 |
Utgifter under programkategori 06.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
61 | Høyesterett | 127 774 | 128 079 | 137 706 | 7,5 |
410 | Domstolene | 3 078 502 | 2 944 602 | 3 191 263 | 8,4 |
411 | Domstoladministrasjonen | 82 700 | 89 894 | 8,7 | |
414 | Forliksråd og andre domsutgifter | 349 467 | 326 748 | 396 886 | 21,5 |
Sum kategori 06.20 | 3 555 743 | 3 482 129 | 3 815 749 | 9,6 |
1 Innleiing
Målet for programkategori 06.20 Rettsvesen er rettstryggleik.
Programkategori 06.20 omfattar Høgsterett, lagmannsrettane, tingrettane, jordskifterettane, forliksråda, Finnmarkskommisjonen, Utmarksdomstolen for Finnmark og Domstoladministrasjonen.
Domstolane er den tredje statsmakta. Rettsstaten føreset tilgang til uavhengige og upartiske domstolar for tvisteløysing og straffesaksbehandling, og stiller òg krav om at rettargangen skal vere rettvis. Openheit og integritet er grunnleggjande for arbeidet.
Dei alminnelege domstolane har ansvar for å vareta rettstryggleiken ved å avseie dommar og treffe avgjerder innan rimeleg tid og med høg kvalitet. Dette stiller krav til effektivitet og god saksflyt i domstolane. Mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid for både straffesaker og sivile saker (tvistesaker) blir vedtekne årleg gjennom Stortinget si behandling av Prop. 1 S. I tillegg er det enkelte lovbestemte fristar.
Forliksråda er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker. Jordskifterettane er særdomstolar og blir kjenneteikna ved at saksfeltet er avgrensa.
1.1 Straffesaksområdet
Domstolane er det andre leddet i straffesakskjeda og tek imot saker frå påtalemakta. I straffesaker avgjer dei alminnelege domstolane om det er grunnlag for skuldinga til påtalemakta om brot på straffelovgivinga, og dei tek stilling til om det skal dømmast straff. Domstolane har ei sentral rolle for å få til ei meir effektiv straffesakskjede. Det er òg viktig for rettstryggleiken til den enkelte.
1.2 Sivile saker
I tillegg til straffesaker behandlar dei alminnelege domstolane sivile saker, som bl.a. tvistesaker, gjeldsordningssaker, konkurssaker, skiftesaker m.m. Forliksråda er eit rimeleg tvisteløysingsorgan som meklar mellom partar i sivile saker og kan avseie dom i enkelte saker. Ein stor del av sakene blir endeleg avgjorde i forliksrådet. Avgjerder frå forliksråd kan bringast inn for tingretten.
Jordskifterettane er særdomstolar som behandlar spørsmål om fast eigedom. Sakene gjeld krav om fastsetjing av og endring i eigedomsforhold og rettar som gjeld fast eigedom, fastsetjing av grenser og skjønn.
Finnmarkskommisjonen skal greie ut bruks- og eigarrettar til den grunnen som Finnmarkseigedommen overtok då Finnmarkslova tok til å gjelde 1. juli 2006. Utmarksdomstolen for Finnmark er ein særdomstol som behandlar tvistar som kan oppstå etter at Finnmarkskommisjonen har greidd ut rettsforholda i eit område.
2 Prioriteringar i 2024
Det blir foreslått å auke løyvinga til domstolane med 15 mill. kroner for å leggja til rette for lyd- og biletopptak i domstolane. I løpet av 2025 skal alle domstolar ha minst éin rettsstad med moglegheit til å ta opptak av rettsforhandlingar. Tiltaket vil bidra til å auke rettstryggleiken ved at det blir enklare å ettergå forklaringar gitt i tingretten, og at vitne og fornærma i enkelte saker vil sleppe belastninga ved å gi same forklaring fleire gonger.
Det blir òg foreslått vidareføre satsinga på digitalisering av domstolane med 20 mill. kroner til prosjektet Digitale domstolar II i 2024. Det er i 2022 og 2023 samla løyvd 67,7 mill. kroner til digitaliseringsprosjektet Elektronisk samhandling i straffesakskjeda (ESAS). For 2024 blir det foreslått å løyve 44 mill. kroner for å vidareføre prosjektet.
Fleire av tinghusa er gamle og har behov for rehabilitering eller utskifting. Regjeringa foreslår å løyve 137,3 mill. kroner knytt til igangsetjing av rehabilitering av Bergen tinghus i 2024. Sjå òg omtale under kap. 410 og i Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
3 Retningslinjer for Domstoladministrasjonen
Domstoladministrasjonen er den sentrale administrasjonen av domstolane og utfører ei rekkje felles administrative oppgåver for dei alminnelege domstolane, jordskifterettane, Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen for Finnmark. Domstoladministrasjonen er ansvarleg for tildelinga av budsjettet til domstolane (med unntak av Høgsterett), utvikling og drift av felles saksbehandlingssystem og andre IT-funksjonar. Domstoladministrasjonen har ansvar for utvikling av system for analyse og vurdering av måloppnåing. Den overordna arbeidsgivarfunksjonen ligg òg hos Domstoladministrasjonen.
Stortinget fastset rammer og mål for budsjett og lover for verksemda i domstolane. Nedanfor følgjer Justis- og beredskapsdepartementet sine forslag til generelle retningslinjer for verksemda til Domstoladministrasjonen for 2024.
Domstoladministrasjonen skal
leggje til rette for brukarorientering og utvikling i domstolane som gir reell tilgang til domstolane og riktige avgjerder til rett tid
sørge for effektiv ressursutnytting gjennom felles praksis og større satsing på aktiv saksstyring og utnytte moglegheitene til effektiv saksavvikling som allereie ligg i lovverket
leggje til rette for systematisk kvalitetsutvikling
leggje til rette for at domstolane kan oppfylle måla til Stortinget for gjennomsnittleg saksbehandlingstid
sørge for sikre og stabile IT-løysingar i ein digital rettsprosess, der personopplysningar og annan informasjon blir behandla på ein trygg måte
sikre systematisk og målretta rekruttering og kompetanseutvikling for leiarar og medarbeidarar i domstolane og Domstoladministrasjonen
sikre at oppgåveløysinga i domstolane skjer i forsvarleg trygge rammer
sikre eit godt avgjerdsgrunnlag for regjeringa og Stortinget
Domstoladministrasjonen sitt styre og justis- og beredskapsministeren har årleg møte. Justis- og beredskapsdepartementet har fleire møte på administrativ nivå med Domstoladministrasjonen årleg. Formålet med desse møta er bl.a. å få ei felles forståing av noverande og kommande økonomiske behov i domstolane. I møta blir det også gjort greie for framdrifta til større investeringsprosjekt. Departementet får òg informasjon om saksavviklinga og saksbehandlingstidene i domstolane. Domstoladministrasjonen står fritt til å ta opp andre tema i møta med departementet.
I arbeidet med budsjettet får departementet skriftleg innspel frå Domstoladministrasjonen med forslag til nye satsingar i domstolane. Departementet gjennomfører separate budsjettdrøftelser med Domstoladministrasjonen hvor ein søker å bli omforent om prioriterte nysatsinger for domstolene kommende år. Domstoladministrasjonens innspel og vurderingar er viktig for departementets arbeid med dei årlege budsjetta.
4 Regelutvikling
Regjeringa ønskjer gode reglar som bidrar til at saker blir avvikla effektivt og med høg kvalitet i heile landet. Dei siste åra har det blitt gjort mange lovendringar for å bidra til raskare og meir konsentrert behandling av saker i domstolane. Departementet har arbeidd med endringar i dei to sentrale prosessregelverka tvistelova og straffeprosesslova for bl.a. i større grad å leggje til rette for meir effektiv domstolbehandling. Det vil krevje kulturendring både i domstolane og hos aktørane for å få den fulle effekten av lovendringane. Regelutviklinga er òg omtalt under del 1.
Justis- og beredskapsdepartementet har forslag til endringar i tvistelova, domstollova, jordskiftelova og barnevernslova, jf. Prop. 34 L (2022–2023) og Innst. 273 L (2022–2023). Overordna er formålet med forslaga å oppnå ei meir effektiv rettspleie, meir aktiv saksstyring og ein større grad av proporsjonalitet i prosessen, og slik bidra til lågare kostnader for partane og samfunnet og at tilgangen til domstolane blir vareteken. Delar av endringane i tvistelova, det som gjeld ankesiling, sakskostnader og rettsmekling, tredde i kraft 1. juli 2023, og dei andre delane trer i kraft 1. januar 2024. Endringar i straffeprosesslova og tvistelova tredde i kraft i juli 2022. Lovendringane legg opp til at rettsmøte i domstolane i større utstrekking kan avviklast heilt eller delvis digitalt, anten som fjernmøte eller ved fjernavhøyr, jf. Prop. 97 L (2021–2022) og Innst. 384 L (2021–2022).
Kap. 61 Høyesterett
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 410, post 01 og kap. 411, post 01 | 127 774 | 128 079 | 137 706 |
Sum kap. 61 | 127 774 | 128 079 | 137 706 |
Hovudoppgåva til Høgsterett er å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling. Høgsterett behandlar ankar over avgjerder som er tekne av lågare domstolar, både i sivile saker og i straffesaker, men tek ikkje stilling til skuldspørsmålet i straffesaker. I 2022 tok Høgsterett til saman imot om lag 2 155 ankesaker. I 2022 vart 11 pst. av ankane over dom i sivil saker og 11,5 pst. av ankane over dom i straffesaker fremma til behandling. Høgsterett behandla 56 sivile saker og 55 straffesaker etter munnleg behandling i avdeling.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 410, post 01 og kap. 411, post 01
Løyvinga dekker faste og variable lønnskostnader og andre driftsutgifter som følgjer av verksemda til Høgsterett. Det var 20 dommarar og 51 andre tilsette ved Høgsterett per 31. desember 2022.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 3 mill. kroner til nytt nettverk i Høgsteretts hus mot tilsvarande reduksjon under kap. 410, post 01.
Det blir foreslått ei løyving på 137,7 mill. kroner på posten.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 61, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3061, post 03, jf. forslag til vedtak.
Kap. 410 Domstolene
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 61, post 01 og kap. 411, post 01 | 2 981 186 | 2 840 398 | 3 080 539 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 94 402 | 101 354 | 107 544 |
22 | Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler, kan overførast | 2 914 | 2 850 | 3 180 |
Sum kap. 410 | 3 078 502 | 2 944 602 | 3 191 263 |
Domstolane er uavhengige. Korkje Stortinget, regjeringa eller andre myndigheiter kan instruere eller påverke domstolane i den dømmande verksemda. Kompetansen til domstolane omfattar bl.a. å utøve kontroll med den lovgivande og den utøvande makta. Domstolane skal sikre at individ får rettane sine etter Grunnlova, lover og internasjonale konvensjonar som staten er bunden av. Domstolane skal avgjere dei sakene dei får til behandling, forsvarleg og til rett tid.
I 2021 vart talet på rettskrinsar redusert frå 60 til 23 for tingrettane og frå 34 til 19 for jordskifterettane. Våren 2022 sende regjeringa på høyring eit forslag om å gjere justeringar i strukturen for tingrettane og jordskifterettane for å gå tilbake til strukturen frå før 2021, for å sikre innbyggjarar over heile landet god rettstryggleik og tilgjengelege tenester. Departementet har motteke om lag 400 høyringssvar. Høyringa er no til oppfølging i departementet og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om dette på eigna måte.
Mål for saksbehandlingstid
Måla for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i dei alminnelege domstolane, dvs. i tingrettane og lagmannsrettane, gjeld både for straffesaker og sivile saker (tvistesaker) og blir vedtekne årleg gjennom Stortinget si behandling av Prop. 1 S. Måla gjeld samla for domstolane og for kvar enkelt domstol. Domstolane må dessutan oppfylle enkelte lovbestemte fristar.
Boks 2.1 viser kva for sakstypar Stortinget har sett mål for saksbehandlingstid.
Boks 2.1 Stortinget har sett mål for domstolane i desse sakstypane
Tingrettane
Sivile saker:
Tvistesaker: rettsleg (sivil) tvist som normalt blir behandla etter reglane i tvistelova.
Straffesaker:
Meddomsrettssaker: ordinære straffesaker der både skuld og straff skal avgjerast. Retten blir sett med éin fagdommar og to meddommarar.
Einedommarsaker: avgjerder i straffesaker (inkludert avgjerder som er tekne under etterforskinga) som blir avgjorde av éin dommar.
Lagmannsrettane
Sivile saker:
Anke over dom i tvistesak: ein sivil dom som blir anka.
Straffesaker:
Meddomsrettsaker – bevisanke1: straffesaker ved anke over skuldspørsmålet. Retten blir sett med to fagdommarar og fem meddommarar.
Meddomsrettssaker – avgrensa anke: straffesaker ved anke over straffutmålinga i saker med strafferamme på over seks år. Retten blir sett med to fagdommarar og fem meddommarar.
Fagdommarsaker: straffesaker ved anke over straffeutmålinga i saker med strafferamme på inntil seks år pluss straffesaker ved anke over lovbruk eller saksbehandling (uansett strafferamme). Retten blir sett med tre fagdommarar.
1 Tidlegare vart desse sakene med strafferamme på over seks år avgjorde av ein jury (lagrettesaker med tre fagdommarar og ti lagrettemedlemmer), og sakene med strafferamme på inntil seks år vart avgjorde med ein meddomsrett med tre fagdommarar og fire meddommarar. Juryordninga vart avvikla 1. januar 2018. Med lovendringa blir alle straffesaker i lagmannsretten, med unntak av fagdommarsakene, avgjorde av ein meddomsrett med to fagdommarar og fem meddommarar.
Riksrevisjonen har undersøkt saksbehandlingstid og effektivitet i tingrettane og lagmannsrettane, jf. Dokument 3:3 (2019–2020). I undersøkinga peika Riksrevisjonen på fleire kritikkverdige forhold. Riksrevisjonen meinte bl.a. at det er svært alvorleg at ikkje fleire domstolar når måla Stortingets har sett for saksbehandlingstid i straffesaker. Tre år etter undersøkinga, våren 2023, har Riksrevisjonen sendt spørsmål til Domstoladministrasjonen om oppfølging av Dokument 3:3 (2019–2020) og bede departementet gi kommentarar til oppfølginga. Departementet har i samråd med Domstoladministrasjonen arbeidd for å auke effektiviteten og betre måloppnåinga med tiltak knytte til struktur, digitalisering og regelverk.
Straffesaker i tingrettane og lagmannsrettane
Tingrettane behandlar i overkant av 50 000 einedommarsaker kvart år. Dei fleste sakene er avgjerder som er tekne under etterforskinga, medan ein mindre del er varetektsfengslingar, førarkortbeslag og tilståingssaker. Alle tingrettane nådde måla til Stortinget for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i 2022. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida var 0,4 md.
I 2022 kom det inn om lag 13 800 meddommarsaker til tingrettane, og tingrettane behandla om lag 14 000 saker. Ved utgangen av 2022 var det registrert om lag 3 100 restansar, ein nedgang på litt meir enn 100 saker i forhold til året før. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida på nasjonalt nivå var på 2,7 md. i 2022. Til samanlikning var saksbehandlingstida 3,2 md. i 2020 og 2,8 md. i 2021. Av totalt 23 tingrettar så hadde 7 domstolar ein gjennomsnittleg saksbehandlingstid på meir enn 3 md. i 2022. Dette er tre færre tingrettar enn i 2021.
Straffesaker som kjem til lagmannsrettane, blir først vurderte i ankeutvala. Kvar lagmannsrett har eit eige ankeutval. Ikkje alle ankar blir vist til ordinær ankebehandling. Viss anken ikkje blir vist til ordinær ankebehandling, vil tingrettsavgjerda vere den endelege avgjerda i saka. Frå og med 2020 vart tilgangen til å nekte ankar fremma utvida til å omfatte ankar som gjelder brotsverk som kan medføre fengsel i meir enn seks år. For desse ankane, er det berre ankar som klart ikkje vil føre fram, som kan bli nekta ny behandling av ankeutvala. Tidlegare vart slike ankar alltid realitetsbehandla.
I 2022 fekk lagmannsrettane inn omtrent 2 600 straffeankar til ankeprøving. Delen saker som blir vist til behandling, var på 40 pst. Tilsvarande del i 2021 var 35 pst. Samanlikna med 2021 vart det i 2022 vist færre avgrensa ankar i meddomsrett til behandling, men fleire bevisankar. I 2022 behandla lagmannsrettane fleire saker enn talet på saker som vart viste til behandling. Dette gjeld for alle fire straffesakstypane, og restansane av saker til behandling vart dermed arbeidde ned i løpet av 2022.
Tabell 2.2 Mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i dei alminnelege domstolane
Sakstype | Mål i månader | |
---|---|---|
Tingrettane | Lagmannsrettane | |
sivile saker (tvistesaker) | 6 | 6 |
straffesaker (meddomsrettssaker) | 3 | 3 |
straffesaker (einedommarsaker) | 1 | – |
Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for straffesaker som vart realitetsbehandla i 2022 gjekk ned for alle sakstypar. Ingen av lagmannsrettane nådde måla til Stortinget for gjennomsnittleg saksbehandlingstid for straffesaker på tre md. eller mindre i 2022. Dette gjeld for alle straffesakstypane.
Måla til Stortinget for saksbehandlingstid har ikkje vore endra sidan 1990. Sidan målet først vart fastsett, har lagmannsrettane aldri hatt ein gjennomsnittleg saksbehandlingstid i straffesaker på mindre enn tre md. Lagmannsrettane har derfor aldri overhalde Stortingets mål om ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på mindre enn tre md. Domstoladministrasjonen ønskjer at målet for gjennomsnittleg saksbehandlingstid for lagmannsrettane blir auka frå 3 til 5 md. Domstoladministrasjonens forslag er til vurdering i departementet.
Tabell 2.3 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i straffesaker, meddomsrettssaker
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Tingrettar | Strafferamme 6 år eller mer | 4,3 | 4,1 | 4,4 | 4,2 | 4,0 |
Strafferamme under 6 år | 3,2 | 3,1 | 3,1 | 2,7 | 2,6 | |
Lagmannsrettar | Fagdommarsaker | 5,3 | 4,8 | 5,3 | 4,6 | 4,4 |
Avgrensa ankar | 4,6 | 4,7 | 5,5 | 5,9 | 4,6 | |
Bevisankar, strafferamme under 6 år | 7,7 | 7,2 | 7,7 | 6,4 | 5,8 | |
Bevisankar, strafferamme 6 år eller meir | 6,5 | 6,6 | 7,6 | 7,3 | 6,2 |
Kjelde: Lovisa
I tillegg til at Stortinget har fastsett mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid, har straffeprosesslova § 275 fristar for saksbehandlinga i straffesaker. I saker der den sikta var under 18 år på handlingstidspunktet eller er varetektsfengsla når saka blir fastsett i tid og stad, gjeld særskild frist for når hovudforhandlinga skal starte opp. Fristane er ikkje absolutte. I mange tilfelle kan det vere relevante årsaker til at fristane blir overskridne. I 2022 sette tingrettane i gang hovudforhandlinga etter fristen i 48 pst. av sakene der den sikta var i varetekt. I saker der den sikta var under 18 år, vart hovudforhandlinga sett i gang etter fristen i 44 pst. av sakene. I lagmannsrettane vart tidspunktet for hovudforhandlinga fastsett etter fristen i 34 pst. av straffeankane. I saker der den sikta sit i varetekt, vart ankeforhandlinga sett i gang etter fristen i 66 pst. av sakene i 2022, mot 80 pst. av sakene i 2021.
Tvistesaker i tingrettane og lagmannsrettane
I 2022 kom det inn rundt 12 200 tvistesaker til tingrettane, nokon færre saker enn året før. Talet på slutta saker var høgare enn talet på saker som kom inn. Ved utgangen av 2022 var om lag 6 000 tvistesaker i restanse i tingrettane. Det er ein nedgang på omtrent 100 saker i forhold til 2021, og ein nedgang på om lag 700 saker i forhold til 2020. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for tvistesaker var samla sett på 5,6 md., men åtte tingrettar nådde ikkje målet til Stortinget om ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på under 6 md. Det kom inn om lag 1 600 sivile ankar over dom til lagmannsrettane i 2022, og lagmannsrettane behandla nesten 1 800 saker det same året. Talet på restansar vart redusert med omtrent 20 pst. i 2022. Ved utgangen av 2022 var det omtrent 650 restansar. Samla for alle lagmannsrettane var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i 2022 på mindre enn seks månader. To av dei seks lagmannsrettane nådde måla til Stortinget for saksbehandlingstid.
Tabell 2.4 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i tvistesaker
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Tingrettar | Alminnelege tvistesaker | 6,8 | 6,7 | 6,8 | 6,2 | 5,8 |
Arbeidsrett | 4,8 | 4,6 | 4,6 | 4,5 | 4,8 | |
Overprøving ved tvangsvedtak | 4,2 | 3,9 | 4,3 | 4,0 | 3,7 | |
Saker etter barnelova | 8,9 | 8,8 | 9,0 | 8,6 | 8,9 | |
Andre tvistesaker | 2,6 | 2,6 | 2,4 | 2,9 | 2,3 | |
Lagmannsrettar | Alminnelege tvistesaker | 7,4 | 8,1 | 7,5 | 7,0 | 5,8 |
Saker etter barnelova | 7,2 | 7,0 | 6,8 | 6,6 | 5,4 | |
Saker etter barnevernlova | 2,1 | 2,2 | 4,1 | 3,5 | 2,9 |
Kjelde: Lovisa
Som tabellen ovanfor viser, er det relativt store og vedvarande skilnader i gjennomsnittleg saksbehandlingstid mellom ulike typar tvistesaker. Saksbehandlingstida i tingrettane for barnelovsaker er særleg lang. Dette er fordi partane kan inngå ein mellombels avtale om samvær med barnet eller barna. Saksbehandlingstida i barnelovsaker er derfor ikkje nødvendigvis eit godt mål på kor lang tid domstolane bruker på å behandle saka. Viss ein ser bort i frå saker etter barnelova, så var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i tvistesaker i 2022 om lag 4,6 md. i tingrettane.
Både talet på rettsmeklingsmøte og talet på saker som er forlikte som resultat av rettsmekling, har auka dei siste seks åra. I tingrettane vart det halde rettsmeklingsmøte i 1 878 tvistesaker i 2022. Av dei mekla sakene enda med 1 393 forlik etter rettsmekling. I lagmannsrettane vart 191 saker rettsmekla. Det vart inngått rettsforlik etter rettsmekling i 137. av dei mekla sakene.
Saksavvikling og saksbehandlingstid i jordskifterettane
I 2021 fekk jordskifterettane inn om lag 1 150 saker. Talet på nye saker gjekk ned med omtrent 15 pst. samanlikna med 2021. I 2022 kom det inn færre saker innan alle sakstypar samanlikna med 2021. Jordskifterettane avslutta om lag 1 400 saker. Det er ein auke på 8 pst. samanlikna med året før. Talet på saker som ligg føre, vart redusert med 11 pst. frå 2021 til 2022.
Tabell 2.5 Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i jordskifterettane
2020 | 2021 | 2022 | ||
---|---|---|---|---|
Rettsfastsetjande saker | Domstol med lågast saksbehandlingstid | 5.7 | 7.0 | 7.8 |
Domstol med lengst saksbehandlingstid | 30.3 | 29.2 | 35.8 | |
Gjennomsnitt alle domstolar | 16.5 | 15.1 | 15.4 | |
Rettsendrande saker | Domstol med lågast saksbehandlingstid | 6.7 | 9.0 | 10.0 |
Domstol med lengst saksbehandlingstid | 59.9 | 46.7 | 48.0 | |
Gjennomsnitt alle domstolar | 17.3 | 18.5 | 18.9 |
Kjelde: Lovisa
Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for avslutta saker var samla sett 16,3 md. i 2022. For rettsfastsetjande saker var saksbehandlingstida 15,4 md., medan ho var 18,9 md. for rettsendrande saker. Det er store skilnader i gjennomsnittleg saksbehandlingstid mellom dei enkelte jordskifterettane. Den lange saksbehandlingstida kan gjere jordskifterettane mindre relevante og attraktive som problemløysarar. Det blir derfor foreslått at Stortinget fastsett mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid for jordskifterettane. Det blir foreslått eit mål om gjennomsnittleg saksbehandlingstid på 9 md. for rettsfastsetjande saker og 15 md. for rettsendrande saker.
Tabell 2.6 Forslag til nye mål for gjennomsnittleg saksbehandlingstid i jordskifterettane
Sakstype | Mål i månader Jordskifterettane |
---|---|
Rettsfastsetjande saker | 9 |
Rettsendrande saker | 15 |
Digitalisering av domstolane
Domstolane tek del i det digitale skiftet. Den overordna ambisjonen er å realisere ein heildigital og saumlaus rettsprosess. Dette legg til rette for effektiv saksavvikling, kortare saksbehandlingstider, meir transparent saksbehandling og meir tilgjengelege domstolar. Sentrale digitaliseringssatsingar er prosjekta Digitale domstolar, Digitale domstolar II, utprøvingsprosjektet Opptak i retten (lyd- og biletopptak i retten), Elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS) og Oppgjer etter dødsfall.
Prosjektet digitale domstolar vart sett i gong i 2017, og strakk seg til 2022. Prosjektet har gjort det mogleg å halde papirlause rettsmøte og lagt til rette for digital samhandling mellom domstolane og advokatar. Totalt er det no mogleg å nytte videokonferanse i cirka 85 pst. av alle rettssalane. Ca. 40 pst. av alle rettssalar er rekna som heildigitale. Alle domstolane har no gode moglegheiter til å gjennomføre videomøte mellom rettsstadene.
Domstolane og advokatar kan utveksle dokument og saksinformasjon digitalt gjennom Aktørportalen. Løysinga er no opna for fleire sakstypar, og salærbehandling for både tviste- og straffesaker blir òg gjort i portalen. Meddommarar i tingrettane og lagmannsrettane kan òg bruke portalen gjennom ei særleg tilpassa løysing. Det same gjeld for sjølvprosederande partar i saker for jordskifteretten. Sjølvprosederande partar i jordskifterettane kan no både sjå informasjon og dokument i saka og sende inn informasjon og dokument, og jordskifteretten nyttar portalen til forkynning overfor og sjølvprosederande partar. Domstolane sjølv, Domstolkommisjonen og Riksrevisjonen har peika på behovet for ei betre støtte til å fastsetje tid og stad for saker i domstolane. Det er utvikla heilt ny funksjonalitet i LOVISA, saksbehandlingsplattforma til domstolane. Hausten 2023 vil alle domstolane ha moglegheit til å nytte løysinga.
Digitale domstolar II er ei utviding av det opphavlege prosjektet som omfattar alle domstolar og rettsstader, inklusiv jordskifterettane. Prosjektet strekkjer seg over fire år (2021–2024). I denne perioden skal det investerast i meir teknisk utstyr og produktutvikling. Ein sentral del av satsinga er å betre den digitale grunnsikringa i samhøve med den nasjonale strategien for digital tryggleik. Det er særleg viktig å ta omsyn til informasjonstryggleik og personvern i arbeidet med å digitalisere domstolane.
Prosjektet Elektronisk samhandling mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS) er eit av satsingsområda for å effektivisere straffesakskjeda. Stortinget vedtok etter forslag frå regjeringa ei løyving på 42,7 mill. kroner i 2023 til å vidareutvikle automatisering og digitalisering av den elektroniske informasjonsutvekslinga mellom aktørane i straffesakskjeda (ESAS). Arbeidet med å vidareutvikle ESAS vil gå for seg over fleire år (2022–2025). Prosjektet blir gjennomført i tett samarbeid mellom Domstoladministrasjonen (DA), Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Politidirektoratet og Den høgare påtalemakta (DHP). Fleire verksemder skal òg bli kopla på ei felles teknisk plattform som er utvikla, Justishub. Tiltaket vil bidra til ei sikrare og meir effektiv straffesakskjede og auka rettstryggleik.
Domstoladministrasjonen har sidan 2016 hatt eit prøveprosjekt med lyd- og biletopptak av rettsforhandlingar i utvalde domstolar. Departementet fekk ein sluttrapport frå prosjektet i 2023. Prosjektet har gitt verdifull erfaring om korleis det tekniske utstyret fungerer i praksis, og kva regelverksendringar som må bli gjennomførte for at gevinstane ved å ta opptak av rettsforhandlingar skal bli så store som mogleg. I 2023 har Domstoladministrasjonen sett i gang vidare utprøving. Formålet er å teste ei ny teknisk løysing, i tillegg til å vurdere strøyming, lagring, deling og gjenbruk av opptaka. Administrasjonen skal òg vurdere behovet for og ev. fremme forslag til regelverksendringar. Det blir foreslått å auke løyvinga til domstolane med 15 mill. kroner for å leggja til rette for lyd- og biletopptak i domstolane. Det blir teke sikte på at ein kan byrja å ta opptak av rettsforhandlingar ved enkelte rettsstader i løpet av 2025. Tiltaket vil bidra til å auke rettstryggleiken ved at det blir enklare å ettergå forklaringar som er gitt i tingretten.
Prosjektet Oppgjer etter dødsfall er eitt av fleire tiltak i livshendinga Dødsfall og arv, som er ei av sju livshendingar i digitaliseringsstrategien for offentleg sektor 2019–2025. Dette er eit tverrsektorielt prosjekt som er forankra i Digitaliseringsdirektoratet, og som skal resultere i samanhengande tenester for brukarane. For domstolane betyr arbeidet at store delar av skifteprosessen på sikt vil bli digitalisert. Det har over tid gått for seg eit omfattande utviklings- og regelverksarbeid. Dette arbeidet er no i sluttfasen, og ein planlegg å lansere løysinga Altinn dødsbu første kvartal 2024. Samstundes med utviklinga av Altinn dødsbu og integrasjonen med LOVISA-plattforma blir saksbehandlingsløysinga til domstolane utvikla og modernisert for å nytte og forbetre dei interne prosessane som er ei følgje av den nye løysinga.
Domstollokale
Domstoladministrasjonen forvaltar om lag 100 leigeobjekt med om lag 450 rettssalar. Fleire domstolar har lokale som ikkje er formålstenlege. Dette påverkar både brukarar og tilsette og med det saksavviklinga i domstolane. Regjeringa meiner at det er viktig å ha tilgjengelege og funksjonelle rettslokale der folk bur. I dei neste åra er det behov for å inngå fleire nye avtalar for at rettslokala framleis skal kunne vere der dei er i dag. Om lag 40 av dei leigde domstollokala har behov for større eller mindre oppgraderingar. I Egersund, Bodø, Halden, Volda og Brønnøysund har ein inngått nye leigeforhold, og domstolane flyttar inn i lokala i 2023.
Rehabilitering av Bergen tinghus
Det er gjennomført forprosjekt for rehabilitering av Bergen tinghus, som har gjennomgått ekstern kvalitetssikring (KS2). Det er berekna ei kostnadsramme på 1 180 mill. kroner for rehabiliteringa og 196,5 mill. kroner for brukarutstyret (2024-kroner).
Det blir foreslått å setje i gang rehabilitering av Bergen tinghus i 2024, slik at tinghuset kan fungere som rettslokale for ein moderne tingrett også i framtida. Som eit førebuande tiltak er det inngått leigeavtale om bruk av mellombels lokale, og avtale om leige av tilleggslokale etter ferdigstilling vil bli inngått hausten 2023, slik Stortinget tidlegare har gitt fullmakt til, jf. Prop. 115 S (2021–2022) og Innst. 450 S (2021–2022), og Prop. 1 S (2022–2023) og Innst. 6 S (2023–2023). Tinghuset vil vere klart til innflytting igjen i 2027. Samla blir det foreslått å løyve 137,3 mill. kroner i 2024 knytt til rehabilitering av Bergen tinghus, derav 100 mill. kroner under kap. 2445 Statsbygg og 37,3 mill. kroner under kap. 410, post 01. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2023–2024) til Kommunal- og distriktsdepartementet og forslag til vedtak.
Drammen tinghus
Sidan 2019 har det gått for seg eit arbeid med forprosjekt for nytt tinghus i Drammen. Tinghuset vil vere ei samlokalisering av Buskerud tingrett, Vestre Viken jordskifterett og Borgarting lagmannsrett i Drammen. Bygginga av nytt tinghus vart sett i gang hausten 2021, og domstolane flytta inn i det nye tinghuset i 2023.
Nytt tinghus i Tønsberg
Vestfold tingrett blei oppretta 1. januar 2019, gjennom samanslåing av tingrettane Larvik, Nordre Vestfold (Horten), Sandefjord og Tønsberg. Vestfold tingrett vil bli samlokalisert i nytt tinghus i Tønsberg. Regjeringa vil gjennomføre etablering av nytt tinghus i Tønsberg som eit brukarfinansiert statleg byggjeprosjekt. Igangsetting skjer hausten 2023, og planlagt innflytting er i 2025.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 61, post 01 og kap. 411, post 01
Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter i domstolane (ikkje forliksråda), medrekna faste og variable lønnsutgifter og lønnsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar i tingrettane, jordskifterettane og lagmannsrettane. Løyvinga dekker vidare alle ordinære driftsutgifter og investeringar knytte til dei enkelte domstolane, utgifter til Finnmarkskommisjonen og Utmarksdomstolen for Finnmark.
Per 31. desember 2022 ugjorde bemanninga ved tingrettane 556 dømmande årsverk og 657 andre årsverk. Bemanninga ved lagmannsrettane utgjorde 192 dommarårsverk og 124 andre årsverk. Bemanninga ved jordskifterettane utgjorde 95 dommarårsverk og 136 andre årsverk per 31. desember 2022.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 15 mill. kroner til å leggja til rette for lyd- og bilete opptak i retten.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 3 mill. kroner mot tilsvarande auke i løyvinga over kap. 61, post 01 til nytt nettverk i Høgsteretts hus.
Det blir foreslått å vidareføre satsinga på digitalisering av domstolane med 20 mill. kroner til prosjektet Digitale domstolar II i 2023.
Det blir foreslått å vidareføre løyvinga til digitaliseringsprosjektet Elektronisk samhandling i straffesakskjeda (ESAS) med 44 mill. kroner i 2024.
Det blir i samband med rehabilitering av Bergen tinghus foreslått å løyve 37,3 mill. kroner til brukarutstyr og til leige av mellombels lokale i 2024.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 under kap. 410, post 01 kan pådra staten forpliktingar utover budsjettåret for å skaffe brukarutstyr til rehabiliteringa av Bergen tinghus. Samla forpliktingar og utbetalingar kan ikkje overskride kostnadsramma for brukarutstyr på 196,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 02 og 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 3 081 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter som etter rettsgebyrlova er inkluderte i rettsgebyret, jf. kap. 3410, t.d. kunngjeringsutgifter, nødvendige utgifter ved tvangsforretningar, registrering m.m. under offentleg bubehandling og forkynning som er nødvendig etter lova. I enkelte saker blir utgifter til meddommarar, vitne og rettsvitne m.m. dekte. Løyvinga dekker òg arbeidsgivaravgift av godtgjersle til meddommarar og tolkar i sivile saker der partane sjølv dekker godtgjersla.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 107,5 mill. kroner.
Post 22 Vernesaker/sideutgifter, jordskiftedomstoler, kan overføres
Jordskiftedomstolane har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene skal førast i eigne saksrekneskapar.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 22, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått fullmakt til postering mot mellomverande med statskassa, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 3,2 mill. kroner.
Kap. 3410 Domstolene
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Rettsgebyr | 257 369 | 270 861 | 263 490 |
02 | Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene | 23 429 | 20 850 | 21 768 |
03 | Diverse refusjoner | 11 391 | 1 760 | 1 837 |
04 | Vernesaker jordskiftedomstolene | 3 601 | 2 426 | 3 000 |
Sum kap. 3410 | 295 790 | 295 897 | 290 095 |
Post 01 Rettsgebyr
Rettsgebyr (R) er eit grunngebyr som dannar utgangspunkt for utrekning av betaling for tenester i offentleg verksemd. Gebyret som blir betalt, er sett saman av grunngebyret R og ein multiplikator.
Det blir foreslått å auke rettsgebyret frå 1 243 kroner til 1 277 kroner med verknad frå 1. januar 2024.
Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med tvistesaker, skjønn, skifte, konkurs, tvangsforretningar m.m.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 263,5 mill. kroner.
Post 02 Saks- og gebyrinntekter jordskiftedomstolene
Løyvinga på posten omfattar inntekter ved at partane i saka betaler gebyr.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 21,8 mill. kroner.
Post 03 Diverse refusjoner
Posten dekker refusjonar som blir brutto inntektsførte ved domstolane i første instans og lagmannsrettane, bl.a. refusjonar etter avrekning av energiutgifter m.m.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 01, tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1,8 mill. kroner.
Post 04 Vernesaker jordskiftedomstolene
Løyvinga på posten samsvarer med tilsvarande utgifter over kap. 410, post 22.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 410, post 22, mot tilsvarande meirinntekter over kap. 3410, post 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått fullmakt til postering mot mellomverande med statskassa, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 3 mill. kroner.
Kap. 411 Domstoladministrasjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 61, post 01 og kap. 410, post 01 | 82 700 | 89 894 | |
Sum kap. 411 | 82 700 | 89 894 |
Domstoladministrasjonen har det administrative ansvaret for dei alminnelege domstolane (ikkje forliksråda), jordskiftedomstolane, Finnmarkskommisjonen, Utmarksdomstolen for Finnmark, Tilsynsutvalet for dommarar og Innstillingsrådet for dommarar.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 410, post 01, og kap. 61, post 01
Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter ved Domstoladministrasjonen og til Tilsynsutvalet for dommarar og Innstillingsrådet for dommarar. Bemanninga utgjorde 171 årsverk per 1. januar 2023.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,4 mill. kroner for å forbetre dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Sjå òg omtale under kap. 433 Konfliktråd.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner for å etablere ein digital løysing for å handtere anonym vitneførsel i samband med Prop. 34 L (2022–2023) Endringer i tvisteloven mv. (rettsmekling, ankenektelse mv.) mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 470, post 01. Sjå omtale under programkategori 06.70.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 411, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3411, post 03, jf. forslag til vedtak. Det blir foreslått ei løyving på posten på 89,9 mill. kroner.
Kap. 3411 Domstoladministrasjonen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
03 | Diverse refusjoner | 300 | 313 | |
Sum kap. 3411 | 300 | 313 |
Post 03 Diverse refusjoner
Posten dekker refusjonar som blir brutto inntektsførte ved Domstoladministrasjonen, bl.a. kantineinntekter til Domstoladministrasjonen m.m. På posten blir det òg ført inntekter frå oppdrag Domstoladministrasjonen ev. utfører for andre. Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga over kap. 411, post 01, tilsvarande meirinntekter over kap. 3411, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 313 000 kroner.
Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 306 623 | 284 846 | 352 425 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 42 844 | 41 902 | 44 461 |
Sum kap. 414 | 349 467 | 326 748 | 396 886 |
Forliksråda er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker og er ein meklingsinstitusjon med avgrensa makt til å fastsetje dom. Hovudoppgåva til forliksrådet er å leggje til rette for at partane ved mekling eller dom får løyst saka enkelt, hurtig og rimeleg. Alle kommunar har forliksråd. Forliksrådet består av tre lekfolk og like mange varamedlemmer, som blir valde blant innbyggjarane til kommunane for fire år om gongen.
Forliksråda tok imot om lag 51 000 saker i 2022 og behandla om lag 58 000 saker. Talet på mottekne saker var 15 pst. lågare enn i 2021, medan talet på behandla saker gjekk ned med 9 pst. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for behandlinga av forliksklagar var 122 dagar i 2022. Til samanlikning var saksbehandlingstida 105 dagar i 2021.
Stortinget har vedteke å be regjeringa greie ut forliksrådsordninga med sikte på å styrke og forbetre ho (oppmodingsvedtak nr. 445 5. januar 2023). Departementet har sett i gang eit forskings- og utgreiingsoppdrag for å betre kunnskapsgrunnlaget om forliksråda. Departementet vil òg sjå nærmare på innretninga på opplæringa av forliksrådsmedlemmene.
Det blir foreslått å auke taket på erstatning for tapt arbeidsinntekt frå 750 kroner per dag til 775 kroner.
Som ein kan sjå av figur 2.1, har det dei seinaste åra vore ein nedgang i talet på mottekne forliksklagar, noko som antakeleg kjem av åtgangen til å fremme uimotsagde krav direkte for namsmannen. Det er til samanlikning ein auke i desse sakene. Virusutbrotet med tilhøyrande smitteverntiltak hadde innverknad på saksbehandlingstida i både 2020 og 2021. I 2022 er det avslutta vesentleg fleire saker enn det som er teke imot. Fordi mange av desse er eldre saker, har det medført ein auke i saksbehandlingstida. Saksbehandlingstida har forbetra seg vesentleg utover i 2023 og er ved utløpet av juli pålydande 90 dagar nasjonalt.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker godtgjersle og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, enkelte sakkunnige, vitne, rettsvitne m.m. og reiseutgiftene deira. Vidare dekker løyvinga utgifter til tolkar i sivile saker der partane har krav på tolk. Løyvinga på posten dekker òg utgifter til vitne som møter hos eller på annan måte gir forklaring til kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker, og utgifter til nødvendige blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,4 millionar kroner i samband med auka meddommarsats frå 250 kroner til 750 kroner, jf. Innst. 490 S (2022–2023).
Det blir foreslått ei løyving på posten på 352,4 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekker utgifter til godtgjersle og køyregodtgjersle til medlemmer av forliksråda og utgifter til nødvendige kompetansehevande tiltak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 44,5 mill. kroner.
Programkategori 06.30 Straffegjennomføring og konfliktråd
Utgifter under programkategori 06.30 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
01–29 | Statens egne driftsutgifter | 5 718 155 | 5 728 280 | 6 199 017 | 8,2 |
30–49 | Nybygg, anlegg o.a. | 73 327 | 46 849 | 82 551 | 76,2 |
50–89 | Overføringar til andre | 199 982 | 194 026 | 207 866 | 7,1 |
Sum kategori 06.30 | 5 991 464 | 5 969 155 | 6 489 434 | 8,7 |
Utgifter under programkategori 06.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
430 | Kriminalomsorgen | 5 592 269 | 5 417 380 | 5 889 924 | 8,7 |
431 | Kriminalomsorgsdirektoratet | 148 125 | 161 980 | 9,4 | |
432 | Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter | 217 181 | 225 241 | 238 391 | 5,8 |
433 | Konfliktrådet | 182 014 | 178 409 | 199 139 | 11,6 |
Sum kategori 06.30 | 5 991 464 | 5 969 155 | 6 489 434 | 8,7 |
Innleiing
Programkategorien omfattar løyvinga til kriminalomsorga og konfliktrådet, i tillegg til Kriminalomsorgsdirektoratet og Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS.
Hovudprioriteringar for 2024
Ei av dei viktigaste oppgåvene til kriminalomsorga og konfliktrådet er vellukka tilbakeføring av straffedømde til samfunnet etter gjennomført straff. God tilbakeføring føreset eit godt og tilpassa tilbod under straffegjennomføringa. Samstundes har behovet til domfelte og innsette endra seg den siste tida, i retning av meir samansette behov. Denne utviklinga set høgare krav til bemanning og fengselsbygg, som er dei sentrale føresetnadene for å gi innsette eit godt og tilpassa tilbod.
Det har vore ein krevjande økonomisk situasjon i kriminalomsorga dei siste åra. Dette har bl.a. ført til ein reduksjon i bemanninga. Løyvinga til kriminalomsorga har dei to siste åra blitt styrkt med 145 mill. kroner for å sikre auka bemanning og betre innhald i tilbodet. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 vart kriminalomsorga styrkt med 15 mill. kroner for å betre soningsforholda for kvinner og 30 mill. kroner for å betre budsjettet til kriminalomsorga. For å betre den økonomiske situasjonen i kriminalomsorga i 2024 foreslår regjeringa 85 mill. kroner til kriminalomsorga si grunnløyving. Regjeringa foreslår i tillegg 55 mill. kroner til arbeidet med å betre soningsforholda for kvinner i 2024.
Det er viktig at barn og unge får moglegheit til å leve eit liv utan kriminalitet, at dei får bidratt til fellesskapet, og at dei får nytta evnene sine på ein produktiv måte i samfunnet. For å få til dette treng vi meir effektive verkemiddel for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Det er avdekt fleire svakheiter med straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging i dagens regelverk. Bl.a. tek det for lang tid før straffegjennomføringa startar. Vidare er det nødvendig å forbetre korleis ein fastset reaksjonane, korleis ein gjennomfører dei, og korleis ein handterer brot. Regjeringa foreslår derfor 19,3 mill. kroner for å gjennomføre lovendringar som skal forbetre straffereaksjonar og oppfølging av ungdom. Regjeringa foreslår også 10,7 mill. kroner til å auke kapasiteten ved Ungdomseining aust på Eidsvoll.
Sjå nærmare omtale under kap. 430 Kriminalomsorgen og 433 Konfliktrådet.
Kap. 430 Kriminalomsorgen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 431, post 01 | 5 232 860 | 5 105 958 | 5 516 637 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overføres, kan nyttes under kap. 430, post 01 | 122 253 | 108 410 | 120 631 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres | 73 327 | 46 849 | 82 551 |
60 | Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overføres | 127 595 | 114 991 | 133 720 |
70 | Tilskudd | 36 234 | 41 172 | 36 385 |
Sum kap. 430 | 5 592 269 | 5 417 380 | 5 889 924 |
Kriminalomsorga skal sjå til at dei som domstolane dømmer til straff, gjennomfører straffa, og dei skal stille varetektsplassar til disposisjon for politiet. Straffegjennomføringa skal skje på ein måte som er tryggjande for samfunnet, og skal motverke nye straffbare handlingar. Dette krev både rett kapasitet og eit godt og rehabiliterande innhaldsarbeid. Mengda med saker som kjem til kriminalomsorga, avheng av omfanget av kriminalitet i Noreg, av aktivitetane og prioriteringane til politiet, påtalemakta og domstolane og av ev. politiske avgjerder som endrar rammene for straff. T.d. gir fleire oppklarte saker hos politiet og raskare saksbehandling hos påtalemakta og domstolane eit større behov for kapasitet hos kriminalomsorga. Godt tilbakeføringsarbeid, effektiv førebyggjande innsats og meir bruk av førelegg vil derimot bidra til å redusere behovet for kapasitet i kriminalomsorga.
Ei god og effektiv kriminalomsorg
Kriminalomsorga sørger for gjennomføring av straff i fengsel og i samfunnet. Fleirtalet av dei dømde gjennomfører straff i samfunnet. Straff i samfunnet, irekna straffereaksjonane samfunnsstraff, bøteteneste, vilkårsbunden dom med narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) og vilkårsbunden dom med program mot ruspåverka køyring, blir gjennomført av friomsorgskontora. Det same gjeld straffegjennomføring med elektronisk kontroll. Straffegjennomføring i institusjon eller på sjukehus (straffegjennomføringslova § 12 og 13) er aktuelt i dei tilfella der domfelte har behov for heildøgnsopphald.
Sjølv om det er færre som blir sette i fengsla i dag enn tidlegare, er fleire av dei innsette dømde for alvorlege lovbrot, og dei sit i snitt lenger i fengsel no enn før. Figur 2.2 nedanfor viser utviklinga i talet på dei som gjennomfører straffa si i samfunnet og i fengsel.
