1 Tale av Kjell Magne Bondevik, statsminister i Noreg
New York, 16. september 2005
President, eksellensar.
For fem år sidan vart vi samde om tusenårsmåla. Vi bør halde dei løfta vi gjev. Eg ser difor med glede på forpliktinga vår til å auke den offisielle utviklingshjelpa.
Verda ventar av oss at vi skal utrydde fattigdommen – å gjere fattigdom til noko som oldeborna våre kjem til å lese om, men ikkje eigentleg forstå, slik som pestane i middelalderen. Vi kan gjere det. Og vi må gjere det:
Ved å gje meir støtte til freistnadene som utviklingslanda gjer. Ved å involvere kvinner fullt ut i det edle prosjektet vårt på grunnlag av likestilling mellom kjønna. Ved å minske handelshindringar. Ved å fremje investeringar og sosial utvikling. Ved å mobilisere næringslivet og det sivile samfunnet – i både rike og fattige land – i krigen mot fattigdom. Og, som ein god bonde, forvalte jorda og ressursane på ein slik måte at det gagnar ikkje berre noverande, men òg framtidige generasjonar.
Utvikling krev òg eit godt styresett . Det krevst medviten innsats for å nedkjempe korrupsjon. Det inneber ei ansvarleg og ope regjering – av og for folket.
Til slutt handlar godt styresett om demokrati og menneskerettar . Ytringsfridom, fridom til å søkje opplysing, fridom frå diskriminering – desse rettane set ikkje folk i stand berre til å bruke og utvikle dei gudgjevne talenta sine, men òg til å yte meir til samfunnet. Menneskerettane må integrerast fullt ut i alle FN-aktivitetar. Eg ser difor med glede på at FNs høgkommissariat for flyktningar vert styrkt.
Når eit medmenneske treng vern , har vi plikt til å hjelpe. Eitt av resultata av dette toppmøtet er viljen til å gå saman – gjennom Tryggingsrådet – om å verne. Vi vil gjere det dersom fredelege middel vert funne utilstrekkelege, og dersom nasjonale styresmakter klart lèt vere å verne «folket sitt mot folkemord, krigsbrotsverk, etnisk reinsing og brotsverk mot menneskja.»
Å halde ved lag fred og tryggleik var, og er framleis, målet til organisasjonen. Å førebyggje og gjere slutt på væpna konfliktar, å stabilisere og å byggje opp att mislukka statar ... dette er store og samansette oppgåver. Eg trur Fredsbyggingskommisjonen og Fredsbyggingsfondet vil setje FN betre i stand til å ta desse utfordringane. Det er ei glede for meg å kunngjere at Noreg vil gje fondet USD 15 mill., og like mykje til Humanitærfondet.
Men FN kan ikkje gjere mykje åleine. Alle medlemsstatane må forplikte seg – alle vi som er her i dag – og det trengst ein ny partnarskap mellom FN og regionale organisasjonar. Vi – medlemsstatane – må gjennomføre kollektive, og effektive, tiltak for å halde ved lag fred og tryggleik, og for å førebyggje og fjerne trugsmål mot menneskja.
Eitt av dei områda vi prioriterer høgast, er nedrusting og ikkje - spreiing . Vi ser ein veksande fare for spreiing, for katastrofisk terrorisme. Alle statar må arbeide for nedrusting og ikkje-spreiing. Likevel greidde ikkje verdstoppmøtet vårt å skape semje om korleis ein skulle møte desse verkeleg globale trugsmåla. Dette seier vi oss svært leie for. Noreg vil framleis søkje ny semje og oppnå resultat.
Med sine vonde handlingar går terroristar til åtak på verdiane som både alle dei store religionane og Dei sameinte nasjonane har. Vi må gjere alt vi kan innanfor ramma av folkeretten for å stoppe dei. Krigen mot terrorisme kan ikkje vinnast med berre militære middel. Vi treng ein brei tilnærmingsmåte. Eg trur den beste strategien er å ta fatt i dei underliggjande årsakene til terrorisme – til dømes væpna konflikt og okkupasjon, intoleranse og undertrykking, audmjuking og vonløyse.
Det er nettopp desse oppgåvene vi overlét til FN i 1945. Dei er like aktuelle i dag. Og vi, folka i Dei sameinte nasjonane, treng meir enn nokon gong eit sterkt FN til å løyse dei. Så la oss, saman, leve opp til forpliktingane våre og gjere FN til den sterke og fleksible organisasjonen vi så desperat treng. Lat oss verte samde om å handle. No!
Takk for merksemda.