2 Konstituering og val
2.1 Avslutning av den 59. generalforsamlinga
Den 59. generalforsamlinga vart formelt avslutta 12. september 2005.
2.2 Oppnemning av delegasjon til den 60. generalforsamlinga
Til å representere Noreg på FNs 60. generalforsamling vart denne delegasjonen oppnemnd:
Statsminister Kjell Magne Bondevik, leiar
Utanriksminister Jan Petersen, nestleiar
Ambassadør Johan Ludvik Løvald
Stortingsrepresentantar :
1. del av sesjonen
Ågot Valle
Christopher Stensaker
Svein Roald Hansen
Elisabeth Røbekk Nørve
Rune J. Skjælaaen
Martin Engeset
2. del av sesjonen
May Helen Molvær Grimstad
Ivar Kristiansen
Eva Nielsen
Thore Nistad
Torgny Pedersen
Observatørar :
Landsorganisasjonen i Noreg, LO
Næringslivets Hovudorganisasjon, NHO
FOKUS
FORUM
Mellomkyrkjeleg råd
Noregs fredsråd
FN-sambandet
Den Norske Helsingsforskomiteen
Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU)
2.3 Organisering av den 60. generalforsamlinga
Den 60. generalforsamlinga vart opna 13. september. Generaldebatten byrja 17. september og vart avslutta 28. oktober.
2.4 Konstituering og val
Den 60. generalforsamlinga valde Jan Eliasson, tidlegare statssekretær i Sverige, til president. Den 60. generalforsamlinga valde desse fem landa som nye, ikkje-faste medlemer av Tryggingsrådet for perioden 2006–2007: Ghana, Kongo, Nicaragua, Qatar og Slovakia. Den 60. generalforsamlinga valde desse 18 statane som nye medlemer av ECOSOC for perioden 2006–2008: Angola, Austerrike, Benin, Cuba, Frankrike, Guinea-Bisseau, Guyana, Haiti, Japan, Madagaskar, Mauritania, Paraguay, Saudi-Arabia, Spania, Sri Lanka, Tsjekkia, Tyrkia og Tyskland.