Kapasitet i kriminalomsorga
Ein rett kapasitet og ei god utnytting av kapasiteten bidrar til ei effektiv kriminalomsorg. Det er eit mål at domfelte startar straffegjennomføringa så raskt som mogleg etter domsavgjerda, at sikta som er varetektsfengsla, blir overførte frå politiarrest til fengsel innan fastsett frist, og at soningskøen er på eit lågt nivå.
Soningskøen er historisk låg. Dette inneber at dei fleste straffereaksjonane startar innan 60 dagar etter at kriminalomsorga har teke imot den rettskraftige dommen. Den låge soningskøen har bl.a. samanheng med at fleire gjennomfører straffa si i samfunnet. Når ein stadig større del gjennomfører straffa si i samfunnet, blir det mogleg for domfelte å behalde bustad og arbeid under straffegjennomføringa. Domfelte som har gjennomført straff med elektronisk kontroll har det lågaste tilbakefallet til kriminalitet. Ifølgje forskingsrapporten Rettsoppfatningen i Norge er 53 pst. av befolkninga samde i at fleire bør få høve til ei straffegjennomføring med elektronisk kontroll, medan berre ein av fire ikkje støttar dette.1 Justis- og beredskapsdepartementet vurderer forslag om å utvide dei rettslege rammene for bruk av elektronisk kontroll og digitale kontrolltiltak i dagens straffegjennomføring. Dette gjeld bl.a. moglegheitene for å bruke digitale kontrolltiltak ved permisjonar, frigang og prøvelauslating.
Når fleire gjennomfører straffa si i samfunnet, påverkar det populasjonen av innsette i fengsla. Ein større del av dei innsette er dømde for alvorlege lovbrot, og ein større del har psykiske helseutfordringar. Det set bl.a. høgare krav til kompetansen til dei tilsette og til fengselsbygga. Fleire fengsel har eit stort vedlikehaldsbehov.
Regjeringa har gjennomført fleire byggje- og vedlikehaldsprosjekt ved fengsla, både for å redusere vedlikehaldsetterslepet og for å møte utfordringane med å gi innsette eit godt og tilpassa tilbod. Rehabiliteringsprosjektet ved Ila fengsel og forvaringsanstalt vart ferdig i 2023. Arbeidet har gitt ei oppgradering av bygga generelt og betre fellesskapsareal og areal for helsetenesta. Samstundes held arbeidet med erstatningskapasiteten for nytt Oslo fengsel fram. Stortinget vedtok startløyving i 2023 til utviding av Romerike fengsel, Ullersmo avdeling med netto 76 plassar. Dei nye plassane skal etter planen vere i drift frå 2026. I tillegg er det satt i gang eit arbeid med å greie ut løysingar for å erstatte kapasiteten ved dagens Oslo fengsel gjennom etablering av nye fengselsplassar på Ilseng og på dagens fengselstomt på Grønland. I samband med utvidinga på Ilseng har Justis- og beredskapsdepartementet gitt Statsbygg og Kriminalomsorgsdirektoratet i oppdrag å greie ut 130 nye plassar på Ilseng, kor dei siste 30 plassane er tenkt å kunne erstatte dagens fengsel på Hamar. Ei nedlegging av Hamar fengsel vil kunne frigjere tomta fengselet står på i dag til andre formål, i tråd med lokale ønske.
Statsbygg forvaltar dei fleste fengselsbygga og har ansvaret for vedlikehaldet. Løyvinga til vedlikehald og bygging av nye fengsel skjer over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet. Sjå programkategori 13.30, kap. 2445 Statsbygg, i Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet. I perioden 2018–2022 vart fengsla haldne ved like for totalt om lag 1,1 mrd. kroner.
I Bodø fengsel vart det i 2022 sett i verk eit prosjekt for å få på plass betre lokale til helsetenesta ved fengselet, som etter planen skal stå ferdig i 2024. Det er òg sett i verk rehabilitering av Bjørgvin fengsel som held fram i 2023 og nokre år framover. For å kunne tilby kvinnelege innsette likeverdige forhold, har kriminalomsorga og Sarpsborg kommune òg planar for å utbetre lokala for kvinner ved Ravneberget fengsel. Kriminalomsorga og Statsbygg har òg eit rehabiliteringsprosjekt ved Trondheim fengsel under planlegging.
I 2022 og 2023 vart Sarpsborg og Drammen fengsel lagde ned. Bakgrunnen for nedleggingane var bl.a. at vidare drift av Sarpsborg fengsel ikkje var forsvarleg som følgje av årsaker knytt til brannvern og at Drammen fengsel var eit «takfengsel» som det var naturleg å leggje ned da Buskerud tingrett flytta ut av same bygg. I tillegg var fengsla utforma på ein måte som gjorde det krevjande å gi innsette den oppfølginga dei treng. Nedleggingane har bidratt til å gi ein betre økonomisk situasjon i kriminalomsorga og lagt til rette for ei drift som i større grad tek i vare behova til dei innsette og tilsette. Dei tilsette har fått tilbod om arbeid ved andre fengsel i områda.
På grunn av ein krevjande økonomisk situasjon har kriminalomsorga i 2022 og 2023 sett i verk fleire innsparingstiltak, inkludert mellombelse stengingar av fengsel og redusert bruk av overtid. Dei kostnadsreduserande tiltaka må i hovudsak vidareførast i 2024. Samstundes foreslår regjeringa å tilføre 85 mill. kroner til kriminalomsorga for å betre den økonomiske situasjonen i 2024, og å unngå ytterlegare kostnadsreduserande tiltak som vil svekke tenestetilbodet. Midlane skal gå til kriminalomsorga si grunnløyving, bl.a. til bemanning, bygg og vedlikehald av sentrale IKT-tenester.
Innhald i straffegjennomføring som gir mindre kriminalitet
Det er eit overordna mål for kriminalomsorga å bidra til at domfelte lever eit liv fritt frå kriminalitet etter at straffa er gjennomført. Dersom domfelte får eit godt innhald i straffegjennomføringa og god oppfølging, kan det bidra til at fleire domfelte kjem seg ut i utdanning og arbeid etter at dei har gjennomført straffa si. Delen som er utanfor arbeid og utdanning fem år etter sikting, har vore stabil på om lag 40 pst. dei siste åra.
Talet på sikta personar med tilbakefall til ny kriminalitet i løpet av fem år er gradvis redusert sidan starten av 2010-talet. Av dei som blir sikta for nye lovbrot, er det særleg stort tilbakefall til rusmiddellovbrot, trafikklovbrot og vald og mishandling.
Forskingsrapporten Kjennetegn ved barn og unge som begår kriminelle handlinger og virkninger av straff visar at det er ein låg del menn i alderen 15 til 24 år som står for ein stor del av siktingane i same aldersgruppe.
Domfelte har lik rett på offentlege tenester som andre. Det gjeld både dei som er innsette i fengsel, og dei som gjennomfører straff i samfunnet. Ei god og rehabiliterande straffegjennomføring krev derfor eit tett samarbeid mellom kriminalomsorga og velferdstenestene. Det er dei ordinære velferdsetatane, som helse, arbeid, utdanning, sosiale tenester og bibliotek, som skal yte offentlege tenester, medan kriminalomsorga skal leggje til rette for samarbeidet. I tillegg er det ei viktig oppgåve for kriminalomsorga å leggje til rette for aktivitetar blant dei innsette. I 2022 var delen aktiviserte på 78 prosent. I første tertial 2023 auka delen døgn med aktivitet til 81 pst.
Riksrevisjonen offentleggjorde i 2022 undersøkinga om helse-, opplærings- og velferdstenester til innsette i norske fengsel. Kriminalomsorgsdirektoratet følgjer opp rapporten i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten, Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet/Statsforvaltaren i Vestland og Husbanken. Undersøkinga viste bl.a. at det er skilnader mellom fengsla når det gjeld kva tenestetilbod dei innsette har tilgang til og at velferdstenestene ikkje er godt nok samordna. Blant dei viktigaste tiltaka er betre kartlegging av behova til dei innsette, ei ny plattform til bruk for opplæring for innsette og betre samarbeid mellom kriminalomsorga og arbeids- og velferdstenesta (NAV).
Utfordring med psykisk sjuke innsette og isolasjon
Mange innsette har behov for helse- og omsorgstenester. Dette kan skuldast helseutfordringar frå før innsetjinga, men òg helseplager som oppstår eller blir verre etter innsetjinga. Eit høgt omfang av psykiske lidingar kan vise seg gjennom meir utagering, sjølvskading og sjølvmordsforsøk. Dersom ein ikkje har tilstrekkeleg bemanning på plass, kan ei slik utvikling bl.a. føre til hyppigare bruk av isolasjon, noko som igjen har ei negativ verknad på psykisk helse.
Det er eit mål å redusere bruk av isolasjon og tvangsmiddel i fengsla og å auke tida dei innsette bruker i fellesskap. Aktiviserings- og ressursteam er varige verkemiddel i arbeidet med å førebyggje isolasjon ved å tilby innsette auka fellesskap og aktivisering. I ressursteama inngår ressursar frå helsetenesta, i tillegg til personell frå kriminalomsorga. Erfaringar frå teama er at dei bidrar til at færre innsette er isolerte og at dei førebyggjer sjølvmord, sjølvskading, vald og truslar i fengsla. Det er totalt etablert 12 aktiviseringsteam og ressursteam i fengsla i perioden 2019–2023.
For å gi eit nødvendig og tilstrekkeleg tilbod til gruppa innsette med psykiske utfordringar, er det behov for eit tett samarbeid mellom kriminalomsorga og helsetenestene. Helseregionane fekk i 2021 i oppgåve å etablere områdefunksjonar for spesialisthelsetenesta innanfor psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling for innsette. Eit tilstrekkeleg nivå på desse tenestene er viktig for dei innsette, og dette blir følgt opp av Helse- og omsorgsdepartementet.
Som figur 2.3 viser, er delen innsette med mindre enn høvesvis to og åtte timar fellesskap redusert dei siste åra. I 2020 vart det etablert ei nasjonal forsterka fellesskapsavdeling (NFFA) som skal bidra til å førebyggje og hindre langvarig isolasjon for innsette med omfattande psykiske lidingar. Avdelinga skal vere bemanna med personell frå kriminalomsorga og helsetenestene. I mai 2023 flytta avdelinga inn i eit nytt og særskilt tilrettelagt bygg ved Ila fengsel og forvaringsanstalt. I budsjettet for 2024 foreslår regjeringa midler til å etablere ei NFFA for kvinnelege innsette ved Telemark fengsel, Skien avdeling. Sjå òg omtale under «Soningsforholda for kvinner».
Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal evaluere ordningane med forvaring, tvunge psykisk helsevern og tvungen omsorg og greie ut varetakinga av sikta, domfelte og innsette med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming. Utvalet skal levere utgreiinga si 1. september 2024. Målet med arbeidet er, i tillegg til å evaluere dei nemnde reaksjonane, å greie ut korleis personar med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming best kan varetakast under varetekt, gjennomføring av straff eller særreaksjon og ved tilbakeføring til samfunnet. Utvalet skal særleg sjå på korleis kvinner og barn blir varetekne.
Senter for rus- og avhengnadsforsking ved UiO gjennomfører òg eit stort forskingsprosjekt knytt til å kartleggje, evaluere og undersøke utfall knytt til rus og psykiske lidingar og behandling i fengsel. Prosjektet har allereie resultert i fleire publikasjonar. Ein av studiane viser bl.a. at kvinner i fengsel har høge førekomstar av psykiske lidingar, og at det skjer ein auke over observasjonsperioden, frå 2010 til 2019.
Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring forslag om endringar i lovverket om utestenging frå fellesskapet og bruk av tvangsmiddel i kriminalomsorga, med sikte på å redusere omfanget av isolasjon. Høyringa hadde frist 1. juni 2023. Stortinget har òg, på bakgrunn av forslag frå regjeringa, vedteke nye reglar om tilsynsråd for kriminalomsorga. Dei nye reglane inneber ei styrking av tilsynet, bl.a. ved at tilsynsrådet får ei fast leiing, eit klarare mandat enn i dag og eit sekretariat som kan leggje til rette for eit effektivt tilsyn, og ved at tilsynsarbeidet skal planleggjast under eitt for heile landet. Det blir arbeidd mot at nytt tilsynsråd skal vere i drift frå 2025. Tilsynsrådet sitt sekretariat vil vere lokalisert i Vardø.
Soningsforholda for kvinner
Det har over tid vore ei utfordring å gi kvinnelege innsette likeverdige forhold som menn. I 2022 utgjorde kvinnelege innsette om lag 5 pst. av alle innsette, men stod for ein vesentleg del av sjølvskading og sjølvmord i fengsel.
Det vart i 2021 løyvd midlar til etablering av eit nasjonalt ressursteam for kvinner ved Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt. Ressursteamet gjer ein viktig innsats med mål om å redusere isolasjon for innsette som ikkje har moglegheit til å ta i bruk det ordinære tilbodet og for innsette med sjølvskadingsproblematikk. Samstundes har kriminalomsorga dei siste åra, og spesielt det siste året, sett ein betydeleg auke i delen kvinnelege innsette med eit komplekst utfordringsbilete, psykiske lidingar og sjølvskading. På bakgrunn av dette vart Telemark fengsel, Skien avdeling, i 2023 gjord om til eit fengsel for kvinner. Formålet var å betre soningsforholda og bidra til å avvikle samsoning med menn. I tillegg vart det i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 løyvd midlar til kompetanseheving for dei tilsette ved Skien avdeling og til tiltak for å utbetre bygningane ved Skien avdeling og Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt.
Det krev spesialisert kompetanse å følgje opp kvinnelege innsette med psykiske helseutfordringar. I Sivilombodet sin besøksrapport ved Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt går det bl.a. fram at dette behovet ikkje har blitt møtt med tilstrekkelege tiltak. Regjeringa foreslår i 2024 55 mill. kroner til å betre tilhøva for kvinnelege innsette. 30 mill. kroner skal nyttast til eit forsterka team ved Telemark fengsel, Skien avdeling, som skal gi kvinner med særskilde psykiske helseutfordringar tilstrekkeleg oppfølging. Teamet skal vere bemanna med personell frå kriminalomsorga og helsetenestene. Sjå òg omtale under Helse- og omsorgsdepartementet, der regjeringa foreslår 15 mill. kroner til helsefagleg bemanning ved Telemark fengsel, Skien avdeling. 25 mill. kroner skal i 2024 nyttast til ombyggingstiltak for å etablere ei NFFA for kvinner ved fengselet. Det forsterka ressursteamet vil nyttast i denne eininga når ho står klar, etter planen, i 2025. Ei NFFA skal bidra til å gi betre oppfølging av kvinnelege innsette med særskilde behov og førebyggje og hindre langvarig isolasjon.
Justis- og beredskapsdepartementet vil òg følgje opp Stortinget sitt vedtak 653 (2022–2023), der Stortinget ber regjeringa, som ein del av ei heilskapleg stortingsmelding om kriminalomsorga, greie ut behov og nødvendige tiltak for å sikre likeverdige soningsforhold for kvinnelege og mannlege innsette.
Barn og unge vaksne som gjer kriminelle handlingar
Barn og unge under 25 år er overrepresentert i kriminalstatistikken, og delen med tilbakefall er høgare enn elles i befolkninga. Det er eit mål for regjeringa at barn ikkje skal sitje i fengsel saman med vaksne. Kriminalomsorga har to landsdekkande ungdomseiningar med høvesvis fire plassar kvar for innsette mellom 15 og 18 år. Då det tidvis har vore fleire mindreårige innsette enn kva det er plass til i ungdomseiningane, foreslår regjeringa 10,7 mill. kroner til å utvide Ungdomseining aust på Eidsvoll med to plassar. Denne ungdomseininga har ein bygningsmasse som gjer det mogleg å raskt auke kapasiteten. Den auka kapasiteten vil òg gi betre moglegheit til å kunne halde innsette åtskilde ved behov, anten det gjeld kjønn eller andre årsaker, som at nokon høyrer til i same kriminelle miljø eller i kriminelle miljø som er i konflikt. Ungdomseiningane har ei tverrfagleg bemanning og eit team på tvers av etatar for å sikre deltaking frå ulike velferdstenester. Forslaget har derfor økonomiske konsekvensar for Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Sjå òg omtale under desse departementa.
Det sit om lag 350 personar mellom 18 og 24 år i norske fengsel i dag. Domfelte over 18 år blir etter dagens regelverk definerte som vaksne, og dei skal som hovudregel gjennomføre straff i ordinære fengsel. Denne gruppa innsette kan ha særskilde behov pga. den unge alderen sin. Kriminalomsorga har derfor etablert fleire ungdomsteam for å følgje opp aldersgruppa 18–24 år spesielt, både under varetekt og straffegjennomføringa deira. Teama skal særleg prioritere unge overført frå ungdomseiningane ved fylte 18 år. Det er òg etablert ungdomsansvarlege ved 10 friomsorgskontor.
Det er viktig å leggje til rette for at barn og unge vaksne kan få eit liv utan kriminalitet, slik at dei bl.a. får bidratt til fellesskapet og nytta evnene sine på ein produktiv måte i samfunnet. For å få til dette er det behov for meir effektive verkemiddel for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Sjå nærmare omtale om arbeidet under kap. 433 Konfliktrådet.
Tryggleik i kriminalomsorga
Kriminalomsorga skal sikre at straff blir gjennomført på ein måte som varetek tryggleiken for både innsette og tilsette, i tillegg til samfunnet. Talet på rømmingar frå fengsel har vore lågt over fleire år. Omfanget av vald og trusselhendingar mellom innsette i fengsel har vore relativt stabilt dei siste åra, og talet på hendingar som omfattar vald og truslar mot tilsette, var i 2022 på same nivå som i 2021, sjå tabell 2.7. Ein aukande del av hendingane heng saman med utfordringane med psykisk sjuke kvinnelege innsette. Heile 88 av dei 650 hendingane i 2022 er registrerte ved Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt.
Kriminalomsorga prioriterer høgt å styrke førebygginga av vald og truslar mot tilsette og mellom innsette, bl.a. gjennom opplæringstiltak, avviksbehandling og oppfølging av tilsette. Vald og trusselhendingar mot tilsette kan på sikt gjere det vanskeleg for etaten å vareta samfunnsoppdraget sitt. Regjeringa oppretta derfor i 2023 eit utval som skal greie ut om identiteten til tilsette i politiet og kriminalomsorga i større grad burde skjermast.
Kriminalomsorga jobbar kontinuerleg med å redusere omfang av vald- og trusselhendingar mot tilsette i fengsel. For å få betre kunnskap om bl.a. kva slags belastning denne typen hendingar fører til blant dei tilsette, har kriminalomsorga gjennomført eit kartleggingsprosjekt om psykisk helse hos tilsette og tidlegare tilsette. Rapporten Kartlegging av psykiske belastningsreaksjoner blant ansatte i kriminalomsorgen vart lagt fram i september 2023. Rapporten blir følgt opp av kriminalomsorga gjennom eit samarbeid mellom Kriminalomsorgsdirektoratet, fagforeiningane og vernetenesten.
Tabell 2.7 Talet på registrerte situasjonar med vald eller truslar mot tilsette og mellom innsette, 2018–2022
2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | |
---|---|---|---|---|---|
Situasjonar med vald eller truslar mot tilsette | 450 | 650 | 499 | 676 | 650 |
Situasjonar med vald eller truslar mellom innsette | 292 | 477 | 289 | 276 | 293 |
Kjelde: Kriminalomsorgsdirektoratet.
Det har vore tilfelle der tilsette i kriminalomsorga ikkje har fått anerkjent skadar som har oppstått under pålagd organisert trening, som yrkesskade. Justis- og beredskapsdepartementet har derfor sendt på høyring eit lovforslag om ei yrkesskadeerstatningsordning for tilsette i kriminalomsorga. Høyringa hadde frist 13. september 2023.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 431, post 01
Løyvinga skal dekke ordinære driftsutgifter (lønn, varer og tenester) i kriminalomsorga, i tillegg til fellestenester og utviklingsprosjekt for etaten. Bemanninga i kriminalomsorga per 1. mars 2023 utgjorde 4 293 fast tilsette årsverk. Posten dekker vidare utgifter til maskiner og utstyr, kontorutgifter, personalavhengige utgifter, husleige, programverksemd, aktiviseringstiltak og godtgjersler og kosthald for dei innsette. Lønn og andre ordinære driftsutgifter under Kriminalomsorgsdirektoratet blir dekte under kap. 431.
Det blir foreslått å auke løyvinga med
85 mill. kroner til kriminalomsorga si grunnløyving i 2024 for å betre den økonomiske situasjonen
15 mill. kroner for å betre soningsforholda for kvinner gjennom eit forsterka team ved Telemark fengsel, Skien avdeling
8 mill. kroner til å auke kapasiteten ved Ungdomseining aust med to plassar (sjå også omtale under Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet)
2,5 mill. kroner til arbeidet med å forbetre dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging
i overkant av 700 000 kroner til prosjektgjennomføring i kriminalomsorga i samband med utviding av Romerike fengsel, Ullersmo avdeling
Ung.no skal vere den primære kanalen for digital informasjon og digitale tenester til barn og unge. Kostnadene til ung.no skal delast mellom dei aktuelle departementa. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å redusere posten med 1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på Barne- og familiedepartementet sitt kapittel 846, post 21. Sjå òg omtale under kapittel 440, post 01.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten, som ikkje blir omtalte nærmare.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03 og 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 5 517 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres, kan nyttes under kap. 430, post 01
Posten omfattar utgifter til arbeidsdrifta, av dei utgifter til materiale, rutinemessig utskifting av mindre maskiner og utstyr, kurs for tilsette som rettar seg spesifikt mot hjelpemiddel som blir brukte i arbeidsdrifta, og vedlikehald og drift av maskinar som blir brukte i arbeidsdrifta. I posten inngår òg arbeidspengar til dei innsette.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 430, post 21, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 120,6 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten omfattar større utstyrskjøp og vedlikehald. Posten omfattar òg midlar til IKT-løysingar, maskiner og teknisk utstyr til arbeidsdrifta, anna utstyr til fengsla og innkjøp av køyretøy.
Det blir foreslått å auke løyvinga med
25 mill. kroner til ombyggingstiltak i 2024 for å etablere ei nasjonal fellesskapsavdeling ved Telemark fengsel, Skien avdeling
Om lag 17 mill. kroner til utvidinga av Romerike fengsel, Ullersmo avdeling
1,5 mill. kroner i 2024 til arbeidet med å forbetre dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging
Det blir vidare foreslått å redusere løyvinga med om lag 12 mill. kroner knytt til ferdig rehabilitering av Ila fengsel og forvaringsanstalt.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 kan pådra staten forpliktingar utover budsjettåret for å skaffe brukerutstyr til investeringsprosjektet utviding av Romerike fengsel, Ullersmo avdeling, sjå forslag til romartalvedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 82,6 mill. kroner.
Post 60 Refusjoner til kommunene, forvaringsdømte mv., kan overføres
Løyvinga på posten dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslating frå forvaring og varetektssurrogat. Ved prøvelauslating av forvaringsdømde kan retten setje vilkår om at den domfelte oppheld seg i institusjon eller kommunal bustad i meir enn eitt år.
Avgjerder om varetektssurrogat og prøvelauslating frå forvaring på nemnde vilkår ligg til domstolane. Det er vanskeleg å føreseie utviklinga i omfanget av saker, og dette gjer løyvingsbehovet på posten usikkert.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 133,7 mill. kroner.
Post 70 Tilskot
Post 70 er ei tilskotsordning for frivillig verksemd under verkeområda til kriminalomsorga. Formålet med tilskotsordninga er å hindre tilbakefall til ny kriminalitet gjennom å reintegrere domfelte under og etter straffegjennomføring til auka deltaking i samfunnet og auka livsmeistring.
I 2022 vart det fordelt om lag 36,2 mill. kroner til 33 frivillige organisasjonar. Av beløpet vart 3,2 mill. kroner øyremerkte til Frelsesarmeens prosjekt Mellom oss og Sammen for livet AS. Dei resterande midlane vart fordelte av Kriminalomsorgsdirektoratet etter søknad frå organisasjonane.
I 2022 vart det gitt støtte til organisasjonar som er viktige bidragsytarar i arbeidet som blir gjort overfor innsette og domfelte, bl.a. når det gjeld å sikre positiv nettverksbygging, aktivisering og isolasjonsreduserande tiltak i fengsla. Organisasjonane har oppnådd gode resultat, og det har blitt gjennomført ei rekkje forskjellege aktivitetar for mange domfelte i 2022.
Arbeids- og velferdsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet har sett i gang eit pilotprosjekt med effektkontraktar som eit tiltak for å førebyggje tilbakefall til kriminalitet. Effektkontraktar blir brukte om resultatbaserte avtalar mellom fleire partar, som oftast offentlege myndigheiter, investorar/stiftingar og private eller ideelle tenesteleverandørar, som har som formål å løyse sosiale problem på ein ny måte. Staten bidrar med midlar til å dekke delar av kostnadene dersom måla for prosjektet blir nådd. Det vart sett i gang to prosjekt i 2022, eit i Vestfold og Telemark og eit i Trøndelag, som varer i to år. Midlar vil først bli gitt når prosjekta er ferdige og resultata er vurderte i samsvar med kontrakten. Staten sine kostnader til prosjekta og tidspunktet for utbetaling er usikkert, og departementet foreslår derfor å øyremerke 3,525 mill. kroner til formålet på posten. Beløpet er berekna ut frå dei avtalane som allereie er inngått. Ubrukte midlar kan nyttast til frivillige organisasjonar gjennom tilskotsordninga. Pilotprosjektet blir evaluert.
I 2024 foreslår departementet at løyvinga på posten blir fordelt av Kriminalomsorgsdirektoratet etter søknad frå organisasjonar, med unntak av midlane som blir øyremerkte til effektkontraktar. Det er ein føresetnad at midlane blir fordelte ut frå tydelege kriterium, medrekna at dei legg vekt på omsynet til kontinuitet for organisasjonane over tid.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 36,4 mill. kroner.
Kap. 3430 Kriminalomsorgen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
02 | Arbeidsdriftens inntekter | 124 368 | 108 421 | 118 791 |
03 | Andre inntekter | 31 444 | 22 804 | 26 182 |
04 | Tilskudd | 19 239 | 2 647 | 8 021 |
Sum kap. 3430 | 175 051 | 133 872 | 152 994 |
Post 02 Arbeidsdriftens inntekter
Posten omfattar inntekter frå sal av produksjonen frå arbeidsdrifta, i tillegg til inntekter frå drifts- og vedlikehaldsoppgåver som blir utførte på bestilling frå Statsbygg.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 21, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 118,8 mill. kroner.
Post 03 Andre inntekter
Posten omfattar bl.a. leigeinntekter for teneste- og leigebustader, refundert kost og husleige, klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadene og tilskot frå andre offentlege verksemder til gjennomføring av prosjekt.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01, og kap. 431, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 26,2 mill. kroner.
Post 04 Tilskudd
Posten omfattar tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid under EØS-finansieringsmekanismane. Posten omfattar òg inntekter frå prosjekt der kriminalomsorga får tilskot til å gjennomføre prosjekt i samarbeid med internasjonale organisasjonar eller andre land.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01, og kap. 431, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 8 mill. kroner.
Kap. 431 Kriminalomsorgsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 430, post 01 | 148 125 | 161 980 | |
Sum kap. 431 | 148 125 | 161 980 |
Kriminalomsorgsdirektoratet har det øvste faglege og administrative ansvaret for kriminalomsorga. Direktoratet har òg eit overordna ansvar for rettstryggleik og lik behandling av dei innsette og domfelte sine saker gjennom bl.a. tilsynsverksemd, behandling av enkeltsaker og internkontroll.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 430, post 01
Posten omfattar ordinære driftsutgifter under Kriminalomsorgsdirektoratet. Løyvinga dekker driftsutgiftene som følgjer av funksjonen til direktoratet med å vere det øvste faglege og administrative ansvaret for kriminalomsorga, irekna lønnsutgifter, driftsutgifter til leige av lokale og andre driftsutgifter. Bemanninga i direktoratet per 1. mars 2023 utgjorde 71 fast tilsette årsverk.
Løyving til å dekke utgifter til utviklings- og byggjeprosjekt i fengsla og utgifter til fellestenester som blir utførte av direktoratet på vegner av heile etaten, blir framleis gitt under kap. 430 Kriminalomsorgen.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten, som ikkje blir omtalte nærmare.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 431, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03 og 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 162 mill. kroner.
Kap. 432 Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 217 181 | 225 241 | 238 391 |
Sum kap. 432 | 217 181 | 225 241 | 238 391 |
Å ha fengselsbetjentar med høg og riktig kompetanse er ein føresetnad for god kvalitet i straffegjennomføringa.
I 2022 byrja 175 aspirantar utdanninga ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS. Tabellen nedanfor viser talet på uteksaminerte fengselsbetjentar i perioden 2018–2023.
Tabell 2.8 Talet på uteksaminerte fengselsbetjentar, 2018–2023
År | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 |
---|---|---|---|---|---|---|
Uteksaminerte fengselsbetjentar | 162 | 260 | 144 | 841 | 88 | 155 |
1 Nedgangen i uteksaminerte i 2021 og 2022 kjem av forskyving i klasseopptaket.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar lønns- og personalutgifter til tilsette og aspirantar ved KRUS, drifts- og leigeutgifter til lokale, reiser (medrekna aspirantar), fagmateriell, inventar og utstyr, lisensar, uniformseffektar m.m. Bemanninga ved KRUS var 57,6 fast tilsette årsverk per 1. mars 2023. Posten omfattar òg løyving til forsking og utvikling, etter- og vidareutdanning, verksbetjentutdanning og støttefunksjonar.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten, som ikkje blir omtalte nærmare.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 238,4 mill. kroner.
Kap. 3432 Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
03 | Andre inntekter | 2 721 | 1 173 | 1 224 |
Sum kap. 3432 | 2 721 | 1 173 | 1 224 |
Post 03 Andre inntekter
Posten omfattar bl.a. inntekter frå eigendelen som aspirantane betaler for skulebøker.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 432, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1,2 mill. kroner.
Kap. 433 Konfliktrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 145 861 | 140 546 | 161 378 |
60 | Tilskudd til kommuner, kan overføres | 10 531 | 10 514 | 11 208 |
70 | Tilskudd | 25 622 | 27 349 | 26 553 |
Sum kap. 433 | 182 014 | 178 409 | 199 139 |
Konfliktrådet meklar mellom partar i ein konflikt som følgje av ei straffbar handling eller mellom partar i sivile konfliktar. Meklinga skal førebyggje kriminalitet gjennom bruk av gjenopprettande prosessar, som inneber at partane i fellesskap bestemmer korleis konflikten skal handterast. Konfliktrådet har eit spesielt ansvar for unge i konflikt med lova og er ansvarleg for å gjennomføre straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, som rettar seg mot ungdom mellom 15 og 18 år med eit oppfølgingsbehov, og straffereaksjonen oppfølging i konfliktråd. Sekretariatet for konfliktråda står for den faglege og administrative leiinga av arbeidet.
Kapasitet og arbeidsmengd hos konfliktrådet er avhengig av omfanget av kriminalitet i Noreg, av prioriteringar og aktivitetar hos politiet, påtalemakta og domstolane og av politiske avgjerder som endrar rammene for straff. Konfliktrådet skal òg bidra til å formidle og byggje kunnskap om førebygging av kriminalitet.
God og nødvendig konfliktløysing
Eit viktig tiltak for å oppnå lågare kriminalitet er å førebyggje ny kriminalitet. Konfliktrådet har ei sentral oppgåve i dette arbeidet og arbeider for å auke kunnskapen om tenestene til konfliktrådet. Bl.a. har dei jobba opp mot politiet og påtalemakta for å få fleire eigna saker til konfliktrådet. Talet på sivile saker til konfliktråda har auka med 21 pst. frå 2021. Talet på straffesaker som blir overførte til konfliktråda, har òg hatt ein auke frå 2021.
Konfliktråda tok imot 7 095 saker i 2022. Dette er ein auke på 9 pst. frå 2021. Om lag 26 pst. av sakene var straffesaker, 37 pst. sivile saker og 30 pst. bortlagde straffesaker. Resten av sakene var ungdomssaker, der det var om lag 1 pst. saker med ungdomsstraff (74 saker), 6 pst. saker med ungdomsoppfølging (444 saker) og nokre saker med oppfølging i konfliktråd.
Ungdomsstraff og ungdomsoppfølging
Barne- og ungdomskriminaliteten er låg i Noreg, og dei fleste barn og unge er lovlydige. Kriminalitetsbiletet er samstundes i endring, og nokre få ungdommar gjer meir alvorleg kriminalitet enn tidlegare, og dei er oftare involverte i gjenteken kriminalitet. Dette er ei utvikling som regjeringa tek på største alvor.
Kartleggingar av utfordringar og forbetringspunkt ved ungdomsreaksjonane viser at mange får hjelp til eit liv utan kriminalitet, men at det samstundes er fleire utfordringar ved reaksjonane. Bl.a. tek det for lang tid frå straffbart forhold til straffegjennomføringa startar. Det er òg nødvendig å forbetre korleis ein fastset reaksjonane, korleis ein gjennomfører dei, og korleis ein handterer brot.
Regjeringa ønskjer å vidareutvikle ungdomsreaksjonane og innføre meir effektive verkemiddel for å førebyggje ny kriminalitet. Det er bl.a. viktig at straffegjennomføringa tek omsyn til kva føresetnader, behov og ressursar den enkelte har, og at ho samstundes set tydelege grenser. Derfor foreslår regjeringa å gi politiet og domstolane fleire verktøy, i tillegg til tiltak for at barn og unge som gjer kriminelle handlingar, blir møtte med ein rask reaksjon. Regjeringa har fremma Prop. 139 L (2023–2024) med forslag til endringar i dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging og foreslår 19,3 mill. kroner frå 2024 som skal gå til å gjennomføre endringar og forbetre ungdomsreaksjonane.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal gå til drift av konfliktrådskontora og til Sekretariatet for konfliktråda. Samla utgjorde bemanninga i konfliktråda 133,8 årsverk per 31. desember 2022.
Det blir foreslått å auke løyvinga med
12,8 mill. kroner til å forbetre dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten, som ikkje blir omtalte nærmare.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 433, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3433, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 161,4 mill. kroner.
Post 60 Tilskudd til kommuner, kan overføres
Løyvinga skal gå til tilskotsordninga for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme, som Sekretariatet for konfliktråda forvaltar. Hovudmålet for tilskotsordninga er å stimulere til kompetanseheving lokalt og utvikling av gode tiltak for å førebyggje og behandle utfordringar knytt til radikalisering og valdeleg ekstremisme. I 2022 vart det fordelt om lag 10,5 mill. kroner til totalt 44 kommunale prosjekt. Tilskot vart gitt til kompetansehevande tiltak, mentorordningar og førebyggjande tiltak retta mot personar eller miljø i risiko for radikalisering. Kommunane prioriterer vidare arbeidet med ressursgrupper for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme og kompetanseheving gjennom fagdagar og konferansar. Tilskotsordninga svarar på eit stort behov hos kommunane for støtte til å gjennomføre viktige kriminalitetsførebyggjande tiltak.
Det blir foreslått ei løyving på 11,2 mill. kroner.
Post 70 Tilskudd
Løyvinga skal gå til tilskot til arbeid mot vald i nære relasjonar og til tilskotsordninga for kriminalitetsførebyggjande tiltak, som Sekretariatet for konfliktråda forvaltar.
Tilskotsordninga for kriminalitetsførebyggjande tiltak skal bidra til å førebyggje kriminalitet, særleg blant barn og unge. I 2022 vart det fordelt om lag 7,6 mill. kroner til 38 ulike organisasjonar. Det er gitt tilskot både til store, nasjonale organisasjonar og til mindre, lokale foreiningar. Felles for mottakarane er at dei bidrar til eit betre og breiare tilbod til menneske med ulike utfordringar, ofte i tett samarbeid med offentlege myndigheiter.
Tilskotsordninga til å førebyggje og kjempe mot vald i nære relasjonar skal bidra til å motverke at barn og vaksne blir utsette for eller utøver vald i nære relasjonar. Organisasjonar som driv frivillig verksemd og krisesenter i kommunal regi, kan få tilskot. I 2022 vart det fordelt om lag 15 mill. kroner til 45 ulike tiltak, bl.a. hjelpetiltak retta mot offer for vald i nære relasjonar eller mot barna deira, kompetansebyggingstiltak retta mot hjelpeapparatet og undervisning om temaet på skular. Fleire av tiltaka retta seg mot spesifikke grupper slik som etniske eller seksuelle minoritetar og personar med nedsett funksjonsevne.
Regjeringa foreslår å vidareføre øyremerkte løyvingar til Oslo kommune sitt EX/IN-prosjekt (1 mill. kroner) og Forandringshuset i regi av Norges KFUK-KFUM (2 mill. kroner). Resten av posten blir fordelt av Sekretariatet for konfliktråda etter søknad frå organisasjonar. Det er ein føresetnad at midlane blir fordelte ut frå tydelege kriterium, medrekna at dei legg vekt på omsynet til kontinuitet for organisasjonane over tid.
Det blir foreslått ei løyving på 26,6 mill. kroner.
Kap. 3433 Konfliktrådet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
02 | Refusjoner | 6 | 6 | |
Sum kap. 3433 | 6 | 6 |
Post 02 Refusjoner
Inntektene på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene konfliktråda har i samband med kurs og konferansar.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 433, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3433, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 6 000 kroner.
Programkategori 06.40 Politi og påtale
Utgifter under programkategori 06.40 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post- gr. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
01–29 | Statens egne driftsutgifter | 24 642 428 | 23 778 187 | 25 930 767 | 9,1 |
30–49 | Nybygg, anlegg o.a. | 471 360 | 691 818 | 479 011 | -30,8 |
50–89 | Overføringar til andre | 344 295 | 718 829 | 771 894 | 7,4 |
Sum kategori 06.40 | 25 458 083 | 25 188 834 | 27 181 672 | 7,9 |
Utgifter under programkategori 06.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
440 | Politiet | 22 933 885 | 20 984 874 | 22 664 106 | 8,0 |
441 | Politidirektoratet | 389 156 | 382 659 | -1,7 | |
442 | Politihøgskolen | 673 290 | 654 870 | 689 124 | 5,2 |
443 | Påtalemyndigheten i politiet | 1 432 401 | 1 508 500 | 5,3 | |
444 | Politiets sikkerhetstjeneste (PST) | 1 516 979 | 1 394 781 | 1 534 912 | 10,0 |
445 | Den høyere påtalemyndighet | 318 342 | 317 319 | 386 124 | 21,7 |
446 | Den militære påtalemyndighet | 9 259 | 9 329 | 9 829 | 5,4 |
448 | Grensekommissæren | 6 328 | 6 104 | 6 418 | 5,1 |
Sum kategori 06.40 | 25 458 083 | 25 188 834 | 27 181 672 | 7,9 |
Innleiing
Programkategori 06.40 omfattar løyvinga til politiet, Politidirektoratet (POD), Politiets tryggingsteneste (PST), Den høgare påtalemakta og Den militære påtalemakta.
Innanfor justissektoren er det særleg måla om låg kriminalitet, rettstryggleik og tryggleik i samfunnet som er sentrale for verksemdene i programkategorien. Politiet har òg oppgåver for å nå målet om kontrollert og berekraftig innvandring. Verksemdene i programkategorien er ansvarlege for grunnleggjande funksjonar i samfunnet. Befolkninga skal kunne ha høg tillit til at desse oppgåvene blir tekne hand om på ein god måte. Oppgåveløysinga skjer i eit samvirke med andre statlege og private aktørar, med kommunale etatar, med det sivile samfunnet og med internasjonale partnarar.
Prioriteringar i 2024
Den tryggingspolitiske situasjonen i Europa er varig endra etter Russland sitt angrep på Ukraina. Å førebyggje og handtere truslar mot nasjonal tryggleik er eit viktig arbeid for politiet, PST og påtalemakta. Dette arbeidet blir prioritert i 2024 òg. Regjeringa har gjort ei rekkje tiltak for å underbyggje arbeidet, t.d. lovfestinga av etterretningsmandatet til PST og heimelen til at PST kan lagre data frå opne kjelder på nett for å gjere analysar og etterretningsvurderingar. I tillegg er politiet sine bidrag til utarbeiding av eit heilskapleg nasjonalt situasjonsbilete for samansett verkemiddelbruk styrka, gjennom eit forsterka samarbeid mellom politiet og PST. Departementet arbeider òg med eit forslag om å gjere det straffbart å samarbeide med framand etterretning om påverknadsverksemd, og følgjer opp det overordna ansvaret for å sikre samordning av dei ulike tiltak til regjeringa mot påverknadsoperasjonar på sivil side.
Tiltaka som er gjorde, må i stor grad førast vidare i 2024, men tiltaka må til ei kvar tid tilpassast til behova i ein situasjon som er usikker og omskifteleg.
Innsatsen til regjeringa mot terror held fram under ramma av den reviderte nasjonale kontraterrorstrategien, som vart lagt fram i november 2022. I 2024 skal regjeringa bl.a. gjennomgå strategien for å sikre at prioriteringane på feltet er riktige, sett opp mot utfordrings- og trusselbiletet. For å auke kapasiteten i arbeidet med kontraterror, foreslår regjeringa å auke løyvinga til PST med 20 mill. kroner. Forslaget er ei oppfølging av anbefalinga frå 25. juni-utvalets rapport. Sjå òg omtale under kap. 440 Politiet og omtale under kap. 444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST).
Å førebyggje og oppklare alvorleg samfunnsskadeleg kriminalitet og hindra terror fordrar òg eit godt internasjonalt politisamarbeid. Det er viktig at norsk politi styrkar og utviklar det internasjonale politisamarbeidet, innanfor dei rammene og avtalane etaten har i dag.
Regjeringa meiner det lokale politiet i heile landet må styrkast. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til politiet, Den høgare påtalemakta og Politihøgskolen med 500 mill. kroner, inkludert totalt 72 mill. kroner til PST til auka kontraterrorkapasitet beskrive over og til auka kapasitet knytt til sikring av myndigheitspersonar. 117,5 mill. kroner av dette blir foreslått til å oppretthalde eit høgt bemanning- og aktivitetsnivå i politidistrikta, og 35,5 mill. kroner til å opprette ti nye tenestestader med til saman minst 47,5 nye årsverk. Heilårseffekten av forslaget er 63 mill. kroner. For å sikre stabil og god rekruttering i dei nordlege politidistrikta blir det foreslått 7,5 mill. kroner til å etablere ein pilot for desentralisert politiutdanning i Finnmark frå 2025, og 2 mill. kroner til reisestøtte til søkarar til Politihøgskolen frå dei nordlege politidistrikta og andre rekrutteringstiltak i tråd med lokalpolitiplanen.
Regjeringa foreslår òg 15 mill. kroner til å styrke arbeidet mot gjengkriminalitet i Oslo og førebyggje rekruttering av unge til desse gjengane. Midlane skal brukast til meir synleg politi i utsette områder og ein målretta innsats mot kriminelle gjengar i Oslo. Lokalpoliti er viktig også i Oslo.
Bruken av internett og utviklinga innan digitale teknologiar påverkar nesten alle former for kriminalitet og har auka dei siste åra. Det er venta at denne utviklinga vil bli forsterka med utbygginga av tingnettet (Internet of things), som smarte heimar, byar og samfunn. Spesielt kan kunstig intelligens auke evnene til dei kriminelle og understøtte alle typar datakriminalitet. Politiet, PST og påtalemakta må framover tilpasse arbeidsformer og organisering til det som krevjast for å følgje den teknologiske utviklinga. Når det kjem nye måtar å ta i bruk ny teknologi på, kan det òg utfordre dagens rammevilkår, som t.d. regelverk. Samstundes er det viktig at verksemdene nyttar seg av moglegheitene som den teknologiske utviklinga gir til å auke kvaliteten og effektiviteten i oppgåveløysinga. Justis- og beredskapsdepartementet har tett dialog med politiet, PST og påtalemakta for at desse verksemdene skal kunne nyttiggjere seg og førebu seg for bruk av ny teknologi som stordataanalyse og kunstig intelligens.
Eit av dei viktigaste verktøya i oppgåveløysinga til politiet er teknologi. For å løyse samfunnsoppdraget sitt er politiet avhengig av å bruke ny teknologi og moderne løysingar for å kjempe mot nye former for kriminalitet. Utdatert teknologi truar i dag trygg og stabil drift av fleire av systema til politiet. Det trengst eit digitalt løft og omstilling over tid for å minske risikoen for at systema bryt saman. Ei hovudprioritering for politiet i 2024 er å sikre trygg og stabil drift av IT-infrastrukturen sin. Dette er avgjerande, både for å sikre god operativ evne, meir effektiv kamp mot kriminalitet, adekvat beredskap og for å få betre tenester til innbyggarane. Regjeringa foreslår å auke politiets løyving med 35,5 mill. kroner til å drifte IT-løysingar i 2024.
Regjeringa vil arbeide mot kriminalitet, ved å førebyggje og etterforske kriminaliteten betre. God førebygging og effektiv kamp mot kriminalitet på lokalplanet krev at politiet og lokalsamfunnet kjenner kvarandre godt. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 vart driftsbudsjettet til politiet styrkt med 555,2 mill. kroner. Av dette var 155,2 mill. kroner ekstraordinær priskompensasjon og 45 mill. kroner til å handtere auka innkomstar frå Ukraina. I tillegg ble 355 mill. kroner gitt i auka løyving til bl.a. å bidra til at politiet kan ha eit høgt bemannings- og aktivitetsnivå i heile landet, og leggje til rette for gode og tilgjengelege polititenester for heile befolkninga. Regjeringa foreslår å vidareføre løyvinga på 355 mill. kroner som ei varig styrking av politiet. Dette kjem i tillegg til den foreslåtte styrkinga på 500 mill. kroner til politiet, PST, PHS og Den høgare påtalemakta.
I Direktoratet for økonomistyring (DFØ) sin gjennomgang av POD blir det peika på eit behov for å styrke rolla til direktoratet, og at POD må ta større ansvar for den digitale utviklinga. DFØ meiner det er behov for å reindyrke POD sine kjerneoppgåver, og at oppgåver kan overførast til andre delar av etaten. Rapporten blir følgd opp av POD.
Regjeringa foreslår samstundes å redusere POD sitt budsjett med 25 mill. kroner. Budsjettet til POD er hovudsakleg lønn til tilsette. Dette vil føre til ein reduksjon i talet på tilsette. I tillegg vil nokre av arbeidsoppgåvene bli flytta frå POD til andre einingar. Ein reduksjonen i tilsette kan påverke PODs oppgåveløysing som direktorat. Evna til nasjonal kriseleiing skal ikkje reduserast. Det er ei politisk prioritering å flytte ressursane i politiet ut i førstelinja. Sjå òg omtale under kap. 441 Politidirektoratet.
Arbeidet med kultur og leiing i politiet held fram. DFØ er gitt i oppdrag å kartleggje arbeidet til politiet med kultur og leiing i etaten og foreslå tiltak for å styrke dette arbeidet. Det blir sett i gang eit arbeid for å opprette 100 studieplassar på innføring i politileiing ved Politihøgskolen frå og med 2024.
