St.meld. nr. 14 (2003-2004)

Om opplæringstilbod for hørselshemma

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

1.1 Innleiing

Departementet vil i denne meldinga orientere Stortinget om utviklinga innan hørselsfeltet og om den retninga som skal veljast i den vidare utviklinga av opplæringstilbod for dei hørselshemma.

I St.meld. nr. 23 (1997-98) Om opplæring av barn, unge og vaksne med særskilde behov - Den spesialpedagogiske tiltakskjeda og det statlege støttesystemet vart i liten grad hørselssektoren i Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet behandla.

I Innst. S. nr. 228 (1997-98) uttalte fleirtalet i komiteen, inklusive medlemmene frå regjeringspartia: «Flertallet er enig i at de aktuelle styrene foretar en gjennomgang av ressurssituasjonen i hørselsomsorgen.»

Dette førte til at departementet oppnemnde ei arbeidsgruppe, Sunnanåutvalet, som skulle gå gjennom hørselssektoren og foreslå eventuelle endringar.

I Budsjettinnst. S. nr. 12 (2002-2003) uttalte komiteen: «Flertallet viser til at Regjeringen i statsbudsjettet varsler en oppfølging av Sunnanåutvalgets innstilling i 2003. Flertallet ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en bred gjennomgang av spesialundervisningens plass i norsk skole, og det statlige støttesystemets organisering og virksomhet, herunder også en vurdering av ressursbruk og resultater av spesialundervisning.»

I denne meldinga vil hørselssektoren innan Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet bli behandla.

Styringsordninga for Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet blir ikkje behandla her, ho vart vurdert i samband med utforminga av ein ny statleg utdanningsadministrasjon og presentert i Revidert nasjonalbudsjett for 2003 og i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2003-2004).

Heile det spesialpedagogiske feltet vil bli vurdert i stortingsmeldinga om oppfølginga av Kvalitetsutvalet si utgreiing.

1.2 Nokre omgrep

Hørselshemma kan noko forenkla delast i to grupper: døve og tunghørte. Norges Døveforbund har følgjande definisjonar:

Døvhet:

Høy-gradig hørselstap, medfødt eller ervervet, som i vesentlig grad reduserer mulighetene for: a) oppfattelse av tale via hørselen og b) kontroll av egen taleproduksjon.

Tunghørthet:

Hørselstap av mer moderat karakter, og som eventuelt ved hjelp av høreapparat ikke er til hinder for taleoppfattelsen og egen talekontroll via hørselen. Mange tunghørte vil også, av forskjellige årsaker, fungere som døve.

Omgrep som vil bli nytta i meldinga:

Cochleaimplantat, CI, er eit avansert apparat som gir høve til hørselsinntrykk for både døvfødde, førspråklege døve og døvblitte barn, unge og vaksne. Apparatet har ein ytre og ein indre del. Den ytre delen består av mikrofon, taleomformar og sendar. Den indre delen har ein mottakar som overfører signala til elektrodane inne i cochlea (sniglehuset). Derfrå går signala via hørselsnerven til høresenteret i hjernen, der signala blir opplevde som lyd.

Heiltidselev: Elev som får opplæring ved skoleavdelinga i kompetansesenteret i minst 12 veker.

Deltidselev: Elev som får opplæring ved skolen inntil 12 veker. Dette tilbodet kan vere i bolkar på ei veke, eller eleven kan vere ved senterskolen ein til to dagar i veka inntil han/ho når 12 veker. Dette blir også omtalt som deltidsopphald.

Korttidsopphald/kurstilbod: Tilbod til tunghørte elevar som anten får fagkurs i til dømes engelsk eller kurs som tek utgangspunkt i hørselssvekkinga og har som formål å styrkje elevane i det å fungere som tunghørt.

Tvillingskolemodell: Ein kommunal grunnskole for hørselshemma elevar og ein skole for hørande elevar er integrerte. Elevane går om kvarandre, og dei kan ha felles undervisning i enkelte fag. Den hørselshemma eleven får lett høve til å prøve seg i klassar der undervisninga skjer ved talespråket. Etter kvart kan eleven finne det best eigna opplæringsmiljøet i dei ulike faga. Modellen gjer det også lett for lærarane frå dei to skolane å samarbeide.

