8 Framtidige oppgåver utanom heiltidsopplæring for kompetansesentra for hørselshemma
8.1 Generelt om dimensjoneringa, organiseringa og arbeidsdelinga mellom kompetansesentra og fylkesledda (fylkesaudiopedagogane)
I samband med strukturendringa i 1992 oppretta staten stillingar for syns- og audiopedagogar i fylka. Dei fleste av desse stillingane vart lagde til statens utdanningskontor, og i somme tilfelle kjøpte ein tenester frå fylkeskommunar. Det gjaldt Møre og Romsdal, Hordaland, Vestfold og Nord-Noreg. I alt vart det tilført 21 stillingar til audiopedagogtenesta i fylka. Frå 1. august 1999 vart fylkesaudiopedagogstillingane ved utdanningskontora lagde direkte inn under dei fire statlege hørselssentra. Sentra heldt oppe ordninga med kjøp av tenester ved dei tre fylka der det var ei slik ordning. I Nord-Noreg er stillingane inkluderte i Nordnorsk spesialpedagogisk nettverk.
Måla med audiopedagogtenesta i fylka er
større nærleik til brukarar og samarbeidspartnarar
ein nasjonal standard for statlege hjelpetenester i alle fylka
meir samordna rapportering om brukarbehov i fylka og statistiske data om hørselshemma
Statped har våren 2003 gjennomført ei evaluering av tenesta. Av resultata kan nemnast:
Det å knyte fylkesaudiopedagogane til sentra er eit framsteg. Det gir betre samordning av tenestene frå fylkesleddet og senteret. Fylkesleddet får tilknyting til eit større fagmiljø.
Fylkesleddet sikrar god lokalkunnskap og minskar terskelen for brukarkontakt med senteret.
Hørselssentra er mest fornøgde med sjølv å ha det administrative og faglege ansvaret for audiopedagogane, men modellen med kjøp av tenester er også tilfredsstillande.
I Nord-Noreg er ein tilfreds med dagens organisering, som er ei nettverksorganisering av tenestetilbodet.
Sunnanåutvalet fremja forslag om å heve talet på fagfolk som representerer sentra i fylkesleddet. Forslaget var at det bør vere minst to i kvart fylke, samtidig som ein ved utvidingar må leggje vekt på innbyggjartal og geografi. Sidan talet på hørselshemma elevar som tek opplæringa i heimekommunen stig, må det vere eit mål for Statped å overføre personale til fylkesleddet. Dette har Statped fullmakt til, og departementet forventar god samanheng mellom etterspurnad og tilbod.
8.2 Framtidige tilbod for hørselshemma - meir fleksibilitet i høve til brukarane og oppdragsgivarane sine behov
Statped kan innanfor sine fullmakter og ressursrammer ytterlegare styrkje tilbodet til dei tunghørte barna og elevane, inkludert dei som har fått CI. Talet på elevar som er tunghørte er merkbart større enn talet på døve elevar, og tunghørte elevar får i all hovudsak opplæringa i nærmiljøet sitt.
Informasjon og rettleiing til lærarane, personalet i barnehagar og andre fagpersonar i kommunane og fylkeskommunane bør så mykje som mogleg skje lokalt. Undersøkinga av opplæringa ved knutepunktskolane viste at lærarar som underviser hørselshemma elevar og ønskjer å betre kompetansen for å undervise hørselshemma elevar. Dette vil også i stor grad gjelde lærarar som har hørselshemma elevar i vanleg skole. Også kurstilbod til elevane bør så langt som mogleg givast lokalt. Det vil vere ei oppgåve for Statped å finne gode løysingar for å kunne dekkje behova innanfor dei ressursrammene sentra har.
Når det gjeld fordelinga mellom individ- og systemretta arbeid, vil mykje av arbeidet ha utgangspunkt i dei enkelte barna og elevane i kommunane, men samtidig må hørselssentra halde fram med å leggje vekt på å utvikle nettverket og systemet rundt barna og elevane.