Dei siste åra har saksbehandlingstida i straffesaker vore høg, samstundes som oppklaringsprosenten i fleire prioriterte saksområde har falle. Regjeringa foreslår å styrke etterforsking og påtalemakta med 80 mill. kroner til større kapasitet, kvalitet og kompetanse i straffesaksbehandlinga. Ein sentral del av denne styrkinga handlar om styrkt fagleiing frå Den høgare påtalemakta. Tildelinga til Den høgare påtalemakta styrker tilsyns- og etatsstyringsfunksjonar, og legg til rette for gode prioriteringar, høg og jamn kvalitet i politidistrikta, effektivitet og rettstryggleik i straffesaksbehandlinga og kompetansehevingstiltak. Vidare inneber den foreslåtte satsinga til regjeringa på 80 mill. kroner til etterforsking og påtalemakta 30 mill. kroner til en kapasitetsauke i etterforskninga i politidistrikta, som i hovudsak skal leggjast til dei geografiske driftseiningane og sikre betre etterforsking lokalt. Saman med dei foreslåtte auka tildelingane til etterforsking av økonomisk kriminalitet, og internettrelaterte overgrep mot barn beskrive under, gir det totalt ei betydeleg styrking i kapasiteten i etterforskninga.
Økonomisk kriminalitet, inkludert unndraging av skatt, kvitvasking, arbeidslivskriminalitet, fiskerikriminalitet og annan kriminalitet som gjeld økonomi, utgjer alvorlege truslar for enkeltpersonar, for bedrifter, for lokalsamfunn og for finansieringa av velferdsstaten. Ikkje minst utgjer økonomisk kriminalitet ein trussel mot tilliten i samfunnet vårt, som er grunnleggjande for heile samfunnsforma vår i Noreg. Regjeringa vil styrke arbeidet mot slik kriminalitet, irekna den organiserte delen av den økonomiske kriminaliteten. Regjeringa er i gang med ein heilskapleg gjennomgang av arbeidet mot økonomisk kriminalitet i Noreg og vil fremme ei stortingsmelding som skal utvikle politikken på dette feltet innan utgangen av 2023. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til politiet med 20 mill. kroner til fleire etterforskarar med økonomifagleg spesialistkompetanse og 11,5 mill. kroner etterforskarar med kompetanse til å handtere digitale beslag i politidistrikta. Det er òg nødvendig å bruke 2 mill. kroner til å utarbeide ein konkret modell for sivilrettsleg inndraging av utbytte frå kriminalitet og 1,5 mill. kroner for å greie ut effekten av kontrolletatanes og politiets virkemidlar mot økonomisk kriminalitet. I tillegg foreslår regjeringa ei varig auke i løyvinga til Økokrim på 15 mill. kroner til å styrke det nye bedragerisenteret på Gjøvik.
Vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep er alvorleg kriminalitet som skal prioriterast høgt i heile straffesakskjeda, frå førebygging til straffegjennomføring. Regjeringa vil leggje til rette for å førebyggje betre og avdekke meir av vald og overgrep, betre oppfølging av valdsutsette, større kompetanse, styrkt samarbeid mellom tenester og sektorar, og at vald og overgrep blir prioritert i heile straffesakskjeda. Regjeringa arbeider med å etablere ein partnardrapskommisjon med sikte på oppstart i 2024 ved Statens sivilrettsforvaltning. Regjeringa vil leggje fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar i løpet av hausten 2023. Arbeidet med å førebyggje og kjempe mot internettrelaterte overgrep mot barn inngår i opptrappingsplanen.
Som ein del av planen foreslår regjeringa å auke løyvinga med 25 mill. kroner til etablere ei arbeidsform og metodikk utvikla i Oslo politidistrikt (RISK), i fleire politidistrikt for å førebyggje og oppklare vald i nære relasjonar og verne valdsutsette.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 30 mill. kroner for å styrke politidistriktas kapasitet til å avdekke og rettsforfølgje internettrelaterte overgrep mot barn. Samstundes skal det utviklast eit undervisningsopplegg for tilsette i justissektoren. Som ei del av plan foreslår regjeringa òg å auke løyvinga med 30 mill. kroner for styrkje barnehusa, herunder å utvide målgruppa til barnehusa til òg å gjelde mistenkte barn under 16 år. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til politiet med 85 mill. kroner til å følgje opp arbeidet med opptrappingsplanen og auke løyvinga på budsjettet til Barne- og familiedepartementet med totalt 15 mill. kroner. Sjå Prop. 1 S (2023–2024) for Barne- og familiedepartementet.
Omfanget av pengestøtte fra utlandet til religiøse organisasjoner
I oppmodingsvedtak nr 955 av 20. mai 2021 ba Stortinget «…regjeringen komme tilbake med forslag til tiltak for å kartlegge omfanget av pengestøtte fra utlandet til religiøse organisasjoner, uavhengig av om organisasjonen mottar statsstøtte». Regjeringa har greidd ut spørsmålet, og vil følgje opp tilrådingane frå utgreiinga for å bidra til auka transparens og oversikt knytt til slik finansiering frå utlandet.
Kap. 440 Politiet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441, post 01 og kap. 443, post 01 | 22 105 190 | 19 520 757 | 21 239 548 |
22 | Søk etter antatt omkomne, kan overførast | 3 504 | 10 142 | 7 306 |
23 | Sideutgifter i forbindelse med sivile gjøremål | 24 039 | 34 800 | 28 053 |
25 | Variable utgifter ved ankomst, mottak og retur i politiets utlendingsforvaltning | 174 764 | 104 350 | 200 184 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 218 605 | 80 842 | 12 617 |
46 | Investeringer i Schengen IT-systemer, kan overførast | 501 084 | 195 294 | |
48 | Tildeling fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger, kan overførast | 63 488 | 14 070 | 209 210 |
70 | Tilskudd | 50 735 | 52 402 | 52 853 |
71 | Tilskudd Justismuseet | 8 010 | 8 237 | |
73 | Internasjonale forpliktelser, mv., kan overførast | 285 534 | 657 190 | 713 041 |
74 | Midlertidig destruksjonspant for enkelte typer halvautomatiske rifler | 16 | 1 000 | 6 000 |
Sum kap. 440 | 22 933 885 | 20 984 874 | 22 664 106 |
Politiet skal gjennom førebyggjande, handhevande og hjelpande verksemd vere eit ledd i den samla innsatsen i samfunnet for å fremme og sikre tryggleiken, rettstryggleiken og den alminnelege velferda elles for borgarane, jf. politilova § 1. Politiet er leidd av Politidirektoratet og består i tillegg av 21 andre einingar:
tolv politidistrikt
fem særorgan med nasjonale oppgåver: Kripos, Økokrim, Politiets utlendingseining, Utrykkingspolitiet og Politihøgskolen
fire andre underliggjande einingar: Politiets fellestenester, Politiets IT-eining, Nasjonalt ID-senter og Grensekommissariatet
Enkelte deler av politiet har eigne budsjettkapittel: kap. 441 Politidirektoratet, kap. 442 Politihøgskolen, kap. 443 Påtalemyndigheten i politiet og kap. 448 Grensekommissæren.
Sjå òg omtale av PST under kap. 444 og Riksadvokaten under kap. 445.
31. desember 2022 var den totale bemanninga i politiet 18611 årsverk, av desse var 15 280 i politidistrikta.
Nærvær og tilgjengelegheit
Det er ei viktig oppgåve for regjeringa å arbeide for at kriminalitet ikkje skjer, og at innbyggjarane opplever tryggleik, god rettstryggleik og tilgjengelege tenester i heile landet og i det digitale rommet. Politiet må vere tilgjengeleg for befolkninga for å skape tryggleik. Samarbeid om førebygging og beredskap med kommunen og andre lokale aktørar krev at politiet er til stades og kjenner samfunnet og dei andre aktørane godt. Politiet yter tenester både fysisk og digitalt som er viktige for innbyggjarane, som våpenforvaltning, utlendingsoppgåver, sivil rettspleie og pass og ID-kort. På ein del mindre stader er det òg lang reisetid eller avgrensa opningstid eller tenestetilbod på den nærmaste politistasjonen. Derfor foreslår regjeringa å styrke det lokale politiet.
Regjeringa foreslår derfor å auke budsjettet til politiet, PHS og den høgare påtalemakta med 428 mill. kroner, herunder 198 mill. kroner til bl.a. å følgje opp lokalpolitiplanen og 30 mill. kroner til fleire etterforskarar i politidistrikta. Midlane skal bl.a. gå til å opprette ti nye tenestestader med minimum 47,5 nye årsverk, og til å oppretthalde eit høgt bemanning- og aktivitetsnivå i politidistrikta. Vidare inngår det i planen å etablere ein pilot for desentralisert politiutdanning i Finnmark frå 2025, for å rekruttere og behalde tilsette i dei nordlege politidistrikta.
Det er behov for ei målretta innsats mot kriminelle gjengar og rekrutteringa til desse, særleg i Oslo. Regjeringa foreslår derfor 15 mill. kroner til meir synleg politi i utsette områder.
Politiet skal vere til stades og tilgjengeleg for befolkninga der folk er, både fysisk og digitalt. Politiet sin eigen kanalstrategi set innbyggjarane i sentrum og gir råd om korleis politiet best kan kommunisere med ulike grupper i befolkninga, anten det er fysisk, på telefon eller digitalt. Gode digitale tenester bidrar til større kvalitet og effektivitet og frigjer politifolk til å løyse oppgåver som krev fysisk nærvær.
Politiet heng etter med digitaliseringa av tenester og arbeidsprosessar. Det er heilt nødvendig at politiet prioriterer dette arbeidet for å forhindre at systema bryt saman, eller at dei ikkje evnar å avdekke sårbarheiter og eventuelle dataangrep. Som ein del av styrkinga til politiet foreslår regjeringa å auke løyvinga med 35,5 mill. kroner i 2024 for å vidareutvikle dei digitale tenestene og eigne system og vareta sikker og stabil drift.
Grensekryssande kriminalitet er ei utfordring. I 2017 vart det vedteke at Magnormoen politistasjon skulle opprettast. Forprosjektet for den felles norsk-svenske politistasjonen på grenselinja mellom Noreg og Sverige blei lagd fram våren 2023. Regjeringa jobbar no saman med svenske styresmakter om nødvendige avklaringar før bygginga av grensestasjonen kan starte opp. Den felles politistasjonen vil styrke og effektivisere det operative og strategiske samarbeidet mellom norsk og svensk politi i grenseområda. Politistasjonen vil venteleg vere ferdig i løpet av 2025. For å styrke arbeidet til politiet med grensekryssande kriminalitet allereie no, har regjeringa teke initiativ til etableringa av eit mellombels norsk polititenestestad på Magnormoen. Tenestestaden vart etablert sommaren 2022 og skal vere operativ fram til den felles norsk-svenske politistasjonen er opna.
I desember 2022 vart det starta eit pilotprosjekt i Oslo politidistrikt som prøver ut ei ordning med at personar som blir kontrollerte av politiet, kan få ei stadfesting på kontrollen. Oslo kommune, ulike organisasjonar og andre relevante aktørar er involverte i arbeidet. Prosjektet blei avslutta i september 2023, og ei ekstern evaluering er sett i gang.
Veksten i offentlege budsjett er forventa å flate ut i åra framover, samstundes som prisveksten er på eit høgt nivå. Derfor må politiet i stor grad finansiere utviklinga gjennom å auke handlingsrommet innanfor dei tilgjengelege budsjettrammene. Prioriteringane må gjerast i samråd med kommunane og tillitsvalde, der det er relevant. Det er i samsvar med tillitsreforma til regjeringa å delegere ansvar til førstelinja.
Beredskap og krisehandtering
Som følgje av at Russland gjekk til fullskala angrep på Ukraina i februar 2022, har den tryggingspolitiske situasjonen i Europa blitt varig endra. Politiet har mått tilpasse seg eit meir krevjande trusselbilete med betre beredskap. I tillegg til at løyvinga har blitt auka for å tilsetje fleire, har politiet omprioritert stillingar for å auke kapasiteten til å registrere asylsøkarar, som følgje av krigen i Ukraina. Trusselbiletet er blitt meir komplekst. Oppgåveløysinga til politiet skjer i eit samvirke med andre statlege og private aktørar, med kommunale etatar, med det sivile samfunnet og gjennom internasjonalt samarbeid, der dei ulike aktørane har utfyllande kompetanse, ressursar og verkemiddel. Politiet bidrar til eit heilskapleg tverrsektorielt situasjonsbilete gjennom trusselvurderingane sine og kunnskap om hensiktsmessige tiltak i samanheng med dette. I tillegg bidrar politiet til handtering av tryggingstruande hendingar. Politiet bruker òg betydelege ressursar på andre tiltak, som støtte til andre offentlege og private aktørar, territorialkontroll, overvaking og innhenting av informasjon og førebyggjande tiltak mot ulike former for kriminalitet som kan skje i slike situasjonar. For norsk og europeisk tryggleik er krigen eit vendepunkt, og politiet må òg setje i verk ulike førebuande tiltak for å ta høgd for at situasjonen kan bli verre.
I 2023 har regjeringa teke imot rapportar frå Forsvarskommisjonen og Totalberedskapskommisjonen. Ei rekkje av tiltaka som blir tilrådde i rapportane, vil direkte eller indirekte påverke justissektoren, på ulike nivå og i samarbeid med andre sektorar. Sjå òg omtale under programkategori 06.50.
Ei av dei viktigaste oppgåvene til politiet er at samfunnet og innbyggjarane er trygge. Saman med andre aktørar skal politiet førebyggje kriminalitet og ulukker og agere raskt, kompetent og samordna når slike hendingar og naturhendingar likevel skjer. Innbyggjarundersøkinga til politiet for 2022 indikerer ein liten nedgang i tilliten befolkninga har til politiet i Noreg, men at ho framleis er høg.
God samhandling mellom nødetatane er avgjerande for god beredskap. I januar 2023 opna Politihøgskolen (PHS) det første samhandlingstudiet ved høgskulen. Studiet er eit av tre samhandlingsstudium som det er vedteke at skal gjennomførast ved PHS frå 2023. Studia har tilsette frå politiet, brann- og redningstenestene, helsetenestene, Forsvaret, frivillige og andre private og offentlege aktørar.
Politidirektoratet og Helsedirektoratet leverte sommaren 2023 eit revidert rundskriv om samarbeid mellom tenestene i samband med bistanden frå politiet til helsestellet. Rett og plikt til informasjonsdeling er ein del av dette arbeidet.
Det er relevant på enkelte område å sjå mål og krav til responstid i nødetatane i samanheng, irekna korleis responstida skal forståast, både av nødetatane og innbyggjarane. Politidirektoratet har levert si utgreiing som presenterer ulike responstidsmodellar, medrekna anbefaling på krav til responstid og korleis ein skal måle responstid. Rapporten vil følgjast opp av regjeringa.
Beredskapsressursane til politiet skal vidareutviklast og tilpassast utviklinga i terrortrusselen. Dette er ein viktig del av arbeidet regjeringa gjer med å førebyggje og kjempe mot terrorisme. Regjeringa la i november 2022 fram ein revidert, nasjonal kontraterrorstrategi. Strategien omtaler ambisjon og retning for innsatsen på kontraterrorfeltet i åra framover, med ei brei tverrsektoriell og offentleg-privat involvering. Målet er å førebyggje, hindre og handtere terror og å verne samfunnet gjennom ein heilskapleg tilnærming og samordna innsats.
I oppfølginga av strategien har regjeringa sikra at dei høgast prioriterte tiltaka er gjennomført eller satt i prosess, gjennom regelverksutvikling, vidareutvikling av terrortrusselkommunikasjon, og betra samhandling på tvers av helsetenester, PST og politiet i saker der psykiske lidingar og ekstremisme er eller kan vere relevant. Regjeringa vil gjennomgå status på oppfølginga av både strategien, og handlingsplanen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme, og identifisere nye behov eller prioriteringar etter at Ekstremismekommisjonen har lagt fram rapporten sin tidleg våren 2024. Oppfølginga av evalueringsutvalet etter 25. juni-skytinga i 2022 vil òg vere eit viktig grunnlag for denne gjennomgangen.
Justis- og beredskapsdepartementet har i juni 2023 gitt i oppdrag til Politidirektoratet å evaluere det nasjonale beredskapssenteret. Hovudmålet med evalueringa vil vere å kartleggje politioperative gevinstar av senteret og dei nasjonale effektane av senteret. Ein viktig del av evalueringa vil vere å undersøke kva slags effekt politidistrikta opplever at senteret har.
I februar 2022 oppnemnde regjeringa eit ekspertutval som skulle sjå nærmare på korleis politiet bruker maktmiddel, i tillegg til å oppdatere kunnskapsgrunnlaget og vurdere ulike problemstillingar ved bruken av maktmiddel. Utvalet leverte rapporten sin 7. november 2022. Rapporten har vore send på høyring. Regjeringa vil følgje opp tilrådingane frå utvalet i lys av innspela frå høyringsinstansane.
Etter eit vellukka prøveprosjekt i 2020 starta politiet i 2021 med val og utdanning av droneoperatørar til politidistrikta. Det er no over 100 nyutdanna droneoperatørar, med minst seks i kvart politidistrikt. Det er dokumentert at dronar kan gi ei rekkje gevinstar, bl.a. betre beredskap og meir effektiv førebygging av kriminalitet. I 2022 vart det løyvd 57 mill. kroner til politiet for å byggje opp antidronekapasitetane til politiet. Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 10,2 mill. kroner til dei forventa varige driftsutgiftene. Justis- og beredskapsdepartementet skal, i fellesskap med andre relevante departement, sjå på problemstillingane ved ulovleg dronebruk. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om dette på eigna måte.
Som eit supplement til varslingsanlegget til Sivilforsvaret (tyfonar) har ei teneste for varsling av befolkninga på mobiltelefon, Nødvarsel, blitt teke i bruk av politiet i løpet av 2023. Tenesta vart testa nasjonalt i juni 2023. Politiet har ansvaret for å sende ut varsel i fredstid, og Sivilforsvaret har ansvaret i krig. Tenesta blir ført inn i Sivilforsvaret og skal ferdigstillast i 2024. Sjå nærmare omtale under kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.
Telenors arbeid med utfasing av koparnettet fører til auka utgifter som regjeringa foreslår at dekkast gjennom brukarbetaling. For politiets del utgjer dette 26,5 mill. kroner i 2024. Sjå òg omtale under programkategori 06.50.
Norsk politi og kriminalomsorg har i over 31 år delteke i FN-operasjonar og oppdrag internasjonalt for å bidra til større tryggleik ute. Bidraga blir finansierte over budsjettet til Utanriksdepartementet, men politibidraga blir følgde opp fagleg av både Justis- og beredskapsdepartementet og Politidirektoratet. Per august 2023 bidrar Noreg med personell i Sør-Sudan og Colombia forutan ulike instruktørbidrag.
Schengen-IT-systema i politiet
For å betre kjempe mot grensekryssande kriminalitet, terror og ulovleg migrasjon er det sett i gang eit omfattande utviklingsarbeid i Schengen. Eit viktig tiltak er å utvikle og implementere fleire felleseuropeiske IT-system for styrkt grensekontroll, betre deling av informasjon og større tryggleik.
Utviklinga i Noreg skjer primært i politiet og Utlendingsdirektoratet (UDI), men òg i Statens vegvesen, Kystvakta, Tolletaten, Utlendingsnemnda (UNE), utanriksstasjonane m.m. Tiltaka vil gi større samfunnstryggleik og betre grensekontroll i Noreg og i Schengen-området, og dei vil òg gi politiet og utlendingsmyndigheita tilgang til omfangsrike informasjonsregister med data om bl.a. ettersøkte/sakna vaksne og barn, personar utan rett til innreise/opphald, stolne gjenstandar og biometri på asyl- eller visumsøkarar, der det blir lagt til rette for å effektivt sjå informasjon i samanheng på tvers av systema.
Det vart i statsbudsjettet for 2023 vedteke ei felles kostnadsramme på 2 187 mill. kroner (2023-kroner inkl. mva.) for prosjekta i politiet og UDI knytte til IT-systema Schengen Information System (SIS), Visa Information System (VIS), European Asylum Dactyloscopy (Eurodac) og Interoperabilitet, jf. Innst. 6 S (2022–2023). Forventa varige driftsutgifter knytte til systema i politiet er per i dag rekna til om lag 200 mill. kroner frå og med 2028.
Prosjekta er komplekse og har høg uvisse. I 2023 har departementet derfor etablert ein felles styringsdialog med POD og UDI om saka, for å sikre ei heilskapleg og strategisk oppfølging av prosjekta i verksemdene.
Løyvinga til politiet som gjeld Schengen-IT-systema, er nærmare omtalt nedanfor, under Post 46 Investeringer i Schengen-IT-systemer, kan overføres. Sjå òg omtale under post 48 Tildelinger fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger.
Kamp mot kriminalitet
Politiet skal skape tryggleik i lokalsamfunna der folk bur og i det digitale rommet ved å førebyggje, avdekke, stanse og straffeforfølgje kriminelle handlingar. Samarbeid med andre aktørar, både offentlege og private, nasjonalt og internasjonalt, er viktig for å førebyggje kriminalitet. Dei kriminelle blir meir profesjonelle og samarbeider internasjonalt, og dei utgjer ein alvorleg trussel mot den alminnelege tryggleiken i samfunnet. Trusselbiletet i det digitale rommet blir stadig meir komplekst. Den russiske krigføringa i Ukraina som skjer no, har ytterlegare forsterka dette. I tillegg blir det digitale rommet i aukande grad nytta til radikalisering og ekstremisme. Det kan òg vere krevjande å vite sikkert kven som står bak digitale angrep. Digitalisering av samfunnet har gitt politiet nye moglegheiter i oppgåveløysingar samstundes som dei kriminelle har fått større handlingsrom, som t.d. å utnytte barn og unge på internett, å drive profittbasert vinningskriminalitet, og ekstremisme på internett, utpressing ved digitale angrep og datainnbrot. Teknologi er ei betydeleg drivkraft for så godt som alle kriminalitetsutfordringar og truslar mot norske verdiar.
Datakriminalitet og digital utpressing
Data har verdi, og det meste av verdiskapinga i Noreg er avhengig av å bruke datasystem og internett. Betre informasjonstilgang gjer privatpersonar og offentlege og private verksemder meir sårbare for kriminelt misbruk enn før. Noreg har opplevd ei mengd kriminalitet mot datasystem, både hos privatpersonar og hos offentlege og private verksemder, og spesielt er det ein stor og aukande trussel med digital utpressing ved bruk av løysepengevirus retta mot verksemder. Skadeomfanget kan vere stort og medføre store økonomiske tap, informasjon kan stelast, datasystem kan låsast, og samfunnskritiske funksjonar kan setjast ut av drift.
Datakriminelle tek raskt i bruk teknologi og utnyttar sårbarheiter. Digitaliseringa gjer det òg enklare for datakriminelle å koordinere seg på tvers av landegrensene. Teknologi som kryptografi blir utnytta av dei datakriminelle for å etablere krypterte plattformer («det mørke nettet») for å gjere avtalar, planlegging og handel, og kryptovaluta blir brukt som betalingsmiddel. Dette gjer det vanskeleg for politiet å avdekke, etterforske og få oversikt over omfanget av kriminelle aktivitetar.
Rapporten Cyberkriminalitet 2023 frå politiet peikar på at det er sannsynleg at datakriminelle har etablert seg i Noreg, og at vi vil sjå at kriminaliteten blir meir digital. Som følgje av dette kan resultatet bli meir alvorleg og målretta datakriminalitet i Noreg.
Politiet skal innanfor dei tildelte rammene arbeide vidare med å styrke evna til å avdekke, førebyggje, avverje datakriminalitet og digital utpressing og straffeforfølgje kriminelle gjennom etterforsking og påtale. Politiet skal vidareføre samarbeid med private verksemder, andre land og akademia for å kjempe mot kriminalitet i det digitale rommet.
Økonomisk kriminalitet
Velferdsstaten er i stor grad finansiert gjennom skattar og avgifter på inntekt, forbruk og formue. Gjennom økonomisk kriminalitet, irekna kvitvasking, arbeidslivskriminalitet, fiskerikriminalitet og annan kriminalitet som gjeld økonomi, blir store beløp som kunne ha komme samfunnet til gode, unndratte frå skattlegging. Svart lønning og skjult omsetnad er utbreidd på tvers av bransjar i arbeidslivet. Useriøse aktørar under- og feilrapporterer systematisk fisk og skaldyr. Slik får bedrifter som driv ulovleg, òg ein konkurransefordel overfor bedrifter som driv lovleg. Økonomisk kriminalitet tærer på tilliten det norske samfunnet er tufta på. Økonomisk kriminalitet, som t.d. bedrageri på internett, har òg stor verknad for enkeltindivid.
Økonomisk kriminalitet har låg risiko for å bli oppdaga og krev mykje ressursar å etterforske og føre for retten. Dei fleste saker om økonomisk kriminalitet blir etterforska i politidistrikta. Økokrim har gjennom fagforvaltaransvaret sitt dei siste åra gitt betydeleg rettleiing og kompetansedeling til økoteama i politidistrikta. For å få god effekt av denne rettleiinga må økoteama byggje kompetanse over tid.
Regjeringa ønskjer å styrke arbeidet mot økonomisk kriminalitet. Trusselbiletet, saman med utviklinga i myndigheitene si innsats mot økonomisk kriminalitet, gir grunn til bekymring. Vidareutviklinga av kampen mot økonomisk kriminalitet bør ha eit langsiktig perspektiv som er forankra i utfordringsbiletet. Ei samla og kunnskapsbasert tilnærming til økonomisk kriminalitet i vid forstand vil gi eit best mogleg grunnlag for bruk av dei verkemidla som staten har innanfor kriminalpolitikken.
Det kan vere aktuelt å sjå nærmare på korleis politiet og andre offentlege etatar arbeider med oppfølginga av politimeldingar og rapporteringar frå privat sektor, og om tilsynsmyndigheiter eller andre offentlege etatar i justissektoren kan få fleire ressursar eller kan organiserast betre. Enkelte verkemiddel vil krevje involvering frå Stortinget. Regjeringa er i gang med ein heilskapleg gjennomgang av kampen mot økonomisk kriminalitet i Noreg og vil fremme ei stortingsmelding som skal utvikle politikken for å kjempe mot økonomisk kriminalitet innan utgangen av 2023. Regjeringa foreslår 50 mill. kroner i auka løyving for å styrke arbeidet mot økonomisk kriminalitet.
Vald, overgrep og vald i nære relasjonar
Vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep er alvorleg kriminalitet som skal prioriterast høgt i heile straffesakskjeda, frå førebygging til straffegjennomføring. Regjeringa vil leggje til rette for å førebyggje betre og avdekke meir av vald og overgrep, betre oppfølging av valdsutsette, større kompetanse og styrkt samarbeid mellom tenester og sektorar. Arbeidet for å førebyggje og kjempe mot vald og overgrep spenner over ansvarsområda til fleire departement og krev koordinert tverrdepartemental og tverrsektoriell innsats. Regjeringa vil derfor leggje fram ein heilskapleg opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar som blir forma ut i samarbeid mellom fleire departement. Planen skal leggjast fram i løpet av hausten 2023. Arbeidet med å førebyggje og kjempe mot internettrelaterte overgrep mot barn inngår i opptrappingsplanen. Regjeringa foreslår 100 mill. kroner i auka løyving til tiltak i planen.
Opptrappingsplanen tek utgangspunkt i utgreiingane frå partnardrapsutvalet og barnevaldsutvalet og i relevante evalueringar på feltet. Riksrevisjonen sin rapport om innsatsen til myndigheitene mot vald i nære relasjonar, som kom i juni 2022, og rapporten frå overvakingskomiteen til Europarådet, GREVIO, om korleis Noreg implementerer Istanbul-konvensjonen, er sentrale dokument. I tillegg skal ein ta høgd for relevant forsking på valdsfeltet i alle delar av samfunnet, under dette Justis- og beredskapsdepartementet sitt forskingsprogram om vald i nære relasjonar.
For eit ytterlegare styrka kunnskapsgrunnlag om vald i nære relasjonar, arbeider regjeringa med å etablere ein partnardrapskommisjon ved Statens sivilrettsforvaltning, med sikte på oppstart i 2024.
Samarbeid med dei som tilbyr tenester på internett, er viktig for å førebyggje internettrelaterte overgrep mot barn. Regjeringa vil sjå på korleis kontakt med barn på internett for seksuelle formål kan avdekkast, stansast og etterforskast meir effektivt. Europakommisjonen har lagt fram eit forslag om at dei som tilbyr tenester på internett, skal rapportere handlingar mot barn som kan vere kriminelle. Reglane inkluderer òg eit forslag om eit europeisk senter som skal koordinere arbeidet. Reglane er merkte som EØS-relevante. Regjeringa vil sjå nærmare på reglane og på ei nasjonal løysing.
Hatkriminalitet og ekstremisme
Hatkriminalitet rammar demokratiske verdiar og undergrev tryggleiksfølelsen til folk. Både førebygging, avdekking og straffeforfølging er viktige element i innsatsen mot hatkriminalitet. Det er etablert eit nasjonalt kompetansemiljø som arbeider med kompetanseheving i alle politidistrikta på fagfeltet. Regjeringa ønskjer å fortsetje arbeidet med førebygging og kamp mot hatkriminalitet, medrekna på lhbt+-feltet.
Radikalisering, valdeleg ekstremisme og terror er vedvarande truslar, både for Noreg og internasjonalt. I dei offentlege årlege nasjonale trusselvurderingane gjer PST greie for trusselbiletet som det norske samfunnet står overfor. Vurderingane syner at ekstrem islamisme og høgreekstremisme over fleire år har representert dei største terrortruslane mot Noreg. Samstundes er nye ekstremismeretningar blitt meir aktuelle. Utfordringsbiletet er i stadig endring og må følgjast tett. Innsatsen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme og terrorisme er høgt prioritert. Samarbeid og kunnskapsutveksling på nasjonalt og internasjonalt nivå er sentralt i innsatsen.
Innsatsen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme er breitt innretta. Ein legg særleg vekt på tidleg førebyggjande innsats, bl.a. gjennom barnehage, skule, politi og helsevesen. Ein viktig prioritet er å auke kunnskap og kompetanse hos praktikarar i førstelinja, slik at personar som er i ein radikaliseringsprosess, kan bli fanga opp og følgde opp tidleg og på ein god måte.
Regjeringa ser alvorleg på dei konsekvensane som radikalisering og ekstremisme kan få for liv, helse og tryggleik. Det er behov for meir kunnskap om ekstremisme og tiltak som førebyggjer og motverkar radikalisering og ekstremisme. Regjeringa har derfor oppnemnd ein ekstremismekommisjon. Kommisjonen skal levere utgreiinga si tidleg i 2024, til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Straffesaksbehandling
Dei allmenne måla for behandling av straffesaker er høg kvalitet, høg oppklaringsprosent, kort behandlingstid og adekvat reaksjon. I tråd med fagleiingsrundskrivet til riksadvokaten skal det vere dialog med statsadvokatembeta og politimeistrane når prioriteringar og mål for straffesaksbehandlinga i politiet blir fastsette i politidistrikta.
Politiet har redusert restansane knytte til straffesaksbehandling og føring for retten dei siste åra. Likevel er det utfordringar knytte til resultata. Særleg gjeld dette for oppklaringsprosenten for enkelte av dei kriminalitetstypane som skal vere prioriterte, bl.a. grove narkotikalovbrot, vald og seksuallovbrot, vald i nære relasjonar og grovt bedrageri. Utfordringane når det gjeld saker om vald i nære relasjonar er påpeika i undersøkinga til Riksrevisjonen, Dokument 3:7 (2021–2022). Dette krev merksemd frå leiinga i politidistrikta og samhandling med statsadvokatembeta for å finne eigna tiltak. Det er òg til dels store variasjonar i oppklaringsprosent mellom politidistrikta for dei same kriminalitetstypane. Den negative utviklinga av oppklaringsprosenten må analyserast nærmare. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner for å avdekke årsakene til utviklinga, slik at tiltak kan setjast i verk for å snu utviklinga.
Regjeringa vil òg fremme ein plan for styrkt etterforsking og påtalemakta. Formålet er auka effektivitet, kvalitet og rettstryggleik i straffesaksbehandlinga. Eit sentralt tiltak i planen vil vere å styrke kapasiteten til Riksadvokatembetet og Den høgare påtalemakta til å utøve fagleiing. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til Den høgare påtalemakta med 43 mill. kroner til fleire stillingar. I politiet er det eit mål at fleire etterforskar og påtalejuristar blir ståande lenger i stillingane sine, og at dei kan utvikle og nytte den erfaringa dei tileignar seg gjennom behandlinga av straffesaker. Regjeringa foreslår vidare i samband med oppfølging av planen å auke løyvinga med 2 mill. kroner for å styrke kompetanse og opplæring av etterforskarar og påtalejurister. Styrkinga må ses i samanheng med styrkinga av løyvingar til økt kompetanse og kapasitet mot økonomisk kriminalitet og internettrelaterte overgrep mot barn. Behovet for å styrke politidirektanes kapasiteten til å handtere datakriminalitet og digitale spor er stort, og midlane skal bl.a. nyttast til å auka bemanninga og investere i teknologi og utstyr. Som ein del av planen foreslår regjeringa å auke løyvinga med 2 mill. kroner for å greie ut moglegheita for etablering av ei etterforskarutdanning ved PHS, eventuelt i samarbeid med anna utdanningsinstitusjon, for etterforsking av bl.a. økonomisk kriminalitet.
I tråd med dei sentrale prioriteringane til Riksadvokaten for 2023 er det forventa at innsatsen for å avdekke, etterforske og føre for retten fleire saker om økonomisk kriminalitet aukar. Det er viktig å snu nedgangen i talet på etterforska lovbrot som gjeld økonomisk kriminalitet, som har vart i mange år. Inndraging av utbytte er sentralt i å kjempe mot alle former for profittmotivert kriminalitet. Inndragingseininga ved Økokrim hevar kompetansen i politidistrikta, og det er større medvit rundt inndraging i politiet. Det er ei forventing om ein auke i talet på saker der inndraging blir nytta. Mykje av den organiserte kriminaliteten, t.d. grov narkotikakriminalitet, skjer ved bruk av kommunikasjon via nettenester og andre plattformer. Ein fellesnemnar for fleire av sakene med organisert kriminalitet som er etterforska gjennom 2022, er at politiet har fått tilgang til kryptert kommunikasjon. Kripos har spissa etterforskingskunnskap på dette området. Utfordringsbiletet viser at internett og digitale teknologiar er i bruk i nesten alle former for kriminalitet og har auka dei siste åra. Det er derfor nødvendig at politidistrikta òg byggjer kompetanse.
I heile sektoren blir det utvikla løysingar for å støtte opp under ein meir effektiv og trygg arbeidsprosess frå eit lovbrot blir meldt til politiet, under etterforskinga, gjennom behandlinga i domstolane og fram til straffa skal sonast.
Den førebyggjande innsatsen til politiet
Den førebyggjande innsatsen til politiet skal vere i forkant av kriminaliteten og bidra til å redusere førekomsten av kriminalitet. Dersom kriminalitet blir førebygd, blir samfunnet spart for økonomiske og menneskelege kostnader.
Skal politiet lukkast med det førebyggjande arbeidet sitt, må dei ha god kunnskap om samfunns- og kriminalitetsutviklinga og om årsaker til kriminalitet. Politiet må òg ha god kunnskap om kva for nokre tiltak som har effekt. Derfor er det viktig at den kriminalitetsførebyggjande innsatsen til politiet byggjer på fagleg anerkjende prinsipp. Førebygging av kriminalitet er likevel ikkje ei oppgåve for politiet åleine. Fleire aktørar har ei rolle og eit ansvar i det førebyggjande arbeidet. Svært ofte vil det vere aktørar utanfor politiet som har dei rette verkemidla og tiltaka. Dette krev medvit om rolla og ansvaret til politiet og andre aktørar. Samarbeid gir større kunnskap og eit betre avgjerdsgrunnlag for å setje i verk kunnskapsbaserte tiltak som samla sett gir førebyggjande effekt.
I rapporten frå desember 2022 frå utvalet som vart oppnemnd av Justis- og beredskapsdepartementet 16. september 2021 (Rolleforståingutvalet), tilrår dei:
1. Politiet må basere informasjon og virksomhet på det som til enhver tid anses som vitenskapelig kunnskap.
2. Det må forskes mer på politiets forebyggende virksomhet.
Tilrådingane blir lagde til grunn for det førebyggjande arbeidet og vil følgjast opp.
Forvaltningsoppgåver og sivil rettspleie
Forvaltningsoppgåvene til politiet skal sikre innbyggjarane effektive tenester med god kvalitet. Forvaltningsoppgåvene bidrar òg til å førebyggje kriminalitet og uønskte hendingar. Førebygging gjennom forvaltning inneber at politiet bruker informasjon dei allereie har, i samhandling med andre fagområde i politiet. Det kan føre til at løyve ikkje blir gitt, eller at løyve blir kalla tilbake frå personar som ikkje lenger fyller vilkåra for å ha slike løyve (våpen, førarkort, vaktverksemd, pass og ID-kort, brukthandel osv.).
Politiet si teneste for pass og ID-kort treffer nesten heile befolkninga. Kontrollen med og utferdinga av ID-dokument bidrar til å førebyggje kriminalitet og tryggje identiteten til innehavaren. Regjeringa er oppteken av å gi innbyggjarane eit best mogleg tilbod om pass og ID-kort nær der folk bur. God tilgjengelegheit handlar òg om ventetid og opningstid på pass- og ID-kontor. Justis- og beredskapsdepartementet følgjer situasjonen med tilbod og etterspørsel etter pass og nasjonale ID-kort og vurderer kontinuerleg tiltak for å sikre god tilgjengelegheit og ei sikker utferding av pass og ID-kort i heile landet.
Gebyret for pass og nasjonale ID-kort har vore uendra sida 1. januar 2020, med unntak av ein auke av gebyret for mellombelse pass frå 1. januar 2021. Gebyrsatsen for pass er den same som for nasjonalt ID-kort, som blei innført i november 2020. Sidan då har det vore ein auke i kostnadene i ID-forvaltninga. Dette er mellom anna knytt til generell prisauke i samfunnet, ein auke i kostnaden knytt til samsøkingsrabatt, ein auke i kostnaden til støtte- og fellesfunksjonar som politidistrikta har og betre tilgang på passtenester, t.d. passkontoret på Gardermoen som opna i 2023 og at det foreslås å opprette 14 nye kontor i 2024. Det blir foreslått å auke gebyret for pass og nasjonale ID-kort til kostnadsdekkande nivå, som utgjer 750 kroner for pass og nasjonalt ID-kort til voksen og 450 kroner for pass og nasjonale ID-kort til barn. I tillegg blir det foreslått å auke gebyret for nødpass til 1 200 kroner. Sjå òg omtale under kap. 440, post 01.
Politidirektoratet har fått i oppdrag å etablere ei betre og meir effektiv digital våpenforvaltning i samarbeid med Brønnøysundregistera. Det vart mogleg for innbyggjarane å sende inn søknad om jaktvåpen digitalt frå 2. september 2021, og arbeidet med å automatisere saksbehandlinga har vore i gang sidan. 22. mai 2023 vart ei ny saksbehandlingsløysing for behandling av jaktvåpensøknader teken i bruk i Nordland og Agder politidistrikt. Frå 5. juni 2023 er alle politidistrikt kopla på løysinga for jaktvåpensøknader. Løysinga gjer at søknader som tidlegare vart behandla manuelt, no i stor grad blir behandla maskinelt. Dette bidrar til redusert saksbehandlingstid. I tida framover vil løysinga utviklast til å inkludere behandling av andre typar søknader.
Politiet har òg forvaltningsoppgåver på utlendingsfeltet. Søknader om asyl, opphald og statsborgarskap blir leverte til førstelinja i politiet. I tillegg har politiet ansvar for å transportere ut personar utan lovleg opphald. På grunn av bl.a. pandemien og krigen i Ukraina har utlendingsforvaltninga i politiet hatt utfordringar med store restansar, lang saksbehandlingslingstid og ventetid for timeavtale. Etter februar 2022 har talet på registreringar og asylsøknader auka. Krigen i Ukraina er òg forventa å påverke korleis politiet handterer registreringar og asylsøknader i 2024. I samband med Prop. 78 S (2021–2022) fekk politiet 588 mill. kroner i auka løyving til å handtere behovet for større registreringskapasitet som følgje av auken i talet på innkomstar frå Ukraina. I periodar med låge tal på innkomstar har dei tilsette i politiet bl.a. jobba med behandling av andre utlendingssaker. Desse midlane har gitt effekt frå det andre halvåret av 2022. Politiet har til saman redusert restansane med 35 pst., og den gjennomsnittlege saksbehandlingstida i politiet har blitt redusert med 25 pst. i løpet av 2022. Ventetida på timeavtale er òg vesentleg kortare ved utgangen av 2022.
Politiet fekk òg auka løyving til å auke kapasiteten til behandling av søknader om statsborgarskap i 2021, og desse midlane har gitt moglegheit til å prioritere statsborgarskapssakene i 2022 òg. Det er behandla fleire søknader i 2022 enn i 2021, som igjen betyr ein auke på godt over dobbelt så mange behandla saker samanlikna med i 2020. Sjå òg omtale under del 1 og programkategori 06.90.
Gjennom prioritert saksgang for utlendingar som kan utgjere ein alvorleg trussel mot samfunnstryggleiken, samarbeider politiet med PST og utlendingsmyndigheitene om effektiv saksflyt og uttransport i slike saker. Dette er viktig for tryggleiken til Noreg og bidrar til å motarbeide kriminalitet.
Regjeringa foreslår at ansvaret for helsetenester på utlendingsinternatet Trandum blir overført til kommunalt nivå. Det er òg behov for nokre ombyggingar slik at helsetenesta får dei nødvendige fasilitetane dei treng på utlendingsinternatet. Regjeringa foreslår samla 13,4 mill. kroner i 2024 til å gjennomføre overføringa.
Sivil rettspleie er eit omgrep for bl.a. oppgåvene til namsmannen. Det har vore ein tendens til lengre saksbehandlingstid i gjeldsordningssaker, noko som går utover rettstryggleiken for dei involverte, som ofte er i ein vanskeleg livssituasjon. Det er sett i verk tiltak som er meint å betre saksbehandlingstida i alle distrikta, men særskilt i dei distrikta som er hardast råka.
Saksbehandlingstida for utleggsforretningar har auka sidan 2022. I samband med pandemien løyvde Stortinget midlar til eit prosjekt med mellombels tilsette hos namsmannen for å arbeide ned restansar. Prosjektet ga gode resultat. Det blir foreslått å setje i verk eit nytt restanseprosjekt med 50 mellombels tilsette hos namsmannen for å arbeide ned restansar. Tiltaket er gebyrbelagt og har ei inntektsside, sjå òg omtale under kap. 3440, post 07.
Gebyret for utlegg er prisa for høgt. Gebyret for utleggsforretningar er på 1 545 kroner. Sjølvkosten til utleggsforretningar er 805 kroner.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 441, post 01 og kap. 443, post 01
Posten dekker alle ordinære driftsutgifter i politiet og dei lokale einingane til Politiets tryggingsteneste (PST) i politidistrikta, med unntak av Politidirektoratet, jf. kap. 441, Politihøgskolen, jf. kap. 442 og påtalemakta i politiet, jf. kap. 443. Element som lønn til tilsette, våpen, køyretøy, verneutstyr, uniformer og IT m.m. er driftsrelaterte innsatsfaktorar som er budsjetterte under posten. Justis- og beredskapsdepartementet held tilbake ein mindre del av løyvinga sentralt.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 355 mill. kroner som ei varig styrking. Løyvinga er ei vidareføring frå revidert nasjonalbudsjett 2023. Løyvinga skal gå til å halde ved lag eit høgt bemannings- og aktivitetsnivå i politiet.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 198 mill. kroner til bl.a. oppfølging av lokalpolitiplan, arbeid med sikker og stabil drift av kritisk IT-infrastruktur og til å oppretthalde eit høgt bemannings- og aktivitetsnivå i politidistrikta. Midlane skal bl.a. gå til betre lokale polititenester, meir tilgjengeleg politi for folk i heile landet og nye polititenestestader. Det blir òg foreslått å auke løyvinga med 50 mill. kroner til oppfølginga av stortingsmeldinga mot økonomisk kriminalitet.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner til å styrke arbeidet mot gjengkriminalitet i Oslo.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 30 mill. kroner til fleire etterforskarar i politidistrikta og 3 mill. kroner til arbeid med FoU om oppklaringsprosent.
For å styrke arbeidet mot alvorleg fiskerikriminalitet i Økokrim foreslår regjeringa å auke løyvinga med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 900, post 21, til Nærings- og fiskeridepartementet. Det foreslås også 3,8 mill. kroner til politistillingar ved A-krimsenter i Innlandet. Sjå Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 85 mill. kroner til oppfølginga av opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar.
Det blir foreslått 147,6 mill. kroner for å bidra til å handtere fleire asylinnkomstar frå Ukraina. Styrkinga skal gi politiet ressursar til arbeidet med registrering. Sjå òg omtale under programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 10,4 mill. kroner til dei varige driftsutgiftene av antidronekapasiteten til politiet.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på Helse- og omsorgsdepartementet sitt kap. 762, post 61, til overføringa av ansvar for helsetenester på Trandum.
Det blir òg foreslått å auke løyvinga med 8 mill. kroner til enkelte ombyggingar i samband med overføringa av ansvar av helsetenester på Trandum. Tiltaket er eittårig.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 473, post 01, til opprettinga av eit sekretariat for tilsynsrådet for tvangsreturar og utlendingsinternatet ved Statens sivilrettsforvaltning.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 15 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 440, post 46, for å dekke meirkostnader i politiet knytt til forseinka framdrift i EU knytt til Schengen IT-systema Entry/Exit System (EES) og European Travel Information and Authorization System (ETIAS). Sjå òg omtale under kap. 440, post 46.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 39 mill. kroner til eit mellombels prosjekt for å redusere restansar for utleggsforretningar hos namsmannen. Tiltaket har fem månader effekt i 2024.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 124,7 mill. kroner som følgje av at gebyrane for pass, nasjonale ID-kort og naudpass blir justert til kostnadsdekkande nivå, at det er venta ein auke i etterspurnaden etter ID-dokumenter og at det foreslås å opprette 14 nye passkontor i 2024.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Samla blir det foreslått ei løyving på 21 239,5 mill. kroner i 2024.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får ei bestillingsfullmakt under kap. 440, post 01, på 250 mill. kroner i 2022, jf. forslag til vedtak. Det blir foreslått ei nettobudsjetteringsfullmakt under posten, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, postane 02, 03 og 04, jf. forslag til vedtak.
Post 22 Søk etter antatt omkomne, kan overføres
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til søk etter personar ein reknar med er omkomne på havet, i innsjøar, i vassdrag og på landområde. Posten dekker òg nokre personellutgifter og ev. utgifter til å betre søkemetodane.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 7,3 mill. kroner.
Post 23 Sideutgifter i forbindelse med sivile gjøremål
Løyvinga på posten skal dekke sideutgifter i samband med sivile gjeremål. Dette gjeld i hovudsak sideutgifter i samband med tvangsforretningar og utgifter i samband med gjeldsordningssaker.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 28,1 mill. kroner.
Post 25 Variable utgifter ved ankomst, mottak og retur i politiets utlendingsforvaltning
På posten fører ein dei variable utgiftene til retur av personar med avslag på søknad om asyl, bortviste og utviste personar og personar som skal forlate Noreg i tråd med Dublin-regelverket. Dette regelverket slår fast kva land som har ansvaret for å behandle søknad om asyl. Når andre land har ansvaret for å behandle søknader frå personar som er i Noreg, kan personen returnerast til dette landet. For slike returar gjeld det særskilde fristar. Om retur ikkje skjer innan fristen, må saka takast til behandling i Noreg.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 200,2 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Posten omfattar utgifter til større utstyrsanskaffingar og vedlikehald.