Knutepunktskole: Ein fylkeskommunal vidaregåande skole som er tilrettelagd for teiknspråklege elevar. Dei døve elevane frå ulike kurs får undervisning i felles allmenne fag og teiknspråk i samla gruppe, og helst med ein teiknspråkkunnig lærar. Undervisninga i studieretningsfaga skjer i ordinære klassar, og da bruker ein tolk. Knutepunktskolane er opne for hørselshemma elevar frå heile landet. I samband med inntaket blir det arrangert eit koordinerande inntaksmøte for knutepunktskolane og dei statlege vidaregåande skolane.

Norsk teiknspråk: Eit visuelt språk utvikla i døvemiljøet i Noreg. Det er forskjellig frå norsk skrift- og talespråk i oppbygginga. I samband med L97 vart det utvikla eigne læreplanar i norsk teiknspråk.

Teikn som støtte, TSS: eit kommunikasjonshjelpemiddel for å visualisere norsk tale.

Statped: Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet.

1.3 Samandrag og konklusjonar

Kap. 2 gir ein historikk om opplæringstilboda for hørselshemma og ein omtale av ansvaret som kommunane og fylkeskommunane har etter opplæringslova. Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet blir også presentert.

Kap. 3 gir ein omtale av Sunnanåutvalet sin gjennomgang av hørselssektoren og forslaga til endringar.

Kap. 4 omtaler utviklinga innan medisinsk teknologi med cochleaimplantat (CI), informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og kompetansehevingstiltak i teiknspråk for foreldre og lærarar.

Kap. 5 orienterer om skoletilbod og andre tenestetilbod til hørselshemma elevar i dag.

Kap. 6 inneheld ei drøfting av framtidig organisering av opplæringstilboda til hørselshemma.

Kap. 7 inneheld forslag om flytting av Skådalen kompetansesenter til Huseby kompetansesenter.

Kap. 8 drøftar framtidige oppgåver utanom heiltidsopplæring for kompetansesentra for hørselshemma.

Kap. 9 drøftar oppgjersordninga for heiltidsopplæring ved sentra.

Kap. 10 omhandlar personellmessige, økonomiske og administrative konsekvensar.

Konklusjonar

Med bakgrunn i mellom anna forslaga frå Sunnanåutvalet blir det skissert ei vidare utvikling av Det statlege spesialpedagogiske støttesystemet sine tilbod til hørselshemma.

  • Grunnskoletilbodet ved Skådalen kompetansesenter blir overført til Vetland skole, som er tvillingskole med Oppsal skole. Dette føreset ei langsiktig og forpliktande avtale med Oslo kommune.

  • Grunnskoleavdelingane ved dei andre kompetansesentra: Møller, Nedre Gausen og Vestlandet må samlokaliserast med kommunale grunnskolar for å kunne nytte moglegheitene som tvillingskolemodellen gir.

  • Kongstein vidaregåande skole i Stavanger blir lagd ned.

  • Bjørkåsen vidaregåande skole i Bergen blir overført til Hordaland fylkeskommune, som integrerer tilbodet i ein fylkeskommunal skole som blir ein knutepunktskole. Dette føreset ei langsiktig og forpliktande avtale med Hordaland fylkeskommune.

  • Det blir forhandla med Vestfold fylkeskommune om å utvide knutepunktfunksjonen ved Sandefjord vidaregåande skole til også å gjelde tunghørte elevar.

  • Skådalen kompetansesenter held fram som eige senter, men senteret med tilboda til døvblinde blir flytta til ledige lokaler ved Huseby kompetansesenter.

  • Alle kompetansesentra for hørselshemma må framleis auke innsatsen overfor tunghørte, og sidan talet på heiltidselevar minkar, må deltidstilboda utviklast og utvidast. Tenestetilbodet må nærmare brukarane. Ei løysing kan vere å overføre stillingar frå sentra til fylkesledda.

  • Når det gjeld korreksjonsordninga for heiltids opplæring og for butilbod, vil ein halde fram med den noveranda ordninga, men gradvis auke trekksatsen.

  • Dei personellmesige konsekvensane av endringane kan vere at nokre av dei tilsette ved Skådalen og Vestlandet kompetansesenter blir overtalige. Ein vil da følgje retningslinjene som er gitt av AAD for å finne løysingar for dei overtalige.

  • Endringane skal gjennomførast innanfor budsjettramma til kap. 243 Kompetansesenter for spesialundervisning.

Til forsida