5 Den særskilde ordninga etter plan- og bygningslova § 3-3
Etter plan- og bygningslova § 3-3tredje ledd skal kommunestyret sørgje for å etablere ei særskild ordning for å sikre interessene til barn og unge i planlegginga.
Intensjonen bak ordninga er at den som har denne rolla, skal medverke til at interessene til barn og unge blir betre synleggjorde og tekne hand om i all plan- og byggjesaksbehandling etter denne lova. Den som har funksjonen, skal på eit tidleg tidspunkt få innsikt og rett til å uttale seg i dei delane av saksbehandlinga og planlegginga som har følgjer for barn og ungdom.
5.1 Politisk vedtak ved oppnemning
Etter kommunelova kan kommunen velje om ordninga som blir etablert, skal vedtakast politisk eller ikkje. I mange kommunar blir den som skal ha stillinga eller stå for ordninga, formelt vald av kommunestyret, og ofte gjeld utpeikinga heile valperioden. I nokre kommunar er utpeikinga delegert til administrativt nivå, for eksempel til verksemdsleiaren/etatsleiaren for skule og oppvekst eller kultur og fritid.
Uavhengig av ordning må kommunen avklare organisatorisk tilknyting.
5.2 Varsel om etablering av ordning
Kommunen skal melde frå til fylkesmannen med kopi til fylkeskommunen om kven som er utpeikt til å ta hand om denne oppgåva. Det må dokumenterast at kommunen har ei slik ordning, korleis ho er organisert, og korleis ho blir handtert i plan- og byggjeprosessane.
5.3 Administrasjonssjefens oppgåver og mynde overfor talspersonen
Kommunelova § 23 nr. 2 seier dette om forholdet mellom den personen som er sett til å ha ordninga, og administrasjonssjefens oppgåver og mynde:
«Administrasjonssjefen skal påse at de saker som legges fram for folkevalgte organer, er forsvarlig utredet, og at vedtak blir iverksatt. Administrasjonssjefen skal sørge for at administrasjonen drives i samsvar med lover, forskrifter og overordnede instrukser, og at den er gjenstand for betryggende kontroll.»
Det vil derfor ikkje vere innanfor styringsretten å instruere vedkommande til ikkje å ta hand om interessene til barn og unge. På den andre sida kan instruksjonsretten nyttast til å sikre at vedkommande faktisk gjer jobben med å ta hand om desse interessene på ein god måte.
5.4 Den særskilde ordninga: møte-, tale- og forslagsrett
I kommunelova § 23 nr. 3 heiter det at administrasjonssjefen har møte- og talerett, personleg eller ved ein av dei underordna, i alle kommunale eller fylkeskommunale folkevalde organ med unntak av kontrollutvalet. I kommunelova § 31, «Møteoffentlighet», står det i nr. 1 at alle har rett til å vere til stades ved møta i folkevalde organ.
Departementet tilrår derfor at talspersonen for barn og unge eller barnerepresentanten som blir utpeikt, er tilsett i kommuneadministrasjonen. Vedkommande har då møterett og talerett på desse møta.
Dersom personen som har denne rolla, ikkje er tilsett i kommunen, tilrår Kommunal- og moderniseringsdepartementet at kommunestyret vedtek at vedkommande får møterett og talerett ved desse møta, og at dette går fram av instruksen.
Ifølgje kommunelova er det berre dei folkevalde som har forslagsrett i møte for folkevalde. Men dei folkevalde kan om dei ønskjer det, gi løyve til at administrasjonssjefen eller ein underordna under administrasjonssjefen, for eksempel talspersonen for barn og unge, fremjar forslag på møta.
Det er likevel opp til dei folkevalde om dei vil behandle framsette forslag på dette møtet eller ikkje, eller om dei vil utsetje behandlinga av forslaget til eit seinare møte. Dei kan òg velje å la vere å behandle forslag som blir sette fram på møtet.
Det er kommunen som har ansvaret for at vedkommande blir innkalla til desse møta.
5.5 Protokolltilførsel
Dersom den som er utpeikt til å ha denne posisjonen, meiner at interessene til barn og/eller unge ikkje blir sikra i plan- eller byggjesaksprosessen etter føresegnene i plan- og bygningslova, eller er i strid med rikspolitiske retningslinjer for å styrkje interessene til barn og unge, skal vedkommande kunne gi ei fråsegn som blir teken med i protokollen frå møtet (protokolltilførsel).
Den utpeikte kan få rett til å fremje protokolltilførsel, men har som kommunalt oppnemnd ikkje høve til å klage over vedtak.
5.6 Instruks for ordninga
Kommunestyret bør utarbeide og vedta ein eigen arbeidsinstruks for den særskilde ordninga.
5.7 Kven bør peikast ut som talsperson for barn og unge?
Kommunal- og moderniseringsdepartementet tilrår at kommunen peiker ut éin person som tek hand om denne ordninga/rolla/oppgåva. Vidare er det tilrådeleg at den som blir peikt ut, ikkje er politisk vald og sit i planutval eller det organet som behandlar planar og byggjesaker. Det bør også peikast ut ein vararepresentant.
Vi foreslår at vedkommande blir omtalt som talsperson for barna og dei ungeellerbarne- og ungdomsrepresentant, alternativt barnerepresentant(ein er barn til ein er myndig).