Prosjektet Fremtidens innkreving blir forlengd med to år, og det blir derfor foreslått å endre periodiseringa av løyvinga til prosjektet. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 29,9 mill. kroner. Departementet vil foreslå å auke løyvinga tilsvarande når utgiftene er venta å komme.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 42,2 mill. kroner i samband med at ein er ferdig med investeringar knytte til sikring av skjermingsverdige objekt.
Samla blir det foreslått ei løyving på posten på 12,6 mill. kroner.
Post 46 Investeringer i Schengen-IT-systemer, kan overføres
Posten omfattar prosjektutgiftene politiet har til utvikling og implementering av nye felles-europeiske IT-system for styrkt grensekontroll, betre informasjonsdeling og tryggleik. Fram til 2027 vil det vere eit omfattande utviklingsarbeid med systema i politiet og utlendingsmyndigheitene, og løyvinga på posten vil dekke prosjektutgiftene til systemutviklinga i politiet.
Den sentrale systemutviklinga for det felles europeiske inn- og utreisesystemet Entry/Exit System (EES) er seinka i EU. Det medfører redusert framdrift i dei nasjonale Schengen-IT-prosjekta i politiet, noko som medfører større kostnader for prosjekta til politiet for EES og framreisesystemet European Travel Information and Authorization System (ETIAS) i 2024 og 2025.
Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 440 til prosjekta med 15 mill. kroner for å dekke meirkostnader som er venta i 2024, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post. Den reduserte framdrifta medfører òg redusert framdrift for dei andre Schengen-IT-prosjekta Interoperabilitet, Visa Information System (VIS) og European Asylum Dactyloscopy (Eurodac).
Fleire av prosjekta som blir løyvde over posten er berettiga for stønad frå EU si grense- og visumordning (BMVI-fondet), medrekna prosjekt som inngår i Stortinget si vedtekne felles kostnadsramme for Schengen IT-prosjekta i politiet og UDI. Sjå òg omtale under kap. 440, post 48.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 195,3 mill. kroner. Sjå òg omtale under kap. 490.
Post 48 Tildeling fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger, kan overføres
Noreg er venta å ta del i den nye grense- og visumordninga til EU under finansieringsordninga Financial support for border management and visa (BMVI-fondet) som eit Schengen-tilknytt land. BMVI er ein del av migrasjons- og grenseforvaltninga til EU og skal særleg støtte varetakinga av yttergrensa. Samstundes skal ordninga hjelpe til vidareutvikling av den felles visumpolitikken i tillegg til implementering av den integrerte grenseforvaltningsstrategien hos medlemslanda. Vidare skal ordninga støtte arbeidet mot irregulær migrasjon.
Noreg tek imot støtte frå EU for å gjennomføre prosjekt innanfor grense- og visumsamarbeidet som er retta mot måla i ordninga. Dei årlege tildelingane frå EU baserer seg på dokumentert forbruk frå støttemottakarar. Midlane blir derfor forskoterte over statsbudsjettet. Dei samla refusjonane under kap. 3440, post 08, skal om lag svare til dei samla tildelingane over heile fondsperioden.
2023 var det første året Noreg brukte midlar frå BMVI-fondet. Løyvingane til prosjekt under BMVI-fondet vil løyvast samla over kap. 440, post 48, og i 2024 vil både politiet, Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utanriksdepartementet (UD) gjennomføre prosjekt med midlar frå fondet.
Det blir bl.a. foreslått å auke løyvinga med 56,3 mill. kroner til politiet sitt Schengen IT-prosjekt for Interoperabilitet. Det blir videre foreslått å auke løyvinga på posten med 58,1 mill. kroner til å handtere meirkostnader i politiet knytt til redusert framdrift for Schengen IT-prosjekta Entry/Exit System (EES) og European Travel Information and Authorization System (EES).
Det blir foreslått ei løyving på posten på 209,2 mill. kroner. Sjå òg omtale under kap. 440, post 46.
Post 70 Tilskudd
Posten inneheld tilskot til tiltak mot menneskehandel og prostitusjon, medrekna hjelpetiltaket ROSA for utgifter til koordinering av butilbod og drift av ein hjelpetelefon, til tryggingstiltak ved trus- og livssynssamfunn og til politiforeiningar.
Tabell 2.9 Tilskot som blir lyste ut
(Beløp i 1 000 kroner) | |
---|---|
Tilskot | Forslag 2024 |
Tiltak mot menneskehandel og prostitusjon | 37 753 |
Tryggingstiltak ved trus- og livssynssamfunn | 5 000 |
Politiforeiningar | 4 800 |
Sum | 47 553 |
Tiltak mot menneskehandel og prostitusjon
Formålet med tilskotsordninga er å motverke at barn og vaksne blir utsette for menneskehandel, å hjelpe menneske ut av prostitusjon og å redusere etterspurnaden etter prostitusjon.
Organisasjonar som driv frivillig verksemd, kan få tilskot. Dersom frivillige organisasjonar ikkje tilbyr tilfredsstillande aktivitetar og tiltak, kan kommunar få tilskot for å gjere det. Det kan bli gitt tilskot til tiltak som bidrar til å oppfylle formålet med ordninga. Justis- og beredskapsdepartementet tildeler tilskot etter ei skjønnsmessig vurdering av i kor stor grad dei aktuelle prosjekta kan bidra til å oppfylle formålet med tilskotsordninga. Departementet går gjennom rapporteringa frå mottakarane. Tilskota i 2022 førte bl.a. til at offer for menneskehandel fekk trygg oppfølging på eigna institusjonar.
Tryggingstiltak ved trus- og livssynssamfunn
Formålet med tilskotsordninga er å hjelpe til at trus- og livssynssamfunn kan gjennomføre fysiske tryggingstiltak, for å vareta ansvaret sitt for å sikre personane som oppheld seg i lokala til trus- eller livssynssamfunnet. Trus- og livssynssamfunn og paraply- og dialogorganisasjonar for trus- og livssynssamfunn som har organisasjonsnummer i Einingsregisteret, kan få tilskot. Ordninga blir forvalta av Politiets fellestenester. I vurderinga av søknadene blir det lagt særleg vekt på i kva grad trus- og livssynssamfunnet blir sett på som eit potensielt mål med opphøgd trussel i den årlege nasjonale trusselvurderinga til Politiets tryggingsteneste, om søkaren har særskilde behov for fysiske tryggingstiltak, og dessutan om søkaren har fått og/eller søkt om støtte frå andre offentlege myndigheiter til fysiske tryggingstiltak. Politiets fellestenester gjennomgår rapporteringa frå mottakarane. Tilskota førre året gjekk bl.a. til anskaffing av inngangsdører, tilgangskontroll, overvakingskamera m.m.
Politiforeiningar
Formålet med tilskotsordninga er å leggje til rette for stønad til drift av landsdekkande lag, selskap og foreiningar som bidrar til å vareta felles faglege, sosiale, kulturelle og velferdsmessige interesser for politiet sine tilsette og pensjonistar. Tilskot kan tildelast landsdekkjande lag, selskap og foreiningar som oppfyller kriteria i forskrift om tilskudd til politiforeininger.
Tabell 2.10 Øyremerkte tilskot til særskild mottakar
(Beløp i 1 000 kroner) | |
---|---|
Tilskot | Forslag 2024 |
Krisesentersekretariatet (ROSA-prosjektet og drift av nasjonal hjelpetelefon) | 5 300 |
Sum | 5 300 |
ROSA-prosjektet jobbar med å støtte personar som er utsette for menneskehandel, slik at dei får utløyst rettane sine i Noreg, og med å løfte erfaringane og utfordringane deira for å betre vilkåra deira.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 52,9 mill. kroner.
Post 71 Tilskudd Justismuseet
Justismuseet (Nasjonalt museum for politi, rettsvesen og kriminalomsorg) er ei privat stifting i Trondheim. Dette museet skal initiere og drive forsking og vere eit kompetansesenter for dokumentasjon og formidling av kunnskap om kva lov og rett har å seie for det norske samfunnet, historisk sett og i eit samfunnsaktuelt perspektiv.
Justismuseet søker årleg om tilskot og sender årsrapport og rekneskap, godkjende av revisor, til Justis- og beredskapsdepartementet. I 2023 er tilskotet på om lag 8 mill. kroner. I tillegg til tilskot, inntekt frå billettsal og utleige av magasin skal Justismuseet søke støtte frå frie fond og private og offentlege støtteordningar.
Kultur- og likestillingsdepartementet har god kompetanse på museumsområdet, museumspolitikk og museumsutvikling, og dei forvaltar årleg om lag to milliardar kroner til museum og andre kulturvernformål. Som følgje av at ansvaret for forvaltninga av tilskotet til Justismuseet skal flyttast frå Justis- og beredskapsdepartementet til Kultur- og likestillingsdepartementet frå og med 2024, blir det foreslått å redusere løyvinga med 9,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av løyvinga under Kultur- og likestillingsdepartementet, kap. 328, post 70.
Det blir foreslått å avvikle post 71 Tilskudd til Justismuseet.
Post 73 Internasjonale forpliktelser, mv., kan overføres
Løyvinga under posten dekker utgifter knytte til internasjonale forpliktingar, medrekna bl.a. utbetalingar til EU si grense- og visumordning, til Det europeiske byrået for operativ forvaltning av store IT-system på området for fridom, tryggleik og rettferd (eu-LISA) og til Det europeiske grense- og kystvaktbyrået (Frontex). Noreg er gjennom Schengen-medlemskapet vårt forplikta til å vere med på å finansiere aktivitet i dei relevante EU-byråa og til å vere med på innbetalingar til EU si grense- og visumfinansieringsordning.
Storleiken på kontingentane blir fastsett i det gjeldande budsjettet i EU-verksemdene, og dei blir betalte i euro.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 713,0 mill. kroner.
Post 74 Midlertidig destruksjonspant for enkelte typer halvautomatiske rifler
I vedtak 883 av 6. mai 2021 bad Stortinget regjeringa om å utarbeide eit forslag til ei økonomisk kompensasjonsordning for våpeneigarar som er ramma av forbodet mot enkelte typar halvautomatiske rifler, jf. våpenlova § 5 andre ledd nr. 3. For erverv tredde forbodet i kraft 1. juni 2021, og for innehaving trer forbodet i kraft 1. juni 2024. For å følgje opp vedtaket vart det oppretta ei ordning for mellombels destruksjonspant i perioden 2022–2024. Våpeneigarar som er ramma av forbodet, får ein eingongssum på 4 000 kroner per våpen som blir levert inn.
Ordninga skal etter planen avsluttast etter 2024.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 6 mill. kroner.
Kap. 3440 Politiet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Gebyr – pass og våpen | 707 265 | 718 795 | 957 257 |
02 | Refusjoner mv. | 170 430 | 222 506 | 232 296 |
03 | Salgsinntekter | 26 718 | 51 651 | 53 201 |
04 | Gebyr – vaktselskap og etterkontroll av deaktiverte skytevåpen | 1 615 | 4 828 | 4 828 |
06 | Gebyr – utlendingssaker | 358 694 | 304 187 | 288 162 |
07 | Gebyr – sivile gjøremål | 685 440 | 721 078 | 819 100 |
08 | Refusjoner fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger | 56 005 | 94 100 | 79 000 |
Sum kap. 3440 | 2 006 167 | 2 117 145 | 2 433 844 |
Kapittelet består i hovudsak av inntekter frå gebyr for tvangssaker, forliksrådssaker, passutferding og våpenløyve.
Post 01 Gebyr – pass og våpen
Løyvinga på posten dekker inntekter frå behandlingsgebyr for pass og våpenløyve.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 238,5 mill. kroner som følgje av at gebyrane for pass, nasjonale ID-kort og naudpass blir justert til kostnadsdekkande nivå, at det er venta ein auke i etterspurnaden etter ID-dokumentar og at det foreslås å opprette 14 nye passkontor i 2024.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 957,3 mill. kroner.
Post 02 Refusjoner mv.
Politiet får refundert utgifter for politioppdrag som er utførte for organisasjonar, lag, entreprenørar og offentlege etatar i samsvar med særskild heimel. Omfanget av slike oppdrag varierer frå år til år, og inntektsestimatet er derfor svært usikkert. Midlar til å dekke utgifter politiet har i samband med deltaking i internasjonale operasjonar, blir løyvde på Utanriksdepartementet sitt budsjettkapittel 151 Fred, sikkerhet og globalt samarbeid, og politiet får refundert desse utgiftene frå Utanriksdepartementet.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, kap. 441, post 01 og kap. 443, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 232,3 mill. kroner.
Post 03 Salgsinntekter
Inntekter frå innbyte og sal av utskifta køyretøy m.m. blir rekneskapsførte på posten. I tillegg blir inntekter frå sal av spesialutstyr til politidistrikta, kriminalomsorga, tolletaten m.m. førte på posten.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 53,2 mill. kroner.
Post 04 Gebyr – vaktselskap og etterkontroll av deaktiverte skytevåpen
Løyvinga på posten omfattar eingongsgebyr til å dekke utgifter ved behandling av søknader og gebyr ved feilalarmar der politi- og lensmannsetaten rykkjer ut, og etterkontroll av deaktiverte skytevåpen.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 04, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 4,8 mill. kroner.
Post 06 Gebyr – utlendingssaker
Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknad om opphald på anna grunnlag enn vern, statsborgarskap, visum, reisebevis og utlendingspass. Løyvingsforslaget tek utgangspunkt i talet på utlendingssaker til politiet.
Det blir foreslått å justera gebyra i utlendingssaker for å sikra betre samsvar mellom gebyra og dei gjennomsnittlege utgiftene knytt til å behandla sakene, sjå omtale under programkategori 06.90.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 101,2 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2023. Bakgrunnen er at det er venta færre søknader innan visse sakstypar i 2024.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 288,2 mill. kroner.
Post 07 Gebyr – sivile gjøremål
Løyvinga på posten skal dekke gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet, dvs. gebyr for tvangsforretningar og forliksrådsbehandling.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 25,3 mill. kroner som følgje av at gebyra for forkynning og forlik var prisa for lågt. Det blir foreslått å oppjustere dei to gebyra til sjølvkost.
Det blir foreslått å setje i verk eit prosjekt med mellombels tilsette for å arbeide ned restansar ved utleggsforretningar. Det blir foreslått å auke løyvinga med 44,6 mill. kroner.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 819,1 mill. kroner.
Post 08 Refusjoner fra EUs grense- og visumfinansieringsordninger
Posten dekker refusjonar frå EU knytte til dei nasjonale prosjekta som får tildelingar frå EU si grense- og visumfinansieringsordning. Refusjonsutbetalingane vil variere frå år til år og baserer seg på dokumentert forbruk frå støttemottakarar. Midlane blir derfor forskoterte over statsbudsjettet, jf. omtalen under kap. 440, post 48.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 79 mill. kroner.
Kap. 441 Politidirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440, post 01 | 389 156 | 382 659 | |
Sum kap. 441 | 389 156 | 382 659 |
Politidirektoratet leier politiet og har ansvaret for fagleg leiing, styring, oppfølging og utvikling i heile etaten, med dei avgrensingane som følgjer av at Riksadvokaten har det faglege overordna ansvaret for all straffesaksbehandlinga. Politiet er leidd av Politidirektoratet og består i tillegg av 21 andre einingar jf. omtale under kap. 440. Det er òg ei sentral oppgåve for POD å utarbeide analysar og innhente trusselvurderingar til stønad for avgjerdene til myndigheiter og andre aktørar. I tillegg har POD ei viktig rolle som rådgivar. POD samarbeider i stor grad både nasjonalt og internasjonalt under gjennomføringa av samfunnsoppdraget.
Bemanninga per 31. desember 2022 utgjorde 298 årsverk.
Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til POD med 25 mill. kroner. Løyvinga på posten går hovudsakeleg til lønn til tilsette. Reduksjonen vil derfor føre til reduksjon i tilsette i direktoratet. Reduksjonen vil derfor føre til reduksjon i tilsette i direktoratet. Nokre av arbeidsoppgåvene vil bli overført til politidistrikta eller andre einingar. Ressursbruken på andre arbeidsoppgåver kan bli redusert. Evna til nasjonal kriseleiing skal ikkje reduserast.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 440, post 01
Løyvinga på posten omfattar ordinære driftsutgifter under Politidirektoratet, irekna lønnsutgifter, driftsutgifter til leige av lokale og andre driftsutgifter.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 25 mill. kroner.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 441, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 382,7 mill. kroner.
Kap. 442 Politihøgskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 673 290 | 654 870 | 689 124 |
Sum kap. 442 | 673 290 | 654 870 | 689 124 |
Politihøgskolen er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politiet i Noreg og har som hovudoppgåve å drive utdanning, forsking og formidling. Skulen skal vere ein profesjonsretta utdanningsinstitusjon som held eit høgt nivå, og som utviklar og formidlar dei kunnskapane, ferdigheitene og haldningane som politiet må ha for å bidra til å sikre tryggleik, lovlydnad og orden.
Bemanninga per 31. desember 2022 utgjorde 373 årsverk.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker lønnsutgifter og andre driftsutgifter ved Politihøgskolen.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 7,5 mill. kroner til å opprette ein pilot for desentralisert politiutdanning i Alta og 1,5 mill. kroner til reisestøtte til søkarar til Politihøgskolen frå dei nordlege politidistrikta.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 2,2 mill. kroner til nødvendige driftsutgifter for objektsikring av ein lokasjon.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 17,7 mill. kroner i samband med overføring av tenester og personell knytte til tenesta ved Politiets fellestjenester (PFT).
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,6 mill. kroner til vidareføring av 100 nye studieplassar som vart oppretta hausten 2022.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 3 mill. kroner til arbeid for å opprette 100 nye studieplassar i innføring i politileiing mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 4,8 mill. kroner som følgje av at opptaket til bachelorprogrammet ved Politihøgskolen vart redusert i 2020.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, postane 02 og 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 689,1 mill. kroner.
Kap. 3442 Politihøgskolen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
02 | Diverse inntekter | 25 478 | 17 147 | 23 187 |
03 | Eksterne forskningsmidler | 12 635 | 11 228 | 13 090 |
Sum kap. 3442 | 38 113 | 28 375 | 36 277 |
Post 02 Diverse inntekter
Inntektene til Politihøgskolen kjem frå kursverksemd, utleige, kantinesal og boksal, i tillegg til moglege inntekter frå oppdragsverksemd.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 23,2 mill. kroner.
Post 03 Eksterne forskningsmidler
Inntekter frå eksterne forskingsmidlar blir førte på posten.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, post 03, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 13,1 mill. kroner.
Kap. 443 Påtalemyndigheten i politiet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440, post 01 | 1 432 401 | 1 508 500 | |
Sum kap. 443 | 1 432 401 | 1 508 500 |
Påtalejuristane i politiet leier og har ansvaret for etterforskinga i politiet. Dei er direkte underlagde statsadvokatane i enkeltsaker. I Noreg er første nivå i påtalemakta integrert i politidistrikta, som blir leidd av politimeistrane, ein såkalla integrert og framskoten påtalefunksjon.
Bemanninga i påtalemakta i politiet utgjorde 979 årsverk per 31. desember 2022.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 440, post 01
Løyvinga på posten omfattar ordinære driftsutgifter knytte til påtalejuristane i politiet, irekna lønnsutgifter og andre indirekte utgifter.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner til kompetansehevande tiltak til etterforskarar og påtalejuristar.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2023 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 443, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 508,5 mill. kroner.
Kap. 444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 1 327 712 | 1 298 959 | 1 473 022 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 189 267 | 95 822 | 61 890 |
Sum kap. 444 | 1 516 979 | 1 394 781 | 1 534 912 |
Det primære ansvaret til Politiets tryggingsteneste (PST) er å førebyggje, avdekke, etterforske, føre for retten og handtere dei mest alvorlege truslane mot tryggleiken i riket og mot grunnleggjande nasjonale interesser. PST er både ei etterretningsteneste, ei tryggingsteneste og ei polititeneste.
Det er òg ei sentral oppgåve for PST å utarbeide analysar og trusselvurderingar til stønad for avgjerdene til myndigheiter og andre aktørar. I tillegg har PST ei viktig rolle som rådgivar. PST samarbeider i stor grad både nasjonalt og internasjonalt under gjennomføringa av samfunnsoppdraget.
Sjefen for PST leier den sentrale eininga (DSE) lokalisert i Oslo og har dessutan det faglege ansvaret for dei lokale PST-einingane i politidistrikta utanfor Oslo. Per 31. desember 2022 utgjorde bemanninga ved den sentrale eininga 714 årsverk.
Arbeidsformer og regelverk
For å møte trusselen frå framande etterretningstenester og terrorisme er det behov for tett samarbeid med ei rekkje aktørar i og utanfor Noreg. Samarbeidet mellom politi-, etterretnings- og tryggingstenestene styrker evna til å møte utfordringane. Det er etablert eit nytt samarbeid om samansette truslar i Nasjonalt etterretnings- og tryggingssenter (NESS), der PST, politiet, NSM og Etterretningstenesta inngår. Samarbeid på det meir operative nivået knytt til cyberdomenet blir bl.a. gjennomført i Felles cyberkoordineringssenter (FCKS), med dei same aktørane som i NESS. Felles etterretnings- og kontraterrorsenter (FEKTS) vart vidareutvikla i 2021 for å styrke samarbeidet mellom PST og Etterretningstenesta. FEKTS bidrar til ei heilskapleg tilnærming til truslane i dag og i framtida, ved å koordinere saker knytte til terror, kontraetterretning, masseøydeleggingsvåpen og andre prioriterte område. Det er òg etablert eit forsterka samarbeid og informasjonsutveksling mellom PST og politiet, som skal bidra til eit betre situasjonsbilete på sivil side for samansett verkemiddelbruk, som eit av fleire bidrag inn i NESS.
PST sitt samfunnsoppdrag inneber at dei skal gi informasjon og etterretningsprodukt som beslutningstøtte til regjeringa, andre myndigheiter og sivilsamfunnet.
Det er viktig å sikre eit regelverk som støttar opp under oppgåveløysinga som nasjonal etterretningstjeneste, samstundes som det varetek rettstryggleik og omsyn til personvern. Dette er eit kontinuerleg arbeid som regjeringa vil følgje opp, med tanke på utviklinga i trusselbiletet og sett opp mot den raske utviklinga innanfor teknologi. Justis- og beredskapsdepartementet følgjer no opp høyringa av eit forslag til endringar i straffelova, straffeprosesslova og politilova som kriminaliserer samarbeid med framand etterretningsteneste om å utøve fordekt påverknadsverksemd i Noreg.
Ulovleg etterretningsverksemd
PST har ei viktig rolle i å førebyggje og motverke ulovleg etterretningsverksemd i Noreg. Statar viser evne og vilje til å oppnå strategiske mål på eit vis som i aukande grad utfordrar nasjonal tryggleik. Framande statar bruker ein kombinasjon av ulike verkemiddel, sivile og militære, opne og fordekte, i det fysiske så vel som i det digitale rommet. Dette gjer trusselbiletet meir utfordrande og samansett. Den tryggingspolitiske situasjonen etter at Russland angreip Ukraina, har aktualisert denne problemstillinga ytterlegare. Døme på verkemiddel som er særleg krevjande å oppdage og førebyggje, er økonomiske verkemiddel i form av oppkjøp og investeringar og påverknadsaktivitet, særleg når han tek form av falske nyheiter og desinformasjon. Samansett verkemiddelbruk utfordrar òg evna myndigheitene har til å fange opp trusselaktørar, til å følgje truslane over tid og til å vurdere det samla trusselbiletet frå framande statar mot norske interesser. Det er viktig at dei nasjonale tryggingsmyndigheitene har tilstrekkeleg heimelsgrunnlag, kompetanse og ressursar til å avdekke, motverke og handtere den breie verkemiddelbruken som framande statar rettar mot Noreg.
Terror og annan politisk motivert vald
Samfunnsoppdraget til PST omfattar òg å førebyggje og etterforske alvorleg kriminalitet mot den nasjonale tryggleiken, som terror og valdeleg ekstremisme. Ein kan aldri garantere at terrorangrep ikkje vil hende. Vi må derfor kontinuerleg arbeide med førebygging og med tryggingstiltak, bl.a. hos utsette aktørar.
25. juni-utvalet peika på at talet tilsette i PST som arbeider med kontraterror, er lågt samanlikna med omfanget av oppgåver dei er sette til å løyse. Regjeringa foreslår derfor å styrke PST sin kapasitet til arbeid med kontraterror med 20 mill. kroner.
Truslar mot myndigheitspersonar
PST bidrar til tryggleik for myndigheitspersonar, bl.a. med livvakttenesta for sentrale myndigheitspersonar (medlemmer av kongehuset, regjeringa og Høgsterett og stortingsrepresentantar), utarbeiding av trusselvurderingar, rådgiving og ulike førebyggjande tiltak.
Norske myndigheitspersonar blir utsette for hatefulle, sjikanerande og truande handlingar, ikkje minst i det digitale rommet. Påtalemakta har ei rolle når handlingane blir vurderte som straffbare. Det er ei sentral oppgåve for PST å sikre at myndigheitspersonar som tek på seg slike sentrale tillitsverv i politikken, ikkje blir utsette for valdelege angrep. Det er det lokale politiet som følgjer opp truslar og hets som ikkje er retta mot myndigheitspersonar. Frå 2019 er PST gitt eit særskild ansvar for etterforsking av lovbrot retta mot sentralstyremedlemmer i dei politiske ungdomspartia. Undersøkingar tyder på at fleire politikarar vurderer å slutte som følgje av hets og truslar. Det kan vere ein trussel mot demokratiet vårt. PST vidareutviklar derfor samarbeidet med politiet slik at dei saman kan bidra til at unge og andre politikarar vil halde fram med å stå i det politiske arbeidet sitt.
Sidan 2022 har ansvaret for verksemd knytt for sikring av myndigheitspersonar i Noreg blitt lagt til PST, som inkluderer livvakttenesta, regjeringa si biltenesta og Den den kongelege politieskorten. PST opplever auka aktivitet innanfor denne delen av verksemda si. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til PST med 52 mill. kroner til auka kapasitet i PST knytt til sikring av myndigheitspersonar.
Eksportkontroll og arbeidet mot ulovleg spreiing av masseøydeleggingsvåpen
Det er ei viktig oppgåve for PST å drive rådgiving, førebyggjande tiltak og etterforsking av saker med brot på reglane for eksportkontroll med forsvarsmateriell og fleirbruksvarer. Arbeidet mot ulovleg spreiing av masseøydeleggingsvåpen er dessutan ei viktig oppgåve. Arbeidet blir stadig meir komplekst og må sjåast i samanheng med ulovleg etterretning frå framande statar. Dette arbeidet går bl.a. for seg i samarbeid med Utanriksdepartementet, Tolletaten og Etterretningstenesta.
Formidling
For at dei enkelte etatane og verksemdene skal kunne ta kunnskapsbaserte avgjerder for å sikre verdiane og interessene sine, må informasjon og medvit om truslar og sårbarheiter nå alle i dei relevante målgruppene. Den offentlege debatten om forsvars- og tryggingsspørsmål føreset òg at kunnskapen blir formidla så ope som mogleg. Justis- og beredskapsdepartementet prioriterer derfor i samarbeid med Forsvarsdepartementet å vidareutvikle formidlinga av trussel- og risikovurderingane frå etterretnings-, overvakings- og tryggingstenestene. PST har vidareutvikla og målretta arbeidet sitt med trusselformidling og kommunikasjon dei seinare åra.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker driftsutgifter for den sentrale eininga (DSE) i PST, tillegg til enkelte utgifter til drift av dei lokale PST-einingane i politidistrikta.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 20 mill. kroner til auka kapasitet til arbeidet med kontraterror.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 52 mill. kroner til å styrke PST si verksemd for sikring av myndigheitspersonar, medrekna 2 mill. kroner til forvaltingsoverføring av ansvar for sikringsutstyr til bruk under utanlandsreiser frå bl.a. Statsministerens kontor til PST.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 18,4 mill. kroner til drift av tryggingstiltak og løysingar for å auke driftstryggleiken i PST.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 10,2 mill. kroner til drift av operativ teknologi.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 7 mill. kroner til drift av sikre kommunikasjons- og samhandlingsløysingar.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 444, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3444, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 473 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Posten omfattar utgifter til større utstyrsanskaffingar og vedlikehald i PST.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 40,8 mill. kroner. Midlane har vore brukte til anskaffing av tryggingstiltak og løysingar for å auke driftstryggleiken i PST, jf. Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022). Sjå òg omtale under kap. 444, post 01.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 16,2 mill. kroner til system for analyse av data. Dette er ei vidareføring av midlar gitt til same tiltak i samband med Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022).
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 15,3 mill. kroner. Midlane har vore brukte til innkjøp av operativ teknologi, jf. Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022). Sjå òg omtale under kap. 444, post 01.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 61,9 mill. kroner.
Kap. 3444 Politiets sikkerhetstjeneste (PST)
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
02 | Refusjoner | 15 666 | 19 237 | 16 154 |
Sum kap. 3444 | 15 666 | 19 237 | 16 154 |
Post 02 Refusjoner
På posten blir det ført rekneskap over inntekter som PST får refundert for enkeltoppdrag, og særskild bistand til Utanriksdepartementet.
Regjeringa foreslår at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 444, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3444, post 02, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 16,2 mill. kroner.
Kap. 445 Den høyere påtalemyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 318 342 | 317 319 | 386 124 |
Sum kap. 445 | 318 342 | 317 319 | 386 124 |
Riksadvokaten leier Den høgare påtalemakta både fagleg og administrativt og har den overordna faglege leiinga av heile straffesaksbehandlinga i sin eigen etat og i politiet. Det er lovfesta i straffeprosesslova § 55 at påtalemakta er uavhengig ved behandlinga av kvar enkelt straffesak. Ingen utanfor påtalemakta kan instruere i enkeltsaker eller gjere om eit påtalevedtak.
Den høgare påtalemakta er ei fellesnemning for dei ti regionale statsadvokatembeta i Noreg, Det nasjonale statsadvokatembetet, Økokrim og Riksadvokatembetet. Økokrim er både eit statsadvokatembete og ei sentral politieining. Riksadvokaten har det faglege ansvaret for behandlinga av straffesaker ved Økokrim. Politidirektoratet har det overordna ansvaret for anna verksemd ved Økokrim og for administrative saker. Statsadvokatembeta i regionane har den overordna faglege leiinga av straffesaksbehandlinga i politidistrikta i sine regionar. Det nasjonale statsadvokatembetet har påtaleansvaret på statsadvokatnivå for saker som Kripos tek sjølv, og har òg den overordna faglege leiinga av straffesaksbehandlinga ved Kripos. Det nasjonale statsadvokatembetet har òg påtaleansvaret på statsadvokatnivå for straffesaksbehandlinga ved Politiets tryggingsteneste.
Bemanninga per 31. desember 2022 utgjorde 193,2 årsverk.
Fagleiing
Den høgare påtalemakta si fagleiing av straffesaksbehandlinga i politiet betyr mykje for å sikre at straffesaksbehandlinga er effektiv og held høg kvalitet. Den høgare påtalemakta har dei siste åra fått auka løyvingar slik at dei gjennom styrkt fagleg styring av påtalemakta i politiet medverkar til større kvalitet og effektivitet i straffesaksbehandlinga til politiet.
Lovendringar i straffeprosesslova tredde i kraft 1. juli 2022. Endringane omfattar òg endringar i organiseringa av arbeidet til påtalemakta. Endringane i lova og utfyllande retningslinjer frå Riksadvokaten har frigjort ressursar frå Den høgare påtalemakta ved å delegere meir påtalekompetanse til påtalemakta i politiet. Den høgare påtalemakta bruker ressursane sine til styrkt fagleiing og anna kvalitetsutvikling av straffesaksbehandlinga i politiet. Fagleiinga av politiet skal bli meir målretta, systematisk og tilpassa dei lokale behova og kriminalitetsutfordringane til politiet. Det er ikkje forventa at Den høgare påtalemakta vil aktorere færre saker, men at statsadvokatane meir målretta bruker aktorkompetansen sin på saker som er krevjande faktisk eller juridisk, saker som er prinsipielle, saker som har fått stor offentleg merksemd, eller saker på område der det er ønskjeleg at politiet skal avdekke, oppklare og føre for retten fleire straffbare forhold – t.d. arbeidslivskriminalitet.
Styrking av Den høgare påtalemakta si fagleiing av politiet
Regjeringa vil òg fremme ein plan for å styrke etterforsking og påtalemakta. Formålet er auka effektivitet, kvalitet og rettstryggleik i straffesaksbehandlinga. Eit sentralt tiltak i planen vil vere å styrke kapasiteten til Den høgare påtalemakta, herunder dei regionale statsadvokatembeta, til å utøve fagleiing. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til Den høgare påtalemakta med 43 mill. kroner til fleire stillingar.
Regjeringa vil styrke kapasitet, kvalitet og kompetanse i straffesaksbehandlinga. Ein sentral del av denne styrkinga er styrkt fagleiing frå Riksadvokatembetet. Som det var peika på i NOU 2017: 5 En påtalemyndighet for fremtiden (Påtaleanalysen), er eit særleg viktig tiltak styrkt fagleiing frå Den høgare påtalemakta og Riksadvokatembetet. For å støtte opp under fagleiinga er det òg behov for å styrke tilknytte funksjonar ved Riksadvokatembetet. Som fagleg ansvarleg ligg det til riksadvokaten å definere dei til kvar tid gjeldande normene og krava for straffesaksbehandlinga, både generelt og i kvar enkelt sak. Riksadvokatembetet og statsadvokatembeta har ikkje hatt tilstrekkeleg med kapasitet til å vurdere om krava til straffesaksbehandlinga blir følgde opp, i det omfanget som er nødvendig for å sikre auka kvalitet, effektivitet og rettstryggleik i politiets straffesaksbehandling. Det er òg behov for å styrke og vidareutvikle tilsyns- og etatsstyringsfunksjonane.
Det blir foreslått at Den høgare påtalemakta, herunder dei regionale statsadvokatembeta, blir styrkt, slik at dei kan styrke fagleiinga av straffesaksbehandlinga i politidistrikta. Det blir foreslått å styrke DHP med 43 mill. kroner til fleire statsadvokatar og andre relevante stillingar.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker i hovudsak driftsutgifter for Den høgare påtalemakta.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,2 mill. kroner til setjeriksadvokat til behandling av Nav-saker. Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,6 mill. kroner som følgje av uriktig lønnskompensasjon i saldert budsjett 2023.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 43 mill. kroner til styrkt fagleiing.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 386,1 mill. kroner.
Kap. 3445 Den høyere påtalemyndighet
Post 02 Refusjoner
Løyvinga på posten dekker refusjonar frå den tidlegare utleigaren i samband med flytting til nye lokale. Den høgare påtalemakta får ingen refusjonar i 2024.
Kap. 446 Den militære påtalemyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 9 259 | 9 329 | 9 829 |
Sum kap. 446 | 9 259 | 9 329 | 9 829 |
Generaladvokaten leier Den militære påtalemakta og er overordna krigsadvokatane. Generaladvokaten er underlagd Riksadvokaten i spørsmål som gjeld påtale, men er administrativt underlagd Justis- og beredskapsdepartementet. Generaladvokaten og krigsadvokatane høyrer til påtalemakta og har ansvar for militære straffesaker. Dei støttar militære sjefar ved etterforsking av disiplinærsaker og fører juridisk kontroll med utøving av disiplinærmakta ved å uttale seg i ei rekkje disiplinærsaker før refs blir gitt, og dessutan ved å uttale seg i alle klagesaker. I tillegg til dei løpande oppgåvene har generaladvokaten ansvaret for å førebu verksemda til Den militære påtalemakta i krigstid. Embetet har òg oppgåver av folkerettsleg art innanfor fagområdet sitt.
Forsvarsdepartementet har i Prop. 133 L (2022–2023) Endringer i forsvarsloven mv. (militær disiplinærmyndighet) foreslått at Generaladvokatembetet blir avvikla som eigen etat, og at oppgåver, personell og kompetanse blir vidareført i Forsvaret og hos den sivile påtalemakta. Dersom forslaget blir vedteke, vil det innebere at budsjettkapittel 446 Den militære påtalemyndighet hos Justis- og beredskapsdepartementet blir avvikla. Midlane vil bli fordelte mellom Den høgare påtalemakta og Forsvaret utfrå kor stor del av oppgåvene og utgiftene til embetet dei tek over. Den største delen av oppgåvene og midlane vil gå til Forsvaret. Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet kjem tilbake til Stortinget om fordelinga av løyvinga frå Generaladvokatembetet. Det vil bli lagt vekt på å vareta dei tilsette ved Generaladvokatembetet på ein god måte gjennom omorganiseringa.
Bemanninga per 31. desember 2022 utgjorde 7,2 årsverk.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker alle driftsutgiftene for generaladvokatembetet, irekna krigsadvokatane for Sør- og Nord-Noreg.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 9,8 mill. kroner.
Kap. 448 Grensekommissæren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 6 328 | 6 104 | 6 418 |
Sum kap. 448 | 6 328 | 6 104 | 6 418 |
Post 01 Driftsutgifter
Bemanninga ved Grensekommissariatet per 31. desember 2021 utgjorde tre årsverk. Løyvinga på posten dekker utgifter til lønn og andre driftsutgifter. Posten skal dessutan dekke utgifter til grensemerking mellom Noreg og Russland og utgifter i samband med møte med finske og russiske grensemyndigheiter.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 6,4 mill. kroner.
Programkategori 06.50 Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap
Utgifter under programkategori 06.50 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
01–29 | Statens egne driftsutgifter | 3 106 767 | 3 324 733 | 3 863 833 | 16,2 |
30–49 | Nybygg, anlegg o.a. | 1 422 117 | 2 032 456 | 1 777 212 | -12,6 |
50–89 | Overføringar til andre | 750 331 | 339 567 | 376 284 | 10,8 |
Sum kategori 06.50 | 5 279 215 | 5 696 756 | 6 017 329 | 5,6 |
Utgifter under programkategori 06.50 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
451 | Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap | 2 323 952 | 1 887 295 | 2 403 174 | 27,3 |
452 | Sentral krisehåndtering | 26 822 | 27 916 | 29 387 | 5,3 |
453 | Sivil klareringsmyndighet | 50 892 | 57 829 | 61 039 | 5,6 |
454 | Redningshelikoptertjenesten | 1 924 330 | 2 761 130 | 2 504 165 | -9,3 |
455 | Redningstjenesten | 494 868 | 507 362 | 562 391 | 10,8 |
457 | Nasjonal sikkerhetsmyndighet | 458 351 | 455 224 | 457 173 | 0,4 |
Sum kategori 06.50 | 5 279 215 | 5 696 756 | 6 017 329 | 5,6 |
1 Innleiing
Programkategori 06.50 Redningstjenesten, samfunnstrygghet og beredskap omfattar Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Sivil klareringsmyndigheit (SKM), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), redningshelikoptertenesta, redningstenesta og sentral krisehandtering. Hovudredningssentralen (HRS) leier og koordinerer alle typar redningsaksjonar og vil frå 2024 ha ansvaret for redningshelikoptertenesta.
Verksemdene i programkategori 06.50 har ei sentral rolle i arbeidet med nasjonal tryggleik og samfunnstryggleik. Verksemdene skal sikre tryggleiken til innbyggjarane ved at samfunnet best mogleg blir i stand til å førebyggje, motverke og unngå uønskte hendingar og vareta tryggleiken i samfunnet. I desember 2022 vart Nasjonalt etterretnings- og tryggingssenter (NESS) etablert for å styrke evna til å handtere samansette truslar i eit samarbeid mellom Etterretningstenesta, Politiets tryggingsteneste (PST), politiet og Nasjonalt tryggingsorgan (NSM).
Regjeringa sette 21. januar 2022 ned totalberedskapskommisjonen for bl.a. å vurdere korleis dei samla beredskapsressursane best kan innrettast for å sikre ein tilfredsstillande beredskap. Rapporten frå totalberedskapskommisjonen, NOU 2023: 17, vart lagd fram 5. juni 2023 og er no på høyring med frist til 16. oktober 2023. Arbeidet til kommisjonen vil saman med rapporten frå forsvarskommisjonen, NOU 2023: 14, rapporten frå Koronautvalet, NOU 2023: 16, tryggingsfaglege råd frå NSM og det fagmilitære rådet frå forsvarssjefen vere sentrale grunnlag for ei ny samfunnstryggleiksmelding som etter planen skal leggjast fram i 2024. Det blir òg lagt fram ei stortingsmelding om brann- og redningsområdet.
Regjeringa vil bl.a. sikre at nasjonale ansvarslinjer for ulike risikoscenario er avklarte, og utvikle betre føresetnader for å fange opp korleis risiko i ulike sektorar påverkar kvarandre gjensidig.
2 Prioriteringar i 2024
Motstandskraft er – som vi har sett i del I – eit uttrykk for evna eit samfunn har til å halde ut og handtere store hendingar, vinne att viktige funksjonar etter at noko har hendt, og tilpasse seg endra føresetnader. Dette gjeld på alle nivå i samfunnet. Det er eit viktig mål for regjeringa å utvikle eit robust samfunn. I tråd med Hurdalsplattforma vil regjeringa styrke samordninga av arbeidet med tryggleik og beredskap.
Dei som skal handtere ein krisesituasjon, må kommunisere godt med kvarandre. Regjeringa vil etablere eit nytt Nødnett. Konseptvalutgreiingar og kvalitetssikring er gjennomført, og det er valt konsept for ny nød- og beredskapskommunikasjon som skal erstatte Nødnett. Staten skal eige den tekniske plattforma, medan dekning og kjernenett skal leverast av kommersielle mobiloperatørar. Kombinasjonen av statleg eigarskap og kjøp frå kommersielle mobiloperatørar utnyttar styrken i begge sektorane, og avgjerda er viktig for å sikre ei trygg løysing med nasjonal kontroll. Regjeringa foreslår difor å styrkje arbeidet med 40 mill. kroner til forprosjekt for nytt Nødnett. Det blir òg gjort framlegg om å løyve 15 mill. kroner til arbeidet med vidareføring av gjeldande Nødnett, til like med eit framlegg om 15 mill. kroner i kompensasjon for brukarbetaling til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta.
Det er inngått kontrakt for levering av 16 nye redningshelikopter til erstatning for Sea King-maskiner. I tillegg til nye redningshelikopter omfattar kostnadsramma utgifter til bl.a. tilpassingar av bygningane ved redningshelikopterbasane og tilpassing av landingsforholda ved enkelte sjukehus. Regjeringa foreslår at det blir løyvd om lag 1,5 mrd. kroner til dette arbeidet i 2024. Alle dei nye redningshelikoptera skal etter planen vere i drift i løpet av 2024. Per september 2023 er SAR Queen sett i drift på fire av seks baser i Noreg. SAR Queen gir betre beredskap, bl.a. på grunn av mobilsøkesystemet som gjer det lettare å finne sakna personar. Det nye helikopteret har i fleire tilfelle funne folk mykje raskare enn det Sea King kan gjere. Helikopteret har i tillegg større rekkjevidd, flyg fortare, kan ta med seg fleire som er i nød og flyg betre i dårlegare vêr.
I 2024 startar ei ny fagskuleutdanning for brann- og redningspersonell opp ved Brann- og redningsskulen i Tjeldsund. Dei fyrste 20 studentane vil starte opplæringa ved samfunnsstryggleikssenteret i Sandnes (SASIRO) i Rogaland våren 2024. Den nye utdanninga vil gi eit kompetanseløft for brann- og redningsvesen over heile landet og dermed styrke beredskapen både lokalt og nasjonalt. Når fagskulen er i full drift, vil han ta imot 160 studentar i året. Regjeringa foreslår samla å løyve 52,9 mill. kroner i 2024 til byggjeprosjekt og brukarutstyrsprosjekt, sjå omtale i Kommunal- og distriktsdepartementets Prop. 1 S (2023–2024).
Covid 19-pandemien var ei krise som påverka heile samfunnet. 2. juni 2023 overleverte eit utval NOU 2023: 16 Evaluering av pandemihåndteringen om handteringa av den siste perioden av pandemien, i tillegg til ei overordna vurdering av heile handteringa. NOU-en gir viktige innspel til regjeringa sitt arbeid med samfunnstryggleik og handteringa av alvorlege kriser.
Fleire statar bruker verkemiddel mot Noreg og norske interesser på ein måte som utfordrar dei nasjonale tryggingsinteressene våre. Hybride eller samansette truslar rammar i ulike sektorar og innanfor både private og offentlege verksemder. Grensene mellom fred, krise og krig blir stadig meir uklare. Digital kriminalitet rammar både lokalsamfunn og kvar og ein av oss. Klimautviklinga gjer at både nasjonale og lokale myndigheiter blir stilte på nye prøver.
Truslane vi no møter som samfunn har endra karakter. Ei ny digital verkelegheit opnar t.d. for at ei uønskt hending raskt kan ramme heile landet, anten det gjeld betalingssystem eller desinformasjon. Vi er meir avhengige av felles infrastruktur enn nokon gong før. Dei siste åra har truslar knytte til utanlandske investeringar og oppkjøp som kan brukast for å få innsikt i eller tilgang til teknologi og ressursar som er strategisk viktige, blitt tydelegare. I Meld. St. 9 (2022–2023) Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet peikar regjeringa på ei tydeleg strategisk retning, prioriteringar og tiltak for å vareta nasjonal tryggleik innafor utvalde område. Meldinga vektlegg meir regulering og nasjonalt eigarskap og kontroll som sentrale verkemiddel.
Eit oppfølgingspunkt frå stortingsmeldinga er å styrke kontrollen med oppkjøp som kan vere i strid med nasjonale tryggingsinteresser ved å gjere endringar i tryggingslova. Lovendringa legg til rette for større kontroll med erverv av verksemder som er viktige for nasjonale tryggingsinteresser. Reglar om eigarskapskontroll kan gjerast gjeldande for fleire verksemder enn i dag, terskelen skal senkast for når ein må melde ifrå om oppkjøp, og både kjøpar, seljar og verksemda sjølv får plikt til å melde frå. Nokre av endringane trådde i kraft 1. juli 2023, resten når viktige forskriftsendringar er utarbeidde.
Det er eit mål at norske myndigheiter skal ha moglegheit til å fange opp, vurdere og eventuelt gripe inn i økonomisk aktivitet som kan true nasjonal tryggleik. Samstundes er det viktig at vi følgjer dei folkerettslege forpliktingane våre, og at det ikkje blir lagt unødvendige eller uforholdsmessige byrder på næringsliv, eller at handelen med andre land blir redusert. Regjeringa meiner forslaga vil bidra til å auke den nasjonale motstandskrafta mot dagens samansette tryggleiks- og utfordringsbilete.
Regjeringa vil at Noreg skal jobbe for eit tett og forutsigbart internasjonalt samarbeid om nasjonal tryggleik og motarbeide samansette truslar saman med allierte, NATO, FN og EU. Krigen i Ukraina har vist oss at digitale angrep kan vere like øydeleggjande som fysiske – men òg at dei kan førebyggjast. I tråd med Hurdalsplattforma har Nasjonalt tryggingsorgan gjennomført ei konseptvalutgreiing for ei nasjonal skyteneste for statsforvaltninga og det er valt eit konsept. Bakgrunnen for tiltaket er behovet for større nasjonal kontroll med kritisk digital infrastruktur og trygging av verneverdig informasjon.