Statped har blant måla sine å utvikle og spreie spesialpedagogisk kompetanse. Dette arbeidet skjer i eit avtalefesta samarbeid med fagmiljøa ved høgskolar og universitet.
Hørselssentra skal bidra til at forsking og utviklingsarbeid på det spesialpedagogiske feltet skjer i god dialog mellom teorifeltet og praksisfeltet, og til at ein så langt ein kan, tek utgangspunkt i dei behov brukarane har.
Det vil framleis vere behov for forsking når det gjeld forståing og utvikling av teiknspråket. Utvikling av gode språkstimuleringstiltak for elevar med CI og tunghørte er og vil vere eit prioritert område.
8.3 Skole- og miljøtilbod
8.3.1 Opplæring, deltid (under 12 veker)
Ei viktig oppgåve for hørselssentra er å ha tilbod om deltidsopplæring til elevar som får opplæring i heimeskolen. Å vere saman med andre døve i eit større teiknspråkleg miljø har stor verdi for både den faglege og den personlege utviklinga til eleven.
Å møte dei ulike og stadig endra behova som deltidselevane har, og å tilpasse deltidsopplæringa til den opplæringa eleven får i heimeskolen, vil vere ei utfordring for hørselssentra. Det vil heile tida vere behov for å utvikle tilbodet, det gjeld både innhald og organisering.
Kva for behov den veksande gruppa av elevar med CI vil ha, vil vere avhengig av effekten av implantatet. Det blir også ei viktig oppgåve for senteret å ha fleksible løysingar som så langt råd er tek vare på behova til den enkelte eleven med CI.
Når foreldra til små barn er inne på senteret for å få opplæring i teiknspråk, får barna eit spesialpedagogisk tilbod. Samtidig får foreldra rettleiing.
8.3.2 Vaksenopplæring
Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for tilboda om vaksenopplæring. Det gjeld også tilbod til vaksne hørselshemma. Oppgåva for kompetansesentra for hørselshemma blir å gi hjelp til dei kommunane og fylkeskommunane som melder sine behov.
Ei viktig gruppe vil vere døv- og sterkt tunghørtblitte vaksne. Det er sett i gang eit modellforsøk, Rehabilitering av døv- og tunghørtblitte, som har fått namnet ReSonare. Målet er å byggje opp eit kompetansenettverk for hjelp til døvblitte/sterkt tunghørtblitte og deira pårørande. Dei sentra som no tek del i dette forsøket, må ut frå desse erfaringane vidareutvikle dette arbeidsfeltet. Sluttevalueringa av ReSonare vil vere viktig for Regjeringa når ho skal ta stilling til oppfølging av prosjektet.
Helsedepartementet og Sosialdepartementet har saman utforma ein plan for utvikling og organisering av tenestetilbodet: Et helhetlig rehabiliteringstilbud til hørselshemmede. I denne planen inngår også Statped med si audiopedagogteneste i fylka.
8.4 Særskilt om utvikling av tilbodet ved Briskeby HLFs skole og kompetansesenter
Det blir lagt opp til at Briskeby vil medverke i arbeidet med å heve kompetansen og utvikle tilbodet til tunghørte elevar ved knutepunktskolane. Staten vil ikkje avvikle det vidaregåande skoletilbodet ved Briskeby før det er bygd opp gode alternativ ved knutepunktskolane.
Dersom det viser seg at knutepunktskolane etter ei tid oppfyller intensjonane om å vere eit godt tilbod for tunghørte elevar, må Statped vurdere behovet for å halde oppe eit skoletilbod ved Briskeby.
I Statped har Briskeby fått ei sentral rolle i prosjektet om rehabilitering av døv- og sterkt tunghørtblitte. Ein del av rehabiliteringa vil vere å gi opplæring i TSS til den nærmaste kretsen rundt den døvblitte. Statped og Briskeby må nytte desse erfaringane i arbeidet med å vidareutvikle opplæringstilbod i TSS for tunghørte elevar som treng slik støtte. Dette arbeidet må skje i samarbeid med dei andre hørselssentra.