Den som blir talsperson for barna og dei unge, bør ha barnefagleg kompetanse eller erfaring frå arbeid med barn og unge, eller eventuelt rekrutterast frå sektorar som har kunnskap om barn og ungdom. Denne kompetansen skal nyttiggjerast slik at problemstillingar knytte til interessene til barn og unge får merksemd og blir opplyste, og at løysingar blir diskuterte når planar og byggjesaker blir utarbeidde, fremja for og behandla av folkevalde organ.
5.8 Tilrettelegging og opplæring
Kommunen må leggje til rette for at den som har denne funksjonen, får opplæring. Det er nødvendig at den utpeikte blir sett i stand til å forstå plansystemet, får kjennskap til relevant lovverk og kunnskap om plan- og byggjesaksbehandlinga. Det er tilrådd at den utpeikte og etaten med ansvar for kommunal planlegging får høve til å ha eit nært samarbeid.
Vidare bør det etablerast eit apparat for oppfølging, rettleiing og fagleg støtte i kommunen til den som får dette ansvaret. Det er tilrådeleg at ein etablerer ei arbeidsgruppe som fungerer som diskusjonsforum og støtteapparat for denne ordninga. Det bør òg vere eit nært samarbeid mellom den som får denne funksjonen, og koordinatorar for lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak og folkehelse.
Vidare må kommunen leggje til rette slik at vedkommande har ein arbeidssituasjon (stillingsbrøk, kontorplass osv.) som gjer det mogleg å utføre denne funksjonen.
5.9 Moglege løysingar/modellar for ordninga
Under er det presentert nokre modellar for kven som kan peikast ut som talsperson for barna. Løysingane/modellane er baserte på allereie etablerte funksjonar med kunnskap om kommunen og lokalmiljøet som vil ha stor meir- og overføringsverdi når det gjeld å sikre interessene til barn og unge i plan- og byggjesaker. Erfaringar tilseier at dette kan vere gode løysingar.
5.9.1 Folkehelsekoordinator
For å sikre eit systematisk folkehelsearbeid i kommunen, herunder innhente informasjon til den pålagde oversikten over folkehelseutmaningane og foreta analyser, jf. lovforslagets § 5, samt foreslå og iverksette tiltak, vil det være behov for kompetanse og resursar. Sjølv om det ikkje er et krav i folkehelseloven har mange kommunar oppretta ein stilling som folkehelsekoordinator (se Høringsnotat Forslag til ny folkehelselov, Samhandlingsreformen, Helse-og omsorgsdepartementet 2010).
Folkehelsekoordinatoren arbeider både med forankring av folkehelsearbeidet i kommunen og med konkrete tiltak, koordinerer, legg til rette og initierer innsats og medverkar til kartlegging av helsetilstanden i befolkninga. Folkehelsekoordinatoren skal drive systematisk og langsiktig samfunnsplanlegging for å betre folkehelsa.
Ein viktig del av jobben som folkehelsekoordinator er å få folkehelsearbeidet forankra i kommunens planlegging både politisk og administrativt.
Gjennom oversiktsarbeidet vil folkehelsekoordinatoren vere kjend med oppvekstvilkåra til barn og unge og i kva grad nærmiljøet har trygge og tilgjengelege aktivitetsfremjande omgivnader, for eksempel om det er mogleg å gå og eller sykle til skule og fritidsaktivitetar.
Dette vil vere nyttig kunnskap for ein som skal sjå til at kommunen sikrar interessene til barn og unge.
5.9.2 Sekretær for barne- og ungdomsråd
Alle kommunar skal ha ungdomsråd eller anna medverknadsorgan for ungdom (i samsvar med kommunelova frå 2019). Dette medverknadsorganet/ungdomsrådet har behov for administrativ hjelp for at det skal fungere optimalt. Mange kommunar har gitt sekretæroppgåva til ein av dei tilsette. Sekretæren har då som oppgåve å kalle inn til møte, skrive referat og følgje opp barne- og ungdomsrådet på andre måtar.
Denne sekretæren kan vere aktuell til også å sikre interessene til barn og unge i plan- og byggjesaksprosessane. Kombinasjonen har vist seg å vere formålstenleg, sidan sekretæren for desse råda har nær kontakt med barn og unge, veit kva dei er opptekne av når det gjeld oppvekstvilkår, kjenner ønska og behova deira og korleis dei bruker og opplever nærmiljøet. I tillegg får vedkommande også kontakt med kommuneadministrasjonen og dermed brei kompetanse på området barn/unge og medverknad.
5.9.3 SLT-koordinator
Om lag 200 kommunar har etablert stilling som koordinator for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak for barn og unge etter den såkalla SLT-modellen. Modellen er utvikla av Det kriminalitetsførebyggjande rådet (KRÅD).
I dette koordinerande arbeidet handlar det om å skape arenaer der lokale krefter frå ulike sektorar kan utveksle erfaringar, utarbeide felles strategiar og utforme målretta tiltak tilpassa lokale utfordringar. Dei har gjennom nettverket og arbeidsforma si opparbeidd ein verdifull kompetanse om samanhengar mellom den fysiske utforminga av nærmiljøet, om det blir opplevd som trygt, variert, spennande, aktivitetsfremjande for barn og unge, og om det er sosialt inkluderande eller ikkje.
Sentrale partar er skule, barnevern, helse- og sosialetat og politiet. Mange av desse koordinatorane er også utpeikte som barnerepresentantar, sidan dei har kompetanse og innsikt som viser seg å vere svært nyttig i planlegginga.
Ved å ha begge funksjonar kan koordinatorane delta der planar blir presenterte, vurderte og diskuterte, og ha høve til å gi innspel knytte til kriminalitetsførebyggjande aspekt og tiltak.