For å kunne verne verdiane i samfunnet mot uønskte hendingar må vi ha kompetanse og kunnskap om risiko, truslar, sårbarheiter og effektive mottiltak. Vi som bur i Noreg er ein viktig del av den sivile beredskapen. Befolkninga må vere førebudd på uønskte hendingar, og auke sin eigenberedskap. For å kunne verne verdiane i samfunnet mot uønskte hendingar må vi ha kompetanse og kunnskap om risiko, truslar, sårbarheiter og effektive mottiltak på alle nivå.
Den norske deltakinga i det europeiske beredskapssamarbeidet skjer i stor grad gjennom ulike sider av UCPM (EU Civil Protection Mechanism). Formålet med UCPM er å styrke samarbeidet mellom medlemmane om sivil beredskap, og forbetre arbeidet med førebyggjing og katastrofehandtering. Når ei hending overgår det som medlemslanda sjølve kan handtere, kan dei be om og få bistand gjennom mekanismen. I dag er mykje av innsatsen retta mot å halde fram med å hjelpe der det er behov, i samanheng med konsekvensane av Russland si krigføring mot Ukraina.
UCPM er òg ei felles ramme for delar av det sivile beredskapsarbeidet og for vidareutviklinga av det gode, nordiske samarbeidet. UCPM har vært den føretrekte kanalen for sivile direktedonasjonar av materiellbistand til Ukraina gjennom krigen. Det er godt nordisk samarbeid om å utvikle slike kapasitetar slik at dei kan bidra til å styrke både norsk og nordisk beredskap, samstundes som dei òg vil vere tilgjengelege for bruk i og utanfor Europa.
Noreg er eit samfunn som er rikt på både økonomiske og menneskelege ressursar. I ein krisesituasjon må desse ressursane finne kvarandre for å kunne verke slik dei skal. Skal ein lukkast med å byggje ein god beredskap i heile landet, må lokale frivillige aktørar, kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarar vere godt integrerte i dei nasjonale beredskapsplanane.
Ein føresetnad for å ha god evne til krisehandtering er at vi kjenner til kva ansvar, roller og myndigheit vi sjølv og andre har. Eit viktig verkemiddel i denne samanhengen er øvingsverksemd. Rapportane frå forsvarskommisjonen og totalberedskapskommisjonen har òg peika på meir øving, og spesielt meir øving på tvers av sektorar, òg på tvers av militær og sivil sektor innanfor ramma av totalforsvaret.
Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 1 162 382 | 1 193 569 | 1 505 337 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 18 756 | 24 940 | 26 463 |
22 | Spesielle driftsutgifter – Nødnett, kan overførast | 520 039 | 529 093 | 561 410 |
23 | Variable utgifter til EUs ordning for sivil beredskap | 50 000 | ||
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 187 337 | 132 415 | 252 221 |
60 | Refusjoner til kommunene | 428 361 | ||
70 | Overføringer til private | 7 077 | 7 278 | 7 743 |
Sum kap. 451 | 2 323 952 | 1 887 295 | 2 403 174 |
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er fag- og tilsynsorgan for sivil samfunnstryggleik, jf. kgl.res. 24. juni 2005. Sivilforsvaret, Nasjonalt utdanningssenter for samfunnstryggleik og beredskap (NUSB) og Noregs brannskule er underlagde DSB. DSB er i tillegg ansvarleg for nød- og beredskapskommunikasjon og staten sitt eigarskap til Nødnett og er nasjonal myndigheit for brann- og eltryggleik.
DSB som sivil samordningsmyndigheit
Krigen i Ukraina og arbeidet med å samordne norsk bistand gjennom UCPM (EU Civil Protection Mechanism) har prega arbeidet til DSB i 2022 og inn i 2023, og det har lagt beslag på betydelege ressursar som i ein normalsituasjon hadde blitt nytta til andre formål.
Regjeringa foreslår å løyve 95 mill. kroner til DSB for å dekke kontingenten til UCPM for 2024.
DSB er sivil samordningsmyndigheit i totalforsvaret. Samarbeidet på samfunnstryggleiksområdet i Europa har blitt styrkt etter at Russland angreip Ukraina. Dersom nasjonale ressursar ikkje skulle strekkje til, må ein kunne søke hjelp frå naboland med minst mogleg tidsforseinking pga. formalitetar. Søknadene frå Sverige og Finland om medlemskap i NATO har gjort dette arbeidet særleg aktuelt.
I den skjerpa tryggingspolitiske situasjonen har DSB prioritert å hjelpe verksemder som treng kompetansen til DSB i arbeidet sitt med samfunnstryggleik.
På nasjonalt nivå gjennomfører DSB samvirkekonferansar mellom sentrale nasjonale aktørar og statsforvaltarane for å bidra til nasjonal koordinering når dette er nødvendig. I samband med ekstremvêret «Hans» har dei daglege samvirkekonferansane bidratt til at nødetatane og andre beredskapsressursar har fått eit løpande, heilskapleg bilete av situasjonen.
Brannvern
Noreg står framfor store endringar på brann- og redningsområdet. Ny fagskule for utdanning av brann- og redningspersonell i Tjeldsund kommune startar opp i 2024. Dei fyrste 20 studentane vil starte opplæringa ved samfunnsstryggleikssenteret i Sandnes (SASIRO) i Rogaland våren 2024. Regjeringa foreslår samla å løyve 52,9 mill. kroner i 2024 til byggjeprosjekt og brukarutstyrsprosjekt, sjå omtale i Kommunal- og distriktsdepartementets Prop. 1 S (2023–2024). Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 88,2 mill. kroner på kap. 451, post 01, til drift av fagskulen i 2024.
Handtering av skogbrann er eit kommunalt ansvar. Viktige statlege ressursar for å forsterke dette arbeidet er Sivilforsvaret og skogbrannhelikopter. Statens skogbrannhelikopter er i fast beredskap frå 15. april til 15. august kvart år. DSB har det administrative ansvaret for ordninga og for å sikre at det er beredskap med skogbrannhelikopter, medan Hovudredningssentralen koordinerer sjølve bruken av dei.
Justis- og beredskapsdepartementet si fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 21, til sløkking og auka skogbrannhelikopterberedskap i situasjonar med ekstraordinær stor skogbrannfare og/eller mange skogbrannar, endrast til at løyvinga på posten også skal kunne overskridast ved ekstraordinære hendingar som har medført eller kan medføre tap av liv eller skade på helse, kritiske samfunnsfunksjonar eller kritisk infrastruktur, når øvrige nasjonale helikopterressursar ikkje er tilstrekkelege.
Beløpsgrensa blir foreslått auka med 6 mill. kroner, frå 34 mill. kroner til 40 mill. kroner.
Operasjonssentralane til politiet og 110-sentralane til brann- og redningsvesenet er samlokaliserte i politidistrikta Innlandet, Møre og Romsdal, Aust og Søraust.
Risiko og sårbarheit i kommunane
Kommuneundersøkinga til DSB for 2023 viser at «… den positive utviklinga i det systematiske samfunnstryggleiksarbeidet til kommunane held fram. Samstundes har nokre kommunar risikoanalysar og planar for krisehandtering og beredskap som ikkje er oppdaterte. Undersøkinga syner òg at samfunnstryggleik i planar etter plan- og bygningslova kan forbetrast». I 32 pst. av kommunane er analysen frå 2018 eller tidlegare.
Regjeringa arbeider med forslag til forskrift og høyringsnotat til plan- og bygningslova § 4-3 om samfunnstryggleik og risiko- og sårbarheitsanalyse i planlegginga, som skal bidra til at relevante beredskapsomsyn blir vareteke. Arbeidet er bl.a. omtalt i Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn, som vart lagd fram 16. juni 2023.
Statsforvaltaren skal samordne samfunnstryggingsarbeidet i fylket, vareta rolla som pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og dessutan skjøtte ansvaret sitt for krisehandtering ved hendingar. Ein meir detaljert omtale av oppgåvene til statsforvaltaren finst i programkategori 13.25 i Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
Sivilforsvaret
Sivilforsvaret er beredskapsressurs for staten og gir støtte til nød- og beredskapsetatane i heile krisespekteret. Sivilforsvaret har ein styrke på 8 000 tenestepliktige fordelte i lokale operative avdelingar og seks mobile forsterkningseiningar.
Stortinget fastset kor lang tenestetida for tenestepliktige i Sivilforsvaret skal vere. Justis- og beredskapsdepartementet vidarefører dagens nivå i 2024. Dette inneber årleg utdanning på inntil fem veker, med maksimalt tre veker samanhengande tenestetid. Den årlege øvingstida er på maksimalt fem dagar, og i tillegg kjem nødvendige kortare kurs og samlingar. Den samla tenestetida for ein tenestepliktig kan utgjere totalt 19 mnd. Sivilforsvaret har øvd opp tenestepliktige og befal og utdanna nytt mannskap.
Nød- og beredskapskommunikasjon
Nødnett er det landsdekkande nettet for nød- og beredskapskommunikasjon i Noreg. Nødnett gir brukarane eit verktøy for kommunikasjon og samhandling i dagleg virke, under øvingar og ved større hendingar. Med Nødnett kan brukarane kommunisere i grupper på tvers av organisatoriske og geografiske grenser, og dessutan internt i eigen organisasjon. Nødnett gjer det mogleg for hjelparane i samfunnet å kommunisere med kvarandre akkurat der den som er i nød er og treng hjelp. Ved hjelp av Nødnett kan dei finne kvarandre og etablere felles situasjonsforståing. På denne måten har Nødnett ein sentral samvirkeeffekt, og ressursane samhandlar betre – som vi kallar nødnetteffekten. Ei sentral oppgåve for DSB er å følgje opp at leverandøren driftar og held infrastrukturen ved like i tråd med kontrakten.
Staten har kontrakt om drift av dagens Nødnett til og med 2026. Det blir no forhandla om å vidareføre det noverande Nødnettet ut over 2026. Samstundes er det viktig å etablere ei ny løysing. Pga. risiko knytta til teknologiske avgrensingar, høge kostnader og at brukarane ikkje får oppfylt behova like godt, bør dagens Nødnett fasast ut seinast i 2031. Dette inneber at overføringa av brukarar bør byrje i 2028 og avsluttast i 2029, slik at prosjektet har slingringsmonn på to år fram til 2031, som er tilrådd sluttdato for dagens Nødnett. Regjeringa har vedteke å forlenge dagens kontrakt. Det er eit investeringsbehov knytta til forlenginga og regjeringa foreslår å løyve 15 mill. kroner til dette i 2024.
Telenor skal avvikla koparnettet sitt og erstatta dette med moderne IP-teknologi. Koparnettet er gammal teknologi og blir i dag bl.a. brukt til overføring av kommunikasjon (transmisjon) i Nødnett. Omlegginga inneber at komponentar i Nødnett må endrast eller bytast ut for at dagens teneste kan haldast oppe. Dette er eit omfattande arbeid som medfører vesentlege kostnader.
Regjeringa foreslår at delar av desse kostnadene dekkast av brukarane i 2024 gjennom ei fordeling mellom brukargruppene basert på talet på abonnement, med unntak av dei frivillige organisasjonane i redningstenesta. Brukarfinansieringa er estimert til om lag 95 mill. kroner. Om lag 40 mill. vil bli belasta statlege brukarar medan kommunale brukarar skal betala om lag 31 mill. kroner. Andre brukarar, bl.a. dei frivillige organisasjonane i redningstenesta, vil måtte betale om lag 24 mill. kroner. Dei frivillige organisasjonane i redningstenesta vil bli kompensert for dette, jf. omtale under kap. 455, post 71.
Regjeringa har sett i gang eit forprosjekt for nytt Nødnett, der plan for anskaffing og implementering av ny kommunikasjonsløysing er eit sentralt mål. Ei god kommunikasjonsløysing er helt sentralt for evna til å handtere hendingar. Dei samfunnsøkonomiske gevinstane inkluderer ifølge ekstern kvalitetssikrar sparte liv, færre skadar på personar og materiell og auka tryggleik i befolkninga. Regjeringa foreslår å løyve 40 mill. kroner i 2024 til forprosjekteringa.
I ein krisesituasjon vil myndigheitene kunne gi folk informasjon om kva som skjer, og om korleis ein kan verne seg og sine. For raskt å kunne nå ut til heile befolkninga med presis informasjon er det etablert ei teneste for mobiltelefonbasert befolkningsvarsling, jf. Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022). Tenesta blir kalla Nødvarsel og vart testa ut i ei nasjonal varslingsprøve i juni 2023. Tre av fire nordmenn fekk nødvarsel på mobil. Nødvarsel skal brukast til å varsle befolkninga på mobil om akutte og alvorlege hendingar som truar liv og helse. Det er politiet og Sivilforsvaret som avgjer kva område som skal varslast, og som sender ut sjølve varselet. DSB har fått i oppgåve å evaluere erfaringane med bruken av varslinga i samband med ekstremvêret «Hans» i august 2023.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter for DSB med underliggjande driftseiningar, medrekna Nødnett, Sivilforsvaret, skular og regionskontor.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 95 mill. kroner til den årlege kontingenten for at Noreg skal delta i EU si ordning for sivil beredskap (UCPM).
DSB er nasjonalt kontaktpunkt for sivile beredskapsordningar i EU, NATO og FN. DSB har fått betydeleg fleire oppgåver som følgje av krigen i Ukraina. Det vart i RNB 2023 løyvd 12 mill. kroner til arbeidet til DSB med dei sivile beredskapsordningane. Det blir foreslått å auke løyvinga i 2024 med same beløp.
Nasjonalt innreiseregistersystem (IRRS) vart avvikla i juni 2023. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 4,6 mill. kroner som følgje av dette.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 88,2 mill. kroner til drift av fagskule for brann- og redningspersonell.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner til subsidiering av leige av studenthyblar knytt til fagskulen.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner til forvaltning av høggraderte mobiltelefonar.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 40 mill. kroner til forprosjekt for nytt Nødnett.
Forvaltningsansvaret for regelverket for handtering av elektromedisinsk utstyr vart overført frå Justis- og beredskapsdepartementet til Helse- og omsorgsdepartementet i juli 2023. Som følgje av dette blir det foreslått å redusere løyvinga med 1,9 mill kroner. Sjå og omtalen under kap. 3451, post 01.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 02, post 03 og post 06, jf. forslag til vedtak. Det blir vidare foreslått at posten kan overskridast med inntil 75 pst. av inntektene under kap. 3451, post 40, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei samla løyving på posten på 1 505,3 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
DSB administrerer skogbrannhelikopterberedskapen i Noreg. Løyvinga på posten dekker utgiftene til flytimar og ekstra beredskap. Faste utgifter i denne beredskapen inngår som ein del av løyvinga under kap. 451, post 01. Vidare dekker posten forskingsaktivitetar som er avtalte mellom DSB og RISE Fire Research AS.
Det blir foreslått at løyvinga til dei statlege forsterkningsressursane skogbrannhelikopter og leiarstøtte blir samla på post 21.
Justis- og beredskapsdepartementet si fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 21, til sløkking og auka skogbrannhelikopterberedskap i situasjonar med ekstraordinær stor skogbrannfare og/eller mange skogbrannar, endrast til at løyvinga på posten også skal kunne overskridast ved ekstraordinære hendingar som har medført eller kan medføre tap av liv eller skade på helse, kritiske samfunnsfunksjonar eller kritisk infrastruktur, når øvrige nasjonale helikopterressursar ikkje er tilstrekkelege.
Beløpsgrensa blir foreslått auka med 6 mill. kroner, frå 34 mill. kroner til 40 mill. kroner.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 26,5 mill. kroner.
Post 22 Spesielle driftsutgifter – Nødnett, kan overføres
Løyvinga på posten dekker utgifter til drift og vedlikehald og mindre utgifter til utvikling og investering i Nødnett og tilhøyrande tenester. Abonnementsavgifta blir fakturert kundane i Nødnett, og inntektene blir førte på kap. 3451, post 05 Abonnementsinntekter.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 22, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 05, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 561,4 mill. kroner.
Post 23 Variable utgifter til EUs ordning for sivil beredskap
Løyvinga på posten skal dekke alle utlegg DSB har i samanheng med ekstraordinære oppdrag gjennom EU si ordning for sivil beredskap (UCPM), som lønn, reiser, frakt og andre driftsutgifter. Utgiftsnivået på posten er styrt av hendingar og vil variere over tid. Kontingenten for ordninga blir belasta over post 01. Refusjonar frå EU blir førte på kap. 3451, post 07.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 50 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga dekker utgiftene for større investeringar i Nødnett og for tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet på vegner av brukarane. Utgifter på vegner av brukarane blir dekte inn av refusjonar på kap. 3451, post 04.
Vidare dekker løyvinga utgifter til større utstyrsanskaffingar til Sivilforsvaret.
Det vart i RNB 2023 løyva 20 mill. kroner til utbetring av lokalar som blir forvalta av DSB. Det blir foreslått å auke løyvinga med 40 mill. kroner i 2024.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 91,2 mill. kroner til auka brukarbetaling som følgje av utgifter knytt til Telenor sin utfasing av koparnettet, jf. og omtale under kap. 3451, post 04.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 15 mill. kroner til å gjennomføre nødvendige investeringar i dagens Nødnett for å bidra til å halde oppe dagens nød- og beredskapskommunikasjon fram til ny løysing er på plass.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 45, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 04, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 252,2 mill. kroner.
Post 70 Overføringer til private
Løyvinga på posten skal dekke overføringar til Norsk Elektroteknisk Komité (NEK) som behandlar standardiseringsarbeidet på el-området i Noreg. Vidare dekker posten overføring til det brannførebyggjande arbeidet til Norsk brannvernforening.
NEK er ein aktiv, sjølvstendig og nøytral medlemsorganisasjon som har ansvaret for norsk standardiseringsarbeid innan el- og e-kom. Medlemmene kan vere offentlege og private organisasjonar, institusjonar, etatar og bedrifter.
NEK prioriterer forhold som er spesielle for Noreg, og som normalt ikkje blir fanga opp av internasjonal standardisering. Spesielt gjeld dette tekniske krav til det norske IT-nettet, tilpassingar som følgje av at energiforbruket i Noreg i stor grad er basert på elektrisitet, krevjande klimatiske (arktiske) forhold og dessutan norsk byggjeskikk. Noreg er eit av dei mest elektrifiserte og digitaliserte landa i verda og derfor avhengig av at standardiseringa på området fungerer. NEK er viktig for at Noreg får gjennomslag internasjonalt i spørsmål som er viktige for Noreg og for eltryggleiken.
Norsk brannvernforening er ei uavhengig stifting som arbeider for at liv, helse og verdiar ikkje skal gå tapt i brann. Foreininga er organisert som ei privat stifting som arbeider ut i frå eit ideelt formål. Alle inntekter går til brannforebyggjande arbeid og vidareutvikling av organisasjonen. Brannvernforeininga vart etablert i 1923 på initiativ frå forsikringsnæringa og myndigheitene.
Gjennom informasjon, opplæring, sertifisering og rådgiving arbeider foreininga for at menneske, bedrifter og organisasjonar skal ta ansvar for brannvernet.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 7,7 mill. kroner.
Kap. 3451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Gebyr | 121 686 | 128 403 | 125 453 |
02 | Refusjoner driftsutgifter Nødnett | 34 233 | 35 795 | 37 370 |
03 | Diverse inntekter | 28 681 | 27 467 | 31 676 |
04 | Refusjoner større utstyrsanskaffelser og vedlikehold Nødnett | 76 547 | 78 909 | 173 581 |
05 | Abonnementsinntekter og refusjoner Nødnett | 523 477 | 514 236 | 536 862 |
06 | Refusjoner | 21 040 | 7 425 | 7 751 |
07 | Refusjoner fra EU i forbindelse med variable utgifter knyttet til EUs ordning for sivil beredskap | 50 000 | ||
40 | Salg av eiendom mv. | -632 | ||
Sum kap. 3451 | 805 032 | 792 235 | 962 693 |
Post 01 Gebyr
DSB krev inn avgift til å dekke utgifter til forvaltningsoppgåver etter brann- og eksplosjonsvernlova og el-tilsynslova. Avgiftene skal bl.a. dekke utgifter til arbeid med regelverk, informasjon og rettleiing og tilsyn med at krava som er gitt i eller i medhald av lovene, er følgde.
Det blir kravd inn avgift for førsteleddsomsetnad av petroleumsprodukt, for ilandføring av olje og gass i røyrleidning frå sjøområde og dessutan for førsteleddsomsetnad av sprengstoff. Avgiftsinntektene er avhengige av omsetnads- og/eller produksjonsnivået frå føregåande år, slik at DSB ikkje har nokon innverknad på kor store inntektene er.
DSB krev vidare inn avgift for å dekke utgifter til forvaltninga av el-tilsynslova. Avgifta blir kravd inn og fakturert ut etter gjennomførte tilsyn med landbaserte elektriske anlegg og maritime elektriske anlegg, bruk av elektromedisinsk utstyr i somatiske sjukehus o.l.
Forvaltningsansvaret for regelverket for handtering av elektromedisinsk utstyr vart overført frå Justis- og beredskapsdepartementet til Helse- og omsorgsdepartementet 1. juli 2023. Som følgje av dette blir det foreslått å redusere løyvinga med 8,6 mill. Sjå òg omtale under kap. 451, post 01.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 125,4 mill. kroner.
Post 02 Refusjoner driftsutgifter Nødnett
Løyvinga dekker refusjonar til DSB for enkelte driftskostnader til direktoratet, som skal finansierast av ei brukarbetalingsordning.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 02, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 37,4 mill. kroner.
Post 03 Diverse inntekter
Løyvinga på posten består av inntekter frå kursverksemd ved Noregs brannskule, Nasjonalt utdanningssenter for samfunnstryggleik og beredskap (NUSB) og Sivilforsvaret sine utdannings- og kompetansesenter. Vidare består posten av utleige av anlegga til Sivilforsvaret og sal av læremateriell m.m. ved skulane.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 3 mill. kroner til auka brukarbetaling for høggraderte mobiltelefonar.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 03, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 31,7 mill. kroner.
Post 04 Refusjoner større utstyrsanskaffelser og vedlikehold Nødnett
Løyvinga omfattar refusjonar frå brukarar av Nødnett for tilleggskjøp av utstyr og funksjonalitet som er bestilt av DSB gjennom avtalane deira. Utgiftene blir førte på kap. 451, post 45, og DSB fakturerer kundane for dette.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 91,2 mill. kroner til auka brukar betaling for utgifter knytt til Telenors utfasing av koparnettet og, jf. og omtale under kap. 451, post 04.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 45, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 04, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 173,6 mill. kroner.
Post 05 Abonnementsinntekter og refusjoner Nødnett
Løyvinga omfattar inntektene DSB får frå abonnementsordninga i Nødnett. Vidare dekker løyvinga refusjonar for tenester og produkt som kundar av Nødnett har skaffa seg utover abonnementsordninga i Nødnett.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å kunne overskride løyvinga på kap. 451, post 22, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 05, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 536,9 mill. kroner.
Post 06 Refusjoner
Løyvinga på posten består av variable inntekter og refusjonar frå andre verksemder, irekna refusjonar for administrative tenester frå Valdirektoratet. Vidare består posten av variable overføringar og tilskot frå EU og EØS.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3451, post 06, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 7,8 mill. kroner.
Post 07 Refusjoner fra EU i forbindelse med variable utgifter knyttet til EUs ordning for sivil beredskap
Løyvinga på posten består av refusjonar frå EU for utgifter DSB har hatt under post 23 og som er knytt til ekstraordinære oppdrag DSB har hatt gjennom EU si ordning for sivil beredskap (UCPM).
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 50 mill. kroner.
Post 40 Salg av eiendom mv.
DSB har gjennomført eit omfattande arbeid med å avhende sivilforsvarsanlegg. Erfaringane viser at det i det vesentlege omfattar tilbakeføring av eigedommar til kommunar og grunneigarar, og at det er eit fåtal anlegg som blir selde til takst i den opne marknaden. Tilbakeføringa krev semje mellom grunneigar og staten om salssummen, noko det kan vere utfordrande å einast om. Det blir derfor foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overdra sivilforsvarsanlegg til ein verdi av inntil 500 000 kroner vederlagsfritt, eller til underpris når det er særlege grunnar til det, jf. forslag til vedtak.
I samband med avhending og stenging av sivilforsvarsanlegg blir det vidare foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01, med inntil 75 pst. av inntektene under denne posten, jf. forslag til vedtak. Ved ev. sal i 2024 ønskjer departementet å nettobudsjettere salsutgiftene på post 40 ved sal av faste eigedommar. Det kan vere tilfellet der utgiftene til rydding og trygging er større enn salsinntektene, og det slik vil vere ei nettoutgift å avhende anlegget.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til nettoføring ved å trekkje salsutgifter ved sal av faste eigedommar frå salsinntektene under kap. 3451, post 40, jf. forslag til vedtak.
Kap. 452 Sentral krisehåndtering
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 26 822 | 27 916 | 29 387 |
Sum kap. 452 | 26 822 | 27 916 | 29 387 |
Primærfunksjonen til Krisestøtteeininga (KSE) er å yte bistand ved krisehandtering. KSE skal leggje til rette for at departementsfellesskapet, Kriserådet og regjeringa får ei samla nasjonal situasjonsforståing, og dessutan støtte leiardepartementet og Kriserådet i samband med krisekoordinering. KSE er forankra organisatorisk i Justis- og beredskapsdepartementet. KSE støttar opp under Justis- og beredskapsdepartementet si samordningsrolle på samfunnstryggleiksområdet ved bl.a. å forvalte eit døgnbemanna sivilt situasjonssenter og å planleggje, gjennomføre og følgje opp øvingar på nasjonalt og internasjonalt nivå.
Sett i lys av den alvorlege tryggingspolitiske situasjonen i Europa har KSE prioritert arbeidet med å utvikle og vedlikehalde nasjonale planverk, deriblant koordineringa av sivile tiltak i det nasjonale beredskapssystemet (NBS). Revisjonen av Sivilt beredskapssystem (SBS) som er i gang, skal etter planen ferdigstillast innan oktober 2024. Departement med ansvar for tiltak innan SBS utarbeider tiltak innanfor ansvarsområdet sitt i samråd med Justis- og beredskapsdepartementet. KSE har saman med Forsvarsdepartementet og Utanriksdepartementet òg sørgt for at planverket er testa gjennom nasjonal deltaking i NATO-øvinga CMX i 2023, der NBS vart øvd nasjonalt. Neste øving i denne rekkja er i første kvartal av 2025.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke lønns- og driftsutgifter ved KSE, medrekna husleige og vidareutvikling av og vedlikehaldskostnader for teknisk infrastruktur på både ugraderte og graderte plattformer. Løyvinga på posten skal i tillegg dekke utgiftene eininga har i samband med sentral krisehandtering, medrekna døgnkontinuerleg situasjons- og medieovervaking. Løyvinga skal òg dekke utgiftene KSE har som sekretariat for Kriserådet. Løyvinga skal dekke drifta av det sivile situasjonssenteret og drifta av krisestøtteverktøyet KSE-CIM for departementsfellesskapet.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 29,4 mill. kroner.
Kap. 453 Sivil klareringsmyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 50 892 | 57 829 | 61 039 |
Sum kap. 453 | 50 892 | 57 829 | 61 039 |
Samfunnsoppdraget til SKM er å verne nasjonale verdiar ved å redusere risikoen for innsidarar. Dette arbeidet er ein viktig del av hovudmåla i justis- og beredskapssektoren, som er rettstryggleik og tryggleik i samfunnet.
Endringane i den nasjonale tryggleikssituasjonen etter at Russland invaderte Ukraina 24. februar 2022, har ført til at fleire verksemder enn tidlegare har fått behov for å kunne ta imot tryggingsgradert informasjon for å sikre eiga kjerneverksemd og gjennom dette vareta samfunnskritiske funksjonar. SKM får derfor fleire oppmodingar om tryggingsklarering enn tidlegare.
SKM har først i 2022 byrja å få erfaring med behandling av det nye tryggingstiltaket tilgangsklarering. Talet på nye oppmodingar om tilgangsklarering har ikkje auka like mykje som vanleg tryggingsklarering, og det held seg så langt stabilt på mellom fire hundre og fem hundre per tertial.
Budsjettet til SKM vart styrkt i samband med Prop. 78 S (2021–2022) for å handtere den venta auken i oppmodingar om personklarering.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av Sivil klareringsmyndigheit, medrekna bl.a. lønnskostnader og andre personalkostnader i tillegg til kostnader til leige av lokale i Moss og til drift av IKT-løysingar. I posten inngår bl.a. utgifter til gjennomføring av tryggingssamtalar.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 61 mill. kroner.
Kap. 454 Redningshelikoptertjenesten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 739 893 | 893 601 | 992 173 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 1 184 437 | 1 867 529 | 1 511 992 |
Sum kap. 454 | 1 924 330 | 2 761 130 | 2 504 165 |
Det er inngått kontrakt om levering av 16 nye redningshelikopter, SAR Queen. Dei første helikoptera vart sette i drift 1. september 2020. Alle dei nye redningshelikoptera skal etter planen vere i drift i løpet av 2024. Gjeldande kostnadsramme for prosjektet er på 16 764 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader til drift av den offentlege redningshelikoptertenesta og prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter. Hovudredningssentralen overtek ansvaret for forvaltninga av redningshelikoptertenesta frå 1. januar 2024.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 16 mill. kroner i samband med at SAR Queen skal fasast inn på Florøbasen i 2024.
Det har over fleire år blitt arbeidd med eit program for vedlikehald og modifisering av Sea King-helikopterflåten for å sikre forsvarleg beredskap og drift fram til dei nye redningshelikoptera er fasa inn. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 25 mill. kroner frå og med 2024 i tråd med utfasinga av Sea King-helikopterflåten.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 7,1 mill. kroner i samband med prosjektet for kjøp av nye redningshelikopter.
Det blir foreslått å auke løyvinga med om lag 12 mill. kroner som følgje av høgare valutakostnader i samband med Tromsøbasen.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 454, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3454, post 01, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 992,2 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten dekker investeringar i samband med kjøp av nye redningshelikopter.
I forslaget frå regjeringa til budsjett for 2024 er det sett av nærmare 1,5 mrd. kroner til investeringar ved kjøp av nye redningshelikopter og tiltak for tilrettelegging av infrastruktur.
Bodø Lufthamn skal flyttast, og det skal som følgje av dette byggjast ein ny redningshelikopterbase. Det blir foreslått å setje av 29 mill. kroner til dette. Gjeldande kostnadsramme for prosjektet er på 596 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 512 mill. kroner.
Kap. 3454 Redningshelikoptertjenesten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Refusjoner | 29 095 | 29 968 | 31 287 |
Sum kap. 3454 | 29 095 | 29 968 | 31 287 |
Post 01 Refusjoner
Løyvinga på posten dekker refusjonar frå Helse- og omsorgsdepartementet, som kjøper ambulansetimar i redningshelikoptertenesta frå Justis- og beredskapsdepartementet. Refusjonen blir ført på kap. 3454, post 01 Refusjoner. Det blir foreslått å gi fullmakt i 2024 til å overskride løyvinga under kap. 454, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3454, post 01, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 31,3 mill. kroner.
Kap. 455 Redningstjenesten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 126 647 | 138 623 | 155 039 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 43 074 | 29 928 | 31 755 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 10 254 | 6 522 | 7 056 |
71 | Tilskudd til frivillige organisasjoner i redningstjenesten | 60 900 | 72 832 | 92 490 |
72 | Tilskudd til nød- og sikkerhetstjenester | 120 950 | 127 781 | 135 953 |
73 | Tilskudd til Redningsselskapet | 133 043 | 131 676 | 140 098 |
Sum kap. 455 | 494 868 | 507 362 | 562 391 |
Justis- og beredskapsdepartementet har koordineringsansvar for redningstenesta, som omfattar land-, sjø- og luftredningsteneste. Hovudredningssentralen (HRS) leier og koordinerer alle typar redningsaksjonar, anten direkte frå avdelinga i Nord-Noreg eller frå avdelinga i Sør-Noreg. Leiing og samordning av landredningsaksjonar blir som regel delegert frå HRS til den lokale redningssentralen (LRS). LRS-ar er lokaliserte ved alle politidistrikta og hos Sysselmeisteren på Svalbard. Regjeringa auka grunnbemanninga ved HRS på Sola og i Bodø i 2023 pga. at talet på oppdrag vart høgare. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner til heilårsverknad av tiltaket. HRS vil frå 2024 få ansvaret for redningshelikoptertenesta og forvaltninga av eigarskapet av SAR Queen helikoptera. Regjeringa har fastsett organisering, roller og ansvar for redningstenesta i Noreg i Organisasjonsplan for redningstjenesten, jf. kgl.res. av 6. desember 2019.
HRS opplever press i nord med eit stort ansvarsområde for søk og redning, i kombinasjon med minkande sjøis, aukande sivil og militær maritim trafikk og stadig meir cruisetrafikk der sesongen startar tidlegare og sluttar seinare.
Dei frivillige organisasjonane er ein viktig del av redningstenesta i Noreg med omkring 10 000 operative mannskap over heile landet. Frivillige organisasjonar i redningstenesta trener og utrustar lokale ressursar som kan stille på kort varsel. Dei frivillige er ein ressurs som alltid har vore viktig for redningstenesta.
Nødnett skal vere gratis for dei frivillige organisasjonane i redningstenesta etter vedtak frå Stortinget, jf. Innst. 448 S Prop. 77 (2012–2013), ved at staten dekker brukarutstyr, kostnader knytte til drift av løysingane og abonnementsavgifta. Dette blir i dag dekt over kap. 455, post 71, som òg inneheld det ordinære driftstilskotet til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta.
Telenor har starta å avvikle sitt eige koparnett. Det har innverknad på Nødnett, då omlegginga inneber at komponentar i Nødnett må endrast eller skiftast ut noko som fører med seg større kostnader. Regjeringa foreslår at delar av desse kostnadene blir dekte av brukarane i 2024, med unntak av dei frivillige organisasjonane i redningstenesta. Det blir lagt fram forslag om å auke løyvinga med 15 mill. kroner i 2024.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker kostnader ved sentrale element ved redningstenesta, medrekna HRS.
Løyvinga på posten omfattar utgifter i samband med det internasjonale satellittbaserte nødpeilesystemet COSPAS-SARSAT og utgifter til Justis- og beredskapsdepartementet si nasjonale og internasjonale forplikting og engasjement innanfor redningstenesta.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 10 mill. kroner for heilårsverknaden av styrkt grunnbemanning.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 455, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3455, post 01, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 155,0 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten omfattar utgifter til å engasjere private selskap, t.d. helikopterselskap og frivillige redningsorganisasjonar i konkrete redningstilfelle, til refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, til forbruk og erstatning av tapt materiell m.m. Forbruket på posten er vanskeleg å berekne, sidan utgiftene varierer med talet på og omfanget av redningsaksjonar.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 31,8 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten dekker diverse investeringar til kjøp og vedlikehald av utstyr til Hovudredningssentralen.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 7,1 mill. kroner.
Post 71 Tilskudd til frivillige organisasjoner i redningstjenesten
Løyvinga på posten dekker tilskot til Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum (FORF) og til frivillige organisasjonar i redningstenesta som er representerte av paraplyorganisasjonen FORF. Løyvinga kan òg dekke tilskot til andre særs relevante frivillige organisasjonar innanfor redningstenesta.
Tilskota skal fremme kvaliteten i redningstenesta. Frivillige organisasjonar skal setjast betre i stand til å delta i redningsaksjonar når menneske har behov for direkte hjelp ved fare for død eller skade som følgje av akutte hendingar. Tilskotsmottakaren skal gjere greie for at tilskotet er nytta til redningsfaglege tiltak, og at mottakaren har bidratt i redningsarbeid.
Ein tilskotsmottakar skal innan 1. april året etter det året tilskotet gjeld for, rapportere til Justis- og beredskapsdepartementet om korleis tilskotet har bidratt til at organisasjonen har blitt sett i betre stand til å delta i redningsaksjonar. Justis- og beredskapsdepartementet tildeler tilskot for eitt år av gongen etter ei skjønnsmessig vurdering av i kva grad formålet som det blir søkt om tilskot til, bidrar til å oppfylle formålet med tilskotsordninga.
Resultata for 2022 er i tråd med ønskt formål for tildelinga.
Posten omfattar òg premie til forsikringsordning for frivillige i redningstenesta og midlar til varetaking av sekretariatsfunksjonen til Nasjonalt redningsfagleg råd. Sekretariatsfunksjonen blir vareteken av FORF.
Løyvinga omfattar òg tilskot til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta tilsvarande abonnementsordninga for alle brukarar av Nødnett. Dette utgjer om lag 48,4 mill. kroner av løyvinga.
Det vert foreslått å auke løyvinga med 15 mill. kroner i 2024 for å dekke kostnadane for dei frivillige organisasjonane i redningstenesta i forbindelse med utskifting av koparnettet.
Vidare dekker løyvinga på posten utgifter til dykkaropplæring av frivillige som deltek i redningsdykkarberedskap og må ha redningsdykkarsertifisering.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 92,5 mill. kroner.
Post 72 Tilskudd til nød- og sikkerhetstjenester
Løyvinga på posten skal bl.a. dekke tilskot til Telenor for tenesta dei utfører i samband med nød- og tryggingstenesta til Kystradioen, og til å halde ved lag 24-timars tårnteneste ved Svalbard lufthamn, i tillegg til ev. andre tilskot innanfor rednings- og beredskapsfeltet.
Telenor Kystradio (TK) leverer maritime telekommunikasjonstenester (kystradiotenesta) langs kysten av Noreg på vegner av staten og lyttar etter nødvarsel frå to bemanna kystradiostasjonar som er samlokaliserte med avdelingane til Hovudredningssentralen på Sola og i Bodø. Under redningsoppdrag sørger kystradiostasjonane for kontakt mellom redningstenesta og den/dei som er i nød. Kystradiotenesta er definert som ei spesiell samfunnspålagt oppgåve, jf. ekomlova § 5-3 første ledd nr. 1.
Avinor held 24 timars tårnteneste ved Svalbard lufthamn. Avinor skal levere AFIS-tenester på døgnkontinuerleg basis slik at redningshelikoptertenesta på Svalbard får lokal flygeinformasjonsteneste, alarm og redningsteneste og vêrobservasjonar (AFIS) som dei har behov for til utrykkingar.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 136,0 mill. kroner.
Post 73 Tilskudd til Redningsselskapet
Tilskotet skal bidra til å halde oppe Redningsselskapet sin innsats i redningstenesta og i arbeidet med å førebyggje ulukker. Det dekker ein del av driftsutgiftene selskapet har til søk- og redningsberedskap.
Redningsselskapet er ein landsdekkande og frivillig humanitær organisasjon. Det primære formålet er å redde liv og berge verdiar på sjøen. Organisasjonen er ein viktig beredskapsressurs og utfører søke-, rednings- og hjelpeteneste langs kysten av Noreg og i tilgrensande havområde. Organisasjonen har i dag ein flåte med redningsskøyter der om lag halvparten er bemanna av frivillige sjøredningskorps, og den andre halvparten er bemanna av Redningsselskapet sitt faste mannskap. Dei faste tilsette har 24 timars beredskap heile året. I tillegg har Redningsselskapet fire ambulansebåtar som dei opererer på vegner av helseføretak i Nordland.
Redningsselskapet skal òg drive opplysningsarbeid og førebyggjande arbeid for å betre tryggleiken for sjøfarande. Redningsskøytene utfører oppgåver på utkalling av Hovudredningssentralen, AMK, Kystverket, politiet og andre.
Tilskotet dekker ein del av driftskostnadene selskapet har til søk- og redningsaksjonar, og dessutan ein del av kostnadene til beredskap. For alle endringar i stasjonering og disponering av redningsskøytene er det ein føresetnad at det er gjort i samarbeid med Hovudredningssentralen. Tilskotet kan brukast til arbeidet med opplysningsarbeid og førebyggjande sjøtryggleiksarbeid, med særskild vekt på barn og unge. Tilskotet kan òg brukast til å styrke deltakinga i beredskapen mot akutt forureining.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 140,1 mill. kroner.
Kap. 3455 Redningstjenesten
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Refusjoner | 3 245 | ||
Sum kap. 3455 | 3 245 |
Post 01 Refusjoner
Løyvinga dekker refusjonar til ulike aktivitetar i redningstenesta. Det blir ikkje budsjettert med noko beløp.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 455, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3455, post 01, jf. forslag til vedtak.
Kap. 457 Nasjonal sikkerhetsmyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 418 262 | 429 234 | 451 230 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 40 089 | 25 990 | 5 943 |
Sum kap. 457 | 458 351 | 455 224 | 457 173 |
NSM høyrer administrativt inn under Justis- og beredskapsdepartementet, og dette departementet har òg fagansvaret for NSM i saker som høyrer inn under justisministeren. Forsvarsdepartementet kan instruere NSM i saker innan ansvarsområdet sitt. Direktoratet er såleis òg ein del av forsvarssektoren.
NSM har gjennomført ei konseptvalutgreiing (KVU) for ei nasjonal skyteneste. Bakgrunnen for tiltaket er behovet for større nasjonal kontroll med kritisk digital infrastruktur og trygging av verneverdig informasjon. KVU-en har vore gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS1), og regjeringa har valt ei løysing for tiltaket.
Sentrale tiltak for betre digital tryggleik, jf. Prop. 78 S (2021–2022) og Innst. 270 S (2021–2022), er t.d. evna til å koordinere handteringa av alvorlege digitale hendingar og betre evne til å oppdage, verifisere og varsle om koordinerte og alvorlege dataangrep. Heilårseffekten av desse tiltaka var realisert i 2023.
Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2021/887 av 20. mai om opprettelse av det europeiske industri-, teknologi- og forskningskompetansesenter for cybersikkerhet og nettverket av nasjonale koordinasjonssentre (forordninga om kompetansesenter for cybertryggleik) tredde i kraft i EU 28. juni 2021. Forordninga vart teken inn i protokoll 31 i EØS-avtalen i januar 2023. Etter forordninga skal kvart medlemsland peike ut eit nasjonalt koordineringssenter for digital tryggleik. Senteret skal bl.a. byggje opp og samordne den nasjonale delen av det europeiske kompetansefellesskapet innanfor digital tryggleik og generelt stimulere forsking, innovasjon og kompetanseutvikling innanfor digital tryggleik. NSM og Noregs forskningsråd i samarbeid er peika ut som nasjonalt koordineringssenter for digital tryggleik i Noreg. NTNU vil òg vere del av eit slikt samarbeid.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for NSM.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 457, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3457, post 01, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 451,2 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til teknisk utstyr innafor Varslingssystem for digital infrastruktur (VDI). Løyvinga er ein konsekvens av Innst. 720 S (2021–2022), jf. Prop. 78 S (2021–2022) (Ukraina-proposisjonen), og tiltaket om å auke effekten av VDI gjennom auke talet på deltakande verksemder i systemet.
I samband med at eit prosjekt for digitalisering av klareringssaker blir avslutta, blir det foreslått å redusere posten med 21,2 mill.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 5,9 mill. kroner.
Kap. 3457 Nasjonal sikkerhetsmyndighet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Inntekter | 18 352 | 35 338 | 36 893 |
Sum kap. 3457 | 18 352 | 35 338 | 36 893 |
Post 01 Inntekter
Inntektene til Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) er i hovudsak samansette av medlemsavgifter frå næringslivet til varslingssystemet for digital infrastruktur (VDI), kurs- og konferanseavgifter og brukarbetaling ved tryggleiksgodkjenning av informasjonssystem.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 457, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3457, post 01, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 36,9 mill. kroner.
Programkategori 06.60 Andre virksomheter
Utgifter under programkategori 06.60 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
01–29 | Statens egne driftsutgifter | 1 693 552 | 1 747 908 | 1 466 549 | -16,1 |
Sum kategori 06.60 | 1 693 552 | 1 747 908 | 1 466 549 | -16,1 |
Utgifter under programkategori 06.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
460 | Spesialenheten for politisaker | 62 668 | 61 861 | 67 132 | 8,5 |
466 | Særskilte straffesaksutgifter m.m. | 1 263 252 | 1 293 172 | 1 366 567 | 5,7 |
467 | Norsk Lovtidend | 8 557 | 8 125 | 8 750 | 7,7 |
468 | Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker | 22 255 | 22 864 | 24 100 | 5,4 |
469 | Vergemålsordningen | 336 820 | 361 886 | -100,0 | |
Sum kategori 06.60 | 1 693 552 | 1 747 908 | 1 466 549 | -16,1 |
Innleiing
Programkategori 06.60 omfattar Spesialeininga for politisaker, særskilde straffesaksutgifter m.m. (medrekna bl.a. utgifter til advokat, tolk og sakkunnig i straffesaker), den rettsmedisinske kommisjonen, Norsk Lovtidend, kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker og verjemålsordninga.
Målet for programkategori 06.60 Andre virksomheter er rettstryggleik. Alle verksemder og ordningar som ligg under denne programkategorien, bidrar til betre rettstryggleik for ulike grupper menneske i ulike delar av samfunnet.
Prioriteringar i 2024
Spesialeininga for politisaker har i fleire år hatt behov for auka kapasitet. Sakene blir meir komplekse. Det blir foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner til auka kapasitet.
Kap. 460 Spesialenheten for politisaker
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 62 668 | 61 861 | 67 132 |
Sum kap. 460 | 62 668 | 61 861 | 67 132 |
Spesialeininga for politisaker skal sikre lik og rettvis behandling av saker som gjeld spørsmålet om tilsette i politiet eller påtalemakta har gjort straffbare handlingar i tenesta. Ved å behandle alle saker mot politiet eller påtalemakta med det same alvoret og like grundig som andre som blir sette under straffeforfølging, bidrar Spesialeininga for politisaker til rettstryggleik. Spesialeininga for politisaker etterforskar, avgjer påtale i og fører desse sakene for domstolane. Eininga skal sikre rettstryggleik både for den som melder, og for dei som blir melde. Spesialeininga for politisaker set òg i verk etterforsking dersom nokon døyr eller blir alvorleg skadde som følgje av tenestutøvinga til politiet eller påtalemakta, sjølv om det ikkje er mistanke om ei straffbar handling. Spesialeininga er ikkje del av politiet, men er administrativt underlagd Justis- og beredskapsdepartementet og fagleg underlagd Riksadvokaten.
Spesialeininga har mykje erfaring med overføringsverdi, og det er derfor viktig at politiet og påtalemakta bruker årsrapportane og vedtaka frå Spesialeininga til utvikling og læring. Eininga får mykje kunnskap om politiet gjennom sakene.
Spesialeininga for politisaker har behov for auka kapasitet. Saksbehandlingstida har vore lang, men ho er betra i 2022. Saman med Riksadvokaten er det fastsett eit konkret resultatkrav om at gjennomsnittleg saksbehandlingstid skal vere innanfor 150 dagar. I 2022 var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida for avgjorde saker 140 dagar, mot 159 dagar i 2021. I 2022 gjekk sakstala noko ned. At saksbehandlingstida har blitt lågare, er bl.a. resultatet av ei organisatorisk endring i eininga frå november 2021. Etterforskingsressursane vart samla i ei ny etterforskingsavdeling med kontor i Oslo, Bergen og Trondheim. På Hamar vart det etablert eit felles saksmottak. Avdelinga har eigen leiar i tillegg til spesialetterforskarar, påtalefagleg etterforskingsleiarar og administrativt tilsette. I 2022 styrkte eininga beredskapsvakta si med ein jurist, slik at det alltid er ein spesialetterforskar og ein påtalefagleg etterforskingsleiar som har beredskap for å rykke ut ved hendingar. Dette sikrar lik praksis og god handtering av initialfasen i saker som krev tiltak raskt. Endeleg har utvalde påtalefaglege etterforskingsleiarar fått fullmakt til å avgjere visse saker. Eininga arbeider òg med å digitalisere ei rekkje arbeidsprosessar. Desse tiltaka har bidratt til å redusere saksbehandlingstida, utan at kvaliteten er blitt dårlegare.
Saksbehandlingstid er viktig for tilliten til Spesialeininga. Sakene må behandlast effektivt og innanfor rimelege fristar. Sakene er ofte alvorlege (sjå boks 2.2), og det er avgjerande at det finst ressursar tilgjengeleg, slik at desse sakene ikkje blir liggjande for lenge.
Boks 2.2 Sakskomplekset i Spesialeininga for politisaker
Spesialeininga for politisaker etterforskar eit mangfald av saker, mange av dei svært alvorlege, ikkje minst saker der personar blir skotne av politiet, og døyr. I 2022 vart det reagert med positive påtaleavgjerder i 29 av 974 behandla meldingar.
Ein tenesteperson vart i 2022 tiltalt for å ha utnytta stillinga si for å oppnå seksuell omgang med ein underordna kollega. Tenestepersonen vart dømd i tingretten, men frifunnen under dissens i lagmannsretten. Eininga har gjennom åra hatt ei rekke saker som handlar om seksuelle overgrep.
Ein tenesteperson vart i 2022 dømd i lagmannsretten for seksuelt krenkande åtferd i ein undervisningssituasjon. Domfelte anka saka til Høgsterett, som forkasta anken i 2023.
Ein tenesteperson vart i 2022 dømd til fengsel i sju månader for grovt underslag for å ha tileigna seg, oppbevart og selt vidare gjenstandar som høyrde til politidistriktet.
Fleire tenestepersonar fekk i 2022 førelegg for å søke om informasjon i interne datasystem, utan at det var tenestleg grunn til dette.
Spesialeininga har gitt fleire førelegg for tenestefeil i samband med våpenbruk (vådeskot). Fleire saker handla òg om brot på vegtrafikklova.
Gjennom åra har fleire tenestepersonar blitt tiltalte for uforholdsmessig og ikkje nødvendig bruk av makt.
Brot på føresegnene i straffelova om teieplikt er eit straffebod eininga stadig nyttar.
Eininga har i fleire år hatt mange krevjande saker og som har kravd mykje ressursar, noko som har påverka moglegheita til å drive med kompetanseutvikling i eininga. Arbeidet med kompetanseutvikling er intensivert, mellom anna med ei eiga stilling som fag- og opplæringsansvarleg. Det er særs viktig at eininga følgjer med på den fagutviklinga som skjer i politiet og påtalemakta. Om eininga ikkje følgjer med i den faglege utviklinga, kan ho raskt minste autoritet og legitimitet.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke driftsutgifter til Spesialeininga for politisaker som lønn, godtgjersler til advokatar på verv, husleige og andre administrative utgifter. Spesialeininga for politisaker hadde 43 årsverk per 31. desember 2022.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner til auka kapasitet i eininga.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 67,1 mill. kroner.
Kap. 466 Særskilte straffesaksutgifter m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 1 263 252 | 1 293 172 | 1 366 567 |
Sum kap. 466 | 1 263 252 | 1 293 172 | 1 366 567 |
Juridisk hjelp i straffesaker bidrar til god rettstryggleik for den enkelte ved å sikre at ein får kvalifisert hjelp, anten ein er sikta, tiltalte, fornærma eller pårørande. På denne måten kan ei rettssak gå meir rettvist for seg.
Lov 18. juni 2021 nr. 122 om endringer i straffeprosessloven mv. (aktiv saksstyring mv.) vart sett i kraft 1. juli 2022. Endringane skal effektivisere behandlinga av dei meir omfattande straffesakene. Fristen for å framstille pågripne personar for varetektsfengsling vart stramma inn, og det vart innført enkelte endringar som gjeld bistandsadvokatordninga.
Lov 12. mai 2022 nr. 28 om advokater og andre som yter rettslig bistand (advokatlova) vart vedteken av Stortinget 3. mai 2022 og sanksjonert av Kongen i statsråd 12. mai 2022. Lova inneber ei heilskapleg regulering av verksemda til advokatane og av høvet til å yte rettsleg hjelp for andre enn advokatar. Eit lettare tilgjengeleg regelverk er viktig både for advokatar og for det rettssøkande publikummet. Overgangsreglar og ny advokatforskrift må vere på plass før advokatlova kan tre i kraft. Departementet tek sikte på å sende eit høyringsnotat med forslag til ny advokatforskrift på høyring hausten 2023.
Salær til offentleg oppnemnde forsvararar, bistandsadvokatar, sakkunnige og tolkar er regulert gjennom forskrift 3. desember 1997 om salær fra det offentlige til advokater mv. (salærforskrifta) og forskrift 12. desember 2005 om salær fra det offentlige til advokater m.fl. etter faste satser (stykkprissatser) ved fri rettshjelp og i straffesaker (stykkprisforskrifta). Det vart i juni 2022 inngått ein ny avtale mellom departementet og Advoktatforeningen om å opprette eit uavhengig salærråd. Bakgrunnen var aksjonen til Advokatforeningen som råka straffesaker for Høgsterett. Salærrådet kom med ei tilråding i desember 2022 og ei tilleggsfråsegn i juni 2023. Rådet tek utgangspunkt i prisutviklinga for juridiske tenester, noko som gir ein sats på 1 385 kroner, og meiner det er eit naturleg nivå for salærsatsen. Rådet skriv òg at det erkjenner at ein eingongsauke til dette beløpet vil ha store konsekvensar for budsjettet. Meirutgiftene til salær per år er rekna til 453 mill. kroner ved ein rettshjelpssats på 1 400 kroner. Salærrådet peikar på at ei gradvis opptrapping er ei aktuell tilnærming.
I samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 vart den offentlege rettshjelpssatsen (salærsatsen) auka frå 1 140 kroner til 1 180 frå 1. juli 2023. Det blir foreslått ein rettshjelpssats på 1 215 kroner i 2024.
Den rettsmedisinske kommisjonen
Hovudoppgåva til den rettsmedisinske kommisjonen (DRK) er å kvalitetssikre rettsmedisinske erklæringar og utsegner som sakkunnige gir i straffesaker, noko som er viktig for å sikre rettstryggleiken til den enkelte.
Talet på sakkunnige erklæringar som blir sende til DRK for kvalitetssikring har vore jamt aukande over mange år og har sidan 2019 lege på litt over 10 000 erklæringar per år. I 2022 tok kommisjonen imot 10 584 erklæringar. Kommisjonen behandla færre saker i 2022 enn i åra før, med 9 913 behandla erklæringar. Om lag 48 pst. av dei innkomne erklæringane er innanfor fagområdet rettspatologi og klinisk rettsmedisin. Dei andre fagområda er toksikologi, genetikk og psykiatri.
Kommisjonen har over fleire år arbeidd med alternative tiltak og arbeidsformer for å effektivisere drifta ved DRK.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker i hovudsak utgifter til juridisk hjelp i straffesaker til personar som har rett til advokathjelp i medhald av straffeprosesslova kap. 9 og 9a. Dette er personar som har status som sikta eller tiltalte, som fornærma eller som pårørande til eller etterlatne etter fornærma i ei straffesak. Løyvinga dekker utgifter til salær og reise- og kostgodtgjersle til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnde av retten eller av kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker.
Løyvinga dekker vidare tapt arbeidsforteneste til tolkar utan salærrett og sakkunnige i straffesaker, enkelte utgifter til den rettsmedisinske kommisjonen, som honorar og/eller godtgjersle og reise- og kursutgifter, og dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktorar i militære straffesaker. Løyvinga dekker òg utgiftene til Justis- og beredskapsdepartementet i samband med omsetjing av rettsoppmodingar, utleveringssaker og barnebortføringssaker etter Haag-konvensjonen av 1980 og Europakonvensjonen av 1980.
Løyvinga dekker òg godtgjering til særskild advokat i saker om førehandskontroll av tilrettelagd innhenting, jf. ny lov om Etterretningstenesta.
Dei totale utgiftene på posten er i hovudsak avhengige av mengda straffesaker og omfanget av dei, talet på oppnemnde forsvararar eller bistandsadvokatar, bruken av tolkar og sakkunnige og nivået på den offentlege salærsatsen.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 1 367 mill. kroner.
Kap. 467 Norsk Lovtidend
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 8 557 | 8 125 | 8 750 |
Sum kap. 467 | 8 557 | 8 125 | 8 750 |
Norsk Lovtidend sørger for at lover og reglar er tilgjengelege for allmenta, og at regelverksendringar kan bli kunngjorde raskt, noko som er eit viktig prinsipp for rettstryggleiken. Norsk Lovtidend blir publisert av stiftinga Lovdata på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet.
Det har vore ein auke i talet på journalførte dokument, i sentrale forskrifter og i lokale forskrifter.
Det har vore ein auke i talet på kunngjeringar og publisering av lover og forskrifter, sentralt og lokalt. I 2024 er det venta at talet på produserte sider blir tilnærma eit normalår.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker utgifter til tilarbeiding av manuskript og arbeidet med den elektroniske utgåva av Norsk Lovtidend.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 8,8 mill. kroner.
Kap. 468 Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 22 255 | 22 864 | 24 100 |
Sum kap. 468 | 22 255 | 22 864 | 24 100 |
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker er eit uavhengig forvaltningsorgan som skal behandle krav om gjenopptaking av straffesaker som er rettskraftig avgjorde i domstolane. Kommisjonen skal rettleie, greie ut og avgjere sakene. Gjennom å opne for at domfelte kan få saka si prøvd på nytt i rettssystemet, bidrar kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker til å sikre rettstryggleiken til den domfelte.
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker skal ta stilling til om ein domfelt med rettskraftig straffedom skal få ny behandling av saka si i retten. Kommisjonen har hatt ei rekkje krevjande saker til behandling dei siste åra. Det har dessutan komme inn vesentleg fleire saker til behandling enn tidlegare år, mange av dei krevjande og omfattande. Det har kravd store ressursar og har medført at saksbehandlingstida har auka. Kommisjonen avgjorde 213 saker i 2022 mot 223 saker i 2021. I 2023 vart løyvinga til kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker auka med 3 mill. kroner som ei varig styrking, som eit bidrag til at saker skal kunne bli behandla innan rimeleg tid, og rettstryggleiken til individet bli vareteken.
Gjennom åra har saker som reiser tvil ved om den domfelte var strafferettsleg tilrekneleg, utgjort ein relativt stor del av dei sakene kommisjonen har opna. Dette er noko politiet òg må vere merksame på for evaluering og læring. Av dei totalt 178 realitetsvurderte sakene i 2022 vart 44 opna att, mot 82 året før. Av dei sakene som vart opna att, vart 28 opna som følgje av tvil om den domfelte var strafferettsleg tilrekneleg.
Utilreknelegreglane er nyleg endra slik at ein større grad av skjønn kan bli avgjerande. Det er mogleg at dette kan generere fleire saker for kommisjonen. Kommisjonen har jamleg fått større menger med saker knytt til eit særskilt saksområde. I 2023 har det vore ei rekkje saker knytt til kroppsvisitasjonar. Regjeringa har oppnemnt eit uavhengig utval, Baneheia-utvalet, som bl.a. òg skal gjennomgå kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til medlemmene av kommisjonen, lønn til tilsette i sekretariatet og andre driftsutgifter for kommisjonen og sekretariatet. Sekretariatet hadde 12,5 årsverk i 2022.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 24,1 mill. kroner.
Kap. 469 Vergemålsordningen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 263 322 | 269 647 | |
21 | Spesielle driftsutgifter | 73 498 | 92 239 | |
Sum kap. 469 | 336 820 | 361 886 |
Verjemålsforvaltninga sørger for rettstryggleiken til personar som treng hjelp til å handtere dei økonomiske og personlege forholda sine. Førstelinja i verjemålsforvaltninga er statsforvaltaren. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er sentral verjemålsstyresmakt og er bl.a. ansvarleg for klagebehandling og tilsyn med statsforvaltarane. Ordinære verjemål er eit frivillig velferdsgode som byggjer på sjølvråderett. Dersom ein person motset seg det, kan ikkje statsforvaltaren opprette verjemål. Retten kan likevel unntaksvis fastsetje verjemål og ta frå personen rettsleg handleevne utan at personen vil, dersom strenge vilkår er oppfylte. Det er viktig at kvart enkelt verjemål er tilpassa kva personen vil og har behov for, og at verjemålet ikkje blir meir omfattande enn nødvendig. Barn kan få oppnemnd verje dersom dei er utan ei fungerande verje. Statsforvaltaren har òg til oppgåve å utnemne representantar til mindreårige som kjem til Noreg utan foreldre eller andre med foreldreansvar, og som søker vern (asyl), jf. utlendingslova § 98a. Representanten skal vareta rettane til den mindreårige i asylsaka, trer juridisk inn i staden for foreldra og treffer alle avgjerder som fell inn under foreldre- og verjeansvaret. Som førstelinje i verjemålsforvaltninga er det statsforvaltaren som har ansvar for rekruttering, opplæring, rettleiing og tilsyn med verjene og representantane.
Per 31. desember 2022 var det registrert om lag 65 000 verjemål, og om lag 42 000 av desse var for vaksne personar. Av desse var i underkant av 300 personar fråtekne rettsleg handleevne. På same tidspunkt var det registrert om lag 21 500 verjemål for mindreårige. Av om lag 26 300 verjer for vaksne personar var om lag 91 pst. verje for berre éin person, i hovudsak nærståande. Nærståande får som hovudregel ikkje godtgjering. Ved avslutninga av 2022 forvalta statsforvaltaren om lag 23 mrd. kroner på vegner av personar med verje.
Sjølvråderetten til personen med verje, og rolla til verja med å støtte opp under retten, er godt innarbeidd i verjemålsforvaltninga. Dette er eit resultat av ei rekkje tiltak dei seinare åra. Utviklinga med at statsforvaltaren i fleire tilfelle enn tidlegare har samtale med personen det er aktuelt å opprette verjemål for, har vore positiv. Prosentdelen saker der det blir gjennomført samtalar, har gått noko ned samanlikna med i 2021 og var i 2022 på 46 pst. Det er store variasjonar mellom statsforvaltarane, og delen gjennomførte samtalar er for låg hos fleire av statsforvaltarane. Hovudårsaka til at det ikkje blir gjennomført samtale, er at statsforvaltaren vurderer det som umogleg eller formålslaust. Stortinget vedtok våren 2023 endringar i verjemålslova som tek sikte på å presisere kva sjølvråderetten betyr, og kor vidt han rekk, bl.a. i lys av dei menneskerettslege pliktene til Noreg. Formålet med endringane er først og fremst å tydeleggjere alminneleg verjemål som eit frivillig støttetiltak. Endringane tredde i kraft 1. april 2023. Departementet held fram arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga, sjå omtale av oppmodingsvedtak nr. 848 (2020–2021). Sjølvråderett har òg stått sentralt i opplæringa av verjer, og det har vore ei positiv utvikling i talet på verjer som gjennomfører grunnleggjande opplæring og nyttar seg av e-læringsplattforma som verjemålsforvaltninga har utvikla. Det er grunn til å rekne med at meir bruk av e-læringskurs har bidratt til å sikre betre og likare kompetanse hos verjene.
Det viktigaste tiltaket i 2022 for meir individtilpassa verjemål har vore prosjektet Fullmaktsregister for innbyggere (FUFINN). FUFINN Verjemål er ein del av eit større prosjekt i regi av SKATE2 for å lage ei heilskapleg løysing for digital fullmaktsrepresentasjon. Nye verjefullmakter som verjene etter kvart kan bruke for å utføre tenester digitalt, gir både meir individtilpassa verjemål og betre rettstryggleik for personane med verje. Ved utgangen av 2022 hadde statsforvaltarane oppretta digitale fullmakter i om lag 92 pst. av alle verjemåla, medrekna alle nyoppretta verjemål. Av dei resterande sakene gjaldt mange oppdrag der det av ulike årsaker ikkje er aktuelt å digitalisere fullmaktene. Det betyr at tilnærma alle personar med verje har fått verjemål som er betre tilpassa ønska og behova deira.
Digitalisering er sentralt for å nå målet om betre og meir effektive tenester til brukarane. I prosjektet Digitalt vergeregnskap (DIVE) er formålet å digitalisere kontrollen av verjerekneskapane. Digital innhenting av opplysningar frå Skatteetaten og finansnæringa vil gjere det mogleg å kontrollere alle verjerekneskapane. Då kan ein avdekke avvik meir effektivt. Det er inngått avtale med Skatteetaten om digital overføring av skattemeldingar, og det er sett i gang eit pilotprosjekt med ein av finansinstitusjonane om overføring av bankopplysningar. Pilotprosjektet er ei førebuing til ei fast avtale med finansnæringa om overføring av bankopplysningar.
Arbeidet til verjemålsforvaltninga med å informere meir om privatrettslege alternativ til verjemål, irekna framtidsfullmakter, legalfullmakter og private fullmakter, har hatt positiv effekt. Trenden med ein vesentleg auke i talet på stadfesta framtidsfullmakter som har tredd i kraft, har halde fram, frå om lag 1 000 i 2020 og 1 600 i 2021 til om lag 2 500 i 2022. Det er ein auke på 56 pst. samanlikna med året før. Delen av søknader om å opprette verjemål som ikkje fører til nye verjemål, har òg auka. Meir bruk av framtidsfullmakter sikrar at fleire tek kontroll over eiga framtid, og at dei bidrar til å redusere belastninga på verjemålsforvaltninga. Stadfesting av at framtidsfullmakt trer i kraft, er frivillig og ikkje nødvendig for at fullmakta skal vere gyldig.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til verjemålsforvaltninga, dvs. statsforvaltarane og SRF, som lønn og andre administrative utgifter. I tillegg skal løyvinga dekke investeringar, nødvendig konsulenthjelp, utstyr og prosjektkostnader. Etter retningslinjene Finansieringsordning for Fylkesmannen [no statsforvaltaren] (2009) skal faste oppgåver bli finansierte over eit felles budsjettkapittel (Kommunal- og distriktsdepartementet sitt budsjett, kap. 525 Statsforvalterne, post 01 Driftsutgifter). Nye oppgåver kan bli finansierte over budsjettet til dei enkelte fagdepartementa i ein overgangsperiode, og i utgangspunktet skal midlane bli overførte til felleskapittelet innan fire år. Verjemål har sidan 2013 blitt finansiert over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet, kap. 469 Vergemålsordningen. Det blir foreslått at løyvinga på kap. 469, post 01, blir ført over til Kommunal- og distriktsdepartementet sitt kap. 525, post 01, for den delen som gjeld driftsutgifter til statsforvaltarane. Det utgjer 229 mill. kroner.
Det blir foreslått at den delen av løyvinga som finansierer rolla til SRF som sentral verjemålsmyndigheit, blir ført over til kap. 473, post 01. Det utgjer 43 mill. kroner.
Det blir foreslått at løyvinga over kap. 469, post 01, blir redusert med 273 mill. kroner mot ein auke på 229 mill. kroner over Kommunal- og distriktsdepartementet sitt kap. 525, post 01, og ein auke på 43 mill. kroner over kap. 473, post 01.
Det blir foreslått at kap. 469, post 01, blir avvikla frå 2024.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker godtgjersle og utgiftsdekking til verjer, jf. verjemålslova § 30, og til representantar for einslege mindreårige asylsøkarar i tillegg til nødvendige utgifter til tolk, jf. utlendingslova § 98 f.
Som følgje av forslaget om å føre over løyvinga på verjemålsområdet til Kommunal- og distriktsdepartementet sitt felles budsjettkapittel for faste oppgåver som ligg til statsforvaltaren (kap. 525), og forslaget om å avvikle kap. 469 som prosjektkapittel for verjemålsordninga, blir det foreslått å overføre dei spesielle driftsutgiftene til kap. 473, ny post 21.
Det blir foreslått at løyvinga over kap. 469, post 21, blir redusert med 98,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke over kap. 473, ny post 21.
Det blir foreslått å avvikle kap. 469, post 21, frå 2024.
Kap. 3469 Vergemålsordningen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Vergemåls-/representantordning, ODA-godkjente utgifter | 4 499 | 8 550 | |
Sum kap. 3469 | 4 499 | 8 550 |
Post 01 Vergemåls-/representantordningen, ODA-godkjente utgifter
Visse innanlandske utgifter for mottak av asylsøkarar og flyktningar kan etter statistikkdirektivet til OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp det første året asylsøkarar og flyktningar er i mottakarlandet. Tiltaka må følgje internasjonale retningslinjer for offisiell utviklingsbistand (ODA) om dei skal kunne reknast som bistand.
Det er venta ein reduksjon i talet på einslege mindreårige asylsøkarar (EMA) i 2024. Løyvinga er justert i samsvar med dette.
Som følgje av forslaget om å føre over løyvinga på verjemålsområdet til Kommunal- og distriktsdepartementet sitt felles budsjettkapittel for faste oppgåver som ligg til statsforvaltaren (kap. 525), og forslaget om å avvikle kap. 469 som prosjektkapittel for verjemålsordninga, blir det foreslått å overføre dei ODA-godkjende utgiftene til kap. 3525.
Det blir foreslått at løyvinga over kap. 3469, post 01, blir redusert med 8,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke over kap. 3473, ny post 02.
Det blir foreslått å avvikle kap. 3469, post 01, frå 2024.
Programkategori 06.70 Statens sivilrettsforvaltning, rettshjelp, erstatningsordninger, m.m.
Utgifter under programkategori 06.70 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
01–29 | Statens egne driftsutgifter | 721 883 | 994 838 | 1 221 309 | 22,8 |
50–89 | Overføringar til andre | 623 130 | 722 526 | 763 865 | 5,7 |
Sum kategori 06.70 | 1 345 013 | 1 717 364 | 1 985 174 | 15,6 |
Utgifter under programkategori 06.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
470 | Fri rettshjelp | 578 227 | 860 483 | 906 566 | 5,4 |
471 | Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning | 181 406 | 222 657 | 237 418 | 6,6 |
473 | Statens sivilrettsforvaltning | 453 053 | 509 109 | 701 766 | 37,8 |
475 | Bobehandling | 132 327 | 125 115 | 139 424 | 11,4 |
Sum kategori 06.70 | 1 345 013 | 1 717 364 | 1 985 174 | 15,6 |
Innleiing
Programkategori 06.70 omfattar utgifter til fri rettshjelp, tilskotsordninga for spesielle rettshjelpstiltak, erstatningsansvaret til staten, erstatning i samband med strafforfølging, rettferdsvederlagsordninga til Stortinget, Statens sivilrettsforvaltning, valdsoffererstatningsordninga og garantiordninga for bubehandling.
Målet for programkategori 06.70 Statens sivilrettsforvaltning, fri rettshjelp, erstatningsordninger m.m. er rettstryggleik.
Felles for dei ulike ordningane i denne programkategorien er at dei varetek rettstryggleiken til den enkelte gjennom hjelp og støtte til rettshjelp eller gjennom erstatning frå staten i visse tilfelle.
Prioriteringar i 2024
Inntektsgrensene for behovsprøvd rettshjelp vart oppjusterte i både 2022 og 2023 etter mange år utan justeringar. Grensa for formue vart òg oppjustert i 2023. Gjeldande grenser er 350 000 kroner for einslege og 540 000 kroner for ektefellar og sambuarar. Grensa for formue er 150 000 kroner for både einslege og par. Regjeringa har lagt fram Prop. 124 L (2022–2023) Endringer i rettshjelploven (ny modell for økonomisk behovsprøving) for Stortinget, jf. oppmodingsvedtak nr. 49, 2. desember 2021. Forslaget inneber ein ny modell for behovsprøvd rettshjelp for at fleire personar skal bli omfatta av ordninga. Dekningsgraden til ordninga, altså delen av hushald som fell inn under ordninga, er anslått til samla sett å auke frå om lag 16 til 33 pst. Det er bl.a. foreslått nye kriterium for behovsprøvinga når det blir innvilga rettshjelp. I staden for separate krav til inntekt og formue har regjeringa foreslått at det skal bli teke utgangspunkt i den samla betalingsevna til søkaren. Det skal givast eit frådrag for søkarar som har ansvar som forsørgjar. I staden for at grensa for rettshjelp er fastsett til eit bestemt kronebeløp, blir det foreslått at grensa blir sett til fem gongar grunnbeløpet i folketrygda. Grensa vil då bli justert årleg, slik at ordninga ikkje blir svekt over tid. Det blir foreslått å innføre prosentvise eigendelar som blir fastsette på bakgrunn av betalingsevna til søkaren, og som aukar med betalingsevna. Eigendelen blir betalt ut frå dei samla advokatutgiftene i saka. Endringane blir foreslått innanfor den gjeldande løyvinga på posten.
Kap. 470 Fri rettshjelp
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 510 699 | 791 218 | 839 271 |
72 | Tilskudd til spesielle rettshjelptiltak | 67 528 | 69 265 | 67 295 |
Sum kap. 470 | 578 227 | 860 483 | 906 566 |
Rettshjelplova med forskrifter gir reglar om offentleg stønad til rettshjelp for dei som har behov for rettshjelp, men som ikkje har økonomi til å dekke utgiftene sjølv. Etter lova kan stønaden bli gitt i form av fritt rettsråd, fri sakførsel eller fritak for rettsgebyr. Fritt rettsråd og fri sakførsel inneber at den som har behov for rettshjelp, får hjelp frå ein advokat eller frå andre rettshjelparar. Tenesta blir heilt eller delvis betalt av det offentlege på grunnlag av rettshjelpssatsen. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) er klageinstans for vedtak gjorde av statsforvaltarane, av barneverns- og helsenemnda og av kontrollkommisjonane for psykisk helsevern. SRF etatsstyrer statsforvaltarane på rettshjelpområdet og skal bidra til styrkt kompetanse blant statsforvaltarembeta og sikre einsarta praksis.
Fri rettshjelp blir gitt både med og utan behovsprøving. Fri rettshjelp utan behovsprøving inneber fri rettshjelp uavhengig av inntekt og formue, og det blir gitt på dei saksområda som har særleg mykje å seie personleg eller velferdsmessig, som t.d. barnevernssaker. I andre typar saker er ordninga med fri rettshjelp behovsprøvd. Personar som har krav på behovsprøvd rettshjelp, har inntekt og formue under fastsette grenser.
I samband med forslag til endringar i rettshjelplova er det behov for å utvikle nye digitale løysingar. For å få på plass ei løysing med ein felles rettshjelpsapplikasjon er det nokre grunnleggjande funksjonelle behov som må oppfyllast, dessutan må informasjon om rettshjelpsordninga gjerast meir tilgjengeleg. Til saman reknar ein med om lag 15 mill. kroner i investeringskostnader og nærmare 5 mill. kroner i årlege driftskostnader.
Utgiftene til fri rettshjelp har vore avtakande sidan 2016, både nominelt og reelt. Den reelle nedgangen i rettshjelpsutgifter frå 2016 til 2022 var på 12,5 pst. Årsaka til dette er samansett. Ein grunn er at dei økonomiske grensene har blitt vidareførte nominelt kvart år i perioden. Over tid har dette ført til at ein stadig mindre del av befolkninga har krav på behovsprøvd rettshjelp. Tre fjerdedelar av den totale reduksjonen i rettshjelpsutgifter kjem likevel frå saksområde der det blir innvilga fri rettshjelp uavhengig av inntekta og formuen til søkaren. Dette kjem i hovudsak av ein betydeleg nedgang i barnevernssaker og utlendingssaker i perioden.
Justis- og beredskapsdepartementet sette i januar 2023 ned ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å greie ut ei førstelinjeteneste for rettshjelp. Arbeidsgruppa leverte rapporten sin i juni 2023. Rapporten er no til oppfølging i departementet og vil inngå i departementets vidare arbeid på rettshjelpfeltet. Justis- og beredskapsdepartementet har med heimel i rettshjelplova § 7 tredje ledd etablert eit særleg rettshjelpstiltak utan økonomisk behovsprøving for personar som er omfatta av den feilaktige praktiseringa av trygderegelverket til Nav. Ordninga omfattar personar som feilaktig har fått vedtak om stans i, avslag på og/eller tilbakebetaling av sjukepengar, arbeidsavklaringspengar (rehabiliteringspengar/attføringspengar) og pleiepengar fordi dei frå og med 1994 har opphalde seg mellombels i eit anna EØS-land. Ordninga gjeld saker der det nye vedtaket ikkje endar med full omgjering til gunst for den det gjeld. I 2021 og 2022 fekk statsforvaltaren høvesvis 68 og 52 saker gjennom ordninga. SRF, som behandlar ev. klagar, fekk ikkje saker til behandling i 2021 og 2022. Mange søkarar får medhald i saka si hos Nav, noko som kan forklare at det ikkje har komme inn fleire saker gjennom ordninga.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til advokat, sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakførsel etter reglane i rettshjelplova. Fri sakførsel blir gitt i saker for domstolane og for særskilde forvaltningsorgan som barneverns- og helsenemnda, kontrollkommisjonen (for psykisk helsevern), smittevernnemnda m.m. I tillegg dekker løyvinga utgifter til advokat og rettshjelp i saker der det heilt eller delvis er løyvd fritt rettsråd etter reglane i rettshjelplova. Fritt rettsråd er juridisk rådgiving i saker som ikkje er til behandling i domstolane eller eit anna organ der det kan bli gitt fri sakførsel. Posten er regelstyrt.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 2 mill. kroner for å etablere ein digital løysing for å handtere anonym vitneførsel i samband med Prop. 34 L (2022–2023) Endringer i tvisteloven mv. (rettsmekling, ankenektelse mv.) mot ein tilsvarande auke på kap. 411, post 01. Sjå programkategori 06.20. Det blir foreslått ei løyving på posten på 839,3 mill. kroner.
Post 72 Tilskudd til spesielle rettshjelpstiltak
Justis- og beredskapsdepartementet gir tilskot til spesielle rettshjelpstiltak. Løyvinga på posten dekker tilskot for å sikre rettstryggleiksarbeid, rettshjelpsverksemd og rettspolitisk arbeid. Formålet med tilskotsordninga er å gi kostnadseffektive rettshjelpstilbod til utsette grupper og menneske som er i ein spesielt vanskeleg situasjon, og som kan oppfatte at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk hjelp er høg. Ordninga blir forvalta av Statens sivilrettsforvaltning som fordeler heile posten etter søknad frå dei ulike tilskotsmottakarane.
Ordninga er ein viktig del av det totale tilbodet innanfor rettshjelp. Tilskotsmottakarane skal rapportere om måla dei oppnår, erfaringar med tiltaka og bruken av ressursane. Måloppnåinga til tilskotsmottakarane er over år gjennomgåande god.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 67,3 mill. kroner.
Kap. 3470 Fri rettshjelp
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Tilkjente saksomkostninger m.m. | 3 748 | 4 571 | 4 773 |
02 | Fri rettshjelp, ODA-godkjente utgifter | 5 503 | 5 668 | 5 668 |
Sum kap. 3470 | 9 251 | 10 239 | 10 441 |
Post 01 Tilkjente saksomkostninger m.m.
Sakskostnader som blir tilkjende staten i saker der éin eller begge partar får fri sakførsel (benefiserte saker), blir førte over til denne posten.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 4,8 mill. kroner.
Post 02 Fri rettshjelp, ODA-godkjente utgifter
Utgifter til fri rettshjelp til asylsøkarar som har fått avslag på søknad om vern, kan godkjennast som utviklingshjelp (ODA). Dette er i tråd med OECD/DAC sine presiseringar til ODA-regelverket. Sjå utdjupande omtale under kap. 3490 og i Utanriksdepartementet sin Prop. 1 S (2023–2024).
Det blir foreslått ei løyving på posten på 5,7 mill. kroner.
Kap. 471 Statens erstatningsansvar og Stortingets rettferdsvederlagsordning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
71 | Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving | 115 756 | 123 392 | 131 572 |
72 | Erstatning i anledning av straffeforfølging, overslagsløyving | 36 464 | 69 143 | 73 727 |
73 | Stortingets rettferdsvederlagsordning | 29 186 | 30 122 | 32 119 |
Sum kap. 471 | 181 406 | 222 657 | 237 418 |
Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsbevilgning
Kap. 471, post 71, blir belasta når staten blir dømd til eller har inngått forlik om å betale erstatning fordi staten er ansvarleg etter ulovfesta eller lovfesta erstatningsrettslege reglar. Posten blir òg belasta når staten betaler ut erstatning utan at det har oppstått usemje om erstatningsansvaret i desse sakene. Posten blir vidare brukt til å dekke sakskostnadene til ein motpart og til å dekke forseinkingsrenter som er tilkomne fram til éin månad etter at ein dom vart rettskraftig. Utbetaling av erstatning i kontraktsforhold kan ikkje bli belasta posten. Finst det andre budsjettpostar som dekker dei aktuelle utgiftene, skal ikkje erstatningsutbetalingane bli belasta kap. 471, post 71. Sjå elles rundskriv G-01/2017. Løyvinga på posten er regelstyrt og er ei overslagsløyving.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 131,6 mill. kroner.
Post 72 Erstatning i anledning av straffeforfølging, overslagsbevilgning
Ein person som har vore sikta, tiltalt eller dømd for ei straffbar handling, kan ha rett til erstatning for økonomisk tap og oppreisning dersom vedkommande blir frifunnen, dersom forfølginga mot vedkommande blir innstilt, eller dersom vedkommande har vore pågripen eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar. Oppreisning for fridomsrøving følgjer faste satsar. Statens sivilrettsforvaltning (SRF) behandlar og avgjer krav om erstatning etter strafforfølging.
SRF behandla 7,4 pst. fleire saker i 2022 samanlikna med i 2021. Samstundes har saksinngangen auka med om lag 15,6 pst., og SRF fekk inn om lag 1 300 nye krav om erstatning. I 2022 har restansane hatt ein monnaleg auke, frå om lag 380 saker i 2021 til om lag 620 saker i 2022. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid har òg auka med i underkant av to månader samanlikna med i 2021. Delen som fekk tilkjend erstatning i 2022, var 48 pst. Utgiftene til erstatning i samband med strafforfølging varierer frå år til år. Utbetalingane er først og fremst avhengige av kva type saker som er til behandling. Krav om erstatning etter gjenopning av domfellingar etter uriktig praktisering av EØS-regelverket har hatt høg prioritet. I 2022 behandla SRF 17 saker knytte til uriktig praktisering av EØS-regelverket. SRF forventar inntil 127 saker til i 2023 og 2024. Det er behandla ni saker der kravstillaren gjer gjeldande at det har blitt gjennomført ulovleg ransaking, med tilvising til brevet frå Riksadvokaten 9. april 2021 og rapport 14. februar 2022 om tvangsmiddelbruk i mindre alvorlege narkotikasaker. I fire av sakene vart det utbetalt oppreisning. SRF har motteke ytterlegare 13 krav som vil bli behandla i 2023. SRF har òg utbetalt oppreisning i tre saker der kravstillarane førte opp at dei vart utsette for ulovlege nakenvisitasjonar under opphald i varetekt.
Løyvinga på kap. 471, post 72, blir belasta ved dekking av erstatning i samband med strafforfølging etter straffeprosesslova kap. 31 og ved dekking av sakskostnadene til motparten etter straffeprosesslova § 438. SRF avgjer krav om erstatning i samband med strafforfølging og betaler ut ev. erstatning. Når staten blir dømd til å betale sakskostnadene til motparten etter straffeprosesslova § 438, blir utbetalinga belasta post 72. Det er politidistriktet eller påtalemakta som utøver partsstillinga på vegner av staten som betaler ut, ikkje domstolen. Forseinkingsrenter av sakskostnadene som er tilkomne fram til éin månad etter at ein dom vart rettskraftig, kan bli belasta kap. 471, post 72. Forseinkingsrenter som er komne til etter dette tidspunktet, skal bli belasta driftsbudsjettet til verksemda. Løyvinga på posten er regelstyrt og er ei overslagsløyving.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 73,7 mill. kroner.
Post 73 Stortingets rettferdsvederlagsordning
Posten dekker utbetalingar av rettferdsvederlag. Rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eiga ordning der enkeltpersonar som har komme særleg uheldig ut i møte med det offentlege jf. med andre på same tid, kan søke om kompensasjon etter skjønn. Statens sivilrettforvaltning (SRF) er sekretariat for Stortinget sitt utval for rettferdsvederlag.
Talet på innkomne saker har auka med 37 pst. frå 2020 til 507 saker i 2021 og 510 saker i 2022. Auken har truleg samanheng med at SRFhar sett i verk fleire tiltak for å følgje opp Stortinget sitt oppmodingsvedtak nr. 111, 26. november 2020 om å gjere rettferdsvederlagsordninga betre kjend. Det blir foreslått ei løyving på posten på 32,1 mill. kroner.
Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 78 857 | 78 505 | 144 259 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 98 355 | ||
70 | Erstatning til voldsofre, overslagsløyving | 374 196 | 430 604 | 459 152 |
Sum kap. 473 | 453 053 | 509 109 | 701 766 |
Statens sivilrettsforvaltning (SRF) forvaltar statlege ordningar på tvers av sivil- og strafferetten, som skal sikre rettar og rettslikskap til individet og bidra til god rettspleie. SRF har kompetanse til å treffe vedtak innanfor bl.a. verjemålsområdet, fri rettshjelp, erstatning i samband med strafforfølging og saker etter valdserstatningslova. SRF etatsstyrer statsforvaltarane på områda verjemål og rettshjelp. SRF har i tillegg som oppgåve å etatsstyre Kontoret for valdsoffererstatning. SRF er den sentrale myndigheita for rettsoppmodingar om forkynning og bevisopptak etter Haag-konvensjonane 1965 og 1970. SRF utøver òg sekretariatsfunksjon for den rettsmedisinske kommisjonen, barnesakkunnig kommisjon, barnevernets tvisteløysingsnemnd, konkursrådet, kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll, Stortinget sitt utval for rettferdsvederlag, klagenemnda for krav om erstatning og kompensasjon for psykiske belastningsskadar som følgje av deltaking i internasjonale operasjonar og tilsynsrådet for tvangsreturar og utlendingsinternatet.
Sjå òg omtale under programkategori 06.60.
Valdserstatning – Kontoret for valdsoffererstatning
Kontoret for valdsoffererstatning (KFV) behandla i 2022 søknader om valdsoffererstatning frå personar som er påførte personskade som følgje av ei straffbar valdshandling. KFV behandlar òg saker om regress mot skadevaldaren. Erstatningsnemnda for valdsoffer (ENV) var klageinstans for vedtak om valdsoffererstatning gjorde i første instans fram til 1. januar 2023. SRF utøvde sekretariatsfunksjon for ENV og hadde delegert fullmakt til å gjere vedtak i nokre klagesaker. Etter at ny valdserstatningslov tredde i kraft 1. januar 2023, behandlar KFV krav om utbetaling av erstatning som er tilkjende ved dom, og søknader om valdserstatning i saker der straffesaka er avslutta utan dom. Det er stilt krav om at saker etter ny lov skal bli behandla raskare enn saker etter gammal lov. KFV behandlar òg saker om regress mot skadevaldaren. ENV er avvikla frå 1. januar 2023, og Statens sivilrettsforvaltning (SRF) behandlar no klagar på vedtak om valdserstatning som er gjorde i første instans. I saker som skal ferdigbehandlast etter gammal lov, er SRF òg klageorgan.
Talet på nye søknader i 2022 var monnaleg høgare enn året før, med 6 170 nye søknader mot 4 658 søknader i 2021. Auken kjem av at mange ønskte å få kravet sitt behandla etter gammal lov. KFV har behandla 3 983 saker i førsteinstans i 2022, mot 5 028 saker i 2021. Dette er ein nedgang på 21 pst. og det lågaste talet dei siste tre åra. Stor gjennomtrekk og utfordringar med å rekruttere nye medarbeidarar er ei hovudårsak til at talet på behandla saker har gått ned i 2022. Talet på ubehandla saker auka med 17,8 pst. og er høgare en nokon gong, jf. figuren nedanfor.
I 2022 gjorde KFV om lag 1 800 vedtak om regress mot skadevaldar, jf. figuren ovanfor. Det vart betalt inn om lag 112 mill. kroner frå skadevaldarar. Det er om lag på nivå med året før, og det kjem av at regress har vore høgt prioritert av KFV, og at det fortløpande blir gjort vedtak om regress der det er høve til det. Det vart utbetalt om lag 374 mill. kroner i valdsoffererstatning i 2022. Det er ein nedgang på 19 pst. frå året før. Nedgangen kjem av at det i 2021 vart utbetalt i underkant av 60 mill. kroner som følgje av lovendringa som tredde i kraft 1. juli 2021, jf. Prop. 113 L (2020–2021) Endringer i voldsoffererstatningsloven (den øvre grensen) og Lovvedtak 128 (2020–2021) Vedtak til lov om endringer i voldsoffererstatningsloven (den øvre grensen). Nedgangen kjem òg av færre behandla saker i 2022 samanlikna med i 2021 og nedgang i prosentdelen innvilga søknader. Delen søkarar som fekk innvilga erstatning, gjekk ned frå 55 pst. i 2021 til 52,7 pst. i 2022.
Saksbehandlingstida ved KFV gjekk noko ned i 2022, jf. figur 1.4. KFV behandla 55,3 pst. av sakene innan 120 dagar. Delen saker som er ferdigbehandla innan 60 dagar, utgjer 47,9 pst. KFV har ikkje innfridd måla for 2022 om å redusere restansen av dei eldste sakene (eldre enn 480 dagar) med minst 20 pst. I 2022 auka restansane i dei eldste sakene òg.
I 2022 vart 1 073 vedtak klaga på. Prosentdelen vedtak som blir klaga på, har auka frå 23,3 pst. i 2021 til 26 pst. i 2022. Talet på klagar som blir sende klageinstansen, har gått noko ned, frå 948 saker i 2021 til 896 saker i 2022. SRF og ENV behandla til saman 710 ordinære klagesaker, og SRF gjorde vedtak i 67,5 pst. av dei. Saksbehandlingstida på klagesaker i ENV har halde seg på elleve månader. Saksbehandlingstida på klagesaker i SRF har auka, frå fem til seks månader. Medhaldsprosenten i 2022 var 16,6 pst.
Førebuing av og overgang til ny valdserstatningslov har kravd ressursar i både KFV, SRF og departementet. Ny lov tredde i kraft 1. januar 2023, og det er dermed for tidleg å seie noko om saksbehandlingstida for saker etter ny lov. Departementet arbeider med utkast til forskrift til ny valdserstatningslov, med føresegner om saksbehandlingsreglar, godtgjering til advokatar og sakkunnige, erstatning til barn som er vitne til vald og søknadsordning for ettergiving av forseinkingsrenter på statens regresskrav mot skadevaldar i valdserstatningssaker der skadevaldar sonar alminneleg fengselsstraff.
Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll
Kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll (KK-utvalet) er eit uavhengig organ som skal kontrollere at bruken av kommunikasjonskontroll i politiet, romavlytting og dataavlesing skjer innanfor ramma av lover og instruksar. Utvalet skal òg kontrollere sletting og bruk av overskotsinformasjon og vurdere meldingar og rapportar som politimeistrane sender til Riksadvokatembetet. SRF utøver sekretariatsfunksjonen for utvalet. Det er behov for å styrke sekretariatet med ei stilling med teknisk kompetanse.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker ordinære driftsutgifter til SRF. Dette omfattar òg godtgjersle og reise- og kursutgifter til medlemmer av Stortinget sitt utval for rettferdsvederlag og kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll (KK-utvalet). Løyvinga dekker i tillegg dei ordinære driftsutgiftene til KFV, driftsutgiftene til den rettsmedisinske kommisjonen (DRK), medrekna sekretariatet til kommisjonen, driftsutgiftene til sekretariatet til KK-utvalet og driftsutgiftene til sekretariatet for konkursrådet og andre utgifter til konkursrådet, medrekna godtgjersle og reiseutgifter til medlemmene av rådet. Bemanninga i SRF utgjorde om lag 67 årsverk, og KFV hadde om lag 25 årsverk per 31. desember 2022.
Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 1,7 mill. kroner for å styrke sekretariatet for kontrollutvalet for kommunikasjonskontroll med teknisk kompetanse.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 5 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 440, post 01, til opprettinga av eit sekretariat for tilsynsrådet for tvangsreturar og utlendingsinternatet ved Statens sivilrettsforvaltning. Sjå òg omtale under programkategori 06.40.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 10 mill. kroner til ein permanent undersøkingskommisjon for partnardrap som er lagt til SRF. Sjå òg omtale under programkategori 06.10. Som følgje av forslaget om å føre over løyvinga på verjemålsområdet over til Kommunal- og distriktsdepartementet sitt felles budsjettkapittel for faste oppgåver som ligg til statsforvaltaren (kap. 525), og forslaget om å avvikle kap. 469 som prosjektkapittel for verjemålsordninga, blir det foreslått å overføre den delen av løyvinga som finansierer SRF si rolle som sentral verjemålsmyndigheit til kap. 473, post 01.
Det blir foreslått at løyvinga over kap. 469, post 01 blir redusert med 273 mill. kroner mot ein auke på 229 mill. kroner over Kommunal- og distriktsdepartementet sitt kap. 525, post 01 og ein auke på 43 mill. kroner over kap. 473, post 01.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 473, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3473, post 01, jf. forslag til vedtak.
Vidare blir det foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 kan nettoføre som utgiftsreduksjon på kap. 473, post 01, inntektene frå å halde kurs og konferansar i regi av konkursrådet og dessutan inntekter frå anna verksemd som rådet driv, jf. forslag til vedtak.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 144,3 mill. kroner.
Ny Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekker godtgjersle og utgiftsdekking til verjer, jf. verjemålslova § 30, og til representantar for einslege mindreårige asylsøkarar i tillegg til nødvendige utgifter til tolk, jf. utlendingslova § 98 f.
Som følgje av forslaget om å føre over løyvinga på verjemålsområdet til Kommunal- og distriktsdepartementet sitt felles budsjettkapittel for faste oppgåver som ligg til statsforvaltaren (kap. 525), og forslaget om å avvikle kap. 469 som prosjektkapittel for verjemålsordninga, blir det foreslått å overføre dei spesielle driftsutgiftene til kap. 473, ny post 21.
Det blir foreslått at løyvinga over kap. 469, post 21, blir redusert med 98,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke over kap. 473, ny post 21.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 98,4 mill. kroner.
Post 70 Erstatning til voldsofre, overslagsbevilgning
Løyvinga på posten dekker erstatning i saker etter valdserstatningslova og valdsoffererstatningslova. Løyvinga på posten er regelstyrt og er ei overslagsløyving.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 459,2 mill. kroner.
Kap. 3473 Statens sivilrettsforvaltning
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Diverse inntekter | 356 | 5 | 5 |
02 | Vergemåls-/representantordning, ODA-godkjente utgifter | 6 500 | ||
Sum kap. 3473 | 356 | 5 | 6 505 |
Post 01 Diverse inntekter
Inntektene på posten er inntekter frå kursavgifter som skal dekke utgifter den rettsmedisinske kommisjonen har i samband med kurs, og ev. andre inntekter.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 5 000 kroner.
Ny Post 02 Vergemåls-/representantordningen, ODA-godkjente utgifter
Visse innanlandske utgifter for mottak av asylsøkarar og flyktningar kan etter statistikkdirektiv frå OECD/DAC godkjennast som offisiell utviklingshjelp det første året asylsøkarar og flyktningar er i mottakarlandet. Tiltaka må følgje internasjonale retningslinjer for offisiell utviklingsbistand (ODA) om dei skal kunne reknast som bistand.
Som følgje av forslaget om å føre løyvinga på verjemålsområdet over til Kommunal- og distriktsdepartementet sitt felles budsjettkapittel for faste oppgåver som ligg til statsforvaltaren (kap. 525), og forslaget om å avvikle kap. 469 som prosjektkapittel for verjemålsordninga, blir det foreslått å overføre dei ODA-godkjende utgiftene til kap. 3473.
Det blir foreslått at løyvinga over kap. 3469, post 01 blir redusert med 8,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke over kap. 3473, ny post 02. Det er venta ein reduksjon i talet på einslege mindreårige asylsøkarar (EMA) i 2024. Løyvinga er derfor justert i samsvar med dette.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 6,5 mill. kroner.
Kap. 475 Bobehandling
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 122 988 | 116 704 | 130 500 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 9 339 | 8 411 | 8 924 |
Sum kap. 475 | 132 327 | 125 115 | 139 424 |
Post 01 Driftsutgifter, overslagsbevilgning
Løyvinga på posten dekker staten sitt ansvar for utgifter til konkursbehandling i tilfelle der buet eller den som ber om konkurs (rekvirenten), ikkje dekker utgiftene. Dette er regelstyrte utgifter etter konkurslova § 73. Det blir foreslått ei løyving på posten på 130,5 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overføres
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til den særskilde garantiordninga til Justis- og beredskapsdepartementet.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet under garantiordninga får fullmakt til å pådra staten forpliktingar med inntil 10 mill. kroner utover løyvinga som er gitt over kap. 475, post 21, slik at den totale ramma for nye tilsegner og gammalt ansvar ikkje overstig 33 mill. kroner, jf. forslag til vedtak.
Vidare blir det foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å nettoføre som utgiftsreduksjon over kap. 475, post 21, inntekter under garantiordninga som er betalte tilbake, jf. forslag til vedtak. Slik tilbakebetaling skjer når buet får inn pengar etter at tingretten har betalt ut garantibeløp til bustyraren.
Det blir foreslått ei løyving på posten på 8,9 mill. kroner.
Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet m.m.
Utgifter under programkategori 06.80 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
01–29 | Statens egne driftsutgifter | 53 946 | 58 120 | 61 175 | 5,3 |
50–89 | Overføringar til andre | 391 268 | 376 407 | 406 548 | 8,0 |
Sum kategori 06.80 | 445 214 | 434 527 | 467 723 | 7,6 |
Utgifter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
480 | Svalbardbudsjettet | 391 268 | 376 407 | 406 548 | 8,0 |
481 | Samfunnet Jan Mayen | 53 946 | 58 120 | 61 175 | 5,3 |
Sum kategori 06.80 | 445 214 | 434 527 | 467 723 | 7,6 |
Innleiing
Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet m.m. omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet (kap. 480) og løyvinga til Samfunnet Jan Mayen (kap. 481).
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for koordineringa av norsk politikk i polarområda.
Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for lov om Svalbard (Svalbardlova), lov om Jan Mayen, og lov om Bouvet-øya, Peter I’s øy og Dronning Maud Land m.m. (bilandslova).
Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet, Prop. 1 S (2023–2024) Svalbardbudsjettet.
Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer drifta av og har budsjettansvaret for Samfunnet Jan Mayen.
Forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land er den viktigaste plattforma for norsk forsking i Antarktis. Stasjonen nærmar seg slutten av levetida si og treng oppgradering. Regjeringa har vedteke konsept for det vidare arbeidet med oppgradering av Trollstasjonen. Konseptet er eit heilt nytt bygg med plass til 65 brukarar. Prosjektet er i avklaringsfasen. Regjeringa har avsett 25 mill. kroner til forprosjektet i 2024.
Justis- og beredskapsdepartementet har ingen løyvingar knytte til områda i og ved Antarktis. For omtale av aktiviteten på forskingsstasjonen Troll viser ein til Prop. 1 S for Klima- og miljødepartementet.
Justis- og beredskapsdepartementet har starta arbeidet med å revidere bilandsregelverket. Formålet med arbeidet er å rydde opp i og ajourføre regelverk og administrative forhold og dessutan å vurdere den statsrettslege stillinga til Bouvetøya.
Kap. 480 Svalbardbudsjettet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
50 | Tilskudd | 391 268 | 376 407 | 406 548 |
Sum kap. 480 | 391 268 | 376 407 | 406 548 |
Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til å dekke underskotet på svalbardbudsjettet. For 2024 er det foreslått 611,9 mill. kroner i utgifter og 205,4 mill. kroner i inntekter på svalbardbudsjettet. Differansen på 406,5 mill. kroner dannar grunnlaget for tilskotet på Justis- og beredskapsdepartementet sitt kap. 480, post 50. Til samanlikning var tilskotet til svalbardbudsjettet i saldert budsjett for 2023 376,4 mill. kroner.
I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette inneber bl.a. verksemd på Svalbard som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd som er underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.
Prop. 1 S (2023–2024) Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål som ikkje er finansierte over kap. 480, post 50. Desse utgiftene blir dekte på statsbudsjettet på kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Desse forslaga til løyvingar for 2024 er omtalte nærmare i Vedlegg 1 og 2 til Prop. 1 S (2023–2024) Svalbardbudsjettet.
Måla for svalbardpolitikken
Det er lang tradisjon for brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken, og dei overordna måla har lege fast i lang tid, noko Stortinget si behandling av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, jf. Innst. 88 S (2016–2017), reflekterte. Desse måla er
ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten
å overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd
bevaring av ro og stabilitet i området
bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området
å halde oppe norske samfunn på øygruppa.
Langsiktig forvaltning av Svalbard i tråd med dei stortingsforankra måla medverkar til tryggleik for folk i Longyearbyen og til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen. Regjeringa legg vekt på å vidareføre dei lange linjene i forvaltninga av øygruppa. Innanfor dei stortingsforankra måla vil regjeringa vidareutvikle svalbardpolitikken på ein måte som sikrar norske interesser og norsk busetjing, og som varetek ein berekraftig utvikling i Arktis.
Alle departementa har ei rolle i korleis svalbardpolitikken blir gjennomført og forma ut, og er involverte i arbeidet med å nå måla. Statsrådane er konstitusjonelt ansvarlege for fagområda til sine departement på Svalbard som på fastlandet. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere og samordne polarsaker i statsforvaltninga. Ein føresetnad for god forvaltning av polarområda er at ein ser verksemda til dei enkelte fagetatane i samanheng og i eit breiare perspektiv.
Utover måla som er fastsette av Stortinget, har Justis- og beredskapsdepartementet eit eige mål for politikken i Arktis og Antarktis: godt forvalta polarområde. Med godt forvalta polarområde meiner ein at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk.
Ny stortingsmelding om Svalbard
Regjeringa vil leggje frem ei stortingsmelding om Svalbard i 2024. Utviklinga dei siste åra med klimaendringar og meir aktivitet har medført nye utfordringar for Svalbard. Heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard har tidlegare vore lagt frem med om lag åtte til ti års mellomrom. Siste melding blei lagt fram i 2016. Den nye stortingsmeldinga om Svalbard skal leggje grunnlag og føringar for aktivitet på, og forvaltning av Svalbard i tida framover. Dei overordna måla for svalbardpolitikken har lege fast gjennom lang tid, og fordrar at forvaltninga av Svalbard blir sett i samanheng med måla og tilpassa etter samfunnsutviklinga og etter andre relevante utviklingstrekk. Sjå Prop. 1 S (2023–2024) Svalbardbudsjettet for nærmare omtale av stortingsmeldinga om Svalbard.
Longyearbyen – eit norsk lokalsamfunn
Nedbemanninga i gruveverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS frå 2018 har medført ei stor omstilling for Longyearbyen. Nedbemanninga har ikkje hatt særleg innverknad på talet på sysselsette eller innbyggjartalet i Longyearbyen. Samstundes er samansetninga av befolkninga i endring, med ein større del utlendingar enn tidlegare år. Longyearbyen er og skal vere eit livskraftig norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. Det er viktig med god balanse mellom talet på norske og talet på utanlandske statsborgarar i dette samfunnet. Regjeringa følgjer med på utviklinga i Longyearbyen.
Tabell 2.11 Folketal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, 1. januar
2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2 185 | 2 152 | 2 145 | 2 214 | 2 258 | 2 428 | 2 459 | 2 486 | 2 530 |
Kjelde: SSB «Befolkningen på Svalbard» 12622: Folkemengde 1. januar (H1)/ 1. juli (H2) i Longyearbyen og Ny-Ålesund, etter statsborgerskap og kjønn 2019H1 – 2023H1. Statistikkbanken (ssb.no) , publisert 11. mai 2023.
Tal frå SSB syner at folketalet i Longyearbyen og Ny-Ålesund i det første halvåret i 2022 var på om lag 2 500 personar.
Bustadpolitikken skal bidra til å halde oppe Longyearbyen som eit norsk lokalsamfunn gjennom ei heilskapleg og effektiv forvaltning som sikrar bustader til offentleg tilsette og statleg kontroll med bustadmassen. Statsbygg Svalbard har ansvaret for statlege bygg og utbyggingar på Svalbard og for forvaltninga av ein bustadpool i Longyearbyen, som leiger ut bustader til offentleg tilsette. Vidare er det ein føresetnad for å halde oppe norske samfunn på øygruppa at befolkninga har ein stor grad av tryggleik for liv, helse og materielle verdiar. Skredsikringstiltak mv. er viktige i den samanhengen.
Dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken omtala over fordrar at regelverk og rammer for Svalbard og Longyearbyen blir vurderte og tilpassa etter samfunnsutviklinga. Regjeringa har sett i verk fleire endringar i regelverk i 2022 og 2023, og fleire regelverksendringar som omhandlar forholda på Svalbard har vore på høyring. Endringane og forslaga til endringar legg til rette for at den langsiktige og føreseielege forvaltninga av Svalbard held fram. Sjå Prop. 1 S (2023–2024) Svalbardbudsjettet for nærmare omtale.
Beredskap og skredsikring
Det har vore ei monnaleg auke i talet på fartøy som seglar i farvatna ved Svalbard i 2022, samanlikna med åra før. Trenden er at den maritime aktiviteten i farvatna rundt Svalbard aukar. Større aktivitet i havområda rundt Svalbard har tidlegare ført til at det har blitt fleire redningsoppdrag. Ein må vente at det kan bli fleire redningsaksjonar i framtida.
Sysselmeisteren disponerer det innleigde tenestefartøyet «MS Polarsyssel». Fartøyet er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng bl.a. ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp og personskadar. I tillegg er fartøyet avgjerande i dei årlege inspeksjonane av Svalbard og generelt når Sysselmeisteren driv oppsyn og utøver mynde. «Polarsyssel» har helikopterdekk som er tilpassa helikopteret til Sysselmeisteren. Polarsyssel har hatt 181 seglingsdøgn i 2022, samanlikna med 204 i 2021.
Sysselmeisteren er ansvarleg for kontraktoppfølging av avtalen om leige av «Polarsyssel». Avtaleperioden er 2014–2024, med moglegheit til å utløyse ein opsjon ut 2025. Den årlege kostnaden for fartøyet er 64 mill. kroner, inkludert kostnader for mannskap, ekskl. drivstoff.
Regjeringa foreslår at Stortinget sluttar seg til at Justis- og beredskapsdepartementet frå 2026 kan forplikte seg til auka utgifter på kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskudd, til bruk i samanheng med ny avtale om leige av tenestefartøy for Sysselmeisteren frå 2026. Sjå Prop. 1 S (2023–2024) Svalbardbudsjettet for nærmare omtale. Sjå òg forslag til romartalsvedtak V.
Sysselmeisteren disponerer to innleigde AWSAR Super Puma redningshelikopter. Sysselmeisteren er ansvarleg for kontraktoppfølging av avtalen. Helikoptera blir nytta til søk og redning på Svalbard og i nærliggjande område. Ansvaret for drifta av Svalbard-basen vart overteke av CHC Helikopter Service AS 1. april 2022. Operasjonen er felles med den sivile redningshelikopterbasen i Tromsø. Utgiftene til helikopter var i 2022 150,9 mill. kroner, samanlikna med 146,4 mill. kroner i 2021. Avtalen varer i seks år med opsjonar for forlenging på inntil fire år. Sjå elles kap. 454, post 01 og post 45 i Prop. 1 S (2022–2023) for Justis- og beredskapsdepartementet.
Kostnaden for drivstoff for Sysselmeisteren sitt tenestefartøy og Sysselmeisteren sine helikopter har auka. Sysselmeisteren har måtte avpasse drifta innanfor gjeldande budsjett når det gjeld bruk av desse transportressursane. Sysselmeisteren vil i 2024 prioritere bruk av helikopter og tenestefartøyet til beredskap, søk og redning.
Arbeidet med skredsikring i Longyearbyen har komme langt. Det er løyvd til saman 170 mill. kroner til sikring under Sukkertoppen. Sikringstiltaka består av støtteforbyggingar i fjellsida og ein fangvoll nedanfor fjellsida. Arbeidet starta opp i 2019 og blei avslutta i 2023. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har hatt ansvaret for å gjennomføre sikringstiltaka.
Området Nybyen i Longyearbyen vil ikkje bli prioritert for skredsikring. Sikringstiltak mot sørpeskred frå Vannledningsdalen utgjer det avsluttande leddet i sikringsarbeidet for sentrum av Longyearbyen. Samla kostnad for sikringstiltaket er rekna til 90 mill. kroner. Regjeringa foreslår å løyve midlar til den avsluttande delen av sikringstiltaket i 2024. NVE har ansvaret for å gjennomføre sikringstiltaket.
NVE har frå 2016 gjennomført regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöld Land. I tillegg er det etablert lokal varsling for Longyearbyen. Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) er samarbeidspartnar for observasjonar.
Longyearbyen lokalstyre har utarbeidd ein energiplan for Longyearbyen som dei overleverte til Justis- og beredskapsdepartementet og Olje- og energidepartementet i mars 2023. Departementa og lokalstyret vurderer no den vidare prosessen med å få på plass ei ny energiløysing.
Tiltak
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på til saman 38,2 mill. kroner med stikkordet «kan overførast». Løyvinga vil kunne nyttast av Olje- og energidepartementet gjennom ei belastningsfullmakt.
Fram til skredsikringstiltak er på plass, er dei viktigaste tiltaka varsling og evakuering. Den lokale varslinga blir vidareført vinteren 2023–2024. Longyearbyen lokalstyre skal etter planen overta denne varslinga når sikringstiltaka er ferdige.
Det blei innført både personkontroll og kontroll med vareførselen til og frå øygruppa i mai 2022, bl.a. for å styrke moglegheita og evna styresmaktene har til å føre kontroll på Svalbard. Begge kontrollordningane har vore operative i 2023. Sjå Prop. 1 S (2023–2024) Svalbardbudsjettet for nærmare omtale. I 2024 vil regjeringa prioritere å følgje opp dei nye kontrollordningane.
Post 50 Tilskudd
Løyvinga skal nyttast til å dekke underskotet på svalbardbudsjettet for å sikre at inntektene på svalbardbudsjettet er like store som utgiftene. Bortsett frå tilskotet er skattar og avgifter på Svalbard den største inntektsposten.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 406,5 mill. kroner.
Kap. 481 Samfunnet Jan Mayen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 53 946 | 58 120 | 61 175 |
Sum kap. 481 | 53 946 | 58 120 | 61 175 |
Øya Jan Mayen i Norskehavet er ein del av kongeriket Noreg, jf. lov om Jan Mayen frå 27. februar 1930. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for lova.
Norsk nærvær på Jan Mayen blir halde ved lag.
Aktivitet og aktørar på Jan Mayen
Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer drifta av og har budsjettansvaret for Samfunnet Jan Mayen. Samfunnet Jan Mayen er ein del av Cyberforsvaret, som igjen er ei avdeling i Forsvaret. Ansvaret for infrastruktur på øya, medrekna flystripa, er lagt til Samfunnet Jan Mayen.
Statsforvaltaren i Nordland er statsforvaltar for Jan Mayen.
I tillegg har fleire statlege verksemder overordna ansvar for, eller ansvar på Jan Mayen. Desse er
Politimeisteren i Nordland
Miljødirektoratet
Norsk Polarinstitutt
Riksantikvaren
Forsvarsbygg
Kongsberg Satellite Services (KSAT)
Meteorologisk institutt.
Verksemda på Jan Mayen medverkar til norsk nordområdepolitikk på fleire område, bl.a. innan meteorologi- og kommunikasjonstenester. Plasseringa gjer øya godt eigna for referansestasjonar for satellittbaserte navigasjonssystem. Delar av verksemda på Jan Mayen er direkte knytte til oppfølging av internasjonale plikter, som drift av bakkestasjonar for satellittnavigasjonsprogramma til EU og ein seismisk målestasjon for overvaking av avtalen om prøvestans.
Nytt hovudbygg på Jan Mayen
Hovudbygget på Jan Mayen vart oppført tidleg på 1960-talet, med ei levetid rekna til 10 år. Den eksisterande bygningsmassen er i dårleg stand og har større roteskadar. Det er påvist asbeststøv i eit av bygga, som derfor er delvis stengt. Det er ikkje hensiktsmessig å bruke midlar, utover til trygging av bygningsmassen, inntil ny stasjonsbygning er på plass.
Forsvarsdepartementet er ansvarleg for prosjektet med nytt hovudbygg. Forsvarsdepartementet har gitt Forsvarsbygg i oppdrag å planlegge eit nytt hovudbygg på Jan Mayen. Oppdraget omfattar nybygg og sanering av eksisterande hovudbygg. Forprosjektet skal leverast til Forsvarsdepartementet i 2023.
Post 01 Driftsutgifter
Samfunnet Jan Mayen omfattar all felles infrastruktur på øya og personellet som driv infrastrukturen. Samfunnet Jan Mayen yter i dag tenester til Meteorologisk institutt, noko som omfattar bakkestasjonane for EGNOS og Galileo, Telenor Kystradio og seismiske stasjonar. Justis- og beredskapsdepartementet har avtalar med institusjonane som har ansvaret for desse tenestene. Avtalane omfattar bl.a. arbeidsoppgåver som skal utførast av personellet på øya, og dekning av fellesutgifter. Løyvinga skal dekke utgiftene til drifta av fellesfunksjonane på Jan Mayen.
Forsvaret har til ei kvar tid 15 tilsette på øya. Kvar kontingent er på Jan Mayen i seks månader, med rotasjon av personell i mars og september. Stasjonen på Jan Mayen blir leidd av ein militær stasjonssjef som òg er den offisielle representanten for norske styresmakter på øya.
Løyvinga på posten dekker vidare lønn til fire administrativt tilsette på fastlandet. Meteorologisk institutt lønner to tilsette som inngår i den samla besetninga på stasjonen, over sitt budsjett.
Regjeringa foreslår ei løyving på 61,2 mill. kroner på posten.
Kap. 3481 Samfunnet Jan Mayen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Betegnelse | Regnskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Refusjoner og andre inntekter | 7 409 | 6 836 | 7 137 |
Sum kap. 3481 | 7 409 | 6 836 | 7 137 |
Post 01 Refusjoner og andre inntekter
Inntektsposten omfattar refusjonar for delar av fellesutgiftene for Samfunnet Jan Mayen. Desse blir betalte av Meteorologisk Institutt, Kongsberg Satellite Services AS, Telenor Kystradio og andre som kjøper tenester på Jan Mayen. Inntekter frå kioskdrifta på Jan Mayen blir òg førte på denne posten.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet i 2024 får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 481, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3481, post 01, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei inntektsløyving på kap. 3481, post 01 Refusjoner og andre inntekter på 7,1 mill. kroner.
Programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring
Utgifter under programkategori 06.90 fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
01–29 | Statens egne driftsutgifter | 5 207 145 | 2 764 989 | 3 906 019 | 41,3 |
30–49 | Nybygg, anlegg o.a. | 71 124 | 111 018 | 109 936 | -1,0 |
50–89 | Overføringar til andre | 876 836 | 837 237 | 1 270 919 | 51,8 |
Sum kategori 06.90 | 6 155 105 | 3 713 244 | 5 286 874 | 42,4 |
Utgifter under programkategori 06.90 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 | Endring i pst. |
490 | Utlendingsdirektoratet | 5 883 278 | 3 430 693 | 4 991 541 | 45,5 |
491 | Utlendingsnemnda | 271 827 | 282 551 | 295 333 | 4,5 |
Sum kategori 06.90 | 6 155 105 | 3 713 244 | 5 286 874 | 42,4 |
Innleiing
Programkategorien omfattar løyvinga til Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE). Desse verksemdene er ansvarlege for iverksetjing av innvandringspolitikken, i samarbeid med politiet og utanrikstenesta (sjå omtale av politiet under programkategori 06.40 og utanrikstenesta under Prop. 1 S (2023–2024) for Utanriksdepartementet). Verksemdene i programkategorien har i hovudsak oppgåver som gjeld målet om kontrollert og berekraftig innvandring og målet om rettstryggleik (sjå definisjon i del I).
UDI og UNE behandlar søknader og klagar knytte til opphald i Noreg. Dette inkluderer saker om arbeid, EØS-saker og saker etter statsborgarlova som er under ansvarsområdet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. UDI har òg ansvar for assistert retur og innkvartering av asylsøkarar, og dei har omsorgsansvar for einslege mindreårige som bur i asylmottak.
Søknader om opphald og statsborgarskap blir leverte til førstelinja i politiet eller ved ein utanriksstasjon. Saker der det er tvil, eller der førstelinja ikkje har makt til å gjere vedtak, blir sende til UDI for behandling. Søknader om vern (asyl) blir leverte til politiet og behandla av UDI. Klagar på vedtak blir først behandla i UDI, og dersom UDI ikkje gjer om vedtaket, blir dei sende til UNE.
Prioriteringar i 2024
Krigen i Ukraina har ført til at millionar av menneske er fordrivne frå heimlandet. Dette er den største flyktningstraumen i Europa sidan andre verdskrigen. Budsjettforslaga i Prop. 1 S (2023–2024) byggjer på prognosar frå Beregningsgruppen for utlendingsforvaltningen (BGU) frå juni. Ifølgje desse prognosane er det berekna at det kjem 20 000 fordrivne frå Ukraina i 2024, i tillegg til 5 000 asylsøkarar frå andre land. Det er uvanleg stor uvisse om korleis innkomstane av flyktningar og fordrivne frå Ukraina utviklar seg. Innkomstane av flyktningar og fordrivne kan bli annleis enn det prognosen tilseier. Regjeringa foreslår ei løyving til innkvartering av asylsøkarar i tråd med prognosane for 2024. Regjeringa foreslår òg å vidareføre administrativ kapasitet i UDI på nivå med 2023. Det blir foreslått ei mellombels løyve til å handtere auka oppgåvemengd i UDI som følgje av høge innkomstar frå Ukraina på 160 mill. kroner i 2024. I tillegg foreslår regjeringa å vidareføre ei overskridingsfullmakt på 3 mrd. kroner som gjeld innkvartering av utlendingar som søker om vern, jf. forslag til vedtak. Regjeringa vil gjere ein fullstendig gjennomgang av budsjettkonsekvensane av innkomstar frå Ukraina i samband med revidert nasjonalbudsjett. Sjå nærmare omtale av handteringa av fordrivne frå Ukraina bl.a. under kap. 490, post 01, post 21, post 60 og post 70, og i Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Regjeringa meiner at FNs kvotesystem for overføringsflyktningar er den tryggaste og mest rettvise ordninga for å sikre mottak av menneske med behov for vern. Samstundes meiner regjeringa at talet på overføringsflyktningar til Noreg må sjåast i samanheng med talet på asylsøkarar. Krigen i Ukraina har medført ein stor auke i talet på asylsøkarar. Derfor foreslår regjeringa å redusere den ordinære kvoten for overføringsflyktningar og anna byrdedeling frå 2 000 plassar i 2023 til 1 000 plassar i 2024, sjå òg omtale under kap. 490, post 01, post 73 og post 75.
Noreg og dei andre Schengen-landa forbetrar for tida IT-systema sine. Tiltaka gir betre tryggleik i Europa gjennom styrkt grensekontroll, migrasjonskontroll og politisamarbeid. Noreg vil bli betre rusta til å førebyggje, avverje og motarbeide grensekryssande kriminalitet, ulovleg migrasjon og terrorisme. Utlendingsforvaltninga held fram med å gjere nødvendige tilpassingar i systema sine. Regjeringa foreslår å løyve 64,5 mill. kroner til tiltaka i UDI og UNE.
Regelutvikling og effektiv gjennomføring
Talet på ubehandla saker i utlendingsforvaltninga var historisk høgt ved utgangen av 2022, mellom anna som følgje av ein brå auke i talet på statsborgarskapssaker frå 2020, samt pandemi-handtering. Restansane har no gått noko tilbake. Det høge talet på ubehandla saker fører til lange ventetider for søkarane, arbeidsgivarar, studiestader og andre interessentar. Lang saksbehandlingstid er òg krevjande for forvaltninga, då etatane får fleire førespurnader frå brukarane og fordi informasjon i enkelte høve må hentast inn på nytt. Regjeringa er oppteken av at søkaren raskt skal få avklart om dei har krav på opphald eller ikkje, så dei kan tilpasse seg deretter.
På førespurnad frå departementet har UDI kome med innspel til fleire forenklingar i regelverket, som vil kunne leggje til rette for meir effektiv saksbehandling. Forslaga er no til vurdering. Fleire regelendringar som legg til rette for rask saksbehandling er allereie vedtekne, t.d. har UNE fått åtgang til å ta lyd- og biletopptak. Hausten 2022 instruerte departementet UDI om å vurdere vilkåra for vern (asyl) der søkaren allereie har opphald i Noreg. Erfaring så langt tyder på at talet på asylsøknader frå søkarar som allereie har opphald i Noreg, har gått noko ned etter at instruksen tredde i kraft.
Utlendingsforvaltninga møter barn i ulike samanhengar og livssituasjonar og tek slutningar som påverkar barn, direkte eller indirekte. Noreg skal vere ein pådrivar for at rettane til barn på flukt blir varetekne, og at saker som omfattar barn skal prioriterast høgt. Barn skal oppleve at det er trygt og føreseieleg, og at dei blir involverte i møte med utlendingsforvaltninga. Regjeringa vil jobbe for å sikre ei rask og effektiv saksbehandling som varetek rettstryggleiken og unngår å setje livet til barn og unge på vent. UDI har sett ut eit oppdrag der oppdragstakaren skal vurdere korleis omsynet til det beste for barnet er vurdert i vedtak i asylsaker frå UDI og UNE. På bakgrunn av denne gjennomgangen skal det vurderast om det er behov for endringar i regelverk eller praksis. Rapporten er forventa å vere klar i slutten av 2023.
I saker som involverer barn, skal omsynet til kva som er best for barnet, vurderast særskilt. Departementet arbeider med ulike spørsmål knytte til saker om utvising der barn er involverte, bl.a. oppfølginga av ein arbeidsrapport frå 2022 om dette temaet. Ordninga med fri rettshjelp til barn der ein forelder blir utvist pga. brot på utlendingslova, vart utvida i 2022. Endringa inneber at det blir gitt inntil fem ekstra timar fritt rettsråd for kvart barn som risikerer at ein av foreldra blir utviste. Departementet har òg foreslått å styrke retten til nemndmøtebehandling for nokre typar av desse sakene. Det er òg opna moglegheiter for å søke og få behandla ein søknad om familiesameining i tilfelle der ein forelder har blitt utvist med tidsbunde innreiseforbod, inntil seks månader før innreiseforbodet opphøyre.
Regjeringa har i tråd med Hurdalsplattforma sendt på høyring eit forslag om å avvikle au pair-ordninga, slik at au pairar ikkje lenger vil kunne få opphaldsløyve. Sjølv om formålet med ordninga skal vere kulturutveksling, kan det synast som om både au pairar og vertsfamiliar nyttar ordninga først og fremst som ei arbeidsordning. Dette samsvarer dårleg med hovudprinsippa om arbeidsinnvandring til Noreg, som i utgangspunktet ikkje opnar for ufaglært arbeidskraft utafor EØS-området. I tillegg til at ordninga blir misbrukt ved brot på reglane, er det òg avdekt tilfelle av straffbare forhold der au pairen blir utnytta. Dette synleggjer den utsette posisjonen til au pairane. Regjeringa vil ha skikkelege arbeidsforhold for alle, òg når arbeidet skjer i heimen. Eit forslag om avvikling av au pair-ordninga vart sendt på høyring i mars 2023, og regjeringa arbeider no vidare med forslaget etter høyringa.
Regjeringa støttar arbeidet som er i gang i EU med ei reform av ulike rettsakter som bl.a. har som formål å betre grensekontrollen og førebyggje ukontrollerte sekundærrørsler av asylsøkarar innan Europa. EU-landa diskuterer endringar i Dublin-samarbeidet og i andre typar asylsamarbeid. I tillegg vil regjeringa delta i samarbeid for å støtte europeiske land som er utsette for eit særleg migrasjonspress. Noreg støttar europeiske land bl.a. ved å sende ut ekspertar gjennom asylbyrået EUAA og EUs grense- og kystvaktbyrå Frontex. I tillegg bidrar Noreg gjennom EØS-midlane til å styrke asyl- og migrasjonsforvaltninga i land som Hellas, Romania og Bulgaria. Sjå òg omtalen av EØS-midlane i Prop. 1 S (2023–2024) for Utanriksdepartementet.
Kap. 490 Utlendingsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter | 1 215 774 | 1 200 086 | 1 297 957 |
21 | Spesielle driftsutgifter, asylmottak | 3 704 471 | 1 253 819 | 2 274 108 |
22 | Spesielle driftsutgifter, tolk og oversettelse | 8 022 | 21 862 | 31 542 |
23 | Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overførast | 7 051 | 6 671 | 7 079 |
45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overførast | 71 124 | 37 783 | 45 416 |
46 | Investeringer i Schengen IT-systemer, kan overførast | 73 235 | 64 520 | |
60 | Tilskudd til vertskommuner for asylmottak | 606 041 | 464 246 | 515 463 |
70 | Stønader til beboere i asylmottak | 179 882 | 205 810 | 563 887 |
71 | Tilskudd til aktivitetstilbud for barn i asylmottak, og veiledning for au pairer | 8 590 | 8 947 | 9 519 |
72 | Assistert retur og reintegrering i hjemlandet, kan overførast | 16 233 | 25 316 | 32 298 |
73 | Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., støttetiltak | 14 575 | 19 903 | 14 325 |
74 | Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv., kan overførast | 9 710 | 56 198 | 87 894 |
75 | Reiseutgifter for flyktninger fra utlandet, kan overførast | 16 883 | 30 293 | 20 313 |
76 | Internasjonalt migrasjonsarbeid, kan overførast | 24 922 | 26 524 | 27 220 |
Sum kap. 490 | 5 883 278 | 3 430 693 | 4 991 541 |
Innleiing
Hovudoppgåvene til UDI er å behandle søknader etter utlendingslova og statsborgarlova, å forvalte innkvarteringstilbodet til asylsøkarar, å leggje til rette for retur av personar utan lovleg opphald og å ta ut overføringsflyktningar og ev. anna byrdedeling. UDI skal vidare gi fagleg baserte bidrag til utviklinga av regelverk og politikk på innvandringsfeltet. UDI har òg ansvar for å drifte og forvalte fellesløysingar for IKT i utlendingsforvaltninga. UDI skal jobbe for å sikre ei rask og effektiv saksbehandling som varetek rettstryggleiken og unngår å setje livet til barn og unge på vent.
Behandling av saker
Utgifter til saksbehandling er førte over kap. 490, post 01 og post 22.
Som figuren nedanfor viser, har talet på ubehandla saker og klagar i UDI auka dei siste åra. Pandemi og smitterverntiltak påverka saksbehandlingskapasiteten i UDI i 2020 og 2021. Politiet som førstelinje hadde avgrensa kapasitet, og innreiseregelverket vart stadig endra. Dette førte til eit stort behov for brukarrettleiing. Det vart nytta mykje ressursar til regelverksendringar og ordningar som karantenehotell og kjærastebesøk. Frå januar 2020 vart det opna for at personar kan ha dobbelt statsborgarskap. Dette leidde til ein brå auke i talet på søknader om statsborgarskap. Innkomsten av saker og klagar til UDI auka frå om lag 86 300 i 2020 og 113 000 i 2021 til om lag 166 000 i 2022. I 2021 vart over 1 100 personar evakuerte frå Afghanistan, og oppfølginga kravde ressursar og forsterka prioriteringar frå UDI.
Krigen i Ukraina har ført til mange søknader om vern. Dei fordrivne frå Ukraina har fått søknadene sine behandla raskt. Handteringa av flyktningar og fordrivne frå Ukraina har kravd mykje ressursar frå store delar av organisasjonen til UDI, og det har påverka saksbehandlinga i andre delar av porteføljen til UDI. Restansane i UDI var historisk høge i 2022, og ved slutten av året var det om lag 76 000 ubehandla saker og klagar. Per 30. juni var talet på restansar 68 000.
Saker om vern (asyl)
Asylsøkarar som kjem til Noreg, blir registrerte av politiet og får søknaden sin behandla av UDI. Vanlegvis skal dei fleste asylsøkarane bli innkvarterte på Nasjonalt ankomstsenter i den første fasen samstundes som dei får behandla søknaden om vern. Det høge talet på fordrivne frå Ukraina i 2022 gjorde at politiet desentraliserte og oppretta fleire mellombelse registreringsstader rundt om i landet for denne gruppa, og at asylsøkarane i den innleiande fasen vart innkvarterte på andre stader enn Nasjonalt ankomstsenter. Organiseringa av asylregistreringa vurderast laupande i tråd med behova.
Boks 2.3 Mellombels kollektivt vern
Regjeringa innførte 11. mars 2022 ei ordning med mellombels kollektivt vern for personar som er fordrivne frå Ukraina, med heimel i utlendingslova § 34, jf. utlendingsforskrifta § 7-5a. Ordninga inneber eit unntak frå utgangspunktet om at ein søknad om vern skal vurderast individuelt, då ho opnar for å gi vern etter ei gruppevurdering. Opphald blir gitt for eitt år og kan fornyast eller forlengjast i inntil tre år. Opphaldsløyvet dannar ikkje grunnlag for permanent opphald, men det gir rett til familiesameining og rett til å arbeide. Bakgrunnen for dei særlege føresegnene om forenkla saksbehandling er behovet for effektivitet i ein situasjon der det kjem svært mange asylsøkarar på kort tid, og at behovet for vern er mellombels. Personar som har fått innvilga mellombels kollektivt vern, skal returnere når situasjonen i opphavslandet tilseier det. Det er Kongen i statsråd som avgjer når ordninga ikkje lenger gjeld.
Dei som får innvilga vern, får som hovudregel eit mellombels opphaldsløyve på tre år, som så kan bli fornya. Dei fleste som får innvilga vern, får løyve som gir grunnlag for å søke om permanent opphald og deretter statsborgarskap. Fordrivne frå Ukraina får opphaldsløyve i eitt år etter føresegna om mellombels kollektivt vern. Regjeringa vedtok i januar 2023 å forlengje det mellombels kollektive vernet med eitt år for dei som framleis fyller vilkåra for mellombels kollektivt vern. Dei som ikkje fell inn under ordninga med mellombels kollektivt vern, får søknaden sin behandla etter dei ordinære reglane om vern.
Figuren nedanfor viser dei store svingingane i innkomne og behandla asylsaker frå 2015 til 30. juni 2023. Det høge talet på vedtak frå 2022 kjem av at UDI utvikla ei automatiseringsløysing for behandling av søknader frå fordrivne frå Ukraina som vart behandla etter føresegna om mellombels kollektivt vern. Dei fleste søkarane fekk svar på søknaden sin innan tre veker frå søknadsdatoen.
I budsjettet for 2024 er det lagt til grunn 25 000 asylsøkarar. Av desse er 20 000 fordrivne frå Ukraina. Det er alltid stor uvisse om talet på asylsøkarar, noko situasjonen som følgje av krigen i Ukraina har vist. Gitt prognosen på 25 000 saker er det forventa at UDI i 2024 skal behandle like mange saker som det kjem inn. I ein normalsituasjon er det eit mål at 70 pst. av asylsakene skal bli behandla innan 21 dagar. Sidan utbrotet av Ukraina-krigen har den innleiande asylfasen blitt svært annleis pga. dei høge innkomstane av ukrainarar og at dei fleste av desse har fått vedtak om mellombels kollektivt vern. UDI vart i 2023 gitt i oppdrag å evaluere korleis Nasjonalt ankomstsenter og ny asylsaksprosess har fungert i den ekstraordinære innkomstsituasjonen.
Saker om opphald og statsborgarskap
Søknader om statsborgarskap, visum og opphald på anna grunnlag enn vern blir leverte til politiet eller til ein utanriksstasjon. Søkarar med innvilga sak får eit førstegongsløyve som er mellombels og må fornyast. Fleire av løyva gir grunnlag for å søke om permanent opphald og seinare statsborgarskap. Visum blir gitt for 90 dagar og kan ikkje fornyast. UDI gjer vedtak i alle typar saker, men politiet og utanriksstasjonane har makt til å gjere vedtak i enkelte saker. Figuren nedanfor viser utviklinga i talet på innkomne saker og behandla saker i UDI frå 2018 til 30. juni 2023.
Frå 2021 er det auken i søknader om statsborgarskap som gjer at talet på innkomne saker til UDI er såpass høgt. Auken heng saman med lovendringa som opna for dobbelt statsborgarskap frå januar 2020. Covid-19-pandemien førte til lågare innkomst av saker om opphald i store delar av 2020 og 2021, bl.a. pga. stengde publikumsmottak og reiserestriksjonar. Samstundes auka behovet for brukarrettleiing, og talet på brukarførespurnader til UDI auka med 32 pst., tilsvarande 100 000 førespurnader, frå 2018 til 2021. I 2022 har det vore 419 000 brukarforespunader.
Figuren nedanfor viser at UDI i 2021 og 2022 behandla fleire saker enn dei har gjort dei siste åra, noko som bl.a. heng saman med at om lag 30 pst. av sakene om statsborgarskap vart behandla heilautomatisk. Så langt i 2023 har UDI behandla fleire saker om opphald enn det som har komme inn, og restansane er noko redusert.
Automatisering av vedtak om kollektivt vern og statsborgarskap har bidratt til at saksbehandlingstidene er uendra eller gått ned for dei fleste sakstypane, med unntak av søknader om permanent opphaldsløyve. Figuren nedanfor viser utviklinga i median saksbehandlingstid for dei ulike sakstypane frå sakene er teke imot i utlendingsforvaltninga til første vedtak er fatta i UDI.
Talet på innkomne saker til UDI avheng av nye søknader og av kapasiteten i førstelinja i politiet og utanrikstenesta. Samla blir det forventa 290 000 søknader om opphald og statsborgarskap til førstelinja i 2024, og det blir forventa at UDI vil få om lag 97 000 søknader.
Behandling av søknader om opphaldsløyve er som hovudregel ein gebyrbelagt teneste. Dette gjeld med unntak av til dømes barn. For å sikra betre samsvar mellom dei faktiske utgiftene ved å behandla saker om opphald og gebyra, blir gebyrsatsane endra som vist i tabellen.
Tabell 2.12 Gjeldande gebyr og forslag til nytt gebyr f.o.m. 1. januar 2024
Sakstype | Gjeldande gebyr | Nytt gebyr |
---|---|---|
Familieinnvandring | ||
Førstegongs søknad om familieinnvandring | 10 500 | 11 900 |
Førstegongs søknad om familieinnvandring med en flyktning | 7 800 | 7 800 |
Fornying av familieinnvandring | 2 600 | 4 400 |
Personar som hadde norsk mor eller far då dei vart fødde | 1 100 | 5 400 |
Arbeid, studiar og au pair | ||
Studieløyve | 4 900 | 5 400 |
Au pair-løyve | 9 100 | 9 300 |
Permanent opphaldsløyve | ||
Permanent opphaldsløyve | 3 800 | 4 000 |
Utlendingspass og reisebevis | ||
Personar over 18 år som har løyve på anna grunnlag enn søknad om vern | 1 300 | 2 200 |
Fornying for personar som er 16 år og eldre | 570 | 2 700 |
Dette blir anslått, gitt gjeldande prognosar for innkomne saker, å gi meirinntekter for staten på om lag 100 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440.
Saker om tilbakekall og utvising
Politiet og UDI opprettar sjølv saker om utvising og tilbakekall av løyve. Det blir oppretta sak om utvising dersom ein utlending bryt norsk lov, og sak om tilbakekall når det er mistanke om at løyvet er gitt basert på urette opplysningar, at søkaren har heldt tilbake vesentleg informasjon, eller at grunnlaget for løyvet er falle bort.
UDI behandla i 2022 i underkant av 4 200 saker og klagar om utvising. I 2022 vart nesten 1 900 personar utviste frå Noreg. Om lag 70 pst. av utvisingane var med årsak i brot på utlendingslova. I ein mindre del av desse sakene får det følgjer for barn. Dei fleste sakene der det blir spørsmål om utvising av foreldre med barn i Noreg, endar det med at det ikkje blir fatta vedtak om utvising. Sjå òg arbeidsgrupperapporten Terskelen for utvisning i saker som berører barn.
Betre ID-arbeid har ført til at utlendingsmyndigheitene har avdekt at fleire personar har opphaldsløyve basert på feil identitet eller på andre urette opplysningar, noko som gir grunnlag for å kalle tilbake opphaldsløyvet. Samstundes kan ein kalle tilbake flyktningstatus og opphaldsløyve når det ikkje lenger er behov for vern. Opphaldsløyve kan òg kallast tilbake når opphaldsgrunnlaget ellers ikkje lenger er til stades.
I 2022 vart det oppretta i underkant av 2 000 tilbakekallssaker, og UDI behandla om lag 2 000 slike saker. I tillegg kjem innkomne og behandla klagesaker. I 2022 fekk til saman rundt 1 000 personar trekt tilbake eit løyve i vedtak fatta av UDI. Om lag 30 pst. av løyva som vart kalla tilbake i 2022, var knytte til feil eller urette opplysingar, og rundt 2 pst. var knytte til betra forhold i heimlandet. Dei resterande gjeld i hovudsak at vilkåra for løyvet ikkje lenger er oppfylte. Fleire av dei som får eit løyve kalla tilbake, får eit nytt løyve på anna grunnlag. Departementet føreset at UDI legg vekk oppretta tilbakekallssaker der forvaltningslova sine krav til saksbehandlingstid utan ugrunna opphald er brotne. Departementet samtykte dessutan i 2022 til at UDI kan henleggje saker der barn i ein familie mest sannsynleg fyller vilkåra for eit nytt opphaldsløyve. UDI er i 2023 forventa å prioritere aktivt i porteføljen for tilbakekallssaker for å få betre kontroll over porteføljen og for å sørge for at ressursane blir retta mot saker der det er viktigast å reagere med tilbakekall.
UDI behandla i 2022 totalt 290 saker og klagar om tilbakekall etter statsborgarlova. Det var 15 fleire vedtak enn i 2021. Likevel auka restansane for denne porteføljen med 66 saker i 2022 til kring 1 200 ved utgangen av året, men i 2023 har restansane blitt bygde ned. Per 30. juni var det 960 saker i restanse.
Asylmottak
Alle utlendingar som søker om vern, har rett til innkvartering i asylmottak. Det blir gitt tilbod om plass i mottak fram til retur eller busetjing. Mottakstilbodet er differensiert etter behova til utlendingsforvaltninga og mottaksbebuarane, bl.a. med Nasjonalt ankomstsenter, transittmottak, ordinære mottak, mottak for einslege mindreårige over 15 år, integreringsmottak og mottak for bebuarar med særskilde behov. Aktivitetar i mottaka vil vere retta både mot retur og mot integrering.
UDI har omsorgsansvaret for einslege mindreårige som bur i asylmottak. For å sikre at rettane til barna blir varetekne, vart det i 2022 innført ei uavhengig tilsynsordning, der statsforvaltaren skal føre tilsyn med omsorga for einslege mindreårige som bur i asylmottak. Omsorgsansvaret for einslege mindreårige under 15 år ligg under Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) (sjå omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Barne- og familiedepartementet).
Utgifter til asylmottak er førte over høvesvis kap. 490, post 01 og 21. Det er ført utgifter til tilskot til vertskommunar for asylmottak over kap. 490, post 60, og utgifter til stønader til bebuarar i mottak over kap. 490, post 70. I tillegg blir det gitt tilskot for aktivitetar for barn i mottak over kap. 490, post 71.
Talet på bebuarar i asylmottak er i hovudsak avhengig av talet på asylsøkarar, men òg saksbehandlingstid, kapasitet til å busetje og moglegheit for returar. Talet på bebuarar i mottak auka vesentleg som følgje av krigen i Ukraina, og per 30. juni 2023 var det om lag 9 300 bebuarar i asylmottak. Dei fordrivne frå Ukraina har budd vesentleg kortare tid i mottak samanlikna med asylsøkarar frå andre land, pga. raskare saksbehandling som følgje av føresegna om kollektivt vern og hurtigprosedyrar for busetjing. Fordrivne ukrainarar har i tillegg i større grad budd privat enn andre grupper som søkar om vern.
UDI har i åra etter 2015 og fram til dei høge innkomstane av fordrivne frå Ukraina starta i 2022, tilpassa kapasiteten i mottaka til færre bebuarar, sjå utviklinga i figuren nedanfor. Ved utgangen av 2021 var det til saman 31 ulike avdelingar i asylmottak i drift. Som følgje av innkomstane av fordrivne frå Ukraina vart det i 2022 oppretta fleire nye asylmottak, mange av dei akuttinnkvarteringar. Etter den innleiande fasen med høge innkomstar, skalerte UDI ned akuttinnkvarteringane, samstundes som dei òg oppretta fleire ordinære mottak for å erstatte delar av akuttinnkvarteringane. Ved utgangen av juni 2023 var 98 avdelingar (ekskl. Nasjonalt ankomstsenter) i asylmottak i drift, med ein samla kapasitet på 13 196 plassar.
Det er alltid uvisse om asyltilstrøyminga til Noreg, og dette gjer det utfordrande å planleggje mottakskapasiteten. Det er no særleg stor uvisse knytt til innkomstar frå Ukraina, men ei rekkje land i EU har òg høge innkomstar av asylsøkarar frå andre land enn Ukraina. Vedvarande høge innkomstar kan påverke kapasiteten til å busetje flyktningar. Låg busetjingstakt gir lengre opphald i mottak, med tilhøyrande behov for mottakskapasitet. Endringar i kor mange mottak ein treng, kan skje raskt. Om ein tilpassar kapasiteten til behovet for plassar, reduserer det offentlege utgifter. Samstundes gir få ledige mottaksplassar redusert kapasitet til å handtere rask og uventa auke i talet på asylsøkarar. UDI må ha ein basiskapasitet sjølv i situasjonar med låge tal på asylsøkarar, dvs. eit minimum av plassar i operative mottak, som er tilstrekkeleg til å halde ved lag marknaden for mottaksplassar og med moglegheit for å skalere opp raskt. Regjeringa planlegg for ein basiskapasitet på 2 720 plassar i 2024, i tillegg til Nasjonalt ankomstsenter. Sjå òg omtale under kap. 490, post 21 og post 60.
Overføringsflyktningar og anna byrdedeling
Noreg tek imot overføringsflyktningar innanfor ein årleg kvote. Overføringsflyktningar er personar som FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har slått fast at treng vern. Plassane på kvoten kan òg nyttast til annan type byrdedeling.
Justis- og beredskapsdepartementet fastset kven som skal prioriterast på kvoten i samråd med Utanriksdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet etter forslag frå UDI og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), som igjen byggjer på forslag frå UNHCR og innspel frå norske frivillige organisasjonar. UDI har ansvar for å ta ut overføringsflyktningar i tråd med føringar frå Justis- og beredskapsdepartementet. Som hovudregel deltek òg IMDi og politiet i uttaka av overføringsflyktningane. Når overføringsflyktningane kjem til Noreg, skal dei som hovudregel bli busette direkte i ein kommune, sjå omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Utgifter som gjeld uttak av overføringsflyktningar og ev. anna byrdedeling, blir førte over kap. 490, post 01, 73 og 75. Nokre gonger er det behov for at flyktningar, ev. relokaliserte asylsøkarar, som blir overførte til Noreg, bur i mottak, og då tilkjem òg utgifter over kap. 490, post 21, 60 og 70. Det blir òg ført utgifter til politiet og IMDi sitt arbeid med uttak under kap. 440, post 01, og kap. 670, post 01, og dessutan utgifter til busetjing og integrering over kap. 671, post 60 og 61, og kap. 672, post 60. Sjå omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Figuren nedanfor viser talet på vedtak om overføring og det faktiske talet på innkomne overføringsflyktningar til Noreg i åra 2015–2023 (per utgangen av juni).
I 2022 var det 3 000 plassar på kvoten. Nesten heile kvoten vart fylt i 2022, men 24 ubrukte plassar vart overførte til 2023. Samla kom om lag 3 100 overføringsflyktningar til Noreg i 2022, der om lag halvparten var syriske flyktningar.
Kvoten for 2023 er på 2 000 plassar. Regjeringa vil bidra til relokaliseringsordninga til EU, og vi tek sikte på å relokalisere til saman 200 asylsøkarar i 2023. Desse blir rekna på kvoten. Desse plassane kan bli overført frå 2023 til 2024.
Retur av personar utan lovleg opphald i Noreg
Dei som får endeleg avslag på ein søknad om vern eller anna opphald, har ei plikt til å forlate landet innan ein bestemt utreisefrist. Vedkommande skal rette seg etter dette ved å returnere til heimlandet innan fristen, anten på eiga hand (sjølvorganisert retur) eller ved å søke om assistert retur med hjelp frå norske myndigheiter. Dersom dette ikkje blir gjort, blir vedkommande transportert ut av politiet, sjå nærmare omtale under programkategori 06.40.
Departementet har ein returstrategi for perioden 2023–2029. Regjeringa legg opp til at returar skal gjennomførast effektivt og med god rettstryggleik, og at returarbeidet nasjonalt skal vere samordna med alle relevante aktørar. Returarbeidet til Noreg byggjer òg på samarbeid med sentrale opphavsland og på det europeiske samarbeidet. Regjeringa vil prioritere bilateralt samarbeid med enkeltland, men ser òg behovet for å vere tett knytte til det europeiske retursamarbeidet, bl.a. fordi EU har blitt ein sterkare og meir effektiv aktør gjennom betre koordinering og fleire tiltak på returfeltet.
Regjeringa meiner det er viktig å ha hurtigprosedyrar på asylfeltet og å leggje til rette for at retur kan bli utfallet gjennom heile asylprosessen, bl.a. ved å tidleg avklare identiteten til asylsøkarar. Vidare legg regjeringa vekt på at returar skal vere berekraftige både for personane som blir returnerte, og for heimlandet.
Dei som fyller vilkåra for assistert retur, får hjelp med å skaffe reisedokument, flybillettar m.m., og dei får tilskot til reise og reintegrering. Utgifter til tilskot til retur er førte over kap. 490, post 72, der også nokre utgifter til administrasjon av assistert retur er inkluderte. Andre utgifter til administrasjon av retur er førte over kap. 490, post 01.
Målgruppa for retur har blitt mindre dei siste åra, hovudsakleg fordi det har kome få asylsøkarar til Noreg, og delen som får innvilga opphald er høg. Det er òg grunn til å tru at ein konsekvent returpolitikk har gitt resultat, og at færre oppheld seg utan lovleg opphald i Noreg. Talet på assisterte returar har gått ned. Det har blitt meir utfordrande for UDI å motivere personane til å velje assistert retur fordi ein stor del av dei utreisepliktige i Noreg har anten opphalde seg i landet over lang tid, har familie med opphald i Noreg eller har særskilde behov som gjer returarbeidet vanskelegare.
I løpet av 2022 valde 90 personar assistert retur, mot 127 i 2021. Per utgangen av juni har 84 personar reist heim assistert i 2023.
Sidan 2022 har det kome vesentleg fleire asylsøkarar til Noreg, dei fleste av desse er fordrivne frå Ukraina. Det er framleis stor uvisse kring korleis situasjonen i Ukraina vil utvikle seg framover, og derfor òg om korleis dette ev. vil påverke returarbeidet i 2024 og framover.
Det er ikkje berre talet på returar som er viktig, men òg kven som reiser. Nokre utreisepliktige personar utløyser store kostnader for samfunnet. Dette gjeld t.d. personar som bur i særskilde butilbod, i tilrettelagde avdelingar i mottak og i fengsel. UDI og Politiets utlendingseining (PU) og spesialutsendingar ved norske utanriksstasjonar samarbeider tett for å få til returar av denne gruppa. I 2022 returnerte to personar, assistert eller med tvang, frå slike spesielle butilbod. Tilsvarande tal for 2021 var ni. I 2024 forventar ein ca. seks assisterte returar frå særskilde butilbod eller tilrettelagde avdelingar.
Implementering av Schengen-IT-system
Schengen-landa er i gang med å utvikle og ta i bruk nye IT-system og arbeidsmetodar for å styrke behandlinga av den felles yttergrensa og tryggleiken på Schengen-området. Innføringa av systema krev til dels store endringar i IT-systema til politiet og UDI i perioden 2022–2026/2027, og etter kvart krevst det endring i arbeidsprosessar. Når systema er implementerte, vil det leggje til rette for betre informasjonstilgang til og frå utlandet, og Noreg vil bli betre rusta til å førebyggje, avverje og motarbeide grensekryssande kriminalitet, ulovleg migrasjon og terrorisme.
Systema som skal oppdaterast/implementerast, er informasjonsdelingsplattforma Schengen Information System (SIS), visumregisteret Visa Information System (VIS), fingeravtrykksregisteret Eurodac og den systemoverbyggjande løysinga og søkeportalen Interoperabilitet (IO). Det går òg for seg arbeid med å implementere inn- og utreisesystemet Entry-Exit System (EES) og framreisesystemet European Travel Information Authorisation System (ETIAS).
Boks 2.4 Schengen IT-system
Hovudformålet med dei nye løysingane som Schengen-IT-systema vil gi er ei effektiv og funksjonell grenseforvaltning som skal førebyggje grenseoverskridande kriminalitet, ulovleg innvandring og terror. Ein styrkt kontroll på yttergrensa skal òg sikre fri rørsle i Schengen-området. Samfunnsmål for tiltaka er:
Auka tryggleik i Europa gjennom styrkt grensekontroll, migrasjonskontroll og politisamarbeid, for å betre førebyggje, hindre og nedkjempe grensekryssande kriminalitet, ulovleg migrasjon og terrorisme.
Effektmåla som beskriv dei viktigaste verknadene av implementeringa av systema, er som følgjer:
1. Noreg overheld forpliktingane sine etter Schengenregelverket.
2. Kvalitet på grense- og territorialkontrollen blir betre.
3. Grensekontrollen blir effektivt gjennomført.
4. Førebygging, avdekking og etterforsking av kriminalitet og terrorisme blir meir målretta.
5. Færre personar er utan lovleg opphald i Noreg.
I tillegg til å styrke tryggleiken i Noreg og Europa gir dei nye løysingane følgjande effektar for brukarane og utlendingsforvaltninga:
Betre rettstryggleik. Gjennom SIS Recast vil utlendingsmyndigheitene ha betre informasjon om og når utreise frå Noreg og Schengen har skjedd. Rettstryggleiken for innmelde personar blir styrkt ved at UDI vil kunne fastsetje med større visse når eit innreiseforbod har byrja å gjelde, og dermed også når det har gått ut. Dette sikrar, på ein betre måte enn i dag, rettidig sletting av innreiseforbod frå SIS-innmelding.
Betre datakvalitet. Entry / Exit System vil registrere tidspunkt og stad for inn- og utreise over Schengen yttergrenser elektronisk. Registreringa gjeld for tredjelandsborgarar på korttidsopphald på Schengen-territoriet. Systemet vil òg registrere reisedokument-opplysningar og dessutan biometriske kjenneteikn som ansiktsbilete og fire fingeravtrykk. Data vil bli kontrollerte ved seinare inn- og utreiser. Systemet vil automatisk berekne kor lenge tredjelandsborgaren oppheld seg på Schengenterritoriet, og vil varsle medlemslanda når den reisande ikkje forlèt Schengen-territoriet innan utløpet av den lovlege opphaldstida. Registrering og kontroll i Entry / Exit System erstattar dagens praksis med manuell stempling i reisedokument. Tilgang til elektronisk kalender gir betre datakvalitet og hindrar at saksbehandlar bereknar feil opphaldstid.
Raskare avklaring av ID. Det skal opprettast ein felles biometridatabase som vil vere søkbar frå dei ulike løysingane som blir etablerte. Biometriske søk vil skje samstundes i alle registera. Dette vil redusere talet på søk i forhold til i dag. Søket vil gi eit samla søkeresultat på tvers av systema.
Rett avklaring av ID. Det vil bli oppretta eit felles identitetsregister med biografiske data (namn, fødselsdato, nasjonalitet m.m.) frå dei underliggjande systema. Hovudformålet med eit felles personregister er å sikre at ein person blir riktig identifisert uavhengig av systemet eller systema det blir gjennomført søk i. Dei biografiske opplysningane vil bli lagra i det felles identitetsregisteret, men likevel tilhøyre dei underliggjande systema.
Betre kvalitet i saksbehandlinga. Søkeportalen Interoperabilitet kan avdekke om ein person er registrert med fleire identitetar i systema, ved søk med biometriske og/eller biografiske opplysningar. Verifisering av opplysningar om at det er same person som er omhandla i dei ulike systema, blir dels gjennomført automatisk av den tekniske komponenten, og dels ved manuell identifisering.
I 2022 vart det vedteke ei styringsramme for implementering av SIS, VIS, Eurodac og IO i UDI på 206,7 mill. 2022-kroner i perioden 2022–2024 og ei kostnadsramme på 237,3 mill. 2022-kroner i tråd med tilrådinga frå ein ekstern kvalitetssikrar (KS2). Våren 2022 vart det gjennomført ei ny ekstern kvalitetssikring med oppdaterte basisestimat. Denne kvalitetssikringa har sett prosjekta i UDI og politiet i samanheng. I tråd med kva kvalitetssikraren tilrår, blir det foreslått ei samla kostnadsramme for prosjekta i politiet (kap. 440) og UDI (kap. 490) på 2 187 mill. kroner for perioden 2022–2025, sjå òg omtale under kap. 440. Den eksterne kvalitetssikringa viser at dei samla rammene for politiet og UDI reduserer behovet for uvisseavsetning. Det forventa utgiftsbehovet i UDI for prosjektperioden 2022–2024 er no estimert til om lag 226 mill. kroner. Varige driftsutgifter frå 2025 er anslått til 50 mill. kroner for systema i UDI.
Kostnadsramma blir foreslått samla, og det blir foreslått at ho skal forvaltast av departementet, jf. forslag til vedtak om fullmakt til å pådra staten forpliktingar for investeringsprosjekt.
Løyvinga til UDI som gjeld Noreg sine Schengen-IT-system, er nærmare omtalt under post 01, post 45 og post 46.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av UDI. Dette inkluderer lønn til tilsette, IT-system, utstyr, anskaffingar med unntak av større investeringar og asylmottak, jf. kap. 490, post 21 og 45, og dessutan kontorlokale m.m. I det første halvåret av 2023 var utførte månadsverk i UDI i gjennomsnitt 1 010 årsverk, mot 961 utførte årsverk i 2022.
Det blir i sum foreslått å auke løyvinga med 97,9 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2023. Dei ulike endringane er som følgjer:
Regjeringa foreslår ei mellombels løyve til å handtere auka oppgåvemengd som følgje av høge innkomstar av fordrivne frå Ukraina på 160 mill. kroner i 2024. Dette omfattar mellom anna vidareføring av mellombelse tilsettingar innan saksbehandling, asylmottaksoppfølging, i tillegg til styrking av enkelte støttetenester og IT-drift.
Datasystema til UDI er utpekt som eit mål for framand etterretning. Det blir foreslått å auke løyvinga med 12 mill. kroner for å styrke informasjonstryggleiken i IT-systema til UDI.
Vidare blir det foreslått å auke løyvinga med 5,5 mill. kroner for å forbetre og forenkle søknadsprosessen knytt til tilbakevending. Midlane skal gå til å utvikle ei automatiseringsløysing for søknadar om tilbakevendingsstøtte.
Det blir foreslått å redusere mellombels løyving til tilbakekall av statsborgarskap med 7,6 mill. kroner.
Regjeringa foreslår å redusere den ordinære kvoten for overføringsflyktningar og anna byrdedeling frå 2 000 plassar i 2023 til 1 000 plassar i 2024. Løyvinga på posten blir derfor foreslått redusert med 14,7 mill. kroner.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 2,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 490, post 72 (sjå omtale under post 72).
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 01, blir rapporterte som bistandsutgifter i tråd med retningslinjene til OECD om Official Development Aid (ODA) og blir førte som inntekter på kap. 3490, post 01, post 03 og post 06, jf. nærmare omtale under posten.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 490, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3490, post 05, jf. forslag til vedtak.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 1 298 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke utgifter staten har til drift av mottak for asylsøkarar, inkludert integreringsmottak.
Forutan losji skal tilbodet om innkvartering omfatte visse nødvendige sosial- og omsorgstenester, bl.a. mat, klede og omsorgstenester for bebuarar med særskilde behov. Løyvinga dekker òg opplærings- og informasjonstiltak, ulike organiserte sosiale aktivitetar som dagtilbod for barn, nødvendig helsehjelp til nykomne asylsøkarar og returfremmande tiltak for bebuarane i mottaka. Vidare dekker posten utgifter til bl.a. tiltak som vakthald, tilrettelegging av buforhold og plassering utanfor mottak for personar med særskilde behov, aldersundersøkingar av asylsøkarar som oppgir å vere einslege mindreårige, unntaksvis tilrettelegging for kjæledyr, reise og kost for asylsøkarar i samband med asylintervju og transport for asylsøkarar til og frå norskopplæring og mellom mottak.
Posten omfattar òg midlar til lokala (ekskl. kontorlokale til tilsette i UDI og politiet som blir førte over kap. 440 og kap. 490, post 01) og mottaksdrifta på Nasjonalt ankomstsenter. Ekstra utgifter til lovpålagde kommunale tenester for vertskommunar for eit innkomstsenter kan dekkast over posten.
Behovet for løyving på posten avheng av talet på mottaksplassar, kor mange bebuarar det er i mottaka, og samansetjinga av bebuarane og behova deira. Det er venta at det i gjennomsnitt vil vere i overkant av 10 300 bebuarar i mottaka i løpet av 2024. Samla er dette nesten 6 000 fleire bebuarar enn det som er lagt til grunn for saldert budsjett 2023. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 1 020,3 mill. kroner.
Regjeringa foreslår ein basiskapasitet på 2 720 tilgjengelege plassar i tillegg til Nasjonalt ankomstsenter. Dette inneber at den tilgjengelege mottakskapasiteten ikkje blir justert ned ut over denne kapasiteten.
Det er svært usikkert kor mange asylsøkarar som faktisk vil komme gjennom året, og det er uvisse om behovet for innkvartering av fordrivne frå Ukraina. Den faktiske kapasiteten gjennom året kan derfor avvike frå det som blir lagt til grunn ved inngangen til året. Ved endringar i bebuarsamansetjinga kan det òg bli behov for å utløyse fleire plassar. Sjå òg forslag til romartalsvedtak om fullmakt om mellombels drift av asylmottak.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 21, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 2 274,1 mill. kroner.
Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og oversettelse
Posten skal dekke tolking og omsetjing i kommunikasjonen mellom søkarar og UDI i første instans. Løyvinga skal òg dekke kvalitetssikringsarbeid i samband med intervju og omsetjingar, utgifter til nødvendig omsetjing av originaldokument og tolkeutgifter i samband med vedtakssamtale etter avslag på søknad. Løyvinga kan òg dekke tolking og omsetjing for overføringsflyktningar som blir valde ut frå transittområde der det er vanskeleg å finne tilstrekkeleg med tolkar. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 7,2 mill. kroner som følgje av endringar i prognosane for asylsøkarar i 2024.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 22, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 07, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 07.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 31,5 mill. kroner.
Post 23 Spesielle driftsutgifter, kunnskapsutvikling, kan overføres
Løyvinga skal brukast til å støtte oppgåveløysinga i UDI ved å utvikle kunnskap om innvandring.
I 2022 og hittil i 2023 har UDI publisert åtte studiar ved hjelp av midlar frå post 23. Alle rapportane er tilgjengelege på nettsida til UDI:
Evaluering av arbeidet med automatisering av saksbehandling i UDI (A-2 og Menom Economics)
Kvalitet på asylintervju (Fafo)
Assessing future migration among Ukrainian refugees in Poland and Norway (Fafo)
Ukrainian refugees – experiences from the first phase in Norway (NIBR/OsloMet)
Arbeidsinnvandring fra tredjeland (Fafo)
Om høring av barn i utvisningssaker (Fafo)
Evaluering av representantordningen (NTNU Samfunnsforskning og Oxford Research)
Different policies, different outcomes. The reception of Ukrainian refugees in Sweden and Norway (Fafo)
Tre studiar til skal bli ferdige i 2023:
Hvordan fungerer regelverket for økonomiske ytelser for brukerne?
Gjennomgang av utlendingsforvaltningens vurderinger av barnets beste i asylsaker
Evaluering av Nasjonalt ankomstsenter og ny ankomst- og asylprosess
I 2024 planlegg UDI følgjande evalueringar og studiar:
Hvordan fungerer Midlertidig alternativ mottaksplassering (Mamot) for brukerne og for kommunen?
Kunnskapsbehov knytte til utvikling av digitaliseringsvennleg regelverk
Moglege kunnskapsbehov knytte til flyktningsituasjonen i samband med krigen i Ukraina
Evalueringa av Mamot blir sett i gang i 2023. Andre skal starte opp i 2024. UDI skal identifisere nye kunnskapsbehov i siste del av 2023. Deretter vil UDI revidere og utvikle prosjektlista for 2024.
Løyvinga på posten vart auka frå 2022 for at ho òg skulle dekke utgifter til arbeid i UDI med å utvikle kunnskap i samarbeid med European Migration Network (EMN) og bistand i form av opplæring av migrasjonsmyndigheiter i aktuelle samarbeidsland. UDI nyttar òg EMN-midlar til å gjennomføre eit oppfølgingsprosjekt om migrasjons- og returintensjonar blant ukrainarar i utvalde europeiske land (Fafo). Prosjektet skal være ferdig i april 2024.
Når det gjeld opplæring av migrasjonsmyndigheiter i aktuelle samarbeidsland, har UDI gjennomført opplæring i Irak og planlegg opplæring i Tyrkia i 2023.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 7,1 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffelser og vedlikehold, kan overføres
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, medrekna utgifter til utvikling av IT-system for utlendingsforvaltninga.
Dei siste åra har UDI gjennomført tiltak for stegvis modernisering og utvida opptak, lagring og bruk av biometri. UDI har òg starta ei gradvis modernisering av utlendingsforvaltninga sine databasar og system og har levert ei konseptvalutgreiing om modernisering i 2022 som vil vere nødvendig for å auke automatiseringsgraden ytterlegare. Arbeidet vil halde fram i 2024. Forprosjektet for basismodernisering av IT i utlendingsforvaltninga vil vinteren 2024 levere eit oppdatert sentralt styringsdokument. Dette vil vere gjenstand for ei ekstern kvalitetssikring (KS2) med mål om å få midlar frå og med 2025. UDI vil i 2024 nytte midlar frå post 45 til moderniseringsarbeidet og auke gjennomføringskapasiteten sin for satsinga dei kommande åra.
Delar av posten har tidlegare vorte nytta til å finansiere Schengen IT-forpliktningar, dette er midlar som delvis blir tilbakeførte i 2024. Derfor blir det foreslått å auke løyvinga på posten med 4,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 490, post 46.
Regjeringa foreslår ei samla løyving på posten på 45,4 mill. kroner.
Post 46 Investeringer i Schengen IT-systemer, kan overføres
Posten omfattar prosjektutgiftene UDI har til utvikling og implementering av nye felles-europeiske IT-system for styrkt grensekontroll, betre informasjonsdeling og tryggleik. Det vil vere eit omfattande utviklingsarbeid med systema til utlendingsmyndigheitene, og løyvinga på posten vil dekke prosjektutgiftene til systemutviklinga i UDI.
Posten blir foreslått redusert med 9,7 mill. kroner i 2024, i tråd med framdriftsplanar for utvikling av dei ulike systema.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 4,5 mill. kroner mot en tilsvarande auke under kap. 490, post 45. Sjå omtale under kap. 490, post 45.
Regjeringa foreslår ei samla løyving på posten på 64,5 mill. kroner i 2024. Sjå faktaboks 2.4 òg omtale under kap. 440.
Post 60 Tilskudd til vertskommuner for asylmottak
Vertskommunetilskotet skal dekke gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak og omsorgssenter i kommunen. I tillegg til det ordinære vertskommunetilskotet omfattar ordninga eit særtilskot ved omsorgsplassering og tilskot til kommunar som tek imot og følgjer opp personar med alternativ mottaksplassering (AMOT). UDI forvaltar tilskotsordninga og betaler ut tilskot kvartalsvis når det er inngått kontrakt med ein driftsoperatør i den respektive kommunen. Kommunane treng ikkje å søke om tilskot.
For 2024 vil desse satsane gjelde:
grunnsats per kommune: 783 787 kroner per år
sats per ordinære mottaksplass og plass ved Nasjonalt ankomstsenter: 12 029 kroner per år
sats per plass for einslege mindreårige asylsøkarar: 18 526 kroner per år
sats per tilrettelagd plass: 170 316 kroner per år
sats per plass i omsorgssenter: 45 692 kroner per år
Vertskommunar for omsorgssenter tek ikkje imot grunntilskot. Ei ordning for alternativ mottaksplassering (AMOT) inneber at UDI gir tilskot til ein kommune mot at kommunen gir ein person utan opphaldsløyve eller ein flyktning eit tilbod om bustad i kommunen i staden for opphald i asylmottak. I 2022 fekk UDI ei mellombels fullmakt til å utvide målgruppa for AMOT for fordrivne frå Ukraina som får mellombels kollektivt vern. I tilskotsbrevet blir det stilt krav til korleis kommunen skal bruke tilskotsmidlane. Kommunen skal vurdere individuelt kva for oppfølging personen i AMOT har bruk for. I 2024 vil satsen for AMOT vere 17 552 kroner per plass per månad.
Kommunen kan i visse tilfelle få eit større ansvar for ein mindreårig asylsøkar, jf. barnevernlova. Det er fastsett eigne satsar for å bidra til å dekke desse utgiftene til barnevern. For 2024 vil desse satsane gjelde:
særtilskot for barn som har komme til Noreg i følgje med føresette: 33 403 kroner per månad
særtilskot for einslege mindreårige: 16 700 kroner per månad
Regjeringa foreslår å vidareføre tilbod om gratis barnehageplass for alle barn i asylmottak frå eitt år og fram til skulestart, i tillegg til tilbod om gratis skulefritidsordning (SFO) for barn i integreringsmottak. Alle kommunar som tilbyr plass, får tilskot til å dekke utgiftene til barnehageplass for barn i mottak og SFO for barn i integreringsmottak.
Satsane for barnehageplass i 2024 er som følgjer:
1–2-åringar, heildagsplass: 360 670 kroner per år
3–5-åringar, heildagsplass: 200 372 kroner per år
SFO: 33 649 kroner per år
Behovet for løyving på posten er avhengig av talet på mottak og omsorgssenter, talet på vertskommunar og talet på plassar. Behovet vil derfor kunne endre seg i løpet av budsjettåret.
I 2022 var det totalt 257 kommunar som fekk vertskommunetilskot for delar av eller heile året. Per 31. juli 2023 har 185 kommunar fått vertskommunetilskot for delar av eller året. Det er lagt til grunn at 80 kommunar vil få tilskot med heilårseffekt for 2024.
Det er planlagt ei kartlegging av kommunane sine utgifter til lovpålagde oppgåver i 2024 for å sjå dekningsgraden for tilskotet for 2023.
Løyvingsforslaget er auka med 51,2 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2023. Det kjem av at det blir planlagt for fleire asylsøkarar, vertskommunar og mottaksplassar enn det som vart lagt til grunn for 2023, jf. òg omtalen av kap. 490, post 21.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 60, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 515,5 mill. kroner.
Post 70 Stønader til beboere i asylmottak
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til stønadsordninga som omfattar økonomiske ytingar til livsopphald for bebuarar i asylmottak som ikkje kan dekke dette sjølv, og andre nødvendige ytingar. Driftsoperatøren for asylmottaket betaler ut ytingar for bebuarar i asylmottak og får dei refunderte av UDI. Dei nærmare krava til stønadsordninga er gitt i forskrift om stønad til beboere i asylmottak. Stønadsordninga blir følgd opp ved UDI sine kontrollar av asylmottak eller ved søknader til UDI i dei tilfella der ytingar ikkje dekker nødvendig livsopphald for bebuarar i mottak.
Behovet for løyving på posten er avhengig av talet på bebuarar i mottak og samansetjinga av bebuargruppa. Løyvingsforslaget for 2024 er basert på ein prognose på i overkant av 10 300 bebuarar i mottak. Dette er nesten 6 000 fleire enn det som var lagt til grunn for saldert budsjett 2023. Det blir derfor foreslått å auke løyvinga med 358,1 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2023.
Regjeringa foreslår å nominelt vidareføre nivået på stønadene til bebuarar i mottak til 2024.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 70, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 563,9 mill. kroner.
Post 71 Tilskudd til aktivitetstilbud for barn i asylmottak, og veiledning for au pairer
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til ei tilskotsordning til aktivitetstilbod for barn i mottak og utgifter til tilskot til informasjons- og rettleiingstiltak for au pairar.
Formålet med tilskot til aktivitetstilbod er å bidra til at barna får ein meiningsfull kvardag, gjennom eit aktivitetstilbod tilpassa alderen til barna og dei utviklingsmessige behova og interessene deira. UDI lyser ut og forvaltar tilskotsordninga. Tilskot kan bli gitt til enkeltpersonar, frivillige organisasjonar og andre ikkje-fortenestebaserte verksemder som organiserer aktivitetar for barn. Dei nærmare krava til tilskotsordninga er gitt i forskrift om tilskudd til aktivitetstilbud for barn i asylmottak. Tiltaka har bidratt til at barn i mottak har fått fleire moglegheiter til å vere med på sportslege og kulturelle aktivitetar. Sjå nettsidene til UDI for utdjupande opplysningar om tilskotsmottakarane. UDI evaluerer jamleg kriteria fastsette i forskrifta om tilskotsordninga. UDI har i 2021/2022 revidert ordninga.
På oppdrag frå UDI, etter ein anbodsprosess, driv organisasjonen Caritas eit nasjonalt senter der au pairar og vertsfamiliar kan få rådgiving og hjelp, både med praktiske problem og med juridiske problemstillingar. Senteret er ikkje ein del av utlendingsforvaltninga, men dei kan hjelpe til med kontakt vidare med den rette offentlege verksemda, t.d. Skatteetaten, Nav og helsetenesta. Dersom au pair-ordninga vert avvikla, jf. høyringsforslag om dette, vil óg støtta til informasjon og rettleiing for au pairer på sikt bli avvikla.
Heile løyvinga på 3,3 mill. kroner til rettleiing for au pairar vart brukt i 2022. Regjeringa foreslår å løyve 3,5 mill. kroner til tilskot til informasjons- og rettleiingstiltak til au pairar i 2023. Det vart utbetalt 5,3 mill. kroner i tilskot til aktivitetar for barn i asylmottak i 2022. Regjeringa foreslår å vidareføre løyvinga til tilskotsordninga på 6 mill. kroner.
Delar av utgiftene til tilskot til aktivitetstilbod på kap. 490, post 71, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 04, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 04.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 9,5 mill. kroner.
Post 72 Assistert retur og reintegrering i hjemlandet, kan overføres
Formålet med posten er å bidra til
at personar med endeleg avslag på søknad om vern og andre personar utan lovleg opphald i Noreg returnerer til heimlandet
at flyktningar kan vende tilbake til heimlandet når det er trygt
Desse tilskotsordningane til enkeltpersonar blir finansierte over denne posten:
reisetilskot ved assistert retur
reintegreringstilskot ved assistert retur
reintegreringstilskot til særleg sårbare grupper og einslege mindreårige
reintegreringstilskot til utlendingar som er særleg kostnadskrevjande for samfunnet
reintegreringstilskot for personar som blir tvangsreturnerte til land UDI har eit eige returprogram for
tilbakevendingstilskot for personar med opphaldsløyve
Forskrift om tilskot til assistert retur og tvangsretur har reglar om reisetilskot og reintegreringstilskot for personar som vel assistert retur, og reintegreringstilskot ved tvangsretur av utlendingar som anten er særleg kostnadskrevjande for samfunnet, eller som blir returnerte til land UDI har eit særskilt returprogram for. I 2022 vart det gjennomført 90 assisterte returar i tråd med denne forskrifta. 23 personar fekk tilbakevendingstilskot i 2022 etter ordninga med tilbakevendingstilskot. 20 av desse var frå Ukraina.
Tabellen nedanfor viser talet på returar innanfor kvar ordning og summen som vart brukt til desse ordningane i 2022. Éin retur kan ha fått tilskot frå fleire ordningar.
Tabell 2.13 Returar og rekneskapstal per ordning, 2022
Rekneskap 2022 (i 1 000 kroner) | Talet på returar og tilbakevendingar | |
---|---|---|
Voluntary Assisted Return Programme («VARP») – avtale med International Organization for Migration (IOM) | 7 392 | 67 |
Returførebuande utgifter for personar i mottak | 80 | |
Assistert retur med politiet, reintegreringstilskot | 403 | 21 |
Landprogram, assistert retur, Somalia | 1 398 | 9 |
Landprogram, retur, Marokko | 3 | 2 |
Landprogram, retur, Afghanistan | 4 | 0 |
Tilbakevending, reintegreringstilskot | 427 | 22 |
Totalt | 9 707 |
Løyvinga skal òg dekke utgifter til ei tilskotsordning til organisasjonar for at dei skal bidra med informasjons- og motiveringsarbeid som kan få personar som er busette utanfor mottak, til å returnere til heimlandet. UDI forvaltar tilskotsordninga. UDI inngår hovudsakleg fleirårige avtalar med ulike organisasjonar. Tabellen nedanfor viser organisasjonar UDI har fleirårige avtalar med og gav tilskot til i 2022. I tillegg vart det i 2022 til saman gitt en mill. kroner i tilskot til Frelsesarmeen, Clap Along AS og Internasjonal velferdsforening.
Tabell 2.14 Organisasjonar UDI har inngått fleirårige avtalar med og gitt tilskot til i 2022
Namn | Beløp |
---|---|
NOAS (Norsk organisasjon for asylsøkere) | 1 650 000 |
Caritas | 1 950 340 |
NOMKUS (Norges multikulturelle senter) | 825 000 |
Pireus | 1 100 000 |
Totalt | 5 525 340 |
Delar av utgiftene på kap. 490, post 72, kan bli førte som ODA-godkjende utgifter og blir førte som inntekter på kap. 3490, post 01 og post 08, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 01 og post 08.
Løyvingsforslaget er auka med 7 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2023, i hovudsak pga. ein høgare prognose for talet på returar og på personar som får tilbakevendingstilskot. I forslaget er det teke utgangspunkt i at det vil bli 140 assisterte returar i 2024 og 300 som mottek tilbakevendingstilskot.
Regjeringa foreslår òg å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 01. Løyvinga skal nyttast til assistanse på reisa i forbindelse med tilbakevending for personar som har komme til Noreg for behandling gjennom Medevac-ordninga, og som har behov for assistanse på reisa.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 32,3 mill. kroner.
Post 73 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., støttetiltak
Formålet med posten er å finansiere støtte til arbeidet som FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og ev. andre organisasjonar gjer med overføring av flyktningar. Dersom midlar på posten ikkje blir brukte til slik støtte, vil dei bli brukte til å overføre flyktningar til Noreg. Løyvinga bidrar til å auke kapasiteten organisasjonane har til å arbeide med overføringssaker med tanke på både kvantitet og kvalitet. Tilskot blir fastset av departementet utan utlysing.
I saldert budsjett for 2022 vart det løyva 28,1 mill. kroner på posten. Som følgje av endra forutsetningar og utviklinga gjennom året, var løyvinga redusert til 16,4 mill. kroner. Ved utgangen av året vart 14,6 mill. kroner rekneskapsført. Det meste av løyvinga vart overført til UNHCR. Av løyvinga vart 5,3 mill. kroner løyvde til det operative arbeidet til UNHCR og IOM, bl.a. arbeid med å gjennomføre norske uttak.
I tråd med løyvinga gjekk 9,3 mill. kroner til UNHCR til prosjektstøtte for bruk av personell frå samarbeidsorganisasjonane International Catholic Migration Commission, RefugePoint, Dansk Flygtningehjælp og International Refugee Assistance Project. Dette personellet inngår i ei ordning for utplassering i land der UNHCR har behov for styrking av kapasiteten.
Regjeringa foreslår ein kvote for uttak av overføringsflyktningar på 1 000 plassar i 2024. Løyvinga blir derfor foreslått redusert med 5,6 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2023.
Utgiftene på kap. 490, post 73, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 06, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 06.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 14,3 mill. kroner.
Post 74 Internasjonale forpliktelser, kontingenter mv., kan overføres
Løyvinga under posten dekker utgifter til internasjonale forpliktingar på migrasjonsområdet, medrekna bl.a. EU sitt organ for samarbeid på asylfeltet (European Union Agency for Asylum, EUAA), IT-systemet VIS, som er eit system for grensekontroll som Noreg er forplikta til å ta i bruk som følgje av at vi deltek i Schengen-samarbeidet, og Eurodac, som er eit biometrisystem for asylsøkarar.
Noregs innbetalingar blir fastsette etter fordelingsnøklar. Det blir foreslått å auke løyvinga på posten med 31,7 mill. kroner.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 87,9 mill. kroner.
Post 75 Reiseutgifter for flyktninger fra utlandet, kan overføres
Løyvinga dekker reiseutgifter for overføringsflyktningar og ev. anna byrdedeling som skal til Noreg. Løyvinga dekker òg utgifter i samband med mottak av overføringsflyktningar.
Løyvinga på posten varierer med talet på personar som kjem som overføringsflyktningar og ev. anna byrdedeling.
Det er lagt til grunn for løyvingsforslaget på posten at det vil komme om lag 1 400 overføringsflyktningar til Noreg i 2024, inkl. 750 personar frå 2023-kvota.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 75, kan utgiftsførast som ODA-godkjende utgifter og inntektsførast på kap. 3490, post 03, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 03.
Regjeringa foreslår ei løyving på posten på 20,3 mill. kroner.
Post 76 Internasjonalt migrasjons- og retursamarbeid, kan overføres
Formålet med posten er å bidra til at migrasjon går for seg på ein velordna, trygg og regulert måte, og at det blir mindre irregulær migrasjon frå enkelte land og regionar.
Posten skal bli brukt til tilskot til prosjekt som støttar opp om dialog og forhandlingar med viktige opphavs- og transittland om retur og om velordna, trygg migrasjon. Det kan bli gitt prosjekttilskot til tiltak som styrker retursamarbeid generelt eller migrasjonsforvaltninga spesielt i land Noreg prioriterer for retur- og reintegreringsprogram, og til retur- og reintegreringsprogram i regi av Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) for retur frå transittland til opphavsland. Justis- og beredskapsdepartementet tildelte 20,9 mill. kroner i tilskot til slike prosjekt i 2022. Det vart i 2022 gitt tilskot bl.a. til styrking av migrasjonsforvaltninga i Somalia, Irak og Tyrkia og til retur- og reintegreringsprogram i Afghanistan, Algerie, Bosnia-Hercegovina og Marokko. Tilskot blir gitt direkte frå departementet utan utlysing.
Delar av utgiftene på kap. 490, post 76, kan førast som ODA-godkjende utgifter og førast som inntekter på kap. 3490, post 08, jf. nærmare omtale under kap. 3490, post 08.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i kap. 100, post 01, som skal dekke kostnadene ved at tre spesialutsendingar på utlendingsfeltet får stillingstittel ambassaderåd.
Samla blir det foreslått å løyve 27,2 mill. kroner på posten.
Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter | 2 729 | 2 763 | 2 192 |
03 | Reiseutgifter for flyktninger fra utlandet, ODA-godkjente utgifter | 64 473 | 54 546 | 33 201 |
04 | Asylmottak, ODA-godkjente utgifter | 4 131 401 | 1 260 456 | 2 634 796 |
05 | Refusjonsinntekter | 2 630 | 2 678 | 2 878 |
06 | Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., ODA-godkjente utgifter | 17 310 | 18 715 | 14 325 |
07 | Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter | 8 501 | 20 769 | 29 588 |
08 | Internasjonalt migrasjonsarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter | 27 543 | 28 167 | 34 839 |
Sum kap. 3490 | 4 254 587 | 1 388 094 | 2 751 819 |
Innleiing
Visse utgifter under kap. 490 Utlendingsdirektoratet (UDI) kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (Official Development Assistance, «ODA») og inntektsførast under kap. 3490. Desse utgiftene blir altså rekna som ein del av bistandsbudsjettet til Noreg. Nedanfor følgjer ei oversikt over dei ulike postane og delane av verksemda til UDI som kan reknast som utviklingshjelp, i tillegg til ein omtale av post 05, som består av refusjonsinntekter UDI tek imot.
Etter retningslinjene til OECD/DAC (Development Assistance Committee) kan visse utgifter knytte til både opphald i Noreg og tilbakevending til heimlandet for flyktningar klassifiserast som offisiell internasjonal bistand (ODA). Kva for utgifter som skal reknast som bistand, er regulert i retningslinjene til OECD. På bakgrunn av presiseringar frå OECD gjorde Noreg frå og med 2019 fleire endringar i rapporteringa, jf. Prop. 1 S (2018–2019) for Justis- og beredskapsdepartementet og for Utanriksdepartementet. Denne praksisen er lagd til grunn for berekninga av løyvingsforslaga for 2023.
Post 01 Assistert retur fra Norge for asylsøkere med avslag, ODA-godkjente utgifter
Utgifter til tilrettelegging for at flyktningar skal kunne vende tilbake til heimlandet, og utgifter til at personar med avslag på asylsøknad skal kunne returnere, kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell internasjonal bistand. Regjeringa foreslår at delar av utgiftene på kap. 490, post 01 og 72, blir rapporterte inn som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 2,2 mill. kroner på kap. 3490, post 01, i 2024.
Post 03 Reiseutgifter for flyktninger fra utlandet, ODA-godkjente utgifter
Reiseutgifter til og frå utlandet for flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Regjeringa foreslår at relevante utgifter på kap. 490, post 01, og alle utgiftene på post 75, som gjeld reiser og administrative tenester i samband med at flyktningar reiser, blir rapporterte som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 33,2 mill. kroner på kap. 3490, post 03, i 2023.
Post 04 Asylmottak, ODA-godkjente utgifter
Visse innanlandske utgifter for mottak av asylsøkarar og flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Regjeringa foreslår at delar av utgiftene på kap. 490, post 21, post 60, post 70 og post 71, blir rapporterte som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 2 634,8 mill. kroner på kap. 3490, post 04, i 2023.
Post 05 Refusjonsinntekter
Posten består av refusjon for deltaking i europeiske samarbeidsprosjekt og andre refusjonar. På bakgrunn av erfaringstal blir det foreslått å løyve 2,9 mill. kroner i 2023. Det blir foreslått at løyvinga på kap. 490, post 01, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3490, post 05, jf. forslag til vedtak.
Post 06 Beskyttelse til flyktninger utenfor Norge mv., ODA-godkjente utgifter
Utgifter for overføring av flyktningar kan i tråd med statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Regjeringa foreslår at utgifter på kap. 490, post 73, blir rapporterte inn som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 14,3 mill. kroner på kap. 3490, post 06, i 2023.
Post 07 Tolk og oversettelse, ODA-godkjente utgifter
Utgifter til tolk, omsetjing og informasjon i samband med asylsøkarprosessen kan ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC godkjennast som offisiell bistand. Det blir foreslått at utgiftene på kap. 490, post 22, blir rapporterte som bistand. I samband med dette blir det foreslått å inntektsføre 29,6 mill. kroner på kap. 3490, post 07, i 2023.
Post 08 Internasjonalt migrasjons- og retursamarbeid og reintegrering i hjemlandet, ODA-godkjente utgifter
Utgifter for reintegrering av personar som blir returnerte til opphavslandet eller til eit tredjeland, og tiltak som bidrar til samarbeid om retur, returavtalar, oppbygging av migrasjonsforvaltninga i opphavs- og/eller transittland og velordna migrasjon, kan godkjennast som offisiell internasjonal bistand ifølgje statistikkdirektiva til OECD/DAC. Regjeringa foreslår at relevante utgifter under kap. 490, post 72 og post 76, blir rapporterte inn som bistand. I samband med dette foreslår regjeringa å inntektsføre 34,8 mill. kroner på kap. 3490, post 08, i 2024.
Kap. 491 Utlendingsnemnda
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2022 | Saldert budsjett 2023 | Forslag 2024 |
01 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 21 | 265 343 | 275 292 | 287 951 |
21 | Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling mv., kan nyttast under post 1 | 6 484 | 7 259 | 7 382 |
Sum kap. 491 | 271 827 | 282 551 | 295 333 |
Innleiing
Som klageinstans har Utlendingsnemnda (UNE) til hovudoppgåve å etterprøve vedtak som er gjorde i første instans av Utlendingsdirektoratet (UDI), og som blir klaga på. UNE fungerer som eit uavhengig forvaltningsorgan når dei gjer vedtak i klagesaker. UNE vurderer både saker om vern og andre saker om opphald etter utlendingslova, i tillegg til saker om statsborgarskap. UNE saksbehandlar òg krav om omgjering av eigne vedtak. UNE har ei eiga prosedyreeining som prosederer ein del av UNE sine saker i rettssystemet i samarbeid med Regjeringsadvokaten.
Gjennom systematisk og grundig etterprøving av vurderingane som er gjorde i første instans, og ved å vurdere ev. nye opplysningar i saka, bidrar UNE til å vareta rettstryggleiken på utlendingsfeltet. Saker med tvilsspørsmål som er utslagsgivande for utfallet, blir avgjorde i nemndmøte, som oftast med frammøte av klagaren. Nemndleiarar og nemndmedlemmer har sjølvstendig avgjerdsmakt slik som dommarar i domstolane. UNE skal jobbe for å sikre ei rask og effektiv saksbehandling som varetek rettstryggleiken og unngår å setje livet til barn og unge på vent.
Behandling av klagar og omgjeringsoppmodingar
Talet på innkomne saker hos UNE vil variere både med talet på asylsøkarar og søknader om ulike løyve og med utfalla i vedtaka hos UDI. UNE tok samla imot 5 366 saker i 2022, om lag 200 fleire enn i 2021. Om lag ein femtedel av sakene var oppmodingar om omgjering. Per utgangen av juni hadde det komme inn 3 495 sakar til UNE i 2023, og om lag 14 pst. av desse var oppmodingar om omgjering. Til samanlikning kom det inn 2 402 saker til UNE i første halvdel av 2022.
Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for alle saker var i 2022 på 166 dagar. Per 30. juni var saksbehandlingstida 144 dagar i 2023. I 2019 var gjennomsnittleg saksbehandlingstid på 88 dagar. Endringa i saksbehandlingstid heng bl.a. saman med talet på innkomne saker, samansetjinga av porteføljen og endringar i verksemda.
Per 30. juni 2023 var det 513 ubehandla asylsaker i UNE, inkl. oppmodingar om omgjering. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i asylsakene gjekk opp frå 140 dagar i 2020 til 171 dagar i 2021 og 189 i 2022, og ned til 156 dagar i første halvdel av 2023. UNE skal sikre at det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn i behandlinga av alle asylsaker som gjeld barn. UNE skal prioritere einslege, mindreårige asylsøkarar i alle ledd i saksbehandlinga.
Talet på innkomne opphaldssaker var høgare i 2022 enn i 2021, og per 30. juni 2023 har det komme inn fleire opphaldssakar til UNE enn på same tidspunkt i begge desse åra. Talet på ubehandla saker auka frå hausten 2022, og er per 30. juni 2023 på 2 248 saker. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i opphaldssaker gjekk ned frå 168 dagar i 2021 til 161 dagar i 2022, og har gått ytterlegare ned til 142 dagar i første halvdel av 2023.
UNE behandla til saman 5 504 saker i 2022, som var om lag 800 fleire enn i 2021.
Når UNE stadfestar eit avslag frå UDI, er dette eit endeleg avslag. Det er då mogleg å saksøke staten ved UNE med påstand om at domstolen skal kjenne vedtaket frå UNE ugyldig. UNE var 157 dagar i retten i 2022, mot 224 dagar i 2021. UNE tok imot 53 rettskraftige dommar i 2022. Staten fekk medhald i 29 av sakene, noko som utgjer 55 pst. Tilsvarande del i 2021 var 68 pst.
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 491, post 21
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av UNE. I det første halvåret av 2023 var utførte månadsverk i UNE i gjennomsnitt 200 årsverk.
Det blir foreslått å auke løyvinga til UNE med 12,7 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2023.
Løyvingsforslaget inneber òg ein reduksjon i mellombels løyving til tilbakekall av statsborgarskap på 1,9 mill. kroner.
Det er òg endringar som følgje av tidlegare budsjettvedtak og tekniske endringar på posten som ikkje blir omtalte nærmare.
Det blir foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 491, post 01, mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3491, post 01, jf. forslag til vedtak.
Samla foreslår regjeringa ei løyving på posten på 288 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling mv., kan nyttes under kap. 491, post 01
Løyvinga på posten skal i første rekke dekke utgifter i samband med avvikling av nemndmøte. Det er den enkelte nemndleiaren som, ut frå regelverket, avgjer om det skal setjast nemnd i den enkelte saka. Nemndutgiftene omfattar bl.a. godtgjersle for reise og opphald for nemndmedlemmer og tolkar i tillegg til reise- og opphaldsutgifter for advokatar og klagarar.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,1 mill. kroner.
Løyvingsforslaget inneber òg ein reduksjon på 0,3 mill. kroner til tilbakekall av statsborgarskap.
Posten skal òg dekke sakskostnadene til klagaren ut frå forvaltningslova § 36 og i tillegg reise- og opphaldsutgifter for sakføraren i samband med tvunge verneting for utlendingssaker.
Samla foreslår regjeringa ei løyving på posten på 7,4 mill. kroner.